SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkiv: 031 Arkivsaksnr.: 16/500

Like dokumenter
Prosess: Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: Org.nr.

Prosess: Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: Org.nr.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkiv: 031 Arkivsaksnr.: 16/500

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Arkivsak Arkivkode Dato 13/

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Forslag til forskrift

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Saksframlegg. Sakshandsamar: Helga Bakken Arkivsaksnr.: 12/ Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS)

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

TENESTESTANDARD LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Betalingssatsar for helse- og omsorgstenester, gjeldande frå

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

Mestring og deltaking heile livet

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016

Statistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Vegen fram til ØH-sengerplanar

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

Stortingsmelding 29- Morgendagens Omsorg. En mulighetsmelding for omsorgsfeltet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Saksnr. utval Utval Møtedato 18/023 ELDRERÅDET /019 RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Geir Afdal Arkiv: 614 H30 Arkivsaksnr.: 12/1433

Vågå kommune Felles tenester

SAKSFRAMLEGG. Side 1 av 8. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 12/1505

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

BREMAN GER KOMMUNE Sakspapir

Kvardagsrehabilitering og Velferdsteknologi

Åpent informasjonsmøte om fremtidens eldreomsorg. 5. november 2014

Samhandlingsreformen

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Fleire eldre- langsiktig planlegging

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Fem utfordringer. St.meld. Nr. 25 ( ) Rådgiver Brit Bakken

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

TILLEGGSINNKALLING. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.

MØTEINNKALLING. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid : 15 : 00

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Saksframlegg. Trondheim kommune. PLAN FOR ELDREOMSORG I TRONDHEIM KOMMUNE Arkivsaksnr.: 06/ Forslag til innstilling:

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Pasientens helseteneste

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRLEG TILRETTELAGT FOR HEILDØGNSTENESTER

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Tenesteeining HELSE. Status Utviklingsarbeid

Saksnr Utval Møtedato

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

BREMANGER KOMMUNE: VÅR VISJON VEDTEKEN AV. KOMMUNESTYRET I MARS 2018: Leve, virke, nyte heile livet!

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll: Godkjenning av møtebok og referat/orienteringssaker. Arkivsak: 15/2734

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkiv: 031 Arkivsaksnr.: 16/500 Framtidig tenestetilbod i pleie og omsorg Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommune skal ha gode tilbod på alle nivå i kommunen si helse- og omsorgstrapp. Overordna strategi for å møte nye krav og framtidige utfordringar i tenesteområde pleie og omsorg er styrking av dei lågare nivåa i helse- og omsorgstrappa. Kommunen sitt generelle folkehelsearbeid og det konkrete arbeidet med førebyggjande tiltak som kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og dagtilbod skal vidareførast og prioriterast. Det skal så langt som mogleg leggjast til rette for å kunne bu lengst mogleg i eigen bustad eller i omsorgsbustad med tenester etter behov, også heildøgns tenester om naudsynt. 2. Etter ei gradvis omlegging vert tenestetilbodet ved dei tre omsorgssentra slik: Luster omsorgssenter: 30 langtids sjukeheims-/institusjonsplassar + 3 rom som bufferkapasitet. Tenester i omsorgsbustader etter behov. Gaupne omsorgssenter: 8 korttids sjukeheims-/institusjonsplassar + 4 rom som bufferkapasitet. o 2 av desse plassane skal vidareførast som augeblikkeleg hjelp plassar. 28 omsorgsplassar i bufellesskap med heildøgns tenester. Tenester i omsorgsbustader etter behov. Hafslo omsorgssenter: Kompetansesenter for demensomsorg. 18 omsorgsplassar i bufellesskap med heildøgns tenester. Dagtilbod for demente. Tenester i omsorgsbustader etter behov. 3. Det vert så snart som mogleg gjennomført ei mindre ombygging ved Hafslo omsorgssenter slik at romma og uteområde vert tilpassa det nye tenestetilbodet. Det vert løyvd kr 1 mill. frå disposisjonsfondet til ombygging på Hafslo og andre aktuelle tiltak. Det vert på lengre sikt planlagt med ei større renovering av Hafslo omsorgssenter. 4. Rådmannen får mynde til å gjennomføre utviklingsarbeidet og tilpasse organiseringa av tenesteområde pleie og omsorg til det nye tenestetilbodet. Det skal etablerast ei organisering som fremjar kvalitet og fleksibilitet. Side 1 av 17

Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Luster kommune si helse- og omsorgstrapp. U-prenta vedlegg: RO rapport: Analyse og tilråding for framtidig pleie- og omsorg i Luster. Samandrag: Med grunnlag i budsjettoppdrag for 2014, 2015 og 2016 har ei partssamansett administrativ arbeidsgruppe gjennomført eit utgreiingsarbeid med vurdering av det framtidige tenestetilbodet i pleie og omsorg. Eit utvida formannskap har vore styringsgruppe. I budsjettet for 2016 er følgjande vedteke: Det vert lagt fram eige sak for kommunestyret tidleg i 2016 om samla tenestetilbod i PLO. Det er føresett at omlegginga i PLO skal gje ei innsparing på om lag 2,5 mill. i 2016 og ytterlegare innsparingar i perioden med gjennomføring av tiltak og årsverknad (5 mill.). Etter rådmannen si vurdering er følgjande problemstillingar særleg aktuelle i denne saka: Korleis møte framtidige utfordringar og gjennomføre vedteke innsparingskrav? Korleis sikre god rekruttering, god kompetanse og god kvalitet? Etter ei samla vurdering av desse problemstillingane er rådmannen si tilråding ei auka satsing på styrka tilboda på lågare nivå i omsorgstrappa. I dette ligg auka innsats for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen bustad eller i omsorgsbustad, med tenester etter behov. Om naudsynt bør det etablerast heildøgns tenester i eigen bustad eller i omsorgsbustad. For å lukkast med dette må det etablerast ei fagleg sterk og fleksibel heimeteneste, og det må satsast på førebyggjande tiltak som kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og dagtilbod. For å styrke dei lågare nivåa i omsorgstrappa bør det etablerast fleire omsorgsplassar med heildøgns tenester, og det vert tilrådd etablering av 28 plassar i Gaupne og 18 på Hafslo. For å møte framtidig krav og behov bør storparten av demensomsorga etter rådmannen si vurdering samlast på ein stad ved omsorgssenteret på Hafslo. Det er og forventa ein auke i tal yngre brukarar. Denne auken bør også møtast med gode fleksible tilbod i bustad med heildøgns tenester etter behov. Om ein lukkast med å styrke dei lågare nivåa i omsorgstrappa vil behovet for langtids sjukeheims-/institusjonsplassar bli mindre. Med grunnlag i dette meiner rådmannen det bør etablerast 30 langtidsplassar, med ein bufferkapasitet på 3 plassar. I tillegg bør korttidsavdelinga (KA) med 8 korttidsplassar, og ein bufferkapasitet på 4, vidareførast. Ein får da totalt 38 sjukeheims-/institusjonsplassar og ein buffer på 7 plassar (maksimalt 45 plassar). Det vert tilrådd at alle langtidsplassane vert lagt til omsorgssenteret i Luster. Den samla kapasiteten til heildøgns tenester vert med denne løysinga 84 91 plassar, som i lys av folketalsframskriving vil vere ein god kapasitet fram mot 2025 2030. Med den tilrådde løysinga vil det etter rådmannen si vurdering vere mogleg å etablere gode fagmiljø og høg kvalitet på tenestene. Gode fagmiljø og gode tenester vil normalt gje attraktive arbeidsplassar, som igjen bidreg positivt til å rekruttere og behalde medarbeidarar. Den forventa økonomiske gevinsten i dette ligg i at tilbod på lågare nivå er billigare enn tilbod på høgare nivå i omsorgstrappa, jf. saksutgreiinga og konkret vert den vedtekne innsparinga føreslege gjennomført ved ein reduksjon i tal langtidsplassar. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Side 2 av 17

FAKTA Bakgrunn: Med grunnlag i arbeidsoppdrag i budsjettet for 2014 sette rådmannen ned ei partssamansett arbeidsgruppe tidleg i 2014. Denne gruppa har sidan da arbeidd med denne saka og eit utvida formannskap har sidan tidleg i 2015 vore styringsgruppe for arbeidet. Arbeidsoppdraget er formulert slik i budsjettet for 2015: Det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid med gjennomgang og vurdering av det samla tenestetilbodet i pleie og omsorg. I dette ligg ein gjennomgang og vurdering av tenestetilboda på alle trinn i kommunen si helse- og omsorgstrapp(..). For å få eit best mogleg grunnlag vart det henta inn ekstern hjelp frå Ressurssenteret for omstilling i kommunane (RO). I mai 2015 presenterte RO utkast til rapport i eige møte med arbeidsgruppa og andre leiarar i pleie og omsorg, samt for styringsgruppa/utvida formannskap. Den endelege rapporten frå RO vart overlevert medio september 2015. Rapporten frå RO vart lagt fram for formannskapet 16.9.2015 og sitjande formannskap vart informert om rapporten og arbeidet i møte 18.11.2015. I dette møte vart den administrative arbeidsgruppa sine vurderingar og førebelse tilrådingar skildra i eige notat. Eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og brukarutvalet for samhandlingsreforma har vorte informert om arbeidet i dei fleste møta tilbake til tidleg i 2014. Den 5.10.2015 vart rapporten frå RO lagt fram for råda og utvalet. Utgreiingsarbeidet i pleie og omsorg var tema i budsjettprosessen hausten 2014 og 2015, og kommunestyret vedtok følgjande arbeidsoppdrag til rådmannen i budsjettet for 2016: Det vert lagt fram eige sak for kommunestyret tidleg i 2016 om samla tenestetilbod i PLO. Det er føresett at omlegginga i PLO skal gje ei innsparing på om lag 2,5 mill. i 2016 og ytterlegare innsparingar i perioden med gjennomføring av tiltak og årsverknad (5 mill.). Mot slutten av 2015 vart det gjeve generell informasjon til tilsette. Etter at budsjettet for 2016 var vedteke er tilsette informert meir konkret. Dette er gjort i eige møte den 2.2.2016 med leiarar, verneombod og tillitsvalde og i informasjonsmøter med leiarar og tilsette ved dei tre omsorgssentra i perioden 9. 11. februar. I tillegg har dei to hovudtillitsvalde som har deltek i arbeidsgruppa informert og drøfta saka med sine medlemer. Grunnlaget for saka og tilrådingar vart presentert for styringsgruppa/utvida formannskap i møte fredag 12.2.2016. Det vart i dette møte konkludert med at saka skulle sendast ut på høyring så snart som mogleg og handsamast formelt i kommunestyret 21.4.2016. Saka vart sendt på høyring 16. februar med uttalefrist 15. mars. Det har vore arbeidd med saka i om lag 2 år. Hovudtillitsvald frå Fagforbundet og Norsk Sykepleierforbund har delteke i arbeidsgruppa i heile prosessen og arbeidsgruppa står samsrøystes bak tilrådinga. Kommunen sin råd og utval har vorte informert kontinuerleg sidan 2014, og eit utvida formannskap har vore styringsgruppe sidan tidleg 2015. Det er innhenta ei ekstern vurdering frå RO, og saka har vore tema i budsjettarbeidet i 2014 og 2015. Etter rådmannen si vurdering har prosessen vore grundig. Temaet er så vidt omfattande og komplekst at det ikkje vil vere mogeleg å belyse alle sider i ei saksutgreiing. Saksutgreiinga Side 3 av 17

må difor sjåast i samanheng med lokale styringsdokument (særleg budsjett), nasjonale føringar, RO rapporten og andre rapportar, vurderingar mv. som det vert vist til i saka. Nasjonale føringar: Tenesteområde pleie og omsorg er i stor grad regulert av nasjonale føringar. Dette gjeld lover, forskrifter, rettleierar mm. men også Stortingsmeldingar. Oversikta under er teke med for å synleggjere nasjonale ambisjonar og tilrådingar til framtidige løysingar av ulike regjeringar, under dette særleg dei nasjonale føringane som Luster kommune no skal følgje opp. Dette er etter rådmannen si vurdering eit viktig kunnskapsgrunnlag for val av løysingar i Luster. Allereie i 1992 fremja Gjærevollutvalget ei innstilling (NOU 1992:1, Trygghet Verdighet Omsorg) der utvalet anbefalte ei utvikling av omsorgstenesta i retning av en boliggjøring av dei kommunale tenestene. Det vil si en utvikling der langtidsinstitusjonane vart bygd ned, og der alternative buformer vart bygd opp som buarena for pleietrengande innbyggjarar med behov for døgnkontinuerlig tilsyn og pleie over lengre tid. Statens handlingsplan for eldreomsorga, Trygghet respekt kvalitet (Stortingsmelding 50, 1996-97), vidareføre ei satsing på alternative buformer til sjukeheim, og auka vekt på individualiserte tenester og andre kvalitetskrav til den daglige tenesta. Staten tok ansvar for sterk delfinansiering av nye omsorgsbustader samt renovering og nybygg av sjukeheimsplassar, og det skjedde ei omfattande nybygging. I 1999 kom Kvaase-utvalet si innstilling om sjukeheimen si framtidige rolle og funksjon i kommunane si omsorgsteneste. Utvalet tilrådde ein modell der sjukeheimen skulle reindyrkast som helseinstitusjon med berre korttidsplassar for medisinsk behandling, observasjon, akuttilbod, tryggleiksplassar, avlastingsplassar mm. Stortingsmelding 45 (2002-2003) Kvalitetsmeldinga skildrar kvalitetskrav, kompetansebygging, behovet for samordning av lovverket samt endring av eigenbetalingsordningane. Regjeringa signaliserer eit ønske om en felles brukarbetalingsordning uavhengig av buform. Stortingsmelding 25 (2005-2006), Mestring, muligheter og mening skisserer eit kort og eit langsiktig løp. Regjeringa sin hovudstrategi for å møte morgondagens omsorgsutfordringar var blant anna å utnytte ein demografisk sett relativt stabil periode framover til ein gradvis utbygging av tenestetilbodet. Dette gav kommunane litt tid til å innrette tenestene på kort og lang sikt. Sentrale utfordringar var: nye brukargrupper, aldring, mangel på omsorgsytarar, behov for medisinsk oppfølging og aktiv omsorg innan økonomisk trygge rammer. Det var føresett at strategiane og tiltaka som var føreslegne i Stortingsmelding 25 kunne dempe utgiftene til omsorgssektoren over tid. Tiltaka vart difor sett på som ei investering i ein stabil periode dei neste 10-15 åra, der avkastinga ville kome i vekstperioden frå 2025 og framover. I dette låg at ein burde investere i førebyggjande tiltak, kompetanse, ny teknologi, tekniske hjelpemiddel, bustader og anlegg. Med grunnlag i forventa utfordringar utforma regjeringa Omsorgsplan 2015 med konkrete tiltak fram til 2015, basert på fem langsiktige strategiar: Kapasitetsvekst og kompetanseheving. Samhandling og medisinsk oppfølging. Planlegging, forsking og kvalitetsutvikling. Aktiv omsorg med vekt på kultur og sosiale forhold. Partnarskap med familie og lokalsamfunn. Stortingsmelding 47 (2008 2009) Samhandlingsreformen skildrar følgjande utfordringar: 1. Pasientane sine behov for koordinerte tenester er ikkje godt nok ivareteke. Side 4 av 17

2. Tenestene er prega av for liten innsats for å avgrense og førebyggje sjukdom. 3. Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbilde gjev utfordringar som kan true samfunnets økonomiske bæreevne. Dei 4 viktigaste og konkrete tiltaka retta mot kommunane for å møta desse utfordringane er: Auka satsing på folkehelse. Kommunal med-finansiering (vart innført frå 2012 men er no teke vekk). Mottak av utskrivingsklare pasientar. Plikt til ØH-tilbod frå 1.1.2016. Samhandlingsreforma sine skildringar av utfordringar og målsetjingar har brei politisk forankring. Oppfølginga av samhandlingsreforma i Luster er vurdert av kontrollutvalet og rapporten frå kontrollutvalet vart handsama i kommunestyret den 24.9.2015 (sak 50/15). I Stortingsmelding 29 (2012-2013) Morgendagens omsorg vert det særleg lagt vekt på korleis ein kan utvikle nye formar for omsorg ved bruk av ny teknologi, nye faglege metodar og arbeidsformer, samt endra organisatoriske og fysiske rammer. I samband med lanseringa i 2013 uttalte dåverande statsråd Jonas Gahr Støre: Morgendagens omsorg handler om å tenke annerledes og smartere (..) Med ny teknologi og bedre løsninger, kan mange klare seg bedre i hverdagen, til tross for sykdom og nedsatt funksjonsevne (..) De vellykkede erfaringene med å bygge opp en offentlig omsorgstjeneste i det omfang og på det faglige nivå en har gjort i Norge, tilsier at framtidas utfordringer må møtes med to tanker i hodet samtidig: Både videreføre det beste av det som er bygd opp de siste 40 år, og endre kursen på noen viktige områder. Stortingsmelding 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelseteneste nærhet og helhet vart lagt fram 7. mai i 2015. Regjeringa sitt mål er å skape pasienten si helseteneste. Pasientbehov skal stå i sentrum for utvikling og endring av tenestene. Brukarane skal vere sikra innflytelse over eigen kvardag, auka valfridom og eit tilstrekkeleg mangfald av tilbod med god kvalitet. Omsorg 2020 er ein del av Stortingsmelding 26 (2014-2015), og er regjeringa sin plan for omsorgsfeltet 2015 2020. Fem satsingsområder vert løfta fram: Saman med brukar, pasient og pårørande. Ei fagleg sterk helse- og omsorgsteneste. Moderne lokalar og bu formar. Den nye heimetenesta. Fornying og innovasjon. Demensplan 2020 Et mer demensvennlig samfunn, er ei vidareføring av demensplan 2015. Med grunnlag i behov til brukarane og pårørande og ny kunnskap, vert det i demensplan 2020 skildra seks strategiske grep: Selvbestemmelse, involvering og deltakelse. Forebygging. Diagnose til rett tid og tett oppfølging etter diagnose. Aktivitet, mestring og avlastning. Pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassede tjenestetilbud Forskning, kunnskap og kompetanse. Det har vore brei politisk semje om viktige utfordringar og overordna målsetjingar. Det er og eit gjennomgåande trekk at det bør satsast på individtilpassa tilbod på lågast mogleg nivå, alternative bu-former, tidleg førebyggjande innsats og god kompetanse. Side 5 av 17

Heildøgns tenester: Heildøgns helse- og omsorgstenester vert ofte nemnd i ulike styringsdokument, men kva som ligg i dette er ikkje definert i dagens regelverk. Plass i sjukeheim/institusjon vert alltid rekna som heildøgns tenester, sjølv om det i liten grad er presisert kva innhald tilbodet skal ha. Samstundes kan det og etablerast heildøgns tenester i brukaren sin heim, i omsorgsbustad eller i omsorgsplass. Kravet for at noko skal definerast som heildøgns tenester er at det er tenester tilgjengeleg heile døgnet, og det er i nokre samanhengar skildra krav til responstid, dvs. kor langt tid det maksimalt kan ta før bebuarar får hjelp. Om eit tilbod er heildøgns tenester er difor avhengig av kva bemanning som er knytt til ein eller anna form for bustad. Sitjande regjering har varsla ei lovfesting av retten til heildøgns pleie- og omsorgstenester. Dagens tenestetilbod i pleie og omsorg: Målsetjingar, tenester mm i pleie og omsorg er detaljert skildra i budsjett og årsrapport. Det som vert skildra under er tema som vert vurdert som særleg relevant for denne saka. Luster kommune sin helse- og omsorgsplan vart vedteke 24.9.2009, og i denne planen vert kommunen si helse- og omsorgstrapp skildra i 6 nivå (jf. prenta vedlegg): Nivå 0: Grunnmuren - eit godt samfunn. Nivå 1: Heimeteneste i eigen heim. Nivå 2: Heimeteneste i omsorgsbustad eller omsorgsplass. Nivå 3: Heildøgns teneste i omsorgsbustad eller omsorgsplass. Nivå 4: Tidsavgrensa opphald i korttidsavdeling. Nivå 5: Langtidsopphald i sjukeheim. På nivå 5 har Luster i dag 56 langtidsplassar i sjukeheim fordelt med 12 på Hafslo, 20 i Gaupne og 24 i Luster. Sjukeheims-/institusjonsplassar er ei lovpålagd oppgåve etter helseog omsorgstjenesteloven og nærare regulert i sykehjemsforskriften. I forskrifta vert det stilt krav om sjukeheimen skal ha ein administrativ leiar, ein lege med ansvaret for den medisinske behandlinga, ein sjukepleiar med ansvaret for sjukepleia, og det tal personar som elles er nødvendig for å sikre bebuarar nødvendig omsorg og bistand. Det er ikkje lagt til grunn noko form for kvalitetsnorm eller bemanningsnorm for drift av sjukeheim. Institusjonen skal likevel bemannast og driftast på en slik måte at kravet til forsvarlegheit vert oppfylt, jf. helse- og omsorgstjenesteloven 4-1 og helsepersonellovens 4. Det er ikkje stilt krav til kor mange sjukeheimsplassar ein kommune skal ha. Betaling for langtidsopphald i sjukeheim/institusjon regulert slik i Forskrift om vederlag: Av inntekter inntil folketrygdens grunnbeløp fratrukket et fribeløp, fastsatt av Kongen, kan det kreves betalt 75 % årlig. Betalingen skal begrenses slik at enhver har i behold til eget bruk minst 25 % av folketrygdens grunnbeløp i tillegg til fordelen av fribeløpet. Av inntekter utover folketrygdens grunnbeløp betales inntil 85 %. (Dette kan vere renteinntekter, privat pensjon o.l.). Bebuarane betaler for eit samla bustad og tenestetilbod utan omsyn til omfanget av tenester. Vederlaget skal gå til dekking av opphald, mat og medisinar, lege-, fysioterapi- og sjukepleietenester samt naudsynt tannbehandling. Eit opphald på langstidsplass i sjukeheim kostar i snitt kr 12 000 per md for bebuarane (men det er store variasjonar). Utviklinga i tal langtidsplassar i Luster er slik: 2001: 92 langtidsplassar. (Gaupne: 32, Luster: 33, Hafslo: 27). 2002 2005: Frå 92 ned mot 78. (Gradvis nedtrapping). 2006: 72 langtidsplassar (Gaupne: 24, Luster: 24, Hafslo: 24). 2011: 64 langtidsplassar (Gaupne: 24, Luster: 24, Hafslo: 16). 2013: 56 langtidsplassar (Gaupne: 20, Luster: 24, Hafslo 12). Side 6 av 17

Tidleg på 2000 talet var tenestilbodet i Luster i stor grad basert på langtidsopphald i sjukeheim og heimetenester i eigen heim eller omsorgsbustad. Det var i liten grad tilbod på mellom-nivået i omsorgstrappa, og det vart da eit press mot langtidsplassane. Sjølv om tal langtidsplassar er redusert, har Luster fortsett ein noko tung institusjonsomsorg i høve til andre kommunar som har satsa meir på betre tilbod på lågare nivå i omsorgstrappa. På nivå 4 har kommunen 8 korttidsplassar i Gaupne. Desse vart etablert i 2012 som ei direkte oppfølging av samhandlingsreforma, og ein del av arbeidet med å styrke nivåa under langtidsplass. To av plassane er augeblikkeleg hjelp plassar. Det er i tillegg 4 rom i korttidsavdelinga (KA) som vert nytta som buffer. Dei formelle krava til korttidsplassar er i utgangspunktet dei same som for langtidsplassar(jf. over). Med grunnlag i føringane i samhandlingsreforma om at kommunane skulle behandle fleire pasientar sjølv, ta i mot utskrivingsklare frå dag 1 - og etablere augeblikkeleg hjelp plassar - er det i Luster etablert ei bemanning og ein kompetanse utover minstekrava. Krav til organisering, innhald, bemanning, kompetanse mm er skildra i eigen særavtale mellom Luster kommune og Helse Førde (inngått 26.6.2012). Betaling for korttidsopphald i sjukeheim er regulert i Forskrift om vederlag og kommunen har lov til å ta betaling for korttidsopphald frå første dag. Pris for korttidsopphald er kr 147,- pr. døgn. Dag- eller nattopphald er og heimla i same forskrift og er kr. 77,- pr. dag eller natt. For dei to augeblikkeleg hjelp plassane får Luster i 2016 tilført 1 338 906 mill. Fram til 2015 kom det i form av ei eiga tildeling, men frå 2016 er det innlemma i rammetilskotet. I Stortingsmelding 25 (2005-2006) vert viktigheita av korttidsplassar understreka, og det vert vist til at slike plassar kan nyttast til: Avlasting for pårørande. Rehabilitering i alle livets fasar. Etterbehandling og rehabilitering etter sjukehusopphald. God flyt og samhandling mellom kommunen og spesialisthelsetenesta. Medisinsk behandling ved akutt sjukdom. Korttidspleie ved kronisk sjukdom. Utredning og observasjon. Omsorg ved livets slutt. I same stortingsmelding vert det og vist til at når både sjukeheim og omsorgsbustader i hovudsak vert nytta til varig butilbod, er det liten moglegheit for dynamikk i tenestetilbodet. Behovet for korttidsplassar vart ytterlegare styrka som ein følgje av samhandlingsreforma der det særleg vart stilt nye krav til kommunane om behandling og mottak av utskrivingsklare pasientar. RO har i ulike rapportar peika på at kommunar med redusert tal korttidsplassar får to symptom på det dei kallar sirkulasjonssvikt : Opphoping av utskrivingsklare pasientar i lokalsjukehus og/eller kø-problem av personar som vil ha langtidplass i sjukeheim. Sjukemeims-/institusjonstilbodet i Luster vert gjeve på nivå 4 og 5 i helse- og omsorgstrappa og det er i dag totalt 64 sjukeheims-/institusjonsplassar (56 + 8). Alle sjukeheimsplassar vert rekna som eit heildøgns tilbod og vert drifta av Luster sjukeheimsteneste. På nivå 3 har kommunen 26 omsorgsplassar, 9 på Hafslo, 8 i Gaupne og 9 i Luster. Denne etableringa vart også gjort for å styrke mellomnivået i omsorgstrappa, og dei kom slik: 2006: 8 omsorgsplassar ved Gaupne omsorgssenter. 2008: 8 omsorgsplassar ved Luster omsorgssenter (9 i dag). 2010: 8 omsorgsplassar ved Hafslo omsorgssenter (9 i dag). Side 7 av 17

Omsorgsplasstilbodet er ikkje heimla i lov og vart innført i kommunar tidleg på 2000 talet. Vilkåra for dette tilbodet er slik: Det vert betalt husleige og det kan søkast om bustønad. Mat og straum er inkludert i leigekostnaden. Bebuarar vert rekna som heimebebuarar og har rettar i høve til rikstrygdeverket, husbanken og andre statlege instansar. Betaling av medisinar er som for vanleg heimebuande. Fastlege er lege. Forbruksmateriell som bandasjer, tekniske hjelpemiddel mm vert dekka av staten. Tenester vert tildelt etter søknad og individuell vurdering. Reglane for eigenbetaling er dei same som for andre heimetenester i kommunen Luster heimeteneste er ansvarleg for tenestetilbodet til bebuarar på omsorgsplass. Omsorgsplassane ligg i sjukeheimane og vert definert som eit heildøgns tenestetilbod. Leigekostnadar er regulert i kommunen sine betalingssatstar og ein omsorgsplass kostar i 2016 kr 9 000 per md. for bebuarane (av dette utgjer mat kr. 3 330). Netto årleg kommunal kostnad for ein omsorgsplass er i dag på om lag kr 300 000. Det er dermed ein skilnad på om lag kr 700 000 per år mellom kommunen sine netto utgifter til ein langtids sjukeheimsplass og ein omsorgsplass. Samstundes er det ein skilnad på om lag (i gjennomsnitt) kr 3 000 per md. på kor mykje bebuarane betaler (om lag kr 12 000 per md. for ein langtidsplass mot kr 9 000 per md. for ein omsorgsplass). Den samla disponeringa av romma i sjukeheimane er slik: Langtidsplassar Korttidsplassar/ Ø. Hjelp Omsorgsplassar Tal rom I bruk Ledige Tal rom I bruk Ledige Luster 24 24 9 Gaupn e 20 20 12 8(2ØH) 4 8 Hafslo 16 12 4 9 Sum 60 56 4 12 8 4 26 På nivå 2 har kommunen totalt 70 omsorgsbustader, 16 på Hafslo, 36 i Gaupne og 18 i Luster. Tenester vert tildelt etter behov/individuell vurdering og levert av Luster heimeteneste. Omgrepet omsorgsbustad (også kalla trygdebustad) vart teke i bruk i 1994, men er ikkje heimla i lov. Bakgrunn var ei nasjonal satsing (jf. Gjærevollutvalet frå 1992) på at fleire skulle få eit godt tilpassa tilbod utanfor institusjon/sjukeheim (på eit lågare trinn i omsorgstrappa). Villkåra for tilbodet er det same som for omsorgsplass (jf. over), men mat og straum er ikkje inkludert. Ein omsorgsbustad er ikkje ei særskild teneste. Bebuarane leiger bustaden og tenester vert tildelt i form av vedtak, på same måte som for vanlege heimetenester. Det er i Luster ikkje etablert heildøgns tenester i omsorgsbustadane. Sidan dei fleste av bustadane ligg tett opp mot dei tre sjukeheimane vil det vere fullt mogleg å etablere slike tilbod ved behov. Omsorgsbustadane på Hafslo har også installert varslingssystem, slik at ein kan få raskt hjelp ved behov (jf. krav om låg responstid). Tenester på nivå 2 5 vert ytt i omsorgsbustader eller i rom i sjukeheimane. Den samla bygningsmessige kapasiteten på desse nivåa er i dag slik: Tal rom i sjukeheimane Tal omsorgsbustadar Sum Luster 33 18 51 Gaupne 40 36 76 Side 8 av 17

Hafslo 25 16 41 Sum 98 70 168 Med totalt 168 bueiningar har kommunen ein rimeleg stor samla kapasitet. Nivå 1 i omsorgstrappa er tenester i eigen heim. Tenester vert tildelt etter individuell vurdering og ytt av Luster heimeteneste. Nasjonale tal syner at netto driftsutgifter per brukar av heimtenester er i gjennomsnitt på om lag kr 240 000 per år. I høve til andre kommunar har Luster tradisjonelt tildelt lite tenester til mange, men dette er noko endra dei siste åra. Det er likevel grunn til å tru at kostnaden per brukar i Luster ligg under det nasjonale gjennomsnittet. Mange kommunar har satsa mykje på utbygging av heimetenestene og i Stortingsmelding 29 (2012 2013) Morgendagens omsorg vert ei slik auka satsing på heimetenester skildra som ein sentral del av ynskja framtidige løysingar. Viktige tiltak er kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi, som igjen skal gjere det mogleg å bu lengre i eigen bustad. Den nye heimetenesta vert også skildra Omsorg 2020: Det er fortsatt et stort gap mellom det tjenestetilbudet som gis i eget hjem og det som tilbys i institusjon, spesielt for de eldste aldersgruppene. Både kvalitets- og ressursmessig ligger det et stort potensial i en enda sterkere utbygging av hjemmetjenestene. De hjemmebaserte tjenestene møter ofte brukere og pårørende i tidlig fase av sykdomsutvikling, og kan bidra til at de kan leve og bo selvstendig og ha en aktiv og meningsfull hverdag i fellesskap med andre. En sterkere hjemmetjeneste kan også forebygge ytterligere funksjonssvikt og sykdomsutvikling og bidra til å utsette institusjonsinnleggelse eller gjøre institusjonsopphold unødvendig. Det er derfor behov for å øke satsing på hjemmetjenester og tidlig innsats. Dette vil også gi grunnlag for å videreutvikle samarbeidet mellom den offentlige omsorgstjenesten, den frivillige og familiebaserte omsorgen og spesialisthelsetjenesten. Kva tenesteprofil ein kommune har vert avgjort av samansetjinga av tenestetilbodet, og under dette særleg balansen mellom sjukeheims-/institusjonstilbod og heimetenester. Det er forska mykje på dette og det synast å vere semje om følgjande: Hjemmetjenesteorientering framstår derfor som mer effektiv i den forstand at flere får et tilbud til mindre bruk av ressurser, og uten at det kan dokumenteres at tilbudet blir dårligere (Stortingsmelding 29, 2012-2013, Morgendagens omsorg). Sjølv om Luster, i høve til mange andre kommunar, har ein institusjonsprega tenesteprofil, er det også om ein ser på budsjetta ei bra satsing på heimetenester. I budsjettet for 2016 er sjukeheimstenesta tildelt om lag 56 millionar og heimetenesta 50 millionar. Nivå 0 i omsorgstrappa er grunnmuren eit godt samfunn. Nivå 0 syner mange førebyggjande aktivitetar og tiltak. Vidareutvikling av slike tiltak, særleg retta mot heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader og omsorgsplassar, vil vere viktig. Eit døme på dette er etablering av gode dagtilbod, gjerne med fysisk aktivitet og gode sosiale møteplassar, samt kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. I dette ligg og ei satsing på god folkehelse, som er eit sentralt element i samhandlingsreforma. I ulike evalueringar av samhandlingsreforma er det peika på at manglande økonomiske incitament for satsing på folkehelsetiltak/førebyggjande tiltak er ein klar veikskap ved reforma. I dette ligg at kommunane må sjølv finansiere drifta av slike tiltak, og i tider med harde økonomiske prioriteringar har dette vorte nedprioritert. I demensplan 2020 vert det Side 9 av 17

varsla ei lovfesting av rett til dagtilbod for demente, men det er ikkje sagt noko om finansiering. Det er brei politisk og fagleg semje om at slike tiltak bør prioriterast. Etter søknad fekk Luster i 2015 statlege prosjektmidlar til eit dagtilbod for eldre heimebuande. Tiltaket er vidareført i 2016 og vert vurdert som særs positivt. Det er ynskjeleg at eit dagtilbod på sikt kan etablerast som eit godt og fast tilbod i egna lokalar, jf. utgreiing om Friskhuset. Det vert for tida arbeid med ei utvikling av den lokale Frivilligsentralen. Det er ynskjeleg å få til ei breiare forankring der fleire lokale lag og organisasjonane går inn som eigarar av foreininga og i styret. Det er ei klar målsetjing at Frivilligsentralen skal bidra aktivt i arbeidet med rettleiing, støtte og koordinering av den frivillige innsatsen. Eit auka og koordinert engasjement frå frivillige er skildra som viktige tiltak i fleire seinare stortingsmeldingar. VURDERING Problemstillingar: Etter rådmannen si vurdering er følgjande problemstillingar særleg aktuelle i denne saka: 1. Korleis møte framtidige utfordringar og gjennomføre vedteke innsparing? 2. Korleis sikre god rekruttering, god kompetanse og god kvalitet? Alle løysingar som kan vere aktuelle bør vurderast opp mot desse problemstillingane. Korleis møte framtidige utfordringar? Nasjonale føringar handlar i stor grad om korleis ein skal møte framtidige utfordringar og Kåre Hagen leiar av arbeidet med NOU 2011:11 Innovasjon i omsorg har uttalt: Omsorgskrisen skapes ikke av eldrebølgen, men av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag. I dette ligg at det normalt vil vere ein dårleg strategi å møte framtidas utfordringar med dagens løysingar. Den demografiske utviklinga i Luster for personar over 80 år er slik: Alder 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2023 2025 2030 2035 2040 80-89 237 227 223 227 228 226 255 261 328 381 424 90 + 75 78 79 71 61 61 68 65 68 88 114 Sum 312 305 302 298 289 287 323 326 396 469 538 25 % 78 76 75 74 72 72 81 82 99 117 135 Framskrivinga syner ein nedgang fram mot 2020 og deretter ein auke. Dette samsvarar mykje med den nasjonale utviklinga, som ofte vert kalla ei eldrebølgje. Utfordringar knytt til denne store auken i tal eldre er mykje av bakgrunnen for dei seinare nasjonale føringane. Ei aldrande befolkning vil føre med seg ulike utfordringar som til dømes fleire kroniske sjukdomar, fleire sjukdomar samstundes - og fleire med demens. I dette ligg at både tal eldre og helsetilstanden vil gje nye utfordringar for dei kommunale helse- og omsorgstenestene. I nasjonale føringar er det særleg peika på fire kritiske faktorar for god aldring: Mykje fysisk aktivitet. Mykje hjerneaktivitet (kognitiv aktivitet). Eit aktivt sosialt liv. Side 10 av 17

Eit variert og sunt kosthald. I tillegg er utdanning, meistring og kontroll vurdert som positive faktorar. Denne kunnskapen er etter rådmannen si vurdering viktig i ei vurdering av framtidig tenestetilbod. Den siste lina i tabellen over syner tal plassar ved ein dekningsgrad på 25 %. Dette tilseier at om lag 25 % av innbyggjarane over 80 år kan få behov for heildøgns tenester. I Luster har heildøgns tenester gjerne vore forstått som langtidsplass i sjukeheim/institusjon truleg fordi kommunen sine omsorgsplassar og omsorgsbustadar ikkje har hatt ei form for bemanning. Det har dei siste åra skjedd store endringar innan dette område og i mange kommunar vert heildøgns tenester i dag i hovudsak ytt i ulike former for omsorgsbustader, omsorgsplassar og i bufellesskap. Det er da gjerne etablert ein eller anna form for basisbemanning, og bebuarane får tenester tildelt etter individuelle behovsvurderingar. Sjukeheimar vart ein gong utvikla etter sjukehusmodellar, med vekt på kliniske behov og effektiv pleie. Over tid har ny kunnskap om aldring og synet på brukarane endra seg. Brukarane er ikkje lenger berre pasient, dei er også unike personar og tilboda har gått i retning av ei tilpassing til individuelle behov. Dette er også understreka i nasjonal føringar sist i regjeringa sin Demensplan 2020.: Regjeringens mål er å skape brukerens og pasientens helse- og omsorgstjeneste. Da må brukernes egendefinerte behov stå i fokus ved utvikling av tjenestene Samstundes vil det ikkje vere mogleg å gje tilbod som er optimalt tilpassa alle individuelle behov, og løysingar som ikkje kan finansierast er ikkje berekraftige. Ein må difor søke løysingar som er ressurseffektive og samstundes gjev god kvalitet for bebuarar og tilsette. Luster sin tre sjukeheimar er bygd som tradisjonelle sjukeheimar og desse bygningsmessige rammene gjev føringar for tenestetilbodet. Samstundes er det slik at sjølv om bygget er ein sjukeheim, treng ikkje tenestetilbodet å vere tradisjonelle institusjonsplassar. Bygga kan alternativt sjåast på som godt eigna til å etablere omsorgsplassar i bufellesskap. Den administrative arbeidsgruppa har lagt til grunn at Luster i framtida har behov for tilbod ved alle tre omsorgssentra, og det er ikkje vurdert ev. nedlegging av sjukeheim(ar). Om ein legg til grunn at kommunen sine tre sjukeheimar skal vidareførast, vert hovudspørsmålet: Kva tenestetilbod/innhald skal sjukeheimane ha i framtida? Tenestetilbodet i sjukeheimane kan ikkje vurderast isolert, men må sjåast i samanheng med tilbod på alle nivå i kommunen si omsorsgtrapp. Den nasjonale utviklinga syner klart at det i stor grad vert satsa på betre og fleire tilbod på lågare nivå i omsorgstrappa. I dette ligg ofte målsetjingar om å bu lengst mogleg heime, og deretter få tilbod om omsorgsbustad eller omsorgsplass med tenester etter behov kombinert med gode avlastings- og dagtilbod. Det er truleg brei semje om at det beste er å bu lengst mogleg heime eller i omsorgsbustad med tenester etter behov, noko som igjen tilseier ei godt utbygd heimeteneste. Demensomsorg: Parallelt med auken i tal eldre vil det kome ein auke i tal personar med demens. Dette vil gje store utfordringar med å planlegge og tilrettelegge eit fagleg forsvarleg og individuelt tilpassa tilbod. Mange med demenssjukdom vil bu i eigen heim. For at dette skal vere mogleg, må tenestene tilpassast familietilhøve og individuelle behov. Dei fleste demenssjukdommar vert utvikla over tid, og det er behov for å differensiere og legge til rette tenestetilbodet alt etter kva fase den einskilde er i. Som ein del av dette vil tilrettelagde Side 11 av 17

dagtilbod for heimebuande vere viktig for å utsetje ev. institusjonsinnlegging, og gje ei naudsynt avlasting for pårørande. Det er klare nasjonale føringar for framtidige krav til demensomsorg, sist skildra i Demensplan 2020, i form av følgjande strategiske grep: Selvbestemmelse, involvering og deltakelse. Forebygging. Diagnose til rett tid og tett oppfølging etter diagnose. Aktivitet, mestring og avlastning. Pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassede tjenestetilbud. I Demensplan 2015 vert krav til butilbod og tilsette skildra slik: Optimale rammebetingelser for personer med demens defineres i Demensplan 2015 som små grupper i et oversiktelig fysisk miljø med få beboere (fire til åtte personer) og et stabilt personale med nødvendig kompetanse. Det bør vere direkte tilgang til tilrettelagd uteareal og det bør legges til rette for sosialt fellesskap. For å kunne følgje opp dette er det rådmannen si vurdering at tilbodet bør samlast og utviklast på ein stad i kommunen, og Hafslo omsorgssenter vert vurdert som svært godt egna. Samstundes vil mange med demens bu eige heim og dette krev nytenking på mange område. Det vert no arbeidd aktivt med ulike velferdsteknologiske løysingar, særleg knytt til trygghets- og sikkerheitsteknologi (alarmer, sporing, videokommunikasjon mv) og medisindispenser. I tillegg til kognitive hjelpemiddel for å auke mestring, bør det også utvikles løysingar slik at denne gruppa ikkje berre får tilgang til passive varsel og sensorar. Velferdsteknologi er eit viktig verktøy for å møte framtidas demografiske utfordringar som kan bidra til at enkeltindivid mestrer eige liv og helse og til at behovet for offentlige omsorgstenester vert utsett. Yngre brukarar: Samstundes som det vil bli ein auke i tal eldre vil og tal brukarar under 67 år auke. Som følgje av ei rekke reformer har ansvar og oppgåver blitt overført frå spesialisthelsetenesta til kommunane og denne utviklinga vil halde fram. Den kommunale helse- og omsorgstenesta har dermed fått nye brukargrupper med fagleg krevjande medisinske og psykososiale behov, ikkje minst gjeld dette rus og psykiatri. Sjukeheim vil normalt vere eit lite aktuelt tilbod til yngre brukarar. Tenestetilbodet må tilpassast individuelt og gjevast i bustad. Dette vil vere tilbod som må ytast av heimetenesta, noko som igjen tilseier ei auka satsing på ei fagleg sterk og fleksibel heimeteneste. I dette ligg og at tilsette i heimeteneste må ha naudsynt kompetanse, til dømes innan rus og psykiatri. Dei framtidige utfordringane er i hovudsak: Stor auke i tal eldre. Ei aldrande befolkning vil gje fleire kroniske lidingar og fleire sjukdomar samstundes. Auke i tal brukarar med demensdiagnose Auke i tal yngre brukarar. Det vil etter rådmannen si vurdering vere ein dårleg strategi for Luster å satse på langtids institusjons-/sjukeheimsplassar som svar på dei framtidige utfordringane. Dette vil i liten grad følgje opp nasjonale målsetjingar om best mogleg tilbod på lågast mogleg nivå, det vil truleg ikkje møte dei individuelle behova/ynskja og det vil truleg ikkje vere økonomisk berekraftig. Side 12 av 17

Samstundes vil institusjonsplassar i sjukeheim vere eit naudsynt tilbod også i framtida, men spørsmålet er kor mange slike plassar ein bør ha i ein kommune som Luster. Svaret på dette er i stor grad avhengig av kva tilbod som vert etablert på nivåa under. Nivå 4 og 5: Institusjons-/sjukeheimsplassar: Etter ei samla vurdering, der ein har henta erfaringar frå andre kommunar, og under føresetnad av ei styrking av nivåa under, tilrår den administrative arbeidsgruppa at det bør etablerast 30 33 langtidsplassar og 8 12 korttidsplassar. Samla kapasitet vert da 38 45 sjukeheims/institusjonsplassar. I dette ligg ein bufferkapasitet på 4 korttidsplassar og 3 langstidsplassar. Det vert vidare tilrådd at alle langtidsplassane vert lagt til sjukeheimen i Luster og korttidsplassane vert vidareført ved korttidsavdelinga (KA) i Gaupne. Rådmannen vil samstundes understreke følgjande: Om behovet for langtidspassar syner seg å vere større enn tilrådd, kan ein etablere fleire slike plassar, ev ytterlegare styrka tilbodet på nivåa under. Dette er i hovudsak eit spørsmål om organisering, bemanning og kva vilkår bebuarar vert tildelt tenester. Nivå 3: Omsorgsplassar med basisbemanning: Med grunnlag i nasjonale krav og forventa framtidige behov vert det tilrådd at Hafslo omsorgssenter vert eit senter for demensomsorg. I tillegg til etablering av 18 omsorgsplassar med heildøgns tenester, vert det tilrådd etablering av dagtilbod. Ei slik samling av demensomsorga vert vurdert som svært viktig for å kunne tilby gode tenester. På kort sikt vert det tilrådd at romma som i dag er dei 9 omsorgsplassar vert vidareført, medan romma i den andre fløya vert gjort om til 9 rom ved å setje inn ei dør mellom 2 rom. Dette vert da 9 store rom som er godt egna til føremålet. I tillegg må uteområdet utbetrast noko for å tilpassast behova. I sum vil desse utbetringane koste om lag kr 600 000. På sikt bør det planleggjast ei større renovering av sjukeheimen på Hafslo. Det vert vidare tilrådd at dagens langtids sjukeheims-/institusjonsplassar ved omsorgssenteret i Gaupne vert omgjort til 28 omsorgsplassar med basisbemanning. Dei aktuelle romma vil vere godt egna til omsorgsplassar. Det vert vidare føresett at det i ei slik avdeling vert lagt stor vekt på aktiv omsorg med gode dagtilbod og andre aktivitetar. Det vert lagt til grunn at dei framtidige omsorgsplassane med basisbemanning og tenester etter behov, vil kunne gje eit betre og meire langvarig tilbod enn dagens omsorgsplassar. Samla kapasitet på nivå 3, 4 og 5: Den samla kapasiteten på nivåa 3, 4 og 5 i omsorgstrappa er i dag slik: 56 langtidspassar + 8 korttidsplassar = 64 institusjonsplassar. + Buffer på 4 korttidsplassar ved KA 26 omsorgsplassar (med tenester men utan bemanning). = 90 94 plassar. Med den tilrådde løysinga vert kapasiteten slik: 30 langtidsplassar + 8 korttidsplassar = 38 institusjonsplassar. + Buffer på 4 korttidsplassar og 3 langtidsplassar (sjukeheimen i Luster har 33 rom). 46 omsorgsplassar med basisbemanning (28 + 18). = 84 91 plassar. Dette tyder at ein vil ha ein samla kapasitet på 84 91 plassar med heildøgns tenester. Om ein ser dette opp mot folketalsframskriving og ein dekningsgrad på 25 %, skal denne kapasiteten vere stor nok fram mot år 2025-2030. Nivå 1 og 2 Heimetenester i eigen bustad eller omsorgsbustad: Side 13 av 17

Ei viktig målsetjing vil vere at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. For å lukkast med dette må det etablerast ei fagleg sterk og fleksibel heimeteneste, samt gode førebyggjande tiltak som til dømes kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og dagtilbod. Ei større heimeteneste og samvirke innan tenesta, frå omsorgsplassane til ute i heimane, vil auka fleksibiliteten og kunne gi betre utnytting av bemanning og ressursar enn i deg. Det vert og viktig å styrka dagtilbodet og rådmannen vil kome tilbake til eventuell etablering av eit nytt dagtilbod i eige sak om Friskhuset til junimøte i kommunestyret. Alle tre omsorgssentra har omsorgsbustader nært knytt opp til sjukeheimane. Det kan og, om naudsynt, etablerast heildøgns tenester i desse omsorgsbustadane. I dette ligg ein stor og fleksibel kapasitet som kan brukast for å møte auka framtidige behov. Kjernen i dette er at ei styrking av nivåa under nivå 5 Langtidsplass i sjukeheim skal gjere det mogleg å redusere tal langtidsplassar frå dagens 56 til 30. Samstundes er det viktig å understreke at tilbod lågare ned på omsorgstrappa også i større grad vil vere positivt i høve dei kritiske faktorane for god aldring (jf. over). Korleis gjennomføre vedteken innsparing? Tabellen under syner netto drifsutgifter per innbyggjar (kostra 2014): Luster Stryn Sogndal Fylket K 12 Land (u Oslo) 22 720 18 101 16 636 20 408 19 515 16 045 Tala syner at Luster, relativt sett, ligg høgt på ressursbruken til pleie og omsorg. Luster bruker til dømes om lag kr 4 500 meir per innbyggjar enn Stryn. I sum bruker dermed Luster samanlikningsmessig over 20 mill. meir enn Stryn på tenesteområde pleie og omsorg. Det er etter rådmanne si vurdering to hovudalternativ for gjennomføring av det vedtekne innsparingskravet i pleie og omsorg: Innafor ramma av dagens samansetjing av tenestetilbodet. Endre samansetjinga av tenestetilbodet. Ei innsparing innafor ramma av dagens samansetjing av tenestetilbodet vil bety at færre tilsette så langt som mogleg må yte dei same tenestene. Dette vil mellom anna gje ein redusert pleiefaktor. Det er dei siste åra gjennomført slike ostehøvelkutt, og rådmannen meiner ein no har kome til eit punkt der det ikkje er ynskjeleg å gå vidare med slike kutt. I prosjektet Er smått alltid godt i demensomsorgen, initiert av KS og gjennomført av SINTEF i 2015, er det ei vurdering av ressursbruken i pleie og omsorg. To av konklusjonane er slik: Det er et stort hopp i ressursbruk mellom de som bor utenfor og i institusjon. Når man skal lete etter kostnadsbesparende tiltak, må man lete i dette hoppet. En sykehjemsplass kan i dag grovt anslås til ca. 1 mill. kroner. Forutsatt at en beboer kan bo i et tilbud lavere ned på «omsorgstrappa», for eksempel et halvt år lengre, utgjør dette store beløp. Etter rådmannen si vurdering bør innsparinga gjennomførast ved at tal langtidsplassar vert redusert medan tal omsorgsplassar vert auka. Det er da føresett at det vert etablert ei basisbemanning på omsorgsplassane og at tenester utover dette vert tildelt og ytt etter individuelle vurderingar og behov. Det talmesige grunnlaget for denne vurderinga er slik: Kostnad langtidsplass: Om lag 1 mill. Kostnad omsorgsplass i dag: Om lag kr. 300 000. Side 14 av 17

Kostnad omsorgsplass med basisbemanning: Om lag kr 500 000. Luster har i dag 56 langtidsplassar som kostar om lag 56 mill. Luster har i dag 26 omsorgsplassar som kostar om lag 8 mill. = Samla kostnad i dag er på om lag 64 mill. Ved å gå ned til 30 langtidsplassar og auke tal omsorgsplassar til 46 vert tala slik: 30 langtidsplassar vil koste om 30 mill. 46 omsorgsplassar vil koste om lag 23 mill. (46 x 500 000). = Samla kostnad vert på om lag 53 mill. Skilnaden på dagens og framtidig kostnad vert på om lag 11 mill. Om ein lukkast med dette vil Luster likevel truleg bruke meir ressursar på pleie- og omsorgstenester enn kommunegruppa og andre samanliknbare kommunar. Alternative løysingar: Med grunnlag i kunnskap om: nasjonale føringar framtidige behov og utfordringar ressursbruk i pleie- og omsorgstenestene (nasjonalt og lokalt) effekten av ulike tenestprofilar erfaringar frå andre kommunar meiner rådmannen det må leggjast til grunn at ei innsparing innan dette tenesteområde bør gjerast ved å redusere tal langtidsplassar og styrke nivåa under. Ei vurdering av alternative løysingar bør difor, etter rådmannen si vurdering, ha dette som utgangspunkt. Den administrative arbeidsgruppa har med dette som utgangspunkt vurdert eit alternativ til den tilrådde løysinga. Det er at alle langtidsplassane vert lagt til sjukeheimen i Gaupne, og at sjukeheimen i Luster får 30 33 omsorgsplassar. Ein får da ein samla kapasitet på 28 langtidsplassar og 48 51 omsorgsplassar. Ei positiv side med denne løysinga kan vere at ein da får samla alle sjukeheims-/institusjonsplassar på ein stad ved Gaupne omsorgssenter. Ein vil da får ein samla kapasitet på 28 langtidsplassar og 8-12 korttidsplassar i Gaupne, totalt 36 40 plassar. Den administrative arbeidsgruppa har ikkje tilrådd denne løysinga i hovudsak fordi: Romma ved sjukeimen i Luster er mindre og difor dårlegare eigna som omsorgsplassar. Sjukeheimen i Luster er samla sett betre egna til langtidsplassar enn omsorgsplassar, også på grunn av lokaliseringa. Kapasiteten på langtidsplassar blir noko mindre (føresett at KA bør disponere buffer). Bebuarar på omsorgsplass i Gaupne kan dra nytte av nærleik til tilbod i sentrum. Rådmannen er samd i denne vurdering og tilrår difor at alle langtidsplassane vert lagt til sjukeheimen i Luster. Rådmannen vil samstundes understreke at ei eventuelle vidareføring av dagens innretting av tenestetilbodet er eit dårleg alternativ på kort og lang sikt (jf. over). Korleis sikre god rekruttering, god kompetanse og god kvalitet? God rekruttering er ein kritisk faktor for å oppretthalde gode tilbod, og omsorgstenestene står føre store personell- og kompetansemessige utfordringar. Ein relativt stor del av dei tilsette i tenesta har ikkje naudsynt utdanning og framskrivingar syner at det truleg vil vere ein monaleg underdekning av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar dei komande åra. Samstundes vil det, i takt med aukande tal eldre, vere naudsynt å auke tal årsverk i omsorgssektoren. Side 15 av 17

For å sikre tenester med høg kvalitet er det truleg også behov for faglig omstilling og heving av det faglege nivået, blant anna gjennom å auke andelen tilsette med høgskuleutdanning, skape større fagleg bredde, fleire faggrupper med auka vekt på tverrfagleg arbeid. Utfordringar og tiltak er skildra slik i Stortingsmelding 29 Morgendagens omsorg: FAGLIG OMSTILLING OG BREDERE KOMPETANSE For å sikre en bærekraftig omsorgstjeneste med god kvalitet i framtida er det nødvendig med faglig omstilling i omsorgstjenestene som krever endret og høyere kompetanse, nye arbeidsmetoder og nye faglige tilnærminger. Den faglige omstillingen er først og fremst knyttet til sterkere vektlegging av rehabilitering, tidlig innsats, aktivisering, nettverksarbeid, miljøbehandling, veiledning av pårørende og frivillige, og til innføring av velferdsteknologi. I tillegg skal det legges til rette for å videreutvikle kompetansen på lindrende behandling og omsorg ved livets slutt (..) Dagens regjering har formulert det slik i Omsorg 2020: EN FAGLIG STERK HELSE- OG OMSORGSTJENESTE For å sikre en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste i fremtiden er det behov for faglig omstilling med endret og høyere kompetanse, nye arbeidsmetoder og nye faglige tilnærminger. Faglig omstilling i tjenestene er blant annet knyttet til sterkere vektlegging av mestring, rehabilitering, forebygging, tidlig innsats, aktivisering, nettverksarbeid, miljøarbeid, veiledning av pårørende og frivillige, og til innføring av velferdsteknologi (..). Systematisk kvalitetsforbedringsarbeid, organisering og ledelse skal i større grad settes på dagsorden for utvikling av en faglig sterk tjeneste. En styrket helse- og omsorgstjeneste krever et faglig og strategisk lederskap. Regjeringen vil derfor satse aktivt på lederutvikling, nettverksarbeid og på å skape gode vilkår for et innovativt og fremtidsrettet lederskap. Regjeringen vil legge vekt på at ledere i omsorgs-tjenesten har gode styringssignaler og verktøy for å følge opp den faglige kvaliteten og drive tjenesteutvikling. For å kunne oppretthalde eit desentralisert og personellkrevjande tenestetilbod med høg kvalitet, vert god rekruttering kritisk viktig for Luster. Denne kritiske faktoren må og sjåast i lys av auka behov etter 2020 med nye brukargrupper samt nye faglege krav og utfordringar. Etter rådmannen si vurdering vil det å skape attraktive arbeidsplassar vere grunnleggjande viktig for god rekruttering. I dette ligg gjerne at det er einingar som leverer gode tenester med høgt fagleg nivå, faglege interessante oppgåver, tverrfagleg samarbeid, godt arbeidsmiljø og god leiing. Den etablerte korttidsavdelinga (KA) er truleg eit godt døme på ein arbeidsplass som er attraktiv, mellom anna fordi det er fagleg interessant for aktuelle yrkesgrupper. Nye faglege krav tilseier etter rådmannen si vurdering ei teneste som vert meir spesialisert, som igjen kan heve kvaliteten og gjere den attraktiv. Eit døme er framtidas demensomsorg, som vil ha behov for ulike yrkesgrupper med spesialisering. Det same døme kan brukast om førebyggjande arbeid og arbeid i ein sjukeheim. Det er grunn til å tru at ein sjukeheim med noko storleik og godt fagmiljø, vil ha betre kvalitet og vere meir attraktiv enn det motsette. Vidare arbeid Om den tilrådde omlegginga av tenestetilbodet vert vedteke, vil fyrste oppfølgingstiltak vere ei tilpassing av dagens organisering til den nye innrettinga av tenestetilbodet. Det må her gjennomførast gode prosessar i samarbeid med tillitsvalde og tilsette, i tråd med gjeldande lov og avtaleverk. Det er dei siste 10 15 åra gjennomført mange slike organisatoriske endringar i tenesteområde pleie og omsorg, og dei aktuelle partane er godt kjende med slike prosessar. Alle tilsette i pleie- og omsorgstenesta i dag vil få tilsetjing i den nye organiseringa. Side 16 av 17