Handlingsplan 2017-2018 Vedteken av styret 26. oktober 2016
Innhald 1. Overordna føringar... 3 1.1. Formålet med regionale forskingsfond... 3 1.2 Føringar frå fylkestinga og prioriterte tema... 3 1.3 Rammeverk og tidsperiode for handlingsplanen... 4 2. Søknadstypar... 4 2.1 Felles krav for alle søknadstypar... 4 2.2 Regional kvalifiseringsstøtte (forprosjekt)... 5 2.3 Regionale bedriftsprosjekt (hovudprosjekt)... 5 2.4 Regionale offentlige prosjekt... 6 2.5 Regionale forskarprosjekt... 6 2.6 Vurderingskriterium... 6 3. Prioriterte forskingstema og organisering av utlysingar i 2017-18... 7 3.1 Tema for utlysingar 2017-18... 8 3.1.1... 8 3.1.2 Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi... 8 3.1.3 Kommunal sektor tenesteproduksjon og samfunnsutvikling... 9 3.1.4 Kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen... 10 3.2 Plan for utlysingar 2017-18... 10 4. Budsjett... 11 4.1 Budsjett og fordeling av midlar på utlysingar i 2017... 11 4.2 Budsjett og fordeling av midlar på utlysingar i 2018... 12 5. Operative mål... 13 5.1 Forskingsfinansiering... 13 5.2 Mobilisere søkjarar og styrke søkjarkompetanse... 13 5.3 Kommunikasjon og forskingsformidling... 13 5.4 Samhandling med andre fond og virkemiddel... 14 2
1. Overordna føringar 1.1. Formålet med regionale forskingsfond Kunnskapsdepartementet har fastsett at formålet med regionale forskingsfond er å Styrke forsking for regional innovasjon og regional utvikling Mobilisere til auka FoU-innsats i regionane Bidra til auka forskingskvalitet og utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø i regionane Skape utviklings- og læringsarenaer der regionale erfaringar kan verte drøfta i relasjon til nasjonal og internasjonal kunnskap og aktivitet. Sørgje for tett samspill mellom aktivitet i regionane og deira relasjon til andre nasjonale og internasjonale programmer og aktivitetar 1.2 Føringar frå fylkestinga og prioriterte tema Alle dei tre fylkestinga vedtok i desember 2015 bestilling til styret for Regionalt forskingsfond (RFF) Vestlandet. Bestillinga er meint å gjelde for valperioden 2015 2019 Hovudføringar i bestillinga RFF Vestlandet skal vere ein sentral drivar for innovasjon ved å mobilisere til og finansiere forskingsprosjekt av god kvalitet innanfor regionalt prioriterte innsatsområde: Verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor Evne til innovasjon og omstilling no og i framtida Gode klima- og miljøløysingar Prioriterte forskingstema: RFF Vestlandet skal med utgangspunkt i sentrale utfordringar og prioriterte innsatsområde for Vestlandet mobilisere til og finansiere forsking innan desse tema: Nye berekraftige løysingar som byggjer vidare på teknologi og kompetanse innan hav-energiøkonomien, her inkludert heile spekteret av maritime næringar. Sterke næringsmiljø på heile Vestlandet. Det skal også vere ei særleg merksemd på industrialisering og vidareforedling av råvarer. Bærekraftig matproduksjon og nye samanhengar innan bioøkonomi Innovasjon i offentleg sektor med vekt på tenesteproduksjon og samfunnsutvikling i kommunane Smarte, berekraftige, klimavennlege og langsiktige løysingar for Vestlandet, samt korleis vi forstår drivkreftene i utviklinga av landsdelen vår. Det vert føresett at fondsstyret er merksam på balansen mellom offentlege og bedriftsretta prosjekt. 3
Tematiske tilleggsføringar frå to av fylkestinga Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Rogaland: Teknologiutvikling basert på digitale forretningsmodellar tilpassa den eksponensielle naturen i internettøkonomien (eksempel: Spotify, Uber, Tesla Motors forretningsmodell for bil/software-oppgraderinger, 3D). Rogaland: Teknologiutviklingsbasert fartøy med hel eller delvis elektrisk framdrift 1.3 Rammeverk og tidsperiode for handlingsplanen Styret skal leggje Kunnskapsdepartementet sine retningsliner og fylkestinga si bestilling til grunn for sine prioriteringar i handlingsplan. Handlingsplanen skal klårgjere tematisk fokus, økonomiske rammer og opplegg for utlysing av midlar. Denne handlingsplanen gjeld frå 2017-2018. Styret vil drøfte ei rullering av planen hausten 2017 med eventuelle endringar sett i verk frå januar 2018. 2. Søknadstypar Regionale forskingsfond nyttar søknadstypar som er utarbeidd i samarbeid med Noregs forskingsråd og sidan fastsett av Kunnskapsdepartementet. Det er opp til kvart fond å velje mellom søknadstypane. Føringa i gjeldande bestillingsbrev frå fylkestinga er at fondet som hovudregel skal nytte desse tre søknadstypane: Regional kvalifiseringsstøtte (forprosjekt) Regionale bedriftsprosjekt (hovudprosjekt) Regionale offentlege prosjekt (hovudprosjekt) Knytt til spesielle satsingar eller tema for utlysing kan det vere behov for å nytte andre søknadstypar som t.d. Regionale forskarprosjekt eller Regionale Institusjonsprosjekt. Fondsstyret kan i desse tilfella opne opp for dette. 2.1 Felles krav for alle søknadstypar For alle søknadstypane gjeld desse krava: Prosjektansvarleg søkjar må vere lokalisert i fondsregionen (Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane). Prosjektansvarleg søkjar skal alltid vere registrert med organisasjonsnummer. Bedriftsutlysingar: Prosjektansvarleg kan vere enkeltbedrifter eller samanslutning av bedrifter med FoU-kompetanse og/eller som samarbeider med forskingsinstitusjon/ar i eller utanfor fondsregionen. Samanslutning inkluderer foreining, organisasjon og samskipnad av bedrifter. Offentlege utlysingar: Prosjektansvarleg kan vere ein organisasjon innan kommunal sektor som samarbeider med forskingsinstitusjon/ar i eller utanfor fondsregionen. Med kommunal organisasjon er meint ein kommune, fylkeskommune eller ein samanslutning av slike. 4
Søkjar kan elles på fritt grunnlag samarbeide med relevante FoU institusjonar og andre partnarar i og utanfor fondsregionen Støtte frå Regionale forskingsfond er omfatta av statsstøtteregelverket og får verknad når støtte vert gitt til ei bedrift eller ein organisasjon (føretak) som driv økonomisk aktivitet. Regelverket regulerer detaljert kven som kan få støtte og støttegrad, samt kva type aktivitetar og kostnadar som kan verte støtta. For meir info: http://www.forskningsradet.no/no/soknadstyper/1183468209217 2.2 Regional kvalifiseringsstøtte (forprosjekt) Målet med kvalifiseringsstøtte er å utvikle FoU-prosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte frå relevante ordningar. Det kan vere regionale forskingsfond, nasjonale eller internasjonale støtteordningar. Eit kvalifiseringsprosjekt er også eit innleiande forskingsarbeide som skal avklare om det er grunnlag for vidare forsking. Typiske kjenneteikn ved søknadstypen er: Støtte vert gitt for ein periode på inntil 12 månadar Fondet gir inntil 500.000 kroner i støttebeløp pr. prosjekt. Støttegrad frå Regionalt forskingsfond Vestlandet er inntil 50 % av godkjente kostnader i prosjektet. Kostnader som normalt gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoUtenester og relevante driftskostnader. Innkjøp av utstyr vert ikkje dekka. 2.3 Regionale bedriftsprosjekt (hovudprosjekt) Regionale bedriftsprosjekt skal styrke FoU-aktiviteten i bedrifter innanfor fondet sitt geografiske område og innan prioriterte satsingsområde. Regionale bedriftsprosjekt skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for bedriftene og utløyse FoU-aktivitet som spesielt bidrar til forskingsdriven innovasjon og bærekraftig verdiskaping. Målgruppa er bedrifter og forskingsinstitusjonar. Typiske kjenneteikn ved søknadstypen er: Prosjektansvarleg bedrift har FoU kompetanse og/eller samarbeide med forskingsinstitusjon/ar Prosjektansvarleg må vidare vere i ein av desse kategoriane: a) Små og mellomstore bedrifter (SMB) b) Store bedrifter som har eit prosjektsamarbeid med ei eller fleire SMB-bedrifter i regionen c) Samanslutningar, til dømes foreining, organisasjon eller samskipnad av bedrifter Definisjon av bedrift og størrelse følgjer EU sitt regelverk; http://ec.europa.eu/growth/smes/business-friendly-environment/smedefinition/index_en.htm Støtte vert gitt for ein periode på inntil 3 år Fondet gir inntil 3 millionar kroner i støttebeløp pr. prosjekt. Støttegrad etter satsar i statsstøtteregelverket. http://www.forskningsradet.no/no/soknadstyper/1183468209217 5
Kostnader som normalt gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoUtenester og relevante utstyrs- og driftskostnader. 2.4 Regionale offentlige prosjekt Regionale offentlige prosjekt skal styrke FoU-aktivitet i offentlege verksemder innanfor fondet sine prioriterte satsingsområde. Regionale offentlege prosjekt skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for offentleg sektor og utløyse FoU-aktivitet som spesielt bidrar til forskingsdriven innovasjon hos prosjektpartnarane i offentleg sektor og deira brukarar. Typiske kjenneteikn ved søknadstypen er: Prosjektansvarleg er ein organisasjon innan kommunal sektor som samarbeider med forskingsinstitusjon/ar. Med kommunal organisasjon er meint ein kommune, fylkeskommune eller ein samanslutning av slike. Det vert lagt særleg vekt på samarbeid, deling av forskingsresultat og formidling. Støtte vert gitt for ein periode på inntil 3 år Fondet gir inntil 3 millionar kroner i støttebeløp pr. prosjekt. Støttegrad er inntil 70 % av godkjente kostnader i prosjektet. Kostnader som normalt gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoUtenester og relevante utstyrs- og driftskostnader. 2.5 Regionale forskarprosjekt Regionale forskarprosjekt skal bidra til ny kunnskap om relevante problemstillingar i regionen og tema innan regional utvikling. Typiske kjenneteikn ved søknadstypen er: Prosjektansvarleg søkjar er ein godkjent forskingsinstitusjon (universitet, høgskuler, forskingsinstitutt) i fondsregionen, eller eit konsortium av slike Støtte vert gitt for ein periode på inntil 3 år Støttegrad er inntil 100 % av godkjente kostnader i prosjektet Støttebeløp pr. prosjekt vil verte bestemt ved utlysing. Kostnader som normalt gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoUtenester og relevante driftskostnader 2.6 Vurderingskriterium For Regionale bedriftsprosjekt og Regionale offentlege prosjekt følgjer faste vurderingskriterium, som vert vurdert av fagekspertar: Innovasjonsgrad Verdiskapingspotensial for offentleg sektor Realisering av innovasjonen i offentleg sektor Forskingsgrad Prosjektkvalitet for FoU-prosjektet Gjennomføringsevne Forskinga si innovasjonsrelevans 6
Samla vurdering For regional kvalifiseringsstøtte vert følgjande vurdert av fagekspertar 1 : Innovasjonsgrad/innovasjonspotensial Forskingsinnhald Prosjektkvalitet Gjennomføringsevne Bruk av resultat og realisering Faglege vurderingskriterium for forskarprosjekta vil verte utvikla i samarbeid med Forskingsrådet. For alle søknadstypar vert det i tillegg administrativt vurdert moment som Relevans i forhold til utlysninga og bidrag til verdiskaping og arbeidsplassar i regionen / bidrag til innovasjon og verdiskaping for kommunal sektor i regionen, forankring av prosjektet i prosjektansvarleg sine strategiske planar og evt., organisasjon og i dei fleste tilfelle også grad av samarbeid i prosjektet,. «Etikk» «Miljøkonsekvensar», «Kjønn», «Formidling og kommunikasjon» og «Addisjonalitet» av eventuell støtte vert vurdert for større søknadar og nokre vil også verte nytta for kvalifiseringsprosjekt. 3. Prioriterte forskingstema og organisering av utlysingar i 2017-18 Den nye bestillinga frå fylkestinga er tematisk breiare enn tidlegare bestillingar, som har vore meir spissa på bransjar og konkrete problemstillingar. Samstundes er det nokre viktige overordna føringar som skal gjelde alle utlysingar av forskingsmidlar ref.pkt. 1.2. Gjennom bestillingsperioden (2016 2019) vi styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet arbeide med å utvikle dei overordna føringane og prioriterte forskingstema i bestillinga til konkrete utlysingar av forskingsmidlar. Dei tematiske prioriteringane for 2017-18 er i hovudsak vidareførte frå hausten 2016 2. Det vert gjort nokre endringar frå 2017. Fylkestinga si bestilling inkluderer også ei satsing på «Sterke næringsmiljø på heile Vestlandet med særleg merksemd på industrialisering og vidareforedling av råvarer». Frå 2017 vert dette tema ein del av utlysingar innan «Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar». 1 Desse kriteria vil kunne bli noko justert i utlysingane 2 Med søknadsfrist i oktober 2017, var det lyst ut regionale bedriftsprosjekt innan tema Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar og berekraftig matproduksjon og bioøkonomi, samt regionale offentlege prosjekt med tema kommunal sektor. I november 2016 vert det lyst ut kvalifiseringsstøtte innan same tema. 7
Fylkestinga i Rogaland og Sogn og Fjordane vedtok ei tilleggsbestilling om «Teknologiutvikling basert på forretningsmodellar tilpassa den eksponensielle naturen i internettøkonomien». For 2018 vil det verte vurdert ei eiga utlysing av regional kvalifiseringsstøtte/forprosjekt innan dette fagfeltet. I tillegg vil det i 2017 bli lyst ut midlar til forsking som kan gi kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen vår, med fokus på utvida kunnskap om trekk ved dei regionale innovasjonssystema på Vestlandet. Med dette som utgangspunkt vert det lagt opp til følgjande utlysingsplan: 3.1 Tema for utlysingar 2017-18 3.1.1 Usikkerheten om utviklinga innan petroleumsnæringa og verknaden av den tradisjonelt sterke oljeavhengigheten er venteleg av langsiktig og strukturell karakter. Nye krav til berekraftige klima- og miljøløysingar vil også påverke denne situasjonen. Det vert invitert til å søke om forskingsprosjekt som kan vidareutvikle kompetanse innan hav- og energibaserte næringar slik at bedriftene kan vere drivarar for nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar. Venteleg er det også eit stort potensial for å kople kompetanse frå ulike næringsmiljø. Innovasjonen kan gjelde nye løysingar på energiområdet samt innan maritime og marine næringar. Innovasjonen basert på kompetanse frå hav- og energinæringane kan også skje innan andre næringsområde. Det er ønskjeleg å stimulere til sterke næringsmiljø på heile Vestlandet med særleg merksemd på industrialisering og vidareforedling av råvarer. Regionalt forskingsfond Vestlandet legg dessutan vekt på at omstilling til meir klima- og miljøvenlege løysingar i mange tilfelle vil krevje ei tverrfagleg tilnærming som kan involverer både teknologisk, samfunnsvitskapleg og naturvitskaplege kunnskap. Prosjekta skal utvikle ny kunnskap som kan bidra til verdiskapning og nye arbeidsplasser på Vestlandet. Søknadstypane i utlysinga skal vere Regional kvalifiseringsstøtte og Regionale bedriftsprosjekt (hovudprosjekt). 3.1.2 Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi Ny teknologi gjer det mogeleg å foredle råvarer frå jordbruk, skogbruk og marin sektor til eit vidt spekter av verdifulle produkt som mat, dyrefôr, kjemikaliar, materiale, energi, fiber og andre industriprodukt. Det vi med ei felles nemning kallar bioøkonomi inneber at biomasse vert utnytta i berekraftige kretsløp 8
Det er viktig å leggje til rette for meir berekraftig bruk av ressursar og naturgitte råvarer. Vidare er det viktig å leggje til rette for auka foredling av naturgitte råvarer i regionen, for slik å styrke busetting og arbeidsplassar. Ei satsing på forskingsbasert innovasjon som tek utgangspunkt vestnorske råvarer og nye smarte produksjonsprosessar utgjer eit stort potensiale for berekraftig og bioøkonomisk samfunn på Vestlandet Det vert invitert til innovasjonsprosjekt innan heile spekteret av matproduksjon samt produksjon og foredling av biologisk fornybare ressursar. Det er eit stort potensiale for å utnytte heile råvara samt foredling til nye produkt. Dessutan er det viktig å leggje til rette for at avfall frå ei verdikjede blir til verdifullt råstoff. Prosjekta skal utvikle ny kunnskap som kan bidra til verdiskapning og nye arbeidsplasser på Vestlandet. Prosjekta skal vidare bidra til klimavennlege og bærekraftige løysingar Søknadstypane for dette utlysingstemaet er Regional kvalifiseringsstøtte og Regionale bedriftsprosjekt (hovudprosjekt). 3.1.3 Kommunal sektor tenesteproduksjon og samfunnsutvikling Innovasjon er vurdert som avgjerande for å kunne oppretthalde god kvalitet på offentlige tenester i møtet med auka forventningar i befolkninga, demografisk utvikling og globalisering. Kommunar og fylkeskommunar er tenesteprodusentar og legg til rette for berekraftige samfunnsutvikling. Kommunal sektor står slik i første rekke til å møte nokre av dei mest krevjande samfunnsutfordringane i dag. Kommunal sektor er dessutan i endring. Gjennomføringa av kommunereforma vil kunne representere vesentlege endring av rammene for kommunane sitt arbeid og gi nye utfordringar med stort kunnskapsbehov. Den vestnorske geografien, busettings- og næringsstrukturen set også ramma for mulegheiter og utfordringar i utvikling av berekraftige samfunn. Kommunal sektor sitt samfunnsoppdrag vil framleis vert løyst i eit mangfaldig samspel mellom aktørar i offentleg, privat og frivillig sektor. Det vert invitert til å søkje om forskingsprosjekt som kan bidra til innovasjon og verdiskaping for kommunal sektor og deira brukarar. Prosjekta skal vere forankra i kommunale mål, strategiar og kommunalt leiarskap og involvere den kommunale organisasjonen. Det vert oppmoda til samarbeid mellom kommunar, på tvers av sektorar og tenesteområde og med private og frivillige aktørar. 9
Søknadstypane for dette utlysingstemaet er Regional kvalifiseringsstøtte og Regionale offentlege prosjekt (hovudprosjekt). 3.1.4 Kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen Vestlandet står ovanfor store utfordringar med omsyn til å omstille og fornye næringsliv og offentleg sektor. Ein treffsikker politikk for regional omstilling føreset kunnskap om drivkreftene og mekanismane som hemmar og fremjar slik omstilling. Viktige spørsmål vil vere: Korleis stimulerer til at kunnskap og kompetanse frå olje- og gassnæringen vert gjort relevant for andre næringar? Kva type strategiar er effektive for å lykkast med bransjekryssande innovasjon? Korleis kan det best verte stimulert til utvikling av nye bransjar i regionen? Kva type ressursar er kritiske for bedrifter som er i ein omstillingsfase (kapital, kompetanse, nettverk)? Korleis utnytte dei muligheitene som blant anna digitalisering og delingsøkonomien gir? Regionalt forskingsfond Vestlandet vil invitere til finansiering av eit eller to forskingsprosjekt som kan medverke til å gi ny kunnskap knytt til eit eller fleire av dei spørsmål som er lista. Prosjekta skal forutan sjølve forskingsarbeidet innehalde ein eigen arbeidspakke med formidling og deltaking i drøftingar med aktuelle interesser knytt til dei spørsmål som vert belyst. Det kan som del av dette vere aktuelt å inngå eit meir spesifikt formidlingssamarbeid med RFF Vestlandet, som også kan involvere faglege samlingar med styret for fondet. Søknadstypen er regionale forskarprosjekt. 3.2 Plan for utlysingar 2017-18 Regionalt forskingsfond Vestlandet må samordne søknadsfristar med Forskingsrådet og dei andre regionale forskingsfonda. Utlysing av regional kvalifiseringsstøtte vil som tildegare vere løpande. Andre utlysingar vil ha ein fastsett søknadsfrist, med februar som hovudsøknadsfrist. Ved utvalde satsingar vil det bli vurdert å nytte andre søknadsfristar. Fondet legg skal ha slikt opplegg for utlysingane i handlingsplanen sin tidsperiode: Utlysingstema Søknadstype 2017 2017 2018 Løpand 15. 11. febr. e. febr. okt. Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar Kvalifiseringsstøtte X 10
basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi Bedriftsprosjekt X X Kvalifiseringsstøtte Bedriftsprosjekt X X X Kommunal sektor tenesteproduksjon og samfunnsutvikling Kvalifiseringsstøtte Offentlege prosjekt X X X Kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen Forskarprosjekt X Andre tema/prioriteringar i bestillinga For avklaring i 2017 4. Budsjett 4.1 Budsjett og fordeling av midlar på utlysingar i 2017 Den økonomiske ramme for 2017 er gitt av Kunnskapsdepartementet i Statsbudsjettet. Vi kjenner no framlegget til budsjett, men vedtak kjem ikkje før i desember 2016. Budsjettet for 2017 er derfor eit anslag. Det er ikkje lagt inn ei vidareføring av praksis med forskotering, etter den tre års perioden som ligg bak med denne ordninga. Renta har vorte vesentleg dårligare etter ein lang periode med gunstig fastrente. Dette gir ein million kroner lågare forventa renteinntekt i 2017. Samla er det følgjande forventa inntekt i 2017: Ordinær løyving Ekstra til omstilling Forventa renter Samla inntekt 38,8 millionar - forslag til Statsbudsjett 6,4 millionar - forslag til statsbudsjett 1,5 millionar - estimert etter ny rentesats 46,7 millionar Fordeling av forventa budsjett for 2017: Disponert til regional kvalifiseringsstøtte 15 000 Utlysing av hovudprosjekt med frist februar - Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar - Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi - Kommunal sektor tenesteproduksjon og samfunnsutvikling 23 130 11
Utlysing av forskarprosjekt med frist februar - Kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen 5 000 Administrasjon og styre 3 570 Sum 46 700 4.2 Budsjett og fordeling av midlar på utlysingar i 2018 Ramma for 2018 er usikker. Det er planlagt med følgande budsjett Ordinær løyving 38,8 millionar tilsvarande forslag til Statsbudsjett 2017 Forventa renter 1,5 millionar - estimert etter ny rentesats 2017 Samla inntekt: 40,3 millionar Fordeling av forventa budsjett for 2017: Disponert til regional kvalifiseringsstøtte 15 150 Utlysing av hovudprosjekt med frist februar - Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi - Kommunal sektor tenesteproduksjon og samfunnsutvikling 22 000 Administrasjon og styre 3 150 Sum 40 300 12
5. Operative mål 5.1 Forskingsfinansiering Fondet vil finansiere kvalifiseringsprosjekt og større prosjekt innan dei tematiske områda for bestillinga. Unnataket er temaet «Kunnskap om drivkreftene i utviklinga av landsdelen», der det berre vil verte lyst ut midlar til forskarprosjekt. Målet er at kvalifiseringsprosjekta skal førast vidare i eit større forskingsprosjekt, slik at det er grunnlag for på vente at 90% av dei løyvde kvalifiseringssøknadene resulterer i ein søknad til ein relevant ordning. Vidare er det ønskjeleg å starte opp 6-8 nye regionale offentlege- og bedriftsprosjekt i 2017 og tilsvarande i 2018. I tillegg er det ramme for 1 2 forskarprosjekt i 2017. Oversikt mål og resultat 2016-18 Mål 2016 Resultat 2016 Mål 2017 Mål 2018 Kvalifiseringsprosjekt finansiert - 38* 30 30 Finansierte kvalifiseringsprosjekt som resulterer i søknad 90% ** 90% 90% Finansierte offentlege- og bedriftsprosjekt 8-9 *** 6-8 6-8 Finansierte forskarprosjekt 0 0 1-2 0 * Førebels resultat pr. okt 2016. Endeleg resultat klart i januar 2017 **Resultat klart fyrst i 2017/18 *** Mål allereie nådd ved fyrst utlysing i 2016. Det er venta at talet vert høgare når styret i januar 2017 gjer vedtak om søknader til utlysingane i oktober 2016. 5.2 Mobilisere søkjarar og styrke søkjarkompetanse Fondet vil som tidlegare år aktivt mobilisere nye og tidlegare søkjarar til fondet sine utlysingar og andre relevante støtteordningar gjennom å: Årleg gjennomføre kombinerte informasjonsmøte og kurs i søknadsskriving, eller tilsvarande tiltak, før større utlysingar, i kvart fylke (gjennomført i 2016) Årleg arrangere minst eitt prosjektutviklingsverkstad i kvart fylke, i samarbeid med Forskingsrådet og/eller andre aktørar (gjennomført i 2016) Aktivt løfte fram gode eksempel på søknadar, resultat og innovasjonar (gjennomført delvis 2016 gode eksempel vist på kurs/prosjektverkstad) Informere om fondet på relevante møte, kurs og konferansar i dei tre fylka (gjennomført 2016) Informere om moglegheiter for forskingsfinansiering og kursring i prosjektutvikling og søknadsskriving gjennom fondet si nettside, nyhendebrev og andre kanalar (gjennomført 2016) Samarbeide tett med strategiske samarbeidspartnarar frå virkemiddelapparatet, næringsorganisasjonar, forskingsmiljø og andre offentlege aktørar for å nå ut til fondet sine målgrupper, inkludert kommunar (gjennomført 2016 forbetringspotensiale) 5.3 Kommunikasjon og forskingsformidling Fondet har vedteke ein kommunikasjonsstrategi. I perioden vil desse tiltaka verte prioriterte: 13
Årleg publisere 3 6 artiklar om forskingsprosjekt på forskning.no og/eller i andre medium (vil verte gjennomført i 2016) Informere om pågåande forskingsprosjekt og resultat på fondet si nettside (gjennomført 2016) Sikre at prosjekt som har fått støtte gjennomfører formidlingsplanen i søknaden, inkludert dei ålment retta tiltaka (gjennomført 2016) Sende ut pressemeldingar og få ut informasjon om tildeling av midlar til nye forskingsprosjekt på fondet si nettside og nettsidene til fylkeskommunane (gjennomført 2016) 5.4 Samhandling med andre fond og virkemiddel Fondet vil legge vekt på å samordne aktiviteten inn mot andre relaterte finansieringsordningar. Fondet skal særleg koordinere aktiviteten sin inn mot fylkeskommunane sine utviklingsmidlar og Innovasjon Noreg sine støttemidlar. Fondet må til ei kvar tid vurdere sine utlysingar i høve til Noreg forskingsråd sine satsingar og utlysingar, slik at fondet står fram mest mogeleg komplementært til desse. Det er særleg aktuelt å samarbeide med dei fylkeskommunale VRI- prosjekta og vidareføring i Forskingsrådet sin «Regional satsing for forskingsbasert innovasjon (REGIONSATSING) frå 2017. Her skal fondet søkje felles innsatsfor å mobilisere bedrifter i regionen til forsking. Vidare vil fondet søkje å mobilisere bedrifter og offentleg sektor til internasjonalt forskingssamarbeid og særleg deltaking i Horisont 2020. Forskingsfinansieringa vil til ein kvar tid bli vurdert i høve til EU sitt statsstøtteregelverk og internasjonale verktøy som TRLskalaen som EU nyttar, basert på system og metodar utvikla av Forskingsrådet. 14