ETNE 2011. laurdag 5. februar kl. 10.00-02.00. Ingvar Moe 75 år Kunst og handverk Musikk og litteratur Uteaktivitetar og kurs Underhaldning og dans



Like dokumenter
Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Velkommen til songarstemne i Florø!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Frå novelle til teikneserie

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som bur i fosterheim år

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

/

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Sandeid skule SFO Årsplan

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Hei alle sjøstjerneforeldre

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

KULTURNATT ETNE februar

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Brukarrettleiing. epolitiker


Månadsbrev for Rosa oktober 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KULTURNATT ETNE laurdag 2. februar kl

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Stemnehandboka for NKSF

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ein oase for kunnskap og oppleving. Haustmeny

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Møteprotokoll for møte i

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

MEDLEMSINFO. august 2009

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Informasjon til elevane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jon Fosse. For seint. Libretto

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

M/S NYBAKK SI HISTORIE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

mmm...med SMAK på timeplanen

INFORMASJON om førestellinga:

Metodiske verktøy ved kursleiing

Årsplan i norsk, 4. klasse,

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012


OK, seier Hilde og låser.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Transkript:

PROGRAM KULTURNATT ETNE 2011 laurdag 5. februar kl. 02.00 Ingvar Moe 75 år Kunst og handverk Musikk og litteratur Uteaktivitetar og kurs Underhaldning og dans Aud Sigrid Flesland Kulturnatt 2010 i Etne www.etne-kulturhus.no Kulturnatt i Etne

Billettsal på Etne Kulturhus laurdag 5. februar frå kl. 09.00 og ved inngangen til alle arrangement Gjennomgangsbillett () til alle arrangement (ikkje førehandssal). Vaksne kr. 200. Barn (frå 6-15 år) kr. 50. Billett til kun eitt arrangement før kl. 18: Kr. 100. Gjennomgangsbillett gjeld følgjande stader: Galleri Misteltein Husflidslaget Meieriet Gjerde kyrkje FotoGrafisk Fugl Fønix Hotel Etne vg skule Etne kulturhus, Enge skule Enge bedehus ABC-Studio Kle deg etter veret! Nytt av året: Kulturnatt-Buff kr. 50 Kontaktpersonar: Marit Rønnevik tlf 479 04 538 Aslaug Olden Mala tlf 975 24 667 Berit Rafdal tlf 905 42 343 Marianne Øverland tlf 408 55 550 Velkomen til Kulturnatt for 3. gong! Første laurdagen i februar er i ferd med å få tradisjon som ei eventyrleg oppleving i Etne. Etter mange fine og stemningsfulle opplevingar, set folk av helga, ber slekt og venner heim og gler seg til ein frisk, triveleg og spennande vinterlaurdag. Her er noko for heile familien og me håpar at unge og gamle finn fram varme klede og godt humør og blir med ut. For ein rimeleg gjennomgangsbillett () får du sleppa inn på 18 program, og vil du berre på eitt program, kan du få det til ein lågare pris. Det skjer noko på 18 ulike stader ved Etnesjøen frå tidleg om morgonen til langt ut på natta. Mange hadde problem med å få med seg alt dei ville sist, og meininga var å ha færre program i år. Men det let seg ikkje gjera. Entusiasmen og energien er ustoppeleg. Det lovar godt for neste år då feirar me Kulturnatt i Skakke -senter for skule, idrett og kultur! I 2011 ville diktaren vår Ingvar Moe ha fylt 75 år. Me markerer jubileet med ulike program som viser spennvidda i forfattarskapen. Me vil ønskja spesielt velkomen til to langveisfarande gjester som kjende Ingvar personleg og som kjem for å heidra han i jubileumsåret: Tidlegare forlagsredaktør i Samlaget, nå direktør for Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad og visesongar og leiar for Ungt entrepenørskap avd. Telemark, Stanley Jacobsen. Takk til alle som er med på dugnad og til gode sponsorar som gjer arrangementet mogeleg! Beste helsing nemnda, på vegner av kommune, kulturhus, bedrifter og lag. Aslaug Olden Mala, Berit Rafdal, Marianne Øverland, Marit Rønnevik. Matservering laurdag 5. februar Kafèmat Senterkafeen (Etne senter) Kl 10:00 15:00 Saltnes Bakeri kl 09:30 14:00 Etne kulturhus, kafeen kl 12:00 14:00 Husflidslaget, meieriet kl 11:00 14:00 Røde Kors-kuset kafe kl 12.00 14:00 Enge bedehus kafe kl 12:00 13:30 kl 10:00 16:00 Kafèmat, varm mat og middag Hotel Fugl Fønix Cafè kl 12:00 22:00 Smak og Behag (tidl.rodin) kl 12:00 20:00 Hansahølen Restaurant kl 12:00 18:00 Lamino gatekjøkken kl 13:00 04:00 Etne kulturhus, kafèen kl 20:30 23:00 Garderobe Open garderobe for dusj og klebyte i Etne kulturhus. Kl. 14.00-19.00 Skyss til Kulturnatt Eldre eller funksjonshemma kan få skyss til Kulturnatt ved Etne Røde Kors. Ring Marthon Hustoft tlf. 900 66 963 INGVAR MOE 75 år 11.12.1936 2.9.1993 Folk som har skrive om Ingvar Moe, har ofte teke fram stemma hans. Nærværet og intensiteten. Ei pågåande og opposisjonell stemme. Ei stemme som lett kunne lokaliserast til ei viss bygd på Sør-Vestlandet. Han fann ein sport i det å gje ut i bokform, slikt som andre helst sopa under teppet. Det røynde nok på, både for forfattaren og etnesbygda. Men i dag er det vanleg å le, utan først å sjå på andre. Mang ein visevert eller festleiar har berga seg med å ha Ingvar Moe sine dikt i samling under armen når han entrar podiet. Frå han debuterte i 1975 med Løktastolpefrø, til han døydde 2. september i 1993, leverte han ein stor og svært allsidig produksjon. Diktsamlingar, noveller, romanar, lærebøker, omsetjingar, kåseri og humor. Mange av dei kjæraste visene til t.d. Olav Stedje og Vamp har tekstar av Ingvar Moe. Han opplevde å verta omfamna av så vel folket som akademiet. Det er ikkje uvanleg at skrivande menneske i interjusituasjonar viser til Ingvar Moe sine dikt. Det er fortalt at då Ingvar Moe stod på toppen av si karriære vart han ein gong kalla til å underhalda på ein bygdefest i Etne. Under dei innleiande forhandlingane fekk han grei melding. Det er skikkelege folk som kjem, så me skal ikkje ha noko rols. Forfattaren skal då ha smilt matt og sagt: Eg kjenner mitt publikum. Det gjorde han nok. Steinar Aalvik Skriv fram di eiga stemme Eit kurs for deg som ynskjer å oppdaga og utforska di eiga skriftstemme. Kurset kan opna opp nye dører i kvar einskild si skriving og skrift, anten du til no har skrive for bryllup, skule eller skrivebordskuffa, eller allereie har fått tekstane dine publisert. Eit praktisk skrivekurs, basert på nærlesing, skriveøvingar, samtale, spørsmål og diskusjon. For alle frå 15 år og oppover. Kurshaldar forfattar Inger Bråtveit. Fredag 4. februar kl. 17.00-21.00 og laurdag 5. februar kl. 10.00-12.00 på Enge skule. Pris kr. 400. Påmelding innan 30. januar til Marit Rønnevik tlf. 479 04 538. Arr. Etne Bibliotek Programpostar i høve 75-årsminnet for Ingvar Moe Utstilling av barneteikningar kl. 18.00 Lesestafett romanen Rundt Sjøen kl. 17.00 Foredrag om Ingvar Moe ved Ottar Grepstad kl. 13.00-13.45, Etne kulturhus, Kafèen «Eg kan» innslag frå Ingvar Moekabaret. kl. 13.00-13.30, Oldemor Rock! Barneprogram kl. 13.30-14.15, Fugl Fønix Hotel, Svingen Jazzkate & Bokbad med unge forfattarar kl. 14.30- ca. 17.00, Fugl Fønix Hotel, Svingen «Rundt sjøen». Vandring med overraskingar kl. 16.00-17.30, Start frå Etne senter «Neimmen, e det kje Ingvar di kjeme med!» Festprogram Ingvar Moe 75 år Kl. 19.00-20.30, Etne kulturhus, Kinosalen 2 3

Program laurdag 5. februar Verkstad for små og store Kl. 12.00, Enge skule, 1. etasje i Ungdomsskulebygget Lag hoppetau eller snorer, spikka i tre eller lær å tova. Rettleiing ved Eli Aga, Dag Silde og andre frå Etne Husflidslag Kunstutstilling Kl. 15.00, Bøker og sånn Biletkunst av Jan Terje Rafdal og Siv Helen Thomassen. Kunstnarane er til stades. Barneteikningar Kl. 18.00, Barn frå mellomsteget ved Enge skule viser teikningar dei har laga med utgangspunkt i Ingvar Moe sine dikt og barnebøker. Lesestafett Kl. 17.00, Man tager Ingvar Moe sin oppvekstroman, Rundt sjøen og 20 30 aktørar. Desse stiller seg opp på Etne Senter og les høgt etter tur, slik at boka vert lesen frå perm til perm. 283 sider og 122 kapittel. Det heile bør la seg gjera på om lag 7 timar. Arr. Etne Mållag Loppemarknad i Saloonen Kl. 15.00, salen Pink Cadillac i Old River Saloon er denne laurdagen fylt med lopper av alle slag. Er du på leit etter ein spesiell ting, eller vil sikra deg ein sjeldan godbit, bør du ta turen. Både barn og vaksne, samlarar og alle som er interesserte i gjenbruk, kan finna noko til ein billeg pris. Arr. UL Fram Dokkeutstilling Kl. 15.00 Etne vg skule (tidl. Etne blomster) Gunn Inger Wåla Høyland frå Etne lagar vakre porselensdokker, mest moderne dokker, men også reproduksjonar av antikke dokker. Ho begynte med dokkemakeri i 1994 og har lært seg kunsten av norske og utanlandske instruktørar. Gunn Inger har henta heim mange prisar på internasjonale festivalar. På utstillinga vil ho visa korleis ho lagar dokkene. Dette er ein svært tidkrevjande hobby som ikkje gjer det mogeleg å produsera nokon for sal. Nytta difor høvet til å sjå utstillinga! All verdens puter Kl. 14.00, Etne Husflidslag, Meieriet. Utstilling av puter i ulike teknikkar, saum, strikking, lappeteknikk m.m. Kafè og lotteri. Fotoutstilling Kl. 15.00, FotoGrafisk (tidl. Sjoarstovo) Kunstfoto ved Monica Madsgård. Servering av gløgg. med Skakkekoret Kl. 11.30, med Etne Soul Children og KM-karane Kl. 12.00-13.30, Enge bedehus. Kafè. Ope hus hos Etne Røde Kors Kl. 12.00-14.00, Røde Kors-huset Sjå kva utstyr hjelpekorpset har. Gjennomfør hjerte- og lungeredning. Film om Røde Kors. Kafè. Gratis tur med beltevogn mellom sentrum og Røde Kors-huset. Ingvar Moe forfattaren mellom språk og kvardag Kl. 13.00-13.45, Etne kulturhus, Kinosalen Levde Ingvar Moe i spennet mellom sosial og litterær vanetenking? Var han ein forseinka opprørar eller tok han poenga før oss? Og kva gjorde han i den nynorske skriftkulturen? Foredrag ved Ottar Grepstad (1953), oppvaksen i Nedre Vats, direktør for Nynorsk kultursentrum. Som forlagsredaktør i Det Norske Samlaget samarbeidde Grepstad med Ingvar Moe i åra 1980-93. Kunstneriske innslag. Arr. Etne bibliotek og Etne Mållag. Eg kan innslag frå Ingvar Moe-kabaret Kl. 13.00-13.30, Elevar og tidlegare elevar ved Enge skule framfører innslag frå kabareten Eg kan, ein Ingvar Moe-kabaret frå 2006. Tørrpastellkurs for nybegynnarar Kl. 13.00-16.00, Galleri Misteltein Tørrpastell er pigment utan olje i form av stifter eller blyantar. Det er enkelt i bruk og uttrykket blir mjukt og tørt. Pris kr. 300 inkl. kursmateriell (pastellkritt og papir). Ta gjerne med eige utstyr viss du har. Kaffe/tepause. Vel møtt til ei kreativ stund! Maks 10 deltakarar. Påmelding innan fredag 4.2 tlf. 99 63 76 26. Oldemor Rock! Kl. 13.30-14.15 Fugl Fønix Hotel, Svingen Lesestund for barn frå 6 år om Oldemor Rock av Ingvar Moe ved amatørskodespelar Martha Gro Kaldheim Håland. Gjøgling ved Helene Strømø Fosse. Arr. Etne bibliotek Visesong med Anne Lise Brekke Kl. 13.30-14.30, Anne Lise Brekke frå Bjoa har plukka ut eit variert knippe songar frå sitt rikhaldige repertoar. Ho har både Alf Prøysen og Torbjørn Egner på songlista si. I tillegg har ho mange sjølvlaga viser å velja i. 4 5

Programoversikt Kulturnatt 2011 ABC Studio Kl. EngeBedehus RødeKors huset OldRiverSaloon EtneKulturhus Storsal/kafe Engeskule 1.etg.Ungdomsskulebygget 10.00 11.00 Loppemarknad 12.00: Verkstad for små og store 12.00 12.00: 12.00: 12.00: 13.00 14.00 15.00 16.00 17.00 18.00 Kafè 13.30-14.30 EtneKulturhus Kinosalen Stovo/ Etneomsorgss. < Ottar Grepstad Musikk Stovo 15.30: Oms.s. EtneSenter Maratonopplesing Utstilling 11.30: Bøker&Sånn Etnevgskule (tidl.blomsterbutikk) Kunstutstilling Utstilling av dokker FuglFønixAtelier (Sæbøhuset) FuglFønixHotel 13.30-14.15 Oldemor Rock 14.30- ca. 17.00 Jazzkafè & Bokbad 18.00-18.00-19.00 19.00: 21.00: 21.00: Ingvar Kunstverkstad Fotokurs I studio 20.00 Moe 75 år Djuptrykk Trio søt Program 21.00 21.30: 21.00: Tema i år: Ingvar Moe 75 år ABC live 21.00-01.00: 22.00 Gammal- 22.00: dans- galla 23.00 23.00: Tony Smith 24.00 18 år < Rullestad & Markhus 01.00 22.00-02.00: Backtobasic Diskotek 18 år FotoGrafisk (tidl.sjoarstovo) Fotoutstilling Gjerdekyrkje Syng med oss! Husflidslaget Meieriet Ope hus Kafè Kafè 13.00-13.45: Foredrag 14.00: Utstilling Kafè GalleriMisteltein 13,00-16.00: Kurs i pastell 17.00-20.00: Kunstutstilling. Rundtsjøen friluftvaksne 16.00-17.30: Rundt Sjøen Vandring Rundtsjøen friluftbarn 13.00-13.30: Kabaretinnslag 16.00- Speidarleir og tur med Barnas turlag < Vidar Vedå 6 7

Jazzkafe & Bokbad Kl. 14.30- ca. 17.00 Fugl Fønix Hotel, Svingen Lasse Jarmer og Morten Odéen kvartett er sett saman i høve Kulturnatt. Hovuddelen av repertoaret er gamle standard jazzlåtar. Musikarane er Lasse Jarmer, piano, Morten Odéen, trombone, Anders Lunde, bass, Henrik Nerheim, trommer. Bokbad med 3 unge forfattarar: Inger Bråtveit, Gaute Sortland og Ruth Lillegraven. Programleiar Kari Aakra. Inger Bråtveit (f. 1978) kjem frå Suldal. Ho debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord, og i 2008 kom den andre romanen Siss og Unn, ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne. Ho har fått ei rekke prisar og stipend. Ho arbeider no som omsetjar for Det Norske Bibelselskap sitt prosjekt «Bibel 2010». Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte i 2009 med romanen Johan, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Han mottok mange gode meldingar for debutboka. Johan er ei forteljing om det å mista og leva vidare. Ny bok kjem i vår: Du er her igjen og alt er forandra, består av glimt og forteljingar, og her får dei fleste vera med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet. Ruth Lillegraven (f.1978), kjem frå Granvin. Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Store, stygge dikt. Den første romanen Mellom oss er nett komen ut. Det er ei historie om 3 generasjonar frå krigens dagar til vår eiga tid. Mot eit bakteppe av historiske hendingar viser ho korleis det vesle livet speglar den store verda og korleis gamle løyndomar kan få følgjer mange år seinare. Arr. Etne bibliotek og Etne Mållag Dikt og musikk Kl. 15.00-15.30, Stovo, Etne bustadskiping Kl. 15.30-16.00, Etne omsorgssenter Toraderduo frå Etne toraderlag. Opplesing av tekstar av Ingvar Moe ved Bjørn Seljestad. Rundt sjøen Etnesjøen slik me hugsar det. Vandring med overraskingar Kl. 16.00-17.30, Start frå Etne senter Ved Einride Aakra, Erik P. Grindheim og Vidar Børretzen. Speidarleir og tur for barn kl. 16.00, Sjoargarden. Me tenner bålpanna og kokar kakao og kaffi.alle kan få laga seg pinnebrød på bålet. Kl. 17.00 Rundløype m/refleks i mørket. NB! Ta med lommelykt. Turleiar Arve Vågen tlf. 98256725. Hugs gode utekler uansett ver!!. Slutt ca 18.00 Arr. Barnas Turlag og Speidarane Kunstutstilling Kl. 17.00-20.00, Galleri Misteltein Kunstnar og scenograf Aud Sigrid Flesland stiller ut biletkunst i ulike teknikkar med hovudvekt på vikingbilete i strukturteknikk. med Vidar Vedå Kl. 18.00-18.30, Galleri Misteltein Visesongar Vidar Vedå frå Stord syng i det kjende rockekoret Storm Weather Shanty Choir frå Stord. Vidar skriv og komponerer eigne humoristiske viser. Få med deg denne morosame konserten! Fotokurs i studio Kl. 18.00-21.00 FotoGrafisk Kurs i lyssetting, fotografering og etterarbeid ved fotograf Monica Madsgård. Maks 7 deltakarar. Kursavgift kr. 100. Påmelding innan fredag 4.2. Tlf. 938 88 418 Kunstverkstad Kl. 18.00-21.00 Fugl Fønix Atelièr (Sæbøhuset) Lag ditt eige trykk! Innføring i djuptrykk ved kunstnar Jan Terje Rafdal. Kursavgift kr. 550 inkl. materiell. Maks 10 personar. Påmelding innan fredag 4.2. Tlf. 902 06 545 Neimmen, e det kje Ingvar di kjeme med! Festprogram Ingvar Moe 75 år Kl. 19.00-20.30, Etne kulturhus, Kinosalen Ei førestilling bygd på Ingvar Moe sine tekstar, dikt, songar, sketsjar og kåseri. Ein liten filmsnutt er det òg. Dette vert framført av lokale krefter. Det meste er henta frå kabaretane Barre pitte litt og Rundt sjøen med m.a. visegruppa Rekved. Gjesteartist er den kjende visesongaren Stanley Jacobsen. Han turnerte ilag med forfattaren på 80-talet. Steinar Aalvik bind det heile saman på sin lune og humoristiske 8 9 måte. Stanley Jacobsen Syng med oss! Kl. 21.00-22.00, Gjerde kyrkje Gruppa Flyt ved Solveig Kringlebotten, Anne Grethe Rullestad, Torunn Kringlebotten, Tor Arne Engdal og Edvard Skotte Fatland framfører gamle og nye songar og salmar. Mykje allsong! ABC Live. med Trio Søt og Bergen Mandolin Band i ABC Studio Kl. 21.30-23.00, ABC-Studio. NB. Begrensa plass! Dørene opnar 21.00. Ver tidleg ute! Trio Søt består av Anne Lise Frøkedal (Harrys Gym og I was a king), Helga Gunnes og Ragnhild Elisabeth Risanger

Meland. Trioen har eit repertoar utanom det vanlege. Dei har oversett nokre av dei flottaste låtane til kultbandet Motorpsycho til nynorsk og framfører desse på ein eigen måte. Vestlandsorkesteret Bergen Mandolin Band skriv eige låtmateriale ein stad mellom bluegrass og visefolk og dei både spelar og syng på Haugesunds-dialekt om ærlege arbeidsfolk og mislykka kjærleik. Gruppa har opparbeidd seg eit sterkt rykte som eit noko spesielt liveband, og blant dei dyktige musikarane finn me Ingemund Askeland frå Etne på banjo. Under Kulturnatt i Etne møtes desse to banda til ein eksklusiv konsert som blir filma og vist på Sebyen.no og Altibox til våren. www.abcstudio.no www.sebyen.no/abclive Gammaldansgalla Kl. 21.00-01.00 Etne kulturhus, Storsalen Dans deg inn i vinternatta til variert og drivande god dansemusikk. Jon Arne Markhus med vokalist Anne Grethe Rullestad og Etne Toradarlag. Musikken spenner frå tradisjonell gamaldans til swing og tango. Jon Arne har spelt til dans sidan konfirmasjonsalderen og er ein svært populær spelemann. Anne Grethe er utdanna som songar og har brei erfaring frå kor og som solist. Etne Toradarlag har medlemmer frå Etne, Skånevik og Kvinnherad. Dei er ein rutinert gjeng som får det til å kribla skikkeleg i dansefoten. Tony Smith Kl. 22.00-02.00, Tony Smith er ein engelsk trubadur med mange års erfaring frå spelestader både i England og også i Norge. Han har eit stort repertoar som spenner frå 50-60 og 70-tals balladar og rockelåtar, til nytt stoff. Ein kan nemna BobDylan, Creedence Clearwater Revival, Smokie, Neil Young, Guns n Roses m.fl. Tony Smith er kjend for sin utruleg gode kontakt med publikum, og spelar gjerne på oppfordring. Aldersgrense 18 år. back2basic Kl. 22.00-02.00 Hotel Fugl Fønix, Svingen Fugl Fønix og DJ Lundski inviterer til ein kveld spekka med god og groovy dansemusikk ispedd ein dose rock n roll, kjende klassikarar, r&b, reggae, hiphop, funk, soul og latino. Aldersgrense 18 år. Ballader i vinternatt ved Balsam Kl. 23.00-24.00 Etne Kulturhus, Kinosalen Balsam ved Torhild Hamre og Hege Windsand Brekke har funne fram sine finaste ballader. På piano Svein Kjetil Løhaugen. Få ei stemningsfull stund etter ein travel dag med nydelege tonar! Kulturnatt Etne - Laurdag 5. februar Gjennomgangsbillett kr. 200/barn kr. 50 () kan kjøpast på Etne Kulturhus 5. februar frå kl. 9.00 eller på kvar arena. (Billett til kun eitt arrangement før kl. 18.00 kr. 100.) www.etne-kulturhus.no Kulturnatt i Etne Tid Program Stad Bill. 12.00 15.00 18.00 17.00 15.00 15.00 14.00 15.00 11.30 12.00-13.30 12.00-14.00 13.00-13.45 13.00-13.30 13.00-16.00 13.30-14.30 13.30-14.15 14.30-17.00 16.00-17.30 16.00-18.00 17.00-20.00 18.00-18.30 18.00-21.00 18.00-21.00 19.00-20.30 21.00-22.00 21.00-23.00 21.00-01.00 22.00-02.00 22.00-02.00 23.00-24.00 Verkstad for små og store Kunstutstilling Rafdal og Thomassen Utstilling barneteikningar Lesestafett Loppemarknad i Saloonen, kafè Dokkeutstilling og demonstrasjon All verdens puter, utstilling og kafè Fotoutstilling Monica Madsgård med Skakkekoret med Etne Soulchildren og KM-karane. Kafè Ope hus hos Etne Røde Kors. Kafè Foredrag om I.Moe v/ Ottar Grepstad Eg kan kabaret-innslag Tørrpastellkurs Visesong med Anne Lise Brekke Oldemor Rock, lesestund og gjøgling Jazzkafè & Bokbad Rundt sjøen - vandring, omvising Speidarleir og tur for barn Kunstutstilling Aud Sigrid Flesland med Vidar Vedå Fotokurs i studio Kunstverkstad - djuptrykk Festprogram Ingvar Moe 75 år Syng med oss! Allsongkveld med Flyt ABC Live. med Trio søt og Bergen Mandolin Band Gammaldansgalla Tony Smith Backtobasic, diskotek DJ Lundski Nattkonsert med Balsam Enge skule Bøker & sånn Tidl. Etne blomster Meieriet FotoGrafisk Enge bedehus Røde Kors Huset Etne kulturhus Galleri Misteltein Fugl Fønix, Svingen Fugl Fønix, Svingen Ute rundt sjøen Ute Sjoargarden Galleri Misteltein Galleri Misteltein FotoGrafisk Fugl Fønix Atelièr Etne Kulturhus Gjerde kyrkje ABC Studio Etne kulturhus Fugl Fønix, Svingen Etne kulturhus påmeld. påmeld. påmeld. 10 11

Sponsorar: Arenaoversikt 2 4 7 5 6 3 9 12 8 11 10 15 1 16 13 1. Røde Kors huset 2. Husflidslaget, Meieriet 3. Etne vg skule (tidl. Blomsterbutikk) 4. Fotografisk 5. Fugl Fønix Hotel 6. Gjerde kyrkje 7. Fugl Fønix Atelièr 8. 9.Bøker & sånn 10. Ståvo, Bustadskipinga 11. Etne Kulturhus 12. 13. ABC Studio 14. Galleri Misteltein 15. Enge skule, ungd.skule 16. Enge bedehus E134 14 Etne Kommune