KATALOG. selja forlag



Like dokumenter
Last ned Anders Askevold - Thor Warberg. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Anders Askevold Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Årboka for Sogn og Fjordane Last ned

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Last ned Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år. Last ned

Last ned Før byen kom - Gaute Losnegård. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Før byen kom Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Til deg som bur i fosterheim år

Last ned Tusen år i Sogn - Steinar Velle. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tusen år i Sogn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

DIS- Sogn og Fjordane

Last ned Jakt og fiske på Vestlandet - Atle Skjelde. Last ned

Last ned Skikompis; snøskred og trygg ferdsel - Christer Lundberg Nes. Last ned

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev for Rosa september 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Last ned Opptur Geirangerfjorden - Merete Løvoll Rønneberg. Last ned

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jon Fosse. For seint. Libretto


Juvet Landskapshotell

Erfaringar frå skrivekursa i Hordaland

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

6. trinn. Veke 24 Navn:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kva er økologisk matproduksjon?

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Last ned Vendepunktet - Einar Landmark. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Vendepunktet Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

«Ny Giv» med gjetarhund

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Informasjon til elevane

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Last ned Opptur: 267 fotturar i Sogn og Fjordane - Anne Rudsengen. Last ned

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

/

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

mmm...med SMAK på timeplanen

FANTASTISK FORTELJING

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Last ned Vestlandskunstnaren Mons Breidvik - Reidar Storaas. Last ned

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Klepp kommune Tu skule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Transkript:

2013 KATALOG selja forlag

Kjære lesar Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut 180 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorskog sakprosaprofil. Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst, og vi legg stor vekt på at bøkene skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming. Selja Forlag har tre tilsette på heiltid og kontor i Førde med eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 12-15 nye bøker kvart år. Vi håpar du finn bøker av interesse i katalogen vår, som inneheld både nye bøker frå 2013 og andre titlar som framleis er i sal. God lesnad! Beste helsing Torkjell Djupedal FORLEGGJAR selja forlag

NY BOK 2013 Jens Brekke og Ola Bremnes: Destillert tyleskap til å le av Er du på leit etter ei vitsebok har du feil bok i neven. Dette er ei samling rotekte folkelivsskildringar med humoren som drivkraft. Her er meir enn 100 destillerte vestlandsstubbar. Dei er skapte, utvikla og foredla på villaste Vestlandet, bratt, spinnande vilt og hakkande gale. Syn varsemd! ISBN: 9788282400718 128 s utgitt 2013 kr 268,- TIDLEGARE BOK I SAME SERIE: Jens Brekke: Dei seie so... om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt i mellom? ISBN: 9788282400268 112 s utgitt 2010 kr 268,- Om forfattarane: Jens Brekke (f. 1951) frå Vik i Sogn er kulturarbeidar, og har skrive eller medverka til mange bøker, mellom anna «Dei seie so om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen». Ola Bremnes (f. 1955), frå Kvæfjord i Troms er musikar og har gitt ut ei rekkje plater, mellom anna «I det blå» som kom ut i 2013. Bremnes er også forfattar og illustratør, mellom anna til dei fleste bøkene i bokserien «Illustrert tyleskap». 1

NY BOK 2013 Christer Lundberg Nes: Skikompis Snøskred og trygg ferdsel SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute. Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel. SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag. Boka er svært praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd. SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste. Boka er nominert av DNT til «Årets fjellbok 2013». Kunsten er å finne den tryggaste linja med den beste snøen! ISBN: 9788282400633-192 s utgitt 2013 kr 378,- Om forfattaren: 2 Christer Lundberg Nes (f.1970) frå Volda er tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Han er mellom anna godkjend tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide, og fekk Røde Kors sin fjellskikkpris 2013.

NY BOK 2013 Knut Langeland og Helge Sunde: Sjelebot 33 tur- og naturperler i Hordaland og Sogn og Fjordane SJELEBOT er ei turbok som kan fortelja deg kvar du bør dra. Men aller mest er det ei turbok som ønskjer å formidla at du må dra. At du ikkje må sitja stille i livet og la høvet gå frå deg. Det er ei turbok som spreier kunnskapen om det nære, som løfter fram Vestlandet og dei vestlandske kvalitetane, og som hjelper deg å finna fram til naturperlene i nabolaget. Dei som vi så lett gløymer og overser når verda blir lita og turmåla helst skal vera fjerne. SJELEBOT viser veg til desse plassane, til desse turane. Somme kjende, somme ukjende og bortgøymde. Med sin særeigne forteljarstil maler Knut Langeland bilete og formidlar stemningar. Saman med naturfotografen Helge Sunde viser han kor snublande nær oss det eksotiske kan liggja. Boka inneheld 33 turar, fordelt året rundt, til fots, på ski eller med kajakk. Dei fleste turane er frå fjellheimen bergensarane likar: Stølsheimen, Vossefjella, Kvamfjella, Bergsdalsfjella og Byfjellene, men vi blir også med til Skåla i Nordfjord i nord og til Folgefonna i Hardanger i sør. ISBN: 9788282400725 192 s utgitt 2013 kr 398,- Om forfattarane: Knut Langeland (f. 1958) har vore journalist sidan 1985, sidan 1987 i Bergens Tidende, med sport og friluftsliv som spesialfelt. Han har skrive fleire bøker om fjell og friluftsliv, seinast OPPTUR Bergen (Selja Forlag 2012). Helge Sunde (f. 1951) har vore fotograf i Dagbladet og Bergens Tidende. Han har teke bilete til ei lang rekke bøker særleg om natur, samferdsle og lokalhistorie. 3

NY BOK 2013 Thor Warberg: Anders Askevold Vestlandsmålaren Anders Askevold (1834 1900) er eit velkjent namn i norsk kunsthistorie. Han voks opp i Askvoll i Sunnfjord, kom til Bergen som 13-åring og til Düsseldorf som 21-åring, der han var elev av H.F. Gude. Seinare budde han i Paris, Bergen og Düsseldorf. Han var den fyrste store kunstnar frå Sogn og Fjordane, og den fyrste som reiste ut. Askevold henta alle motiva sine frå Vestlandet og tok med seg gjetarane, husdyra, naturen og det vestlandske kulturlandskapet inn i kunsten som ingen annan har gjort. Fjordlandskap og kyr var Askevolds spesialitetar. Denne boka inneheld ei verkliste på over 950 måleri, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og over 70 foto og andre illustrasjonar. Boka er den første samla framstillinga av Anders Askevold og livsverket hans. Bilettekstar og samandrag også på engelsk. ISBN: 9788282400688 168 s utgitt 2013 kr 348,- 4 Om forfattaren: Thor Warberg (f. 1952) er forfattar og bonde frå Ål. Han har skrive gards- og slektssoge for heimbygda, og «Bergslien-målarane», 2008.

KUNST Reidar Storaas: Vestlandskunstnaren Mons Breidvik Den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881 1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd. ISBN: 9788282400404 144 s utgitt 2011 kr 298,- Oddmund Hus: Hardanger i kunsten 66 kunstnarar gjennom to hundre år Om alle dei store kunstnarane som har vore i Hardanger, både J.C. Dahl, Adolph Tiedmand, Hans Gude, Eilif Peterssen, Amaldus Nielsen, Frits Thaulow, Gerhard Munthe, Anders Askevold, ja, Henrik Ibsen er også med, han var på målarferder i Hardanger kring 1860. ISBN: 9788282400121 208 s utgitt 2009 kr 348,- Thor Warberg: Bergslien-målarane Folkeliv i fargar Knud Bergslien (1827-1908) og nevøen Nils Bergslien (1853-1928) var to av dei mest fargerike vestlandsmålarane sist på 1800-talet. Boka er rikt illustrert med over 110 kunstverk og vel 20 foto. Norsk og engelsk tekst ISBN: 9788291722894 144 s utgitt 2008 kr 298,- Kåre Ragnar Lien: Sabben Kunstbok av Kåre Ragnar Lien ISBN: 9788291722986 96 s utgitt 2008 kr 100,- 5

OPPTUR OPPTUR-serien består av 6 bøker som har fyldige turomtalar og alle ruter teikna inn på flyfoto av til saman 1000 turar i det flottaste landskapet Noreg har å by på. Anne Rudsengen og Finn Loftesnes: OPPTUR Sogn og Fjordane 267 fotturar OPPTUR Sogn og Fjordane viser deg det makelause turfylket Sogn og Fjordane på ein ny måte, har turar frå alle 26 kommunane. ISBN: 9788291722474 648 s utgitt 2005 (6. opplag 2013) kr 448,- Finn Loftesnes og Tom Dybwad: OPPTUR Nærøyfjorden 88 turar kring verdsarvfjordane OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til Voss i sør, og er delt inn i 4 kapittel: 1. Undredalshalvøya, 2. Nærøydalen Fresvikbreen, 3. Aust for Aurlandsfjorden, 4. Flåmsdalen Aurlandsdalen ISBN: 9788282400411 272 s utgitt 2011 kr 398,- Merete L. Rønneberg og Finn Loftesnes: OPPTUR Geirangerfjorden 93 fotturar kring verdsarvfjordar OPPTUR Geirangerfjorden tek deg med på 93 fotturar kring dei tre verdsarvfjordane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, og dekker såleis store delar av dei makelause turområda på indre Sunnmøre. Boka er delt inn i fem kapittel: 1. Stranda Sunnylven, 2. Geiranger, 3. Eidsdal Norddal, 4. Tafjord Fjørå Valldal, 5. Liabygda Stordal. ISBN: 9788282400039 (no/eng) 360 s utgitt 2009 kr 398,- 6

OPPTUR Knut Langeland og Finn Loftesnes: OPPTUR Bergen 151 fotturar i 10 kommunar OPPTUR Bergen viser deg alt det beste av turopplevingar du kan få i og rundt hovudstaden på Vestlandet, og er delt inn i 10 kapittel: 1. Bergen, 2. Bergen Vest, 3. Sotra og Øygarden, 4. Askøy, 5. Åsane, 6. Nordhordland, 7. Osterøy, 8. Arna, 9. Fana, 10. Os ISBN: 9788282400565 368 s utgitt 2012 kr 398,- Anne Rudsengen og Finn Loftesnes: OPPTUR Hordaland 276 fotturar OPPTUR Hordaland tek deg med på 276 fotturar frå Hardangervidda i søraust til Fedje i nordvest, og har turar frå alle dei 33 kommunane. ISBN: 9788291722757 672 s utgitt 2007 (4. opplag 2011) kr 448,- Finn Loftesnes: OPPTUR Jotunheimen 125 fotturar OPPTUR Jotunheimen tek deg med på ei unik reise gjennom 125 turar kring om i heile Jotunheimen. Dei dekkjer område frå Vangsmjøse i sør, Sognefjellet i vest, Vågåvatnet i nord til Valdresflya i aust, og er delt inn i 7 kapittel: 1. Hurrungane, 2. Sognefjellet, 3. Leirvassbu Galdhøpiggen, 4. Lom Sjodalen, 5. Gjende, 6. Bygdin Vangsmjøse, 7. Tyin Utladalen ISBN: 9788282400060 (no) 304 s - utgitt 2009 (2. opplag 2011) ISBN: 9788282400091 (eng) 304 s utgitt 2009 kr 398,- 7

NY BOK 2013 Kjell Askeland: Folk før II Tjuefem historier frå Nordfjord «Hadde eg berre snakka meir med han far, han besten, spurt han meir. No er det for seint!» Slike hjartesukk har Kjell Askeland prøvd å kome i forkjøpet. Gjennom mange år har han sete seg ned og prata med eldre folk i Nordfjord, teke seg tid, lytta, kome tilbake fleire gonger. Tekstane her er ikkje kryssjekka historie. Det er augnevitne som fortel om det opplevde livet. Subjektivt, fylt med kjensler, fantasi, og draumar, og for den del, sløkte draumar. Fylt med deira tankar og vurderingar. I 2008 kom Folk før femti historier frå Nordfjord. I Folk før II møter vi tjuefem personar til, frå heile Nordfjord: Bremanger, Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy og Selje. Menneska vi møter er fødde i åra 1886-1933. Dei fleste lever, og tre av dei er over 100 år gamle. Ingeborg Holm på 108 år er når boka kjem ut mellom dei eldste menneska i landet. Folket mellom fjella i Nordfjord er fasinerande å lytte til. Når dei berre vert gamle nok. ISBN: 9788282400732 248 s utgitt 2013 kr 448,- TIdlegAre bok I same serie: Kjell Askeland: Folk før Femti historier frå Nordfjord Sterke og nære møte med slitarane som bygde landet. Her møter vi personar fødde i tidsrommet 1887-1937. ISBN: 9788291722948 192 s utgitt 2008 kr 368, Om forfattaren: Kjell Askeland (f. 1943) frå Askeland i Bremanger, pensjonert lærar og frilansjournalist. 8

Paul O. Tomasgard: Draumen om framtidslandet Utvandringa frå Hornindal til Amerika NYE BØKER 2013 I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda for å søkje lykka i Amerika. Dei slo seg ned i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane. Dei drog vestover til Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San Francisco. Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Boka inneheld korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, samt oversikt over alle dei som kom tilbake og overtok gardsbruk. Illustrert med om lag 300 bilete, kart og teikningar. ISBN: 9788282400664 208 s utgitt 2013 kr 378,- Om forfattaren: Paul O. Tomasgard (f. 1941) Hornindal, er utdanna lærar med norsk og historie som tilleggsfag ved NLHT og HiSF. Han er redaktør av Hornindal historielag sitt lokalhistoriske årsskrift frå 1985, har skrive ny utgåve av Ættebok for Hornindal (1989), jubileumsbøkene til L/L Hornindal Kraftlag (1999) og Hornindal idrettslag (2010). Sverre Stokke: Å kome til, og fare frå - kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda Stilla rår grunnen. Alle husa står her mest som før, men ingen menneske viser seg. Ingen tek i døra og vil ut. Berre éin lever att her, sommar som vinter, haust og vår «Å kome til, og fare frå» er ei reise i tid gjennom tekst og bilete. Det er eit møte med dei nære, personlege historiene frå den vesle bygda Hennøystranda i Ytre Nordfjord. Men mange av forteljingane er allmenne, og kan stå som representant for dei mange kystbygdene som ein gong var. Forteljingane byrjar på 1800-talet, då jord og hav var gull, og fram til notid. ISBN: 9788282400671 176 s utgitt 2013 kr 348,- Om forfattaren: Sverre Stokke (f.1949) er høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA-Høgskolen i Bergen. Han hadde separatutstillingar av kunstfoto, «Spor i metall» i 2011 og «Spor» i 2013. 9

NY BOK 2013 Therese Alvik: Familien Steinfeld Da byen gråt Denne boka handler om den lille jødiske familien Steinfeld fra Ålesund: Mor Lea, far Israel og barna Reidun og Morten. Israel var en dyktig forretningsmann som drev flere forretninger i Ålesund. Boka forteller om hverdagsgleder og livet før krigen, om angsten og uroen som fulgte med den tyske okkupasjonen, arrestasjonene, og til slutt døden i tysk fangenskap i Auschwitz i 1943. Therese Alvik har gjennom samtaler og søk i utallige arkiv og bøker funnet mye nytt stoff om hva som skjedde med familien Steinfeld og andre jøder som hadde tilknyting til Sunnmøre både før og under krigen. Bestemor til forfatteren var i tjeneste hos familien Steinfeld. «Min bestemors opplevelser som ung, resulterer nå i en bok med svar på mange av hennes spørsmål. Jeg skulle ønske at hun kunne tatt del i denne «reisen», skriver Therese Alvik. Boka er rikt illustrert. Mange av fotografiene har ikke blitt publisert tidligere. ISBN: 9788282400749 192 s utgitt 2013 kr 348,- 10 Om forfattaren Therese Alvik (f. 1969) fra Ålesund er utdannet lektor og underviser i norsk som andrespråk. Dette er den første boka hennes.

NYE BØKER 2013 Audun Systad (red): Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år Lys over fjord Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte, åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre. Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden. Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand. Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle og nye foto og andre illustrasjonar. ISBN: 9788282400701 272 s utgitt 2013 kr 398,- Terje Skaug (red.) Lesja prestegard Prestegarden gjennom 200 år Denne boka forteller både historien om Lesja prestegard og om prestegarden i dag. Boka inngår i en serie på fem bøker om historisk viktige prestegarder som Opplysningsvesenets fond har ansvar for. ISBN: 9788282400657 56 s utgitt 2013 kr 200,- Terje Skaug (red.) Nesset prestegard Prestegarden gjennom 200 år ISBN: 9788282400756 56 s utgitt 2013 kr 200,- Andre bøker i serien i 2014: Meldal prestegard, Verdal prestegard, Selje prestegard. 11

ÅRBOKA Torbjørn Rørvik (red): Årboka for Sogn og Fjordane 2012 Årboka for Sogn og Fjordane 2012 er ei jubileumsutgåve. Dette er den 20. utgåva i serien som presenterer stort og smått, som har gått føre seg i Sogn og Fjordane. Utgangspunktet for boka er ein stad oppunder 50 000 avissider, som vi har saumfare på jakt etter dei store nyhenda, varme småsaker og det gode fotografiet. Vansken er ikkje i å finne, men å avgrense. Årboka 2012 tek mellom anna pulsen på næringsliv, samferdsle, kultur, sport, vêr og uvêr. Boka går også inn i dramatiske hendingar som fekk store konsekvensar for einskildmenneske. Men vi er også med der hendingar skapar positivitet og glede med tanke på åra som kjem. Boka har også ein omfattande statistikkdel: folketal, politikk, drikkevanar, tippevanar, reisevanar og kva bilar vi kjøper. Og ikkje minst vêret. Alle snakkar om det, men her kan du få kunnskap om korleis vêret verkeleg var i fylket i 2012. Også i år inneheld boka eit register over namna på nærare 1 000 personar som er omtalte i denne utgåva. ISBN: 9788282400640 270 s utgitt 2013 kr 468,- Om forfattaren: Torbjørn Rørvik (f. 1959) bur på Kaupanger og har tidlegare vore journalist og redaktør. 12 TIDLEGARE ÅRBøKER: Årboka for Sogn og Fjordane har komme ut kvart år sidan 1993. Alle årgangar t.o.m. 2010 (minus 2006) kan kjøpast enkeltvis til kr 98,- pr stk eller samla for kr 990,-. Årboka for 2011 kostar kr 458,-. Dersom du ønskjer å abonnere på Årboka, så betaler du for 2012, og får 2011 med på kjøpet.

SOGN OG FJORDANE Ove Eide og Finn Egil Eide: Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv Eventyr frå Sogn og Fjordane 30 eventyr frå Sogn og Fjordane, nokre publisert for første gong. Vi møter Askeladden og prinsessa, reven og bjørnen, kjerringar og troll og sjølvsagt også sunnfjordingen og kongen. Alle rikt illustrert. ISBN: 9788282400572 128 s utgitt 2012 kr 198,- Ove Eide og Finn Egil Eide: Huldra, draugen og fanden sjølv Segner frå Sogn og Fjordane Dette er første gongen det blir gjeve ut ei samling segner der alle kommunane i fylket er representerte. Til saman 77 segner i alle sjangrar, frå ytst i Fjordane til inst i Sogn. Alle rikt illustrert. ISBN: 9788282400459 128 s utgitt 2011 kr 198,- Magne V. Kristiansen: Den gong ei reise var ei reise Ein hesteskyss over Strynefjellet i 1900 Om reisa den nyvalde stortingsrepresentanten Rasmus P. Sindre og kona Gyda hadde frå Stryn til Kristiania og Stortinget. Illustrert med teikningar. ISBN: 9788282400282 64 s utgitt 2010 kr 248,- 13

SOGN OG FJORDANE Stig Roger Eide og Inge Fænn: Skåla - fjellet og folket I 120 år har Skåla og Skålatårnet i Stryn vore eit eineståande turmål, og alle som har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke, 1848 moh, får med seg minne for livet. Praktbok. ISBN: 9788282400381 208 s utgitt 2011 kr 398,- Thomas Bickhardt og øystein Rakkenes Panorama Nordfjord Ei reise i praktfulle bilete og underfundige tekstar gjennom heile Nordfjord. Praktbok om sju kommunar: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn, Gloppen og Bremanger. ISBN: 9788282400138 216 s utgitt 2009 kr 398,- Jorunn Liv Kleiven: Gå sjøl Familieturar i Sunnfjord Omtale av 94 familieturar i heile Sunnfjord, både til fots, på sykkel, med ski og akebrett. Kommunar som er med: Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Askvoll, Fjaler og Gaular. ISBN: 9788282400114 216 s utgitt 2009 kr 98,- Gry Hammer og Thomas Bickhardt: Storm ved Stad Praktbok om stormen ved Stad. Om natur og folk, om livet ved kanten av storhavet. ISBN: 9788291722832 192 s utgitt 2007 kr 398,- 14

SOGN OG FJORDANE Gaute Losnegård: Historia om Flora Før byen kom. Bind 1 Tida fram til 1860 Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane, grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste tider og fram til byen kom. Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred. Utgitt i samarbeid med Flora kommune. Bind 2 kjem i 2016. ISBN: 9788282400589 496 s utgitt 2012 kr 498,- Kristin Ese: På god veg Veghistorie i Sogn og Fjordane Historia om alle vegane i fylket, frå dei eldste til dei nyaste, frå grendevegar til stamvegar. Om Dalsfjordbrua, Fatlaberget, Lærdalstunnelen, Rallarvegen, Naustdaltunnelen og Nordsjøportvegen. Veghistorie for kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. ISBN: 9788291722702 359 s utgitt 2007 kr 398,- Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Finn Borgen Førsund og Sigurd Vengen: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane Bind 2: Sogn Omtale av alle dei 54 kyrkjene i Sogn, frå Solund til Årdal. Om arkitektur, kunst og inventar. Katrine Sele og Oddleiv Apneseth: Herifrå Ei alternativ reise i det moderne Sogn og Fjordane. ISBN: 9788291722696 175 s utgitt 2006 kr 198,- ISBN: 9788291722146 304 s utgitt 2000 kr 248,- 15

MAT Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal: Fjordamat Vil du gjerne lage tradisjonsrike matrettar og bruke gode, lokale råvarer? Vil du helst lage maten frå grunnen av, og vite kva han er laga av? Og vil du at matarven skal gå vidare til nye generasjonar? Fjordamat er standardboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet, og bestseljar heilt frå første utgåva i 1999. Over 340 oppskrifter krydra med over 270 appetittvekkande bilete. ISBN: 9788291722917 264 s utgitt 2008 (2. opplag 2012) kr 398,- 16 Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal og Heidi Brunstad-øyehaug: Ta kaka Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. Ta kaka er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. Boka inneheld 200 oppskrifter frå heile Vestlandet, frå Egersund til Kristiansund. Rikt illustrert. ISBN: 9788291722566 223 s utgitt 2005 (4. opplag 2013) kr 368,-

MAT Per Momrak og øystein Vegge: Mat i det fri Boka for deg som er glad i naturen og alt den har å by på. Den viser hvordan du kan lage de beste middagsretter, herlige konfekter og godluktende bakevarer uten gass eller elektrisk grill. Inneholder 80 oppskrifter på enkle og lekre matretter, alle med lett tilgjengelige råvarer. ISBN: 9788282400206 143 s utgitt 2010 (2. opplag 2011) kr 248,- Reidunn Otterdal, Anne Britt Sårheim, Ann-Iren Ulvedal: Klare sjøl Kokkar små med kopp og skei. Includes english glossary Barnekokeboka som er like populær no som då ho kom ut første gongen i 2002. Passar for barn i alderen 3-12 år. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla er oppgitt i kopp og skei. ISBN: 9788282400176 122 s utgitt 2002 (6. opplag 2012) kr 248,- 17

BARN Per Sivle: Berre ein hund «Berre ein hund» er ein av Per Sivle sine beste og mest kjende tekstar. Historia vart først trykt i «Sogor», 1887, og er ei gripande forteljing om venskapen mellom guten Per og hunden Hall. Forteljinga kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskriven av Jens Brekke. Brekke har også skrive barneforteljinga «Han Per», som følgjer Sivle frå barndommen i Aurland og på Vossestrand og fram til vaksen alder. Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lengre inn i den norske folkesjela enn Sivle har gjort med «Den fyrste song». Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo. ISBN: 9788291722412 56 s utgitt 2004 (2. opplag 2013) kr 198,- Kurt Rutledal: Alfred Bamse på sjukehus Det starta med ei flis i poten og enda med eit langt og lærerikt sjukehusopphald. Bli med når bamsen Alfred forskar på korleis eit sjukehus fungerer. ISBN: 9788282400435 144 s utgitt 2011 kr 198,- Kurt Rutledal: Alfred offshore Kva vil det eigentleg seie å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Bli med Alfred Bamse og oppdag den spennande verda der ute. ISBN: 9788282400251 120 s - utgitt 2010 (2. opplag 2012) kr 248,- 18

Ottar Løvoll: Stikkvegar Inneheld 67 dikt. Dei fleste av dei med mennesket i sentrum, men det er mange stikkvegar ut til handlingsrommet der dikt blir til i «samspelet» mellom menneske, natur og religion. ISBN: 9788282400695 78 s utgitt 2013 kr 200,- SKJØNNLITTERATUR Om forfattaren: Ottar Løvoll (f. 1941) er fødd og oppvaksen på garden Løvoll i Eidsdal på Sunnmøre. I sitt vaksne liv har han budd i Ørsta, der han har vore lærar ved den vidaregåande skulen. Dette er den andre diktsamlinga hans. Henrik Skorven: Nynorsk lyrikk 25 diktarar - 220 dikt Boka inneheld høgdepunkt frå den nynorske diktinga gjennom over hundre år. Dikt og korte biografiar om dei største nynorske diktarane frå Ivar Aasen til Olav H. Hauge. ISBN: 9788282400107 344 s utgitt 2009 kr 298,- Hans Sande: I dag såg eg to spadar Skjønnlitterær kunstbok. Dikt og fotografi av skulpturar i tre og jarn. Hans Sande har lagt alle talenta sine saman og skapt ei kunstbok utanom det vanlege. Inspirert av Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga, har Sande gitt nytt liv til gamle og rustne slitarar av alle slag. ISBN: 9788282400534 112 s utgitt 2012 kr 198,- 19

SKJØNNLITTERATUR Bjarte Sindre: Odins smykke 1 4 kr 98,- pr stk Spennande romanserie frå vikingtida om Asgeir Åsason som er utan slekt og freistar finne ut kven faren er. Asgeir Åsason Asgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord. Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere «kvinnfolkarbeid». Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd, fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne. ISBN: 9788282400305 223 s utgitt 2010 Berserken Året er 923. Skosveinen Asgeir Åsason får vere med kong Eirik Blodøks på ferda til Bjarmeland for å utvide kongemakta si nordover. Lite veit dei om at kong Halvdan Svarte i Nidaros hyrer berserken og kvinnerøvaren Steinar Grimsson til å ta livet av halvbroren Eirik Blodøks, som skal bli overkonge i landet. ISBN: 9788282400329 223 s utgitt 2011 Trollbøn Skosveinen Asgeir Åsason er blitt ein viktig mann for kong Eirik Blodøks etter slaget mot berserken Steinar Grimsson på Eidet på Senja. Men seidmannen Sote Ramn kom seg unna slaget, og har stygge planar for kongen og mennene hans. Både handelsferda til Bjarmeland og heimferda sørover til Hålogaland byr på fare, svik og ære for Asgeir. ISBN: 9788282400343 223 s utgitt 2011 Møyfrid Det er mange som ønskjer livet av Asgeir Åsason, ein av kong Eirik Blodøks sine viktigaste menn.spesielt etter drapet på den fremste seidmannen i Norveg, Sote Ramn, ønskjer seidfolket hemn. Og det er gamlekjærasten til Sote, Bergljot, som får i oppdrag å drepe Asgeir og dei han held av. ISBN: 9788282400367 223 s utgitt 2011 20

SKJØNNLITTERATUR Johan Fjellby: På blå resept Ord til ettertanke av Johan Fjellby På blå resept er ei samling sorgmuntre visdomsord. Korte og presise sitat som gjer at du stoppar opp og ser på livet og kvardagen med nye auge og med nytt mot. Han Johan får deg også til å sjå det komiske i mykje av det som skjer rundt oss. ISBN: 9788291722573 64 s utgitt 2005 (3. opplag 2013) kr 79,- Rune Timberlid: Priseld Fleire av Nikolai Astrups mest kjende måleri blir rana under dramatiske omstende under transport til Astruptunet i Jølster. Politimannen Rolf Randen leiar jakta på dei verdfulle kunstverka, og det fører han inn i ei komplisert sak der drap, lyssky barnepornografi og illegal handel med kunst blir ein del av kvardagen... ISBN: 9788291722375 253 s utgitt 2004 kr 98,- Jon Tolaas: Dønningar Diktsamlinga var Jon Tolaas (1939-2012) si tolvte og siste skjønnlitterære bok sidan debuten i 1967. ISBN: 9788282400022 71 s utgitt 2009 kr 98,- Johan Fjellby: Han Johan Både djupsindige og lettsindige ord til ettertanke. ISBN: 9788291722740 63 s utgitt 2007 kr 79,- 21

SUNNMØRE Turid Karlsbakk: Gripen av Grønland I spora til far 63 år etter Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten Hird frå land i Ålesund med seks fangstmenn om bord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland og få oppfylt draumane sine om rikdom. Ein av desse var Jonas Karlsbakk, far til Turid, som 63 år seinare er med eventyraren Ragnar Thorseth til Grønland i spora etter dei gamle fangstmennene. ISBN: 9788282400558 104 s utgitt 2012 kr 298,- Jon Tvinnereim og Jørgen Amdam: Eiksundsambandet Visjonen som vart verkeleg Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda. Boka fortel om den seige kampen for å få gjennomført prosjektet og om den suksessen det har blitt. ISBN: 9788282400602 272 s utgitt 2012 kr 398,- Einar Landmark: Vendepunktet Henrik Ibsen på Sunnmøre 1962 Sommaren 1862 reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre, for å samle segner og lokalhistorisk stoff. Her fann han også tema og rollemodellar som han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. Sjølv ivrige lesarar av Ibsenbiografiar vil finne nye opplysningar om Ibsen i denne boka. ISBN: 9788282400541 256 s utgitt 2012 kr 348,- 22

BIOGRAFI Bjarte Sindre: Flypioneren Thor Solberg Thor Solberg (1893-1967) frå Florø er ein av dei store i norsk luftfartshistorie, og var den første flygaren som klarte å fly frå USA til Noreg. Solberg sitt livsverk var knytt til luftfarten, og han innførte mellom anna Cessna til Skandinavia. Dette er første biografien om han. ISBN: 9788282400596 160 s utgitt 2012 kr 328,- Greta Hekneby: Nikka Vonen Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne Biografi om Nikka Vonen (1836 1933), den vidgjetne og viktige kulturpersonen frå Fjaler, som dreiv ein av dei fremste privatskulane i landet. ISBN: 9788282400237 288 s utgitt 2010 kr 98,- Egil Russøy: Møtet med Hans Nielsen Hauge Historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal Anna og Bertel fekk liva sine endra i møtet med lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, og historia deira viser også korleis haugianarane utvikla seg frå å vere ei forfølgd gruppe til å bli viktige aktørar i samfunnsutviklinga i Noreg på 1800-talet. ISBN: 9788282400619 160 s utgitt 2012 kr 328,- 23

HISTORIE Yngve Nedrebø (red): Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005 Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve. ISBN: 9788291722542 160 s utgitt 2005 kr 98,- Terje Eggum: På trykk Avisene i Sogn og Fjordane 1874 2009 Om avisfylket Sogn og Fjordane gjennom 135 år. Det er ei spennande soge som famnar 16 utgjevarstader, meir enn 50 aviser, innpå 200 redaktørar og dei fleste sidene ved partipolitikken. Lorentz M. Irgens, Yngve Nedrebø, Sigurd Sandmo og Arne Skivenes: Lepra I 1873 fann bergensaren Gerhard Henrik Armauer Hansen leprabasillen og kunne ved hjelp av denne oppdaginga forklare spreiinga av sjukdomen. Tallet på nye tilfelle vart fort redusert, og sjukdomen var under kontroll! Det er dette denne boka handlar om. ISBN: 9788291722610 (norsk) 96 s utgitt 2006 ISBN: 9788291722627 (engelsk) 96 s utgitt 2006 kr 98, Draum og tullskap Festskrift til Rasmus Løland 150 år 24 ISBN: 9788282400046 265 s utgitt 2009 kr 98,- Rasmus Løland (1861-1907) var den første nynorske barnebokforfattaren. Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen. ISBN: 9788282400350 115 s utgitt 2011 kr 248,-