Viktig med identitet og omdøme



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Informasjon til elevane

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


OK, seier Hilde og låser.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Minnebok. Minnebok NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

6. trinn. Veke 24 Navn:

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Elevundersøkinga 2016

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev for Rosa september 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Frå novelle til teikneserie

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

5 stk flotte bustadtomter til sals

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MØTEPROTOKOLL. Forfall: Camilla Storøy Hermansen MEDL KRF Kjell Runde MEDL FOLK/SP Margaret Leinebø MEDL H Per Kristian Furø MEDL AP

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

mmm...med SMAK på timeplanen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR


Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

FANTASTISK FORTELJING

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Transkript:

VESTLANDSNYTT 17 Viktig med identitet og omdøme Presentasjon av Hotellet Per Sævik kjem på romjulstreffet for å orientere om det planlagde hotellet i Fosnavåg sentrum. Vi skal presentere forprosjektet til hotellet og orientere om framdrifta, seier Sævik, som håper dei vil kome i mål med innhenting av kostnadar til hotellprosjektet i løpet av januar. Det vil gi oss eit beslutningsgrunnlag for å kome oss vidare, informerer hovudinvestoren. Fosnavåg vekst står bak hotellplanane der Per Sævik er styreleiar og Stig Remøy dagleg leiar. Olaug Andreassen og Camilla Storøy Hermansen meiner mykje står att før Herøyløftet kan avsluttast. Ein fast del av prosjektet er blitt romjulstreffet, som vert halde neste onsdag. Bakgrunnen for Herøyløftet var at Trude Teige ville gjere noko for å få fram kvinnene si betydning i Herøy si historie. Ho meinte kvinnene vart lite nemnt i historiebøkene og ønskte å setje meir fokus på dei. Ho starta eit prosjekt ho kalla for Kvinneløftet. Etterkvart som prosjektet har forma seg, var det meir naturleg å kalle det for Herøyløftet, der ein jobbar for å få fram vekst i kommunen. I dag er Olaug Andreassen leiar og Camilla Storøy Hermansen nestleiar. Herøyløftet går ut på å styrke identiteten og omdømet vårt. Den historiske biten var grunnlaget, men vel så viktig er det å vere klar over notida, meiner ho. Herøyløftet har etablert tre viktige arrangement i prosjektet: Nettverkssamling, tilflyttardag og romjulssamlinga. Må jobbe med omdømebygging Romjulssamlinga er ein viktig del av Herøyløftet der både innbyggjarar og herøyværingar som er heime på julebesøk kan kome, informerer Andreassen. Fleire firma frå Ytre Søre nyttar sjansen til å vise seg fram og sjå etter potensielle nye å tilsette. Samlinga er også meint å vere ein treffstad for både utflyttarar og heimebuande. Gjennom heile dagen vil vi syne fram både lokale talent og lage ei hyggjeleg rame der vi sett fokus på det positive med Herøy, seier Camilla Storøy Hermansen. Sjølv meiner ho kommunen kan gjere enno meir for å bli ein god tilretteleggar for næringsliv og kultur, og at regionen samla sett er eit attraktivt område. Må jobbe med omdøme - Alle kommunar må jobbe med omdømebygging. Vi er ein utkant og må jobbe for å halde oppe folketalet. Som lokalpolitikar er eg oppteken kva som blir sagt om Herøy som kommune, seier Andreassen som sit i kommunestyret for Ap. Prosjektperioden med Herøyløftet skal vere ferdig til våren, men Andreassen føler dei enno har einlang veg å gå. Om vi skal få ein god og positiv auke i innbyggjartalet framover mot 2020, er vi nøydde til å jobbe for å få på plass bustadar framover mot 2020, seier Andreassen. Herøyløftet er også igang med den historiske biten. Nina Bøe og tre andre skodespelarar planlegg ei dramatisering av livet på Sunnmøre under okkupasjonen. Den tek utgangspunkt i forfattaren Ellen Ryssevik Ytrebø si bok «Dei harde åra». Guri Aasen førebuer ei kvinnehistorisk forteljarframsyning, Arve Voldsund lagar filmarkiv, og Åshild vil vise kvinnekulturen gjennom ei utstilling. Meir om kvart av desse prosjekta vil verte presenterte seinare. * Camilla Storøy Hermansen (t.v) og Olaug Andreassen er leiarane bak Herøyløftet.

18 VESTLANDSNYTT V ille ik k je budd nok on annan stad i heile verda! For første gong på nærare 50 år vert det bygd nytt hus inst og høgt i Jøsokbakken. Det finst ikkje finare plass, meiner Kristin Myrvågnes og Jon Ingvald Worren. Bratt og svingete. Snirklete grusveg over ei bru og inn i skogen. Oppover, oppover. Men så, plutseleg, opnar landskapet seg og byr på ei fantastisk utsikt over fjord og fjell. Då sig forståinga over at nokon vil busetje seg her, inn. Eg er vant til å bu landleg og å ha utsikt, fortel Kristin med eit strålande smil. Ho er opphavleg frå Myrvåg, og hadde i grunnen sett for seg at det var der ho skulle bu. Men verken ho eller mannen ønskte å bu i eit byggjefelt. Med travle jobbar i Ulsteinvik, drøymte dei om ein bustad i naturen der dei kunne trekkje seg tilbake og finne roa. Fredeleg heimeliv John Ingvald er frå Indre Jøsok, og før han rakk å foreslå å byggje på tomta ved sidan av faren, var Kristin allereie med på planane. Bygginga starta i oktober i år, etter nokre månader med venting på at alle papir skulle bli klare. Dei har ikkje sett nokon dato for innflytting, og Kristin er oppteken av at byggjeprosessen skal vere så positiv og lystbetont som muleg. Men håpet er at huset i alle fall står ferdig til neste jul. Eg veit allereie kvar juletreet skal stå, smiler ho. Faren til John Ingvald er pensjonert snikkar, og hjelper til med bygginga. Han hadde ikkje trudd at nokon kom til å bygge her. Det er kjekt. Og eg trur ikkje dei kjem til å angre, seier han bestemt, og viser til den flotte utsikta og den landlege beliggenheita. Vi håper vi får behalde skulen, trass i at vi ser tendensar til at dei vil sentralisere skulene, seier Kristin, som meiner noko av grunnen til at ho ikkje byggjer i Myrvåg, er skulenedlegginga. Byggefelttomter Men å bu i byggjefelt var aldri aktuelt. Alt i kvardagen er stress. Det var viktig for oss å ha ein heim der vi føler vi kunne trekkje oss litt tilbake, seier Kristin, som har blitt møtt med overrasking av vener og familie. Eg hadde besøk av ei veninne frå Bergen som såg fareskiltet om sauer. Då brest ho saman i latter og kunne ikkje forstå at eg ville bu her, smiler Kristin. Også farfaren hennar var skeptisk då han første gong var med opp vegen til tomta. Han spurde: «Er du sikker på dette, då, Kristin?» Men då han steig ut av bilen og såg den flotte utsikta forsto han at barnebarnet handla rett. Eg kunne ikkje tenkje meg å bu nokon annan stad i heile verda, slår Kristin fast, og legg ikkje skjul på at ho gler seg til å sitje saman med Per Ingvald på altanen og nyte sola, utsikta og stilla. Leikong - ei bygd i vekst Fritt og vilt For det unge paret var det ikkje minst viktig å bu i ei bygd i vekst. - Det er mykje som skjer her på Leikong, med eit aktivt idrettslag og ein levande skule. Jøsok har også sitt eige vel, som mellom anna samlar folk til jonsok i fjøra, fortel John Ingvald. Sæleg er skulen viktig for nybyggjarane. Dei ønskjer seg barn etterkvart, og meiner skulen er avgjerande for om folk vil busetje seg i bygdene. RKristin Myrvågnes og John Ingvald Worren har valt å byggje hus i Jøsokbakken. Det er 50 år sidan sist det vart bygt her.

VESTLANDSNYTT 19 Fann draumeplassen på Leik ong Gokart, lysløype, kor og revyar. Det er mykje som skjer på Leikong, ei bygd med nærare 600 innbyggjarar i Indre Herøy. Leikong var den bygda i Herøy som hadde flest fødde per innbyggjar i fjor 13 nykommarar. På Leikanger skule er dei per i dag nærare 50 elevar. Men rektor Jan Helge Langberg meiner talet vil kome opp i 60 elevar om få år. Vi har sett at fleire yngre har etablert seg i bygda vår dei siste åra, noko som gir utslag på barnehage- og skulestatistikken, stadfestar Langberg. Han er glad for den nye tilveksten i bygda, og registrerer med glede at både nye bustadar vert bygt, og at nokre set i stand dei eldre husa som sto her frå før. Det gamle huset og tomta ved sjøen gjorde at Are Pilskog og Siv Midtlien vade å busetje seg på Leikong. Begge er biologar, og likar seg i vêr og vind. Ei levande bygd kom på kjøpet. Are Pilskog er frå Hjørungavåg og Siv frå Aurskog/Høland. Begge er glade i naturen og likar seg i ruskete vêr. Sjølv om Siv er frå det indre Austlandet, trivst ho med klimaet på Sunnmøre. Eg likar at det er litt vêr og vind, og er veldig glad i sjøen, seier Siv. Begge har kajakkar og kan dra til havs rett frå strandlinja på eigdomen sin om dei vil. Det var avgjerande kvalitetar for kvar dei skulle busetje seg. Frå feriehus til draumeheim Stilt og nesten umerkeleg ligg det der, det gamle trehuset med sprossa vindauge. Treet ved sidan av ser nesten ut til å ha som oppgåve å passe på det. Då det vart lagt ut for sal var det svært mange som var interes- serte. Det var regulert til feriehus, og kjøparane såg nok for seg ein flott feriestad ved sjøen. Men Siv og Are ville bu der permanent. Då eg såg huset visste eg at det var dette eg ville ha, seier Siv, som Saman med Are leita etter fleire aktuelle buplassar på Ytre Søre frå Landbrukshøgskulen på Ås der dei studerte. Begge tok sjansen på at dei fekk det vesle huset ved sjøen på Leikong godkjent som bustadhus. Og etter litt fram og tilbake med Herøy kommune, kunne dei i fjor haust endeleg flytte inn. Ville ta i bruk eit gamalt hus Det var litt greia vår at vi ville ta i bruk eit gamalt hus, fortel Are. Han er i tillegg til å vere biolog, også naturfotograf. Saman med broren Sturla driv han filmselskapet Blåst. Are har fleire oppdrag i regionen, no held han mellom anna på med eit prosjekt om silda, som har gyteområde ved Runde. Han meiner Leikong er eit perfekt utgangspunkt for arbeidet sitt, sjølv om han gjerne skulle sett at det fanst endå meir aude naturområde i regionen. Siv har brukt biologiutdanninga si til å undervise på vidaregåande skule. Ho vedgår at det kanskje ikkje er flust av arbeid for universitetsutdanna her ute, sjølv om Miljøsenteret på Runde har opna nye mulegheiter. Likevel kunne ho ikkje tenkje seg å bu nokon annan stad. Godt mottekne Både Herøy kommune og bygdafolket har møtt det unge paret med velvilje og hjelpsemd. Då dei flytta inn, låg det fem sekkar med ved utanfor døra. - Folk er veldig hyggjelege og vi kjenner oss godt mottekne, seier Siv, som framhever Leikong som ei bygd der det er mykje som skjer. Revy, søndagskaffi, basar, Leikongdagar og julegrantenning. Ho må tenkje seg om då vestlandsnytt spør om det er noko ho saknar. - Litt snø, kanskje * Eit hus ved sjøen og strandlinje på Ytre Søre, det var det Are Pilskog og Siv Midtlien drøymde om då dei studerte ved Landbrukshøyskolen på Ås. På Leikong låg draumeplassen. Saman med Linnea på 8 månadar er dei med på den positive veksten for Leikongbygda.

20 VESTLANDSNYTT * Karstein Sund er mellom dei større private utbyggjarane i Herøy. På dette området på Teige skal det kome 21 leilegheiter. Sund håper på byggjeoppstart i løpet av våren. Olaus-Jon Kopperstad og Robert Myklebust frå kommunen ser med glede på prosjektet. men understrekar at kommunen skal gjere sitt for å halde framdrifta oppe. Dei ser med glede på at mange private utbyggjarar sjølve tek initiativet for å byggje. Ein av dei er Karstein Sund på Nerlandsøy. Satsar på bustader i 2010 Herøy kommune rettar fokuset på å skaffe nok ledige tomter og bustader til folk i 2010. Det må til om målet på 10 000 innbyggarar innan 2020 skal bli innfridd. 21 leilegheiter på Teige, 11 leilegheiter i Mohamarbygget, 28 på Myklebust og 12 i Huldalen, kan nemnast av konkrete prosjekt som er i sving. I tillegg finst ei rekkje bustadtomter i dei kommunale byggjefelta og nokre hos private utbyggjarar. Mange byggfirma er i sving for å etterkome behova til eldre og yngre i Herøy. Kommunen meiner dei gjer sitt beste for å tilretteleggje, og skal mellom anna kjøpe 10 nye leilegheiter årleg av ulike byggfirma. I tillegg byr dei på gratis tomter. I Kvalsvika er det framleis tre gratistomter igjen, på Remøya fire. I Feirelia er alle gratistomter opptekne. Men det er framleis ledige tomter både i Feirelia og på Remøya, men då til vanleg pris, informerer eigedomsleiar Robert Myklebust. Saman med Jarl Martin Møller frå utviklingsavdelinga, ordførar Arnulf Goksøyr og assisterande rådmann Olaus-Jon Kopparstad orienterer han om bustadsituasjonen i kommunen. Vil bu sjønært Målet er at mange fleire skal få bu der dei vil. Mange vil bu i byggjefelt, men det er også fleire som ønskjer å nytte seg av mulegheita til å bu landleg og sjønært. Men dyrka mark ned til sjøen, mykje funn etter arkeologiske undersøkingar og forbud mot bygging i 100-meterssona vanskeleggjer ofte byggeprosessen og gir langvarig handsaming. Mange instansar må inn i prosessen, og Goksøyr presiserer at Herøy er den kommunen i fylket som søkjer mest om dispensasjon frå dette. - Vi vil gjerne hjelpe, men det er fylket som er siste instans. Vi prøver å leggje til rette så godt vi kan men fylket avgjer, slår Goksøyr fast. Det lettaste er å bestemme seg for å byggje i eit område som er regulert frå før. Goksøyr meiner folk nærast kan få byggjeløyve på dagen om dei bestemmer seg for å byggje i eit slikt område. Han meiner sakshandsamingane stort sett går rimeleg raskt og greitt, men vedgår at han har døme på det motsette. Det er berre å beklage, men nokre gonger er det rett og slett andre instansar inne i biletet, eller andre forhold vi ikkje rår over, seier Goksøyr, som presiserer at kommunen har stort trykk på å få på plass fleire bustader i 2010. Satsar kraftig Indre Bergsøy er eit område som skal byggast ut, og her er det naturleg å sjå føre seg 150-200 potensielle bustadar. Indre Leine, Kopparstad og Eggesbø er døme på andre område som skal huse mange bustader. Kommunen set alle klutar til for å få på plass nok bustadar for å nå målet om 10 000 innbyggjarar innan 2020. Når vi no satsar kraftig på å tilretteleggje tomter må folk vere klar over at det kan gå utover noko anna. Vi er nøydde til å prioritere, understrekar ordføraren. Han presiserer også at kommunen ikkje kan gjere jobben åleine, men er avhengig av at byggfirmaa kan byggje til ein fornuftig pris. Vi ønskjer å leggje til rette for alle som kan tenkje seg å byggje, seier assisterande rådmann Olaus-Jon Kopperstad. Eigedomsleiar Robert Myklebust legg ikkje skjul på at eigedomsutvikling kan vere ein langdryg prosess. - Det er ulike myndigheiter som skal inn, og så kjem det eksterne faktorar som ikkje vi rår over, slik som finanskrisa, seier Myklebust, Ting tek tid Saman med fem andre grunneigarar er Karstein Sund etter fleire år med tilrettelegging klar til å starte bygging av 21 leilegheiter på Teige. Området ligg flott til, med utsyn til sjø og fjell. Og fem minutt unna ligg Fosnavåg. Nedanfor bustadfeltet er Karstein i ferd med å lage til eit flott uteområde, og har nett kjøpt eit ekstra stykke der han ser føre seg ein badestrand. ønskjer også å lage til ein fin sandstrand etterkvart. Han trur mange eldre herøyværingar vil setje pris på å kunne flytte inn i lettbudde leilegheiter nær sjøen. Her er sol heile året og ei fantastisk beliggenheit, seier Sund som sjølv har vakse opp her og driv den lokale Spar-butikken. Det er også ein grunn til at han vil ha fleire bustader i området, ønsket om at nærbutikken skal overleve. Ovanfor leilegheitskomplekset planlegg han også fleire einebustader. Status reguleringsplanar Leine 1 9 nye tomter Ferdigstilling: Vinteren 2010? Eggesbøjorda 15 bustadeiningar konsentrert, 9 einebustader Ferdigstilling: vår/sommar 2010? Sentrumsteigen 20 leilegheiter i nytt bygg, 7 leilegheiter i eksisterande bygg Ferdigstilling: vår/sommar 2010? Vågsholmen Leilegheiter og einebustader Ferdigstilling: Kystverket har trekt motsegn Indre Bergsøy 150 einebustader, 75 bueiningar konsentrert Ferdigstilling: Arkeologisk utgraving vår/sommar 2010 Indre Leine 46 nye tomter og 9 bueiningar konsentrert Ferdigstilling: 1. halvår 2010? Hjelmeseth 5-7 tomter for einebustad Ferdigstilling: våren 2011? Myklebust 4 bueiningar konsentrert Ferdigstilling: vår 2011? Frøystad 30 tomter nye tomter Ferdigstilling: vår 2011? Dragsund 10 nye tomter Ferdigstilling: vinter 2011?

VESTLANDSNYTT 21 Bustader til sals i Herøy og Ulstein Dragsund, HERØY Leilegheiter i firemannsbustad, 1 ledig! 70 m² Med garasje Pris kr 1.320.000 Arbeidet har starta Frøystad 23, HERØY Leilegheiter i tomannsbustad, 1 ledig 130 m² Med garasje Pris kr 2.025.000 Arbeidet har starta For fleire prosjekt ta kontakt med oss Vi kan også treffast på messa på Herøy kulturhus tysdag 29. desember frå kl 14.00. Langereina 17, ULSTEIN Vi ynskjer alle ei God Jul og eit Godt Nytt År! Salssjef Odd Martin Velsvik, tlf 982 36 760 Tlf 70 05 59 10, post@mesterhussunnmore.no For meir informasjon sjå www.mesterhussunnmore.no Johanmarka, EIKSUND Leilegheiter i tomannsbustad 130 m² med garasje med garasje Pris kr 2.065.000 Arbeidet har starta Flott tomannsbustad med garasje 125 m² Med garasje Pris kr 1.920.000,- Opningstider i jula: Onsdag 23. desember Måndag 28. desember Tysdag 29. desember Onsdag 30. desember Frå måndag 4. januar 08.00 13.00 10.00 14.00 10.00 14.00 10.00 14.00 08.00 16.00 www.mesterhussunnmore.no KVADRATBYGG AS vil stå for sal av leilegheiter for to utbyggingsselskap i Herøy. Alle leilegheiter har heis og garasjekjellar. Kvadratbygg UTBYGGING AS vil bygge 12 leilegheiter i HULDALEN. Storleik frå ca 50-80 m2. Forventa oppstart påske 2010. FOSNAVÅG utbygging as er igang med byggesteg 1 på MYKLEBUSTVATNET VEST. Bygg B har 12 leilegheiter frå ca 50 til ca 80 m2. Ferdigstilling av Bygg A mars 2011. Ferdigstilling av Bygg B sommaren/hausten 2011. Be om prospekt: Tlf. 700 82 700. E-post post@kvadratbygg.no Kontaktperson Idar Warholm www.kvadratbygg.no

22 VESTLANDSNYTT VIL DU JOBBE INNAN OFFSHORENÆRINGA? MØT OSS PÅ STAND PÅ KULTURHUSET 29.DESEMBER KL 14.00-18.00

VESTLANDSNYTT 23 Det spirer og gror i Torvika For fem, seks år sidan tok noko til å skje i Torvika. Bygda som folk flytta frå fordi dei var redde den skulle bli fråflytta, fekk plutselig nye, unge innbyggjarar. I det sparsamelege desemberlyset ligg Torvik gråkald og tilsynelatande forlete. Hurtigruta har gått og sola er borte. Men om ein ser seg litt rundt får ein auge på fleire nye hus, og ut av dei myldrar det unge familiar. Dei fleste mellom 28 og 36 år. Det var viktig for oss å sleppe å bu i byggjefelt og kunne bu landleg, seier Per Hugo Torvik, som ønskte å ha det fritt rundt bustaden sin. Viss ikkje, kunne han like gjerne ha budd i ein by. Han og sambuaren bur i eit hus han bygde om til tomannsbustad. No ser dei etter tomt for å byggje einebustad. Vi vurderer å byggje her, sidan så mange på vår alder har valt å kome tilbake og vil bu her, stadfestar han. Til saman har 10 familiar etablert seg her dei siste fem åra. Vanskeleg med tomt Fleire av familiane ønskte å bu utanom byggjefelt. Men å få attraktive tomter var, og er vanskeleg å få tak i. Dyrka mark er ofte hinderet. Nokre har opplevd sein sakshandsaming frå kommuna si side, andre har ikkje noko å utsetje. Uansett bør dei folkevalde vere bevisste si oppgåve og hugse at det faktisk er folk bak søknadane, understrekar Margareth Kvalsvik Jensen. Saman med ektemannen opplevde ho at saka hennar stoppa opp i planutvalet. Løysinga vart å ta over garden til faren, i staden for å skilje ut ei tomt. No har dei slått seg til og trivst i Torvik, men presiserer at når ein snakkar om «Herøyløft» bør kommunen leggje til rette for der ein vil bu og ikkje til bratte byggjefelt. Kjenner seg priviligerte Vi kjenner oss priviligerte som får bu så nær sjøen og familien. Slike ting som å sjå hurtigruta gjennom stovevindauga er fantastisk, seier Torill Steinsvik Notø, som sjølv vaks opp i fjøresteinane her ute. Mange oppgir det å ikkje vere redd for ungane sine som ein vektig grunn for å busetje seg i Torvika. Det er fritt og nært, og det einaste vi ønskjer oss no er gangveg til og frå bygda, samstemmar familiane. Seks nybygg har kome opp dei siste åra, medan tre gamle hus er restaurert eller under restaurering. Fjøra naturleg samlingsplass Familiane har vore så opptekne med å etablere seg at dei ikkje har hatt tid til å vere særleg sosiale. Men møteplassen vert naturleg nok fjøra som i gamle dagar då dei vaks opp. Berre i løpet av dei siste tre månadene har det blitt fødd tre barn. Og til saman har familiane 15 barn. Også dei eldre setter pris på at ungdomen kjem tilbake. Vi får positive tilbakemeldingar frå dei eldre i bygda som synest det er kjekt med nybygg og unge tilflyttarar, seier Kine Båtevik Sundnes. * I løpet av dei siste åra har det kome fleire nye tilflyttarar til Torvik. Frå venstre: Kjartan Sundnes, Kine Båtevik Sundnes og Daniel, Endre Notø, Torill Steinsvik Notø, med Tor Isak i vogna, Monica Frantzen Steinsvik, Margareth Kvalsvik Jensen, Vidar Hungnes med Mille, Marte Vike Hungnes med Olea, Per Hugo Torvik, Asgeir Djupvik og Margrethe Djupvik. Barna framme (f.v) Odin Steinsvik, Eskil Steinsvik, Andreas Remøy Torvik,Elvira Remøy Torvik. Kvalsund & Teige Byggefelt As 6098 Nerlandsøy - Tlf. 70 08 85 14 v/ Karstein Sund LEDIGE BUSTADTOMTER Flotte utsiktstomter! Oppstart av feltet 4. januar 2010.

24 VESTLANDSNYTT * Inger-Anne Almestad (t.v) og Lene Moen Karlsen har flytta heim etter mange år i Oslo. Stilla veg opp for bylivet Etter fleire år i Oslo, og ein rekkje tilfeldigheiter, bestemte Inger-Anne Almestad og Lene Moen Karlsen for å ta med seg familien og flytte heim. Det har dei ikkje angra på. - Sjå himmelen då, Mamma! Sånn hadde vi ikkje i Oslo! Kommentaren frå 5-åringen til Lene Moen Karlsen er skildrande for korleis familien opplever veret i Herøy. Foreldra er vokse opp i fjøresteinane med ver og vind, medan dei to barna har gått sine første barnesko i Ålesund og Oslo. At dei valde å flytte heim var nærast ein tilfeldigheit. Lene var informasjonsansvarleg i eit internasjonalt selskap i Oslo, men kjente at ho ville gi ungane noko av den same oppveksten som ho sjølv hadde hatt. Etter nokre år i Oslo var dei på tur til å busetje seg i Ålesund. Men før det skjedde var dei innom Fosnavåg på julebesøk, og romjulssamlinga på Kulturhuset i Fosnavåg baud på andre mulegheiter. Romjulssamlinga gav jobb Eg vurderte ikkje Fosnavåg som ein mulegheit, då det dei siste åra har vore lite passande stillingar, seier Lene, som stakk innom romjulssamlinga for å sjå kva bedriftene hadde å tilby og treffe gamle kjente. Der låg det ei stilling ho kunne tenkje seg. Ei stilling som ho sjølv kunne vere med på å forme. Knappe fem måndader seinare var ho nytilsett som reiseliv- og sentrumskoordinator for Fosnavåg sentrum. Sidan har ho vore med på å forme to nye festivalar, og har ein aktiv rolle med i det som skjer rundt om og i sentrum. Likevel likar ho seg aller best på søndagane - då alt er stengt. Det beste med å kome heimatt til Herøy er stillheita. Stillheita og vêret, meiner Lene. Inger-Anne Almestad nikkar. Begge sit på kafeen Kalimera og fortel om kvifor dei valde å flytte heim. Inger-Anne er opphavleg frå Almestad i Sande, og var den som eigentleg skulle ta over garden. Men allereie i 1987 flytte ho heimefrå. Først til Trondheim, så til Oslo. Tenkte på Ulsteinvik Inger-Anne arbeidde og treivst som lærar på Bryn i Oslo, men ho hadde planar om å starte butikk på Nordstrand. Ein draum ho lenge hadde sysla med. Alt var klart, det einaste som mangla var lokalar. Då det ho hadde sett seg ut vart selt, måtte ho tenkje i nye baner. Tanken om ein butikk i Ulsteinvik, eller kanskje Fosnavåg, dukka opp, og ho følgte med på Internett og i avisene om det dukka opp passande lokalitetar. Ho var i grunn mest innstilt på Ulsteinvik. Det var ein pågåande prosess som vart styrt av fleire tilfeldigheiter, seier Inger-Anne, som legg til at presset frå svigerinne og herøyværing Laila Kvalsund Solhaug hjelpte på. Og då ho bad om eit møte med Næringsforumet som berre møtte ho med velvilje og iver, bestemte ho seg tilslutt for å satse i Herøy og starte livsstilsbutikken Bella Blå. Lene nærast hopper av iver i sofaen. Fosnavåg sitt særpreg er jo akkurat nisjebutikkane, så vi ville veldig gjerne få ho hit, stadfester Lene. I dag er Inger-Anne glad for at det vart akkurat Herøy. Større ektheit Eg kjente at eg var ønskt hit, og det positive møtet med Næringsforumet hadde nok ein avgjerande betydning for at det vart Herøy, stadfestar Inger- Anne. Ho meiner å oppleve ein større ektheit mellom innbyggjarane i Herøy enn i Oslo. For Lene var dei mange voldsepisodane ho dagleg høyrde om på radio noko av grunnen til at ho ville flytte. Tanken på å sleppe ungane ned fire etasjer for å leike åleine ute var ikkje noko ho ønskte. Men hovudgrunnen for både Inger-Anne og Lene var familien og naturen. Dessutan hjelpte det at kommunen hadde ledige barnehageplassar. Ikkje heilt problemfritt - I Oslo er det nærast umuleg å få seg barnehageplass, seier Inger-Anne og Lene, som begge har to barn kvar. Dei meiner den gode barnehagedekninga er med på å gjere Herøy til ein attraktiv bustadkommune. Og i tillegg er det fantastiske barnehagar, seier Inger-Anne. Lene si jente, Emilia, slo om frå Oslo-dialekt til kav fosnavågar etter eit par månader. Inger Anne vedgår at ho var meir betenkt med tanken på å flytte heim. Ho og mannen har to adopterte barn frå Sør-Afrika, og ho var spent på korleis samfunnet ville møte den særskilte familiesamansettinga deira. Overgangen har ikkje vore heilt problemfri. Barn er direkte og seier gjerne det dei tenkjer utan å meine å såre, seier Inger-Anne, som fortel at eldstemann nok har fått meir fokus på eiga hudfarge enn han hadde før. Inger-Anne underviste på ein skule der over 50 prosent var minoritetsspråklege. Der var ikkje slikt eit tema. Sjølv om der har kome mange fleire nasjonalitetar til i Herøy etterkvart, er det framleis eit punkt tilsette i oppveksteiningar og andre vaksne bør vere merksame på. Det beste hadde vore om vi var fargeblinde slik at ulik hudfarge ikkje var eit tema, og alle heller kunne sjå kvarandre som menneske. Frisk sjøluft betre enn kafé Både Inger-Anne og Lene meiner dei korte avstandane i Herøy er befriande. Også den friske sjølufta, stormane og stillheita trekkjer dei fram. Eg kan gå og smile for meg sjølv når eg går langs kaia, seier Lene, og Inger-Anne kompletterar: Same her. Kvar veke når eg parkerer på Almenningen tek eg eit bilete av havgapet og sender nedover til venane mine i Oslo, smiler ho. Som kanskje aller mest saknar det livlege kafélivet om søndagane, når ho hadde fri. No har eg høve til å nyte dei deilige lefsene til mamma i staden, seier Inger-Anne, og Lene legg til: Eg saknar søndagane i Oslo, men stillheita i Herøy veg opp for alt. Med utsyn over fjord og fjell ligg kontora til Sunnmøre Seafood på Moltustranda. Her går daglegspråket på engelsk. Sverige, Estland, Litauen, Polen, Frankrike og Russland. Det er nokre av nasjonalitetane til dei som jobbar på Sunnmøre Seafood (Sunsea). I administrasjonen vert ein først møtt av Catherine frå Normandie. Deretter kjem Paula frå Sverige og ønskjer varmt «Velkömmen». I krokane sit Sveinung Bergh og Bente Krumsvik, rotnorske og trygt skjerma for blitzen, medan Julia Li, eller Xinxia som ho kallast i heimlandet, gjerne fortel om kvifor ho kom til Norge og jobbar på akkurat Moltustranda. Reker og kjærleik For fire år sidan importerte Julia reker for eit stort firma i Kina. Ho vart då kjent med fleire norske firma, mellom anna Friomar i Fosnavåg som eksporterer blåkveitehovud til Kina. Etterkvart fekk Julia seg kontor i Ålesund gjennom det kinesiske firmaet. Ho likte vestkysten av Norge,

VESTLANDSNYTT 25 TUSSAFIBER få verda HeiM Til DeG. når du Vil. * Internasjonalt på Moltustranda naturen, den friske lufta og at gatene var reine. Sjølv er ho frå Nantong, ikkje så langt frå milliardbyen Shanghai. - Eg likar å reise og treffe folk, og hadde lyst til å reise til Norge, forklarar Julia, som møtte kjærleiken i fiskeindustrien. I 2005 flytta ho til Fosnavåg og gifta seg med Sveinung året etter. I dag jobbar dei saman på Sunsea. Møtte Remøy i Kina Første gong Julia høyrde om Herøy og Fosnavåg, var for fleire år sidan då ho arbeidde med rekeimport. Då trefte ho Fredrik Remøy gjennom forretningar i Shanghai. Han fortalde om staden han kom frå og kva for rolle fisket hadde for innbyggjarane på heimplassen sin. Julia såg for seg ein bitteliten plass med mange reketrålarar. Då ho flytte hit sjølv for tre år sidan, syntest ho Fosnavåg var veldig interessant. Det er ein liten, men veldig internasjonal stad med alle slags mulegheiter, seier Julia, som meiner internasjonal forretning er den same overalt, berre teknologien er til stades. Og vedgår at det er noko av grunnen til at ho kunne bu her. I 2007 vart ho tilsett i Sunsea for å utvikle marknaden i Asia. Det er ein jobb ho trivst godt med. Fransk opning Alle dei ulike nasjonalitetane gjer det spennande for fleire enn Julia å jobbe på Sunsea. Catherine Fournier trivst i eit internasjonalt miljø. Ho har budd i Paris sidan ho var 14 år, og studerte i Barcelona. Deretter reiste ho rett til Trondheim i Norge. Ho vart fortalt at ho måtte vere budd på at nordmenn kunne vere kalde og sjenerte. Men Catherine vart positivt overraska. Folk er snille og greie, stadfestar ho, som no bur i Ålesund og pendlar til Moltustranda kvar dag. Paula Sandanger er frå Jungkile i Sverige, og fungerer både som kvalitetsikringssjef og plassjef. På årets julebord heldt ho tale både på norsk/svensk og russisk. Heldt tale på russisk Eg fekk hjelp av to tilsette, éin polsk og éin russisk, til å formulere det eg ville seie, smiler Paula, som fekk fram bodskapen på ein forståeleg måte. Bedrifta har 33 fast tilsette og 19 innleigde arbeidarar, mange av dei frå Aust-Europa. Oppe i administrasjonen er det panaromautsyn mot Herøyleden og Mjølstadneset. Det er ope kontorlandskap og mange slags språk vert nytta i kvardagen. Sveinung sit i telefon og handlar fisk på flytande engelsk, Catherine på fransk. På andre sida sit Julia og svitsjar frå norsk til kinesisk på brøkdelen av eit sekund. Det er ein miks av språk her, men humoren vår er felles, smiler Paula. Tussafiber på romjulssamling Du treff oss på Herøy Kulturhus tysdag 29. desember frå kl. 14.00 Kva får du med Tussafiber? Med Tussafiber kan du velje den delen av medieverda du likar best. Akkurat når du vil. Du får betre underhaldning, enklare kommunikasjon og raskare informasjon alt i ein pakke, rett heim til deg. Tussafiber gjer framtida kjekkare. Tussafiber TV/radio spennande kanalpakkar frå Get interaktivt TV sjå det du vil når du vil Filmleige når du vil Programguide program ei veke fram i tid TeleFon telefon til betre pris internett internett med superhastigheit (10/10, 20/20, 50/50 Mb) status for utbygging i Herøy: bøe/sande - utbygging vedteke røyra - utbygging vedteke. fleire felt under planlegging i 2010. tussafiber.no

26 VESTLANDSNYTT Aktiv fritid i havlandet Herøy! Vil du bu Nye attraktive leilegheiter i sjøkanten i Fosnavåg sentrum? Med fri tilgong til hav og fjell er Herøy eit eldorado for friluftsmenneske. Her kan ein planleggje ulike fjellturar, både barnevenlege og dei meir utfordrande der du må ta i bruk klatreutstyr. Det finst fleire klatrefelt, og i Mulevika kan du nesten bruke havet som eit sikkerheitsnett. Både kajakk-klubben og dykkarklubben har svært aktive medlemer, fordi Herøy er akkurat like vakker over som under vatn, fortel Lene Moen Karlsen. Faktisk er havet i Herøy rangert som eit av verdas vakraste dykkarparadis. Det klare, reine vatnet og omfanget av fisk er eventyrleg, vitnar dykkarane om. I tillegg er Herøy gode på sport. Både når det gjeld fotball, handball og friidrett. Herøy kommune har eit rikt og aktivt kulturliv med fleire aktive og dyktige kor, Janitsjarkorps og Brasskorps, skulekorps i mange av bygdene, fleire aktive idrettslag, fleire ungdomsklubbar, ein av dei største og mest aktive kulturskulane i fylket og ei rekkje barneforeiningar, søndagsskular og ymse andre organisasjonar. I tillegg har kommunen fått Fritidsbadet med symjeskule og eit rikt tilbod for dei fleste. Her er det som kjent store utbyggingsplanar som ein håper å få sette ut i livet i løpet av komande år, og som vil verte presenterte på romjulssamlinga neste onsdag. Kulturtilbod For dei som trivst betre med scenetepper og teatersminke, har Herøy også fleire kulturelle evenement å by på. Kulturskulen er ein av dei beste i landet, med svært dyktige lærarar. Kvart år syner barn og ungdom fram noko av det ypparste innan Totalrenovering av «Mohamarbygget» i Fosnavåg sentrum er igang. 11 nye leilegheiter vert lagt ut for salg våren 2010. Geir Åge Flø Kundeansvarleg næringsliv Laila Sivertstøl Kundeansvarleg personmarknad Du treff oss på Herøyløftet si romjulssamling på kulturhuset. Leilegheitene er i størrelsen 63,7 m 2 til 110 m 2 fordelt på 4 etasjar. Besøk heimesida vår www. eiksundeiendom.no, for meir informasjon om prosjektet, eller ta kontakt på tlf: 41206594

VESTLANDSNYTT 27 dans, musikk og teater. I 2010 skal mellom anna utandørs-teatret Runde-Lunde-spelet visast for tredje gong. Alle rollene av barn. Storesystera er Herøy-spelet, som nærast har blitt ein institusjon i Herøy. Over 200 er med i spelet, anten som hird, vikingbarn eller herjunger. I dei leiande rollene speler kjente skodespelarar. Dei siste åra har Agnes Kittelsen tolka hovudrolla som «Unn den fagre». Regissør er Gerald Pettersen, opphavleg herøyværing og med føtene godt planta i norsk kulturliv. trigge til enno fleire lokale band. I front går Black Age, som kom langt i UKM-finalen tidlegare i år, og som blir brukt flittig på arrangement på heile Ytre Søre. Herøy er også kjend for jazz-miljøet sitt, og har fostra fleire gode musikarar, som til dømes Norvald Dahl og Elise Nærø. Elise kjem til romjulstreffet og underheld. Noko av det som skjer i løpet av våren: UKM laurdag 6. februar. Herøyhorn med Herøyfestival laurdag 13. mars. Stort MOT-arrangement 9. april. Herøy Janitsjar med Rockemusikalen Jesus Christ Superstar i Herøy kyrkje laurdag 10. april. Ongar er rare fredag 16. april. Vårkonsertar kulturskulen 24.-25. april. Amcar-show 1. mai. Danseshowa til Kulturskule 20. mai. Vårkonsert m/ Bergsøy blkor søndag 6. juni. Danseshow kulturskulen 12. juni. Maritim sommarfestival 17.-20. juni. Herøyspelet 2.-4. juli. PIR-fesival for dei unge 4. sept. Makrellfestival 3.-5. sept. Kjende artistar Kulturhuset har fleire spennande prosjekt utover våren. Kulturleiar Andreas Kvalsund arbeider med å få på plass artistar som Anne Kat Hærland, Dagfinn Lyngbø, Great garlic girls (GP Show), Henning Kvitnes og Jonas Fjeld, Tango for to, Onger er rare, Breivik & Hope, Ole Paus, Jan Teigen & Anita Skorgan. - - Framunder jul til neste år håper vi på Oslo Gospel Choir og Jul i Skomakargata. Kva vi får av desse, er framleis litt uklart, informerer Kvalsund. Ein handfull kultur Vidare finst her kino, eit velassortert og aktivt bibliotek og fleire festivalar. Sommarfestivalen har blitt ein av Sunnmøre sine største festivalar, med besøkande båtar frå fjern og nær, eit rikt kulturtilbod og mykje, mykje musikk. Makrellfestivalen og Pirfestivalen såg sitt lys i år, og slo enormt an. Makrellfestivalen var ein kjærkoma hyllest til makrellen i herøyfolket si historie. Fiskerihistoria til Herøy, som er ein av dei største fiskerikommunane i Norge, er sentral under Makrellfestivalen. Under festivalen vert det lagt vekt på smak av kysten, der publikum får smakebitar av både tradisjonelle og lokale rettar, samt lokale råvarar tilreidd på utradisjonelle vis. Festivalen har særleg fokus på blå mat & musikk, medan Pir-festivalen er eit spennande prosjekt for ungdom med aktive, ungdomsretta aktivitetar. I tillegg er det underhaldning med nasjonalt kaliber på scena om kvelden. Band i knopp Dei siste åra har også band- og musikkmiljøa knoppa seg i Herøy. Både yngre og godt vaksne har samla seg i kjellerlokaer, garasjar og øvingsrom på skulane, og levert varene sine på festivalar og andre arrangement. Det einaste som manglar for at banda verkeleg skal bløme, er om kommunen kan kan leggje til rette med skikkelege bandlokaler. Det ville nok ikkje berre inspirerere, men også Vi tek vare på lokale verdiar - og hjelper deg på vegen Bank. Forsikring. Og deg. Ny bolig? Ta oss med i planleggingen Vågsgata Fosnavåg Tlf.: 06001 nordea.no Møt oss på romjulssamlinga. Vi har stand på kulturhuset. Søk talentstipend Talentstipend skal gi unge personar med talent høve til å utvikle evna sine og vere med på å byggje idretts- og kulturlivet innan sitt område, regionalt og nasjonalt. Talentstipend vert gitt til inntil 4 personar i alderen 15 til 25 år. Tildeling skjer etter søknad, til råding frå andre eller ved at SpareBank 1 kjem med eigne vurderingar. Stipendet er på: kr 25 000,- Søknadsfrist: 31.01.10 Søknadsfrist 31.01.2010 Les meir på www.sparebanken.no Les også om andre gåver på www.sparebanken.no Snakk med oss før du går på visning. Våre kunderådgivere hjelper deg å finne den finansieringsløsningen som passer for deg og din økonomi. Ta kontakt med oss. Gjør det mulig

28 VESTLANDSNYTT * Bindeleddet til omverda: Olaus-Jon Kopparstad frå Herøy kommune og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT meiner framtida er lysteknologi. Her med fiberkablane på Rådhuset som teknologisk knyter dei saman med resten av verda. Herøy - ei fiberlengd føre Herøy er ein føregangskommune når det gjeld å tenkje nettbasert infrastruktur. Det stadfestar administrerande direktør i Tussa IKT, Ivar Driveklepp. Tussa og Herøy samarbeider om utbygging av fleire fiberstrekningar i kommunen. Samarbeidet gir fiber til ulike kommunale lokasjonar, og til private bustader og næringsliv i Herøy. Det vil seie raskare nettilgang, betre sikkerheit mot brot, og gode underhaldningspakkar til husstandane. Bakgrunnen for utbygginga er at Herøy ønskte å knyte saman dei kommunale bygga sine. Samtidig ville dei at både innbyggjarar og næringslivet i kommunen skulle få ta del i den framtidsretta teknologien. Føregangskommune I staden for å løyse små nettverksproblem først, valde Herøy å sjå framover og arbeide for å byggje ut bakkenettet med fiber til mesteparten av kommunen. Dei ser framover og har hatt ei offensiv vinkling på å få dette til, seier Driveklepp. Offensiven til Herøy er ein vinnvinn-situasjon både for kommunen og Tussa. Resultatet av initiativet til Herøy er at kommunen har fått 7-8 millionar i såkalla Høykom-midlar, noko som gjer at Tussa kan investere. Samanfallande interesser Vi har hatt felles interesser. Førsteprioriteten vår låg i å knyte saman dei kommunale bygga våre. Vi såg også at framtida var fiber og prøvde difor å tenkje heilheitleg, seier assisterande rådmann Olaus-Jon Kopperstad, som er oppteken av at alle innbyggjarane skal ha problemfri netttilgong. Kommunen har tenkt fiber og kvalitet, med fokus på regional nettilgong, stadfestar Driveklepp. Samarbeidet omfattar ein sjøkabel mellom Ulsteinvik og Arhaug. Resultatet er ein redundant fiberring mellom Ulstein og Herøy. Det betyr at dersom det skulle bli brot i fiberkabelen, kan vi snu trafikken andre vegen utan ventetid for kundane, seier Driveklepp. Frå før har Tussa ved hjelp av Eiksundsambandet realisert ein fiberring mellom Ørsta og Ulsteinvik. Begge desse ringane vil sikre eit stabilt fibernett i Herøy med høg oppetid. Kvar og når? Samarbeidet så langt er knytt til fiberstrekningar i området frå Nerlandsøya, over Bergsøya, Mjølstaneset, Leinøya, Nautøya, Tjørvåg og Dragsund til Leikong. Ein del strekningar er under utbygging, medan andre skal byggjast i 2010. Tussa har som mål at 1000 nye hustandar i nedslagsfeltet på Sunnmøre skal få fiber kvart år. Røyra, Bø og Sande er dei bustadområa som først får tilgong til fiberkablar. Det er område som har vist stor interesse, og det har avgjerande verknad på at Tussa faktisk byggjer ut, vedgår Driveklepp, som er avhengig av at minimum 60 prosent teiknar kontrakt før gravemaskinene kjem. Under romjulstreffet vil Tussa IKT vere til stades, slik at innbyggjarar frå kvar krins kan melde si interesse. Summen av dette vil avgjere rekkjefølgja på utbygginga, slår Driveklepp fast. 5-årsplan Runde, Remøy, Sandvika og Moltustranda er ikkje tekne med i 5-årsplanen, men vil kome etterkvart. Først vert sentrum bygt ut, deretter bevegar arbeidet seg gradvis ut mot krinsane. Driveklepp presiserer likevel at om kundar er villige til å gjere dugnadsbasert arbeid for å få fiberkablar, slik dei gjorde på Runde for å få ADSL, vil Tussa vurdere området. Dess fleire som er villige til å gjere dugnadsbasert arbeid slik som å grave grøfter, dess meir er Tussa villige til å leggje ned fiber, stadfestar Driveklepp. Dei neste åra vil Tussa satse 200 millionar kroner på å byggje ut fiber i ulike felt på heile Søre Sunnmøre. Sande kommune skal vurderast i løpet av 2010.