Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012
Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf Driveklepp (på val i 2013) Sekretær : Ida Holstad (ikkje på val, 1 år att) Styremedlem: Berit Buran Juul ( på val i 2013) Varamedlema : Oddvar Aalde ( på val i 2013) Det har vore halde 3 styremøter. Det har i tillegg vore ein del saker som har vore behandla pr epost. Innkjøp av tilhengar med lokk. Ein forholdsvis stor innvistering, tanken bak denne hengaren er at vi skal sleppe å ha vått utstyr inne i bilane våre. Og so kan vi kjøre færre bilar når vi skal ut å dykke. Hengaren står nede v klubben. Hengaren kan brukast av medlemmane av Volda Dykkerklubb. Hengaren skal ikkje brukast til andre ting enn frakt av dykkerutstyr. Ta kontakt med ein i styret dersom du lurer på noke om bruk av hengaren
Fotokveld med Lill Haugen i september. Etter fleire års forsøk lukkast det endeleg å få Lill til sunnmøre for å vise bilder som ho har teke under vaten både i norge og ute i den store verda. Lill kom med gode fototips til dei som hadde møtt opp på denne laurdagskvelden. 16 personar hadde møtt opp. Vi fekk omtale i regionavisa og mørenytt. Godt oppmøte, og spesielt gledelig so kom det medlemar frå Møredykk og Ægir for å vere med oss på denne kjekke fotokvelden. Utleigeutstyr. Alle flaskene er trykktesta i 2012. Vi har kjøpt ein ny bcd vest og eit apex ventilsett. Det gamle utleigeutstyret blir ikkje lenger utleigd. Vi skal prøve å få selt det til ein billig penge. Vi har sett ein pris på kr 500 for den gamle bcd og ventilsettet, bly kjem i tilegg. Pr d.d. har vi 4 drakter og 8 flasker og 2 bcd og 2 ventilsett. Dykkeaktivitet, vi laga ein turplan i haust med stort sett lokale dykkemål. Vi sette opp ein «turansvarleg/dykkeleiar» på kvart dykkemål. Nokre kveldar og ein søndag i månaden. Det fungerte ganske bra. Vi kjem til å lage ein ny turplan som blir lagt ut på nettet. Det kan vere med på skape aktivitet. I tilegg har dykkekonkuransa vore ein medvirkande faktor til auka aktivitet. Eg vi oppmode alle medlemane til å bruke dykkepraten eller sms varslinga på heimesida når dei har tenkt å dykke. I september prøvde vi å arranger eit Tørrdraktkurs. Mange tek kurs i utlandet, og so blir det ikkje noko meir dykking når dei kjem heim til Norge. Vi meinte at det burde vere mulig å få med nokon frå studentmiljøet på dette kurset. Svein v Ålesund Dykkesenter var booka som instruktør og bassenget bestilt. Vi fekk omtale i lokalpressa og Berit hengde opp plakatar rundt omkring på høgskulen. Men ingen intresse Nok ein gong vart eit kurs avlyst. Vi bør henvise alle spørsmål om kurs direkte til Ålesund Dykkesenter.
I løpet av hausten har vi i Volda Dykkerklubb hatt ei intern dykkekonkuranse for å motivere medlemane våre til å bli meir aktive. Oppstart 1. september og avslutning 1. desember. Dei som får med seg minst 6 av dykkemåla blir med i trekninga av eit gåvekort på Ålesund Dykkesenter pålydande kr 2000,- Etter at fristen var ute 1 desember hadde følgande medlemar i VDK dykka på minumum 6 dykk: Audun, Roar, Berit. Audun vart vinnar av gåvekort på kr 2000,- v Ålesund Dykkesenter. Denne konkuransa var med på å auke aktiviteten i klubben. Dette bør vi gjere fleire gonger. Eit bra tiltak Registrering av kulturminna i Lygnstøylvatnet er no ferdig. Oppmålingane som vi har gjort var overlevert til kommuna i Ørsta. Det er vidaresendt til Sjøfartsmuseumet i Bergen. Vi har lagt ned mykje arbeid for å få ferdig denne registreringa. Informasjonskilt kjem til å kome opp i løpet av våren 2013. Mange har lagt ned mykje arbeid for å få dette arbeidet ferdig, takk til dei som har delteke. Bassengtida vår til Mandagar kl 1845 til 1930. oppfordrar fleire til å bruke bassengtida. Vi betalar over 6000 kr pr år for denne bassengtimen. Etter min kunnskap er timen svært lite i bruk. Styret har bestemt att vi kjem til å sei opp bassengtimen neste år om den ikkje blir meir brukt i 2013.
Klubblokaler. Styret har planar om ei oppdradering av klubblokala. Vi har søkt om 15 tusen i prosjektmidlar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Planen er å rive utstyrsrommet og lage låsbare skap til dykkerutstyr. Vi har behov for å lagre klubbutstyret. Det har vore snakka om at vi skal lage nokre skap som medlemane kan leige til sitt eige utstyr. Vi vil også skifte ut møblar og lage det betre til, slik at det blir trivlegare å møtast der nede. Vi kjem til å vidareføre leigeavtalen med Volda Røde Kors, vi betalar kr 2000,- pr år. Då kan vi bruke røde kors huset etter behov. Vi betalar no kr 2000 pr år i husleige til røde kors. Tidlegare har vi skullla stilt opp på dugnadsarbeid for røde kors som betaling for bruk av røde kors huset. Det er meir ryddig og enkelare for begge partar at vi betaler ein årleg fast sum. Takk for god innsats i 2012 For styret Roar Gjerde Formann VDK Ørsta 13.02.13