Forslag til forskriftsendringar med merknader

Like dokumenter
Verksemd utover det som er godkjent gjennom forskrift eller søknad, blir sett på som ulovleg verksemd frå skolen si side.

Endringer i forskrift til friskoleloven

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Ny økonomiforskrift til friskoleloven

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Friskoleloven Unn Elisabeth West

Vedlegg 1 Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rektormøte 19. mars 2014

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Inntak av vaksne til vidaregåande opplæring. Kari Volden, november 2014

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Høgskolen i Oslo. Oslo 6. mai 2011

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Økonomiforskrift til friskolelova

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Forskrift til opplæringslova

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fylkesmannen si samling med privatskulane. Onsdag 5.februar 2014

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Forslag til forskriftsendringer med merknader

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune. Gjeld frå

Høyring - endringar i forskrift til friskulelova m.m.

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Voksne i grunnskole og videregående opplæring. Seniorrådgiver Silje Therese Nyhus

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Forskrift til opplæringslova

Fra Forskrift til Opplæringslova:

«Ny» friskolelov. Prop. 84L ( )

Teksten i endringsforskriften er hentet fra Norsk Lovtidend og gjengitt nedenfor.

Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO. Oversendelse av vedtak om endring av forskrift

Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring framlegg til endringar i lov om private skular med rett til statstilskot (privatskulelova).

Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Samling i NAFO- skoleeiernettverket. Ingrid Stark og Hilde Austad Oslo

Om plikt og rett til utdanning korleis kan utdanninga bli tilpassa einsleg mindreårige med avgrensa opphald? 17. mars 2017 Statens hus

Forskrift til opplæringslova

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Tydelige regler - må også inkludere administrasjon og tilhørende arbeid

Minoritetsspråkliges rettigheter. UiS

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

BETINGELSER FOR Å FÅ VITNEMÅL, FAG- OG SVENNEBREV

SÆRSKILT SPRÅKOPPLÆRING FOR ELEVER FRA SPRÅKLIGE MINORITETER KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Endringer i reglene for inntak og formidling

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Vedlegg 5: Bestemmelser i opplæringsloven og forskrift til opplæringslov

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

10. trinn. Foreldremøte

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering?

4A-1 RETT TIL GRUNNSKOLE

MER OM SÆRSKILT SPRÅKOPPLÆRING I GRUNNSKOLEN, VIDEREGÅENDE OPPLÆRING OG VOKSENOPPLÆRINGEN Kompetanse for mangfold Regelverksamling 17.

Opplæringslovforskriften

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

Endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring

Loven og prosedyrar ved søking til vidaregåande skole. Orienteringsmøta hausten 2010

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Lov- og avtalesystemet

OPPLÆRINGSLOVA KAP 4A

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vurdering av elevens ungdomsrett ved inntak til videregående friskoler

STANDPUNKTKARAKTER 2015

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

12., 13. og 14. november 2013 ORIENTERINGSMØTA

Økonomi - ansvar og oppgaver KURS FOR NYE SKOLELEDERE

INDIVIDUELL VURDERING I GRUNNSKOLEN

Oversikt over endringer i føringsskrivet for videregående opplæring ( )

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Kompetanse for mangfold. Gjennomgang av caser

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Høyring - framlegg til endringar i privatskulelova ("ny friskulelov")

Lov- og avtalesystemet

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Transkript:

Forslag til forskriftsendringar med merknader I forskrift til friskolelova 1. august 2006 er det gjort følgjande endringar: 2-4 skal lyde: 2-4. Prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført. For elevar som får spesialundervisning, jf. friskolelova 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som følgjer Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter, eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om fritak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova 2. Departementet er klageinstans for vedtak i grunnskolar. Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet. Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene. Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene. 3-21 skal lyde: 3-21. Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål Elevar som har mottatt særskild språkopplæring etter friskolelova 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar ved internasjonale skolar som har mottatt opplæring etter Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter, eller annan jamgod plan. Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål. Elevar i heile grunnopplæringa og tidlegare elevar har også rett til fritak frå vurdering i skriftleg sidemål dersom dei: på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, a) har problem med å greie begge målformene b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole

fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men c) på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. Berre den skolen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. 3-41, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter. Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål. Nytt kapittel 8 A skal lyde: Kapittel 8A Tilleggskompetanse Ny 8 A-1 skal lyde: 8 A-1 Spesialkompetanse for skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning I tillegg til krava om lærarkompetanse i friskolelova 4-2 første og tredje ledd, må skolen ha eit undervisningspersonale med tilstrekkeleg spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjende pedagogiske retninga. Minimum 50 % av undervisningspersonalet ved skolen må til ei kvar tid ha slik spesialkompetanse. Som spesialkompetanse reknast høgare utdanning innan den anerkjende pedagogiske retninga med eit omfang på minimum 60 studiepoeng. Utdanninga må vere retta mot undervisning i skole. For montessoriskolar på vidaregåande nivå skal utdanninga vere spesielt tilpassa og tilrettelagd for undervisning på dette nivået. Dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kompetansekrava i friskolelova 4-2 første ledd, kan andre tilsetjast mellombels, jf. 4-2 andre ledd. Dersom skolen tilset undervisningspersonale etter 4-2 andre ledd som oppfyller krava til spesialkompetanse, vil vedkommande kunne teljast med i den delen på 50 prosent som har godkjend spesialkompetanse. Vi gjer for ordens skuld merksam på at med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli. Undervisningspersonale som tilfredsstilte krava til spesialkompetanse, eller tilsvarande realkompetanse, før 31.07.16, vil framleis fylle krava til spesialkompetanse. Ny 8 A-2 skal lyde: 8 A-2 Spisskompetanse ved skolar godkjende for å tilby vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett I tillegg til krava om lærarkompetanse i friskolelova 4-2 første og tredje ledd, må skolen ha spisskompetanse innanfor den idretten eller dei idrettane skolen er godkjend for å tilby. Kravet gjeld for det undervisningspersonalet som skal undervise innanfor den idretten eller dei idrettane skolen er godkjend for å tilby. I tillegg til kravet om spisskompetanse innanfor idretten(-ane) skolen tilbyr, må desse

skolane også dokumentere særskild tilrettelegging for toppidrett gjennom organiseringa av skolekvardagen og av skole- og treningsanlegg. Skolen må òg dokumentere at det er etablert kontakt med relevante lokale idrettslag. Tidlegare 8A-1 blir oppheva Denne regelen er no teken inn i friskolelova 4-2 tredje ledd der det går fram: «For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende med alternative læreplanar, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei krava som følgjer av opplæringslova 10-1 og 10-2 med tilhøyrande forskrift.» Godkjenningar som er gitt med heimel i tidlegare forskrift til friskolelova 8A-1, vil framleis gjelde, men med heimel i friskolelova 4-2 tredje ledd. Første ledd i 7A-1 skal lyde: Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld òg lærlingar og lærekandidatar. Kapittel 6A er oppheva, og tilvisinga til kapittel 6A er fjerna. Kapittel 11 skal lyde: Kapitel 11 Inntak til vidaregåande opplæring Ny 11-3 skal lyde: 11-3 Definisjonar Alle som blir tekne inn ved ein friskole, blir rekna som elevar. Dette er uavhengig av om søkjaren hadde «ungdomsrett» etter opplæringslova 3-1 eller «vaksenrett» etter opplæringslova 4A-3 da han eller ho søkte om inntak. Også søkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, vil ha elevstatus dersom dei blir tekne inn ved ein friskole. Det er viktig å påpeike at det berre er skolar omtalte i forskrift til friskolelova 11-1, som kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Ny 11-4 skal lyde: 11-4 Bruk av rett Alle elevar som blir tekne inn ved ein skole godkjend etter friskolelova, må ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 eller 4A-3. Skolar nemnde i forskrifta 11-1, kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

Elevar som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. 3-27 i forskrift til opplæringslova. Det er fastsett at søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 ikkje bruker av retten dersom det samla timetalet hans eller hennar utgjer mindre enn 1/3 av det timetalet som er fastsett for eit utdanningsprogram eller eit programområde. Her er det inntaksvedtaket som er det avgjerande når det skal avgjerast kor mange timar deltidseleven får. Det er søkjaren sjølv som må skaffe dokumentasjon som viser at han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 eller 4A-3. Fylkeskommunen vil etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje vidaregåande opplæring søkjaren har fått tidlegare. For skolar i utlandet er det Fylkesmannen i Oslo og Akershus som har dette ansvaret. Det er likevel skolen som har ansvar for at dei ikkje tek inn elevar som ikkje har rett til å gå ved skolen. Dersom friskolen er i tvil om ein søkjar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må friskolen ta kontakt med elevens heimfylke. Det er retten til vidaregåande opplæring som går fram av første, tredje, fjerde, femte og ellevte ledd som kan takast ut i ein frittståande skole. All annan rett som fylkeskommunen gir elevane i sitt heimfylke, kan ikkje takast ut i ein friskole. Elevar som har fått vedtak frå fylkeskommunen om ein rett som ikkje er heimla i opplæringslova 3-1, kan ikkje ta ut denne retten i ein skole godkjend etter friskolelova. Dette inneber at elevar som har fått ein «fullføringsrett» av fylkeskommunen, må ta denne retten ut i ein fylkeskommunal skole. I friskolelova blir det brukt ein annan definisjon av omgrepet vaksen enn i opplæringslova. Alle elevar som har brukt opp sin rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1, er å sjå på som vaksne. Dette er uavhengig av alderen. Siste ledd presiserer at elever som ønsker å forbedre en karakter, må melde seg opp som privatist. Omvalgselever kan likevel velge om de vil ta fellesfag på nytt, eller om faget skal godkjennes etter 5a-3. Hvis eleven velger å ta fellesfag på nytt, skal den siste karakteren stå, dersom den er 2 eller bedre. Ny 11-5 skal lyde: 11-5 Fulltidselev og deltidselev Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3. Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag. Skolen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre innvilgast når det ligg føre tungtvegande grunnar. Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar. Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev. Femte ledd regulerer statusen til dei som har fått innvilga omval. Han eller ho som har fått innvilga eit omval med heimel i opplæringslova 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

Fellesfaga blir da godkjende etter forskrifta 5a-3. Omvalselever kan og velje om de vil ta fellesfag på nytt, eller om faget skal godkjennast etter 5a-3. Hvis eleven velger å ta fellesfag på nytt, skal den siste karakteren stå, dersom den er 2 eller bedre. Skolen bør sørgje for å rettleie elevar som vurderer omval, om dette. Frittståande skolar kan ha fått godkjent utdanningsprogram og programområde som har årstimetal som avvik frå utdanningsprogramma og programområda i Kunnskapsløftet. Det er årstimetalet i det godkjende utdanningsprogrammet/programområdet som skal liggje til grunn for berekninga om eleven er deltidselev. I økonomiforskrifta til friskolelova er det eigne reglar for teljing av elevar. Dette blir brukt for å berekne utbetaling av statstilskotet. Ny 11-6 skal lyde: 11-6 Utvekslingselevar Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling. Skolen kan reservere plassar for utvekslingselevar frå andre land. Skolen kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår. Elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, skal behandlast individuelt etter 11-10. Skolar vil ikkje få tilskot for elevplassar som er reserverte. Tilskot blir berre utbetalt til elevar som faktisk er elevar på skolen på teljetidspunktet. Ny 11-7 skal lyde: 11-7 Særlege reglar om inntak til einskilde utdanningsprogram For inntak til Vg1 i utdanningsprogram for musikk, dans, drama og utdanningsprogram for idrettsfag og for skolar som har særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, kan skolen fastsetje særlege reglar i inntaksreglementet. Skolen kan fastsetje at plassane i desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut på grunnlag av karakterar. Dette gjeld likevel berre ved oversøking. Regelen er uttømmande når det gjeld utdanningsprogram. Skolen må regulere eventuell bruk av ferdigheitsprøver og dokumentasjon av ferdigheit i inntaksreglementet. Dette er viktig for å vere føreseieleg og for rettstryggleiken til søkjarane. Dersom det ikkje er fastsett i inntaksreglementet at skolen legg vekt på dokumentasjon eller ferdigheitsprøver i tillegg til poengsummen, så kan det ikkje leggjast vekt på dette. Skolen må òg fastsetje kva som blir vektlagt og korleis. Dersom det blir lagt vekt på dokumentasjon, må det presiserast kven som kan skrive ut slik dokumentasjon, og kva dokumentasjonen skal innehalde. Det må òg seiast noko om korleis dokumentasjonen blir vurdert.

Ny 11-8 skal lyde: Skolen kan setje ein eigen søknadsfrist for elevar som har rett til fortrinnsrett og inntak etter individuell behandling etter kapittel 6 i forskrift til opplæringslova. Skolen kan reservere eit visst tal med plassar for dette opptaket. Dette inneber ikkje at desse søkjarane skal utelatast frå det ordinære opptaket. I det ordinære opptaket vil elevane konkurrere om plassane på lik linje som andre elevar. Ny 11-9 skal lyde: 11-9 Vilkår for inntak til Vg1 Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra: a) Er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova 2-1 fjerde ledd. b) Har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år. c) Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova 4A-1 og forskrift til opplæringslova 4-33. Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om skolen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til heimkommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c. Heimkommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Heimkommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i 4-33, jf. opplæringslova 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa, er ansvaret for gjennomføringa av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen. Regelen er identisk med 6-13 i forskrift til opplæringslova. Ny 11-10 skal lyde: 11-10 Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring. For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag, skal søknaden vurderast individuelt. Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter forskrift til opplæringslova 4-33.

Første ledd regulerer inntak for søkjarar som har gått på ein frittståande grunnskole som ikkje har vurdering med talkarakterar, som Steinerskolane, og internasjonale skolar som har ein karakterskala frå 1-7. Her vil dokumentasjon frå skolen leggjast til grunn ved inntak for å rangere søkjarane. Skolen må gjere ei vurdering av dokumentasjonen og ta søkjaren inn etter ei individuell vurdering. I andre ledd er andre tilfelle der søkjaren ikkje har samanliknbart grunnlag, regulert. Dette kan gjelde både for søkjarar som har hatt privat opplæring i heimen, eller som har fullført grunnskoleopplæringa i utlandet. Dette gjeld til dømes for nykomne minoritetsspråklege som oppfyller vilkåra for inntak i 11-14. Karakteren frå utlandet kan ikkje brukast direkte inn i inntak etter poeng, og fylkeskommunen må ta inn søkjaren etter ei individuell vurdering. For utanlandske utvekslingselevar, sjå 11-6. Ny 11-11 skal lyde: 11-11 Vilkår for inntak til Vg2 og Vg3 Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter 6-35 og 6-38 i forskrift til opplæringslova, samt forskrift til friskolelova 11-10 og 11-12, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2. Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i kapittel 24. For å berekne tilskot skal reglane i økonomiforskrifta nyttast. Ny 11-12 skal lyde: 11-12 Inntak på individuelt grunnlag som fulltidselev for søkjarar som ikkje har bestått i alle fag Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter 11-11 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå dersom dagleg leiar etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Skolen må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg, skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået. Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for å bli tekne inn etter føresegnene her, kan søkje om inntak som deltidselev etter 11-13. I første ledd er det fastsett at søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter 11-11 første ledd, likevel kan takast inn til neste nivå. Vilkåret for dette er at

skolen gjer ei heilskapleg vurdering av kompetansen til søkjaren, og meiner at inntak til neste trinn er forsvarleg. Det nærmare innhaldet i den heilskaplege vurderinga som skolen må gjere, er utdjupa i andre og tredje punktum. I andre punktum er det presisert at skolen må vurdere om det er dokumentert at søkjaren har den kompetansen i det eller dei faga som ho eller han ikkje har bestått eller manglar etter læreplanverket, og som er nødvendig for å følgje opplæringa på neste trinn. Her må ein sjå på kvifor søkjaren ikkje har bestått faget, og om ho eller han likevel kan ha dei faglege føresetnadene som er nødvendige for å følgje opplæringa i faget, med moglegheit for å få karakteren 2 eller betre til standpunkt. Det har tidlegare vore slik at enkelte skolar har teke inn søkjarar til neste trinn som ikkje har bestått i eit par fag. Denne praksisen kan framleis vere tillaten så lenge søkjaren etter ei samla vurdering ser ut til å ha dei faglege føresetnadene for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga bør ein òg sjå på om det faget som søkjaren ikkje har bestått, er eit fellesfag der den ikkje beståtte karakteren er ei halvårsvurdering, eller om det er ein standpunktkarakter i eit programfag eller eit fellesfag. Dersom det er ei halvårsvurdering i eit fellesfag, skal det mindre til for at søkjaren blir flytta opp enn dersom det er ein standpunktkarakter i eit programfag eller eit fellesfag. Skolen må sikre at søkjarar som blir tekne inn, ikkje får eit etterslep med for mange fag som dei ikkje har bestått. Dess fleire fag som ikkje er bestått, dess vanskelegare vil det bli for søkjaren å oppfylle krava for å få vitnemål, jf. 3-41. I andre ledd er det regulert at søkjarar som skolen konkluderer med ikkje har dei faglege føresetnadene for inntak til Vg2 eller Vg3 som fulltidselev, kan takast inn som deltidselev i dei faga der ho eller han har fått karakteren 2 eller betre. Søkjaren blir da teken inn etter 11-13. Skolen bør òg sikre oppfølging av denne eleven for at ho eller han skal kunne fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ny 11-13 skal lyde: 11-13 Deltidselevar til Vg2 eller Vg3 Ein søkjar som ikkje fyller vilkåra i 11-11 eller 11-12 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle likevel takast inn som deltidselev. Skolen fastset korleis inntaket skjer. Skolen kan ta inn som deltidselev ein søkjar som a) manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået, b) manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1, c) har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Skolen kan ta inn søkjarar som deltidselev dersom dei ikkje oppfyller vilkåra for å bli tekne inn som fulltidselev. Skolen må vurdere dette konkret i kvart tilfelle. Ein søkjar som har fått opplæring i eit fag tidlegare og har bestått faget, skal ikkje takast inn som deltidselev i dette faget. Vidaregåande opplæring skal ikkje brukast til å forbetre standpunktkarakteren i fag som søkjaren allereie har fått opplæring i og har bestått. Da må eleven ta faget som privatist gjennom den offentlege privatistordninga. Ny 11-14 skal lyde:

11-14 Lovleg opphald Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Ungdom som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, har likevel berre rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år, og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1 fram til dato for endeleg vedtak. Denne regelen er i samsvar med opplæringslova 3-1 siste ledd. Kapittel 12 skal lyde: Kapittel 12 Søknadsfrist og skolestart 12-1 skal lyde: 12-1 Søknadsfrist Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter friskolelova, er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsetje andre fristar. Regulering som knyter seg til skolestart, er flytta til ein eigen regel. Ny 12-2 skal lyde: 12-2 Skolestart Skolestart skal skje samtidig med eller nært knytt til offentleg skolestart i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle tillate andre oppstartstidspunkt. Regelen inneber ei presisering av når ein friskole kan starte i haustsemesteret. I særskilde tilfelle kan ein skole søkje Utdanningsdirektoratet om eit anna oppstartstidspunkt. I økonomiforskrift 1. januar 2007 til friskolelova er det foreslått følgjande endringar: Kapittel 2 skal lyde: Kapittel 2 Budsjett, rekneskap og tilleggsverksemd 2 andre og tredje ledd skal lyde:

Dersom skolen skal drive skolefritidsordning, internat og/eller utleige av tenestebustader ved internatet, jf. 4A første ledd bokstav a, b og c, må ein søknad om godkjenning etter friskolelova følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta. Skolen skal utarbeide eige budsjett for tilleggsverksemd etter 4A første ledd. 3 skal lyde: 3 Krav til rekneskapen Alle skolar som driv verksemd etter friskolelova, skal føre rekneskap. Rekneskapsføringa skal følgje rekneskapslova og bokføringslova. Kontoplanen skal byggje på Norsk Standard 4102 med eigne konti for skolepengar og statstilskot. Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter friskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen skal ikkje innehalde transaksjonar som ikkje vedkjem skoledrifta, jf. friskolelova 2-2 første ledd første punktum. Rekneskapen kan likevel innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. 4A. Skoledrifta etter friskolelova og tilleggsverksemd skal førast på eigne avdelingar. Ein rekneskap som blir ført ved å bruke fleire avdelingar, skal vise interne transaksjonar. Desse transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumentert. Årsrekneskap, årsberetning, jf. rekneskapslova 3-1, og revisjonsberetning skal sendast utan oppmoding til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Driv skolen tilleggsverksemd etter 4A, skal skolen også sende inn avdelingsrekneskap. For norske skolar i utlandet som har plikt til å føre rekneskap etter lovgivinga i vertslandet, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gi dispensasjon frå tidsfristen i tredje ledd. Regelen er endra på grunn av endringane i friskolelova 2-2 om drift eller eigarskap av tilleggsverksemd. 4 skal lyde: 4 Krav til noteopplysningar i rekneskapen I tillegg til dei krava rekneskapslova stiller til rekneskapsføringa, skal det i note til årsrekneskapen givast særskilde opplysningar om følgjande: a. Spesifisering av offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa må vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga. b. Skolepengesatsane. c. Kva formål investeringsfondet, jf. kapittel 5, skal nyttast til, og korleis grunnlaget for fondsavsetning er rekna ut. Dersom skolen har brukt av fondsmidlane, skal det stå kva midlane er brukte til i note til rekneskapen. Dersom skolen vil bruke fondsmidlane til eit anna investeringsformål knytt til skoledrifta enn det som opphavleg var vedteke, skal dette omtalast i note. d. Spesifisering dersom skolen handlar med nærståande av skolen. Spesifiseringa må vise kven skolen handlar med, totalbeløp av dei ulike transaksjonane, og kva slags vare eller teneste som er kjøpt. Driv skolen tilleggsverksemd etter 4A, skal det i note til årsrekneskapen givast særskild opplysning om avdelingsvis fordeling av fellesutgifter.

Det er innført eit nytt notekrav til årsrekneskapen. Kravet skal gi informasjon om skolens handel med nærståande. Rapporteringskravet skal sikre at tilsynsmyndigheita har moglegheit til å følgje opp dei nye krava til dokumentering av handel med nærståande i økonomiforskrifta 5. Det er spesifisert i notekravet at skolen skal rapportere på totalbeløp for dei ulike transaksjonane. Rapporteringa er på overordna nivå for dei ulike typane varer og/eller tenester som er kjøpte, for at skolane skal sleppe for høg detaljeringsgrad i rapporteringa. 5 skal lyde: 5 Bruk av statstilskot og skolepengane Statstilskot og skolepengar frå elevane skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter friskolelova. Statstilskotet og skolepengane skal brukast det året tilskotet blir gitt eller skolepengane kravde inn. Statstilskotet kan likevel disponerast etter reglane i kapittel 4 og 5. Statstilskot og skolepengar kan ikkje lånast ut. Dette gjeld òg statstilskot som er disponert etter kapittel 4 og 5. Alle inntekter frå skoleverksemd skal kome elevane til gode. For slike inntekter kan skolen ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd. Det er plikta til styret å sjå til at all handel med nærståande av skolen er gjord i samsvar med marknadmessige vilkår. Styret skal gjere vedtak om at handel med nærståande partar kjem elevane til gode, medrekna at det er ein rasjonell måte å skaffe varer eller tenester på. Vedtaket skal dokumenterast med prisar og ytingar frå uavhengige selskap for tilsvarande vare eller teneste så langt det lèt seg gjere. For heilt uvesentlege totalbeløp av ein type vare eller teneste frå nærståande fell krava til styrevedtak og dokumentasjon bort. Vi har lagt inn eit krav om at inntekter frå skoleverksemda må kome elevane til gode. For inntekter frå skoleverksemda er det her først og fremst tenkt på inntektsbringande, yrkesfagleg verksemd som er ein del av opplæringa til elevane. Utbytteforbodet er lagt i denne regelen fordi denne inntektsbringande skoleverksemda kan vere finansiert av statstilskot og skolepengar. Kravet om at styret må dokumentere at all handel med nærståande kjem elevane til gode, er nytt. Dette skal gjerast ved styrevedtak, der styret vurderer om handelen kjem elevane til gode, og om det er ein rasjonell måte å skaffe vara eller tenesta på. Vidare skal styret innhente dokumentasjon som understøttar at både pris og yting for vara eller tenesta er i samsvar med marknaden. Dette skal sikre at det finst etterprøvbar dokumentasjon for handelen ved tilsyn på eit seinare tidspunkt. Avgrensinga ved uvesentlege beløp er lagt inn for å sikre at kravet ikkje blir unødig omfattande for skolar med mange små transaksjonar som utgjør eit lite totalbeløp. Ny 4A skal lyde: 4A Tilleggsverksemd

Skolen kan, i tillegg til skoleverksemd, drive følgjande tilleggsverksemd utan søknad: a) skolefritidsordning for skolens elevar og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen b) internat for skolens elevar c) utleige av tenestebustader ved internatet for skolens tilsette og utleige til andre i skoleferien d) tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar e) kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for skolens eigne elevar, og utleige av lokale til slik verksemd f) utleige av spesialrom, når slike rom ikkje er i bruk, og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda g) utleige av skolelokala etter skoletida, slik som på kveldstid og i feriar h) praksisopplæring gjennom deltaking i lærarutdanninga i) lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen j) deltaking i offentleg initierte tiltak og statlege satsingar knytte til skoleverksemd k) tilrettelegging av skoleskyss for eigne elevar l) tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet Departementet kan etter søknad godkjenne tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Ein søknad om godkjenning må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta. Alle inntekter frå tilleggsverksemd skal kome elevane til gode. Skolen kan ikkje gi utbyte eller på anna måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd. Med skoleverksemd meiner ein verksemd som er formålstenleg eller nødvendig for å nå måla i læreplanen. Tilleggsverksemd er verksemd som går ut over skoleverksemda. Til bokstav f: Spesialrom er rom med spesielt utstyr slik som sløydrom, keramikkrom, skolekjøkken eller gymsal. Skolen kan leige ut for kortare eller lengre periodar så sant det ikkje fortrenger elevane i skoletida. Til bokstav i: Skolen kan berre vere lærebedrift som ein del av skoleverksemda og ikkje drive lærebedrift som tilleggsverksemd. Til bokstav k: Friskolar kan administrere skoleskyss for sine elevar, så sant kommunen eller fylket dekkjer kostnadene skolen har til slik administrasjon. Til bokstav l: Det er fylkeskommunen som bestemmer kva for utanlandske skolar som kan stå som formell arrangør ved eksamen i utlandet for sitt fylke. Ein norsk skole i utlandet kan berre vere eksamensstad for privatisten, og skal ikkje vere ansvarleg for å arrangere eksamen eller gi privatistopplæring. Skolen kan ikkje ha utgifter knytte til avviklinga som dei sjølv dekkjer.

Til andre ledd: Overskotslokale som ikkje er i bruk over ein lengre periode eller permanent, meiner vi skolen må søkje Utdanningsdirektoratet om. Moment i vurderinga vil vere i kva grad utleige vil fortrenge elevane, medrekna kva for del av lokalet som skal leigast ut, omfang av areal, omfang i tid, og kven skolen skal leige ut til, og kor mykje arbeid slik administrasjon vil krevje. Utleige av skolens personale må vurderast konkret etter søknad. Moment i vurderinga vil vere kva for rolle den enkelte personen har i verksemda, omfanget av utleiga, og om det vil vere mogleg å etterprøve arbeidstilhøvet, slik at det er mogleg å skilje oppgåvene og lønnsutbetalingane. All tilleggsverksemd må førast i ein eigen avdelingsrekneskap. I forskrift til opplæringsloven 1. august 2006 gjøres følgende endringer: 2-4 skal lyde: 2-4.Prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført. For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova 2-8 eller 3-12, og elevar ved internasjonale eller utanlandske skolar som følgjer Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter, eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene. Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene. 3-22 skal lyde: 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar ved internasjonale skolar og utanlandske skolar som har mottatt opplæring etter Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter, eller annan jamgod plan. Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål. Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei: a) på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene

b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men c) på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter. Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål