Vår sakshandsamar Vår dato Vår referanse Hildegunn Gjengedal / Dykkar dato Dykkar referanse

Like dokumenter
Mat og landbruk. Vurdering av innhaldet

Vår saksbehandler Vår dato Vår referanse Hildegunn Gjengedal / Deres dato Deres referanse

Internasjonale avtaler. Bjørn Gimming

Faglig konferanse Nei til EU. Brita Skallerud 2.nestleder Norges Bondelag

Handelsstrategiar og handelsstruktur - EU og landbruksvarehandel. Seminar Landbrukets Utredningskontor 13/ Torbjørn Tufte

Korleis påverkar EØS-avtala og TTIP norske bønder. Merete Furuberg Leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS)

EØS og landbruket. Brita Skallerud Norges Bondelag

Norges forhold til EU på matog landbruksfeltet

Tollvernet forvitrar - Importvarer tek marknadsveksten. Torbjørn Tufte 17/2-2012

Handelspolitikk, landbruksvarer og forholdet til EØS-avtalen

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Rapport. Søkelys på landbrukspolitikken i EU

Landbruksvarehandelen I eit mattryggleiksperspektiv

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyring vedkommande forslag til endring av lov 15. juni 2001 nr 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.

SAMLA SAKSFRAMST HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL

Å bli gamal i eigen heim

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

5 fakta. om Norges handel med EU og Europa EØS

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:


HELSESJEKK OG EUs LANDBRUKSPOLITIKK SETT I FRA EIN NORSK SYNSVINKEL

1_4111tål?'E'1e. 7k_ HØRING OM ENDRING I ODELSLOVEN, KONSESJONSLOVEN OG JORDLOVEN

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Landbruks- og matsektoren innenfor og/eller utenfor EU?

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Kurs i korn og kraftfôrpolitikk Handelsavtaler og importvern

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Dykkar ref Vår ref Dato

Vest Telemark Nei til EU sin høyringsuttale til NOU 2012:2 "Utenfor og innenfor" (Europautredningen)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Forslag til ny forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Høyringssvar frå Norges Bondelag

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Internasjonal handelspolitikk - konsekvenser og mulighetsrom

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Nei til EUs skriftserie. Nr. 2 Juni 2012 Kr 40,- neitileu.no

Kartlegging av rammevilkår

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring - Framlegg om å oppheve regelen om priskontroll i konsesjonslova - Mindretalsanke

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Sogn og Fjordane Bondelag

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Arbeidstilsynet visar til søknad datert 28. april 2017, tilleggsopplysningar mottatt 19. juni 2016 og telefonsamtale 10. juli 2017.

2014/

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Frihandelsavtaler og norsk landbruk. MERCOSUR neste? Torbjørn Tufte AgriAnalyse

Prognose for tilgang og forbruk av norsk korn for sesongen 2014/2015

Stortinget og suverenitetsavståelse

St.meld. nr. 10 ( )

Stranda kommune Næring og teknisk

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

. Ø-.._! `..._..,...,...

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Transkript:

1 av 6 Utenriksdepartementet Postboks 8114 Dep 0032 OSLO Vår sakshandsamar Hildegunn Gjengedal 22 05 45 50 Dykkar dato Dykkar referanse 31.01.2012 Høring om NOU 2012:2 Utenfor og innenfor Norges avtaler med EU Vi takkar for invitasjonen til å kome med høyringssvar til NOU 2012:2: Utenfor og innenfor Norges avtaler med EU (Europautredningen). Norges Bondelag synest det er positivt at Regjeringa har sett ned eit utval for å sjå på Noreg sine avtaler med EU på ein heilskapleg måte. Etter så mange år med EØS-avtala, er det på høg tid å ha ei samla vurdering av effektane av avtala. Det er også viktig å få ein breiare offentleg debatt og høgare kunnskapsnivå om EØS i det norske folket. Dette kan ei slik utgreiing bidra til. Norges Bondelag meiner likevel det er ein mangel ved NOU-en at ein ikkje har vurdert alternative tilknytingsformer mellom EU og Noreg. Vi ber difor om at Alternativrapporten Alternativer til dagens EØS-avtale, blir teken med i det vidare arbeidet med Europautredningen. Vi ber også om at Norges Bondelags innspel til Europautredningens arbeid, datert 15.07.2011, blir teke med i det vidare. Brevet er vedlagt vårt høyringssvar. Vi kan ikkje sjå at våre synspunkt, der vi påpeika manglar og feil, er teke med i den endelege versjonen av Europautredningen. 1. Norsk landbruk utanfor, men innanfor likevel Det var ein føresetnad at landbruket skulle haldast utanfor, då EØS-avtala vart underteikna i 1992. 20 år etter kan ein konkludere med at EØS likevel har fått stor innverknad på norsk landbruk. Norges Bondelag støtta i 1992 ikkje underteikning av den framforhandla EØSavtala, med grunngjeving mellom anna i at avtala ikkje sikra råderetten over naturressursar og næringsliv, ga eit dårleg grunnlag for auka miljøsatsing, ga usikkerheit om moglegheitene for å føre ein heilskapleg nærings- og distriktspolitikk, dårleg innverknad på ny regelverksutforming i EU, ikkje bidrog til harmonisk distriktsutvikling i Noreg og ga auka liberalisering med handel med jordbruksvarer. Denne kritikken står seg 20 år seinare. Norges Bondelag gjekk også imot innlemming av Veterinæravtala i 1998 (gjeldande frå 1999). Bondelagets Servicekontor AS Postadresse: Besøksadresse: Tlf: E-post: Postboks 9354 Grønland Landbrukets Hus, 22 05 45 00 bondelaget@bondelaget.no 0135 OSLO Schweigaardsgate 34 C 0191 OSLO Norges Bondelag Org.nr.: 939678670 Bankkonto: 8101.05.12891 Internett: Bondelagets Servicekontor AS Org.nr.: 985063001 MVA Bankkonto:: 8101.05. 91392 www.bondelaget.no

Norges Bondelag 2 av 6 Det er viktig å slå fast at Noreg framleis har ein eigen landbrukspolitikk, med fastsetjing av til dømes støttenivå og fordeling, og målprisar. Vi har årlege forhandlingar mellom stat og næring, og vi har eit marknadsreguleringssystem, der næringa sjølv har ansvar for gjennomføringa. Ikkje minst har vi eit tollvern mot EU på landbruksvarer. Kort sagt den norske modellen. Alt dette er positivt og viser at det er stor skilnad på EU-medlemskap og EØS-avtala. Dette kunne gjerne kome tydelegare og meir positivt fram i Europautredningen. Fleirtalet i utvalet konkluderer med at unntaket i EØS-avtala for landbrukssektoren har vore ein...fordel for norske produsentinteresser snarere enn for forbrukerne. Skjermingen mot konkurranse og strukturendringer er i tillegg dyrt sett fra et samfunnsmessig perspektiv. Samtidig veit vi gjennom spørjeundersøkingar tidlegare i år at 90% av dei norske forbrukarane ynskjer å oppretthalde eit landbruk på dagens nivå (høgaste nivå sidan 1970-talet). Norsk landbruk og matindustri sysselset nærare 100 000 personar og bidrar til matsikkerheit, kulturlandskap og distriktsbusetnad. Den norske landbruksmodellen har brei støtte i Stortinget. Det er difor svært unyansert av fleirtalet i utvalet å framstille landbruket som ei særinteresse for norske produsentar. Men trass i at Noreg har ein sjølvstendig landbrukspolitikk, er landbruket sterkt påverka av EØS-avtala. Dette gjeld særleg mat- og veterinærområdet, og auka import gjennom artikkel 19 (basis landbruksvarer) og protokoll 3 (bearbeidde landbruksvarer). Men EØSavtala rører også ved eigedomspolitikken i landbruket, tekniske krav og standardar, distriktspolitikken og arbeidsinnvandring. Vi vil her konsentrere oss om handel og mat/dyrehelse, men vil også kome inn på andre EØS-område med konsekvensar for norsk landbruk. 2. Auka handel gjennom artikkel 19 og protokoll 3 Artikkel 19 i EØS-avtala slår fast at partane skal jobbe for ei gradvis liberalisering av handelen med basis landbruksvarer. Dette skal skje innanfor partane sin respektive landbrukspolitikk, og på gjensidig fordelaktig basis. Partane skal møtast med to års mellomrom for å gjennomgå vilkåra for handelen. Det står ingenting om at ein nødvendigvis skal utvide handelen med to års mellomrom. Ny avtale i artikkel 19-forhandlingane byrje å gjelde frå nyttår 2012. Avtala innebar ein auke i den gjensidige ostekvota frå 4500 tonn til 7200 tonn, mellombelse kvotar på storfékjøt (900 tonn), kylling (800 tonn) og gris (600 tonn) og nedsett toll/tollfrie kvotar for andre typar kjøt (skinker, pølser, kjøtbollar, andebryst), frukt/grønt, blomar og innsatsvarer til konserves- og fôrindustrien. Den auka importen av basis landbruksvarer fører til eit stort press på norsk produksjon. Under artikkel 19-avtala gjeld dette i særleg grad mjølkeproduksjonen, som er ein berebjelke i norsk distriktsproduksjon. Importkvoten på ost utgjer no over 10% av norsk osteforbruk. I tillegg kjem import utanom kvota og grensehandel. Samla sett er importandelen no oppe i rundt 13%, mot 6% i år 2000. Medan folkeauken i Noreg siste ti åra har vore på 9%, har melkeproduksjonen gått ned 3%. I same periode gjekk importen av meieriprodukt opp frå vel 4000 tonn til rundt 20 000 tonn. Importen av bearbeidde landbruksvarer (t.d. bakevarer, pizza og yoghurt) har auka vesentleg sidan EØS-avtala vart inngått. Berre sidan år 2000 har importen av bearbeidde

Norges Bondelag 3 av 6 landbruksvarer til Noreg auka med 8-10% årleg. Til dømes aukar importvolumet på brød og bakevarer med 5% årleg, og importen av smakstilsett yoghurt auka med 47% (i mengde) berre frå 2010 til 2011. Handelen med bearbeidde landbruksprodukt blir regulert gjennom protokoll 3 til EØS-avtala. I utgangspunktet inngår desse varene i den frie vareflyten, men partane kan bruke toll, prisnedskriving og eksportstøtte for å utjamne råvareprisen mellom EU og Noreg. Utfordringa er mellom anna at skilnaden i råvarepris er basert på prisar i 1994. Medan Noreg sine prisar i hovudsak har blitt høgare, har EU sine prisar i større grad nærma seg verdsmarknadsprisen. Dette har ikkje blitt utjamna ved auka tollsats inn til Noreg. Samla sett er landbruksvareimporten frå EU til Noreg femdobla frå 1990 til 2010, medan eksporten frå Noreg er meir eller mindre på staden kvil. Forholdstalet mellom EU og Noreg har gått frå 1:4 i EUs favør i 1995 til 1:7,5 i EUs favør i 2010. Europautredningen trekk fram den store auken i landbruksvareimporten, men konkluderer likevel med at importen er moderat. Det blir heller ikkje vist til at forhandlingane om artikkel 19-avtala skal førast på gjensidig fordelaktig basis og innanfor partane sin landbrukspolitikk. Utviklinga i landbruksvarehandelen mellom EU og Noreg har ikkje vore gjensidig fordelaktig. Denne problemstillinga blir ikkje trekt fram i NOU-en. Det er ein stor mangel, og gjer at Europautredningen ikkje gir det fulle biletet av EØS-avtale på landbruksområdet. I staden blir landbruket trekt fram som eit av dei få problematiske sidene ved EØS-samarbeidet, og misnøyen frå EU blir framheva, utan motførestillingar. Det blir heller ikkje peika på manglande utjamning av råvareprisar for protokoll 3-varer, noko som var vilkåret då protokoll 3-avtala vart underteikna. Norges Bondelag stiller seg også undrande til at fleirtalet i utvalet har ei kritisk vurdering av norsk landbrukspolitikk, samtidig som ein framstiller EUs landbrukspolitikk som meir open og liberal. EU er ein tollunion med ein gjennomsnittleg tollsats til land utanfor unionen omtrent på nivå med Noreg. Internt er det naturlegvis tollfridom, som det er mellom fylke i Noreg. Det blir også irrelevant å ta med interne trekk ved norsk landbrukspolitikikk, som nedgang i talet på bruk i Noreg, når temaet er Noregs avtaler med EU. Europautredningen burde også ta med ei maktpolitisk vurdering av korleis styrkeforhold og forhandlingsmakt mellom EU og Noreg verkar inn på endeleg forhandlingsresultat. Presset frå andre forhandlingsområde i EØS ville også vere relevant å trekke inn her. Dette er ein viktig del av forhandlingsrealiteten. 3. Mat- og veterinærområdet Då Noreg underteikna Veterinæravtala i 1998, tok ein samtidig inn EUs regulering av mat og dyrehelse/dyrevelferd. Dette utgjer i dag rundt 40% av EØS-rettsaktene, og 90% av Mattilsynets regelverksutvikling, som NOU-en peikar på. Reglar for dyrevelferd, dyrehelse, økologisk drift og mathygiene er døme på område som no er styrt gjennom EØS-regleverket. Dette får naturlegvis store konsekvensar for norsk landbruk og norsk matindustri. I tillegg er det veterinære grensevernet fjerna, noko som fører til auka smittepress på norsk dyre- og humanhelse.

Norges Bondelag 4 av 6 Fleirtalet i Europautredningen konkluderer med at tilpassinga til EUs mat- og veterinærregleverk har gått greitt, og at skremselspropagandaen før Veterinæravtalen vart inngått i 1998 har vist seg å ikkje slå til. Norges Bondelag meiner denne konklusjonen er ufullstendig og blir direkte feil, viss ein ikkje samtidig viser til at dette skuldast nasjonale kompensatorisk tiltak sett i verk av norske styresmakter og næringa. Ei grundig vurdering av effektane krev ein veterinærfagleg gjennomgang, noko vi ikkje ser at Europautredningen har gjennomført. Nokre av endringane ville Noreg sannsynlegvis ha innført uavhengig av EØS-avtala, som Europautredningen rett påpeikar. Men andre endringar er lite tilpassa norske forhold. Dette gjeld til dømes datostempling på egg. Utløpsdato er tilpassa salmonella-utfordringar i EU, og ikkje norske forhold, utan desse utfordringane. Dette fører til at daglegvarehandelen kvart år kastar rundt 850 tonn friske norske egg, tilsvarande 12,9 millionar egg (kjelde ForMAT-prosjektet). Eit anna døme er strenge krav til bruk av fiskebeinmjøl i fôr, noko som i hovudsak er tilpassa risiko for kryss-smitte mellom kjøtbeinmjøl og fiskebeinmjøl ved bruk av same utstyr for produksjon av begge fôrtypar. Dette er ikkje ei aktuell problemstilling i Noreg. Norges Bondelag meiner også det ikkje er mogleg å trekke ein endeleg konklusjon når det gjeld konsekvensane av bortfallet av det veterinære grensevernet for norsk dyre- og humanhelse. Flytting av levande dyr og biologiske produkt over store område, inkludert handel over landegrenser, inneber alltid risiko for å spreie smitte. Innlemming av Veterinæravtala og tilrettelegging av auka handel med levande dyr og biologiske produkt inneber difor ein permanent auke i risikonivået. Eit døme på negative konsekvensar er utbrot av sjukdomen smittsam fotråte hos sau. Denne sjukdomen tek ikkje EØS-regelverket høgde for. Sjukdomen har store økonomiske og dyrevelferdsmessige konsekvensar. Frå smitta vart oppdaga i 2008 har styresmakter og næring i Noreg brukt rundt 40 millionar kroner på tiltak mot sjukdomen. Viktigaste årsaka til at Veterinæravtala ikkje har fått enno større negative konsekvensar, er at Noreg har sett i verk til dels dyre og omfattande kompensatoriske tiltak, og ikkje minst at næringa sjølv har valt å ikkje importere levande dyr. Næringa har også gjennom KOORIMP teke på seg ansvaret for å kontrollere og minimere smittepresset frå import, noko som ville vore unødvendig om vi framleis hadde hatt eit veterinært grensevern. Smittepresset vart også mindre enn frykta fordi importen av landbruksvarer har vore begrensa av manglande framgang i forhandlingane i Verdas Handelsorganisasjon. Dette kan endre seg med ei ny avtale. Den auka importen frå EU gjennom artikkel 19 og protokoll 3, kan gjere utfordringane større. Desse utfordringane burde vore trekt meir fram i Europautredningen. Det blir også peika på at det har vore lite debatt rundt mat- og veterinærsaker i Noreg. Det vil ikkje seie at sakene i seg sjølv har vore ukontroversielle. I tillegg til at det faktisk har vore konflikt rundt saker som matsminke, kugalskap og blåtunge, peikar Europautredningen sjølv på at kunnskapsnivået og debatten rundt EØS-saker i Noreg er for låg. Dette kan føre til passitivitet og manglande debatt, sjølv i saker som er problematiske for Noreg.

Norges Bondelag 5 av 6 Norges Bondelag meiner styresmaktene må få eit meir systematisk opplegg for å involvere næringa på eit tidlegare stadium i EØS-saker med stor betydning for norsk landbruk. Vi viser til høyringsuttale frå Norsk Landbrukssamvirke for utdjuping av dette temaet. 4. Andre område EØS-avtala får også konsekvensar for tekniske krav og standardar, som krav til traktorar, som er nemnt i NOU-en. Dette kan dels vere endringar som Noreg uansett ville gjort, men enkelte av krava er også unødvendig byråkratiske og dårleg tilpassa norske forhold. EØS-avtala har også fått konsekvensar for eigedomspolitikken i norsk landbruk, mellom anna gjennom å legge begrensingar på utforminga av bu- og driveplikta, løysingfristen i odelslova, og moglegheitene for å utforme ein differensiert politikk mellom ulike eigeformer i landbruket. Dette var område EØS-avtalas artikkel 125 slår fast skal haldast utanfor: denne avtale skal ikke på noen måte berøre avtalepartenes regler om eiendomsretten. Brundtlandregjeringa stadfesta dette: videre vil forbudet mot forskjellsbehandling ikke være til hinder for å opprettholde følgende bestemmelser og prinsipper: Bo- og driveplikt kreves ved ethvert erverv av landbrukseiendommer, inklusive skogseiendommer (St.prp.nr.100 (1991-1992), s 197). Likevel innsåg Stoltenbergregjeringa seinare at EØS likevel får konsekvensar for dette området: (Da EØS-avtalen ble inngått fant en) at reglene ikke var til hinder for fri flyt av kapital fordi verken bestemmelser eller praksis fører til forskjellsbehandling mellom norske borgere og borgere fra andre land ( ) I ettertid har Norge i forbindelse med etterfølgende rettsakter i EFdomstolen lagt til grunn av avgjørelser innen saksfeltet vil kunne innvirke på norske forhold (Ot.prp.44 (2008-2009), s 42). Måten eigedomspolitikken blir påverka av EØS-avtala, utan at dette var føresett då EØS-avtala vart inngått, burde vore problematisert i Europautredningen. I staden blir arbeidsinnvandring sterkt vektlagt som ein positiv effekt av EØS-avtala for norsk landbruk. Det er rett at norsk landbruk brukar arbeidskraft frå EØS-området. Samtidig er det verdt å minne om at desse får tariffløn, og såleis jobbar under same vilkår som eventuelle norske arbeidstakarar ville hatt. Landbruket brukte også innleigd hjelp frå inn- og utland før EØS-avtala vart inngått, og kunne benytta seg av utanlandsk arbeidskraft også utan EØS-avtala. Det blir også i aukande grad nytta arbeidskraft frå andre verdsdelar på norske gardsbruk. 5. Konklusjon Norges Bondelag meiner fleirtalet i utvalet si framstilling av landbruket og EØS-avtala er ubalansert og ufullstendig. Dei negative konsekvensane for landbruket og den norske samfunnet er undervurderte, samtidig som dei positive sidene er framheva. Det blir konkludert med at tilpassinga til EØS-avtala har gått greitt, og at importen av landbruksprodukt er moderat. Dette er gjort utan veterinærfaglege/helsefaglege vurderingar, og utan å stille spørsmålsteikn om korleis Noreg kunne ha brukt handlingsrommet betre for å tene norske interesser og stå imot EUs forhandlingspress. Norges Bondelag foreslår følgjande for vidare oppfølgjing av Europautredningen:

Norges Bondelag 6 av 6 Næringa må involverast meir systematisk og på eit tidlegare stadium ved vurdering av innlemming av nytt EØS-regelverk Konsekvensane av innlemming av Veterinæravtala må gjennomgåast meir grundig med bruk av biologisk-fagleg kompetanse Konsekvensane av auka handel gjennom artikkel 19 og protokoll 3 må gjennomgåast meir grundig og kritisk, med sikte på å utnytte handlingsrommet som ligg i avtala betre. Dette dreier seg til dømes om utjamning av råvareprisar i protokoll 3 og å hindre auka import med henvising til krav om gjensidigheit i artikkel 19 Konsekvensar for eigedomspolitikken i landbruket må påpeikast og problematiserast. Dette var ikkje føresett ved inngåing av EØS-avtala Landbrukets verdi for heile det norske samfunnet må framhevast klarare, og EUs landbrukspolitikk må framstillast på ein meir heilskapleg måte. Interne vurderingar av norsk landbrukspolitikk høyrer ikkje heime i ei slik utgreiing Med venleg helsing Arild Bustnes Næringspolitisk sjef Hildegunn Gjengedal Seniorrådgjevar