Administrasjonsutvalet Møtebok Møtedato: 07.11.2012 Møtetid: Kl. 12:00 13:15 Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.: 012/12-016/12 Følgjande medlemmer møtte TP: Ottar Nygård. SP: Gunn Sande. KRF: Raymond Myren. H: Kenneth Brandal, møtte i sak 015/12. Ottar Nygård leia møtet i hans fråvær. Fagforb. v/oddrun Hjelle, Sissel Solheim. Utd.forb. v/jon Drage. Følgjande medlemmer møtte ikkje Uavh:Toril Sande. FRP: Svein Hansen, Anne-Lise Drage. Forfall meldt / vara innkalla. Følgjande varamedlemmer møtte TP/SP: Gunnar Silden. FRP: Marit Swensen, Ove Swensen. Følgjande frå administrasjonen møtte Personalkonsulent Margunn Myklebost, som og førte møteboka. Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen 10 voterande
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 012/12 Godkjenning av møtebok 013/12 Delegasjonssaker 014/12 Referatsaker 015/12 Seniorpolitiske tiltak i Selje kommune 016/12 B.sak - Tilseting av rektor ved Selje skule - 100% fast stilling Tilleggsaker: Ingen. Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.11.2012 012/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1138 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 17.09.12 vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 07.11.2012 9 voterande Avrøysting: Samrøystes for tilråding frå administrasjonen. ADM-012/12 VEDTAK Møteboka frå møte 17.09.12 vert godkjent slik den ligg føre.
SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.11.2012 013/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Delegasjonssaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1139 DAD. 064/12: Tilsetjing av heimehjelp - 20% fast stilling - ID 490.81 DAD. 065/12: Tilsetjing av assistent - 19% fast stilling - avlastning for barn Stadlandet - ID 472.02 DAD. 066/12: Tilsetjing av fagarbeider - 80% vikariat i vernepleietenesta - ID 470.54 DAD. 067/12: Søknad om auke i stillingsprosent DAD. 068/12: Tilsetjing av rådgjevar - 60% fast stilling ved NAV Selje - ID 310.02 DAD. 069/12: Tilsetjing av fagarbeider - 80% vikariat ved Stadlandet Oppvekstsenter - ID 220.84 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 07.11.2012 9 voterande
Avrøysting: Samrøystes for tilråding frå administrasjonen. ADM-013/12 VEDTAK Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.11.2012 014/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1140 Refererte skriv og meldingar: Det føreligg ikkje referatsaker før møteinnkalling. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 07.11.2012 9 voterande. ADM-014/12 VEDTAK Ingen referat låg føre til handsaming.
SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.11.2012 015/12 Kommunestyret 21.11.2012 Sakshandsamar Margunn Åhjem Myklebost Arkiv FE-456 Arkivsak 12/1026 Seniorpolitiske tiltak i Selje kommune Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 31.10.2012 Kommunestyresak PS 007/03 - møte 04.03.03 39897 31.10.2012 Spørjeskjema - Seniorpolitikk 39898 Saka gjeld Den 04.03.2003 i sak PS 007/03 gjorde kommunestyret vedtak på Livsfasepolitikk med fokus på seniormedarbeidarar. Vedtaket var formulert slik: Heilt arbeidsaktiv i si stilling ved fylte 62 år kr. 5.000,- lagt til vedkommande si årsløn justert pr. år fram til fylte 67 år. Fyrste tillegg når vedkommande har fylt 62 år justert pr. påfylgjande månad. Beløpet er ikkje regulert i forhold til stillingsstorleik. Viser til vedlegg i saka. Opplysningar til saka Vi ser no at tida er inne for å evaluere ordninga. I den samanheng sette rådmannen ned ei gruppe som skulle jobbe fram nye retningslinjer for seniorpolitiske tiltak. Gruppa har bestått representantar frå arbeidsgjevar, fagorganisasjonar og hovedverneombod. Gruppa har føreteke ei kartlegging for aldersgruppa 58+ i form av eit spørjeskjema. (Sjå vedlegg) Skjema vart sendt ut til 57 tilsette og vi fekk svar tilbake frå 29. Kartlegginga synte at alle dei 29 som svarte ønskte å gå av før fylte 67 år. I sak 011/12 i Adm.utvalet vart det gjort vedtak i samsvar med punkt 4 i tilrådinga. Dette blir då å flette inni dette vedtaket om seniorpolitiske tiltak. Lover/regelverk Hovedtariffavtalen Kap. 2, pkt. 2.2 Folketrygdlova
Sakshandsamar si vurdering Selje kommune vil stå overfor ei stor utfordring for å skaffe nok arbeidskraft framover. Dette gjeld innanfor dei aller fleste yrkesgrupper. Difor er det svært viktig at vi greier å motivere våre tilsette som har fylt 62 år til å stå i arbeid lengst mulig. Våre tilsette over 50 år er svært stabile arbeidstakarar med relativt lavt sjukefråvær. Selje kommune er i dag med på ei sokalla utjamingsordning i forhold til AFP der vi betaler inn eit gitt beløp til fellesskapet. Denne innbetalinga blir regulert kvart år. Det betyr at vi eit år betaler inn til fellesskapet meir enn det tilsette tek ut i AFP eller vi eit anna år betaler inn for lite i forhold til det tilsette tek ut i AFP. Utifrå den kartlegginga vi har gjort kan det sjå ut som om fleire vil ta ut AFP dei komande åra. Det viser seg at det koster ca. kr. 200.000,- pr. år at ein person tek ut AFP på landsbasis. Saksgang Kommunestyret avgjer saka. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Med bakgrunn i saksutgreiinga har vi følgjande tilråding for å motivere tilsette for å stå i arbeid lengst mulig etter fylte 62 år. 1. Seniorsamtale/medarbeidersamtale første gang ved fylte 58 år der ein kartlegger behov. 2. Frå fylte 62 år til 67 år - kr. 10.000,- tillagt årslønna i 100% stilling. Tilsette i deltidsstillingar får beløpet redusert tilsvarande. Tilsette i 50% stilling eller mindre får ikkje gjere seg nytte av ordninga. 3. Frå fylte 62 år til 67 år - 5 ekstra fridagar for tilsette i 100% stilling. Tilsette i deltidsstillingar får dagar redusert i forhold til stillingsprosent. Tilsette i 50% stilling eller mindre får ikkje gjere seg nytte av ordninga. Det må gjevast varsel til arbeidsgjevar 14 dagar på førehand når det gjeld tidspunkt for uttak. Dagane kan takast ut samla eller enkeltvis etter avtale med overordna leiar.turnusarbeidarar kan ikkje ta ut slik dagar på raude dagar. 4. Rådmannen får delegert fullmakt til å føre forhandlingar og inngå senioravtaler på følgjande grunnlag: Arbeidsgjevar må gjere ei vurdering om delpensjon kan innvilgast i noverande stilling. I dei høve dette kan innvilgast, skal regelverket i hovedtariffavtalen følgjast og det vert gjort lokal individuell avtale om innhald i resterande stilling. Her skal det takast omsyn til arbeidstakar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov. Det vert forhandlingar mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om ny arbeidsavtale. Viss ikkje delpensjon kan innvilgast i noverande stilling, kan det forhandlast om overgang til anna stilling i organisasjonen. I slike høve må det takast omsyn til kompetansen den tilsette innehar og arbeidsgjevar sine behov.det skal forhandlast om og gjerast individuell avtale om innhaldet i den nye
stillinga. I dei fleste tilhøve vil det her vere stillingar som på gjeve tidspunkt er ledige i organisasjonen. Kva gjeld lønstilhøve i høve overgang til evt. lågare lønna stilling, skal arbeidstakar kunne innvilgast å behalde noverande løn, men utan mulegheit til lønsavansement før vedkommande evnt. tek seg sjølv att i den nye lønsstigen. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 07.11.2012 10 voterande Korrigering i saksutgreiing: Opplysningar til saka siste linje: ordet vedtaket skal endrast til framlegget. Avrøysting: Samrøystes for tilråding frå administrasjonen. ADM-015/12 FRAMLEGG Som tilrådinga frå administrasjonen.
SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.11.2012 016/12 Ikkje offentleg Sakshandsamar Bård Fløde Arkiv FE-411 Arkivsak 12/1051 B.sak - Tilseting av rektor ved Selje skule - 100% fast stilling Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 07.10.2012 Katrine Briksdal Søknad på stilling 4 I 14.10.2012 Olaug Wold Søknad på stilling 3 I 14.10.2012 Kristin Otneim Aarsnes Søknad på stilling 5 U 29.10.2012 Utdanningsforbundet Selje Uttale rektorstilling 7 I 31.10.2012 Oddrunn Fagforbundet v/hjelle Uttale til ledig stilling ADM-016/12 VEDTAK Administrasjonsutvalet støttar innstillinga til rådmannen. Samrøystes. Utskrift til: Personalkonsulent