Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no



Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Sandeid skule SFO Årsplan

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månedsbrev for Nordlys. oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Plassebakken Barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsplan for Hare November

Plassebakken Barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Velkomen til Mork barnehage

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Månedsbrev april 2015

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Til deg som bur i fosterheim år

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

INFORMASJON om førestellinga:

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velkommen til nytt barnehageår!

Plassebakken Barnehage BA

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Bjørnehiet SFO - informasjon

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

MÅNEDSPLAN OKTOBER 2018

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no

HEI ALLE SAMAN! Ønskjer alle gamle og nye barn og deira føresette hjarteleg velkommen til eit nytt barnehageår. Vi håpar at vi får eit fint år i lag, og at vi har gode og opne dialogar med kvarandre. Dersom det er noko de lurer på eller vil forandre på, må de komme til oss vaksne og seie ifrå, - dei fleste ting kan vi gjere noko med. INFORMASJON/ KOMMUNIKASJON MED BARNEHAGEN Barnehagen lagar ei avis kalla Studenttbarnavisa, den vil bli trykt opp til alle foreldre, -men nytt av året vil vi og legge den inn på våre nettsider sisof.no - barnehage. I avisa vil du få informasjon frå styrar, frå foreldrerådsutvalet, samarbeidsutvalet, evaluering av arbeid på avdelingane, samt planar framover med detalj oversikt. Innhaldet vil variere frå periode til periode, avisa kjem ut 5 gonger i året. Det er styrar saman med avdelingsleiarane som har ansvar for avisa. Sogndal studentbarnehage er ein privat barnehage drifta av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Det er 44 plassar i barnehagen, disse blir i hovudsak nytta av student ungar og tilsette i SISOF/ Hsf. Barnehagen har samordna opptak saman med Sogndal kommune. Ved lediggang kan vi tilby plassar til kommunale ungar. Alle avdelingar har eigne tavler der foreldra kan sjå oppslag over, samt anna informasjon som vedkjem deira barn. OPNINGSTID Barnehagen opnar 7.30 og stenger 16.15. Kjernetida i barnehagen er frå kl. 9.30, dersom barnet tek fri eller om barnet er sjuk er det fint om de ringer om morgonen. Kor mange barn som er i barnehagen er ofte avgjerande for korleis vi legg opp dagen. Tlf.nr. står på framsida, barnehagen har ikkje sentral, så får de ikkje svar på eit nummer må de ringe ein av dei andre. FORELDREMØTE Det vart arrangert foreldremøte på måne 28/9 og på sol/ stjerne 29/9, kl. 16.30 18.00. Vi tilbyr banepass til dei av dykk som treng det, det vert sett oppslag på avdelingane som de skriv dykk på. Bli kjent middag I forbindelse med eit av prosjekta våre i år entreprenørskap i barnehagen, blir det bli kjent middag den 30/8 kl. 15.00-16.00 Vi inviterer foreldre og søsken og det er dei eldste i barnehagen som har ansvaret for denne middagen, heilt frå det er på planleggingsstadiet til middagen er over. Pris på middagen er kr. 40,- per pers FN - MARKERING MED BASAR I samband med FN dagen vil vi ha ei markering i barnehagen torsdag 27./10. Vi har basar der vi sel pølse m/brød og loddar ut gevinstar (gevinstane er gaver vi har fått av våre samarbeids partnarar, - og sjølvlaga gevinstar) Sjå etter plakat på døra når tida nærmar seg.

STUDENTAR Det kjem studentar i barnehagen i perioden vi nå går i møte. Bodil på Måne og Ingvildl på Stjerne skal ha 3F student med overtakingspraksis frå v. 39-43 Siri på Måne og Renate på Stjerne skal ha 1F student frå v. 44-48 PLANLEGGINGSDAGAR Det er planleggingsdag i barnehagen 10. oktober. Heile personale skal ha felles kursdag samen med kommunale tilsette. FOTOGRAFERING I BARNEHAGEN Det vil bli felles gruppefotografering i barnehagen, vi kjem tilbake til tidspunktet. Sjå etter oppslag i barnehagen. FORELDRESAMTALAR Det vil bli foreldresamtalar med alle nye barn i løp av hausten, dei andre får samtaler etter nyttår. Gi beskjed om de ønskjer samtale før denne tid. GENERELL INFORMASJON Gå inn på Sisof sine nettsider www.sisof.no, her ligg ein del generell informasjon. T.d. rammeplan, årsplan, smittevern, Studentbarnavisa, lus informasjon, vedtekter m.m. LÅN AV BARNEHAGEN Foreldre kan låne barnehagen gratis, kontakt styrar for å låne nøkkel. Den har vore brukt til alt frå bursdagsfeiring, barnedåp, konfirmasjon, eller til å berre vere der å leike ein ettermiddag/ helg. STYRAR PÅ KONTORET Dersom det er noko de vil snakke med meg om, kom inn på kontoret eller ring. Ingen saker er for store, ingen saker er for små. NB! Porten må alltid takas igjen både med kjettingen og låsen. La ikkje bilen stå på tomgang ved henting og bringing i barnehagen. Det er berre anledning å parkere bilane for av og påstigning, ingen langtidsparkering. Helsing Styrar

, Sol og Stjerne No er august månad forbi og kvardagen i barnehagen byrja å ta form. Me har i heile august jobba med tryggleik og tilvenning av nye barn og barn som har gått her før. På sol har dei nå fått full barnegruppe, medan vi på Stjerne ventar på Emilie som startar opp i september og Bernhard som kjem i oktober. Dei fleste barna begynnar no å bli trygge i barnehagen og personalet tykkjer at tilvenningsperioden i år har gått fint. Å starte opp i barnehagen er nytt for både barn og foreldre, og ved at vi alle kommuniserer godt i lag, samarbeider og utveksler idear og nødvendige opplysningar ligg alle forutsetninger til rette for at alle skal trives og finne seg godt til rette i barnehagen. Det me har lagt vekt på denne månaden er å prøve å fylgja dagsrytmen best mogeleg, slik at barna kan få tryggleik i at ting skjer til faste tider. Alle barna har fått sin stol og faste plass ved bordet, dette for å skape tryggleik hos barna. Me vil også no i september ha god tid til å leggja til rette for at alle skal bli trygge og kjende med dei ulike rutinesituasjonane i barnehagen, og me skal jobba med å finna gode rutinar som passar for alle. Har starta opp med fast sangstund før frukt ca 9.30. Me brukar enkle sangar med bevegelse som barna lett kan kjenna att og navnesangar. Kvar sang har sitt bilde, noko som hjelper barna til å kjenne att sangen vi skal synge. Viktig og gi merksemd til den enkelte, og skape tilhøyre og vi føling i barnegruppa. I august har me feira Alexander, Nasirdiin og Trygve. Hurra! SEPTEMBER OG OKTOBER: Sol og Stjerne LEIK Leken skal ha en framtredende plass i barnas liv i barnehagen. (Rammeplan s. 25) Ein viktig del i barnehagen er at barna skal kunne leika med andre barn under trygge forhold. Leiken er viktig for barna sin utvikling og læring. Gjennom leiken brukar barna kroppen sin, og får slik motorisk trening og kunnskap om korleis kroppen fungerar. Me har og fokus på det å dele, å hjelpa, å vise omsorg for kvarandre. Alle skal føle seg akseptert og like viktige i barnegruppa. Det er viktig i prosessen der barna skal utvikle seg til selvstendighet og trygghet på seg sjøl som individ. Me vil satse på å vera mykje ute i barnehagen og bruke nærmiljøet. Dette for å få vera ute i frisk luft, trene motorikken, og få positive opplevingar i høve til dette.

MEG SJØLV Nå i oppstarten i barnehagen er det viktig å fokusere på kvart enkelt barn, framheva barnet på ein positiv måte overfor dei andre i gruppa. Lære seg sjøl og dei andre å kjenne. Det er naturleg for alle barn å bruke kroppen for å bli bevisst seg sjøl. Difor har me valt å bruke ein del songar som me kan bevega oss etter, og sangar som går på kroppen. Me vil også ha formingsaktivitetar som går på dette temaet. I samanheng med temaet meg sjølv ynskjer vi å samle inn nokre bilder av familiemedlemmar, dyr osv. som er viktig for det enkelte barnet. Med desse bildene som vi ynskjer barna skal ta med, skal vi lage ei bok til den enkelte unge. Bevegelse sangar: God morgen alle sammen. Alle killebukkane... Hokus og pokus.. Oppe på fjellet... Lille petter edderkopp.. Lillegutt kan tromme... Med krøllet hale.. Hjulene på bussem.. Hode skulder kne og tå.. Så klappa me på.. For å kunne legge opp til aktiviteter som passar dei forskjellige alder og modningsnivå, vil me dele opp litt etter alder. Eksempel på dette kan vere at dei eldste barna er på tur, og dei yngste er inne. Eller dei elste er inne og har formingsopplegg, mens dei yngste er ute. HAUST Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle årstider og i all slags vær. (Rammeplan s.38) For små barn opplever vi det er nærliggande å bruke dei ulike årstidene som tema. Det er konkret og noe som i seg sjøl gir grunnlag for gode opplevingar og læring. Hausten står for tur, og me vil bruke denne tida til å sjå på endringane i naturen, og gi barna erfaring med denne årstiden. Me vil ta med oss dei eldste ut i naturen.( stien mot Trudvang, Rutlin og elvebakken) sjå på det me finn event. ta det med i barnehagen og bruke det til formingsmateriell, lage haustbilde. Me brukar haustfargar og syng haustsangar. Haust sangar: Epler og pærer.. Blada faller ned.. Hausten kommer.. Epler pærer plommer.. Håper alle føler seg velkommen i barnehagen og at de spør om ting er uklart eller det er noko dikka lurer på. Flott om de tek med nokre bilder av personar event. dyr som står barnet nær. Helsing personalet på Sol og Stjerne

SEPTEMBER 2011 Mand. 5. Ped.leiar møte 10-11 Måne 13.15-14.15 Tysd. 6. Stjerne Onsd.7 gruppe fra sol og stjerne Torsd. 8 Sol Fred. 9 Skinke, pasta, saus Feire Emil 1 år! Mand. 12 Tema : Meg sjølv Tysd. 13 Velkommen til Emilie som starter opp på Stjerne! Onsd. 14 gruppe fra sol og stjerne Torsd. 15 Praksisdag for 1F studenter Fred. 16 Pølse med potestappe Mand. 19 Tysd. 20 Onsd. 21 Torsd. 22 Fred. 23 Ped.leiar møte 10-11 Måne 13.15-14.15 Stjerne Praksisdag for 2 F studenter Sol Fiskekarbonader Theo 1 år! Feire Leon 2 år! Mand. 26 Bernhard 1 år! Tysd. 27 Stjerne Onsd. 28 gruppe fra sol og stjerne Torsd.29 Sol Fred. 30 Graut 3 F STUDENT PÅ STJERNE FRAM TIL 25 OKTOBER Foreldremøte Måne Foreldremøte Sol/Stjerne (kjem innkalling) PS: Dette er grovskisser, sjekk for eventuelle endringar.

OKTOBER 2011 Mand. 3 Tema: Haust Ped.leiar møte 10-11 Måne.15 Tysd. 4. Stjerne 13.15-14 Onsd.5. gruppe fra sol og stjerne Torsd. 6 Avd. møte Sol Fred. 7. Kjøtdeig, pasta og spagetti saus Grupper Mand. 10 Tysd. 11 Onsd. 12 Torsd. 13 Fred. 14 Barnehagen stengt. Planleggingsdag for personalet Stjerne 13.15-14 Grupper gruppe fra sol og stjerne Lapskaus Avd. møte Sol Mand 17 Tysd. 18 Onsd. 19 Torsd. 20 Fred. 21 Ped.leiar møte 10-11 Måne.15 Stjerne 13.15-14 gruppe fra sol og stjerne Avd. møte Sol Fiskekarbonader med pomes frites Grupper Mand. 24. Tysd. 25 Onsd. 26 Torsd. 27 Fred. 28 Sevilla Valentin 2 år. Stjerne 13.15-14 Grupper Fn- Basar 14.30-16.15 (sjå oppslag på døra når tida nærmer seg) Graut

Måne AUGUST So er me i gang att med eit nytt barnehageår. I år er me 20 barn på Måne; fire 5 åringar, sju 4 åringar, fire 3 åringar og fem 2 åringar. Dette er ein passeleg stor gjeng, med blanding av fire aldersgrupper. I tilvenningsfasen skal me bli kjende med kvarandre, og kvarandre sine rutinar og grenser. Me har difor ved fleire høve delt oss i grupper etter både alder, modning og leikekameratar. Barnegruppa har so langt funne seg godt til rette, og dei fleste leikar på tvers av både kjønn og alder. Ellers har me allereie rukke og feira tre bursdagar; Nikolay 4 år, Emilie 3 år og Jonas 5 år. Desse har me feira både med ballongar, vafler, smoothie, lys, song og rakettar, til stor stas både for store og små. Sidan august er ein tilvenningsmånad, er det få aktivitetar som står på planen. Turar er ein av aktivitetane som står på vent, men me er spontane og ser an dagsformen. I små grupper har me likevel komme oss på tur, blant anna var 4 åringane på museet. Kafègjengen er godt i gang, og inneheld i år 4 barn. Dei har allereie vore på blåbærplukking, og har laga syltetøy. Dei har førebudd middag for dykk foreldre ved å lage handleliste, gå i butikken, lage invitasjon, hauste poteter, pynte bord og lage middag. Godt jobba Og forresten, tusen takk for flott oppmøte på bli-kjent-middagen! Når det kjem mange og me ser at nye relasjonar vert til, då er det kjekt å drive kafè

SEPTEMBER OG OKTOBER: Måne Vi er enno i ein bli kjent fase der vi lærer barna å kjenne, og dei lærer kvarandre, personalet og avdelinga sin dagsrytme å kjenne. Tryggleik er noko som er i fokus og som legg grunnsteinane til arbeidet framover. Og det er viktig å leggja til rette for god leik: Å få delta i leik og få venner er grunnlaget for barns trivsel og for å få ein meiningsfull kvardag i barnehagen. I samhandling med kvarandre legg ein grunnlaget for læring og sosial kompetanse. (Årsplanen s. 5) I gangen vil det kvar veke henge ein slik at de kan følgje med litt på kva som skal skje frå dag til dag (endringar på planar kan skje undervegs). Kvar fredag vil vi henge opp ein fotoreportasje der vi viser litt av det vi har gjort den siste veka. Hausten er på veg til å ta oss med storm og vi vil difor nytte dei frukter den haustar oss både til sansing og smaking Blant anna skal vi lage eplesyltetøy som vi loddar ut på FN-basaren. (Blåbærsyltetøyet vi laga i aug. blir og lodda ut.) Fargane i naturen forandrar seg, vi snakkar om fargar, tek med oss ting frå naturen heim til bhg. og lagar haustbilde. Fokus på fagområde Natur, miljø og teknikk. Gi barna kunnskap om planter og dyr, matproduksjon og årstider og vær. Turar: Vi går på turar i nærmiljøet; stien bort til Trudvang, leikeområde på Rutlin, fjærekanten v/ Hagelin. Etter kvart blir det tur til storhallen i mindre grupper, 4- og 5-åringane skal også få vera med på klatring. I veke 38 har vi brannvern veke, der vi mellom anna skal ha brannøving og vi håpar sjølvsagt at brannstasjonen vil ta imot eit besøk frå oss i år og. Grupper: I år har vi fem 2-åringar på avdelinga. Frå midten av sept. og ut okt. skal dei ein gang i veka vera saman med dei eldste på Sol og Stjerne. Tema for gruppa vert fysikk aktivitet og utfordringar. Elles vil vi dele gruppa ofte i to for å kunne legge opp samling og aktivitetar etter alder. Og bruke både avdelingen, grupperom og uteområde for i gi god plass til alle. Dei to hovudgruppene har vi kalla Jorda og Jupiter. (Sjå oppslag i gangen.) Entreprenørskap/ FN-basar: Arbeidet med entreprenørskap er godt i gang og vil fortsette framover med dei eldste borna, neste prosjekt blir den årlege FN basaren vår i oktober. Vi får materialer frå FORUT. Meir info. om dette når det nærmar seg. Melding heim: Det hadde vore fint om barna kan komme til 9.30 då samling byrjar. Dette fordi det kan skape ein del uro gjennom samling dersom det blir mykje avbryting. Vi har forståing for at det av og til skjer at ein ønskjer å komme litt seinare, men det er fint om de då ringer og gjev oss beskjed. Gje og beskjed dersom barnet tek fri eller er sjuk ein dag. Vi er no komen til hausten og temperaturen synker, minner difor på varme og gode ytterklede og skifteklede då vi kan ha mange våte dagar i vente. Når det er vått og skittent ute, er det fint om de kan vaske eller spyle regntøy/dresser ved behov. Det er ikkje noko kjekt for borna (eller personalet) å kle på når det er veldig skittent Det vil bli gjennomført foreldresamtaler for nye barn i oktober. Direkte tlf. nr på Måne: 576 73501 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt Helsing personalet på Måne

Mand 5.9 Tirsd 6.9 Onsd 7.9 Torsd 8.9 Fred 9.9 Avd møte.15 Mand 12.9 Ei gruppe på tur. Tirsd 13.9 Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg. Onsd 14.9 Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg Torsd 15.9 Tomatsuppe Fred 16.9 Mand 19.9 Formingsaktivitet Tirsd 20.9 Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg. Onsd 21.9 Ei gruppe på klatring Torsd 22.9 Sjå Fred 23.9 Avd møte.15 Ei gruppe på tur. Lytte til brannalarmen Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg. Lytte til brannalarmen Ei gruppe på klatring Brannøving Sjå Mand 26.9 Tirsd 27.9 Onsd 28.9 Tors 29.9 Fred 30.9 Vi feirar Adam, 5 år, hurra! Formingsaktivitet Føreldremøte kl 16.30-18.00 Ei gruppe på klatring Sjå Avd møte.15 Det kan skje forandringar på planane so følg med på i gangen, for meir nøyaktig info.

Mand 3.10 Tirsd 4.10 Onsd 5.10 Torsd 6.10 Fred 7.10 Ei grupppe på tur Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg Barnas dag på kulturhuset Vi feirar Amulya som blir 4 år og Sander som blir 3 år 8/10. Hurra!! Mand 10.10 Tirsd 11.10 Onsd 12.10 Torsd 13.10 Sjå Fred 14,10 PLANLEGGINGSDAG Barnehagen stengt EPLEVEKE Lage eplesyltetøy Vi gå til Trudvang skule og boltrar oss på leikeplassen i haustferien. Formingsaktivitet Epletrykk Sjå Mand 17.10 Tirsd 18,10 Onsd 19.10 Torsd 20.10 Fred 21.10 Avd møte.15 Mand 24.10 Vi feirar Aurora som blir 5 år i dag. Hurra! Formingsaktivitet Tirsd 25.10 Kafegjengen/ entreprenørskapsgruppa planlegg til FN-basaren Dele i grupper, ulike aktivitetar i bhg Onsd 26.10 Kafegjengen/ entreprenørskapsgruppa planlegg til FN-basaren Ei gruppe på klatring Torsd 27.10 FN- Basar (sjå eige oppslag på døra når det nærmar seg) Vi feirar Elvira som blir 4 år i dag. Hurra!! Sjå Fred k 28.10 l Sjå kl 13.15-14.15 Det kan bli forandringar på planar, so følg med på en for meir nøyaktig info.