Velkommen til Tussejuv barnehage! INFORMASJONSHEFTE Adresse: Brøløsvegen 8, 3840 Seljord Telefon: 35 06 51 80 / -81/ -82 Styrar: Gunhild Sundbø E-post: tussejuv.barnehage@seljord.kommune.no Seljord kommune si heimeside: www.seljord.kommune.no Revidert juli 2015 1
Praktiske opplysningar Barnehagane i Seljord kommune har åpningstid frå kl. 07.30 16.30. Barnehagane er åpne til og med 23. desember og til kl. 12.00 dagen før Skjærtorsdag. Barnehagane er stengt 5 dagar i løpet av barnehageåret då har personalet planleggingsdagar. Barnehagane er feriestengt i veke 29 30. Organisering Barnehagen starta opp 15.august 2008. Barnehagen er bygd avdelingslaus med åpne løysingar. Den har ein hovudinngang med garderobar på kvar side, med fargekode Blå for 3-4 og 5 åringane og Rosa for 1 og 2 åringane. I 1.etasje er det meste av barna sine leike og opphaldsareal er, men det er også 2 gruppe rom og toalett i 2.etasje. Barna er dela inn i aldersinndelte grupper. Kvar gruppe har sitt faste personale og gruppe rom som er deira base. Ekorn 1: 1 åringane og Ekorn 2: 2 åringane. Rev: 3 åringane, Rådyr: 4 åringane, Elg: 5 åringane. Me vil at barnehagen skal vera ein heilskap og samarbeider mykje på tvers av gruppene. Informasjonsrutinar Alt innhald i barnehagen er bygd på: Lov om barnehagar Nasjonal Rammeplan Lokale Rammeplan for barnehagane i Seljord kommune Årsplan som er barnehagen sitt program for barnehageåret vert utdelt i september. Månadsplaner får foreldre med seg heim. På benken i gangen ligg dag bøkar der kvar gruppe skriv litt om kva me har gjort gjennom dagen. Nokre dagar står det og ein PC framme med bilete frå dagen. 2
Dagsrytmen Alle klokkeslett er omtrentlege. KL.7.30 Barnehagen opnar KL.7.30-8.30 KL.8.00-8.45 KL.8.30 KL.9.30 KL.10.30-12.30 KL.12.30 KL.14.30 KL.16.30 Rosa side opnar Enkel frokost barn som skal ha frokost må koma innen kl.8.30. Blå side opnar Gruppetid med ulike aktivitetar som turar, gym, samlingsstund, forming, leik, lesing, m.m. Formiddagsmåltid for gruppene. Sove tid for dei yngste barna. Påkledning og ute leik. Enkelt ettermiddagsmåltid ute eller inne. Barnehagen stenger. Starten på dagen Alle foreldre fylgjer barnet sitt inn på Rosa side fram til kl. 8.30. Etter kl.8.30 skal barn over 3 år leverast på Blå side. Svært viktig at det er foreldre sjølve som kryssar inn barnet sitt på listene som heng i gangen, dette fordi barnelistene er ein del av våre interne kontroll rutinar. Me oppmodar barn og foreldre om å vaske hendene når dykk kjem inn i barnehagen, dette for å redusere smitte. Slutten på dagen Ein tilsett er garderobevakt ute og skal så langt råd er opphalde seg rundt hovud inngangen. Garderobevakta gjev viktige beskjedar til foreldre og har ein oversikt over kva område av leikeplassen barnet dykkar er i. Personalet prøvar så langt det lar seg gjera å gje ei enkel tilbakemelding på korleis dagen har vore for barnet, men det er ikkje alltid ein får det til, mellom anna fordi det er færre vaksne heilt på slutten av dagen. Svært viktig at foreldre kryssar ut barnet sitt frå listene som heng i gangen.. Det er og fint for alle å seie "ha det, og takk for i dag". 3
Måltid Det er tilbod om enkel frukost med havregryn eller brødskive. Formiddagsmaten er frå kl. 10.30 for dei yngste barna, og kl. 11.30 for dei eldre barna. Sidan deira måltid er så seint et dei frukt ved 10 tida. Alle barna har med namna drikkeflaske heimefrå som me fyller med vatn kvar morgon. Kvar gruppe har si balje med vannflasker som barn har tilgang på heile dagen. Barna blir så glade i vatn og alle barna kjenner igjen si vannflaske. Ved formiddagsmaten legg me vekt på å lære barna å smøre maten sin sjølv, helle i mjølk og liknande. Me startar måltidet med eit bordevers som barna vel på omgang. Barna lærer bordskikk og får kunnskap om sunn mat. Me legg vekt på at det under måltidet er ei roleg og god atmosfære slik at barn og vaksne får eit hyggeleg måltid i saman der samtala og samværet er i fokus. Ettermiddagsmåltidet er om lag kl.14.00 for 1 og 2 åringene med brød og frukt. For dei eldre barna om lag kl. 14.30. Ca kvar 14.dag har vi formiddagsmåltid med varm mat. Me sett opp menyliste med utgangspunkt i årstider og at det varme måltidet skal vera sunt og næringsrikt. Dei eldre barna kan lage varmmaten på turdagen sin. Kostpengene er regulert etter sjølkost prinsippet og koster 350 kr.pr. mnd. for 5 dagers tilbud. Oppfølging av kvart enkelt barn Den fyrste tida i barnehagen vil barnet møte mange nye voksne og barn. Barnet treng tid til å bli kjent i barnehagen og få tillit til dei voksne. Foreldra må difor sette av tid til å fylgje barna dei fyrste dagane og vera tilgjenglege ved behov i oppstartfasen. Når barnet startar i barnehagen får det ein primærkontakt, dvs ein av personalet som får eit spesielt ansvar for å hjelpe og støtte barnet den fyrste tida. Etter kvart får barnet like mykje med andre i personalet å gjera. Dei vaksne skal heile tida ha fokus på korleis barnet trives og har det i barnehagen. Den daglege kontakten ved levering og henting er den viktigaste samarbeidsforma mellom foreldre og personalet. Det er viktig at me får opplysningar om barnet si helse, behov, ynskjer og opplevingar slik at me kan gje barnet best mogleg omsorg og oppfølging. 4
Bursdagsfeiring Barnas fødselsdag vert markert med balkongflagg, foto av bursdagsbarnet ved inngangsdøra, bursdagssang og lys tenning. Invitasjonar til heimebursdagar skal ikkje delast ut i barnehagen. Sjuke barn Folkehelseinstituttet har laga retningslinjer for barn og sjukdom i barnehagen. Barnehagen følgjer desse. Helsestasjon i Seljord har laga eit informasjonshefte til foreldre med barn i barnehage. Det ligg på heimesida til Seljord kommune. Innhaldet i barnehagen Personalet ynskjer å skape ein barnehagekvardag fylt med: Leik Læring Humor Glede Tryggleik Personalet legg vekt på å skape ein roleg og hyggeleg barnehagekvardag med minst mogleg avbrot i leiken som er så viktig for barna. I leiken skjer det viktige læreprosessar. Samspelet mellom barn barn og barn vaksen er viktig i denne samanhengen. Personalet skal vera aktivt deltakande og observerande i leiken og aktivitetane. Personalet skal vera utviklingsstøttande. Det betyr å sjå og støtte det enkelte barn si utvikling ut frå personlegdomen til barnet, og at personalet i leik og aktivitetar tilfører nye moglegheiter når barnet har behov for det. I samspelet og samværet dei vaksne har med barna, enkeltvis og i grupper legg me stor vekt på samtalen som metode. Utvikling av god språkforståing er viktig for å meistre leik, læring og samvær med andre. Vi har difor sterkt fokus på språk og har eigne språkgrupper for barn som ikkje har norsk som morsmål. Vi har fokus på korleis personalet møter det enkelte barn slik at barnet sin integritet blir i vare teken, samtidig som omsynet til dei andre barna også vert i vare teken. 5
Personalet skal støtte og hjelpe barna sin utvikling av: Sosial kompetanse Språk Kommunikasjonsevne Dette vil vera med på å førebygge diskriminering, mobbing, utjamne sosiale forskjellar og likestille jente og gut. Utvikling av sosial kompetanse er nødvendig for å kunne vera saman med andre, løyse konfliktar, vera hjelpsam, samarbeide og forstå korleis andre har det. Grunnlaget for desse ferdighetane vert lagt i førskulealder. Uteliv og klede Me legg vekt på å vera mykje ute og barnegruppene har fast turdag, 1 til 2 dagar i veka.. Det er difor veldig viktig at barna har med seg godt med ute klede, regntøy og skifteklede. Møkkete uteklede må takast med heim for vask. Samarbeid mellom heim og barnehage Me meiner at godt samarbeid mellom foreldre og personalet er viktig for at barnet skal trivast i barnehagen og ha ei god utvikling. Det daglege møtet på morgon og ettermiddagen er ein viktig arena for utveksling av informasjon og innblikk i heimen og barnehagen sin kvardag. Andre samarbeidsarenaer: Foreldresamtale, haust og vår. Foreldremøte, haust og vår Foreldrekaffe, haust Foreldrekaffe/ dugnad, vår Adventsamkome Sommarfest Dersom det er noko du som foreldre ikkje er nøgd med, noko du lurar på, eller noko du synes er bra vil me høyre det. Barnehagen skal tilpasse seg mange ulike heimar med ulike ynskje og behov. Difor er me avhengige av å høyre kva dykk foreldre meiner for at me skal gjera ein best mogleg jobb. 6
Foreldreråd Alle foreldra er medlemmer. Leiar og nestleiar vert vald på foreldremøtet i august. Foreldrerådet skal vera eit forum der alle foreldra kan møtast og drøfte ynskje og behov, og koma med forslag til barnehagen. Samarbeidsutval Samarbeidsutvalet er sett saman av 2 representantar frå foreldra, 2 representantar frå personalet og 1 representant frå eigar. Styrar er sekretær. Utvalet konstituerar seg på fyrste møtet i september. Samarbeidsutvalet skal vera med å drøfte barnehagen sitt innhald, og fremme kontakt mellom barnehagen og heimen. Samarbeidspartnerar Heddeli barnehage: Frå barna er 2 år samarbeider me med dei. Målet er at barna skal bli godt kjent med kvarandre før dei byrjar på skulen. Spesialpedagog Gro Aase Rue: Rettleier personalet og fylgjer opp barn med spesielle behov. Logoped Mari Søgaard: Rettleiar personalet,følgjer opp barn med språkproblem og tilbyr alle 5 åringane ein språktest hausten før skulestart. Helsestasjon: 3 åringene har eit lite opplegg med helsesyster i forkant av 4 års kontrollen. Helsesyster kjem først på besøk til oss og etterpå besøker 3 års gruppa Helsestasjon. PPT pedagogisk psykologisk teneste i Kviteseid: Rettleiing av personalet og hjelp til barn med spesielle behov. Seljord Barneskule: Heddeli og Tussejuv barnehage har samarbeidsavtale med skulen om opplegg for 5 åringane. 7