-Haugland var ein god skule - Haugland var ein god skule og den låg på ein fredfylt stad. Side 9



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

mmm...med SMAK på timeplanen

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Møteprotokoll for møte i

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

FANTASTISK FORTELJING

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månedsbrev april 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

MEDLEMSINFO. august 2009

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

6. trinn. Veke 24 Navn:

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Informasjon til elevane

Kom skal vi klippe sauen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Brukarrettleiing E-post lesar


av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Månadsbrev for Rosa september 2014

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

OK, seier Hilde og låser.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Plassebakken Barnehage

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kapittel 11 Setninger

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Transkript:

PÅSKA 2006 2. årgang Pris kr. 25.- "Porten til Hardanger"? Bør "Porten til Hardanger" bli mottoet for Uskedalen, som nyttast i all PR- og profileringsverksemd? Eller er til dømes "Sentrum i Kvinnherad" eller "Hjarta i Kvinnherad" betre forslag? Bygdeutviklingsprosjektet har no ein uformell konkurranse om det beste slagordet. Side 12 -Haugland var ein god skule - Haugland var ein god skule og den låg på ein fredfylt stad. Side 9 Biletvev i bårehuset. Under kveldsmessa 1. påskedag blir det innviing av ein biletvev i det nye bårehuset Side 26 Uken som forandret verden Påskeandakt av John Victor Selle Side 3 Påskemat-tradisjonar Påskemat som tradisjon er det ikkje så mykje av i dag som før. I gamle dagar sette nokre matrettar særpreg på påskefeiringa. Side 21 GOD PÅSKE

USKEDALSPOSTEN Side 2 Leiar Det superlokale bladet Her kjem det andre nummeret av Uskedalsposten. Står det opp til oss som har med Hobbyklubben å gjera, skal uskedølane få det minst fire gonger i året heretter. Men skal det lukkast, må vi framleis ha god hjelp av den yngste generasjon. Det er dei som er framtida for dalen vår. Det er dei som skal trivst, bli her og gje Uskedalen identitet. Kva vil vi med Uskedalsposten? Har ikkje Kvinnherad to gode lokale blad og blir ikkje ein slik bygdelapp smør på flesk? Svaret er nei, sjølv Grenda og Kvinnheringen kan aldri bli lokale nok. Dei vil ikkje makta å gje den superlokale vinklinga. Og dei kan ikkje målbera Uskedalen sin sak så godt som eit superlokalt blad. Samstundes kan vi for vår del aldri konkurrera med dei to lokalblada. Ein annan plass i kommunen har dei eit liknande blad, som er eit godt føredøme for andre. Det er Bygdadrøso - bladet for Hatlestrand og Ølve. Der er mange i lokalsamfunnet med og skriv, bladet er eit felles løft som gjev eit godt tverrsnitt av lokalsamfunnet og det som rører seg der. Det er vårt ynskje at vi kan utvida basisen for Uskedalsposten på liknande vis. Både unge og eldre er velkomne inn i redaksjonen! Så kan ein og spørja om slike bladlapper er noko å satse på i dataalderen. Som utgamal bladmann trur eg at nettblad aldri kan klara å feie papirblad av banen. Men med klok tilpassing kan dei to mediekanalane utfylla kvarandre. Difor er det og ei viktig oppgåve å laga ei god nettavis for Uskedalen. Ola Matti Mathisen KVA SKJER I APRIL? Uskedalen Bedehus 2. april kl. 10.30-11.30/12.00 Søndagsskulen våravslutning på Kjærland 2. april kl. 19.30 Søndagsmøte 3. april kl. 18.30-20.30 Hobbyklubben 21. april kl. 19.30 Konfirmantfest 24. april kl. 17.00-18.30 Avslutning av Yngste og Unge røyster. 24. april kl.18.30-20.30 Hobbyklubben 28. april kl. 10.30-12.00 Småbarnstreff Uskedalen Kyrkje 9. april kl. 15.00 Konsert med Peter Couzens og strykegruppe 13. april kl. 11.00 Gudsteneste 16. april kl. 19.30 Gudsteneste 30. april kl. 11.00 Gudsteneste og konfirmasjon Uskedalen Aktivitetshus 23. april kl. 18.00. Musikalsk Vårsprett/Konsert, Røysterett for alle. Se annonse siste side. 12. april Dans Redaksjonen: Silje M. Mathiesen (13 år) Siv Hanne Kjærland (12 år) Ingvill T. Sture (12 år) Carina T. Hansen (12 år) Ellen Karin Moen (12 år) Ola Matti Mathisen (leiar) Tore Mathiesen (leiar) Britt Torill M. Mathiesen (leiar) Kontakt: Hobbyklubben v/tore Mathiesen Musland 2, 5463 Uskedalen Tlf: 53 48 66 24/93 83 94 45 Ola Matti Mathisen Tlf: 99 37 13 25 E-mail: olamatti.mathisen@knett.no

USKEDALSPOSTEN Side 3 Uken som forandret verden Av John Victor Selle, fungerende sokneprest Påsken er for mange blitt den etterlengtede friuke fra fredag før palmesøndag til stortrafikken hjem igjen 2. påskedag. Den stille uke kalles den, men for svært mange er den langt mer hektisk enn stille. Lange bilkøer til fjells hvor hytter og hoteller fylles opp av folk som ser frem til glade dager i slalombakker (inklusiv lang kø for å komme opp og ned fjellsidene) eller på vidda mens andre holder seg hjemme og følger byggebransjens oppfordring: Puss opp i påsken. Eller reiser til syden, eller, eller. Den stille uke. Den begynte med palmesøndagens folkeopptog i denne verdens navle av en by som også i dag står i sentrum for verdensbegivenhetene. En by hvor mennesker sprenger seg selv i filler fortrinnsvis der det er flest samlet for å kunne gjøre størst mulig skade. De kalles martyrer og skal iflg. sin tro på den måte være sikret evig salighet. Den byen hvor Jesus dro inn for så å bli kastet ut. Steg for steg utfolder Bibelens beretning seg om det planlagte svik som lyktes langfredag og som førte til den mest fornedrende og smertefulle henrettelsesmetode historien kjenner. Og så en grav som lukkes og forblir lukket uken ut. Endelig, tenkte de. Vi tok kverken på ham. Guds Sønn er død. Men de som sto nær korset og fulgte med i det som skjedde, fikk erfare noe ganske annet. De utbrøt i redsel: - Sannelig, han var Guds Sønn! Så skjer det altså at den grav som til tross for å være forskriftsmessig lukket, forseglet og bevoktet, åpnes av en som er sterkere. En engel fra himmelen, sier evangeliene. Han som var død, ble reist opp fra de døde mens de som var levende og skulle passe på den døde, ble selv som døde. Morgenen da alt ble annerledes! Med herlighet og ære kronte du ham, sier Hebreerbrevets forfatter (2,7) og fortsetter: - slik skulle han ved sin død gjøre ende på ham som hersker ved døden, det er djevelen. (14-15). Dette innebærer at gjennom sin død knuste Jesus ham som har dødens makt. Gjennom lidelsen og døden ble Jesus opphav til evig frelse for all dem som er lydige mot ham (Hebr. 5,9). Muligheten til en ny start, veien til det evige liv, finnes i troen på Ham som er Seierherren! Jesus tar på seg alt vårt og gir oss til gjengjeld alt sitt. Det er påskens kjerne. Djevelen er beseiret! Så ljomer da også påskemorgens fanfare: Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Helvete greder, himlen seg gleder, himlen seg gleder med lovsang ny! Forfatteren C.S. Lewis sier det slik: Det er ikke til å tro; derfor er det til å tro på! Uken som forandret verden, forandret også menneskets fremtidsperspektiv. Evigheten inn i tiden. Korset er kristentroens seierssymbol. Den stille uke er forutsetningen for at det som var umulig for mennesker, nå er vår evighets mulighet. Hill deg du kors mitt eneste håp! Ha en riktig god påske!

USKEDALSPOSTEN Side 4 USKEDØLER I BLÅDALEN Av Britt Torill M. Mathiesen Hallvard Døssland, Håvard Steinsvik og Erlend Haugland klar for nok ein tur i barneskitrekket. Skulen i Uskedalen har i år benytta seg av muligheten av å leige Røde Kors hytta, som ligg i sjølve skiområdet. Det vart døgn med mykje fart og spenning. Barneskitrekket var ope ekstra nokre timar for skuleelevane, og det vart det sett stor pris på. Tusen takk til dugnadsgjengen! Langrennsskia var og mykje i bruk. Det som gjer anlegget så fint for ungar, er at det er eit fint terreng med passe krevande opp- og nedoverbakkar. Det å klara å meistra er viktig, og gjev lyst til å prøve seg meir. Nokre knall og fall blei det, men opplevelsen av å vera på tur saman, og alt det kjekke Fjellhaugen har å tilby, gjorde til at ingen ville heim! Kjempekjekt, kjempebra og topp var adjektiv ungane brukte om anlegget. Anette Musland, Eirin R. Kjærland og Thomas Mathiesen storkosar seg i det flotte anlegget. FJELLHAUGEN SKISENTER. Påsken står for dør, og mange forbind dette med ski, sol og kvikk lunsj. Vi er heldige som har eit så flott skianlegg i nærmiljøet vårt. Det nye barnetrekket er det mange små uskedøler som allereie har hatt stor glede av. Foreldre og trur vi, for det er ei flott solhelling like ved starten av skitrekket. Det er anledning å utfalde seg både på langrenn, brett og slalom. For dei som vil ta seg ut og gå lengre turar, er det kvista løyper ein kan gå. Dugnadstimar er det blitt mange av, både når det gjeld skitrekk, langrennsløyper og kvisting av løyper ut i terrenget. Så får vi håpa at vi får ha litt glede av anlegget også i påska. Ta sitteunderlag, kakao og appelsin med, og kjenn roen senke seg i påskesola, for sol håpar vi jo på frå første påskedag

USKEDALSPOSTEN Side 5 10 på gata om påska Av Silje M. Mathiesen (13 år )og Siv Hanne Kjærland ( 12 år ). Spørsmål: 1: Kva skal du gjere i påsken? 2: Kva pynter du med i påsken? Inger Moberg Inger Haugland Sella Hjønnevåg Miann Eylegar Liv Eik - Jobbe litt på Elins konditori, og om eg får tid, skal eg kanskje til Voss. - Eg pyntar med gule hekledukar som tante Martha i Oslo har hekla til meg, vidare pynter eg med gule lys, storkrukke med påskeegg og kyllingar og ei skål med påskeegg som barnebarna har malt. - Eg skal vera heima, eg ventar gjester. - Nei, da er ikkje så mykje, litt gule blomar og litt gule lys. - Vi rekna med at det blir fint ver så vi går vel litt til fjells og til kyrkja. Så får vi besøk. - Bjørkelauv, påskekyllingar, tulipanar og påskeliljer. - På ski på Hardangervidda viss det blir fint ver, og jobbe. - Eg pyntar ikkje. - Skal til Voss. - Påskekyllingar, tova påskaegg, tulipanar og påskeliljer. Maria Nikoline Kjærland -Eg skal til Danmark i barnedåp til søskenbarnet mitt og stå på snowboard i Blådalen -Påsketing. Odd Steinar Arnesen - Vera på sjøen og stå på ski. - Det tar kona seg av. Kurt Haugland - Vera heima og slappa av, stå på ski. - Kona tar seg av det. Håvard Sætrevik - Eg skal til hytta til svigerfar. - Påskeegg, blomer, påskekyllingar som dottera mi har laga i barnehagen. Rune Hjønnevåg - Køyra radiostyrt bil/båt - Det tar Carina seg av.

USKEDALSPOSTEN Side 6 Beinavikjo før og no Av Ola Matti Mathisen Beinavikjo kring 1900, med den relativt nyopna hermetikkfabrikken sentralt i biletet. (Foto: Røvde, Rosendal). Når den nye tid no for alvor er komen til Beinavikjo med utbygginga av eit moderne bustadskompleks, kan det vera på sin plass med eit lite attersyn på ein del av lokalhistoria som ikkje må gløymast og som knytter seg til ein liten fisk. Brislingen er den minste av matfiskene, men han har likevel betydd svært mykje for bygdene våre - og også for Uskedalen. Denne industrien var rett og slett eit eventyr og ein av dei to store i distriktet (skipsbyggjing var den andre). I tida mellom 1900 og 1920 spratt det opp hermetikkfabrikkar som paddehattar og 15 fabrikkar var i drift på det meste i Sunnhordland, går det fram av boka til Ivar Vaage om brislingindustrien. Utover på 1920- og 1930-talet auka talet på brislingbruk og i toppåret 1927 var 6.232 med i dette fisket i fylket vårt. Men langt fleire enn enn statistikken syner var sysselsette indirekte. Mange skøyter var opptekne med å frakta brisling frå låsane til fabrikkane. Men lønnsinntektene var ikkje så store som ein skulle tru utifrå det høge talet på arbeidarer. Over halvparten var kvinner og born og lønene låg lågt for det harde akkordarbeidet, går det fram av Kvinnheradboka. Og det vart meir og meir sesongdrift etter som åra gjekk. Fabrikkene stod i lange periodar grunna råstoffmangel. Ivar Vaage skriv at barnearbeid var vanleg i den fyrste tida. Born helt ned i sjuårsalderen var med og tredde sild på fabrikkane. Det var og vanskeleg å skaffa arbeidskraft nok i sesongane. Så måtte dei da også ha mange folk på stutt varsel. I ein annonse skreiv Hermann Valvatne på Sunde at 100 kvinner ville få "øieblikkelig plads" i hermetikkfabrikken hans. I Uskedalen vart Beinavikjo, eller meir eksakt Veavikjo, grunnen for hermetikkfabrikken. Ivar Arnesen starta produksjon av brislingsardiner der i 1895. Både han og Jens Arnesen hadde interesser på sjøen, dei åtte part i jakter som segla på Nordland. I 1911 selde Ivar fabrikken og notbruket til Concord Canning Co, som dreiv til dei seinare via Bergens Privatbank selde til Bergen Preserving. Då fabrikken brann i 1962 kjøpte Gunnar Flatebø tomta, som og var tomt til bustaden hans.

USKEDALSPOSTEN Side 7 Slik er Beinavikjo i dag. Hermetikkfabrikken låg der Uskedalen Trelastlager ligg no. Det tidlegare "Tippehuset" står framleis. Det er den store bygningen til høgre for trelastlageret. (Foto: Ola Matti Mathisen) Av denne tomta vart seinare eit nytt bruksnummer skilt ut og overteke av Uskedal Trelastlager. På Concordtomta lenger aust vart det bygt og dreve to sildoljefabrikkar, av Sigurd Arnesen ( Uskedalen Sildeolje og Fodermelfabrik, i tidsrommet 1908/1940) og Hugo og Ivar Arnesen ( Sildoljefabrikken Record, i tidsrommet 1910/1942). Dei hadde jamnare drift enn hermetikkfabrikken. På bilete som vart teke av arbeidarane ved CCC i 1916 var det 17 menn og 24 kvinner. Kva tyder det så at brislingen måtte stå i lås, undrast folk som knapt har sett fisken anna enn på matbordet. Jo. han må på slankekur før han kan nyttast! Då står han i sjøen i lås eller merd nokre dagar, slik at magen kan tømmast for åte. Det er også eit anna særtrekk ved brislingen: Han kan, som den einaste fisken, vandra vertikalt i vatnet. Rundt hermetikkfabrikkane voks det fram eit eige miljø, og slik var det og i Uskedalen. Det kunne det skrivast ei bok om. Fleire av fabrikkane sette opp eigne hybelhus for å lokka til seg arbeidskraft utanfrå, for det meste unge jenter, og der fann mange seg koneemne. Også Uskedalen hadde sitt "tippehus". - Brislingfiskarane søkte også til fabrikkane i helgane, det kunne liggja tett i tett av skøyter ved kaiane. Her trefte dei kjende og kunne spørja nytt om fisket og samstundes kikka på jentene, skriv Ivar Vaage.

POST BUTIKK RIKSTOTO NORSK TIPPING April 2006 USKEDALSPOSTEN Side 8 USKEDAL RØYRLEGGARFORRETNING Eigar Eilif Myklebust Uskedalen Servicebil rullande verkstad - Varme og sanitær Telefon: 53 48 62 96 Privat: 53 48 62 96 Mobil: 911 47 920 Brekketoppen, 5463 Uskedalen Tlf: 53 48 63 22 Mobil 926 40 546 Bilutleie Understellsbehandling Viking/NAF redningstjeneste Sal av Tysse-tilhengarar Rabben helse- og aromaterapi v/ Ellen Schwenke aromaterapeut/sjukepleiar Uskedalsvegen 572 Mobil: 996 19 292 Aromaterapi Klassisk massasje Lymfedrenasje Muskelstimulator med infraraud varme Hårfjerning med voks Gåvekort Sal av oljer/kremar OPNINGSTIDER: 9-20 KVAR DAG (OGSÅ LAURDAG) VI LEVERER KOLDTBORD OG SMØRBRØD, BE OM MENY. Avd. Husnes Bogsnes Industriområde 5460 Husnes Tlf: 53 47 35 70 Fax: 53 47 35 71 www.asator.no Besøk og Spar.no e.post: spar.uskedalen@ngbutikk.net Telefon: 53 48 61 37 Fax: 53 48 64 26

USKEDALSPOSTEN Side 9 - Haugland var ein god skule Av Ola Matti Mathisen Ingolf Musland,Else Naasen, Torunn Kjærland og Arne Terje Haugland framfor skulehuset som vart skulemuseum. - Haugland var ein god skule og den låg på ein fredfylt stad. Det er dei samde om, dei fire tidlegare elevane som Uskedalsposten samla til ein liten mimretime i den gamle skulebygningen ein gråkald februarlaurdag. Skulebygningen ligg fem kilometer frå sentrum i Uskedalen og vart bygt i 1893, som skule for Haugland og Musland krins. No er skulen skulemuseum for Kvinnherad. Grunnmuren til skulen vart kosta og sett opp av bygdefolket slik skikken var på den tida. Skulen vart utan kjellar fordi dei ottast vassig frå elva. Den fyrste læraren var Arne Stueland, som budde i kammerset og ofte fekk vitjing av elevane sine. Kosten fekk han kjøpa hos Hans Haugland, som budde tett ved skulen. Nicolai Røssland avløyste Stueland og Johan Omvik var lærar fram til 1923. Då kom Andreas A. Haugland. Røysteretten gjorde jobben Skulehuset og området rundt har gjennom åra etter sentraliseringa vore brukt av skuleklasser og grupper. Ved Grunnskulejubileet (250 år) i 1989 vart det utført naudsynt vedlikehaldsarbeid for å sikra skulen og i samband med Kulturminnedagen 2002 vart det gjort eit nytt løft med opprusting av skulen, uthuset og skuleplassen, Då tok korets Røysterett for alle på seg arbeidet med å få på plass eit nytt gjerde med port, ny trapp, maling, montering av lyskuplar og rydding ute og inne. Restaureringa er ikkje fullført, det står att nokre mindre arbeidsoppgåver. Til alt hell har skulen altså fått ein ny funksjon i ei ny tid før det var for seint. Og til alt hell er heile det fine miljøet rundt skulen teke vare på, slik at det er komplett med innbu, gjenstandar, utedo og leikeplass. Natur-ramma er også viktig: Dei digre lauvtrea og røslege granane som står vakt rundt skulen veks vidare. Og Uskedalselva susar slik ho alltid har gjort...

USKEDALSPOSTEN Side 10 Lærar Andreas A. Haugland Ein viktig del av miljøet er og grendahuset Vonheim, som ligg attmed vegen. Det er gamle Helgheim som var flytt opp frå sentrum i Uskedalen like før krigen. Haugland skulemuseum er no eit kommunalt museum til liks med Bygdetunet Rød og Skaaluren skipsbyggjarsamling. I Haugland skule, som var for Haugland og Musland krins, vart det halde skule i 73 år. Det var i 1966 den vart ramma av sentraliseringsbylgja og elevane flytte ned til den nye skulen. Flyttinga var ikkje prega av nokon hard kamp, sjølv om mange var i mot den, minnast kvartetten. Dei peikar på at elevtalet gjekk kraftig ned på slutten. Ein ruvande lærar Torunn Kjærland, født Haugland (76, siste skuleår 1944), Else Naasen født Fjellandsbø (70, siste skuleår 1949), Ingolf Musland (62, siste skuleår 1957) og Arne Terje Haugland (62, siste skuleår 1957) hadde same læraren i alle sju skuleår. Han heitte Andreas A. Haugland, var frå same krinsen og ein ruvande kar i kulturlivet i Uskedalen. Innan sang- og musikklivet var han ein einar og naturleg nok byrja han alle timar på skulen med eitt vers. Og det var slett ikkje berre salmar. Else Naasen og Torunn Kjærland ser på det gamle kartmaterialet og minnene strøymer på. - Vi song alle songane i songboka til Lars Søraas, frå "Alle fuglar" til "Brøyte seg rydning". Og då vi hadde songtime, spela læraren til på flatfela si medan han trødde takta med jarnskodd hæl, minnast kvartetten. Annankvar søndag hadde han søndagsskule. Dei kan ikkje hugse at læraren nokon gong var sjuk og trong vikar. Andreas tok seg sjølv av sløyden då den kom på timeplana etter krigen medan Magnhild Omvik fekk ansvaret for handarbeidsopplæringa. Men læraren hadde også oppgåver utanom skulen, til dømes som organist i Uskedalskyrkja og som dirigent. Han sykla heilt til Sunde for å dirigera! Hvis fråveret hans gjekk ut over undervisninga, måtte han ta det att seinare. Då Andreas vart pensjonist, var det Sigurd Haugland som tok over. Han vart den siste læraren på Haugland skule. - Andreas var streng, men rettferdig, seier dei tidlegare elevane. Læraren hadde sjeldan nokon grunn til å gje elevane skjenn fordi dei ikkje hadde lært leksa si. - Den kunne vi den gongen, for den satt som spikra etter pugginga. Og det gjer den framleis, seier dei fire. - Og mobbinga var enno ikkje oppfunne?

USKEDALSPOSTEN Side 11 - Nei, vi kalla det erting og det hende at vi slost så fillane fauk. Men hvis det vart for uroleg i klasserommet, hende det noko spesielt. Då treiv læraren lua og strauk på dør, utan eit ord. Han gjekk seg ein tur opp til ein stad dei kalla smuttaleet. Då Andreas gjekk, visste vi at vi hadde drege strikken for langt og vart svært oppgitte. Og da han eter ei stund kom att, var vi stille som mus! Det hendte og at fotballen gjekk feil og tok ei rute. Men då vi tilsto utan vidare, vart det ingen refs, fortel dei tidlegare elevane. Andreas A. Haugland var og kjent for ord- og ordtøkesamlinga si i Kvinnherskringlo. Haugland skule var todelt, slik at dei tre lågaste klassane og dei fire øvste gjekk på skulen samme dagen. Også laurdagen var skuledag. Skulen vara i seks timar og det var langfriminutt frå klokka tolv til halv eitt. I friminutta var fotball, slåball og jippa populære aktivitetar saman med fiske i elva. Læraren var ofte med og ga opp ballen då det var slåball. Om vinteren var det ofte kaldt og mykje snø og skiene var i bruk titt og ofte. Dei laga og tønnestavar. Måtte overnatta i stritt ver Dei som kom frå Fjellandsbø hadde lengste skulevegen og det hendte at elevane derifrå måtte overnatta på Øvre Musland då veret var for stritt. Den nedre krinsgrensen gjekk ved Haugland Dei eldste av Haugland-elevane har naturleg nok spesielle minne frå krigen. Den 9. april gjekk dei på skulen, men fekk fri. Då krigshandlingane kom til Uskedalen 20. april, rømte "alle" oppover dalen. Den store eksplosjonen i Bergen i 1944 fekk fylgjer også for Haugland skule. Då kom det huslause bergensarar til skulen. - Alle her oppover dalen "tok til seg" bergensarar etter den smellen, fortel dei fire. Sjølv om dei ikkje lenger har nokon eigen skule oppe i dalen, held dei på dei gamle tradisjonane. Framleis er det juletrefest fjordedagen, og da kjem dei gamle songleikane på programmet att. Det er som om tida har stått stille ved Haugland gamle skule. Planløysinga er den same som før: Gong, kammers og skulestova. I gongen er det trapp opp til lemen. Det er pultar, kateter, bokskåp og på veggene heng kart og plansjar. Ein globus har også overlevd og det er enno att litt sløydutstyr. Ein vakker alle fører fram til skulen. Elevkvartett på plass att i pultane i Hauglandskulen: Else Naasen, Torunn Kjærland, Arne Terje Haugland og Ingolf Musland.

USKEDALSPOSTEN Side 12 Elevane ved Haugland skule, truleg teke i 1955. Bak f. v. : Målfrid Hindøy, Astrid Kristoffersen, Inger Musland, Solveig Kristoffersen, Gunvor Haugland, Arne Terje Haugland, Sverre Johan Myklebust, Ingolf Musland, Sigurd Haugland og Nils Raudstein. Framme f.v. : Bjørg Musland, Anne Marie Raudstein, Olaug Kristoffersen, Astrid Raudstein, Pål Haugland, Hans Gustav Musland, Amund Matre, Lars Magne Haugland og lærar Andreas A. Haugland. Finn eit godt Uskedalsmotto! "Uskedalen - eit godt val" sto det på t-skjortene for nokre år sidan. Det kan alle i bygda og mange med dei slutta seg til, men det held ikkje som motto eller slagord. Bygdeutviklingsprosjektet, som no er i gang i fem grupper, ber difor alle om å komme med innspel. No gjeld det å finna eit godt og lokkande slagord eller motto for dalen. Det skal vera eit motto som kan bidra til at folk får augene opp for Uskedalens kvalitetar, både retta mot turistar og mot dei som kan tenke seg å busette seg her. Mottoet bør brukast i all PR- og profileringsverksemd. Det skal vera stutt og fengjande. Det bør seia noko om kvar Uskedalen ligg og kva "Frå fjord til fjell" gjer ikkje det og det er oppbrukt. Det nærliggjande ord "perle" er nytta av andre stader i nærleiken vår. Då kan "Kvinnherads hjarte" eller "Sentrum i Kvinnherad" egna seg betre, men alle veit ikkje kvar Kvinnherad ligg. Difor kan det vera klokt å "hengja seg på" Hardanger, som er godt kjend i inn- og utland? Kva til dømes med "Porten til Hardanger"? Den som kjem med det beste forslaget og når fram hos juryen, kan vente seg ei stor og gledelig overrasking med "uskedalsvri". Dei som har gode forslag kan ringa 993 71325 eller sende mail til olamatti.mathisen@knett.no

USKEDALSPOSTEN Side 13 vi har å by på. Bokmeldingar Av Silje M. Mathiesen ( 13 år ) Harry Potter og Halvblodsprinsen Eg har lese Harry Potter og Halvblodsprinsen. Det er den sjette boka i serien og har 586 sider. Ho er skriven av J. K. Rowling. Og oversatt av Torstein Bugge Høverstad. Boka har ingen illustrasjonar, men det betyr eigentleg ikkje så veldig masse visst du har lese dei andre bøkene eller sitt filmane. Fordi då har du eit sånn cirka bilde av personane i boka. Boka har ganske lita skrift men grei å lese. Boka begynner med alle problema Fyrst Voldemort også kalt han viss navn må vere unevnt har skapt for trollmansverda og gompeverda (menneskeverda). Litt lengre ut i boka får Harry Potter problemer med ei eliksirbok som er skriven litt om. Den forrige eigaren kalla seg Halvblodsprinsen. Som visst nok viser seg i å vere veldig god i eliksir. I slutten av boka får boka ei trist vending når ein av hovudpersonane blir drept. Harry tar dette veldig tungt og føler at alle som tar seg av han dør. Eg likte boka og syntes den var veldig bra. Den passer for barn i tiårs alderen og oppover. Boka koster 398.00 kr. Av Ingvill T. Sture ( 12 år ) Tittel: Skrik Jennifer skrik! Forfattar: R.L. Stine Språk: Bokmål Utgjeve: I 1998 (Norsk utgave 1999) Serie: Fear Street (Bok nr. 3) Sjanger: Grøss. Shelli og nokre venner jukser på opptaksprøven til college, men plutseleg skjer det noko som ingen hadde venta Venninana til Shelli har tenkt å sladre på dei, og dei er nødt til å gjere nokon som dei eigentleg ikkje vil Boka passar for gutar og jenter i alderen 11 år og oppover. Av Carina T. Hansen ( 12 år ) Tittel: Det spøker på kjøpesenteret! Forfattar: Betsy Haynes Språk: Bokmål Utgjeve: I 1998 Serie: Grufulle grøss Sjanger: Grøss Kaja Jonsen og venninene hennes skal gå og shoppe på det nye kjøpesenteret som er bygd på ei myr. Kaja har høyrt at for mange år siden, var det tre ungdommer som hadde forsvunnet i myra og dei kom aldri tilbake. På det store kjøpesenteret er det mange mennesker, men det som er merkeleg er at ekspeditøren som dei ser er på andre siden av senteret etter 10 min. og Mariannne, som dei ikkje såg ved inngangen, likner mistenkelig på ei av utstillingsdukkene på kjøpesenteret. Denne boka passar for både jenter og gutar i alderen 11 år og oppover.

USKEDALSPOSTEN Side 14 Sudoku og Vitsar Av Silje Mathiesen (13 år) og Siv Hanne Kjærland (12 år) 7 3 7 1 5 8 5 4 4 9 6 3 2 1 3 6 9 1 6 8 4 6 1 5 7 3 3 8 6 8 9 1 7 2 5 2 4 6 5 4 2 8 6 6 2 1 9 4 7 5 3 8 2 3 1 9 5 7 Lett Lett 3 9 5 9 5 8 7 6 9 2 5 8 7 3 5 8 2 4 6 8 1 7 6 9 2 3 1 9 3 7 4 5 7 1 9 5 6 3 8 4 1 2 5 1 6 4 Middels Vanskelig Vitsar : Ein amerikaner var ein gong på ein bensinstasjon i Setesdalen med den flotte sportsbilen sin. Samstundes kom det ein gammal bonde inn med den gamle mopeden sin. Han skulle også fylle bensin. Amerikaneren smell igjen døra og køyrer videre i full fart. Plutselig ser han ein mørk flekk som kjem nærere og nærere bilen bakante, og plutselig kjem bonden susande forbi på mopeden sin. -Dette var då ergeleg, tenkte amerikaneren og gir på for å nå igjen mopeden. Dette gjentar seg fleire gongar. Til slutt er amerikaneren oppe i 170 km i timen. Då rullar han ned vindauget og ropar til bonden: -Kor fort går eigentleg mopeden din? -Før eg fekk bukseselane mine inn i Bildøra di, køyrde eg 40 km i timen.. -Kva er likskapen mellom ein giraff og eit eple? -Veit ikke! -Begge byrjar på E! -Giraffen byrjar då ikke på E! -Jo, han heiter Erik! -Så fin hund du har! -Ja men den er dessverre så fel til å lyge. -Hundar kan då ikke lyge! -Jo! Dev, kva seier kua? -Voff!

USKEDALSPOSTEN Side 15 Småbarnstreff annankvar fredag Av Siv Hanne Kjærland (12år) Simon og Jonathan Taranger på Småbarnstreff Eit intervju med Nelly Kjærland 1.Kvifor starta dåke småbarnstreff? - Eg lovde helsesøstera då dåke var små at eg skulle starte opp eit småbarnstreff når eg fekk overskot til det. Så då vart dåke 11 år før eg starta opp. Ellers likar eg godt denne aldersgruppa 0-6 år. 2.Kva gjer dåke på? - Vi leikar oss ; med duplo, puslespel, bøker m. m. i samlinga "fiskar" vi, ikkje med stang med krok på, men med magnet. Bak på fisken, sjøstjerna e.l. står det ein song. Nokon av dei er: Petter slår med ein hammar. Eg har ein engel. Hjulene på bussen. Eg er trygg hos deg m.fl. På ein av fiskane står det ei forteljing og då fortel vi ei bibelforteljing. Så syng vi : Å du som metter liten fugl. Selma er ei god"matmor", her får vi ferske melkekaker, vafler, sveler o.l. Dei av borna/foreldra som har lyst å laga noko, får det. Døme er: silkeblomar, edderkoppar, stjerner, sauer o.l. Leikedeig er populært og før jul laga vi pepperkaker. Av og til er vi ute på stemneplassen. Vi har fått besøk av geitene frå Kjærland: Gullit og Spretta. 3.Kor mangen pleier det å vere? - Det har vore frå 2-18 born på samlingane våre annankvar fredag kl.10.30-12.00. Sidan vi byrja 07.01.05 har det vore 34 born innom. Borna har med seg mor, bestemor eller ein fadder. Vi oppmodar far og bestefar om å komma og. 4.Kva heiter leiarane? - Det er ho Selma Eik. I fjor var Lene Taranger med og,og så er det eg og då. 5.Er det kjekt å drive med småbarnstreff på bedehuset? - Å, ja, veldig kjekt! Selma og eg synest det er noko av det kjekkaste vi har vore med på. Det er ein sosial verestad for mor, far, besteforeldre og dei kjekke borna deira.og så får vi treffast på tvers av bygdene. Vi har born frå Ænes til Herøysund.VELKOMMEN! Over: Ingeborg Hestad og Selma Eik leikar med leikedeig. Til høgre: Nelly Kjærland leiar småbarnstreffet.

USKEDALSPOSTEN Side 16 Sverre Myklebust Maskinstasjon AS 5463 Uskedalen Graving Sprenging Boring Masseflytting Telefon 53 48 62 55 Telefax 53 48 67 95 Mobil 971 50 715 Mobil 913 45 035 DIN LOKALE LEVERANDØR TELEFON 53 48 61 01

USKEDALSPOSTEN Side 17 HUSNES SPORT AS TORGHUSET TELEFON 53 47 14 04 www.sport1.no ROSENDAL HUSNES VI GJØR ALT FOR DIN BIL BOSCH CAR SERVICE 5463 USKEDALEN 53486433 auto88@boschcarservice.no www.auto88.boschcarservice.no HYDRO TEXACO USKEDALEN RH RACING DIN KVALITETS RC LEVERANDØR RH Racing er forhandlar av kvalitets merke som: Modell Racing Fuel - Futaba radio utstyr -Arc fly Super tiger flymotorer - Taxxas biler som T-Maxx og REVO Vi skaffer det meste til ein lavere pris ein dei fleste!! Uskedalsvegen 685, 5463 Uskedalen E-post: Rune@rh-racing.no Tlf: 416 13 880

USKEDALSPOSTEN Side 18 Meir plass for båtfolket Av Ola Matti Mathisen Over: Tor N. Myklebust har laga dette flotte og talande symbolet for båthamna. Til venstre: Harald Erdal og Øystein Koløy foran utvidinga av båthamna. Ein båt er på veg inn med tunge betongklossar. Mange meiner at Uskedalen har den finaste og beste båthamna i Kvinnherad, og no blir den enda større. Dei 90 båtplassane blir supplert med 20 nye. Eigentleg skulle dei vore klare no til påsketrafikken, men det er ikkje mogeleg å få utvidinga klar før til sommarsesongen i mai/juni, fortel attvald leiar i Uskedal Båtlag Harald Erdal til Uskedalsposten. Det er 130 medlemmer i båtlaget. Det er no 30 år sidan Uskedalen fekk si båthamn. For få år sidan kom eit byggesteg nummer to, då steinfyllinga vart innkledd. Det har lenge vore behov for ei utding. No står det 25 på venteliste for å få plass inne i hamna. I høgsesongen treng ein og fleire enn dei 15 gjesteplassane og talet blir no auka. Utvidinga kjem utanfor moloen, men det er uproblematisk, meiner båtlaget si leiing. Det er sjeldan veret står på så hardt at det er fare for båtane. - Her inne er det nesten aldri verkeleg hardt ver og dei nye kaiplassane vil bli halde på plass av tunge betongklossar, seier Erdal og styremedlem Øystein Koløy. Utvidinga av båthamna kjem på 750.000 kroner og i fyrste omgang blir det teke opp lån, som skal dekkast av innskot på 50.000 kroner frå kvar som tingar ein plass. Dei vil få att 40.000 kroner hvis dei kvittar seg med plassen. I tillegg kjem ein knapp tusenlapp i året. Leiinga berømmer lokale firma for god hjelp med prosjektet. Arbeidet med utvidinga har gått føre seg på dugnad. Nokre dagar om sommaren er Uskedal Båtham full av båtar sjølv om det i fjor var nokre færre enn året før. Hamna hadde 800 gjestedøgn medan Øyro Marina attmed hadde like mange. Dei to hamnane kan frista med sanitærbygg med dusjar og toalett samt vaskerom med vaskemaskinar og tørketromlar. Dei som sit i styret etter årsmøtet for få vekar sidan er formann Erdal, kasserar Johan Sunde, sekretær Terje Rød, styremedlem Øystein Koløy og styremedlem Christian Stensletten. Birger Myklebust og Leon Gundersen har vore hamnesjefar til no. Nytt av året er at båtlaget har teke over dieselsalet frå Spar Uskedalen. Båtlaget saknar sårt ein serverings- og overnattingsstad. Laget har hatt tilbod om å kjøpa vertshuset, men kunne ikkje seia ja til det siste pristilbodet, som var 1,6 millionar.

USKEDALSPOSTEN Side 19 Turnarar frå 2 til 83 Av Ola Matti Mathisen Hilde Bringedal har ansvaret for dei aller yngste (frå to til fem år). Her har ho med seg Harald Lekva Myklebust, Niklas Lakselv, Emilie Bringedal, Tørres Lekva Myklebust, Anne Sofia Fonn, Joachim Myklebust, Andrea Hjelmeland, Ronya Lakselv, Camilla Ripel, Markus Nilsen Mathiesen, Silje Soldal og Stine Soldal. Uskedøler frå to til 83 år er med i turngruppa og dei siste månadane har vi registrert stor auke i aktiviteten, fortel den nyvalde leiaren Hege Lekva til Kvinnheringen. Det har i den seinare tid vore bra frammmøte i alle dei fem gruppene innan turnlaget, medan årsmeldinga for fjoråret hadde som konklusjon at aktiviteten hadde vore liten ut frå årsplanen. - Aerobic og step har hatt bra oppmøte og barnetrimmen har samla meir enn 20, oppsummerar leiaren. - Det kjem også mange nye til laget og spør om å få vera med. Men her møter dei det velkjende problemet som vi har hatt lenge; vi har framleis for få trenarar, til aerobik og step. Hvis det er nokon som vil melde seg, har vi tilbod om kurs. Vi slit for mykje på nokre få trenarar og det er veteranar som no treng avlasting. Eg tenkjer ikkje minst på Astrid Haugland, som har runda 60 og som gjennom mange år har gjort ein utruleg innsats. I den seinare tid har ho teke seg av aerobic, men og ein del av step seier leiaren. Vi har heldigvis fått Anette Sundt som ny step trenar i haust. Turnlaget kjøpte i haust inn ein del step brett som folk som vil trena kan leiga. Ho har og ynskje om å få i gang eit tilbod for dei noko eldre jentene og ikkje minst for gutar. Dei som er for gamle for idrettsskulen og for unge for aerobik og step. Treningstida mellom 19 og 20 på onsdagar er ledig! Turnlaget i Uskedalen har framifrå tilhøve i det nye Aktivitetshuset, sjølv om akustikken kunne ha vore betre. Turngruppa har kjøpt mykje nytt utstyr til glede for alle gruppene. På grunn av den dårlige akustikken er det neste på ynskjelista mikrofon, også slike som ein kan hengja på trenarane for å høyra kva dei seier. Turngruppa i Uskedalen idrettslag har solide tradisjonar å sjå attende på. No er det 30 år sidan jazzgymastikkpartiet for damer kom i gang som den aller første aktiviteten. Heilt frå starten var Eva Haugland ei drivande kraft. Rekrutteringa var så god at gruppa i byrjinga på 1980-talet var oppe i 120 aktive og gjekk forbi fotballen i oppslutnad.

USKEDALSPOSTEN Side 20 Seniorane er det veteranen Gunvor Myklebust som tek seg av. Her står ho lengst til venstre og så fylgjer Else Naasen, Arnhild Myklebust, Else Pile, Hjørdis Nilsen, Edith Kjærland, Eva Myklebust, Målfrid Utne, Gudrun Eidsvik, Margit Johannessen, Ruth Myklebust og Tordis Slåke. I 1983 var dameturnarane på turnstemne første gongen. Uskedalsturnarane var i det heile mykje på farten til stemner både her og der og kvart år var det turnsportens dag på Heio. I 1985 vart det halde juleshow med 100 deltakarer, og 40 turnarar mellom tre og sju år dukka fram som smånissar! Seinare har det gått både opp og ned, men turnsporten har heile tida vore liv laga sjølv om tilboda er mange både i og utanfor heimane også i Uskedalen. Stepgjengen med Anette Sundt som leiar er samla på måndagar. Frå venstre står Astrid Haugland, Aslaug Lyse, Jofrid Eik, Randi Guddal Zimmer, Gunn Kristin Dagestad, Janne Hjønnevåg, Edle Lomheim, Kari Isdal, Åse Rabaudo, Linda Matre og Rannveig Huglen. Janne Yri har idrettsskule for dei frå seks år og oppover. Dei som møtte fram denne kvelden var Marte Dagestad, Karoline Isdal Amundsen, Elisabeth Rebaudo, Maren Bjørnebøle, Amalie Haugland, Marit Inga Traavik, Katrine Yri Røssland, Emil Bakke Berentsen, Hermund Lomheim Døssland, Stian Sebastian Enes Fjellsbø. Solveig Haugland, Tor Andre Haugland Røstbø, Veslemøy Haugland, Sondre Stensletten Myklebust, Martin Yri Røssland og Katrine Saghaug. Veteranen Astrid Haugland er leiar for aerobic-gruppa. Frå venstre står Aslaug Lyse, Astrid Haugland, Anna Justina Janiszewska, Gunvor Myklebust, Tordis Myklebust, Vivi Rimestad, Gunn Kristin Dagestad, Åse Rebaudo, Kari Isdal, Edith Haugland, Gøril S. Eik og Åse Myklebust.