INNLEIING ØKONOMI. Synnøve Marie Sætre leiar. Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar. Kirsti Lunde skrivar. Hans Rasmus Glomsrud sentralstyremedlem

Like dokumenter
SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat

INNLEIING ØKONOMI. Karl Peder Mork leiar. Synnøve Marie Sætre skrivar. Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 15. mars. Innsjekking på Litteraturhuset i Fredrikstad.

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Innleiing ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Vel nynorsk for barnet ditt!

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

3 Det målpolitiske grunnlaget tufta vert slege fast gjennom særskilt vedtak på landsmøtet.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

REKNESKAP FOR NORSK MÅLUNGDOM 2009

Vedtekter for Vestland SV

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Organ og verv i Norsk Målungdom

ARBEIDSPLAN HORDALAND NEI TIL EU. Mars 2019 februar 2020

Målbruksplan for Ål kommune

Arbeidsprogram for Norsk Målungdom. «Vend vinden»

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Organ og verv i Norsk Målungdom

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Sakspapir. Halvtårsmøte i Studentmållaget i Oslo. 15. september 2016

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ARBEIDSPLAN

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Vitring frå styret årsmelding for Studentmållaget i Bergen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

13. Sendetida på TV aukar

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Finnøy og Rennesøy kommunar

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

12. Færre besøk ved norske kinoar

Organ og verv i Norsk Målungdom

KONTROLLUTVALET I SOGNDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2013 UTKAST

Om valnemnda Valnemnda blei valt på landsmøtet i Oslo i 2015, og tok sete etter sommaren same året.

1Vaksne i grunnskoleopplæring

ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Organ og verv i Norsk Målungdom

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

LM15-12 Fråsegner. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne fråsegner.

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Sogn og Fjordane Bondelag

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Rødts landsmøte. Vedtekter for Raudt framlegg frå vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Framlegg til vedtekter for Vestland SV

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Vegtrafikkindeksen juni 2018

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Vegtrafikkindeksen 2018

Sak 2 Årsmelding for Kringkastingsringen 2015

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rødts landsmøte. Hjelpedokument fra vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Transkript:

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 INNLEIING Norsk Målungdom (NMU) arbeider for at alle i Noreg skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og å fremje nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet. NMU er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Sentralstyret og skrivarstova held til på Lilletorget 1 i Oslo. Det har ikkje vore fysiske ulukker eller skadetilfelle i 2015. Sjukefråværet i 2015 var på 17 dagsverk, noko som utgjer 3,6 % prosent. Skrivaren var sjukmeld i to veker i juni. Verksemda Norsk Målungdom korkje skadar eller ureinar det ytre miljøet. Norsk Målungdom praktiserer likestilling, og er mot diskriminering på grunnlag av språk, kjønn, seksualitet, etnisitet, livssyn eller funksjonshemming. Landsstyret vurderer det slik at det framleis er grunnlag for vidare drift av organisasjonen. Landsstyret har sett opp årsrekneskapen for 2015 under denne føresetnaden. Ved utgangen av arbeidsåret 2015 2016 hadde Norsk Målungdom 19 lokallag. 1 I 2015 hadde Norsk Målungdom 1 394 betalande medlemer. 1 004 av desse var under 26 år, såkalla teljande medlemer. Medlemstalet har gått opp med 100 medlemer frå året før, av desse er 20 teljande medlemer. 2 Talet på lokallag har gått ned med 1 lag. Arbeidet i perioden 2015 2016 har vore prega av meir synleggjering av det språklege mangfaldet i Noreg. Norsk Målungdom har gått ut med krav og oppmodingar til både offentlege og private om å bruke nynorsk, men også samisk og kvensk i dei områda det har vore relevant. Organisasjonen har vore særskilt synlege i det offentlege ordskiftet om sidemål i skulen, retten til eksamen på eige språk og nynorsk i rikspressa. ØKONOMI Økonomien er trong, men stabil. Den daglege økonomistyringa har vore prega av struktur, kontroll og nøktern pengebruk, noko som igjen gjer det lettare å styre økonomien i berekraftig lei frametter. Norsk Målungdom har i mange år hatt gjeld til staten, og har hatt ein avtale om nedbetaling med Statens Innkrevingssentral. Avtalen har gjort at NMU har mått gå nærare 300 000 i overskot kvart år. Siste avdrag av nedbetalinga vart betalt i mai 2015, og NMU er no gjeldsfrie. Framleis stram økonomisk styring er ein føresetnad for drifta også etter at gjelda er gjort opp for. Dei neste arbeidsperiodane må vera vigde til å byggje eigenkapital slik at organisasjonen er rusta til målkamp og målungdomsarbeid i tida som kjem. Synnøve Marie Sætre leiar Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar Kirsti Lunde skrivar Kine Svori sentralstyremedlem Fredrik Hope økonomiansvarleg Hans Rasmus Glomsrud sentralstyremedlem 1 2 Arbeidsåret 2015 2016 er ikkje avslutta enno. Dette talet er basert på kor mange lokallag organisasjonen har per 19. februar 2016, og kor mange lag som skal skipast før landsmøtet. Medlemstala er ikkje gjennomgått av revisor. 1

28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 ORGANISASJONEN Organ og tillitsvalde Landsstyret Landsstyret er det høgste politiske organet i Norsk Målungdom mellom landsmøta, og har høve til å setje ned nemnder og utval, vedta fråsegner og gjere andre organisatoriske og politiske vedtak. Mange i landsstyret har vore aktive i ulike nemnder. Det er landsstyret som deler ut Dialektprisen. I perioden har landsstyret hatt fem møte, fire i Oslo og eitt i Trondheim. Leiaren sit i landsstyret med nestleiaren som personleg vara. I perioden 2015 2016 har desse sete i landsstyret: Frå landsmøtet til 12. juli Karl Peder Mork (leiar) Personleg vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) Frå 12. juli Synnøve Marie Sætre (leiar) Personleg vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) Desse vart valde på Landsmøtet i Oslo 2015: 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 Daniel Fridberg Moen Ingrid Hovstad Brage Haugbjørg Haugen Åsmund Mikalsen Kvifte Magnus Løken Amanda Tveit Lavalette Eline Bjørke Øystein Sandve Astrid Myren Sigrid Goll Fride Snipsøyr Holøs Gunnhild Skjold Trondheim i Sør-Trøndelag Bergen i Hordaland Samnanger i Hordaland Ås i Akershus Oslo Stavanger i Rogaland Trondheim i Sør-Trøndelag Bergen i Hordaland Sund i Hordaland Oslo Ålesund i Møre og Romsdal Tromsø i Troms 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 Varafolk: 1. Fredrik Vonheim Heimsæter Bergen i Hordaland 2. Ronja-Katrin Knutsen Larsen Rana i Nordland 3. Svein Soldal Eggerud Randaberg i Rogaland 4. Odd Vegard Paulsen Oslo 5. Ingvild Elisabeth Fagereng Fredrikstad i Østfold 6. Sara Hamre Sekkingstad Oslo Landsstyret har vedteke desse fråsegnene i perioden: Norsk Målungdom ber om nynorsk Netflix Norsk Målungdom krev eksamenen på nynorsk Nynorskfylket med bokmålsfagbrev Nynorsk i Donald ikkje heilt på vidda! Styrk det kvenske miljøet i Børselv Facebook på nynorsk Norsk forsking er lettare å forstå Norsk Målungdom jublar for Skånland 2

71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 Tak vare på dei språklege knutepunkta [TILLEGG FRÅ FEBRUAR-MØTET] Sentralstyret Sentralstyret er den administrative eininga i organisasjonen, og driv det daglege politiske arbeidet etter arbeidsprogrammet og innspel frå landsstyret. I regelen har sentralstyret hatt møte kvar tysdag og dugnad kvar onsdag. Det meste av arbeidet vert likevel lagt ned utanfor møtetid, både individuelt og i nemnder. Sentralstyret har hatt to sentralstyresamlingar, ei i Ørsta i juli og ei i Oslo i desember, for å planleggje arbeidet framover og for å skulere seg sjølve. Arbeidsfellesskapen har fungert godt i heile arbeidsperioden. I perioden 2015 2016 har desse sete i sentralstyret: Fram til 13. juli: Leiar: Karl Peder Mork Oslo Nestleiar: Kristofer Olai Ravn Stavseng Møre og Romsdal Skrivar: Synnøve Marie Sætre Møre og Romsdal Økonomiansvarleg: Fredrik Hope Sogn og Fjordane Styremedlem: Jorunn Simonsen Thingnes Sogn og Fjordane 1. vara: Maria Kristine Sture (f. Svendsen) Oslo 2. vara: Helene Urdland Karlsen Hordaland 3. vara: Janne Kristin Svarstad Nygård Sogn og Fjordane Desse blei valde på Landsmøte i Oslo 2015: Leiar: Synnøve Marie Sætre Møre og Romsdal Nestleiar: Kristofer Olai Ravn Stavseng Møre og Romsdal Skrivar: Kirsti Lunde Oppland Økonomiansvarleg: Fredrik Hope Sogn og Fjordane Styremedlem: Kine Svori Sogn og Fjordane Styremedlem: Hans Rasmus Glomsrud Østfold 1. vara: Jorunn Simonsen Thingnes Sogn og Fjordane 2. vara: Maria Kristine Sture (f. Svendsen) Oslo 3. vara: Helene Urdland Karlsen Hordaland Valnemnda Valnemnda har til oppgåve å innstille på nye styre og representantar for Norsk Målungdom i Noregs Mållag. I perioden 2015 2016 har desse sete i valnemnda: 102 103 104 Karl Peder Mork (leiar) Martine Rørstad Sand Ingrid Ophaug Dahl Oslo Møre og Romsdal Hordaland 105 106 107 108 109 110 111 112 Varafolk: 1. Vilde Torheim Skjerdal Sogn og Fjordane 2. Stein Olav Romslo Buskerud Skrivarstova Skrivarstova har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen, og utfører administrative oppgåver knytt til målferd, medlemsregister, målgåveregister, dagleg økonomiarbeid og kontakt med medlemer og lokallag. Skrivarstova har vore sett saman av Karl Peder Mork (leiar) i 50 % stilling, Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) i 50 % stilling, og Synnøve Marie Sætre (skrivar) i 100 % stilling fram til august. Då tok Synnøve Marie Sætre (leiar) i 3

113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 70 % stilling, Kirsti Lunde (skrivar) i 100 % stilling, Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) i 20 % stilling, og Fredrik Hope (økonomiansvarleg) i 10 % stilling over. Nemnder og utval Ved sida av sentralstyret sine arbeidsnemnder har landsstyret sett ned nemnder og utval for organisasjonen i tråd med vedtaka frå landsmøtet 2015. Norsk Målungdom har hatt fylgjande nemnder og utval i arbeidsåret 2015 2016: Bladstyret Bladstyret har hatt ansvaret for å gje ut og skaffe innkomer til medlemsbladet Motmæle. I perioden 2015 2016 har desse sete i bladstyret: Jorunn Simonsen Thingnes (bladstyrar) Hans Rasmus Glomsrud Vegard Storsul Opdahl Astrid Myren Sunniva Thingnes Leira Lokalaktivitetsutvalet Lokalaktivitetsutvalet har hatt i oppgåve å samle inn kunnskap og røynsler frå lokale tilskipingar, og gjere informasjonen lett tilgjengeleg for alle lokallaga. I perioden 2015 2016 har desse sete i lokalaktivitetsutvalet: Åsmund Mikalsen Kvifte (nemndsleiar) Ingrid Hovstad Amanda Tveit Lavalette Sigrid Goll Kristofer Olai Ravn Stavseng Nemnd for arbeidsprogrammet 2016 2017 Programnemnda har hatt ansvaret for å forme ut nytt arbeidsprogram for neste arbeidsperiode. I perioden 2015 2016 har desse sete i programnemnda: Kine Svori (nemndsleiar) Øystein Sandve Gunnhild Skjold Eline Bjørke Brage Haugbjørg Haugen Landsmøtet 2015 Landsmøtet i 2015 var på Linderud ungdomsskole i Oslo. Til saman hadde lokallaga valt 59 utsendingar. I salen møtte 47 utsendingar og observatørar. Landsmøtet vedtok mellom anna ein revisjon av programmet «Noreg som fleirkulturelt samfunn», som fekk namnet «Noreg som fleirspråkleg samfunn». Landsmøtet 2015 vedtok desse fråsegnene: - Løys opp den vonde sirkelen i sidemålsundervisninga! - Nynorsk i riksavisene - Nynorskopplæring for innvandrarar - Odda-modellen forut for si tid, og fortsatt høgst relevant - Styrk kvensk hev nivået! 4

154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 Noregs Mållag Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og deler hus med moderorganisasjonen. Samarbeidet og sambuarskapet har vore godt. Etter lovene og samarbeidsavtalen mellom organisasjonane, har NMU rett på representantar i utvala Noregs Mållag set ned. Noregs Mållag har hatt følgjande utval der Norsk Målungdom har vore representert: Styret i Noregs Mållag Representant: Synnøve Marie Sætre 1. vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng 2. vara: Kirsti Lunde Leiaren i Norsk Målungdom, Karl Peder Mork før 12. juli og Synnøve Marie Sætre etter 12. juli, har møtt på alle styremøta for NMU. Me opplever deltakinga i styret som konstruktiv og fruktbar, og at innspela våre vert tekne på alvor. Landsrådet Representant: Fredrik Hope 1. vara: Kine Svori 2. vara: Åsmund Mikalsen Kvifte Fredrik Hope møtte som NMUs representant på landsrådsmøtet i Noregs Mållag 21. 22. november. Synnøve Marie Sætre møtte som NMU-leiar og NMU-representant i styret til Noregs Mållag. Valnemnda Representant: Jorunn Simonsen Thingnes 1. vara: Hans Rasmus Glomsrud 2. vara: Ingrid Hovstad Jorunn Simonsen Thingnes har møtt som NMUs representant på alle møte i valnemnda i Noregs Mållag. 177 178 179 180 Organisasjonsnemnda Representant: LO-nemnda Representant: Fredrik Hope Karl Peder Mork 181 I 2014 gjekk Noregs Mållag over til å ha landsmøte annankvart år, og hadde soleis ikkje landsmøte i perioden. 5

182 183 184 185 186 Samskipnaden Medlemsmassen I 2015 gjekk talet på teljande medlemer (betalande medlemer under 26 år med adresse i Noreg) opp til 1 004. Det er ein auke på 20 medlemer jamført med 2014. Det samla talet på betalande medlemer gjekk opp med 100 frå 1 294 i 2014 til 1 394 i 2015. Talet på betalande medlemer over 26 år har gått opp frå 312 i 2014 til 390 i 2015. 1 1400 Medlemstal 1200 1000 800 600 Under 26 Over 26 400 200 0 Teikning 1: Betalande medlemer siste 10 år. 187 188 189 190 191 192 193 194 195 Etter ein liten nedgang førre periode, greidde me denne perioden å bikke 1 000 teljande medlemer igjen. I tillegg kan me skilte med det beste totale medlemstalet sidan 2008, trass i at me har ein markant nedgang i nyinnmelde medlemer. Av tabellen under ser me at rekordmange av dei nyinnmelde har betalt medlemspengar, og at nedgangen såleis ikkje gjev så stort utslag. Ofte er det ei utfordring å få folk til å halde fram med å betale medlemspengar, sjølv om dei har vore betalande medlemer i ei årrekke. Det er noko me har fått godt til i 2015, mykje på grunn av at me har klart å halde trykket på medlemspengepurring oppe heilt ut året. 1 194 av medlemene i 2015 har vore medlem over eit år. Me klarer å halde på medlemene, noko som er avgjerande for ein stabil medlemsmasse. Samstundes bidreg dette til at medlemsmassen stadig vert eldre. 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Nyinnmelde u/26 391 342 383 439 394 355 212 Nyinnmelde totalt 407 353 403 453 412 384 231 Nyinnmelde u/26 % 96 97 95 97 85 92 92 Betalande totalt 207 205 230 350 343 190 200 Betalande % 51 58 57 77 83 49 87 Tabell 1: Nyinnmelde medlemer og betalande av desse, siste 7 år 196 197 198 Medlemsauken er rett nok ikkje fullt så stor som me hadde ambisjonar om. Me har hatt relativt gode medlemstal dei siste åra, og under denne føresetnaden vedtok landsmøtet i Oslo i 2015 at me skulle sikte mot 1 100 dette året. Så langt nådde me ikkje, men me vurderer det slik at målet på ingen måte er urealistisk. Klarer me å 1 Tala i dette avsnittet er ikkje reviderte. 6

199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 gjenskape dei gode betalingstala frå 2015 og forbetre innmeldingstala i åra som kjem, vil det kunne danne grunnlaget for eit større og sterkare NMU i framtida. Vervekampanjen Norsk Målungdom hadde vervekampanje frå 24. august til 27. september. Kampanjen var ein kombinasjon av tevling mellom enkeltpersonar og lokallag. Det var ei eiga tevling mellom studentmållaga som starta til studiestart 17. august. Beste lokallag vart Firda målungdom. Beste studentmållag vart Studentmållaget i Bergen. I løpet av perioden fekk me inn 88 vervingar, og 84 av desse svara medlemspengar. Det er langt færre vervingar enn i 2014, men me skal merke oss den store auken i betalingsvilje hjå dei nyverva i 2015 jamført med 2014. Arbeidet med vervekampanjen var godt planlagt og gjennomført, og det er er vanskeleg å peike på ein eintydig årsak til nedgangen. Truleg kan noko forklarast med ein stabil medlemsmasse med lite utskifting og ein særs god vervekampanje i 2014. 180 Vervingar, betalande 160 140 120 100 80 Vervingar Betalande 60 40 20 0 Teikning 2: Vervingar siste fem vervekampanjar 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 Lokallaga Lokallaga er grunnplanet i organisasjonen, og organiserer medlemer lokalt. Norsk Målungdom har 19 lokallag fordelt på 12 av fylka i landet. Av desse er 7 studentmållag. To av laga er skipa i 2015, og to er nyskipa i 2016. Til samanlikning var det 20 lag i 2014. 1 Det er alltid ei utfordring å stabilisere aktiviteten i lokallaga. Aktivitetsnivået er svært ulikt i dei ulike laga, og kan svinge mykje også internt i kvart einskilde lag. I 2015 var det få skulestartaksjonar, men mange av laga, særskilt studentmållaga, var i aktivitet knytt til studiestart og vervekampanje. Jamt over har det vore god aktivitet i laga våre i perioden, og me har færre lag utan aktivitet utanom årsmøte. Sentrallekken har stilt seg til disposisjon for lokallaga, og somme lag har hatt vitjing av sentralstyrefolk utanom årsmøte. Særleg har sentralstyret vore til hjelp for lokallaga med å handtere frifondsordninga. Rutinane kring Frifond vart endra førre periode, noko som førte til nokre forviklingar, men i 2015 har både sentralstyret og mange av lokallaga fått god kontroll på ordninga. For fyrste gong på mange år løyvde me heile tilskotet frå Frifond til lokallaga. Det er eit gode for organisasjonen at lokallaga har økonomiske midlar til å skape aktivitet lokalt. 1 Arbeidsåret 2015 2016 er ikkje avslutta enno. Tala i avsnittet er basert på kor mange lokallag organisasjonen har per 19. februar 2016, og kor mange lag som skal skipast før landsmøtet. 7

224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 242 243 244 245 246 247 248 249 250 251 252 253 254 255 256 257 258 259 260 Norsk Målungdom har hatt desse lokallaga i arbeidsperioden: Akershus Ås Studentmållag Hedmark Mjøsa Målungdom Hordaland Studentmållaget i Bergen Sørfjorden Målungdom Møre og Romsdal NMU Ålesund og omland Molde Målungdom Søre Sunnmøre Målungdom [Studentmållaget i Volda] Oppland Fron Målungdom Oslo Katta Målungdom Studentmållaget i Oslo Rogaland Kongsgård Elevmållag Studentmållaget i Stavanger Sogn og Fjordane Firda Målungdom [Sogndal Målungdom] Sør-Trøndelag Studentmållaget i Nidaros Troms Studentmållaget i Tromsø Vest-Agder Studentmållaget i Agder Østfold Østfold dialekt- og målungdom Tilskipingar Dei nasjonale tilskipingane er den viktigaste møteplassen for medlemene i organisasjonen. Gamle og nye medlemer treffest for å skulere seg, møte gamle vener på tvers av laga, knyte kontaktar og kveikjast til vidare arbeid i organisasjonen. I arbeidsperioden skipa Norsk Målungdom til sumarleir, haustkonferansen Språk i grenseland og vinterleir. Studentmållaget i Stavanger skipa til studentsamling. 8

261 262 263 264 Tilskipingane får gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og eksterne innleiarar set pris på å få kome. Deltakartala dei fem siste åra vore relativt stabile, med ein topp i arbeidsåret 13 14. Årets deltakartal er noko lågare enn førre periode, men me skal vere nøgde med at deltakartalet ligg på godt over 30 deltakarar i gjennomsnitt. Grafikken under viser deltakartala dei siste åra. 45 40 35 30 25 20 15 10 5 0 Tilskipingar, deltakartal 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15 16 Sommarleir Haustkonferanse Vinterleir Gjennomsnitt Teikning 3: Deltakarar og deltakarsnitt på tilskipingar dei siste 7 åra 265 266 267 268 269 270 271 272 273 274 275 276 277 278 279 280 281 282 283 284 285 Sumarleir Sumarleiren 2015 var 7. 12. juli på Osterøy. Programmet var av det tradisjonelle sumarleirslaget, med både fjelltur og melodikappleik, og me hadde ei god blande av interne og eksterne innleiarar. Me gjorde oss god nytte av lokale innslag, og arrangerte mellom anna ekskursjon til Havråtunet, og hadde innleiing om Strilekrigen. Det var til saman 34 deltakarar på leir. Av desse var det fem som aldri hadde vore på ei nasjonal tilskiping før. Osterøy var greitt å kome seg til for dei vestpå, og dei fleste kom med buss frå og om Bergen. Likevel er mange stader på Vestlandet krevjande reint logistisk, noko som kan verke som eit hinder for mange. Haustkonferansen «Språk i grenseland» Tilskipingsnemnda valde å leggje haustkonferansen til Østfold, og vart soleis inspirerte av konferansestaden i valet av tema. Temaet «Språk i grenseland» kom til syne gjennom tema som skiljet mellom språk og dialekt, skriftleg dialekt og statusforholdet mellom standardtalespråk og nærliggande dialektar, sosiolektar og geolektar. Programmet fekk mykje skryt i tilbakemeldingane frå deltakarane. Konferansen hadde 32 deltakarar, og av desse var fem nye på ei nasjonal tilskiping i NMU. Vinterleir NMU skipa til vinterleir 22.-24. januar på Stange. Til saman var det 33 deltakarar på leiren, og seks av dei hadde aldri vore med på ei nasjonal tilskiping før. Det er svært positivt for organisasjonen. Leiren hadde eit program som femna om både praktiske aktivitetar og faglege innleiingar. Me fekk nytta mange interne innleiarar og kurshaldarar. Tillitsvalde i organisasjonen har stor fagleg breidde som kjem til nytte og er til inspirasjon for mange. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore gode. Studentsamling [TILLEGG OM STUDENTSAMLINGA VERT HANDSAMA I MARS] 9

286 287 288 289 290 291 292 293 294 295 296 297 298 299 300 301 302 303 304 305 306 307 308 309 310 311 312 313 314 315 316 317 318 319 320 321 322 323 324 325 326 Verksemd utetter Reise- og møteverksemd Kvart år reiser sentralstyremedlemene og representerer NMU utetter. Lista under gjev eit oversyn over kvar NMU har vore representert. Dei tillitsvalde har halde innleiingar, kurs og innlegg, eller representert organisasjonen på møta som er oppførte. Møtedatoane til landsstyret står også på lista. Norsk Målungdom har hatt denne reise- og møteverksemda i arbeidsperioden: 2015 April 17. 19. Oslo Landsstyremøte Mai 8. 10. Oslo Styremøte i Noregs Mållag 9. Oslo Deltaking i Holmenkollstafetten saman med Noregs Mållag Juni 2. Oslo Møte med Hordalandsbenken på Stortinget 25. Ørsta Møte i Nynorsk forum 25. 28. Ørsta Dei nynorske festspela Juli 30. Arendal Grøn Ungdom sin sumarleir August 01. Hove (Arendal) Sumarleiren til Unge Venstre 19. Oslo Haustlanseringa til Samlaget 24. Oslo Møte med NRK Super 28. 29. Oslo Styremøte i Noregs Mållag September 03. 05. Oslo Landsstyremøte 17. Oslo Halvårsmøte i Studentmållaget i Oslo 23. Stavanger Halvårsmøte i Studentmållaget i Stavanger Oktober 12. Sirdal Oppattskiping av Sirdal Mållag 13. Åseral Oppattskiping av Åseral Mållag 14. Konsmo Møte med ordføraren i Audnedal kommune 14. Byremo Møte med Grindheim Mållag 15. Kristiansand Sørlandske lærarstevne 16. Ose i Bygland Haustseminaret til Mållaga på Agder 19. Bjerkreim Oppattskiping av Bjerkreim Mållag 19. 20. Trondheim Medlemsmøte og styremøte i Studentmållaget i Trondheim 21. 22. Bergen Nynorskkonferansen 26. Hjelmeland Møte med ordføraren i Hjelmeland 26. Hjelmeland Møte med Ryfylke IKS 27. Tau Møte med tilsette på Tau skule 30. 1.11 Oslo Landsstyremøte 10

327 328 329 330 331 332 333 334 335 336 337 338 339 340 341 342 343 344 345 346 347 348 349 350 351 352 353 354 355 356 357 358 359 360 361 362 363 364 365 366 367 368 November 07. Hamar Landsmøte i Senterungdomen 20. Oslo Styremøte i Noregs Mållag 21. 22. Oslo Landsrådsmøte i Noregs Mållag 21. Oslo Landsmøte i Grøn Ungdom Desember 18. Oslo Møte med arbeidsnemnda for nynorsk i Møre og Romsdal 2016 Januar 14. Oslo Utdeling av Dialektprisen 2015 22. Oslo Møte med arbeidsnemnda for nynorsk i Møre og Romsdal 27. Sunndal Møte med tilsette på Sunndal ungdomsskule 28. Molde Møte med innleiing om målbyte på vidaregåande skule i Møre og Romsdal. 28. Oslo Årsmøte i Studentmållaget i Oslo 28. Stavanger Årsmøte i Studentmållaget i Stavanger 29. 30 Oslo Styremøte i Noregs Mållag Februar 4. Hamar Årsmøte i Mjøsa målungdom 5. Vinstra Årsmøte i Fron målungdom 7. Trondheim Årsmøte i Studentmållaget i Nidaros 9. Bergen Årsmøte i Studentmållaget i Bergen 11. Oslo Medlemsmøte i Oslo Grøn Ungdom 11. Fredrikstad Årsmøte i Østfold dialekt- og målungdom 13. Tromsø Årsmøte i Studentmållaget i Tromsø 13. Ørsta Årsmøte i Søre Sunnmøre målungdom 19. 21. Oslo Landsstyremøte 28. 29. Oslo Styremøte i Noregs Mållag [TILLEGG SOM KJEM: Møter og representasjon frå 1. mars til 31. mars] Målferd Målferd er noko av det viktigaste arbeidet NMU driv med. I mange år har organisasjonen reist på skulebesøk til barne- ungdoms- og vidaregåande skular og formidla språkhaldningar og respekt for nynorsk, dialekt og språkleg mangfald. Det er sentralstyremedlemene som er ute på reise, både på enkeltturar og vekeslange reiser. Målfararane bur hjå lokale målungdomar og målfolk, og reiseverksemda vert støtta økonomisk av skulane, fylkeskommunen eller lokale mållag. Sentrallekken har vore på reise i til saman [53] dagar, og snakka for om lag [3025] elevar elevar fordelt på [96] økter. Me har til saman vitja [33] skular i [12] fylke. Skular i nynorskområda og randsonene har hatt prioritet, i tråd med arbeidsprogrammet. 1 Noregs Mållag skipa til nynorskstafett etter mål frå 2013, kalla «ministafetten». NMU var med og heldt opplegg på skulane på vegen slik som tidlegare år, i tillegg til å vere med på ulike møte og å halde innleiingar for lokale mållag. Nynorskstafetten varte frå 12. 30. oktober, og gjekk til Agder og Rogaland. Norsk Målungdom har vitja desse skulane på målferd i arbeidsperioden 2015 2016: 1 Tal per 19. februar 2016 11

369 370 371 372 373 374 375 376 377 378 379 380 381 382 383 384 385 386 387 388 389 390 391 392 393 394 395 396 397 398 399 400 401 402 403 404 405 406 407 Møre og Romsdal Måndalen skule, Åfarnes skule, Sunndal ungdomsskule, Surnadal vgs., Tingvoll ungdomsskole Rogaland Dalane vgs., Bryne vgs., Orstad skule, Bore ungdomsskule, Dysjaland skule, Rennesøy skule, Strand vgs., Finnøy sentralskule, Sauda vgs. avd. Sand, Bryne ungdomsskule, Skeisvang vgs. (fem dagar). Akershus Dønski vgs. (fire dagar), Sørumsand vgs. Buskerud Åssiden vgs. Hordaland Lindås ungdomsskule (to dagar), Knarvik vgs. (tre dagar) Nordland Hadsel vgs. (to dagar) Oslo Oslo By Steinerskole Sogn og Fjordane Hafstad vgs. Vest-Agder Tonstad skule, Byremo ungdomsskule, Byremo skule, Byremo vgs., Lister vgs. avd. Kvinesdal Aust-Agder Setesdal vgs. avd. Hornnes Østfold Frederik II vgs. (to dagar) Nord-Trøndelag Ole Vig vgs. (to dagar) Informasjonskanalar og tilfang I perioden har Norsk Målungdom med nokre unntak vore i pressa kvar veke. Samanlikna med 2014 har talet på pressetreff i 2015 ned. I motsetnad til dei føregåande åra med Grunnlova på nynorsk, Språkåret og sidemålsstriden i 2012, har det vore få store saker denne perioden, og me har markert oss mest lokalt. I tillegg vart ikkje dialektprisen 2015, som vanlegvis gjev mange pressetreff, delt ut i 2015, men på nyåret i 2016. Dette påverkar pressestatistikken for 2015. Me har vore synlege i mange målsaker, men me har profilert oss mest på saker om sidemål, retten til eksamen på eige språk og nynorsk i rikspressa. Lenge har det vore eit mål å sleppe meir til i storbypressa. Medietala for 2015 viser ein liten nedgang i desse kjeldene, men samstundes ein auke i magasinkategorien. Sentrallekken har produsert fleire lesarbrev enn førre periode, og har også skrive mange debattartiklar. Talet på saker ved nyhendebyrå har ikkje endra seg stort sidan 2014. Framleis er me mest synlege i nynorske lokal- og regionalaviser. Av dei ti største kjeldene våre er sju slike. Det same gjeld dekninga i fylka fylka i det nynorske kjerneområdet er dei fire øvste fylka i pressedekking. Til saman utgjer lokalpresse 80 % av alle presseoppslag. Fordelinga mellom nett og papir er ganske jamn, med ei lita overvekt av nettartiklar. 12

500 450 400 350 300 250 200 150 100 50 0 Pressetreff Pressetreff Nyhendebyrå 408 409 410 411 412 413 414 415 416 417 418 419 420 421 422 423 424 425 426 427 428 429 430 Kontakten med dei politiske ungdomspartia har vore god, og me fekk helse landsmøta til somme av dei. Me fekk ikkje kome på like mange sumarleirar som tidlegare, men der me var vart me godt tekne i mot, og me heldt jamvel innleiing hjå Unge Venstre. Denne arbeidsperioden har me vore meir i kontakt med lokal- og fylkeslag i ungdomspartia, særleg i valkampen. Då sende me ut eit debattnotat om sidemål til alle fylkeslaga i dei fleste ungdomspartia, noko me fekk særs gode tilbakemeldingar på. Kontakten med den samiske organisasjonen Noereh og den kvenske Kveeninuoret held fram. Kveeninuoret var mellom anna representerte på sumarleiren vår med lynkurs i kvensk. [TILLEGG OM NETTSIDENE OG BRUKEN AV NYNORSK.NO VERT HANDSAMA I MARS] Me har hatt god aktivitet på sosiale medium. På Facebook har Norsk Målungdom både side og gruppe, som har vore brukt til å gi informasjon om tilskipingar og anna som skjer. Sida vert som oftast nytta til å dele aktuelle saker me ynskjer å skape blest om, medan gruppa fungerer meir til internt bruk med blesting av tilskipingar og liknande. I 2015 lanserte Norsk Målungdom sin eigen julekalender på Facebook med temaet «kvifor engasjere seg for språk». Kalenderen gjorde at mange var innom sidene våre, og me nådde ut til særs mange med dei ulike postane. Twitterkontoen vår (@Malungdommen) vert stort sett nytta til å bleste språkpolitiske nyhende. Me blestar også tilskipingar og vervekampanje på Twitter. Bruken vår av Twitter og Facebook er såleis noko overlappande, men me når ut i fleire kanalar. Me kan få meir ut av Twitter om me held fram som me gjer i dag, men i tillegg vert flinkare til å delta i ulike diskusjonar og ytre meiningane våre der i det daglege. Norsk Målungdom (@malungdom) har vorte meir synlege på Instagram i 2015. Her har heile sentrallekken tilgjenge, og kan til dømes leggje ut bilete når me er ute på reise. Såleis kan medlemene og andre få eit innsyn i korleis det daglege arbeidet i Målungdomen fungerer, og verte betre kjende med dei tillitsvalde. Med eit større mangfald av sosiale medium er det alltid ei vurdering av kva for informasjon ein legg ut kvar. Sentralstyret har diskutert bruken av desse media ved fleire høve. 13

431 432 433 434 435 436 437 438 439 440 441 442 443 444 445 446 447 448 449 Dei to siste åra har bruken av nyhendebrevet vorte lagt om. Frå å kome ut eit gitt tal gongar i året, har skrivarstova heller sendt ut informasjon til medlemene når det er nytt å melde om. Dette gjer at ein i større grad kan målrette informasjonen, og sortere mottakarane på til dømes alder, bustad og lokallagstilhøyrsle. Medlemsbladet Motmæle har kome ut med [fire] nummer i perioden. Sidetalet har lege stabilt på 20 sider, og alt innhaldet er i fargar. Bladstyret har elles jobba meir målretta med å auke innkomene til bladet, noko dei har i stor grad har lukkast med. [TILLEGG OM TIANDEKLASSEFLYGEBLAD VERT HANDSAMA I MARS] Fyrsteårsstudentar har fått informasjon om studentmållaga. Landsstyret vedtok ny grafisk profil for organisasjonen i november 2014. Den grafiske profilen vert innført etter kvart, og er i dag synleg i det meste av det skriftlege arbeidet i organisasjonen. Denne perioden har me gått til innkjøp av rullebanner i grafisk profil. Mange av lokallaga har òg skaffa seg dette. Sentralstyret trykte nye handlenett i Hugnad- stilen frå 2013, denne gongen med eit nytt ord frå Ivar Aasens Norsk Ordbog. Me laga òg krus i denne stilen. I 2015 fekk me også laga drikkeflasker med NMU-logo. Alt dette fungerer godt som både vervepremie og salstilfang. Arbeidet i utvala Bladstyret [TILLEGG OM BLADSTYRET VERT HANDSAMA I MARS] Lokalaktivitetsutvalet [TILLEGG OM LOKALAKTIVITETSUTVALET VERT HANDSAMA I MARS] 14

450 DET POLITISKE ARBEIDET I 2015 2016 451 452 453 454 455 456 457 458 Landsmøtet i Oslo 2015 vedtok nytt arbeidsprogram for Norsk Målungdom. Hovudprioriteringane var prega av framhald av tidlegare saker for organisasjonen, men med nye arbeidsoppgåver. NMU markerte òg standpunkt i andre språkpolitiske saker som har vorte aktuelle under vegs. Desse sakene var hovudprioriteringane i Arbeidsprogrammet 2015 2016: Språk i det offentlege rom Språk i skulen Kommunereforma Sikre god språklov 459 460 461 Hovudprioriteringar Språk i det offentlege rom «Norsk Målungdom vil i perioden arbeide for at fleire skal få møte nynorsk i kvardagen». 462 463 464 465 466 467 468 469 470 471 472 473 474 475 476 477 Landsmøtet 2015 vedtok «Språk i det offentlege rom» ei av hovudprioriteringane, og som ei vidareføring av «Meir synleg språkmangfald» frå arbeidsåret før. Dette punktet er særs vidtfemnande, og det aller meste me har gjort denne perioden føyer seg inn i under dette punktet. Det å møte språket sitt i kvardagen er ein føresetnad for å kunne bruke språket sitt i kvardagen. Difor jobbar Norsk Målungdom for meir nynorsk på mange område. I perioden har me fleire gongar uttala oss om nynorsk i rikspressa. Gjennom lesarinnlegg, debattartiklar og debatt i Dagsnytt Atten har Norsk Målungdom argumentert for kvifor dei store riksavisene lyt sleppe nynorsken til. Det er viktig å ta vare på både det skriftlege og munnlege språkmangfaldet, og å heve statusen til dialektane. Det kan ein til dømes gjere ved å lyfte fram gode føredøme. Me har i fleire periodar jobba for at stoppestadar og annan informasjon i kollektivtransporten skal lesast opp på den lokale dialekten. I haust skrytte me mellom anna av Agder Kollektivtransport som brukar den lokaldialekten, og som ynskjer å gjere meir av det. Me har òg gjeve honnør til NRK som lyfta fram eit rikt dialektmangfald i MGP-jr.-sendinga si. Me har også denne perioden heldt fram arbeidet med å få kommunar, i Nord-Noreg spesielt, til å fase inn fleirspråkleg skilting. Mellom anna har me rosa Skånland og Harstad kommunar for å vedta samisk kommunenamn og jobbe for å ta i bruk samisk skilting, og oppmoda fleire kommunar, mellom andre Narvik, til å gjere det same. 478 479 480 481 Språk i skulen «Me vil sikre at alle elevar får eksamen og læremiddel, ogso digitale, på sitt eige hovudmål.» Retten til eksamen på eige hovudmål er den einaste språklege retten norske studentar har, og likevel er det ein rett som ikkje vert respektert. År etter år er det eit problem at nynorskbrukarar ikkje får eksamenen sin på 15

482 483 484 485 486 487 488 489 490 491 492 493 494 495 nynorsk. For å gjere det endå enklare for studentar å klage, og for å synleggjere problemet, oppretta Norsk Målungdom «Klageportalen» i november 2015. I løpet av eksamensperioden fekk me inn mange klager, og alle dei store utdanningsinstitusjonane er representerte blant klagene. Klagene har blitt handsama av både Språkrådet og dei gjeldande utdanningsinstitusjonane. Klageportalen har vore omtalt i fleire ulike aviser. Hausten 2015 var det kommuneval, og som vanleg i valkamp, var sidemål eit tema. Unge Høgre og FpU argumenterte i kjent stil for valfritt sidemål, og Norsk Målungdom har fått mykje merksemd i argumentasjonen for løysinga på sidemålsfloken, nemleg tidleg start og sidemål i andre fag. Skuleverda er stadig i endring, og både titt og ofte kjem nye endringar ut på høyring. Norsk Målungdom har i perioden levert to høyringssvar som vedkjem skulefeltet. [TILLEGG OM LUDVIGSEN-UTVALET OG RAMMEPLANAR FOR FEMÅRIG GRUNNSKULELÆRARUTDANNING VERT HANDSAMA I MARS] Kommunereforma «Ei kommunereform må ikkje svekkje nynorsken eller anna språkleg mangfald i Noreg.» [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] 496 497 498 499 500 501 502 503 504 505 506 507 508 509 Sikre god språklov «Språklova må verte ei lov som sikrar og fremjar rettane til alle borgarar i Noreg.» Då Norsk Målungdom samla seg til landsmøte i Oslo i 2015, hadde språklova vore ei av hovudprioriteringane til organisasjonen det føregåande året, utan at noko hadde skjedd, men det ryktest då at noko var på veg. Skulle ei eventuell språklove kome på høyring i perioden, måtte me vere budde til å setje av mykje tid til arbeidet med lova. På grunn av uvissa kring kva lova kom til å innehalde, og når ho kom til å kome på høyring, har me ikkje drive med pressearbeid i samband med ei eventuell språklov, men med skulering av sentralstyre og landsstyre, i tillegg til at Trine Skei Grande Vitja sumarleiren vår og snakka om saka. Gjennom arbeidsåret kom det stadig nye varsel om når lova skulle kome ut på høyring, men tidspunktet vart forskove vidare framover. Lenge såg det ut til at lova skulle kome ut på høyring før jul, men også då kom kontrabeskjeden om at høyringa var utsett. Me lever framleis i uvissa om når lova vil kome på høyring, men organisasjonen har nytta arbeidsåret godt til å vere budde når språklova kjem. Andre saker 510 511 512 513 514 515 516 517 Tilskotsordning for nasjonale vekemedium Hausten 2015 hadde Kulturdepartementet ei ny tilskotsordning for nasjonale vekesmedium ute på høyring. Norsk Målungdom sende inn høyringssvar 4. september, der me peika på element som kunne påverke høvet til å oppretthalde gode vekesaviser på nynorsk. I høyringsfråsegna stilte me oss positive til departementet sitt framlegg om å innføre ein høgare grunnsats for publikasjonar redigerte på nynorsk, og påpeika at det er eit steg i riktig retning å ta omsyn til utfordringane nynorske publikasjonar har. Me understreka òg at nivået for tilskot til vekesaviser på nynorsk lyt vere føreseieleg, særleg med omsyn til at det berre finst éin publikasjon som i dag dekkjer den delen av marknaden. 16

518 519 520 521 522 523 524 525 526 527 528 529 530 531 532 533 534 Nynorsk for vaksne innvandrarar [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] Dialektprisen Landsstyret delte ut dialektprisen for 2015 den 14. januar 2016. Prisen gjekk til Daniel Kvammen. Leiaren stod for utdelinga, som var på Det Norske Teatret i Oslo. Teiknspråktolking av MGP [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] Språkbruken til folkehøgskulane [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] Ungdoms-OL utan nynorsk [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] Det kvenske miljøet i Børselv [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] Knutepunktfestivalane [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] [TILLEGG VERT HANDSAMA I MARS] 17