Ragnhild Bakke Waale NORSK START 8 10 JUL I NOREG

Like dokumenter
Ragnhild Bakke Waale NORSK START 8 10 JUL I NORGE

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Stedje barnehage særleg formål. Eit utviklingsarbeid barnehageåret 2011/12

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Kva vil det seie å vere buddhist?

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Askeladden. Nr Les om: Juleverksted Kirkebesøk Grøtservering Julesanger. Lucia Månedsplan Adventstiden

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

Juleplaner for Sandbakken barnehage 2017

Preike i Oslo domkirke 1.juledag 2017 Joh 1, 1-14

Juleplaner 2014 for Sandbakken barnehage

Fortellingen om Jesu fødsel KRL Side 1 av 5 Juleevangeliet

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Juleplaner 2013 for Sandbakken barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Temagudstjeneste for Haukeland skole

Dette hellige evangelium står skrevet hos evangelisten Lukas i det 2. kapittel:

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Merkedager og. høytider i. Norge

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jesu fødsel. Bibelen for barn. presenterer

Jesu fødsel. Bibelen for barn presenterer

BARNESKOLE klasse KONSEPT SKOLEGUDSTJENESTE JUL. 3. Tenning av adventslysene elever - mens vi synger: Tenn lys!

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Bibelen for barn presenterer.

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Ragnhild Bakke Waale NORSK START 8 10 PÅSKE I NOREG

«Glade jul, hellige jul»

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Jesus taler om sin død

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Ragnhild Bakke Waale SANKTHANS OG OLSOK NYNORSK

Vekeplan for 6. trinn Veke 50, 2018 Namn: Måndag 10/12 Tysdag 11/12 Onsdag 12/12 Torsdag 13/12 Fredag 14/12

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Fortell denne historien hver gang du vil forandre kledet under Den hellige familie. Hele året igjennom er dette det sentrale punktet i rommet.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

SMÅPLUKK. Desember 2015

Fag KRLE 3. trinn

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Fag KRLE 3. trinn

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

JULESANGER. Ennå skal dagene mørkne litt før solen snur her i nord, ennå en stund skal vi vente på Lyset som kommer til jord.

Periodeplan for gauper

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

HØYTIDER, HELLIGDAGER OG TRADISJONER I NORGE

Tilbakeblikk for Desember 2016

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 1.desember Vi tar med barna til Trons holen på juleutstillingen. Juleverksted

Desember på Ullevål skole 2016 AKTIVITETER PÅ TRINN Hele desember på 1.trinn

KRISTEN PLAN/BIBEL PLAN BARNEHAGENS NAVN NLM-barnehagene AS Avdeling Liavoll

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Gledeleg Jul. Juleevangeliet

Eg veit at det er noko som heiter den gylne regel, og eg kan den. Eg kan samtale om etiske problemstillingar. Veggavis Vennskap.

DESEMBER Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Møtedag Lek inne og ute. 7. Juleverksted. 6. Julebord Pynt deg gjerne 13.

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

MEH2011booklet.indd

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Skule: Sand Telefon: Postadr.: 4230 Sand. Årsplan 2017/2018

som ikke har det så godt med livet akkurat nå. Noen og enhver av oss kan oppleve å komme litt på kant med livet iblant.

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

ADVENTS- og JULESANGER i EPLEKARTEN

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Skrevet om til MANUS format

O jul med din glede. Periode plan for

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Julepreken 2016 på gudstjeneste for barn og litt større folk

Månedsbrev desember 2015

Kristendom 2.klasse skoleåret

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Månedsbrev for Rev, Gaupe og Elg

Sofies hemmelegheit.

Advent i Eplekarten. Et lite blikk på det som skjer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Månadsbrev for Blå, april 2016

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Faget vert delt mellom kontaktlærar og faglærar, der kontaktlæraren tek seg av mykje av etikkdelen opp imot "Det er mitt val".

Info til barn og unge

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Fleirkultur i kvardag og høgtid

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken.

Transkript:

Ragnhild Bakke Waale NORSK START 8 10 JUL I NOREG

JUL I NOREG Julepynt Julegåver Julegudsteneste Julehandel Juleferie Juleblomar Juleklede Julelys Julefrukost Julekrybbe Julestjerne Juletre Julemat Julebord Jul Jula blir feira i desember på den mørkaste tida av året her i landet. Før jul pyntar mange med lys, hjarte, stjerner, nissar, englar og juletre både heime, i hagar, i gater og i butikkar. I Noreg er 24. desember den viktigaste dagen i jula. Dagen heiter julaftan. Dagen før heiter veslejulaftan. På julaftan er dei fleste i ein familie saman, og alle pyntar seg med fine klede. Dei går rundt juletreet mens dei syng julesongar, dei et god mat og gir kvarandre gåver. Før julemiddagen går mange i kyrkja for å syngje julesongar og høyre juleevangeliet. Juleevangeliet fortel om Jesu fødsel. Jul er ei tid for å vere saman med familie og venner. Det er juleferie for både barn og vaksne, og god tid til å gjere mykje hyggjeleg saman og å ete saman. Jula er ei kristen høgtid til minne om at Jesus blei fødd. Derfor er det mange gudstenester i kyrkjene i jula. I nokre kyrkjer er det fleire gudstenester på julaftan for at alle som kjem, skal få plass. Mange gir pengar og gåver som blir til glede for dei som treng det. Kva veit du om jul? KRISTENDOM 2

Advent Tida før jul heiter advent. Ordet advent betyr komme, og det er Jesus som skal komme. Advent varer i fire veker, det vil seie at det er fire adventssøndagar før julaftan. Derfor er det mange som pyntar med fire lys i adventstida og tenner eitt lys for kvar søndag fram til jul. For kvart lys som blir tent, les mange eit vers i diktet «Advent» av Inger Hagerup: Julegate Første søndag i advent: Så tenner vi ett lys i kveld. Vi tenner det for glede. Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede. Så tenner vi ett lys i kveld. Vi tenner det for glede Andre søndag i advent: Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede. De står og skinner for seg selv og oss som er til stede. Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede. Tredje søndag i advent: Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede. De står og skinner for seg selv og oss som er til stede. Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede. Fjerde søndag i advent: Vi tenner fire lys i kveld, og lar dem brenne ned, for lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred på denne lille jord, hvor menneskene bor. Adventskalender Adventskrans 3 NORSK START KRLE

Frå ei gudsteneste i adventstida. Lilla er adventsfargen. Kvar finn du noko med lilla her? Kva for nokre julesongar har du høyrt? Kva handlar dei om? Nokre har også ein eigen adventskalender. Då får barn og ungdom små overraskingar i adventstida frå 1. desember og fram til julaftan 24. desember. Andre har ein kalender der dei skal gi noko til nokon, eller at familien skal gjere noko saman. Det finst mange songar og forteljingar som handlar om jul og alt som skjer i adventstida. På skulane og i barnehagane syng dei julesongar og høyrer juleforteljingar. I kyrkjene er det mange konsertar i adventstida. Folk kjem til kyrkja for å høyre og å syngje nye og gamle julesongar. Det har blitt ein tradisjon at mange artistar held konsertar i kyrkjer i desember. Ein tradisjon er noko folk gjer på same måte mange gonger. Ei overrasking er ei hending som er uventa. Ein artist er ein kunstnar, til dømes ein songar eller ein musikar. JUL I NORGE 4

Hos nokon er det vanleg at ein i familien kler seg ut som julenisse og kjem med gåver til barna på julaftan. Kva veit du om julenissen? Kva heiter julenissen på andre språk? Å forfølgje betyr følgje etter, plage, gjere noko vondt mot, fange eller drepe. Ein martyr er ein person som døyr for trua si. Ein helgen er ein heilag person. Bakst er alt som vi kan bake, til dømes brød, bollar eller kaker. Julenissen Det er vanleg å pynte med julenissar til jul. Det er mange forskjellige forklaringar på kvifor julenissen har blitt så populær. Ei forklaring er frå rundt år 300 i Vesle-Asia. Der levde det ein biskop som heitte Nikolas. Ein biskop er ein leiar for fleire prestar i kyrkja. Nikolas var snill, hjelpte dei som hadde det vanskeleg, og gav pengar til fattige. Ein gong gav han pengar til tre fattige systrer slik at dei kunne gifte seg. Han kasta pengar ned i pipa på huset der dei budde. Nikolas døydde 6. desember. Derfor er denne dagen kalla Sankt Nikolas-dagen. I nokre land er det tradisjon å gi kvarandre gåver denne dagen. Luciadagen 13. desember er kalla Luciadagen. Tidlegare trudde folk at natta før 13. desember var den lengste og mørkaste natta i heile året. På 300-talet levde det ei jente på Sicilia som heitte Lucia. Namnet hennar betyr lys. Ho var kristen og hjelpte fattige menneske, men ho blei forfølgt og til slutt drepen. Ho blei sett på som ein martyr, og blei gjort til ein helgen. Barnehagar og skular feirar Lucia-dagen med at barna har på seg kvite klede og lys på hovudet og i hendene. Dei syng om ei mørk natt som får lys av Sankta Lucia. Mange et lussekattar på Luciadagen. Det er søt bakst, nesten som bollar. Kva veit du om Lucia? 5 NORSK START KRLE

Juletre og julehjarte Det er tradisjon å ha eit juletre heime i stova. Dette blei vanleg i norske heimar frå byrjinga av 1900-talet, men nokre hadde juletre inne i stova allereie på midten av 1800-talet. Skikken kom frå Danmark og Tyskland. Dei fleste brukar eit grantre, mens andre har eit furutre. Det blir pynta med lys, kuler i mange fargar, papirkorger, flagg og englar. I toppen av juletreet er det ofte ei stjerne. På julaftan ligg det gåver under treet. Dei blir delte ut til familien som er saman om kvelden. Nokre går rundt juletreet mens dei held kvarandre i hendene og syng julesongar. Det er vanleg å pynte med hjarte til jul. Hjarta kan vere lilla i advent og raude til jul. Nokre har også kvite hjarte eller hjarte av sølv eller gull. Eit hjarte fortel oss om kjærleik. Det kan vere kjærleik og vennskap i familien eller til andre vi er glade i. Eit hjarte i jula kan også fortelje om Guds kjærleik til menneska. Skikk betyr vane, noko ein pleier å bruke eller å gjere. Ein tradisjon. JUL I NORGE 6

Ein keisar er eit statsoverhovud, ofte for eit stort område med fleire kongar under seg. Ei slekt er alle som høyrer til ein familie. Ein stall er ein bygning der hestar eller andre dyr bur. Ei krybbe er ei kasse som dyr får maten sin i. Ein gjetar er ein som passar sauer eller andre dyr. Kva veit du om Jesus? Julekrybbe Det finst mange ulike julekrybber, store og små, ute og inne. Der er det figurar av Jesus-barnet, Maria, Josef, gjetarar og sauer. Det er fordi Bibelen fortel om desse i juleevangeliet. Bibelen fortel at Maria ein dag fekk besøk av engelen Gabriel. Maria var rundt 15 år og budde i Nasaret, ein liten landsby i Galilea i Midt-Austen. Engelen fortalde at Maria skulle få eit barn utan å vere saman med ein mann. Barnet skulle heite Jesus. Namnet betyr frelsar. Jesus var både Guds son og sonen til Maria. Maria var forlova med Josef, og dei gifta seg. Ein dag bestemte keisaren i Romarriket at alle som budde der, skulle teljast. Dei måtte teljast i den byen slekta var frå. Slekta til Josef var frå Betlehem, så Maria og Josef drog dit. Det var ei lang reise, fleire dagar å gå. Kanskje hadde Maria eit esel å sitje på. Då dei kom fram, var alle hus fulle av folk som også skulle teljast. Derfor overnatta dei ein stad saman med dyr, kanskje var det i ein stall. Der fødde Maria Jesus. Ho stelte han og la han i ei krybbe. Nokre gjetarar passa sauer utanfor Betlehem på den tida. Det var natt, menneske og dyr sov. Då kom det plutseleg englar til gjetarane, natta blei fylt av lys, glede, song og mange englar. Englane fortalde om at Jesus var fødd. Gjetarane drog av garde og fann Maria, Josef og Jesus-barnet. Dei fortalde om alt det dei hadde sett og høyrt. 7 NORSK START KRLE

Julestjerner og englar Bibelen fortel at det var nokre vise menn frå Austen som ein dag såg ei stor og klar stjerne på himmelen. Det betydde at det var fødd ein stor konge, tenkte dei. Vismennene drog for å finne denne kongen. Først besøkte dei slottet der kong Herodes budde, og spurde om det var fødd ein prins der. Herodes visste ikkje noko om dette. Vismennene drog vidare, såg på stjerna og følgde ho. Då fann dei Maria, Josef og Jesus-barnet. Dei hadde med fine gåver til barnet. Denne forteljinga er bakgrunnen for at vi pyntar med stjerner til jul. Mange pyntar også med tre vise menn eller tre kongar til jul. Bibelen fortel også at kong Herodes ikkje likte at det var fødd ein prins eller ein konge i landet hans. Herodes var redd for at den nye kongen skulle ta makta frå han. Han gav derfor beskjed til soldatane om at dei skulle drepe alle gutebarn i området der Jesus var fødd. Før dette hadde Josef fått beskjed av ein engel i ein draum om at familien måtte skunde seg bort. Dei flykta til Egypt og budde der til kong Herodes var død. Då drog dei heim til Nasaret og busette seg der. Vis betyr klok. Å skunde seg betyr å forte seg, vere rask. Å flykte betyr å rømme frå landet. Å busetje seg betyr å skaffe seg ein bustad, å slå seg ned ein stad. Korleis trur du det er å vere på flukt? Julestjerna over stallen med Maria, Josef og Jesus-barnet. JUL I NORGE 8

Dei heilage tre kongar, som også blir kalla dei tre vise menn, besøkjer Jesus-barnet. Måleri av ukjent kunstnar i Mariakyrkja i Roma. Englar og gjetarar i Betlehem. Måleri i taket i ei kyrkje i Roma. Ukjent kunstnar. Kva veit du om englar? 9 NORSK START KRLE Ordet engel betyr bodbringar, ein som Gud sender til menneska for å fortelje dei noko eller for å vere saman med dei. Det står om englar 300 gonger i Bibelen. Englar er viktige i dei kristne forteljingane om jul.

Kyrkja Kristendommen kom til Noreg på 800-talet. Kristne tradisjonar er ein del av den norske kulturen. Det viser seg til dømes i ord, musikk og i alle tradisjonane rundt dei kristne høgtidene. Det er kyrkjer i alle kommunar i Noreg. Alle kyrkjeklokkene ringjer kl. 17.00 på julaftan. Då begynner høgtida. Det er gudstenester i kyrkja både julaftan og andre dagar i jula. Haslum kyrkje i Bærum utanfor Oslo. Kyrkjeklokke i ei gammal norsk kyrkje. JUL I NORGE 10

Heidensk betyr noko som ikkje er religiøst. Vintersolkverv er når sola står lågast på himmelen. Kva heiter jul på morsmålet ditt? OM ORDET JUL OG SAMANSETTE ORD Jul er eit gammalt namn på ein stor heidensk fest 21.-22. desember i Norden i før-kristen tid. Etter at kristendommen blei innført, blei det gamle heidenske namnet brukt på den kristne høgtida fordi det var omtrent på same tid. Denne festen var ein vintersolkvervsfest då sola stod lågast på himmelen og dagen var mørkast. Ordet jul er eit substantiv som på nynorsk er hokjønn. EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ei jul jula juler julene For å få fram at noko har med jul å gjere, lagar vi mange samansette ord. Ordet jul er det første leddet eller delen: juletre, julekveld, julepynt. Norsk er eit språk med veldig mange samansette ord. Vi skriv desse samansette orda som eit ord. I eit samansett ord kan to ledd enten berre stå inntil kvarandre: til dømes bokhylle (av bok og hylle), eller det står ein bokstav mellom dei. Denne bindebokstaven er som regel enten ein e, som i julegåve, eller ein s, som i ordensreglar (av orden og reglar). Veldig mange ord tek e som bindebokstav. Dei aller fleste av dei er einstavingsord som ikkje er lånord, og alle endar dei på konsonant, f.eks.: jul som i julekveld folk som i folkefest gut som i guterom hest som i hestehale hund som i hundehus Nesten alle samansette ord som har ordet jul som første ledd, tek e som bindebokstav, til dømes julegåve, julemat, juletre. Men det finst unntak. Eit viktig unntak i denne samanhengen er julaftan. Juletre 11 NORSK START KRLE

NORSK START 8 10 KRLE KJEM VÅREN 2017! ALLE KOMPETANSEMÅLA ER DEKTE I KORTE OG LETTFATTELEGE TEKSTAR. Boka levandegjer faget. Tekstar og bilete engasjerer til refleksjon, samtale og diskusjon. Ord- og omgrepsforklaringar i marg. Rikeleg med bilete som hjelper til i språklæringa og fagforståinga Getty Images: istock s. 3, 4h, 5, 6, 7, 8, 9, 10. NTB Scanpix: plainpicture s.1, Heiko Junge s. 2, Mimsy Møller / Dagsavisen / Samfoto s. 4v, Erik Berglund, Aftenposten, s. 11. Cappelen Damm AS 2016 Omsett til nynorsk av Benedikte Grov Grafisk formgiving: Sandvik design Redaktør: Unni Wiel ISBN 978-82-02-55172-8 cdu.no krle-nett.cdu.no JUL I NORGE 12