BROSJYREMAGASIN FOR HØYANGER KOMMUNE



Like dokumenter
Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn


for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

mmm...med SMAK på timeplanen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jon Fosse. For seint. Libretto

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Kva er økologisk matproduksjon?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd


MEININGSFULL LESING. Engasjer deg med. Rebecca Strandheim Forfod

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Plassebakken Barnehage

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brukarrettleiing E-post lesar

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Brannsår, rus eller friheit?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

OK, seier Hilde og låser.

Brukarrettleiing. epolitiker

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Informasjon til elevane

Minnebok. Minnebok NYNORSK

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ledelse over fjord og fjell

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

MEDLEMSINFO. august 2009

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Plassebakken Barnehage

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Brødsbrytelsen - Nattverden

Team Hareid Trygg Heime

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Månadsbrev for Rosa september 2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Lotteri- og stiftingstilsynet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Frå novelle til teikneserie

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Transkript:

Smakebitar og annonsemodulkart BROSJYREMAGASIN FOR HØYANGER KOMMUNE Produsert av Finurlig Tlf: 977 71 113 / e-post: stig@finurlig.no / nett: www.finurlig.no

TUNGROCK & LETTMETALL TUNGROCK & LETTMETALL Foto: Rune Strandos TUNGROCK & LETTMETALL Det er kraft i symbiosen mellom rock og industri. Ursäkta om jag stør... Den verdskjente svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk ser ut over ei høglydt folkemengd på puben Joss i Høyanger, ein kveld i 1985. Han har lyst til å starte konserten sin, men det er ingen respons å hente. Vreeswijk spelar på bortebane denne kvelden. 4 I Høyanger har den musikalske suksessformelen vore relativt enkel dei siste tiåra. Breibeint fuzzgitar pluss fire flate på trommene er lik god stemning. Rocken sit i ryggmargen på folk, og konsertane er ikkje skikkeleg vellukka før takplatene ramlar ned og flyr veggimellom. - Rocken har sidan musikksjangeren slo igjennom på 60-talet vore ein viktig del av kulturen i Høyanger. Etter ei veke med lange dagar på fabrikken har folk vore interessert i å komme seg ut i helgene, og då passar jo rock glimrande som musikalsk bakteppe. Primus motor i Høyanger Rock- og Bluesklubb Ottar Uglum sit på ein stol i puben Joss, ein meter eller to frå der Vreeswijk fekk sitt ublide møte med publikum. Serveringsstaden i industribygda har for lengst opparbeida seg legendestatus i den vestlandske rockehistoria, og Uglum har sjølv vore med på å arrangere fleire titals konsertar i dei brune kjellarlokala. - Vi vart lagt godt merke til nasjonalt, og særleg påskerocken i 1991 har gått inn i historiebøkene som legendarisk. Både fag- og dagspresse frå heile landet var innom for å oppleve den unike stemninga, og rockeguru Bård Ose, som den gang var journalist i Bergens Arbeidarblad, var ein av dei som fekk bakoversveis over det som møtte han. Det var heiderleg omtale å lese overalt i dagane etter påskerocken det året. Power to the people Då dei første LP ane fann vegen frå rockerevolusjonen i det store utlandet, over Nordsjøen, og vidare inn i dei tronge vestlandsfjordane, traff dei ei nerve på sin veg i Høyanger. Den energiske og folkelege «rett på sak» musikken passa godt inn i verdisettet, levemåten og tradisjonane som råda i industrisamfunnet. Lokale band vart etablerte, og fleire opplevde suksess. Eit utøvande miljø vaks raskt fram, og bygdedansar rundt om i fylket fekk hyppige besøk av band frå Høyanger. Dei beste fekk til og med oppdrag i sjølvaste Bergen, noko som var høgst uvanleg på denne tida. Lokalhistorikar Anders Timberlid har sett nærare på framveksten av industrisamfunnet Høyanger, og han har merka seg rolla musikken spelte som identitetsskapar. - Musikken som sådan har stått sterkt i Høyanger sidan industrien Musikkmiljøet i Høyanger sin spede barndom, noko har vel covra det som er å etableringa av Fagforencovre av rockehistoria ingens Musikklag så tidleg Ottar Uglum som i 1923 er ein god inleiar i Høyanger Rock og Bluesklubb dikator på. Då rocken kom var den ein god match for industri- og fagforeiningskulturen, mellom anna med sitt fokus på solidaritet og samhald. Det var romsleg i rocken, og romslegheita er og eit typisk trekk ved Høyanger. Dei som ville vere med kunne komme som dei var. Takhøgda var stor. Evigvarande speleglede Samhaldet har alltid stått sentralt i det utøvande musikkmiljøet i Høyanger, og rockeentusiast Uglum meiner at det nettopp er samarbeidskulturen som har danna fundamentet for det høge aktivitetsnivået. God tilgang på øvingslokale og mange oppvarmingsjobbar til unge talent har ført til jamn rekruttering og eit variert miljø. - Det utøvande musikarmiljøet her har alltid hatt mange jern i elden. Det har ikkje nødvendigvis vore så mange fast etablerte band, men det har alltid vore mange prosjekt starta på bakgrunn av rein speleglede og spelelyst. Musikarane har henta kvarandre inn etter behov, og mangt eit coverband har blitt starta for så å bli lagt ned igjen etter eit par konsertar. Det er ikkje mange store rockeband som ikkje har fått æra av å få songane sine framført av lokale band her. På 80-talet hadde Høyanger Rock- og Bluesklubb fleire hundre aktive medlemmer. Det var Joss i kjellaren av det som i dag er Høyanger Hotell, og tidlegare var kjent som Eides Hotell, som var hovudkvarteret. Dei intime lokala tar omlag 250 personar og det oppstår alltid tett kontakt mellom band og publikum. Lokalhistorikar Jan Anders Timberlid og rockeentusiast Ottar Uglum er begge einige om at rock og Høyanger passar kvarandre som hand i hanske. Nokre av dei som har vrengt sine gitarforsterkarar i Høyanger DumDum Boys - Barbie Bones - Helldorado Kåre & the Cavemen (Euroboys) - Bigbang - Hungry John Can Can - Åge Aleksandersen - Ricochets Goodtime Charlie - Backstreet Girls - Stage Dolls 5

TUNGROCK & LETTMETALL LOKAL PROFIL Destinasjon Høyanger 80- og 90-talet var glansperioden for rockekonsertane i Høyanger, og i 1988 vart den første påskerocken arrangert på Joss. Det var eit arrangement som i åra etter skulle bli viden kjent, kopiert og vidareført andre stadar. På denne tida hadde Høyanger posisjonen som Sogn og Fjordane sin uoffisielle rockehovudstad. - Det var mykje anleggsaktivitet her på denne tida, og anleggsarbeiderane var gjerne tørste etter øl og svoltne på rock. Vi kunne arrangere konsert nær sagt når som helst, alle dagar i veka. Det vart full rulle og trongt om plassen i lokala uansett. Ikkje var det vanskeleg å skaffe band heller for Uglum og dei andre konsertarrangørane. Høyanger låg midt i turnetraséen frå Bergen til Trondheim, så eit stopp på Joss vart gjerne lagt inn for band som var ute på vegen. Der vart artistane tatt imot med opne armar av Else og Tore Rønne som drifta Eides Hotell den gangen. - Else og Tore var eit fantastisk vertskap for musikarane. Dei hadde knapt kome innom døra før Else kom med gryta og spurde om dei ville ha middag. Musikarane vart stelt med som om dei skulle vore familie, noko dei sette stor pris på. Kombinasjonen av eit godt vertskap, eit entusiastisk publikum og ei gunstig geografisk plassering gav oss eit solid rykte i det profesjonelle musikknorge. Det gjekk eigentleg litt av seg sjølv på den tida. Det har blitt arrangert eit utal konsertar med både lokale artistar og band av nasjonalt kaliber i Høyanger. Pressa har latt seg begeistre både av kvaliteten på musikken og konsertlokala. The Tubs på TV Det er mange band og artistar frå Høyanger som har hatt suksess utanfor kommunegrensene, og eit av dei er indierockbandet The Tubs. Dei vart mellom anna spelelista på NRK P3 og fekk framføre sin coverversjon av Spicegirls sin megahit «Wannabe» på Topp 20 på NRK1 i 1997. The Tubs vart starta i Høyanger i 1991 og bestod av Tor Egil Høyvik (gitar/song), Bjarte Johansen (gitar/song), Bjørn Nesse (bass/song) og Arve Ullebø (trommer). Bandet gav ut tre album og to singlar på det bergensbaserte plateselskapet Rec 90. I 1915 vart Norsk Aluminium Company (Naco) etablert, og året etter oppdaga svenske ingeniørar enorme vasskraftressursar som skulle danne grunnlaget for den raske veksten for aluminiumsindustrien i tettstaden Høyanger. Folketalet i bygda vaks kraftig frå om lag 120 innbyggjarar tidleg på 1900-talet til over 2 200 i 1930. Foto: Photomusic.cz ERLEND EIDE NYBØ OPPVEKSTSSTAD HØYANGER FØDT 1985 Det gir ei folketalsauke på heile 1700% KJENT SOM GITARIST ERLEND ER I FØLGJE SEG SJØLV UHØGTIDLEG - PERFEKSJONIST - NYSGJERRIG Få om nokon av dei mange musikarane frå Høyanger kan måle seg med suksessen Erlend Eide Nybø har oppnådd i si karriere. Som gitarist i metallband som «Funeral» og «Cor Scorpii» har han fleire store albumutgivelser bak seg, og den talentfulle gitaristen har fleire gonger turnert Europa. Innimellom bandarbeidet har han og fått tid til å lage musikk til mobilspill utvikla av Frost Software. - Utanlandsturneane er store høgdepunkt i mi karriere. Det er noko eige med tronge turnébussar, lunka øl og unison sveittelukt frå eit metallband... Elles var det stort å ta over etter den vanvitig habile gitaristen Stian Bakketeig i Cor Scorpii, der eg og vart gjenforeint med den gamle bandkollegaen min Thomas Øvsttedal. Det måtte mange timar med teknikkøving til før eg var nokolunde klar til den auditionen. Eide Nybø si musikkinteresse har opphav i musikktimane på barneskulen der lærar Bosse Litzheim, som og er ein musikar frå Høyanger med profesjonell fartstid, fekk elevane til å spele både Hendrix og Dylan. Eide Nybø prøvde ut fleire instrument men valde til slutt gitaren. Då vart vegen kort inn i eit miljø knytt til øvingslokalet i kjellaren på ungdomshuset Valhall. - Det var med jamne mellomrom konsert på Valhall der banda frå øvingslokalet i kjellaren fekk vise seg fram, med meir eller mindre godt hell. Alltid stinn brakke Alltid god stemning Eide Nybø er konstant aktiv med nye innspelings- og konsertplanar som del av banda han er medlem i, men han har ved sidan av dei etablerte prosjekta og eit personleg ønskje for framtida. - Det har hopa seg opp ein del musikk i løpet av åra som ikkje passer inn i nokon av banda eg spelar i, og planen har heile vegen vore å få realisert eit godt gammaldags thrashmetalband. Eg stressar ikkje med det i det heile tatt, men det hadde vore moro å få til sidan det er i den sjangeren eg følar at eg hører heime. Kjappe fakta om Høyanger Høyanger oppstod som kommune 1. januar 1964 då kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slått saman. Sidan den gong har mykje skjedd, og her er litt informasjon om kven vi er og kva vi driv med i dag. I Høyanger er vi 4 180 innbyggjarar, fordelt i grove trekk som figuren under viser utover kommunen sitt 840km2 store landareal. kyrkjebø 710 vadheim Vi er 2120 menn og 2060 kvinner med ein gjennomsnittsalder på 42 år. 49,3% lavik 410 50,7% ortnevik 60 søreide ikjefjord 80 bjordal 90 120 Kvart år blir det født ca. 40 nye høyangringar. 1660 På nordsida av Høyanger står korpskulturen sterkt med heile fem ulike korps. Flinke er dei og, noko mellom anna Lavik skulemusikk sine to NM-gull i 2. - og 3.divisjon brass i 2008 og 2010 er eit bevis på. Noko av det vi arbeider med: Jordbruk, skogbruk og fiskeri 90 personar Industri 340 personar Bygg og anlegg 110 personar Varehandel 140 personar Transport 80 personar Undervisning 190 personar Helse- og sosial 490 personar Overnatting og servering 30 personar IT og kommunikasjon 20 personar høyanger 2180 350 Og om du skulle lure, så har vi 6 personbilar, 280 varebilar og 60 lastebilar i kommunen. 7

GRÜNDERKOMMUNEN HØYANGER GRÜNDERKOMMUNEN HØYANGER Gründerspire - i karrig jord? Som sin eigen sjef står Myren fritt til å leggje opp dagane sine som ho sjølv vil, men høg fleksibilitet betyr på ingen måte det same som mykje fritid. - Eg forsøkjer å ta ein pause mellom fire og åtte på ettermiddagen når ungane er heime og vakne, men så fort dei er lagt er det gjerne opp igjen med PC en i sofaen for å få unna litt administrasjonsarbeid. Det er viktig med ei god datapute om du skal starte for deg sjølv, for å sei det sånn. Fullt trykk Kristin Myren ville enten bli matematikar eller kunstnar. Ho hamna opp ein stad midt i mellom, som grafisk designar med eiga verksemd i heimbygda Ikjefjord. Det er i følgje gründeren sjølv heilt ideelt. Jålete kaffivanar, briller med glas utan styrke, og ein utprega forakt for alt folkeleg. Avstanden mellom den stereotype grafiske designaren til Kristin Myren og hennar Kristin Kommunikasjon er stor. I kontorlokala til det ferske kommunikasjonsbyrået i Ikjefjord er det fritt for overflatisk luksus og staffasje. Arbeidsdagane der er prega av hardt arbeid og rause dosar med sjølvdisiplin, eit tilvære Myren trivst godt med. - Då eg flytta frå Bergen tilbake til Ikjefjord med familien min våren 2013 starta eg på Østerbø Maskin, men etter eit år der måtte eg slutte grunna nedskjeringar. Då måtte eg hoppe i det og starte for meg sjølv, noko som var heilt greitt, for det hadde vore ein draum for meg lenge. Ikjefjord er midt i smørauget som etableringsstad, for her druknar eg ikkje i mengda i ein bransje prega av mange aktørar og sterk konkurranse. Det går mykje tid, og eg veit sjeldan korleis neste månad blir med tanke på arbeid og lønn, men det er samstundes veldig spennande og lærerikt å drive for seg sjølv. Sosialt aleine Då Kristin Kommunikasjon vart starta på nyåret 2014 hadde innehavaren gjort heimeleksa si, så Myren visste at det var interesse for tenestene ho kom til å levere. Ein av kundane som har vore med sidan oppstarten er den gamle arbeidsgivaren Østerbø Maskin, og Myren har framleis eit distriktskontor i deira lokale på Østerbø. Der er ho med jamne mellomrom innom for å hjelpe til med ymse oppgåver knytt til marknadsføring og kommunikasjon. - Eg trudde eg ville bli sittande mykje aleine då eg starta for meg sjølv, men sånn har det ikkje gått. Kontakten med kundar gjer det langt mindre usosialt å drive for seg sjølv enn ein kanskje skulle tru. Men det er nok lurt å vere del av eit kontorfellesskap eller liknande, så ein får lufta tankane sine litt. Tilknytinga til Østerbø Maskin har vore til god hjelp for meg i så måte, men det er nok litt slitsamt for dei tilsette der når eg kjem pratesjuk etter å ha arbeid aleine i Ikjefjord ein periode... Kristin Kommunikasjon er å finne på ww.kristinkommunikasjon.no. Der kan du lese meir om tenestene Kristin Myren tilbyr, og finne nytt frå verksemda og blogginnlegg om livet som gründer. Kristin Kommunikasjon er og å finne på Facebook, LinkedIn og Instagram. Sjå opp for emneordet #kristinkommunikasjon På www.kristinkommunikasjon.no finn du og ein nettbutikk med eit breitt utval produkt med superlokal identitet produsert av superlokale krefter. 8 Ved sida av å arbeide med trykksaker og nettsider har Myren gått til innkjøp av utstyr som kan produsere trykk på tekstilar, eit produktfelt ho håpar å kunne utvikle vidare i åra som kjem. - Det er kjekt med litt avkopling frå PC-skjermen og faktisk lage noko heilt konkret. Eg kan med utstyret mitt produsere profileringsklede for alt frå verksemder til idrettslag, og om eg skulle lukkast med dette kan det kanskje bli rom for å utvide med fleire tilsette? Det er jo lov å håpe. Myren er som dei fleste andre gründerar full av idear og visjonar, og ho må tidvis tvinge seg sjølv til å halde seg til det ho kan best, og eigentleg skal drive med. - Eg har veldig lyst å gjere alt sjølv og har lett for å tenkje at sjølvgjort er velgjort. Det er viktig å innsjå at ein ikkje klarer alt, og heller ikkje må klare alt, når ein skal drive for seg sjølv. Tid er ein knapp ressurs, og ein må prioritere kva ein vil bruke den til. Kultur i endring Mange av kundane til Kristin Kommunikasjon er i dag lokalisert utanfor Høyanger sine grenser, men Myren merkar at det finst ei solidarisk innstilling internt i kommunen prega av eit ønskje om å nytte lokal arbeidskraft. - Når lokale verksemder arbeider for kvarandre oppstår det fort vinn - vinn situasjonar som styrkjer alle involverte. Det er ein måte å tenkje på som eg synst er veldig positiv. Eg har og inntrykk av at kulturen er i ferd med å endre seg noko her heime, og at det er eit aukande fokus på design og marknadsføring. Mange bransjar opplever ein tøffare marknad, og mange av dei lokale verksemder i området har fått auga opp for at dei må halde eit visst nivå på kommunikasjonen ut, om dei skal lukkast i den harde konkurransen. Det gir meg tru på framtida. BIO Kristin Myren er gift, mor til to, og har ein bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Som ungdom gjekk ho av ukjende årsaker konsekvent med umake sokkar. I sju år arbeida Kristin Myren i Hordaland Fylkeskommune. Der var ho mellom anna sentral i oppbygginga og satsinga på sosiale medier, eit felt ho framleis arbeider mykje med. Kristin Myren på ein skala frå 1 til 5 Kreativ Strukturert Aktiv Optimistisk Det er veldig behageleg å planleggje i det uendelege, men då skjer det ingenting. Til slutt må du ta sjansen, så får det enten bere eller breste. Kristin Myren Sjef i Kristin Kommunikasjon Gründerprofil SafeClean - Rein kjemimagi Selskapet som i dag er kjent som SafeClean vaks fram frå konkursramma Vestlandske Avlakkering i 2002, og har blitt ei av dei største suksesshistoriene frå næringslivet i Høyanger dei siste åra. Gründerande Jon Refsnes og Johnny Litzheim orienterte verksemda raskt over frå reinsing av feillakkert felg som hovudgeskjeft, til reinsing av komponentar og system på oljeplattformar. Det viste seg å vere ei suksessoppskrift, og i dag har SafeClean om lag 30 tilsette og fleire titals millionar i omsetning. Jon Refsnes er ikkje i tvil om at heimstaden Høyanger har vore ein viktig faktor bak den jamne veksten selskapet har opplevd. - For oss har det vore ein klar styrke å vere lokalisert i Høyanger. Vi fekk ei utruleg god støtte frå kommunen og HNU under oppstarten i 2002, og vi ser klare fordelar ved å vere distriktsbaserte. Om ei kompetanseverksemd som SafeClean hadde høyrt Foto: Arve Ullebø heime på ein større stad ville vi truleg opplevd langt større utskiftingar i personalet. Jobben vi gjer er så spesialisert at kvar einskild må trenast ekstensivt internt for å vere i stand til å utføre arbeidsoppgåvene, og då er det sjølvsagt ein klar fordel for selskapet at dei tilsette blir hos oss lenge. Kontinuerleg utvikling har heile tida vore eit nøkkelord for Refsnes og dei andre i SafeClean, og han rådar andre med ei gründerspire i magen om å vere audmjuke for innspel frå andre. Det handlar om å ta gode val, og få ting gjort. - Det å diskutere tankar og idear med dei Gründertips frå Jon Refsnes Ha «stayerevne» og bevar trua på ideen din, men ver samtidig open for å justere og vidareutvikle konseptet ditt fortløpande. Ver derfor alltid i dialog med kundane dine, så du forstår deira behov. du har rundt deg kan vere ein god start, og det skadar aldri å få fleire perspektiv på prosjektet ditt. Det er dessverre alt for mange knallgode idear i dette landet som nettopp blir på idéstadiet, og eg trur at større openheit om moglegheitene kunne fått fleire gode næringsprosjekt realisert. 9

GRÜNDERKOMMUNEN HØYANGER PARKEN MED DET RARE I Gründerprofil Målet vårt har endra seg, og vi ser at dette kan bli mykje større enn det er i dag. Marknaden er der. Vi kan bli så store som vi sjølv ønskjer. Sogn Aqua - Skatten frå djupet Sogn Aqua AS har sidan selskapet vart etablert i 2007 fått mykje merksemd for sitt landbaserte oppdrettsanlegg for kveite i Slantevika på Høyanger sørside. Gründer Jan Arne Brekke har utvikla eit konsept med bruk av djupvatn frå Sognefjorden som nøkkelkomponent, og resultatet av produksjonen er kveite i toppklasse. Ved sida av å vere del av menyen til eksklusive restaurantar landet over har kveite frå Sogn Aqua blitt servert på alt frå kunstutstillinga Révélations i Paris til den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler på privatcruise i Sogn. - Det har gått rette vegen heile tida, både biologisk og økonomisk. Vi har jobba mot stadig nye mål og nådd nye milepælar fortløpande. Vi har dei siste åra fått inn aksjonærar som ser potensialet i prosjektet vårt, noko som har vanvitig stor verdi for oss, og som gir inspirasjon til vidare satsing og vekst. Jan Arne Brekke Sogn Aqua Parken med det rare i Foto: Sogn Aqua Då Sogn Aqua vart etablert var småskalakonseptet heilt sentralt, men etterkvart som selskapet har utvikla seg har Brekke justert framtidsvisjonane noko. Blant anna med planar om etablering av eit nytt og større anlegg i Ortnevik, 10 kilometer frå det eksisterande anlegget i Slantevika. og at alt frå sambygdingar til kommunen og fylket er med å heie oss fram. Det kjem godt med, for det er ikkje all dagar som er like lette når ein er gründer og skal utvikle ei bedrift som vår. Sogn Aqua nyttar seg mykje av lokale verksemder, og Brekke fortel at lokalsamfunnet rundt har vore viktige for suksessen selskapet har opplevd så langt. - Når vi nyttar lokale krefter får vi folk vi kan stole på, og som gjerne stiller opp på kort varsel og får jobben gjort. Vi opplever Gründertips frå Jan Arne Brekke Start verksemda di i distriktet. Der blir du lettare sett, og du får lettare støtte frå andre. Pass på at du brenn tilstrekkeleg for prosjektet ditt, at du er allsidig, og at du har evna til å sette deg inn i nye ting. På inngangsdøra til stavkyrkja til Anders Brekke i Ortnevik står følgjande korte vers skore inn med runeskrift: «Det gode skal du hogge i fjell. Det vonde kan du skrive i snø» Det er eit motto som kan passe godt for heile parken Brekke har laga til på eigendomen sin. Der er det ro i sjela og ettertanke som rår. Gründerprofil Polarys - Lyse tider i Vadheim Polarlys i Vadheim arbeider med LED-belysning til alt frå olje- og gassinstallasjonar til bustadar, og er med etableringa i 2012 ei relativt ung verksemd. Gründer Arvid Beinnes har bakgrunn som produktutviklar i den Vadheimsbaserte lysvarslingssystemprodusenten Tracksa, og som konsulent innan belysning og elektronikk. Konseptet bak etableringa av Polarlys vart utvikla over tid. - Grunnstamma for det vi driv med i dag var eit oppdrag vi fekk av Statoil som gjekk på utvikling av eit konsept for lys i livbåtar til Statfjord-plattformane i Nordsjøen. Med denne avtalen i botn visste vi at det ville komme oppdrag så vi kunne etablere verksemda og starte opp produksjonen i 2012. Oppdraget knytt til livbåtbelysning gav eit fundament for Polarlys, men det vart raskt klart at nye marknadar måtte utviklast. - Vi kan ikkje basere oss på berre ein kun- 10 Foto: Ytre Sogn de, så vi har sett etter nye marknadar å utvikle lysløysingar for. Vi satsar og på å selje produkt til vanlege folk gjennom to ulike nettbutikkar. Belysning er eit sesongbasert felt, så vi ser etter moglegheiter for å auke omsetnaden også i sommarhalvåret. Som elektroingeniør innan svakstrøm er Beinnes godt kvalifisert til å utvikle lysløysingar, og erfaringane hans frå tidligare gründerselskap kjem og godt med i etablererfasen. - Sjølv om vi søkjer nye marknadar er vi obs på at vi held fokus på det vi skal drive med og ikkje har for mange ballar i lufta. Då mister du fort kontrollen og oversikten. Gründertips frå Arvid Beinnes Følg draumen din, og hald på fokuset undervegs. Skal du drive med alt blir du litt god på mange ting, men får ingen verdifull spesialkompetanse. Gå inn med hud og hår, og pass på at du aldri leverar venstrehandsarbeid. På www.polarlys.no kan du kjøpe alt frå lommelykter til belysning for tunellar. Alt basert på LEDteknologi, sjølvsagt Ortnevik er eit endepunkt på fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane. Du kan sjølvsagt ta ferja vidare til nordsida av kommunen eller til Vik, men du kan og velje å køyre forbi ferjekaien og vidare opp i bygda. Om du gjer det, og dristar deg heilt til den siste garden på austsida av Ortnevik, kan du fort få deg ei lita overrasking. På ein jordflekk omkransa av elver eit steinkast frå vegen openbarar det seg plutseleg ei lita stavkyrkje, truleg den einaste i privat eige i verda. I skogen rundt kyrkja er det plassert ut underfundige treskulpturar som ventar på å bli oppdaga av nysgjerrige auge. Det heile er som kulissane til eit norsk folkeeventyr. Parken til Anders Brekke har vakse fram over tid, og dei seinare åra har og besøkstala auka. No er overskotsprosjektet blitt ein turistattraksjon med om lag tusen personar innom kvart år, noko som slett ikkje var planen til opphavsmannen. Men han set pris på både interessa og selskapet. I parken til Anders er det ingen reglar, strategiar eller langsiktige planar. Alt er lov. Til og med å bygge stavkyrkjer med spikarpistol. Det gjorde dei truleg ikkje i middelalderen. Ta turen til Ortnevik du og. Opplev kva som kan skje når kreativitet får fritt spelerom, og vill fantasi møter dyktig handverk. Ortnevik I Ortnevik bur det 45 fastbuande, men folketalet i den vesle bygda veks kraftig på sommaren når hyttefolket kjem. Ortnevik har eigen butikk, kyrkje, bibliotek, grendehus og ferjekai. Båtrutene frå Ortnevik går til Måren, Nordeide og Høyanger, samt innover dei veglause strendene mot Vik. Det har både blitt forfatta bøker og laga TVprogram om gardane langs ruta mot Vik. 11

tilgjengelege annonsestorleikar og pris 1/2 side 10.000,- eks. mva. mål: 190mm x 120mm (opp til 25 magasin vederlagsfritt) 1/8 side 2.500,- eks. mva. 1/4 side 5.000,- eks. mva. mål: 90mm x 130mm (opp til 10 magasin vederlagsfritt) mål: 90mm x 55mm (opp til 5 magasin vederlagsfritt) Om annonsane: - Det er og mogleg å kjøpe fulle annonsesider. Prisen er da 20.000,- eks. mva. og måla 190mm x 240mm. De får da om ønskjeleg utdelt opp til 50 magasin vederlagsfritt. - 1/4 annonser kan enten vere vertikalt eller horisontalt orientert. - Har di verksemd ferdige annonser i passande mål og format kan desse nyttast, elles kan Finurlig utforme ei annonse kostnadsfritt. 13