Vanylven kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Vanylven Golfklubb, Eidså Møtedato: 09.10.2006 Tid: 14.30. Tor Inge Nygård orienterte om Vanylven Golfklubb Møtet vart sett kl. 14.50. Møtet slutt kl. 17.40. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 03.10.06 Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Ordførar Jan Helgøy Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen Sissel Stokke Einar Ebbesen Brita Hoel Drage For Sissel Stokke møtte Magne Vik Arset. For Einar Ebbesen møtte Harald Søvdsnes. For Brita Hoel Drage møtte Eli Tefre Nordal. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset og møtesekretær Kåre Kvangarsnes. Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste Skriv og meldingar: Skriv av 15.09.06 frå ordførarane i kystkommunane i Sogn og Fjordane vedk. vegpakke for kysten. Ordføraren og varaordføraren tok opp ÅRU-samarbeidet. Ordføraren orienterte om arbeidet med tilbringarteneste til Nordfjordekspressen, om arbeidet med Stad Skipstunnel og om arbeidet med omstillingsmidlar. Også John Breivik frå Vanylven Vekst orienterte om arbeidet med Stad skipstunnel. Rådmannen opplyste at kommunen vil ha møte med distriktsvegkontoret 25. oktober og regionvegkontoret i midten av november. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Busetjing/tiltak: Rådmannen opplyste at ein har fått positive tilbakemeldingar på innflyttarfesten. Han orienterte vidare om at utvida busetjingsnemnd skal møtast i slutten av månaden og at administrasjonen arbeider med informasjonsutforming på internett. Saker som vart handsama: 133/06 143/06 Sak 143/06 vart lagt fram på møtet. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 11
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0133/06 06/00193 ENDRING AV BUDSJETTET FOR 2006 0134/06 04/00651 BREIBAND I VANYLVEN - SLUTTREKNESKAP 0135/06 06/00784 INFORMASJONSSENTER OM STEIN OG MINERALAR 0136/06 06/00327 DIREKTE VAL AV ORDFØRAR - EVT. DELTAKING I FORSØK VED LOKALVALET I 2007 0137/06 06/00338 BRITA HOEL DRAGE - FORLENGA PERMISJON FRÅ POLITISKE VERV 0138/06 06/00748 SISSEL STOKKE - FRITAK FRÅ POLITISKE VERV I VANYLVEN KOMMUNE 0139/06 03/00798 VAL AV NY MEDLEM I ADMINISTRASJONSUTVALET 0140/06 03/00798 VAL AV NY LEIAR I ADMINISTRASJONSUTVALET 0141/06 03/00800 VAL AV NY MEDLEM I ARBEIDSMILJØUTVALET 0142/06 06/00399 TV-AKSJONEN 2006 - LEGER UTEN GRENSER. LØYVING 0143/06 06/00751 DROSJELØYVA I VANYLVEN KOMMUNE FRÅ 2007 Side 3 av 11
0133/06 ENDRING AV BUDSJETTET FOR 2006 Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Plan- og miljøsektor sitt budsjett vert endra med kr 257.400 slik det framgår av tabell i saksutgreiinga. 2. Som følgje av lønsendring, vert sektorbudsjetta tilført kr 1.985.000 frå reservelønsposten. 3. Staben og politiske organ sitt budsjett vert endra slik det framgår av tabell i saksutgreiinga. 0134/06 BREIBAND I VANYLVEN - SLUTTREKNESKAP Samrøystes tilråding som framlegget. 1. Sluttrekneskap for prosjektet Breiband i Vanylven vert godkjendt slik det framgår av rekneskap i saksutgreiinga. 2. Til å finansiere manglande momskompensasasjon vert det tatt opp eit tilleggslån på kr 246.000 med 20 års nedbetalingstid. 3. Budsjettet i investeringsrekneskapen vert etter dette slik: Konto Konto BUD 2005 BUD 2006 SUM 02330 Utbyggingskostnad 5 534 100 3 526 600 9 060 700 09100 Bruk av lån -4 446 300-3 230 000-7 676 300 09700 Fondsbruk frå driftsrekneskapen -100 000-100 000 09700 Momskomp. frå driftsrekneskapen -1 087 800-196 600-1 284 400 SUM 0 0 0 Side 4 av 11
0135/06 INFORMASJONSSENTER OM STEIN OG MINERALAR John Breivik og Marita Aarvik frå Vanylven Vekst orienterte. Ytterlegare informasjon om prosjektet vart utdelt. Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet tek orienteringa til vitande, og anbefalar at styret i Vanylven Vekst arbeider vidare med prosjektet Informasjonssenter om Stein og Mineralar. 0136/06 DIREKTE VAL AV ORDFØRAR - EVT. DELTAKING I FORSØK VED LOKALVALET I 2007 Framlegg til vedtak: Alternativ 1: Vanylven kommune søkjer ikkje om deltaking i forsøk med direkte val av ordførar ved kommunevalet i 2007. Alternativ 2: Vanylven kommune søkjer om deltaking i forsøk med direkte val av ordførar ved kommunevalet i 2007. Grunngjeving:. Votering: Alternativ 1 fekk 1 røyst. Alternativ 2 fekk 6 røyster. Desse vart samrøystes valde til nemnd som skal kome med grunngjeving til kommunestyremøtet: Nils Olav Moen leiar Tormod Hvattum. Side 5 av 11
Vanylven kommune søkjer om deltaking i forsøk med direkte val av ordførar ved kommunevalet i 2007. ----------------------------------------- Nemnd som skal kome med grunngjeving til kommunestyremøtet: Nils Olav Moen leiar Tormod Hvattum. 0137/06 BRITA HOEL DRAGE - FORLENGA PERMISJON FRÅ POLITISKE VERV Framlegg frå ordføraren: Brita Hoel Drage får innvilga permisjon frå fylgjande politiske verv frå 01.10.06 og inntil 31.03.07: Medlem av kommunestyret, medlem av formannskapet og planutvalet, medlem av livsløpsutvalet, varamedlem av administrasjonsutvalet og varamedlem av arbeidsmiljøutvalet. 1.varamedlem på Frp si liste, Jarle Knardal rykkjer opp til fast medlem av kommunestyret frå 01.10. 06 og inntil 31.03.07. Frp sine varamedlemar til kommunestyret rykkjer ein plass opp. 1.varamedlem på fellesliste Frp og Kp, Eli Tefre Nordal rykkjer opp til fast medlem av formannskap og planutval frå 01.10.06 og inntil 31.03.07. Varamedlemane rykkjer ein plass opp. 1.varamedlem på Frp si liste til livsløpsutvalet Jorunn Nystøyl rykkjer opp til fast medlem av livsløpsutvalet frå 01.10.06 og inntil 31.03.07 2. varamedlem Ragnar Løvoll rykkjer ein plass opp. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Brita Hoel Drage får innvilga permisjon frå fylgjande politiske verv frå 01.10.06 og inntil 31.03.07: Medlem av kommunestyret, medlem av formannskapet og planutvalet, medlem av livsløpsutvalet, varamedlem av administrasjonsutvalet og varamedlem av arbeidsmiljøutvalet. Side 6 av 11
1.varamedlem på Frp si liste, Jarle Knardal rykkjer opp til fast medlem av kommunestyret frå 01.10. 6 og inntil 31.03.07. Frp sine varamedlemar til kommunestyret rykkjer ein plass opp. 1.varamedlem på fellesliste Frp og Kp, Eli Tefre Nordal rykkjer opp til fast medlem av formannskap og planutval i perioden frå 01.10.06 og inntil 31.03.07. Varamedlemane rykkjer ein plass opp. 1.varamedlem på Frp si liste til livsløpsutvalet Jorunn Nystøyl rykkjer opp til fast medlem av livsløpsutvalet frå 01.10.06 og inntil 31.03.07 2. varamedlem Ragnar Løvoll rykkjer ein plass opp. 0138/06 SISSEL STOKKE - FRITAK FRÅ POLITISKE VERV I VANYLVEN KOMMUNE Framlegg til vedtak: På grunn av flytting vert Sissel Stokke friteken frå desse verva resten av valperioden 2003 2007: Medlem av Vanylven kommunestyre, medlem av formannskapet, medlem og leiar av administrasjonsutvalet, medlem av arbeidsmiljøutvalet og varamedlem av driftsutvalet. 1. varamedlem på Arbeidarpartiet si liste, Sølvi Aud Brandal rykkjer opp til fast medlem av Vanylven kommunestyre resten av valperioden 2003 2007. Arbeidarpartiet sine varamedlemar til kommunestyret rykkjer opp ein plass, og ny 6 varamedlem vert Lilli Ann Bakkebø. Varamedlem på fellesliste Krf, Ap, SV og V rykkjer opp til fast medlem av formannskapet resten av valperioden 2003 2007. Varamedlemar: 1. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: 2. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: 2. varamedlem for Ap i driftsutvalet Sølv Brandal rykkjer ein plass opp. 1, 2 og 4 avsnitt vart samrøystes tilrådd. Side 7 av 11
3. avsnitt: Framlegg frå Lasse Rindal: Varamedlem på fellesliste Krf, Ap, SV og V Magne Vik Arset rykkjer opp til fast medlem av formannskapet resten av valperioden 2003 2007. Varamedlemar: 1. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Lena Landsverk Sande 2. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Hallstein Ljoså 3. varamedlem til formmanskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Sølvi Brandal. Framlegg frå Tormod Hvattum: Varamedlem på fellesliste Krf, Ap, SV og V Lena Landsverk Sande rykkjer opp til fast medlem av formannskapet resten av valperioden 2003 2007. Varamedlemar: 1. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Magne Vik Arset 2. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Hallstein Ljoså. Votering: Framlegget frå Lasse Rindal (minus siste setning) fekk 4 røyster. Framlegget frå Tormod Hvattum fekk 3 røyster Sølvi Brandal vart samrøystes tilrådd som ny 3. varamedlem. På grunn av flytting vert Sissel Stokke friteken frå desse verva resten av valperioden 2003 2007: Medlem av Vanylven kommunestyre, medlem av formannskapet, medlem og leiar av administrasjonsutvalet, medlem av arbeidsmiljøutvalet og varamedlem av driftsutvalet. 1. varamedlem på Arbeidarpartiet si liste, Sølvi Aud Brandal rykkjer opp til fast medlem av Vanylven kommunestyre resten av valperioden 2003 2007. Arbeidarpartiet sine varamedlemar til kommunestyret rykkjer opp ein plass, og ny 6 varamedlem vert Lilli Ann Bakkebø. Varamedlem på fellesliste Krf, Ap, SV og V Magne Vik Arset rykkjer opp til fast medlem av formannskapet resten av valperioden 2003 2007. Varamedlemar: 1. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Lena Landsverk Sande 2. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Hallstein Ljoså 3. varamedlem til formannskapet frå fellesliste Krf, Ap, SV og V: Sølvi Brandal. 2. varamedlem for Ap i driftsutvalet Sølv Brandal rykkjer ein plass opp. Side 8 av 11
0139/06 VAL AV NY MEDLEM I ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Lasse Rindal: Som ny medlem i administrasjonsutvalet vert vald Lasse Rindal, Ap. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Som ny medlem i administrasjonsutvalet vert vald Lasse Rindal, Ap. 0140/06 VAL AV NY LEIAR I ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Harald Søvdsnes Som ny leiar i administrasjonsutvalet vert vald Einar Ebbesen. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Som ny leiar i administrasjonsutvalet vert vald Einar Ebbesen. 0141/06 VAL AV NY MEDLEM I ARBEIDSMILJØUTVALET Framlegg frå Lasse Rindal: Som ny medlem i arbeidsmiljøutvalet vert vald Lasse Rindal, Ap. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Som ny medlem i arbeidsmiljøutvalet vert vald Lasse Rindal, Ap. Side 9 av 11
0142/06 TV-AKSJONEN 2006 - LEGER UTEN GRENSER. LØYVING. Framlegg frå Nils Olav Moen: Vanylven kommune løyver kr. 7.000.- til TV-aksjonen 2006 Leger utan grenser. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vanylven kommune løyver kr. 7.000.- til TV-aksjonen 2006 Leger utan grenser. Dette fører til slik budsjettendring: 14901 880 reserve formannskapet ned kr. 7.000,-. 14730 190 tilskot opp kr. 7.000,-. 0143/06 DROSJELØYVA I VANYLVEN KOMMUNE FRÅ 2007 Saka vart teken opp på møtet av rådmannen. Skriv av 22.09.06 frå Møre og Romsdal fylke vart delt ut. Det vart gjort slik samrøystes Ledig drosjeløyve på Fiskå bør lysast ut. Eventuelt: Rådmannen bad om at ein hugsar etikksamlinga 16. oktober. Ordføraren refererte skriv av 04.10.06 frå Tussa Nett As vedk. nettutbygging for straum anleggsbidrag for fritidsbustader. Han tok også opp førespurnad om støtte til Merkesteinane. Formannskapet bed om at det vert innsendt søknad Tormod Hvattum spurde om framdriftsplan for budsjett 2007. Rådmannen opplyste at ein vil følgje oppsett møteplan for formannskapet. Han tok også opp reguleringsplanar gang- og sykkelvegar på Åheim og Fiskå etterlyste framdrift. Side 10 av 11
Nils Olav Moen tok opp følgjande: - Oppgåvefordeling mellom driftsutvalet og formannskapet i samferdselssaker. - Eldrerådet reduksjon av økonomiske midlar. B-sak: Næringssak. Rett utskrift 10.10.06 Kåre Kvangarsnes Side 11 av 11