Øystre Slidre kommune Saksframlegg Saksbehandlar: Marit Karlberg Arkivsaksnr: 13/729 Arkiv: 143 Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for kultur, utvikling og næring 19.09.2013 017/13 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2017 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-1017.doc Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 U 07.06.2013 Avisa Valdres Annonse 3 U 07.06.2013 skular og barnehagar, BHSS Lag og organisasjonar Revidering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 4 I 12.08.2013 Rolf Stalenget Innspill kommunedelplan 5 I 13.08.2013 Geir Melbye Innspel Rogne idrettslag 6 I 19.08.2013 Geir Melbye Innspel Rogne IL, garderobe og lager 7 I 08.09.2013 Yddin og Javnlie Løypelag Vedr. igangsetting av etablering av bru over Yddeåni 8 I 09.09.2013 Yddin og Javnlie Løypelag Vedr. anleggsliste for søknad om tippemidler Vedlegg: 1. utkast til Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014 2017 Bakgrunn for saka: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2010 2013, vedteken av kommunestyret i sak 09/1030, skal reviderast. Saksopplysningar: Kommunedelplanen er eit politisk dokument og skal vere ein styringsreiskap for å oppnå kommunen sine målsettingar på området idrett og fysisk aktivitet. I tillegg til handlingsplan for utbygging av anlegg, inneheld planen registrering av lag og organisasjonar, organisert og uorganisert aktivitet og handlingsplan for aktivitet. Kulturdepartementet krev at alle kommunar skal ha ein plan for idrett og fysisk aktivitet for å kunne søkje tilskot til anlegg. Planen er å rekne som ein kommunedelplan i kommunens planstrategi. Det er eitt krav at planen skal reviderast kvart 4. år. Det vil seia full saksbehandling etter Plan og bygningsloven 20-5 med sluttbehandling i kommunestyret. Handlingsprogrammet blir rullert kvart år. Eit tverrfagleg planforum, leia av kulturansvarleg for idrett, har hatt ansvar for kommunedelplanarbeidet. Forumet har bestått av: Sigmund Nøbben (leiar av idrettsrådet), Liv
Vingdal (folkehelsekoordinator), Anne Frugård (avdeling for næring og byggesak), og Marit Karlberg (kulturansvarleg for idrett). Utvalet har hatt 1 møte. Frivillige lag og organisasjonar, skular, barnehagar, samarbeidsutval og grendelag har hatt høve til å uttale seg til planen og å kome med innspel til handlingsprogrammet. Brev vart sendt ut 06.06.13. med svarfrist 21.08.13. Kommunen mottok 6 innspel. Nemnda for kultur, utvikling og næring skal i møtet gje råd med omsyn til 1) mål og tiltak for planperioden, 2) handlingsprogram for anlegg og fatte framlegg til vedtak som skal sendast på høyring til Idrettsrådet, spelemiddelsøkjarar og andre aktuelle høyringspartar. Det har kome 6 innspel til handlingsprogram for anlegg. Rogne idrettslag ønskjer å legge kunstgrasbane på grasbanen i Rogne. Total kostnad er kr. 7.000.000. Dei ønskjer også rehabilitering av garderobeanlegget på Solhaug og bygging av lagerrom. Total kostnad er kr. 300.000. Dei viser også til brev sendt av Øystre Slidre idrettslag til kommunen i desember i fjor, der dei vil jobbe for samanslåing av dei to laga under føresetnad av at kommunen overtek anlegga på Storefoss, inkludert lysløypa og hoppanlegget. Det nye laget vil ha ansvar for skianlegga på Beitostølen og fotballanlegget i Rogne. Dei vil ha førsteretten til leige og bruk av anlegga på Storefoss og bistå med vedlikehald i ei startfase samt merking av banar. Øystre Slidre idrettslag ønskjer å bygge nytt klubbhus på Storefoss. Total kostnad er kr. 1.000.000. Beitostølen Helsesportsenter vil rehabilitere svømmeanlegga sine i løpet av fireårsperioden og bygge nytt golv i idrettshallen. Båe anlegga kan søkje spelemiddel 2016, i følgje retningslinene til Kulturdepartementet. Total kostnad for svømmeanlegga er kr. 7.200.000. Total kostnad for nytt golv i idrettshallen er kr. 1.200.000. Øystre Slidre skyttarlag vil arbeide for ny innandørs skytebane i Moane. Yddin og Javnlie løypelag vil bygge bru over Yddeåne som eit av løypetiltaka i kommunen sin stig- og løypeplan. Totalkostnad er kr. 350.000. Øystre Slidre kommune ønskjer å rehabilitere bryggeanlegget på Furustrand med tanke på funksjonshemma og få til ei badrampe for utkøyring av rullestol. Total kostnad er kr. 600.000. Dei ønskjer også å tilrettelegge for ein BMX bane på nedsida av parkeringsplassen på ØSUS. Totalkostnad er kr. 80.000. Vurdering: Mål og tiltak innanfor idrett og fysisk aktivitet i Øystre Slidre kommune bør støtte arbeidet med å leggje til rette for at anlegg og aktivitetar som skal kunne nyttast av alle, også dei funksjonshemma. Tilrettelegging for idrett og fysisk aktivitet er viktige tiltak for ei betre folkehelse. Fokuset på trening og fysisk aktivitet er stort myndigheiter, samfunn og medier. Samtidig som fleire trenar regelmessig, viser ferske tal at kun 20 % av dei vaksne rører seg nok i forhold til anbefalingane. Det blir altså stadig mindre kvardagsleg kroppsleg aktivitet som dei fleste ikkje oppfattar som trening.
Grunnlaget for gode vanar og dei unges fritidsinteresser blir lagt i tidleg skulealder. Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet anbefalar barn i Noreg å vera i aktivitet, minst 60 minutt kvar dag. Målingar viser at jenter er mindre aktive enn gutar. Undersøkingar viser at om lag halvparten av dei som startar med organisert trening, vil slutte i løpet av relativt kort tid. Lågterskeltilbod ser ut til å fungere best. Dei er kjenneteikna av at dei er tilpassa og valgt av den enkelte, og at aktiviteten drivast i nærmiljøet saman med andre. Tilhørigheit og fellesskap aukar gleda og motivasjonen, og er, saman med tett oppfølging og støtte, sentrale faktorar for å redusere fall Utbygging av anlegg skal ta utgangspunkt i kva som trengs, og planen skal medverke til å unngå at prioriteringar blir gjort ut kortsiktige ynskje og særinteresser. Både grasbanen på Rogne og på Storefoss er blant dei beste grasbanane i Valdres. Ei ønska og heilskapleg utvikling av idrettsanlegga i kommunen tilseier at ein evt kunstgrasbane i kommunen bør ligge på Storefoss, midt i bygda, og med gode grunntilhøve, tilkomst, parkering og fasilitetar forøvrig. Eit slikt tillegg vil auke kapasiteten. Eit anna alternativ er å legge kunstgras på dei mindre banane på Rogne og Lidar skular, noko som truleg vil gje større utteljing i forhold til aktivitet blant barn og unge og funksjonshemma blant desse. Rådmannen ser kommunal overtaking av anlegga på Storefoss som uaktuell i den komande fireårsperioden i forhold til store utbyggingsprosjekt elles i kommunen. Ei utviding av lokala for inneskyting i Moane vil gje brukarane endra og betre garderobetilhøve, med tilgjengeleg kjøken og toalett sjølv når det pågår skyting i anlegget. Det er også naudsynt med betre avtrekks- og ventilasjonsanlegg. Laget si satsing på dei yngste, tilrettelegginga for funksjonshemma og samarbeidet med andre lag er positive føresetnader for satsing på eit slik anlegg. Samstundes må det peikast på at det alt er mange skyteanlegg i forhold til talet på skyttarar i kommunen. Svømmeanlegga på Beitostølen helsesportsenter tener dei funksjonshemma, ei prioritert målgruppe i planen. I tillegg er svømmeanlegga opne for lokalbefolkninga og blir nytta av Lidar skule i svømmeopplæringa. Svømmeanlegget er 20 år gamalt i 2016 og rehabilitering er viktig for å unngå forfall. Golvet i idrettshallen blir 10 år gamalt i 2016. Det blir nytta av idrettslaga til blant anna handball og innandørs fotballtrening. Idrettslaga må betale halleige og signaliserar at denne er for høg for deira økonomi. Behovet for nytt golv ser ut til å vera noko mindre enn rehabiliteringa av svømmeanlegga. Bru over Yddeåne er eit prioritert prosjekt i kommunen sin stig- og løypeplan. Det er Yddin og Javnlie løypelag som har kome med innspel om dette, men eigar av brua vil i tilfelle vera kommunen, som dermed bør stå som søkjar for dette prosjektet. Løypetiltak er eit godt tiltak i forhold til eigenorganisert aktivitet og støttar oppunder hovudmålet i kommunedelplanen. Baderampe for utkøyring av rullestol på Furustrand og BMX-sykkelbane for barn og unge på ØSUS er tiltak i tråd med mål og prioriterte målgrupper i planen. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: 1. Øystre Slidre kommune sitt hovudmål i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2017 er Fysisk aktivitet for alle. Prioriterte målgrupper er: Barn og unge Inaktive Funksjonshemma
2. Det blir sett av kr. 316.000,- per år i økonomiplanen som skal nyttast som kommunalt tilskot til spelemiddelsøknader. Totalt for den komande 4-årsperioden blir dette kr. 1.300.000 inkl. 36.000 som er sett av førre periode. 3. Følgjande nærmiljøanlegg blir prioritert i perioden 2014-2017: 1 14 Bru over Yddeåne 350.000 175.000 175.000 2 15 Furustrand 600.000 300.000 300.000 bryggjeanlegg, rullestolrampe 3 16 BMX-bane 80.000 40.000 40.000 4. Følgjande ordinære anlegg blir prioritert i perioden 2014 2017: 1 14 Klubbhus på Storefoss 1.000.000 85.000 330.000 185.000 (+ 400.000 2 15/ 16 Kunstgrasbane i Rogne 7.000.000 3.300.000 2.500.000 600.000 (+ 600.000 3 17 Svømmeanlegg, Beitostølen Helsesportsenter 7.200.000 4.800.000 2.400.000 0 Innandørs skytebane i Moane, rehabilitering av garderobeanlegg og lager på Solhaug og nytt golv i hallen på Beitostølen Helsesportsenter er aktuelle for neste fireårsperiode. 19.09.2013 Nemnda for kultur, utvikling og næring Behandling: KUN nemnda sette fram slikt tilleggsforslag: KUN nemnda meiner at det må forsterkast eit krav om samordning av idrettslaga og skyttarlaga i kommunen på utbygging og drift av anlegg. KUN nemnda meiner difor at Storefoss bør utbyggast som sentralanlegg inkl. kunstgrasbane i Øystre Slidre. Med desse tillegga vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring. KUN-017/13 Vedtak: 1. Øystre Slidre kommune sitt hovudmål i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2017 er Fysisk aktivitet for alle. Prioriterte målgrupper er: Barn og unge
Inaktive Funksjonshemma 2. Det blir sett av kr. 316.000,- per år i økonomiplanen som skal nyttast som kommunalt tilskot til spelemiddelsøknader. Totalt for den komande 4-årsperioden blir dette kr. 1.300.000 inkl. 36.000 som er sett av førre periode. 3. Følgjande nærmiljøanlegg blir prioritert i perioden 2014-2017: 1 14 Bru over Yddeåne 350.000 175.000 175.000 2 15 Furustrand 600.000 300.000 300.000 bryggjeanlegg, rullestolrampe 3 16 BMX-bane 80.000 40.000 40.000 4. Følgjande ordinære anlegg blir prioritert i perioden 2014 2017: 1 14 Klubbhus på Storefoss 1.000.000 85.000 330.000 185.000 (+ 400.000 2 15/ 16 Kunstgrasbane i Rogne 7.000.000 3.300.000 2.500.000 600.000 (+ 600.000 3 17 Svømmeanlegg, Beitostølen Helsesportsenter 7.200.000 4.800.000 2.400.000 0 Innandørs skytebane i Moane, rehabilitering av garderobeanlegg og lager på Solhaug og nytt golv i hallen på Beitostølen Helsesportsenter er aktuelle for neste fireårsperiode. KUN nemnda meiner at det må forsterkast eit krav om samordning av idrettslaga og skyttarlaga i kommunen på utbygging og drift av anlegg. KUN nemnda meiner difor at Storefoss bør utbyggast som sentralanlegg inkl. kunstgrasbane i Øystre Slidre. Rett møtebok: