Endeleg innkalling til VT 06/10 Tid: 20.09.2010 kl 17:15 Stad: Ulrikke Pihls hus -Auditorium Mellombels innkalling med ei mellombels dagsorden skal vere oversendt til VT sine medlemmer minst 14 dagar før møtedato. Endeleg innkalling med dagsorden, saksdokument og innstillingar frå Velferdsstyret skal vere VT sine medlemmar i hende minst sju dagar før møtedato. Vedtakssakar må vere melde og saksdokument må vere sendt inn til Velferdsstyret seinast åtte dagar før møtedato. Saker som kjem etter fristen må meldast til eventuelt før dagsorden godkjennast/møtet settast. Det krevjast 2/3 fleirtal for å kunne gjere vedtak i slike saker. Nye saker eller spyrjesmål kan rettast til velferdsstyret på e-post: velferdsstyret@sib.no eller til konstituert leiar på tlf: 48 12 49 42. Representantar som ikkje kan møte oppmodast om å melde frå til sin eigen vara, samt til organisasjonssekretær, Hege Heltne Andersen, så snart som mogleg: hege.andersen@sib.no, eller tlf 55 54 51 27. Orienteringssak berre mogleg å stilje spyrjesmål. Drøftingssak mogleg å stilje spyrjesmål og å diskutere saka. Vedtakssak mogleg å stilje spyrjesmål, diskutere og gjere vedtak i saka. Framlegg til dagsorden: VT 84/10 Opprop. Vedtakssak.
VT 83/10 Val av ordstyrar og protokollførar. Vedtakssak. VT 85/10 Godkjenning av innkalling, protokoll og dagsorden. Saker til eventuelt. Vedtakssak. VT 86/10 Orienteringar - Velferdsstyret - Kulturstyret - SiB-styret - Andre VT 97/10 Studenthytte på Kvamskogen. Vedtakssak. VT 87/10 Reigjering for BergenStudenten 2010 Orienteringssak VT 88/10 Reigjering for Studentansvarsforsikringsprosjektet i Trondheim. Orienteringssak VT 98/10 Halvvegsrapport, Velferdsstyret. Orienteringssak VT 100/10 Ettergodkjenning av brosjyresamarbeid med Studentrådgivningen. Vedtakssak VT 89/10 Val av vara til Representantskapet i Kvarteret. Vedtakssak. VT 90/10 Val av 2 medlem og 3 vara til Kontrollkomiteen. Vedtakssak. VT 91/10 Val av leiar og eitt medlem i Velferdsstyret. Vedtakssak VT 92/10 Ny instruks for Studentidrettsrådet. Drøftingssak VT 93/10 Bustadreglementet, SiB. Drøftingssak VT 95/10 Profileringsplan for Velferdstinget. Vedtakssak VT 96/10 Prinsipprogramkomité for Velferdstinget. Vedtakssak VT 99/10 Eventuelt Med Venleg Helsing Ole Fosse Fardal Konstituert leiar, Velferdsstyret Hege Heltne Andersen Organisasjonssekretær
Sakspresentasjon: VT 84/10 Opprop. Vedtakssak Hensikt: for å avgjere om Velferdstinget er vedtaksdyktig. Innmeldt: Standardsak. VT 83/10 Val av ordstyrar og protokollførar. Vedtakssak Hensikt: Å avgjere møteleiing og protokollførar. Innmeldt: Standardsak. VT 85/10 Godkjenning av innkalling, protokoll og dagsorden. Saker til eventuelt. Vedtakssak. Hensikt: Å samle eventuelle kommentarar til innkalling, protokoll eller dagsorden. Eventuelt godkjenne desse, og ta opp saker som blir meldt til eventuelt. Innmeldt: Standardsak. VT 86/10 Orienteringar Velferdsstyret: Orientering frå Velferdsstyret: Sidan forrige VT-møte har det vore eit varierande aktivitetsnivå i Velferdsstyret. I mai vart det klart at Leonard Muvule Kongshavn gjekk av som leiar for Velferdstinget med verknad frå 1. juni 2010, og med dette vart Ole Fosse Fardal konstituert leiar fram til VT06/10 den 20. september. Overgangen gjekk fort, av di Leonard fekk eit jobbtilbod i Oslo som kravde ei hurtig flytting. Ei av dei første sakene vi fekk på pulten, var ei førespurnad frå Studentrådgivningen ved Line Fleischer, om å kome med innspel til ein brosjyre dei hadde fått frå SiO og VT i Oslo. Vi kom med nokre innspel til denne brosjyren, i håp om å hjelpe den til å få eit mindre patriarkalsk preg, og Bergen-versjonen skil seg soleis ein del frå Oslo-versjonen. Denne brosjyren, samt eit opplegg med ein psykolog frå Bergensklinikkene, vart i sin heilheit finansiert av AKAN-midlar, samstundes som at Velferdstinget sin logo vart trykt på baksida av denne brosjyren. Etter at dette arbeidet var fullført i slutten av juni, gjekk Velferdsstyret over i feriemodus, og vart ei e-post- og -telefongeskjeft. Arbeidet i sommarferien avgrensa seg til å følgje med på Bergensstudenten og lese gjennom rapportane Geir og Gunnhild sendte over, sjølve prosjektet vil dei orientere meir om i eiga orientering.
Etter at ferien var over, baud august på visse oppstartsvanskar. Alle i Velferdsstyret hadde nye timeplanar, noko som gjorde det vanskeleg å vidareføre dei gamle kontortidene. Nye kontortider er fastsatt, og blir innarbeidd i desse dagar. Velferdsstyret har framleis kontortid 10-14 tre dagar i veka, men desse dagane har endra seg frå Måndag, tysdag, onsdag til Måndag, Onsdag, Torsdag. Ole, Christian Olsen frå Budsjettkomiteen (BK) og Hege Råkil var på eit dialogmøte med Velferdstinget i Trondheim i slutten av august. Her fekk vi ei god innsikt i korleis Trondheim skil seg frå Bergen og Oslo i fordelinga av midlar til ulike studentsosiale tiltak og aktivitetar, og korleis sjølve organiseringen av Velferdstinget blir gjort der oppe.mellom anna har dei samla dei som får direkte støtte frå Velferdstinget i eigne bolkar, ein mediabolk (MediaStud), ein idrettsbolk, og, som i Bergen, eit Kulturstyre. Midlar til drift av Velferdstinget blir henta frå ein overskotspott i SiT, slik at midlane til sjølve drifta ikkje kjem frå semesteravgiftspengane. Det planleggjast også eit slikt møte med VT i Oslo, for å hauste erfaringar frå deira arbeid og utfordringar i løpet av september/oktober Jørgen har arbeida med å følgje opp Arbeidsprogrammet, og å få ei oversikt over framgangen Velferdsstyret har hatt på dei enkelte saksområda. Her har framgangen variert til dels mykje, nokre saker er i boks, andre er ikkje påbegynt enno, meir om dette kjem i halvvegsrapporten seinare i sakslista. Vidare har han steppa inn som Velferdstingets representant i Representantskapet i Det Akademiske Kvarter, etter at Silje Seth Hildrestrand fråtredde si stilling som VTs representant i organet. Jørgen arbeidar med oppfølgjing av ubesatte verv, og er i ferd med å utarbeide ei totalliste over verva som skal fyllast ifm Konstituerande møte VT01/11. Samstundes planleggjast rekrutteringsinnsatsen ovanfor skular og studentar for å få samla kandidatar til dei ledige verva. I forbindelse med Studenttorget på Studentsenteret, var Velferdstinget representert ved Edvin og Ole. Grunna lite anskaffa profileringsmateriell, kunne VT godt vore meir synleg, dette bør bøtast på til neste høve. Edvin har hatt hovudsansvaret for å utarbeide ein profileringsplan for Velferdstinget, og har teke seg av mottekne anbud, vurderinga av desse, og utarbeidinga av eigne alternativ. Ved å gjere ein del av arbeidet sjølv, vil ein halde kostnadane lågare nede enn om alt hadde vore sett ut. Avslutningsvis har perioden sidan forrige VT i stor grad vore prega av sommarferie og eit lågt aktivitetsnivå, men per dags dato er aktiviteten i gang igjen, og Velferdsstyret er igjen oppe og gå. Framover i haust vil det måtte gjerast prioriteringar innad i Arbeidsprogrammet, med tanke på kva saker som er mest prekære, og kva saker som er størst sannsyn å få gjennomslag for ved å snakke med dei riktige instansane. Andre orienteringar ettersendast eller blir lagt fram på møtet. VT 97/10 Studenthytte på Kvamskogen Innmeldt: Eirik Tenfjord, NHH Denne saka dreier seg om Studenthytta på Kvamskogen, og kva alternativ som vil vere mest føremålsteneleg for studentane. To alternativ ligg per i dag føre; det eine er bygget som SiB går inn
for, det andre alternativet er Sigdalshyttene, foreslått av Eirik Tenfjord. Vedlegg: 11 stk. Ettersendingar er varsla. Velferdsstyrets innstilling: Ettersendast innan fredag 17. september. VT 87/10 Reigjering for BergenStudenten 2010 Innmeldt: Standardsak. Oppsummering av årets BergenStudenten-prosjekt. Prosjektleiarar Gunnhild Brubakken og Geir Grannes legg fram sine rapportar og orienteringar knytt til gjennomføring og evaluering av prosjektet. Vedlegg: Intern og Ekstern rapport BergenStudenten 2010. VT 88/10 Reigjering for Studentansvarsforsikringsprosjektet i Trondheim Orienteringssak. Innmeldt: SP-UiB v/ Synnøve Skaar Velferdsstyret vart kontakta av Studentparlamentet ved UiB og bedd å greie ut rundt studentansvarsforsikringsprosjektet i Trondheim. Denne saka vart aktualisert etter sjøbodbrannen i Sandviken på nyåret og eit BA-oppslag der det vart gjort klart at studenten som hadde sovna frå ein pizza kunne bli gjort ansvarleg for ei erstatning på opptil 25 millionar kroner. Velferdsstyret vart soleis spurd om å ta kontakt med Trondheim og undersøke om ei ordning med ei felles studentansvarsforsikring er noko som er i ferd med å bli realitet i Trondheim, og kor realistisk det er å få organisert noko liknande i Bergen. Vi tok kontakt med Velferdstinget i Trondheim, og fikk som svar at det er ei sak dei arbeida9r med. SiT har ein person som er ansvarleg for å mekle forsikringsavtalar, og det er gjennom denne personen dette arbeidet har gått. Dei har arbeidd med å utgreie prisar på individuelle avtalar, kollektive avtalar for Trondheimsstudentane, samt potensielle kostnadar ved ein nasjonal avtale i regi av NSO. Ei slik grunnpakke som dei snakka om, ville dekka dei viktigaste områda, som ansvar, ulykke, og uføreforsikring. Innbuforsikring ville då framleis vore kvar einskild student sitt ansvar å anskaffe, men tanken er at det skal vere mogleg å anskaffe slike påbyggingar, som innbu og reise og andre forsikringar frå den same leverandøren til ein sterkt rabattert pris, samanlikna med normalpris. Trondheim hadde i likskap med Bergen, ein kollektiv ansvarsforsikring for alle studentane som varte fram til 1996, men som vart avskaffa av di ein såg at kostnadane vart uhensiktsmessig store samanlikna med det opplevde behovet for ei slik ordning. Utan å spekulere i beløp eller kome med absolutte grenser, er signala frå Trondheim at ei kostnad på over 20 kroner per student per semester blir litt i overkant å kunne forsvare når pengange blir tekne frå semesteravgifta. Vi ventar framleis på tilbakemelding frå Trondheim kva angår kostnadane og tala dei har kome fram til, desse skulle vere klare i løpet av september månad. VT 98/10 Halvvegsrapport, Velferdsstyret. Orienteringssak Innmeldt: Standardsak Velferdsstyret utarbeidar ein framdriftsrapport for Velferdsstyret sitt arbeid hittil i 2010. Denne
rapporten inneheld mellom anna eit samandrag av organisatoriske og strukturelle utfordringar VS har møtt på i perioden, framdrifta med arbeidet rundt Arbeidsprogrammet, og ein diskusjon rundt prioriteringar for resten av hausten. Vedlegg: Rapporten blir ettersendt innan fredag 17/9/2010. VT 100/10 Ettergodkjenning av brosjyresamarbeid med Studentrådgivningen. Vedtakssak Innmeldt: Velferdsstyret I juni månad blei Velferdsstyret kontakta av Studentrådgivningen, som hadde fått ein brosjyre om studentar og rus, og lykkepromillen. Etter diskusjon innad i Velferdsstyret, kom vi fram til at brosjyren kunne oppfattast som noko patriarkalsk i sin dåverande form, og vi kom difor med endringsframlegg, som i større grad fokuserte på konseptet lykkepromillen enn det originalbrosjyren gjorde. Endringane som vart gjort var i all hovudsak å ta ting ut av brosjyren og endre på utforminga, heller enn å leggje til ting, som ville ha vore problematisk ifht ryddelegheit. Vedlegg: Utgåver av brosjyren før og etter redigering. Desse blir utdelt på møtet. VT 89/10 Val av vara til Representantskapet i Kvarteret. Vedtakssak. Innmeldt: Velferdsstyret Den 31. august fekk Velferdsstyret ei henvending frå dåverande representant frå Velferdstinget til Representantskapet i Kvarteret, Silje Seth Hildrestrand, om at ho ikkje kunne sitje ut perioden sin, men måtte gå av det siste semesteret. Dette medførte at Jørgen Thorkelsen i Velferdsstyret, som var vald inn som vara i RS DAK på VT02/10 den 15.februar 2010, gjekk inn som fast representant. Dette medfører eit behov for å velje inn ein ny vara til RS DAK. Innstilling: Velferdsstyret innstiller på at X.X veljast som vara til Representantskapet i Det Akademiske Kvarter VT 90/10 Val av 2 medlemmer og 3 vara til Kontrollkomiteen. Vedtakssak. Innmeldt: Velferdsstyret. Velferdsstyret oppmodar på det sterkaste interesserte individ å melde si interesse for å delta i denne komiteen. Innstilling: Velferdsstyret innstiller på at Y.Y og Z.Z blir valde som medlemmer i Kontrollkomiteen, og Æ.Æ, Ø.Ø, og Å.Å blir valde som vara.
VT 91/10 Val av leiar og eitt medlem i Velferdsstyret. Vedtakssak Innmeldt: Velferdsstyret. Etter at Leonard Kongshavn gjekk av som leiar for Velferdsstyret 1. juni 2010, konstituerte Velferdsstyret Ole Fosse Fardal som ny konstituert leiar fram til VT 06/10 den 20. september. Om det er nokon som er interesserte i leiarvervet, oppmodast desse på det sterkaste til å melde si interesse, om nokon går inn som leiar for Velferdsstyret, returnerar Ole til si gamle stilling som nestleiar. Innstilling: Velferdsstyret innstiller på at A.A blir vald som leiar av Velferdsstyret. Velferdsstyret innstiller på at B.B blir vald som medlem i Velferdsstyret. VT 92/10 Ny instruks for Studentidrettsrådet. Drøftingssak Innmeldt: Sindre Dueland, HiB Denne saka omhandlar den gjeldande instruksen for Studentidrettsrådet, og kva endringar som er i denne ifht den gamle instruksen. Sindre Dueland presenterar saka i større detalj på møtet. Vedlegg: Ettersendast VT 93/10 Bustadreglementet, SiB. Drøftingssak Innmeldt: Sindre Dueland, HiB SiB Bolig har lagt til tre nye bestemmelser i sitt boligreglement. To av disse fremstår som både fornuftige og gjennomtenkte. Den siste har det vært kraftige protester mot blant de av beboerne som vet om endringen. Den omstridte endringen er som følger: 2-4 nr. 3.: Dersom den eller de skyldige i regelbrudd ikke står frem er alle brukere av felleskjøkkenet solidarisk ansvarlig for å dekke eventuelle kostnader som følger av brudd på boligreglementet. Jfr.: 4-2-1 Denne regelen gjelder for bruk av felleskjøkken/bad i kollektivene til SiB. Grunnet SiBs form for utleie, der leietaker tegner individuelle kontrakter med SiB som utleier, menes det at denne regelen ikke bør implementeres i boligreglementet. Et annet moment er at en kan se for seg at et eventuelt kollektivt krav mot beboerne i et kollektiv kan bli vanskelig for SiB å kreve inn. I realiteten er det vanskelig å se for seg at SiB i det hele tatt vil kunne vinne frem med et slikt krav, dersom leietaker ikke ønsker å betale. Vedlegg: Bustadreglement for SiB Bolig
VT 95/10 Profileringsplan for Velferdstinget. Vedtakssak Innmeldt: Velferdsstyret Under arbeidet med brosjyren om studentar og rus, vart Velferdsstyrett klar over dagens logo sine begrensingar. Kombinasjonen av ein stor logo og relativt liten skrift er uheldig om ein ønskjer å nytte logoen i trykksaker eller på internett. Den er ikkje spesielt lett å lese, samstundes føler Velferdsstyret at dagens logo ikkje naudvendigvis seier noko om kva Velferdstinget er og gjer. Ideelt sett, ser VS at det haddde vore mogleg å få til ein ny logo, som er lettare å nytte ifm trykking og profilering, Skal Velferdstinget ha ein tydeleg profil, er det også naudsynt med ein profileringsplan. Per i dag består innkjøpt informasjonsmateriell av tre t-skjorter med Velferdstingets logo på, men i løpet av hausten er planen å anskaffe roll-ups, trykke fleire t-skjorter, få ei skikkeleg funksjonell og oversiktleg nettside opp å gå, og om mogleg, gjere plass i budsjetta for å kjøpe plass i studentmedia for å profilere Velferdstinget og lette rekrutteringa til Velferdstingets mange verv. Velferdsstyret har lagt ut anbud på fleire av desse felta, mellom anna på logo, nettside og roll-up. Når det kjem til spørsmålet rundt nettside, har Velferdsstyret likevel kome til ei slutning at det vil vere mest hensiktsmessig å sjølv opprette ei nettside ved hjelp av tenestane som dei fleste webhotell i dag tilbyr, i staden for å betale nokon andre for å gjere nøyaktig det same. Omsynet til kostnadar veg tungt i så måte. Spørsmålet om logo og roll-up heng tett saman, sidan Velferdstinget sin logo vil vere tydeleg på ein eventuell roll-up, her ser ein difor på nokre forskjellige alternativ. Kostnaden for ein roll-up er rundt rekna 2000 kroner, totale kostnadar er anslått å beløpe seg ein stad mellom 5 og 8000 kroner. Vedlegg: Dei ulike alternativa, og Velferdsstyrets innstilling, kjem i ettersending. VT 96/10 Prinsipprogramkomité for Velferdstinget. Vedtakssak Innmeldt: Velferdsstyret I Arbeidsprogrammet er det ei målsetnad at det skal utarbeidast eit prinsipprogram for Velferdstinget i inneverande periode. Velferdsstyret reknad det som formålsteneleg å nedsetje ein prinsipprogramkomité med ei brei representasjon frå ulike studiestadar, som kan ta ulike omsyn, politisk, praktisk og realistisk. Foreslått mandat til prinsipprogramkomité: Velferdstinget nedsett på VT06/10 ein prinsipprogramkomité beståande av 7 personar frå minst 4 institusjonar, samt ein representant frå Velferdsstyret med observatørstatus. Komiteen vel sjølv sin eigen leiar. Kvar representant i prinsipprogramkomiteen, skal om mogleg ha minst 1 personleg vara. Komiteen skal utarbeide eit prinsipprogram som skal vere eit fast grunndokument som kan endrast med 2/3 fleirtal. Dette dokumentet skal vere eit av Velferdstingets grunndokument, og skal vere gjeldande utover dei einskilde Velferdstingsperiodane. Komiteen sitt arbeid skal ferdigstillast innan, og leggjast fram på VT 08/10 den 15. november. Velferdsstyrets innstilling: -Vedtakast, med eventuelle endringar i VT. -Velferdstinget vel C.C, D.D, E.E, F.F, G.G, H.H, I.I som
representantar i Prinsipprogramkomiteen (PPK). -Velferdstinget vel J.J, K.K, L.L, M.M, N.N, O.O, P,P som personlege vara for PPK sine faste representantar. VT 99/10 Eventuelt