Kyrkjeposten. Sprudlande 4-åringar



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen som konfirmant!

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Strategidokument

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Månadsbrev for Rosa september 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen som konfirmant

Velkomen til soknerådskurs

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Brødsbrytelsen - Nattverden

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Møteprotokoll for møte i

Psykologisk førstehjelp i skulen

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

6. trinn. Veke 24 Navn:

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

5. Soknerådsmøte mai Referat

Jon Fosse. For seint. Libretto

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sandeid skule SFO Årsplan

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).


Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Plan for undervisning

/

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD


SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Informasjon til elevane

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Transkript:

Kyrkjeposten Årgang 8 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Nummer 1 januar 2009 «Kyrkjeboka» til: Sprudlande 4-åringar Ein stor flokk med spente 4-åringar var midtpunktet i gudstenesta i Gjerde kyrkje 23. november. Då var nemleg dagen komen for utdeling av kyrkjeboka. Dei kom slett ikkje åleine; foreldre, søsken, besteforeldre, onklar og tanter, fadrar og andre bygdefolk fylte kyrkja. Litt høgtideleg skal det vera, og kyrkjelyden reiste seg då borna saman med sokneprest Jens Olav Mæland og hans medhjelparar kom inn i prosesjon. Fire-åringane hadde vore innom kyrkja om fredagkvelden for å gjera seg kjend. Der fortalde kyrkjelydsarbeidar Astrid Askeland Johnsen litt om kva som skulle skje på søndagen, og ho viste dei boka dei skulle få. Dei øvde også på eit par songar som borna skulle få vera med å syngja under gudstenesta. No var stunda komen, og boka skulle delast ut. Nokre sprang fram, andre drog ei mor eller far med seg. Det er litt skummelt å gå fram heilt åleine, når så mange sit 4-åringane tok høfleg imot «Kyrkjeboka» og sette straks i gang med intense studier. Foto H. Straumstein. og ser på. Nokre takka med høgrehanda, andre med venstre, andre igjen var raske og greip boka og sprang vidare opp mot alterringen der alle skulle samlast. Ein del born bretta ut boka på golvet med det same, andre stod meir andektige. Ein fin gjeng var det, og alle var kjempeflinke. Det var stas å vera fireåring, og sikkert stas å vera foreldre! Utdeling av kyrkjeboka er eit ledd i kyrkja si trusopplæring. Mest alle fireåringane møtte fram, og det er fint at foreldra på denne måten tek ansvar og har ei så positiv innstilling til dette tiltaket. Så ei stor takk til alle som møtte fram, og sjølvsagt størst takk til den sprudlande gjengen som var midtpunktet i gudstenesta! AHØ Konfirmantane kjem med bøsser 18. mars! Fasteaksjonen i år blir ein Klimaaksjon. I år har ein kalla aksjonen: Klimaaksjonen SOS FRÅ SØR Bakgrunnen er at menneska som bur på den sørlege halvkule kjempar mot tørke, flom og ekstreme værforhold. Dei må ofte gje etter for naturkreftene som har aksellerert gjennom klimaendringane. Det er dei som har minst, som Innhald: blir ramma mest. Dette ynskjer Kirkens Nødhjelp å gjera noko med gjennom ulike tiltak. I Etne og Skånevik blir onsdag 18. mars aksjonsdagen frå klokka 17-19. Då kjem det konfirmantar med bøsser og bankar på dørene. Foreldre er med og støttar opp om dei ved å sørja for transport, og det er komitéar i Skånevik og Etne som administrerer innsamlinga her i kommunen. Kveld om livskriser s. 2. Bispeskifte s. 3 Reform i kyrkja s. 3 Har me råd til ei Arbeidskyrkje? s. 4 Leiar: Korleis ta imot? s. 2. Møte med vikarprest Aadland s. 4-5 kyrkjeposten.indd 1 Intervju med Bjarte Stubhaug...s. 5 Unge i kyrkja...s. 6-7 Personalsituasjonen...s. 8 Kyrkjelydskveldar med Ølen...s. 8 Soknerådsval til hausten...s. 9 Planane for ny Arbeidskyrkje...s. 9 Møte Våren 2009...s. 11 Barne- og ungdomstilbod...s. 11 Gudstenester framover...s. 12 08-01-09 09:24:30

2 Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Kyrkja Adresser Etne kyrkjekontor Postboks 6, 5591 ETNE tlf. 53 77 11 70 E-mail: kyrkjeverja@etne.online.no soknepresten@etne.online.no kyrkjelydssekr@etne.online.no Heimeside: www.etne.kyrkja.no Direktetelefon, kontor: Soknepr. Mæland 53 77 11 70/72 Mob. 975 95 899 Priv. 53 75 60 19 Kontortid: tysdag-fredag kl 10.00-13.00 Soknepr. i Skånevik: Vakant, kontakt kyrkjekontoret i Etne Kyrkjeverje Harald Sirnes 53 77 11 70; 907 46 490 priv. 52 83 00 51 Kontortid: Tysdag-torsdag. Kl. 09.00-14.00 Kyrkjelydsarbeidar: Astrid Askeland Johnsen 971 74 839 Kontortid: Tysdag og fredag. Barne- & Ungdomsarbeid: Siri Eikemo Heimekontor: 53 75 55 27 Organist Krzysztof (Kris) Ulita 53 77 11 70 / 951 32 628 Kyrkjegardsarbeidar/ kyrkjetenar Kjell Harald Hardeland mob. 975 79 805 Soknerådsleiar Etne Alf Harald Østrem priv. 5375 6614 / 954 08 930 Soknerådsleiar Skånevik Eli Garvik priv. 53 75 59 74 Fellesrådsleiar Ingemund Berge priv. 53 75 62 89 Prøv nettsida vår! www.etne.kyrkja.no Dette informasjonsbladet går til alle husstander i Etne. Det er redigert av Jens Olav Mæland. Layout Arve Skogen Trykk A1 Grafisk Idé, Ølen Spørsmålsstillinga er ikkje ny. Den dukkar opp frå tid til tid. Me har snakka om det i soknerådet, og diakonigruppa har samtalt mykje om det. Det viktigaste Me kan skjelne mellom korleis me faktisk tek imot dei som kjem til kyrkje og korleis me bør ta imot dei som stig innfor kyrkjedøra. Når det gjeld det første, har me ein viss beredskap ved at nokon står i døra og ynskjer velkommen og deler ut ei salmebok. Den tenesta er viktig! Men det viktigaste er korleis dei vanlege kyrkjegjengarane tek imot dei som sjeldan kjem. Gir ein rom for dei som sjeldan går der? Møter ein dei med eit nikk, eit smil? Merkar den som sjeldan går der at det er godt å vera i kyrkja? At dette er mitt rom, mi kyrkje? To sidespor Det er to sidespor: Anten kan ein overfalle dei som kjem ein sjeldan gong, slik at dei får ei kjensle av å bli trakka rett inn i sjela. Eller ein møter ingen varme, ingen signal på at du er velkomen, men heller ein kald mur. I kyrkja skal ein kjenna at dette er eit heilagt hus, og at det er mitt hus. Det er ikkje eit hus for overfall eller personlege angrep slik at ein får pustevanskar, og heller ikkje eit kjølerom der ein kjenner seg einsam og forlatt. Korleis bør me ta imot den som sjeldan kjem? Nokre råd Det fins ikkje noko detaljsvar, men det fins nokre råd. Og dei har me faktisk i Det nye testamente. Men la oss formulere det slik: Me skal møta alle likt, nemleg som kandidatar til det evige liv. Det betyr at me skal møta den andre med vørnad. For alle som stig over dørstokken, er skapt av den Gud som talar til oss i sitt hus! Også eit lite barn! Også ein konfirmant! Også den som har eitt eller anna handicap! I kyrkja skal me opna hjarta for Gud, men også for kvarandre. Kyrkjerommet er ingen rettssal, ingen politistasjon og heller ingen utstillingshall. I kyrkja rekker me hendene fram som tome skåler alle! Me er komen dit for å delta i eit stort drama! Det er ikkje slik at nokon er aktører mens andre er tilskodarar. Gudstenesta er i grunnen eit dramatisk fellesskap! Slik skal den som går der til vanleg, tenkja og handla. Og slik skal den som ein sjeldan gong stig innom, få merka det. Eit ope hjarta Me burde alltid ha ein sosialkrok, ein kyrkjebakke etter gudstenesta. Ein stad der ein fekk snakka om det som ligg Når livet røyner på Sorg og tapskjensle er noko alle møter i livet. For somme kan tap av eins kjære setja djupe spor som gjer at ein treng hjelp og støtte for å koma vidare. Det same gjeld andre tap som rammar den einskilde eller familien. Sorga har me fått dela på, men saknet blir større og større, skreiv ein i eit julebrev. Slik er det for mange. Difor treng me betre å forstå prosessane som skjer ved slike hendingar. Tysdag 27 januar kl. 19.00 kallar Diakonien saman med Røde Kors inn til ei samling Leiar: Korleis tek me imot dei som kjem til kyrkje? Dei fleste på biletet er flyktningar frå Irak/Bagdad som har mista hus og heim. Dei er tekne imot av ein liten kyrkjelyd i Jordan/ Amman der de får husrom og hjelp til å koma vidare. ein på hjarta. Men i fleire av våre kyrkjer er det vanskeleg å få til. Men ein kan be nokon heim etterpå. Til ein kaffikopp og ein godprat? Vera obs på om det er nokon som særleg treng ein slik invitasjon, kanskje nokon som er nye? Eit ope hjarta fører gjerne til at heimedøra også blir opna!? Me skal på preiko, sa me heime på Bremnes. Det betydde at ein skulle høyra kva presten hadde på hjarta om han kunne halda ei preik som reiv litt... Og så kunne ein dra heim og gjera sine kommentarar. Gudstenesta var staden der ein prøvde åndene, - ikkje ein stad der ein sjølv deltok i salmesong, bøn og eksistensiell lytting til ordet. Somme kom faktisk også like før presten gjekk på stolen, som det heitte. Kyrkja er mor. Og ei mor har det slik at ho vil samla barna sine, gje dei det beste, gje dei trygghet og vokstervilkår. Tenk om me kunne ta imot kvarandre? Slik Kristus har teke imot oss? Gje den usikre trygghet, inkludere og gje rom? JOM Diakonien og Røde Kors med kveld om livskriser og meistring på Røde-Kors huset. Samlinga er open for alle interesserte, både dei som har sorg og sakn tett innpå seg, eller oss som står nær og vil støtta dei som vert ramma. Det er den nye leiaren av Frihamn-senteret, dr. Bjarte Stubhaug som vert foredragshaldar denne kvelden. Han har arbeidd mykje med problem omkring meistring av livskriser, og han har også doktorgrad på dette feltet. Det vert musikalske innslag og ei enkel matøkt denne kvelden. Det vert også høve til spørsmål og innspel. kyrkjeposten.indd 2 08-01-09 09:24:30

www.etne.kyrkja.no Bispeskifte i Bjørgvin Hagesæther sluttar - Nordhaug startar opp Ole D. Hagesæther slutta som biskop i Bjørgvin 30. november 2008. Han har vore biskop i Bjørgvin i 14 år. Far hans var biskop i Stavanger, og han sjølv hadde lang fartstid før han overtok bispestolen i Bjørgvin. Han var mellom anna praktikumslærar ved Menighetsfakultetet, sokneprest i Holmen/Bærum og Nordstrand/Oslo. Biskop Ole vil truleg bli hugsa som barnebiskopen. Han la vekt på at barn skulle involverast i gudstenesta, ikkje på liksom, men som reelle medspelarar i gudstenesta. Å vera biskop i Bjørgvin inneber mange oppgåver, mellom anna som tilsynsmann i Sjømannsmisjonen / Den norske kyrkja i utlandet. Biskop Ole hadde ei sterk gåve til å møta menneske der og då. Han skapte trygghet omkring seg, og ein kjende seg sett og inkludert i ein stor fellesskap. Sjølv var han godt forankra i eit luthersk kristendomssyn, og hadde også eit sterkt misjonssyn. Han var mellom anna formann i Santalmisjonen. Han ville ta vare på hovudstraumen i norsk kristenliv. Biskop Ole var vel helst freds-konservativ, for han lika lite å gå inn i ein strid. Dei varige spora etter hans bispegjerning vil først avteiknast i eit større historisk perspektiv. Men eitt er sikkert: Han var biskop i ei tid med store endringar både i sosial-politisk og kristeleg-kyrkjeleg samanheng. Halvor Nordhaug stiller med ei allsidig erfaring. Halvor Nordhaug blei utnemnt til biskop i statsråd 28. november 2008, og vil ta til i mars 2009. Han fekk eit overveldande stort votum gjennom avstemminga på førehand. Han er også bispeson, og har sidan 1995 vore rektor ved Praktiskteologisk seminar ved Menighetsfakultetet. Han har vore prest for norske studentar i utlandet, teologisk konsulent ved Mellomkyrkjeleg Råd, kapellan i Ås og prost i Follo. Han har hatt ei rekke tillitverv i kyrkja og vore redaktør av Luthersk Kirketidende. Nordhaug har vore både samfunnsengasjert og teke aktivt del i kyrkjeleg debatt. Han melde tidleg frå etter å ha vore i tenkjeboksen ei tid at han delte det klassiske synet på homofilt samliv. Nordhaug har inga erfaring som prest på Vestlandet, og vil nok bruka noko tid på å bli kjent med terrenget, men han stiller med eit ope sinn og vil lytta til grasrota, har han klokeleg sagt. I samband med utnemninga seier han: - Som biskop i Bjørgvin Ole D. Hagesæther har vore barnebispen framom andre. ønskjer eg å skape møteplassar der både prestane og andre medarbeidarar kan få møte biskopen og ta del i ordskiftet om strategiske vegval i viktige saker. Eg ønskjer at visitasane må inngå i ein langsiktig, kyrkjebyggjande prosess der biskopen saman med dei andre medarbeidarane analyserer stoda og trekkjer opp liner for framtida. - Me ynskjer han velkommen til ei utfordrande men rik teneste som biskop i Bjørgvin! Omfatande reformarbeid i Kyrkja Det er sett i gang eit stort og omfatande reformarbeid i kyrkja. Ein har kalla det Reform av kyrkja sitt gudstenesteliv. I 2003 vedtok Kyrkjemøtet at ein skulle arbeide fram ei ny ordning for Hovudgudstenesta, at ein skulle revidere Salmeboka og Dåpsliturgien. No er ein i gong med høyring av eit materiale som vart lagt fram hausten 2007. Materialet er sendt ut til utvalde kyrkjelydar som skal utprøva ny liturgi når det gjeld Hovudgudstenesta, og dessutan Forslag til ny norsk salmebok. Når det gjeld salmebokforslaget, vil ein ta bort ein tredjedel av dei noverande salmane, og samstundes har ein sendt ut eit prøveforslag på 359 nye salmar. Generelt kan ein seia at dette er det største og mest omfatande reformarbeidet i kyrkja vår i nyare tid. Det vert mykje større valfridom, og høve til stor involvering. Leiinga av gudstenesta vert ikkje lenger presten si oppgåve, men det ein kallar gudstenesteleiar. Det vert opp til dei lokale kyrkjelydane korleis ein vil profilere hovudgudstenesta og gje den ein lokal profil. Men det er visse ledd som skal vera med, det såkalla ordo. Organisten/ kantor vil få ei mykje større oppgåve med å engasjere og organisere musikken som skal knyttast til gudstenesta. Når det gjeld Hovudgudstenesta vil denne få ei heilt ny byrjing. Ein skal ikkje lenger starte med klokkeringing, inngangssalme og syndsvedkjenning. Det siste momentet vert skyvd langt ut i gudstenesta, knytta til kyrkjebøna. Også samlingsbøna, det me kallar kollekt-bøna, vil falla bort. Når det gjeld ny salmebok, vert det mykje større variasjon, og ein vil også ta inn songar som har allment preg og ikkje utan vidare eit teologisk innhald. Ein vil også gjengje salmar på andre språk, mest engelsk. Høyringsfrist for forslaga vert 15. september 2009. Ein har vedteke ein framdriftsplan som inneber at det nye skal takast i bruk første søndag i advent 2011. Sidan dei nye reformforslaga er såpass omfatande og radikale, ynskjer me at dei som er interesserte set seg godt inn i det nye. Det vert høve til å fremja synspunkt og innspel gjennom dei kyrkjelege organa, men det er ein omfatande prosedyre for vedtak. Sjølv om det kjem mange nye forslag, vil den lokale kyrkjelyden ha eit avgjerande ord når det gjeld gjennomføringa. Difor er det viktig alt no at ein på lokalt plan arbeider med innhaldet i dei forslaga som ligg føre. I neste nummer av KP vil me orientera meir om reformprosessen og kva den inneber. JOM 3 kyrkjeposten.indd 3 08-01-09 09:24:31

Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Venskapskyrkja Kyrkjelydane i Etne og Skånevik har den lutherske kyrkja i Beit Jala som Venskapskyrkje. Denne kyrkja driv ein Barneheim (The Boy s Home) og også ein sosialstasjon. På julaftan kom det inn kr. 26.700 i kollekt til barneheimen. I fjor kom det inn kr. 31.160. Det betyr at me sender over adskillig mindre dette året enn forrige år. Me har hatt telefonisk kontakt med kyrkjelyden ved nyttårstider, og pastor Jadallah et takksam for vårt bidrag. Over nyttår vil dei gå i gang med det dei kallar Abrahams Telt. Det er eit tiltak der ein innbyr grupper frå ein flyktningeleir i nærleiken der det bur over 5000 flyktningar til eit måltid mat, song, leik og samtale. Det er eit veldig meiningsfylt tiltak, og dei unge i kyrkjelyden vil gjerne gjera noko for flyktningane i nabolaget. Difor vil dei gå i gang med dette utpå nyåret. Elles vert det nemnt at då invasjonen i Gaza vart sett i verk 27 desember, vedtok innbyggjarane i Betlehem og Beit Jala å fjerna juletreet ved Fødselskyrkja og ta ned all julepynt i gatene. Dei ville markera sorg og solidaritet med dei som blei ramma av invasjonen. JOM Har me råd til ei Arbeidskyrkje i Etne? Ein har ikkje kunna unngå å registrere innvendingane når ein arbeider med eit så spenstig prosjekt som arbeidskyrkje. Har dette noko for seg - ein har jo arbeidd for dette i fleire tiår, utan at særleg mykje har skjedd!? Korleis kan ein få til å byggja ei kyrkje? Svaret på det kan ein ikkje gje før ein har laga eit forprosjekt/ skisseprosjekt og sett på romløysingar og materialval. Først då veit ein noko sikkert om prisen. Men noko kan ein likevel tenkja seg fram til: Dersom ein byggjer om lag 400 kvm (om lag same areal som bibliotekdelen i det nye Kulturhuset) tilseier erfaring ca 20.-30.000 kroner pr. kvm. Då vil det koma på om lag kr. 12 mill. I tillegg kjem ombygging av Bedehuset. Dersom Fellesrådet skal kunna stilla med 12 mill., bør ein kalkulere med ein eigenkapial på om lag 6 mill. kr, og lån på kr. 6 mill.. Med 5 % rente vil det verta kr. 300.000,- i renteutgifter i året. Eigenkapitalen bør kunna reisast som tilskot / dugnad og/eller sponsing for om lag kr. 3 mill. Innsamling i soknet av ulik type og andelsbevis kunne me Planar for diakonien På Kyrkjemøtet 2008 vart det vedteke ny Diakoniplan for Den norske kyrkja. Bispedømme vårt har også gjort dette til eit satsingsområde dette året: Ei tenande kyrkje. På prostimøtet for Sunnhordland prosti i september i haust, var dette tema i foredrag og i gudstenesta som avslutta prostisamlinga. Visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja lyder slik: Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte. Verkeleggjort gjennom liv og teneste. Diakonien har alltid høyrt med i kyrkja, også her hos oss. Me har i sokneråda valt ei diakoninemnd som særskilt skal ha eit vake auga for denne sida. Og me har i kyrkjelydane besøksteneste, eldretreff, mandagskaffi m.m. Samfunnet vårt endrar seg snøgt, og det blir kanskje nye oppgåver etter som forandringar skjer. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd. Somme kyrkjelydar er så heldige at dei har ein tilsett diakon. I vårt prosti er det Stord og Bømlo som har det. No er me så Frå kyrkjeverja: truleg setja til kr. 3 mill.. Det tilsvarar om lag kr. 1200,- pr. kyrkjemedlem i Etne sokn. Spørsmålet blir då: Er det urealistisk? Ikkje alle vil kunna eller er villig til å betale eit slikt beløp, mens andre vil gi mykje meir. Det er fullt ut mogleg å bevara dei gamle kyrkjene slik dei, og samstundes gå inn for ei ny arbeidskyrkje som ein nødvendig arbeidsreidskap i vår tid. Går ein saman om dette, kan eit høveleg bygg stå ferdig om nokre år. Det har allereide kome ein del pengar på innsamlingskontoen. Husk at desse gåvene gir også skattefrådrag! Lukke til! Kyrkjeverja. heldige at me skal få diakonen på Bømlo, Anne Lie Steinsbø til å koma til våre sokneråd for å inspirera oss, gje oss nye innspel og nye måtar å sjå ting på. Den 4. februar kjem ho til oss, og det blir då ei samling fro sokneråda, diakoninemndene og andre interesserte i Skånevik Bedehus. Samlinga gjeld Etne og Skånevik. Me må jo for det aller meste satsa på frivillige krefter til å utføra dei diakonale oppgåvene, og me treng koma saman og drøfta kva gjer me, og kven gjer det? Vel møtt til diakonal inspirasjon! Liv T. 4 Folk vert rausare når dei kjem bort frå andedammen! Møte med Herm Kva har vore det viktigaste - og det rikaste - for deg ved prestetenesta før du drog ut i Sjømannsmisjonen? Det er variasjonen og mangfaldet ved arbeidet som har vore med og gjort tenesta rik for meg. Men det er nokre ting som berre har vorte viktigare etter kvart som åra går. Og då må eg spesielt nemna forkynninga av evangeliet om Jesus Kristus og møtet med utruleg mange spennande menneske i glede og sorg. Det er når ei gudsteneste eller eit møte med menneske verkeleg lever, eg kjenner mest glede ved tenesta. Eg har vel aldri vore nokon stor administrator eller lidenskapeleg kontormann, men språk og leiting etter gode formuleringar har alltid vore utfordrande og inspirerande. Dessutan rommar prestetenesta kanskje meir humor enn mange vil tru. Kva slags erfaringar har du fått med deg frå Sjømannsmisjonen som du ikkje hadde frå før? Når alt kjem til alt, ser eg ikkje nokon stor skilnad mellom Sjømannskyrkja og ein alminneleg god kyrkjelyd her heime. Preikene ute og heime er mykje godt dei same, og folket er dei same. Men folk vert ofte rausare og meir opne når dei kjem bort frå den heimlege andedammen. Såleis kan du oppleva same store begeistring for ei og same gudstenesta frå ein domprost frå kyrkjeposten.indd 4 08-01-09 09:24:32

www.etne.kyrkja.no Intervju med psykiater Bjarte Stubhaug: Når livet røyner på... Han er roleg i stemmeføringa, konsentrert, lyttande og kanskje litt forsiktig når han skal konkludere. No vil han føra vidare Frihamn-senteret, utvikla det og retta verksemda inn mot meistring. For det er livsmeistring den nye leiaren på senteret har som spesialfelt, med lang praksis i faget og vitskapleg dokumentasjon gjennom doktorgrad i nett dette feltet. Me har fått audiens, og spør oss forsiktig fram. Og han svarar, men ofte nøler han, for ein kan ikkje gje presise oppskrifter som kan løysa alle slags floker... kvart menneske har sin eigen historie og må bli forstått som noko unikt... Ein visjon for Frihamn-senteret? - Eg vil venta med å formulere ein visjon, men målsettinga og strategien er klar: Me vil gje eit behandlingstilbod til livsmeistring. Dagens menneske har mykje ein slit med, og som gjev seg utslag i angst, depresjonar og stress. Det er lett å kjøra seg fast slik at ein ikkje kjem vidare, og får ein ikkje hjelp kan det rett og slett enda opp med livskrise. Vårt sikte er å løysa opp i det uløyste, endra fastlåste tankemønster, gje hjelp til å sjå nye muligheter. Eg vil bruke både den kunnskap som er til disposisjon og la erfaring få støtte oppunder. BS er rask med å poengtere at det psykiske og det fysiske høyrer nøye saman... Bjarte Stubhaug er dr. med. og spesialist i psykiatri. No har han teke over som leiar av Frihamnsenteret. Men kva er det folk ikkje meistrer? - Det er utruleg kva somme kan meistre, poengterer han. Hos somme aukar meistringspotensialet med utfordringane. Dei maktar det utrulege, føyer han til. Mens andre ikkje meistrer endog små utfordringar. Og det har ingen ting med intellektuelle evner å gjera, men gjerne med grensa for sårbarhet. Me veit ikkje om folk har mindre evne til å takle stress i dag samanlikna med tidlegare tider, men det er mange små ting, synlege og usynlege krav, som til saman kan skape stress og føre til ei lammande hjelpeløyse. Ein kvir seg til dei mest enkle ting. Det er vår sårbarhet som avgjer om me takler stress, og mennesket har ulik grad av sårbarhet. Det kan ha med mange ting å gjer, kanskje opplevingar i tidlege barneår og mangel på verdsetting. Difor gjeld det å finna balansen eller vendepunktet, som han kallar det. For når ein nærmar seg det kritiske nivået, kan ein anten takle det og koma vidare eller bli lamma og få ein vond livssituasjon. Kva slags hjelp/terapi kan Frihamn tilby? - Siktepunktet må vera å gje den det gjeld ei forståing gjennom undervisning, forklaring og terapi. Me legg vekt på det ein kallar kognitiv terapi, som inneber at ein svekkar det negative og stimulerer det positive, samt spenningsregulering, at stressfaktorane blir redusert. Klienten må stillast overfor valg, våge noko, gjerne ta store steg. Det kan endre opplevinga av eins eigen livssituasjon, stundom både raskt og dramatisk. Me er ofte altfor forsiktige! Har kyrkja og det kristne fellesskapet nokon funksjon for menneske med tapsopplevingar? - Ja, særleg gjennom sine ritual og sin tradisjon for å møte det ufattelege. Det er viktig kor folk er på førehand, om dei har ei tru som kjennest trygg. Ein må ikkje vera påtrengjande i trusspørsmål, men bekrefte det ein er kjent med på førehand, og skape trygghet. Det er eit mål å gje rammer for livet og himmelen. Ritualer er viktig, uansett. Kva er det gode liv? - Det er i alle fall ikkje det same som å ha det lett og behageleg! Det er heller å få bruka sine talenter, få bruke seg sjølv og kjenna at ein blir til nytte. Mennesket har bruk for å høyre til, vera knytt til ei gruppe, eit fellesskap. Korleis kan me bli gode hjelparar? - Ved sjølv å vere hjelpsa, kunne hjelpe. Sørgja for at ein sjølv har stabilitet i sin eigen person, vera raus med seg sjølv. Den som skal hjelpa, må stilla med ein viss eigen styrke. Er ein blind og halt kan ein, som visdomsordet seier, ikkje hjelpa blinde og halte. Men du sjølv, kva er din historie? - Eg kjem frå Fitjar, fødd i 1956 og fekk min oppvekst der. Eg kom inn i psykiatrien på Valen i 1983 og såg det som ei utfordring og fagleg utviklingsfelt. Sjølv har han ikkje hatt dei store rystelser i sitt eige livsgrunnlag, fortel han. Men han har lagt vinn på å lytte, vore opptatt av å læra mennesket å kjenna og øvd seg i å visa empati. Ein blir ikkje utan vidare klok av skade, hevdar han. Og i alle fall er det farleg å laga prosjekt av personlege særopplevingar. Ein må møta menneska der dei er, og eg må møta dei med det eg er og kan, føyer han til. JOM med Herman Inge Aadland Stockholm, eit par eldre indremisjonsdamer frå Vestlandet, ein pensjonert biskop, ein leiar i pinserørsla eller Frelsesameen og ein bonde frå Toten; - berre for å ha nemnt nokon. Det er som dei alltid skulle vore saman. Det gjeld under kaffien etterpå også. Dei søkjer ein heim ute; og finn dei det, vert dei glade. Dei opplever seg i familie. Heime har me gjerne nok med oss sjølve, vårt og våre. Utover desse gode opplevingane av fellesskap og låg terskel, vart me også sterkt utfordra på og utdanna i å ta hand om mange sosialsaker. Alt av godt og gale som kan skje her heime, kan også finna stad ute i verda. Og der - langt borte frå NAV og norsk politi og andre hjelpeinstansar - finst gjerne berre kyrkja til trøyst og dåd. Du må ikkje vera redd for å ta tak i ting eller å bli skiten på hendene. Nokre gonger finst det faktisk gode løysingar til stor hjelp og glede. Det gjev oppdrift og pågangsmot. Korleis opplever du det å vera pendlar til Skånevik/Etne?? Korleis opplever du bygdene her? Somme dagar er veret venleg og trafikken mild. Då kan det vera ei rein nyting å sitja i bilen til og frå. Eg får god tid til å verta oppdatert på lokale og nasjonale nyhende via radioen. Andre gonger, med ausvatn og tusen vogntog og haugesundarar som er tussete etter å komma fort fram eller heim, kan det vera eit sant stress. Men tenestene, så langt, har berre gjeve meg glede. Eg har møtt mykje velvilje, takksemd og støtte. Folk verkar gjestmilde, opne og ærlege, og det er godt å forkynna evangeliet i dei ulike gudshusa og samanhangane der. 5 kyrkjeposten.indd 5 08-01-09 09:24:32

Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Lysmesse i Stødle kyrkje ved inngangen til Advent Konfirmantane i prosesjon inn i kyrkja med tente lys. Aleksander fekk tenna det første adventslyset i kyrkja. Det er stemningsfullt når konfirmantane kjem innover kyrkjegolvet i prosesjon med tente lys. Og det er som eit høgdepunkt når dei stiller opp og syng: Det lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld. Ei slik stemningsfull ny forteljing om gjetarar og andre som opplevde den store gleda ute på Betlehems-markene. Kyrkja var fullsett av folk som gjerne ville vera med og oppleva Lysmesse ved inngangen til Advent, ta del i songen og stund fekk me søndag 30. november i Stødle kyrkje. Konfirmantar tente adventslys og las Bibeltekstar, ei gruppe musikarar med Anita Jørstad Grindheim som leiar spela fleire musikkstykke og Tore Harboe imponerte med ei høyra den evig nye forteljinga. I den frostklare kvelden var det meiningsfylt til slutt å samlast i ein lyskrins utafor kyrkja og la Deilig er jorden tone ut i natta, til sikkert tonefylgje av Anita og co. JOM Heildag om Skaparverket og Miljøet Fredag 14. november hadde konfirmantane Heildag på Enge bedehus. Me hadde gjeste-lærarar frå Bergen, Lars Ove Kvalbein og Agnes Tvinnereim. Dei køyrde oss hardt i miljøspørsmål. Kan me redda jorda? spurde dei som utgangspunkt. Så tok dei oss med inn i problema omkring den økologiske ubalansen. Dei viste korleis me treng å snu ei farleg utvikling før det vert for seint, og utfordra oss til etisk forbruk. Dei visste utruleg mykje, sa ein av konfirmantane etterpå. Men dei greidde også å gjera det enkelt og personleg, føydde han til. Men så er dei også fagfolk på området!! Det var bra med ei matøkt med bollar og varm kakao! Heildagen vart avslutta med ei bøn som me sa fram i lag. Den heiter Kyrie for vår Jord, og her er litt av den: Allmektig Gud, vår Skapar og Livgjevar; vi er ein del av ditt vakre men sårbare skaparverk. Vi har ansvar for å dyrka jorda og verna henne, og visa respekt for alt liv. Men vi har svikta vårt ansvar. Difor ropar vi: Kyrie eleison! Herre, Jorda er vår Mor, vårt opphav, det som gir oss føde. Kvart frø i den mørke mold rører seg ved din skapervilje. Viss jorda vert øydelagt og forgifta av vår kortsiktige grådighet, då har vi svike vårt opphav og din vilje. Difor ropar vi: Kyrie eleison! Bra konsentrasjon til massiv undervisning! Tripp - Trapp Treff med Spedbarnssang 6 Dette er eit tilbod til små og store barn som er heime om onsdagen. Ta med deg mamma, pappa, bestemor, bestefar eller ein annan vaksen og kom! Annakvar onsdag formiddag samlast store og små på Enge bedehus. Rundt 10 born med vaksne møter opp. Denne haus- kyrkjeposten.indd 6 ten har det vore 31 barn innom bedehuset saman med mødrene sine. Nokre bestemødre har òg vore med. Det set me stor pris på. Me har fellessamling med sang, morgonbøn og navneopprop. I slutten av oktober starta me med eit eige tilbod til borna 0 2 år: Spedbarnssang. Synnøve Wold-Flokketvedt tek hand om dette, medan dei store barna utforskar skattekiste, syng og høyrer ei historie frå Bibelen. Me nyttar søndagsskulen sitt sprell levnade -materiell. Alle samlast rundt bordet der me kosar oss med niste drikke får me. Til slutt har me formingsaktivitet for dei borna som ynskjer det; andre ynskjer å leike. Det er mykje me får tid til på halvannan time. Til våren blir det Tripp Trapp Treff i oddetalsveker med 08-01-09 09:24:33

www.etne.kyrkja.no Konfirmant weekend på Brandøy Det vert Week-end for konfirmantane i Etne og Skånevik også dette konfirmantåret. Me dreg til den flotte leirstaden Brandøy på Bjoa fredag 13. februar og blir der til søndag 15. Det skal skje mykje i løpet av desse dagane. Tema for samlinga blir: På lag med Jesus. Me skal jobba med bibeltekstar, arbeide i grupper og lage drama. Me skal ta for oss ulike tema og ha gudstenesteverkstad. Alle som spelar eitt eller anna instrument (som lett kan transporterast), tek det med. Så lagar me eit husorkester?! På Brandøy er det ein ny idrettshall, så me tar sikte på turnering i volleyball. Søndag inviterer me foreldre og søsken til gudsteneste med kyrkjekaffi. Det kjem eit detaljert program seinare, med pris og høve til påmelding. Elevar frå Rygg skule framfører Marias Voggesong på skulegudsteneste i Grindheim før jul. Stor innleving og vakker framføring! Astrid, kyrkjelydsarbeider Frå Julespel som Barnetrinnet framførte i Gjerde like før jul. Dramaet vart først laga i Venskapskyrkja i Beit Jala, og så omsett til engelsk og nynorsk! Marta Onstein hadde idéen, og saman med andre lærarar hadde dei løyst ut eit stort engasjement hos barna. Kostymer og replikkar var som skreddarsydde! undervisning! sang Agnes Tvinnereim og Lars Ove Kvalbein hadde mykje på hjarta denne dagen! unnatak dei vekene det er vinter- og påskeferie. Er det ein eller fleire vaksne som kan tenkje seg å vere med å trekke kaffi, lage til, vaske opp og rydde, er me svært glad for å få litt ekstra hjelp med praktiske oppgåver. Tenkjer du at dette er kyrkjeposten.indd 7 noko du skal gjere? Stikk innom kyrkjekontoret eller ta kontakt på telefon/mail. Då vil eg få ynskje store og små velkomne til eit nytt semester med Tripp Trapp Treff! Astrid Askeland Johnsen -kyrkjelydsarbeider- Då alt var over kunne både Maria, Josef, Herodes, gjetarar og vismenn stilla til fortografering. Flott gjort, og ei stor takk til dykk alle! Ikkje rart at omlag 100 foreldre, besteforeldre og søsken stilte på galleriet og bakerst i salen... 7 08-01-09 09:24:34

8 Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Krevjande personalsituasjon Soknepreststillinga i Skånevik er lyst ut på nytt, med søknadsfrist 19. januar. Ein reknar med tilsetjing utpå våren, og at det kan vera prest på plass frå neste semester. I mellomtida vil prostiprest Herman Inge Aadland halda fram som vikar for Skånevik i 50 %. Sokneprest Jens Olav Mæland har meldt frå at han sluttar ved oppnådd aldersgrense, og tek avskil med kyrkjelyden søndag 16. august under gudstenesta i Stødle. Stillinga vert utlyst utpå vinteren/våren. Det er meldt at prestebustaden skal rehabiliterast noko hausten 2009. Det betyr at ein vonleg kan ha ny prest på plass ved neste årsskifte. Ein må difor rekna med ei vikarordning til ny prest er på plass. Når det gjeld Kyrkjelydsarbeidaren, Astrid Askeland Johnsen, vil ho framleis vera i 60 % stilling. Ein del av hennar arbeid vil gå til konfirmantførebuinga i Skånevik, sidan me enno ikkje har prest i fast stilling der. Elles er barne- og ungdomsarbeid prioritert. Astrid har ansvar for Tripp-trapp treff både i Skånevik (saman med Siri) og Etne, og har også teke på seg leiinga av Barnekor i Skånevik. Siri Eikemo har hatt 10 % stilling til no, men er no auka til 20 %. Siri er med i Tripp-trapp, og er også med i konfirmantarbeidet i Skånevik. Elles er prostiprest Pål Dale ansvarleg for konfirmantførebuinga. Me har ei prosjektstilling på 25 %. Gerd Elin Kringlebotten har i eit par år teke ansvar for litt av denne stillinga ved å ta hand om Nettkaféen. Ho vil halda fram med det også i vårsemesteret. Det er difor rom for ei delstilling knytta til Barne- og Ungdomsarbeidet i Etne sokn. Som de skjønar vert det ein del vikarløysingar og overlappingar. Dette vil vera krevjande både for staben, sokneråda og Fellesrådet. JOM Kyrkjelydskveldar Vinteren 2009 på Kyrkjetunet, Ølen Me vil ha Søkelys på og henta fram stoff frå medarbeiderbreva, 1 og 2 Timoteusbrev. Vår skjebne: Det er vår skjebne som menneske at me må gå framover, både i tid og alder. Baggasje til gjennomsyn: Me vil alltid ha med oss baggasje i livet. Vår kristne arv er ein del av denne. Me må sjå igjennom den frå tid til tid. Noko kan og må me ta vare på, andre ting både kan og bør me leggja bort. Ein bruksarv?: Det er tid for å henta den fram! Men kva består den i? Duger den i vår postmoderne tid? Kva er det der som me særleg treng å henta fram? Og korleis kan den få bety noko for oss? Me treng i alle høve å pussa støvet av den! Det er siktet for desse kveldane! Dag og tid: Torsdagskveldar: 29. januar; 19. februar og 26. mars.tid: kl. 19,00-21.30 Møteform: Me startar med kveldsmåltid sosialt preg. Innleiing spørsmål/samtale Innleiar: Sokneprest Jens Olav Mæland vil stå for undervisninga/innleiinga. Gjennomføring/arrangør: Styret for Kyrkjetunet / Ølen i samarbeid med Etne sokneråd. Tema: VÅR KRISTNE ARV Program: Torsdag 29. januar:v Arven Kva består den i? Kva er kjernepunktet i arven? Har arven eit mønster? Har den eit dybde-perspektiv? Kva er det som gjer den kosteleg? Torsdag 19. februar: Arven Kva har den med sunn lære å gjera? Om avsporingar og usunn lære.og avvegar. Avvegar den gongen og i dag. Om sunt liv i kyrkjelyden; Om truskap, motstand og stridigheter. Samarbeid: Ølen og Etne Torsdag 26. mars: Arven Korleis kan me ta vare på den? Korleis gje den vidare til komande generasjonar? Om god tradisjonsformidling. Om å vera målretta. Kva ventar oss der framme? Sokneprest Jens Olav Mæland vert innleiar. Han har tidlegare vore lærar ved Fjellhaug Skoler og ved Hærens Krigsskole. Han er no sokneprest i Etne. Det er siste vinteren han gjer teneste her i området, så dette blir ein slags svanesang. Kveldane vert innleia med eit enkelt kveldsmåltid. Me vil syngja litt saman. Me legg vekt på at kveldane skal ha låg terskel og eit sosialt preg, og at det vert høve til spørsmål og samtale. kyrkjeposten.indd 8 08-01-09 09:24:34

www.etne.kyrkja.no Soknerådsval til hausten Komande år skal det vera soknerådsval. Valet skal avviklast på same tid som stortingsvalet, og valperioden blir berre på to år. Det kan også bli røysterett for 15-åringar. Stortingsvalet er sett til 13. og 14. september, og nye sokneråd skal altså veljast i løpet av desse dagane. Reint praktisk vil truleg valet på sokneråd gå føre seg i lokaler like ved røystelokala for stortingsvalet. Til vanleg er valperioden for eit sokneråd på fire år. Men sokneråd som skal veljast hausten 2009 skal altså berre sitja i to år. Dette for at dei kyrkjelege vala i framtida skal haldast på same tid som kommune- og fylkestingsvala, som neste gong skal avviklast i 2011. I vår kommune har medlemene i dei to sokneråda så vidt byrja å sjå på kva konsekvensar den nye ordninga for gjennomføring av soknerådsval vil føra med seg. Det kan nemnast at rammene for gjennomføringa av 2009-valet ikkje blir avgjort av Stortinget før i mars komande år. Bakgrunnen for endringane i valordninga ligg i ein politisk avtale frå april i år som omhandlar grunnleggjande endringar i tilhøvet mellom stat og kyrkje. Sokneråda skal få tilsendt ei valhandbok i midten av januar, og prosessen lokalt må starta opp då. Det er mellom anna meininga at nominasjonsprosessen skal starta tidlegare enn det er blitt gjort før. Førehandsrøystinga startar alt 10. august, og sokneråda må difor ha kandidatlistene klare før sommaren. Frist for innlevering av listeframlegg til soknerådet sin leiar er sett til 15. mai. Det vil verta høve til å førehandsrøysta til dømes ved kyrkjekontor og i tilknyting til gudstenester. Her vil det truleg bli ulik praksis frå kommune til kommune. Det viktigaste blir å finna ei god praktisk løysing. Det er forventa at alle medlemer av Den norske kyrkja som fyller 15 år i løpet av 2009, vil få røysterett. For å kunna stilla til val vil det framleis vera 18-årsgrense. AHØ Her er det prospektet som har fått størst tilslutning. Det er arkitekt Arne Tveit som har teikna dette og fleire andre utkast som har vore presentert Kyrkjeplanane inn i ein ny fase: Ope informasjonsmøte 10. februar Planane for ny Arbeidskyrkje går framover. I haust vart det skipa til ei motivasjonshelg på Enge bedehus med ulike programpostar på laurdag 13. september, med bl.a. forteljarseminar med Marit Anmarkrud, basar/auksjon - og møte med Han innante, som også stod for eit fellesskaps-seminar. På kvelden framførte ei gruppe På himmelveg i Stødle. Der var alt sikta inn på Himmelvegen, med tekstlesingar, musikk, songar og salmar. Edvard Skotte Fatland og ei gruppe stod for planlegging og gjennomføringa, med soknerådet og bedehusstyret som ansvareleg arrangør. Takk til alle som bidrog til å få til denne dagen! oktober bevilga Kommunestyret kroner 100 I tusen til utarbeiding av eit Skisseprosjekt. Det er ein tredjedel av kostnaden, og dei to andre tjedjedelane tek Fellesrådet og styret for Enge bedehus ansvar for. Plannemnda er glade for at Etne kommune på denne måten har vore med på å bidra til at arbeidet kan gå vidare. Det er viktig snarast å få utarbeidd skisseprosjekt som også vil innehalda kostnadskalkyle. Før dette vert sett i gang, ønskjer nemnda å informera folket i bygda om arbeidet så langt, og å få innspel til det vidare arbeidet. Arkitekt Arne Tveit vil vera med på møtet for å gi ei kort orientering om føreliggjande utkast. Møtet er planlagt til tysdag 10. februar kl. 19.00 på Røde Kors Huset. Me ynskjer at mange vil setja av tid for dette møtet. Nemnda håpar at mange vil vera med på å gi konstruktive innspel til det viktige arbeidet med å reisa ei Arbeidskyrkje i bygda. Ein ny Arbeidskyrkje vil verta eit bygg for heile bygda. Alle som er medlemmer i kyrkja, vil nyta godt av eit slikt bygg, både barn, unge, vaksne og eldre. Det vil bli plass til mange og ulike aktivitetar som til saman skal føra kyrkja i Etne vidare til nye slektsledd. Plannemnda J Hopland / JOM 9 kyrkjeposten.indd 9 08-01-09 09:24:35

Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Skånevik Tlf. 53 75 53 81 Johs. Lundal & Sønner AS Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80 Skånevik - Etne Tlf. 05555 sjoargarden Spar - Jernia - MX Sport Tlf. 53 77 15 50 Sunnhordland Mek Verksted AS Skånevik Tlf. 53 77 12 50 Malermester Øyvind Matre 5590 Etne - Mob. 993 68 332 Tlf. 53 77 12 00 Tlf. 53 75 60 44 Tlf. 53 75 64 08 Tlf. 53 77 15 00 www.etne-sparebank.no post@etne-sparebank.no Etne E- lag 5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55 Når dagen er på hell tenn lys med kraft frå eigne fjell! Lars Anders Molnes entreprenør Tlf. 954 66 791 Tlf. 53 75 42 60 53 76 82 03 Tlf. 53 77 09 99 10 kyrkjeposten.indd 10 08-01-09 09:24:36

www.etne.kyrkja.no Møte våren 2009 i Etne JANUAR 11. Enge bedehus kl. 19.30. Misjonsmøte NMS. S.prest Sigrun Hagen Arnesen. Madagaskar i Fokus. 14. Tripp-trapp. Oppstart, kl. 10.30-12.00. 25. Rygg bedehus kl. 19.30. Misjonsmøte, Misjonssambandet. 27. Røde Kors-huset kl. 19.00. Når livet røyner på. Om livskriser, sorg og meistring. Innleiing v/ dr. Bjarte Stubhaug. Fellesmøte Diakonien og Røde Kors. 29. Kyrkjelydskveld på Kyrkjetunet Ølen kl. 19.00. Tema: Vår kristne arv, innleiing v/ soknepr. Mæland. FEBRUAR 04. Frette kl. 19.30. Sunnhordlandsaksjonen (NMS). Tore Harbo. 04. Sørstranda kl. 15.00. Sunnhordlandsaksjonen. Solveig Lunde Jekteberg. 07. Ebna kl. 19.30. Sunnhordlandsaksjonen. Tore Harbo. 08. Enge kl. 19.30. Sunnhordlandsaksjonen. Roar Vik. 19. Kyrkjelydskveld på Kyrkjetunet Ølen kl. 19.00. Tema: Vår kristne arv, innleiing v/ soknepr. Mæland. 25/2-1/3 Møter for Indremisjonen v/ Kåre Johan Hamre, sjå annonse i Grannar. MARS 08. Enge bedehus kl. 19.30. Møte, Blå kors. 14. Sørstranda kl.14.00. Misjonsstevne. Talar: Edel Sørvik. 26. Kyrkjelydskveld på Kyrkjetunet Ølen kl. 19.00. Tema: Vår kristne arv, innleiing v/ soknepr. Mæland. 29. Enge kl. 19.00: SAT-7 kveld med John Steinar Dale: Evangeliet til Midtøsten via TV. APRIL 19. Enge kl.19.30. Misjonsmøte NMS. 26. Enge kl. 19.30. Konfirmantfest. Tripp-trapp Treff: Oppstart 14. jan. kl. 10.30. Samlingar: 28/1, 11/2, 11/3, 25/3, 22/4, 6/5, 20/5? Onsdagsmøta i Grindheimskyrkja vert onsdagar i oddetalsveker. Frå Diakonien: Eldrefesten vert laurdag 18. april kl. 15.00 på Stovo, Bustadskipinga. Prostiprest Herman Inge Adland kåserer; song, mat og prat. Alle eldre velkommen! Eldre som ynskjer besøk, kan melda frå til Kyrkjekontoret, tlf. 53771170, eller til Torunn Mæland, tlf. 53 75 60 19. Skånevik bedehus våren 2009 JANUAR 09. Julefest 14. Tripp-trapp, oppstart (kl. 10.30-12) 22. Barnekoret, oppstart (kl. 18-19) 25. Helgatuntreff, Jens Tveit vert med. FEBRUAR 01. Årsmøte Skånevik IM. Kl. 18,30 MARS 4-8. Indremisjonen. Talar: Jens Tveit. 11. Føremiddagstreff, kl. 11. 15. Brandøytreff, v/ Marit Ådnanes 27-29. Samemisjonen v/ Sverre Vågen. APRIL 20. Føremiddagstreff, kl. 11. 24. Konfirmantfest. Andakt: Marit A. Røen MAI 17. Fest.kl.19,00. 20. Føremiddagstreff, kl. 11. JUNI 23. St. Hans feiring i Hålo. Tripp-trapp: Oppstart 14/1 kl. 10.30. Elles: 21/1, 4/2, 18/2, 4/3, 18/3, 1/4, 15/4, 29/4, 13/5? Dåpsskule for 6-åringar. Oppstart 11. mars. Samlingar elles: 18/3, 25/3, 1/4. Kontaktperson for Skånevik bedehus: Kristoffer Tjelle, tlf. 53 75 52 20. Søndagsskulen: Oppstart 18/1. Elles: 1/2, 15/2, 15/3, 29/3, 19/4, Barnekoret: Oppstart 22 jan. kl 18. Elles: Annakvar torsdag i partalsveker. Barne- og ungdomstilbod i Etne Prestegjeld Søndagsskulen Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65 Frette: Anne Jorunn Lindevik tlf: 53 75 53 93 Grønstad: Reidun Sande tlf: 53 75 49 24 Enge: Brit Losnegård tlf. 53 75 67 65 Tripp Trapp Treff Tilbod til vaksne og barn Annakvar onsdag kl 10.30 Oppstart 14 januar for Etne/Enge bedehus, Og 21. januar for Skånevik og Kyrping. Sjå annonse under Møte. kyrkjelydssekr@etne.online.no Etne Soul-Children Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annkvar veke torsdagar kl 19.00-20.30 Enge bedehus Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945 Fredagsklubben Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse Enge bedehus kl 18.00-19.30 Gruppeaktivitetar, song og andakt S-klubben Tilbod til barn frå 1.-4. klasse. Annakvar torsdag kl. 17.30-18.30 på Grønstad skule Kontaktperson: Aud Jorunn Baustad tlf 975 73 021 JUNIOR KRIK Tilbod til unge frå 10 til 14 år Rygg skule laurdagar kl 15-16.30. Ca. kvar 3. veke Kontaktperson: Reidun Sande tlf 452 03 865 KRIK-Etne Tilbod for 9. klasse og oppover. Oppstart vert kunngjort over nyttår. Kontaktpersonar: Elisabeth Vae Haaland og Liv Sigrun Kringlebotten, tlf 942 02 649. KFUK-KFUM speidarane Annakvar tysdag kl 17.30-19.00 Småspeidarane - frå 3.-4. klasse Kontaktperson: Marta Onstein tlf 53 75 46 02 Felles møtetid annakvar onsdag kl 17.30-19.30 Jentespeidarane - frå 5. klasse og oppover Kontaktperson: Ingunn Frette tlf 53 75 65 70 Gutespeidarane - frå 5. klasse og oppover Kontaktperson: Atle Aas tlf 53 75 46 02 For program: www.etnespeidar.com Skånevikspeidaren Småspeidarane: 3. og 4. klasse Storspeidarane: 5.-10. klasse Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30. Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186 Etne Nettkafè For ungdom frå 7. klasse og oppover Annakvar fredag på Enge bedehus Oppstart 6. februar kl 20.00-24.00 Aktivitetar: Internett, X-box, biljard, bordtennis, pizza, kiosk, samling m.m. Siste halvtimen ryddar og vaskar me. Nettside: etne-nettkafe@piczo.com (google-lenk) 11 kyrkjeposten.indd 11 08-01-09 09:24:36

Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn GUDSTENESTER i Etne og Skånevik sokn 11.01. 1.s.e.Kr.openb. Skånevik kl. 11.00 Pål Dale Nattv. Offer: MF 11.01. 1.s.e.Kr.openb. Fjæra kl. 17.00 Pål Dale Nattv. Offer: Indre Sj 18.01. 2.s.e. Kr.openb. Enge bedehus kl. 11.00 Generasjonsgudst. Mæland, Mus.gruppa Nattv. Offer: NY Arbeidskyrkje 25.01. 3.s.e. Kr.openb. Skånevik kl. 11.00 Mæland Nattv. Offer: Bymisj.Bergen 25.01. 3.s.e. Kr.openb. Frette kl. 17.00 Fam.gudst. Mæland Nattv. Offer: B-&U-arb. 01.02. Vingardssønd. Stødle kl. 11.00 Mæland, Nattv. Nattv. Offer: Bibelselsk. 08.02. Såmannssønd. Fjæra kl. 11.00 Aadland, Nattv. Offer: Bibelselsk. 08.02. Såmannssønd. Skånevik kl. 17.00 Aadland, Nattv. Offer: Bibelselsk. 15.02. Kristi Forklaringssønd. Enge bedeh. Kl. 11.00 Gen.gudst. Mæland, Mus.gruppa Offer: IKO. 22.02. Sønd. før Faste Skånevik kl. 11.00 Mæland, Nattv. Offer: Kyrkjelyden. Årsfest etter gudst. Skånevik kl. 11.00 Vikarprest. Nattv. Offer: Kyrkjelyden 09.03. Maria Bodskapsdag Gjerde Kl. 11.00 H. Sirnes, Nattv. Offer: Misjonshøgsk. 29.03. 5.s.i Faste Stødle kl. 11.00 Mæland, nattv. Offer: Misj.h.skulen 05.04. Palmesøndag Skånevik kl. 11.00 Fam.gudst. Vikarpr. Offer: IKO Grindheim kl. 11.00 Fam.gudst. Mæland. Offer: B-&U-arb. 20.03. Skjærtorsdag Gjerde kl. 19.00 Vikarprest, Nattv. Offer: Israelsmisjonen 06.04. Langfredag Grindheim kl. 11.00 Pasjonsgudst. Mæland Skånevik kl. 18.00 Pasjonsgudst. Mæland. Nattv. 22.03. Påskenatt Stødle kl. 23.00. Mæland m.fl. Nattv. Offer: NLA 23.03. Påskedag Stødle kl. 11.00. Høgtidsgudst. Aadland. Offer: NMS Skånevik kl. 11.00 Høgtidsgudst. Mæland Kyrkjekoret; Nattv. Offer: NLM Fjæra kl. 17.00 Aadland. Offer: Normisjon 10.05. 4.s.e. Påske Gjerde kl. 11.00 Konf.gudst. Mæland Offer: Kr.russ Lundenes. 17.05. 17. mai Gjerde kl. 10.30. Fam.gudst. Mæland. Offer: Skulelaget Skånevik kl. 10.30 Fam.gudst. Viarpr. Offer: S.vik S.skule Fjæra kl. 13.00 Fam.gudst. Vikarpr. Offer: KN 21.05. Kr. himmelfart Stødle kl. 11.00 Mæland, Nattv. Offer: Samskipnaden 24.05. 6.s.e. Påske Frette kl. 11.00 Aadland, Nattv. Offer: Kyrkjelyd 31.05. Pinsedag Gjerde kl. 11.00 Høgtidsgudst. Mæland, Nattv. Offer: NLM Skånevik kl. 11.00 Høgtidsgudst. Aadland Nattv. Offer: Normisjon 07.06. Treeiningss. Grindheim kl. 11.00 Mæland, Nattv. Offer: Kyrkjelyd. 04.06. 2.s.e. Pinse Skånevik/Eikehaugen kl. 11.00 Aadland. Offer: S.skulen. Krinsen 21.06. 3.s.e. Pinse Rafdal kl. 13.00 Misjonsstemne, Mæland. Offer: NLM 28.06. 4. s.e. Pinse Gjerde kl.11.00 Mæland, nattv. Offer: Sjelesorg, Haraldspl. 05.07. 5. s.e. Pinse Skånevik kl.11.00 Aadland, nattv. Offer:?. Frette kl.17.00 Aadland, nattv. Offer: Norsk Muslimmisj. 12.07. 6. s.e. Pinse Stødle kl.11.00 Mæland, nattv. Offer: Kyrkjelyd. 19.07. 7. s.e. Pinse Skånevik kl.11.00 Mæland, nattv. Offer: 26.07. 8. s.e. Pinse Eikemo kl.13.00 Friluftsg., Mæland m.fl. Offer: Indremisj. 26.07. 8. s.e. Pinse Gjerde kl.19.00 Kveldsmesse Mæland, nattv. Offer: 02.08. 9. s.e. Pinse Skånevik kl.11.00 Vikar, nattv. Offer: 09.08. 10. s.e. Pinse Amfiet, Marknaden kl.11.00 Vikar; Offer: 16.08. 11. s.e. Pinse Stødle kl.11.00 Avskjedsgudst. Prost Theodorsen og Mæland. Nattverd. Offer: Ny Arbeidskyrkje 12 01.03. 1.s.i Faste Grindheim kl. 11.00 Vikarprest, Nattv. Offer: Kyrkjelyden 08.03 2.s.i Faste Skånevik kl. 11.00. Mæland, Nattv. Offer: Sjømannsmisj. Frette kl. 17.00 Mæland, Nattv. Offer: Samemisj. 15.03 3.s. i Faste Fjæra kl. 11.00 Mæland. Offer: Diakonien Årsfest etterpå. Gjerde kl. 19.00 Fastegudst. Mæland, konfirmantar. Offer: KN 22.03. Maria Bodskapsdag Enge bedeh. Kl. 11.00 Gen.gudst. Mæland Nattv. Offer: Ny Arbeidskyrkje. Årsfest etter gudst. 19.04. 1.s.e. Påske Grindheim kl. 11.00 Aadland, Nattv. Offer: Kyrkjelyd 24.04. Fredag Skånevik kl. 19.00. Samtalegudst. Pål Dale. Offer: B-&U-arb. 26.04. 2 s.e. Påske Stødle kl. 18.00 Samtalegudst. Mæland Offer: Biblar, konfirmantar 02.05. Laurdag Stødle kl. 12.00 og 13.45 Konfirmasjon Mæland, Offer: B-&U-arb. 03.05. 3.s.e. Påske Skånevik kl. 11.00 Konf.gudst. Pål Dale. Offer: Brandøy 09.05. Laurdag Fjæra kl. 12.00 Konf.gudst. Pål Dale Offer: B-&U-arb Gåver og Kontonummer Kyrkja i Etne tek imot gåver til ulike deler av arbeidet. Me gjer merksam på at no er det også mogleg å gje gåver til ny Arbeidskyrkje. Gåver til dette formålet gir høve til skattefrådrag. Men me må få melding om kven gjevaren er. No ser gåvekontoane slik ut: Tiltaket Kontonummer Arbeidskyrkje 3543.13.50007 Gjevartenesta (Barne- og Ungdomsarbeidet) 3543.10.01177 Stødle kyrkje 3543.13.28168 Grindheim kyrkje 3543.13.32971 Kyrkjeposten 3543.13.03246 Etne Sokneråd 3543.13.30081 kyrkjeposten.indd 12 08-01-09 09:24:37