Møteinnkalling Utval: Rusforebygging God Helse Møtestad: Møterom 102, Fylkeshuset, Molde Dato: 16.12.2016 Tid: 10:00 Forfall skal meldast til utvalssekretariatet, epost politikk@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter difor berre etter eiga innkalling. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Grunn til forfallet skal difor opplysast. Den som ønskjer å stille spørsmål om sin habilitet i ei sak jf forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr. 3 skal melde inn dette til utvalsekretæren eller juridisk avdeling i god tid før møtet. Dette også grunna eventuell innkalling av varamedlem jf forvaltningslova 8 3.ledd. Orienteringar UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge Møte med elevråda i vidaregåande skule Orientering frå møte med elevråda i vidaregåande skule, ved rådgivarane Berit Brudeseth og Ingeborg Ellen Forseth, Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting 2017 Orientering frå Ungdommens fylkesting 2017, ved rådgivar Ingeborg Ellen Forseth Informasjonsdeling. Orientering frå utvalsmedlemmane Orientering frå utvalsmedlemmane om status og aktuelle tema Fordjupningstema - Dokumentar frå NRK om Cannabis Filmen ligg på nrk.no https://tv.nrk.no/serie/folkeopplysningen/kmte50009615/sesong-3/episode-3 Forespørsel om samarbeid med antidoping Norge frå Møre og Romsdal idrettskrets Informasjon ved seksjonsleiar Svein Neerland, Møre og Romsdal fylkeskommune 1
Saksnr RU 1/16 RU 2/16 Innhald Program for folkehelsearbeid i kommunane - rusgruppa si rolle Møteplan for hausten 2017 i gruppa Rusforebygging God Helse Godkjenning av protokoll 2
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.12.2016 123281/2016 Svein Neerland Saksnr Utval Møtedato RU 1/16 Rusforebygging God Helse 16.12.2016 Program for folkehelsearbeid i kommunane - rusgruppa si rolle Bakgrunn Helsedirektoratet har lansert ei langsiktig satsing på psykisk helse og rusforebygging. Innsatsen skal gå over dei neste 10 åra, og fylkeskommunen er tiltenkt ei sentral rolle i koordinering av arbeidet i fylka. I statsbudsjettet for 2017 er det satt av 46 mill. kroner til innsatsen, med intensjon om ei opptrapping av beløpet dei neste åra. Samhandling om arbeidet er lagt opp etter modell som i dag er nytta for prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse. Det er ønskje om at fylkeskommunen koordinerer ein felles søknad på vegne av kommunane i fylket som ønskjer å delta. Det skal utarbeidast samarbeidsavtalar med kommunane, samt høgskulemiljø som skal følgje prosjektet. Alle midlane det blir søkt om går uavkorta til kommunane. Målgruppe for satsinga skal vere barn og unge. På regionnivå er det føreslått å etablere ei koordinerande styringsgruppe som er satt saman av politikarar, fagmiljø og organisasjonar. Vurdering Møre og Romsdal har tradisjon for å vere blant dei beste fylka i organisering og drift av folkehelsearbeidet. Vi har eit godt utbygd partnarskap med alle kommunar i fylket, og er godt rusta til å implementere nasjonale satsingar til beste for våre innbyggarar. Vi deltar i dag i prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse, der 6 av våre kommunar er i gang med eit spanande utviklingsarbeid. Som fylke har vi derfor erfaring med å arbeide etter den modellen som er etterspurt i den nye 10 års satsinga. I forslag til fylkesplan for 2017-2020 er det lagt inn at vårt fylke skal søkje om midlar til å delta i satsinga, dersom kommunar i vårt fylke ønsker å delta. Dersom Møre og Romsdal skal søke om midlar til å delta i den nye satsinga, vil kultur- og folkehelseutvalet forankre søknaden politisk. Organisering av arbeidet må ein kome tilbake til, når det blir tatt avgjer om fylkeskommunen skal søkje i 2017 eller ikkje. Administrasjonen vil kome tilbake med meir orientering når prosjektet er lyst ut nasjonalt. 3
Forslag til vedtak: Rusforebygging God Helse tek saka om program for folkehelsearbeid i kommunane - rusgruppa si rolle, til orientering. Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef 4
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.12.2016 123533/2016 Svein Neerland Saksnr Utval Møtedato RU 2/16 Rusforebygging God Helse 16.12.2016 Møteplan for hausten 2017 i gruppa Rusforebygging God Helse Bakgrunn Gruppa har i møte 16. september 2016 vedtatt møter for vårsemesteret 2017. År: Møtedato: Fordjupningstema: 2016 16. desember Cannabis, dokumentar frå NRK 2017 02. mars Ansvarleg alkoholhandtering (AAH), med invitasjon til Høgskolane i fylket. 12. mai Rus og 55+ Vurdering Ut i frå fylkeskommunen sin vedtekne politiske kalender, vil vi foreslå møte 15. september og 15. desember 2017. Forslag til vedtak: Rusforebygging God Helse vedtek følgjande møte for hausten 2017: 15. september 15. desember Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef 5