Dei har sikkert brukt gravemaskin for å lage tunnelen og eg trur den går heilt ned til botnen



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Til deg som bur i fosterheim år

6. trinn. Veke 24 Navn:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ny region i emning. frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Utarbeidd på oppdrag frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MEDLEMSINFO. august 2009

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørjeundersøking om sentrumsområde

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Brukarrettleiing E-post lesar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon til elevane

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Brukarrettleiing. epolitiker

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Plassebakken Barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

IKT-kompetanse for øvingsskular

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

INFORMASJON om førestellinga:

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Rådgjevarkonferansen 2009

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

6-åringar på skuleveg

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Med tre spesialitetar i kofferten

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Plassebakken Barnehage

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Transkript:

www.regionavisa.no 20. februar 2008. Opplag 30.000 Del 2 Ida Dei har sikkert brukt gravemaskin for å lage tunnelen og eg trur den går heilt ned til botnen Christine Bach (5), Frøystad i Herøy Eiksundsambandet frå barnemunn Del 2, side 16, 17, 18 og 20

2 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa THE REAL ONES: Bilete frå då The Real Ones held konsert på Rokken. FOTO: LASSE BRYGGMAN SURFEROSA PÅ ROKKEN: Mariann Thomassen og Surferosa, konsert under Vinterlekene 2008 på Rokken. FOTO: LASSE BRYGGMAN Visst trur eg at Høgskulen vil trekkje fleire unge frå ytre som vil studere i Volda. Men eg trur endå fleire unge kjem til å ta turen til Volda for å ta del i det mangfaldige utelivet og kulturtilbodet som studentmiljøet genererer. Det seier Ole Martinus Breivik frå Ulstein som er student på andre året ved Høgskulen i Volda og nyvald leiar i studenttinget (STiV). Breivik er også aktiv medhjelpar i studenthuset Rokken. Han meiner Eiksundsambandet vil opne døra til eit meir mangfaldig utelivs- og kulturtilbod for dei mange unge på ytre. Engasjert hybelbuar Ole Martinus har sidan studiedagane tok til budd på hybel i Volda eit val basert på ønsket om å vere aktivt med i studentmiljøet og dei mange aktivitetar på ettermiddag og kveldstid. Dersom eg budde heime ville dei mangelfulle bussog ferjerutene i helgane og på kveldstid mellom øyane på ytre og Volda gjort det vanskeleg å delta i studentlivet og utelivet, seier Ole Martinus som det siste året har vore både nestleiar og informasjonsansvarleg i STiV samt arbeida i Studentsamfunnet. Engasjementet har mellom anna ført til mange dugnadstimar på studenthuset Rokken i samband med konsertar og kulturarrangement. Betre uteliv i Ørsta og Volda Etter hans syn er kulturtilbodet for unge i Ørsta og Volda mykje betre enn på ytre: På grunn av studentane og studentmiljøet, er både Volda og Ørsta i ei særstilling når det gjeld tilbod på restaurantar, kafear og pubar. Ein finn eksempelvis plassar som Rust i Ørsta og Rokken i Volda - det finst ikkje uteplassar i Hareid, Ulstein eller Herøy som kan måle seg med desse. Ole Martinus hevdar at studenthuset Rokken - med plass til 550 publikumarar- vert sett på som ein av dei beste konsertlokala mellom Trondheim og Bergen innan bandmil- LANGVEGSFARANDE PUBLIKUM: Student Ole Martinus Breivik (t.h) og bookingansvarleg ved Studenthuset Rokken dei siste tre åra Mikal Vassbotn - meiner at fleire av banda som har vorte booka til Rokken utover våren er av det slaget som folk vil reise veldig langt for å få sjå. AGNETE KJØLSRUDS: Agnete Kjølsruds og Animal Alpha, Vinterlekene 2008 på Rokken. FOTO: LASSE BRYGGMAN Kortare veg til Volda og Ørsta vil gje eit meir mangfaldig utelivstilbod til unge på ytre Ole Martinus Breivik frå Ulstein, studenttingsleiar ved Høgskulen i Volda jøet i Noreg. Sidan etableringa i 2005 har Rokken Scene hatt besøk av fleire kjende band som til dømes "Kaizers Orchestra", Big Bang, Public Enemy, Wasp og De lillos. Ein del av NorgesNett Studiekameraten til Ole Martinus og bookingansvarleg ved Rokken dei siste tre åra Mikal Vassbotn er også overtydd om at betra tilgang til Volda, vil føre til at fleire publikumarar tek turen frå ytre til mellom anna studenthuset og konsertane der. Han viser til at Rokken Scene er ein del av NogesNettet - eit nettverk av 26 spelestader omkring i landet med profesjonell teknisk standard som totalt presenterer ca. 2500 arrangement for ca. 700.000 besøkande årleg. Mikal trur den auka tilfløyminga av publikum frå øyane ikkje vil la vente på seg så veldig lenge: Utan å nemne konkrete namn, så er fleire av dei banda som vi har booka til utover våren, av det slaget som folk vil reise veldig langt for å få sjå. Med buss eller på gamlemåten Det er ikkje berre dei yngste innbyggjarane som finn eit kulturtilbod på Rokken. Vi har hatt konsertar med både Hellebillys og Vassendgutane og eg veit at fleire frå den eldre garde på ytre då såg si besøkelsestid, smiler Ole Martinus som trass i opninga av Eiksundsambandet ikkje har planar om å gje opp hybellivet og flytte heim til Dimnøya i Ulstein: Det er no ein gong slik at ungdom vil vekk frå foreldra ei periode. Dessutan er busstilbodet framleis mangelfullt på kveldstid. For andre unge på heimtraktene sin del håper han at busselskapa snart aukar rutetilbodet nattestid mellom ytre og Ørsta/Volda no som Eiksundsambandet opnar. Om dei så ikkje gjer, reknar han med at dei unge likevel ikkje let seg stoppe frå å ta del i kulturtilboda saman med studentane: Då kjem dei vel gjennom tunnelane på gamlemåten - i privatbil med sjåfør. TEKST OG FOTO: A-REPORT/ANNA GOKSØYR AKTIV STUDENT: Ole Martinus Breivik (21) frå Ulstein har det siste året vore både nestleiar og informasjonsansvarleg i Stundenttinget i Volda (STiV) samt arbeida i Studentsamfunnet. I januar i år vart han vald til å leie STiV.

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 3 STUDENTHUS: Studenthuset Rokken i Volda. VINTERLEKENE 2008: The Ralph Myerz and the Jack Herren Band, under Vinterlekene 2008 på Rokken. FOTO: LASSE BRYGGMAN ELLEVILLE FANS: Tshawe Baqwa frå Madcon - også kjent frå Skal vi danse - omringa av autografjegarar rett etter ungdomskonserten under Vinterlekene 2008 på Rokken. FOTO: LASSE BRYGGMAN

4 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa Leserreise Du bestemmer reisemåten Kunngjeringar annonser@regionavisa.no - 7000 9660 Svart/kvit: kr 7,60 / farge: kr 9,35 pr mm eks. mva Merknader: a) Bussen er merka Ålesund. b) Bussbyte i Furene for reisande til Volda. c) Bussbyte for reisande til Ørsta. d) Køyrer til Hovden Lufthamn viss passasjerer dit. e) Frå Hovden Lufthamn kl 17.45 g) Bussen går via Berkenes og Sørestranda. r) Behovsrute. s) Innstilt ved skulefri. 6 dager kr 3.499,- pris per leilighet fra Dx67= Dagleg unntatt laurdag og søndag 6= laurdag 7= søndag Spar kr 1.576,- Vintereventyr på Hunderfossen! 5 overnattinger Moderne og komfortable leiligheter Gratis skibuss til Hafjell Alpinsenter Gratis adgang til Hunderfossen Vinterpark Quality Hotel og Resort Hunderfossen ligger i naturskjønne omgivelser på Hunderfossen, bare 3,5 km fra skisportstedet Hafjell. Dere bor i moderne og komfortable leiligheter, med tilgang til alle fasilitetene. Besøk også Hunderfossen Vinterpark, som har mange aktiviteter. Quality Hotel & Resort Hunderfossen Adgang til hotellets fasiliteter som restaurant, bar, oppholdsrom, lekerom, trimrom, badstue, solarium, lekeplass og gratis P-plass. Leilighetene er 55 m2 og det er plass til 6 personer. Hver leilighet har stue med tv, kjøkkenkrok med en hybelkomfyr og kokeplater, kaffetrakter, kjøleskap, kjøkkenutstyr, dusj/toalett, soverom med køyesenger, samt soverom med en dobbeltseng og to separate enkeltsenger. Ankomst: Søndager 13.01-13.04.2008. Ankomst 20.01-03.02.2008 - pristillegg 500:- pr. leilighet. Ankomst 24.02-09.03.2008 - pristillegg 1300:- pr. leilighet. Statens vegvesen har ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar og tilhøyrande ferjesamband. Vi har også ansvar for tilsyn med trafikantar og køyrety. Trafikktryggleik og miljø er viktige satsingsområde i vårt arbeid. Organisasjonen består av Vegdirektoratet og fem regionar. Rv. 653 Eiksundsambandet opnar 23. februar 2008 Eiksundsambandet gjev øykommmunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy eit ferjefritt vegsamband med fastlandet og eit betre kommunikasjonstilbod for kommunane Ørsta og Volda. Program: Kl. 10.00-12.00 Arrangement og kulturinnslag ved opningsstaden på Eiksund (Eika) Kl. 12.00 Offisiell opning av rv. 653 Eiksundsambandet - velkommen v/ ordførar Hanne Lore Måseide i Ulstein kommune - Regionvegsjef Berit Brendskag Lied taler - Kulturinnslag - Samferdselsminister Liv Signe Navarsete foretar den offisielle opninga Kl. 12.00 KL. 12.45 Kl. 14.00 Velkomen til opningsfest! - Nasjonalsangen - Korpsmusikk Buss-og bilkortesjen køyrer Eika - Furene - Eiksund - Ulsteinvik Eiksundsambandet vert opna for ordinær trafikk Ankomst 17.02 & 16.03.2008 - pristillegg 1800:- pr. leilighet. Oppholdene inkluderer kun sluttrengjøring. Avbestillingsforsikring kan bestilles. Med forbehold for utsolgte datoer og trykkfeil. Ekspedisjonsgebyr kr 59,-. Pengene du sparer er i forhold til hotellets veiledende normalpris med forbehold om spesialtilbud. DTF travel Tlf: 22 41 84 44 eller www.dtf-travel.no Annonsekode: REGIONAVISA

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 5 FOTO: FRED JONNY HAMMERØ OG PER EIDE På begge sider Møre Eiendomsmegling har alltid vore på begge sider. Anten du skal kjøpe eller selje lovar vi å representere deg på den beste måten. Ein bustadhandel er noko du skal leve med i lang tid. Det skal vi òg. Difor legg vi vekt på at du skal kjenne at vi jobbar for deg. Møre Eiendoms megling lever av å knyte saman dei rette folka. La oss finne ein match til deg óg. Du finn oss på begge sider Ørsta/Volda Ulstein/Herøy/Sande/Hareid Jørn Velle Tlf.: 901 50 616 Andre Kragset Tlf.: 416 06 269

6 Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 Amfi Norges største senterfamilie r e r e k r a Amfi m Amfi Vi takkar for oppdraget og d n u s Eik t e d n a samb gratulerer med opninga av Eiksundsambandet Fredag kl 15: Gratis ferjesveler Laurdag kl 15: Konsert med Tone Damli Aaberge høstkampanje høstkampanje Platesignering etter konserten www.mesta.no Laurdag ope til kl 18.00 <TbcP VaPcd[TaTa \TS ]h etv Mesta har v¾rt hovedentrepren r p Eiksundsambandet og gratulerer innbyggerne p Sunnm re med verdens dypeste vegtunnel. Vi takker Statens vegvesen for oppdraget. Hendvendelser til Mesta kan skje p telefon 05 200. hjulskiftparade hos mekk Ferdigbetong Møtestaden midt i sentrum Wilfa varmevifte 2000W BxHxD : 27x36x7,5 cm Vi har levert pakkepris betongen Gebé kompressor, muttertrekkersett Ope: mån-fre 10.00-19.00 laur 18.00 Tlf. 70 04 91 90Gebé amfi.no Finnes10.00 i fargene- hvit, rød, svart. NYhet Ny supertynn varmevifte med italiensk design. Kan brukes i våtrom. Kan henges på vegg eller stå på gulv. Frostsikringsfunksjon. gutta boyz og virksomme damer Svært stillegående. 23 butikkar Gratis parkering Ope 10-18 Nemko (16) godkjent. Triveleg handel i Ørsta Butikken for 499,- pakkepris Gebé kompressor 50 liters tank 1299,- Fritt levert luftmengde 230 l/min. Slagvolum 356 l/min. Elektrisk motor 3,0 HK, 1-fase. Luftfylte hjul. Tlf. 992 26 888 orsta@mekk.no Prisgunstig, bensindrevet strømaggregat med Strømaggregat KGE800 X/2 MEKKPRIS 1699,- motor. Maks. effekt 800W. Panasonic spiller med2-takts MP3/AUX anbåt (V.nr. 114586) kkpris 99,- Dobbel torskeruse 599,- fisker Vedkløyver fisk med MEKKPRIS 399,- Mekk har kjøpt inn et parti med solid hageverktøy som drives av kraftige batterier! Strømaggregat KGE800 X/2 699,- Prisgunstig, bensindrevet strømaggregat med Barnestol 2-takts motor. Maks. effekt 800W. Passer for barn med vekt 9-36 kg. (V.nr. 114586) Barnesete som monteres med bilens 3-punktsele. Regulérbar nakkestøtte. Finnes i fargene mørk Brannslukker 6 liter Brannslukker liter blå6og blå/grå. Skumapparat Skumapparat NB! fargen på bildet kan (V.nr. 135032) avvike fra produktet. 399,- Kuttehastighet 8000 pr min. Str. XXS-XXL Kuttediameter 230 mm. Markedets letteste.godkjent Leveres med 18V batteri og lader. i henhold til CE EN 393, og har 60-70% mer flytekraft enn kravene stiller. Man kan godt svømme med den. Utstyrt med reflekser. Vanntett og slitesterkt. Dressen er varmeisolert og har godkjent fløyte og festeanordning for redningsline. Glimrende (V.nr. 121006-12). barnehager, skoler, 2995,- auto 1/2. 17 deler i koffert. 7 tonn Batteridrevet gresstrimmer Fladen flytedress 2 hastigheter. Effekt 1500W. Vedlengde 52 cm. Før 1350, Gebé muttertrekkersett (V.nr. 135032) Utendørs peis/grillveil 1290, Stilig utepeis som også kan 1990,799,- benyttes som grill. Emaljert bunn og rustfrie bein. Diameter 76 cm. Vi har levert sement for injeksjon Vi har levert rør og kummer Feieverktøy Før 1350,Lavvo 8-mannstelt 799,- 699,349,-399,349,- som Base Camp for jaktlag og speidere Størrelse 400 x 255 cm. Vekt komplett ca. 5 kg. Flammehemmende stoff, samt tapede sømmer. Butikken for gutta Boyz og virksomme damer - www.mekk.no SkeeterVac Mygg Exterminator Supereffektiv gassdrevet myggfelle som fanger mygg og insekter i en sone på opptil 5000 kvm. Maskinen er stillegående, luktfri og barnesikker. Uavhengige felttester viser at myggfellen er svært effektiv. Se testrapport på www.mekk.no EN $ELæOPPæBETALING pr. mnd ANSIERING INGENæOMælN 5990,- Alt i byggevarer 3P RæBETJEN Embra as Slemdalsveien 72 0372 Oslo www.embra.no Tel: 22 92 43 70 Fax: 22 92 43 71 MEKKPRIS fra 99,- * Tilbudene gjelder så langt beholdningen rekker. Vi tar forbehold om trykkfeil. 128!199,- MEKKPRIS 139,- BATTERIDREVET Embra - vår sementleverandør 8x15 mm. Myk, gummi luftslange som ikke blir stiv ved lave temperaturer. Hurtigkobling. Nå kan du gjøre trivelig hagearbeid uten å stumpe i irriterende ledninger. Askesuger med filter 10,8 meter. 8 plastringer. www.unicon.no tlf. 07880 10 meter luftslange Panasonic CQ-C1405N MP3/CD/RDS-radio, 4 x 50W. Aux. Høyttalere: Magnat Ultra 6x9 Coax 3veis. 150W. 1999,- Panasonic stereo inkl. høyttalere og 10 meter luftslange Industriv. Tlf. 70 04 76 66 Vi gratulerer regionen vår med nytt samband! Straum og kommunikasjonsløysingar er leverte av oss. Vi har levert sprengstoff

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 7 Vi takkar for oppdraget og gratulerer med opninga av Eiksundsambandet Vi gratulerer med Eiksundsambandet Me har laga rundkøyringa i Furene, og hatt arbeid med kantstein og plenar. ANLEGGSGARTNAR / ENTREPRENØR din totalleverandør av stein og planter FURENE, 6100 VOLDA TLF. 70 07 67 50 / 992 27 845, FAX 70 07 67 51 E-POST: erik.tilseth@hotmail.com Vi har utført arbeidet med forskjæring, riggplass og brufundament på Eika, vegbygging og forskjæringar i Helgehorn- og Morkaåstunnelen, samt rundkøyring og grunnarbeid med miljøtunnelen på E39 i Furene. Vi ynskjer til lukke med anlegget, og takkar for godt samarbeid med Statens vegvesen! Vi har levert: Lysmaster Bergboltar Festesystem for vassog frostsikring Veg- og brurekkverk www.vikorsta.no Hamnegt. 3, 6100 Volda www.voldamaskin.no Vik Ørsta AS N-6151 Ørsta Telefon +47 70 04 70 00 Vik Ørsta AS N-6893 Vik i Sogn Telefon +47 57 69 86 50

8 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa "Store oppgåver skal ein byrje på, ikkje tenke på" Julius Cæsar Store oppgåver er ein del av kvardagen i Ulsteinkonsernet. I løpet av åra har medarbeidarar i Ulsteinkonsernet vore med på å utvikle verksemda til å bli ein trendsettar innan skipsdesign, skipsbygging og løysingar innan elektro og kontrollsystem. I dag har vi om lag 700 medarbeidarar som dagleg er med på å gjere store oppgåver verkelege saman med kundar frå heile verda. Vi er på jakt etter deg med kunnskap og erfaring, som vil vere med på å løyse krevjande utfordringar. Er du opptatt av å gjennomføre - kan du vere med på å gjere visjonar verkelege saman med Ulstein. ENGINEERING FLEKSIBILITET Engineeringsområdet i Ulstein er ein del av eit komplett miljø. Styrken vår er at vi har både design, engineering, produksjon og elektro i same konsern. Engineeringsmiljøet er kompetansebasen vår for gjennomføring av prosjekt på tvers av konsernet. Vi er avhengige av fleksible medarbeidarar som har spesialkompetanse innanfor ulike fagområde. Ulstein Engineering AS er sentrale i koordineringa av konsernet sine engineeringsressursar, og arbeidar for å utvikle dei beste prosessane, prosedyrane og metodane for tenester innan engineering. Ulstein Design AS utviklar nokre av verdas mest avanserte offshorefartøy. Selskapet knyter band mellom reiarlag, verft og utstyrsleverandørar, og leverer design og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. Ulstein Design og Ulstein Engineering søkjer: For meir informasjon om stillingane, eller for å søkje, gå inn på nettstaden vår www.ulsteingroup.com/jobs Her finn du også informasjon om andre ledige stillingar. Oppdatert oversikt over ledige stillingar finn du alltid på: www.ulsteingroup.com/jobs

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 9 Fleire studentar gjennom tunnelen Talet på søkjarar frå ytre vil utan tvil auke etter opninga av Eiksundsambandet, meiner Kristian Fuglseth - fungerande informasjonsleiar ved Høgskulen i Volda - som sjølv ser fram til opninga av sambandet etter å ha arbeidspendla mellom Hareid og Volda i fem år. Den siste tida har eg vore mykje rundt på ulike utdanningsmesser - og arrangement og tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar på ytre er at Eiksundsambandet gjer utdanningstilbodet ved Høgskulen i Volda mykje meir attraktivt, fortel Kristian Fuglseth, fungerande informasjonsleiar ved HVO. Han er ikkje i tvil om at opninga av sambandet vil vise igjen i form av fleire søkjarar frå ytre ved årets opptak. Meir tilgjengeleg studietilbod Kristian grunngjev dette med at Eiksundsambandet vil betre tilgjengelegheita til studietilboda i Volda monaleg for dei som bur på ytre: Etter opninga kan ein student busett i Fosnavåg eller Larsnes utan problem nå første førelesning klokka 09.15. Med ei køyretid frå Fosnavåg til Volda på 40 minutt treng ikkje studenten å ta bilen fatt før klokka 08.30 - han rekk om naudsynt å både levere borna i barnehage og svippe den han bur med på jobb i ei rimeleg tid på døgnet før han tek laust sjølv. Dette er til stor forskjell frå tidlegare der ein måtte stresse seg avgarde tidlegast mogleg for å stille seg i ferjekøa for å vere sikker på å kome med. Som natt og dag Han viser til at både deltids- og heiltidsstudentar no kan leggje ferjeruta på hylla og følgje vanleg undervisningstid. Dette er eit føremon ikkje berre for studentane, men også for høgskulen: Det vert som natt og dag for oss når vi ikkje lenger treng å leggje opp undervisninga etter ferjeruta. Alle studentane - også dei frå ytre - kan heretter følgje vanleg undervisningstid. Det betyr også at studentar frå til dømes Fosnavåg kan vere tilbake frå høgskulen i god tid til å til dømes hente borna i barnehagen. IKKJE I TVIL: Kristian Fuglseth, fungerande informasjonsleiar ved Høgskulen i Volda, er ikkje i tvil om at opninga av Eiksundsambandet vil vise igjen i form av fleire søkjarar frå ytre ved årets opptak. Talfakta Tala henta frå inntaket til Høgskulen i Volda hausten -07, viser at 253 studentar kjem frå kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid. Dei utgjer nesten ti prosent av den totale studentmassen på om lag 3.000. Studentane er fordelte på kommunar og kjønn slik: Hareid kvinner 42 Hareid menn 16 Herøy kvinner 54 Herøy menn 23 Sande kvinner 36 Sande menn 13 Ulstein kvinner 55 Ulstein menn 14 Totalt frå ytre: 253 Det er knytt til Høgskulen om lag 15 tilsette som kjem frå øyane på ytre søre Sunnmøre. KJELDE: HØGSKULEN I VOLDA Pedagogiske-, helse- og sosialfag Heile søre Sunnmøre har og vil ha eit auka behov i framtida for arbeidskraft med utdanning innan pedagogiske-, helse- og sosialfag. Kristian viser til at dette er studietilbod som i dag vert gitt ved HVO, og han håpar at betra lokal tilgang til desse utdanningane vil vere med på å auke tilfanget av framtidig arbeidskraft til lærar- og sosialfaglege yrker - også på ytre. Vi rustar oss til å både stette dette framtidige utdanningsbehovet og til ei auka søkjarmasse frå ytre. Vi har nok kapasitet til å ta i mot mange fleire deltids- og heiltidsstudentar - spesielt innan desse faga. Mindre stress for tilsette Pr. i dag har høgskulen mange studentar frå ytre som både studerer deltid og heiltid. I tillegg er det mange frå ytre region som på lik linje med Kristian har sin arbeidsplass ved Høgskulen i Volda. Som utflytta herøyværing busett i Hareid med arbeidsstad dei siste fem åra i Volda medgir Kristian at han veit det meste som er å vite om stress i trafikken og det å stå igjen på kaia i påvente av neste ferje: Personleg gledar eg meg stort til Eiksundsambandet opnar. Den vil føre til mykje mindre stress i kvardagen min og i kvardagen til dei mange andre studentane og tilsette som er i same situasjon. TEKST OG FOTO: A-REPORT/ANNA GOKSØYR

10 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa Dagleg transport mellom Ørsta/Volda og Hareid/Ulstein/Herøy/Sande Ukas bilde Fotograf: Grete Bjørdalsbakke Mo Kameradata: Canon EOS 350 D Sigma 10-20 mm ISO: 100 Brennvidde: 10 mm Blender: f/20 Lukkertid: 1/15 sek Sørestranda...vegen til Eiksundtunnelen Sidan vi i desse dagar er i ein hektisk innspurt på Eiksundsambandet kan det vel passe med eit bilde frå dette området, som illustrerer kor vakkert det kan vere langs Sørestranda til tunnelinnslaget til verdas djupaste tunnel. Bildet vart teke i januar 07 og denne dagen var det eit fantastisk flott lys kombinert med tåke som låg langs fjella. På bildet ser vi Liadalsnipa til høgre og Sørheim med Lidaveten til venstre. Grete er medlem i Biofoto, avdeling Sunnmøre. Sjå på www.biofoto.no eller ta kontakt med avdelinga på biofoto@snfoto.no Tlf. 941 47 373 www.fjord1.no Vi gratulerer regionen med det nye sambandet! Skal du selge bolig? Ring din lokale megler i Eiksundregionen for Gratis MeglerTakst i dag! SØRE SUNNMØRE Nina R. Bjerkvik Avd.leiar / Eigedomsrådgjevar Tlf. 909 92 420 Avd. Ørsta Anne Åse Kvistad Salgskoordinator Tlf. 70 06 11 11 Avd. Ørsta Gunnvor Bakke Avd.leiar / Fagansvarleg Eigedomsmeklar MNEF Tlf. 906 57 622 Avd. Volda Terje Lillås Eigedomsrådgjevar Tlf. 906 75 525 Avd. Volda Marius Østgaard Eigedomsrådgjevar Tlf. 988 23 032 Avd. Volda Hanne Kristin Sæter Eiendomsrådgiver Tlf. 926 60 728 Avd. Ulsteinvik Bjørn Erik Fosseide Næringsmegler Møre og Romsdal Tlf. 464 23 850 Avd. Molde Håkon Lutdal Markedssjef prosjekt Tlf. 951 72 716 Avd. Prosjekt Tr.heim AVD. ØRSTA: VIKEGATA 11, PB 88, 6151 ØRSTA - TLF. 70 06 11 11 AVD. VOLDA: GYMNASVEGEN 2, PB 308, 6101 VOLDA - TLF. 70 07 87 70 AVD. ULSTEINVIK: SJØGATA 13, PB 350, 6067 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 37 05

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 11

12 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 13

14 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa Vi gratulerer med Eiksundsambandet Få ein flott HUGO badehandduk gratis ved kjøp av Boss duft til dame eller herre Pris frå 299,- Gratis 1 stor, flott paraply ved kjøp av Escada duft til dame Pris frå 325,- Vikegata 29 Tlf. 70 06 64 61 og feirar med gode tilbod Velkomen til dei koselege butikkane og salongane i Ørsta sentrum! Klar for vår og "snop" frå kjende merkevarer Stikk innom for inspirasjon og rettleiing Velkommen til oss! dame- og ungdomsmote m o Vikegata 39 Tlf. 70 06 71 95 Ope: Mån-ons.10-17, tors-fre 10-18 (10-16) Supertilbod på Zeiss 8x56 FL skumringskikkert Avgrensa tal Trimtilbod Abilica ExBike veil. 1.500,- NO999,- NO1.999,- NO Abilica WinMag NO BERRE DENNE VEKA! veil. 3.000,- Sportsbutikken i gågata Ørsta Sport AS Tlf. 70 06 70 51 orsta.sport@sport1.no TUNNELTILBOD! Din bokhandel i gågata Skulesekkar 50% 50 stk. GULLRINGAR 50% Gullsmed Boss deodorant stick for herre, før 180,- No 139,- ALT I musikk- instrument Midt i regionen! Telefon 70 06 61 15 Telefax 70 06 78 17 www.bokogmiljo.no Gi den tørre vinterhuden noe ekstra! Ivar Aasengata 4 Tlf. 70 06 74 00 mobil 402 39 849 SKJØNNHET HELSE VELVÆRE Mange spennende behandlingstilbud! Vikegata 34 Tlf. 70 06 77 66 No kan du få manicure inkl. lakk av negler & parafi n- voksbehandling. KJEMPETILBOD på diverse varer!! Skal du stå brud i år? Benytt deg av pakketilbodet i salongen. Vikeg.33, Ørsta TIMETINGING: 70 06 72 70 Webjørn Svendsen-gate 14, ØRSTA Tlf. 70 06 92 72 Aurland-sko Vi har også kjempegodt utval i lappestoff, sytilbehør og garn. Du får den hos oss! Dame- og herrestr. Vikegata 26 Tlf. 70 06 73 53

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 15 SPECSAVERS 2 FOR 1 795, Enkelstyrke standardglas frå PENTAX inkludert. 0, Enkelstyrke standardglas frå PENTAX inkludert. ØRSTA: Vikegata 38, 70 06 97 00 www.specsavers.no

Frå barnemunn om Eiksundsambandet 16 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa Eiksundsambandet frå barnemunn TEKST OG FOTO: A-REPORT/ANNA GOKSØYR OG SOLVEIG HALSE MYRVOLD Markus Ile, 5 år, Nerlandsøy i Herøy Dei som laga Eiksundtunnelen har nok funne mykje skrot og masse fisk då dei grov den ut. Eiksundtunnelen er nok djupare enn 100 meter. Eg tippar hundre tusen milliardar meter djup. Dei sel nok ikkje mat i tunnelen slik som på ferga, men vi kan kanskje ete fisken som er der nede i staden for? Ida Cristina Bach, 5 år, Frøystad i Herøy Dei har sikkert brukt gravemaskin for å lage tunnelen og eg trur den går heilt ned til botnen. Ørjan Sundnes, 5 år, Fosnavåg Eiksundsamandet er verdast djupaste tunnel. For å lage den har dei nok måtta dykka ned, hoppa ut i sjøen og byrja å grave...og så har dei heilt sikkert funne mykje gull. Eiksundsambandet er verdas djupaste tunnel. Det betyr at vi først må over ei bru og så veldig langt ned.sikkert 100 milliardar meter. Eg skulle ønske det var hol med glas i heile tunnelen som vi kunne opne og kikke ut av på fiskane og dyra som bur i havet.

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 17 Simon Sætre Leikanger, 5 år, Fosnavåg Eg hoppa med rokkering i gym salen og skada foten og måtte reise til sjukehuset i Volda. Neste gong det skjer, slepp eg å ta ferja. Sofie Fransen, 5 år, Nerlandsøy i Herøy Eg likar å reise med ferje. Vi måtte reise med ferje då vi skulle til Spania med fly, men eg likar å reise gjennom tunnel endå betre enn å reise med ferje...men eg har aldri reist igjennom ein tunnel som går under sjøen før. Eg håper dei har vindauge i den nye undervasstunnelen slik at eg kan sjå på fiskane når eg køyrer forbi. Eg vil tru at Eiksundtunnelen er så djup at dei heilt sikkert fann masse diamantar då dei grov den ut...? Alexander Engan Notø, 5 år, Fosnavåg Eg likar å reise med ferje, men det er endå kjekkare å køyre i tunnel... men dei kan nok ikkje selje svele i den nye tunnelen. Oskar Dimmen Bratli,5 år, Hjørungavåg i Hareid Eiksundsambandet er sånne tunnelar som dei har laga i år og som går 10 meter under havet - heilt ned til der dei heilt små krabbane bur. Eg køyrer gjennom tunnelen på Alme kvar dag for å kome til barnehagen. Sjølv om Eiksundtunnelen går under havet er eg nokså sikker på at den også er laga med sement, stein og stål. Dei har nok brukt veldig, veldig lang tid på det, minst 13 månader. Maren Eirin Pieroth, 5 år, Ulsteinvik Eg trur ikkje vi kan sykle gjennom Eiksundtunnelen - då må vi i tilfelle ha på oss dykkardrakt, for vi må no få puste. Gard Joakim Fjørtoft, 5 år, Ulsteinvik Eiksundsambandet er sånt som vi skal bruke når vi skal reise til fjellet og på tur og sånt saman med mamma og pappa. Eg laga ei sandbru sjølv ein gong med bøtte og spann. Eg trur dei må ha gjort det på cirka same måten då dei laga Eiksundbrua. Det gjer ikkje noko at vi ikkje kan kjøpe mat i tunnulen slik som vi kan på ferja. Mamma brukar alltid å ta med kakao og bollar når vi skal reise skikkelig langt.

18 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa Eiksundsambandet frå barnemunn TEKST OG FOTO: A-REPORT/ANNA GOKSØYR OG SOLVEIG HALSE MYRVOLD Marie Rønnestad, 5 år, Nordre Vartdal Eg har høyrt kor det brakar når dei skyt nede i sjøen. Eg er ikkje redd for tunnelar anna enn når der er røyk og dersom tunnelen er stengd. Då vi reiste til Ås og besøkte veninna mi som heiter Heidi, var vi inne i ein tunnel. Ho har ein lillebror som heiter Martin. Eg og ho Heidi har akkurat same oldemora, og så har eg ei bestemor som bur på Folkestad. Når vi besøkjer henne må vi vere med ei ferje. Eg har ein levande og ein død bestefar, og begge heiter Jon. I dag har eg ei laus tann. Sjå! Ho dett ikkje ut når eg riglar på henne. Men kanskje dett ho ut i morgon. Peter Bjørndal, snart 6 år, Håvoll Eg har sett brua der dei kan fare inn i tunellen. Den brua er attmed ferja, og under brua er det mange sjarkar. Eg og han pappa var også med då vi fiska i går. Eg har fått veldig mange store fiskar, for eg har vore på sjøen fole mange gonger. Ho mamma skal køyre gjennom denne tunnelen når ho skal på arbeid. Då treng ho ikkje om å vente på ferja lenger. Det er sikkert kjekt med tunnel, men det er no kjekt med båtar også. Christer Taftesund, 4 år, Ørsta Då eg og han pappa var i Ålesund såg vi Eiksundsambandet og mykje anna rart. Men i går var eg på sjøen og fiska to gonger, og då var han pappa og han Håvard og han Frank Vidar med og nokre til. Vi fekk fole mange fiskar, og den største var ein hai. Den kokte vi til middag i barnehagen i dag. Dei andre hengde vi opp på veggen der borte. Dei skal bli tørrsild. Eg og han pappa har vore inni mange tunnelar, og denne tunnelen som dei lagar nede i sjøen skal ha mange små kikehol. Vi skal køyre mykje nede i den tunnelen, for eg er ikkje redd i det heile tatt. Veit du kva eg fann i går? Eg fann mange små kvite blomstrar og dei sette vi på bordet i ein kopp inne i barnehagen.

Regionavisa Onsdag 20. februar 2008 19 Vi høyrer til her Vi har kultur for å skape noko og lukkast. Sparebanken Møre er ein del av denne kulturen. Akkurat som du. Det finst sikkert stader på kloden som hadde gitt eit enklare utkome. Men det var dette forfedrane våre fekk tildelt. Gjennom generasjonar har menneska på Nordvestlandet tatt sjansar og gripe moglegheitene som har bode seg. Med det har dei medverka til å skape eit levande lokalsamfunn og gode levekår for oss som bur her. Sparebanken Møre er ein del av denne kulturen. Det viktigaste med å kjenne historia er ikkje å vite korleis livet var, men å forstå kvifor det er som det er og korleis det kan kome til å bli. Å binde saman regionar med tunnelar og bruer gir lokalsamfunna betre levekår. Vi gratulerer alle innbyggjarane og bedriftene med Eiksundsambandet.

20 Onsdag 20. februar 2008 Regionavisa William Sandbakk 3 år, Ørsta Pappaen min arbeider inne i ein tunnel. Han køyrer steinar og dei har han oppi ein bil. Ole Martin Masdal, 4 år. Sætrebakkane i Ørsta Eg har vore inne i tunnelen hans pappa og den er mykje, mykje lenger enn andre tunnelar. Han er sikkert tusen millionar meter. Og så kjenner eg ein gut som heiter Thomas som bur på ein plass der dei må fylgje ferje for å kome heim igjen. Eg skal kanskje overnatte hos han Thomas i natt. Pappaen min køyrer gravemaskin og så køyrer han bil også. Selma Bjørndal, 2,5 år, Håvoll Eg likar ikkje slike tunnelar, trur eg. Trur ikkje eg likar ferjer heller. Men veit du kva? I dag har eg hatt på meg leppestift! Ser du det at eg har pynta meg? Victoria Myklebust, 5 år, Ulstein i Ulstein Den nye tunnelen til Ørsta kjem til å gå under vatnet. Det hadde vore kjempekjekt om vi fekk sjå fiskane når vi køyrer i den, men eg tvilar på at dei har tenkt så langt at dei har laga vindu i den. sjølv om dei har brukt to år på å bygge den. Johanne Hilstad Fjørtoft, 4 år, Barstadvik Eg vil ikkje snakke noke om ditta no! (Det betyr vel omlag det same som "ingen kommentar på det noverende tidspunkt.") Katrine Susann Fredriksen, 5 år, Ulsteinvik Eg har køyrt med ferje frå Eiksund mange gongar. Oldemor og oldefar bur i Ørsta. For å kome til dei må vi køyre litt med bil, litt med ferje og så køyre litt igjen med bil. Eg er kjempeheldig når tunnelen under vatnet opnar, og eg håpar der er vindauge i den slik at eg kan kike ut på blekksprutane. Eg likar å besøke oldemor og oldefar og eg likar blekksprutar.