Ivar Aasen. Skrifter i samling. Trykt og utrykt I. Kristiania og Kjøbenhavn 1911 12. Føreord (1997) Innhald (detaljert) Selvbiografi (1841)

Like dokumenter
Symra. Tvo Tylfter med nya Visor. Ivar Aasen. bokselskap.no Ivar Aasen: Symra. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no 1863.

Den Paaske er vel ljos og blid Tekst: Elias Blix Tilrettelegging: Anders Aschim, BlixBlog, 2004

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. For seint. Libretto

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Johan Dalsegg født død

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Bjerkreim kyrkje 175 år. Takksemd. Tekster av Trygve Bjerkrheim Musikk av Tim Rishton

Olav og Kari Navnet ditt:...

R-ØST. Informasjonsblad for AALESUND ØST ROTARY KLUBB Klubb nr Distrikt 2280 Mars 2010

Sorgvers til annonse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

17. mai Hjellestad 2016

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

mmm...med SMAK på timeplanen

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

S.f.faste Joh Familiemesse

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Birger og bestefar På bytur til Stavanger



Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Trymskvida. Hamarsheimt

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Ivar Aasen. Skrifter i samling. Trykt og utrykt II. Kristiania og Kjøbenhavn

Oppskrift fra 1840-åra av M.B.Landstad etter Maren Ramskeid, Kviteseid, Telemark. Orig.ms. NB fol 1803 e. BIN 1156 TSB B 31

FANTASTISK FORTELJING

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Brødsbrytelsen - Nattverden

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Lesninger Den salige Jomfru Marias smerter (15. september) Lesning Hebr 5,7 9 Han lærte lydighet og ble opphav til evig frelse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

a,b d e f,g h i,j,k l,m n,o,p s,t u,v,å ind bort her ud mig a,b d e f,g h i,j,k l,m n,o,p s,t u,v,å kun

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

VEDLEGG TINDRA H.131 EVENTYR. Ordforklaringer: bold = tapper uforsakt = ubekymret. Inger Hagerup ( )

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Hjelp oss å greie dette, Gud. Du og oss! Men smertefullt og farefullt, det blir det nok også.

Kom skal vi klippe sauen

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Oversikt over vers. Dine kjære feller tårer, ved ditt savn, i Jesu navn.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Den eldre Edda. Oppgave 1. Oppgave 2. Den eldre Edda

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

G A M A L E N G K U L T U R

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

OK, seier Hilde og låser.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Fjellsangen (Å, kom vil I høre en vise om Gjest )

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

JULEKONSERT MED BEATE LECH,

Hånd i hånd fra Kilden Konsert Tekster

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

/

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

MEH2011booklet.indd

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Transkript:

Ivar Aasen Skrifter i samling Trykt og utrykt I Kristiania og Kjøbenhavn 1911 12 Føreord (1997) Innhald (detaljert) Selvbiografi (1841) Dikt Fem Viser (1843) Symra (1863) innhald, teksten Einstaka dikt Etterleivde dikt I Etterleivde dikt II (Lausvers og brot) Umsette dikt Forteljingar og skildringar Eventyr og segner Merknader Band II Band III Elektronisk utgåve Det Norske Samlaget Oslo 1997

IVAR AASEN SKRIFTER I SAMLING TRYKT OG UTRYKT I KRISTIANIA OG KJØBENHAVN GYLDENDALSKE BOGHANDEL NORDISK FORLAG MCMXI

II Skrifter i Samling I Føreord (1997) Skrifter i Samling kom ut i tre band i 1911 (band I) og 1912 (band II og III), redigert av Knut Liestøl. Dette er den største samleutgåva av skriftene til Aasen som har kome ut, og det er eit sentralt referanseverk i litteraturen om Aasen. Det er ei liste over dei ulike samleutgåvene i bibliografidelen på denne cd-en. Trass i storleiken er tittelen Skrifter i Samling misvisande. Trebandsverket inneheld berre eit lite utval av den store produksjonen til Aasen. Ingen av dei større verka (grammatikkane, ordbøkene, Prøver af Landsmaalet, Norske Ordsprog) er med, og det er heller ikkje ein del av dei artiklane som stod på prent i levetida til Aasen. Sjå elles «Etterord» av Knut Liestøl i band III. Skrifter i Samling vart på nytt tilgjengleg som bok i 1996 då Gyldendal gav ut ei ny fotografisk utgåve med etterord av Kjell Venås. Dei tre banda er der samla i eitt band. Denne elektroniske utgåva ligg tett opp til originalutgåva i 1911 12, og sidenummera på boksidene er dei same. Dei viktigaste skilnadene er: 1) innhaldslista er her flytt fremst, og dei nye sidene er nummererte med romartal, 2) teiknet er bytt ut med «d. v. s.», 3) rettingane som er førte opp lengst bak i bokutgåva er førte inn i hovudteksten, og nokre prentefeil i bokutgåva er retta utan at det er gjort greie for det i kvart einskild tilfelle, 4) nokre av overskriftene er retta slik at dei no er i samsvar med originaltitlane på stykka. Det er laga lenkjer slik at ein kjem seg frå teksten til merknadene ved å trykkja på ved overskriftene. Skrifter i Samling er skanna og korrekturlese av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo. Oslo, januar 1997 Oddmund Løkensgard Hoel

INNHALD (Yverskrifter merkte med * er tilsette i denne utgaava). SELVBIOGRAFI (1841)...1 DIKT Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1842) Fiskarvise...11 Vinskap...13 Tenestaa i Pegara...14 Giftar-Taanka...15 Tausakjærings-Vise...17 Symra (3. utg. 1875). Fyrestev...19 Gamle Norig...20 Nordmannen...21 Dei gamle Fjelli...22 Heimvegen...23 Gamle Grendi...24 Vaardagen...25 Sumarkvelden...26 Haustvisa...27 Hugen...28 Von og Minne...29 Saknad...30 Elskug-Kvæde...31 Det einlege Standet...32 Ymse Vasarlag (1875)...33 Tolugt Mod...35

IV Skrifter i Samling I Tjon og Von...36 Fals og Fusk...37 Uvitingskap...38 Høgferd...40 Hugen til Rikdom...41 Att og fram...43 Gløymska...44 Livet...45 Vit og Tru (1875)...46 Etterstev (1867)...47 Einstaka dikt Et Levnetsløb (1847)...50 Sveinkallvise (1847)...54 Grønlandsreisa (1848)...55 Gagnløysa (1851)...59 Lukko (1851)...60 Haraldshaugen (1853)...61 Stortinget (1854)...63 Dikt og Sanning (1855)...64 Det Land som hugar meg best (1855)...71 Sundagskveld (1855)...72 Dei træla, dei træla (1855)...73 Me skal koma, um inkje so braadt (1855)...74 Den tyngste Sorg og Møda (1855)...74 *Seg berlegt, kor Hugen stemner (1855)...75 Sveinkalla-Visa (1859)...76 Gamla Voner (1859)...78 Vanvyrdnad (1863)...81 Nøgje (1863)...82 Livssyn (1863)...83 Lovtale yver Kulturen (1866)...84 Fra Maalstræverne (1867)...91 Minneord yver A. O. Vinje (1873)...93 Upp og ned (1881)...94 *Fare vel, de gamle Tufter (1887)...96 *Her er so mangei Vending (1887)...97 Ferda-visa (1887)...98

V Etterleivde dikt I Malkervisa (1835)...100 Slaattevise (184-)...101 Den fem og tredivte Fødselsdag (1848)...102 Heimhug (ca. 1850)...106 Hugverk (1850)...107 Ægtemanns Raad (1851)...108 Attersyn (1851)...109 I Ljomen fraa eit nordisk Møte (185-)...111 Fyrtiande Fødedagen (1853)...112 Vidsidh (185-)...117 Byrte-Heidi (1853)...118 Paa Byvegen (1853)...120 *Tankarne mine (185-)...122 Lysebotnen (1858)...123 Attum komen (185-)...123 Et stort Navn (185-?)...124 *Nøgd misnøgd (185-)...126 Kjeringi med Kjelken (ca. 1860)...127 *Haust (1859 eller 1860)...127 *I dei gode gamle Tider (ca. 1860)...128 Kunst og Skapnad (ca. 1860)...129 *Storlæte (ca. 1860)...130 Gapa-Visa (ca. 1860)...131 *Festtalar (ca. 1860)...134 Paa Havet (ca. 1860)...135 Ut paa Vegom (ca. 1860)...136 Kraakelund (186-)...137 Storeguten (186-)...138 Vanvyrdnad (186-)...139 *Takk vere Gud (186-)...140 Armods-Vegen (186-)...141 Furte-Visa (186-)...142 *Sanning skal sigra (186-)...143

VI Skrifter i Samling I *Ung og Gamall (186-)...144 Oslo til Bergen (1864)...145 *Kveldsalme (1864)...146 Morgonsong (1864)...146 *Stig fram! (1866)...147 Liten Hugnad (1866?)...147 *Kvar finna me det Land (1869)...149 *Ringest Gjest har skarpest Øie (ca. 1870?)...149 *Det norske Theater (1870)...151 *Nei menn vil eg ei du! (ca. 1880)...151 Midsumar Kveld (188-)...152 *Eg og du (188-)...153 Etterleivde dikt II (Lausvers og brot) Til en slet Læser af et slet digt (183-)...154 Om en Læsebog (183-)...154 Moden (183-)...154 Indbildningen (183-)...155 Nils Revejagar (ca. 1860)...155 Kveldsbøn (ca. 1860)...157 Jolavers (ca. 1860)...157 *Jonsokkveld (186-)...157 *Fridom og Trældom (186-)...158 Smørland (186-)...158 *Kven kan vera Mann (186-)...159 *No faa me skiljast (186-)...159 *Ymse Hus (186-)...159 *Bry deg inkje med at spaa (186-)...159 *Beste Raadi (186-)...160 *Stormannsmaal Stromannstankar (186-)...160 «Navne paa Mund» (186-)...160 *Bokmakkar (186-)...161 *Stev (186-)...161 *Leidt at bera lyter endaa vera (186-)...162 Heimssoga (186-)...163 Trætte Kvæde (188-)...164 *Fraa Skjergarden (188-)...165

VII Umsette dikt *Mab (185-)...166 Friaren under Glaset (1853)...167 Hamlets Eintale (185-)...168 Ein Saknad-Daude (185-)...169 Taara (185-)...170 Barneminne (1853)...171 Svein Duva (1860)...171 Songen um Klokka (1870)...177 Vaar Gud han er vaar faste Borg (1855)...189 Bjarkemaal (1865)...190 Slaget i Hafsfjord (1872)...191 FORTELJINGAR OG SKILDRINGAR Eit Innstig (1853)...195 Benkjevigsla (1855)...200 Dovrefjell (1859)...206 Justedals-Breden (1862)...211 Storm og Stilla (1862)...216 Sildefiske paa Bergenskysten (1854)...221 En Sildebod i Bergen (1858)...225 Kortspillerne (1858)...228 St. Hansaften paa Landet (1858)...231 EVENTYR OG SEGNER Riddar Rev (185-)...239 Ola Klok (185-)...243 Konkel i Kungsgarden (185-)...244 Myntmeisteren (1853)...250 Ein Stor-Leting (1853)...257 Ein Knipar (1853)...257 Ein fyndarleg Søknad (1853)...257 Mannehausen (1855)...258 Svein Urædd (1859)...261 Haugtussen (1860)...267 Huldre-Gaava (1860)...270 MERKNADER...274

SELVBIOGRAFI (1841) Ivar Aasens Fødested, Aasen, Sunnmøre. Tegning af Eilert Mehl. it Fødested er Gaarden Aasen i Ørstens Sogn, Voldens MPræstegjeld paa Søndmør. Denne Gaard, som kun har en Opsidder, ligger noget afsides og adskilt fra de nærmeste Bygder, hvilket jeg anmærker, fordi det har havt megen Indflydelse paa min aandlige Dannelse, da jeg i Barndommen havde aldeles ingen Adgang til Selskab med Jævnaldrende eller til det Slags Tidsfordriv, som Børn, der opvoxe paa mere befolkede Steder, pleie at beskjæftige sig med. Saasnart jeg havde lært at læse, vendte al min Hu sig til min Læsning, hvorimod jeg ingen Lyst havde til det Slags Arbeide, som jeg af Omstændighederne maatte synes bestemt til. Min Fader, Gaardbruger og Leilænding, Iver Jonsen Aasen, døde 1826, da jeg var noget over 12 Aar gammel, og min Moder var allerede død i 1816. De havde i trange Kaar op-

4 Skrifter i Samling I draget 7 Børn, hvoraf jeg, som det yngste, er født den 5te August 1813. Saalænge min Fa der levede, havde jeg nogenlunde Leilighed til min Yndlingsfornøielse, nemlig at læse; men vort Bogforraad var, som man kan slutte, saare lidet, og bestod blot af omtrent et Tegning af H. Uthuslien. halvt Snees gamle Andagtsbøger. Imidlertid eiede vi dog til al Lykke en Bibel, der for mig var det dyrebareste af Alt, hvad jeg kjendte, da jeg af den kunde faa vide saameget Mærkeligt. Efter min Faders Død hengik en for mig ubehagelig Tid af 5 Aar (1826 1831), i hvilken jeg alene maatte beskjæftige mig med Gaards-Arbeide. I September 1831 blev jeg endelig ansat som constitueret Skoleholder i Sognet; og nu fik jeg da Leilighed til at samle Kundskaber, hvortil jeg og saavidt muligt anvendte al den Tid, der blev

5 tilovers fra det Arbeide, som jeg havde paataget mig.det, som i denne Henseende kom mig meest til Nytte, var, at jeg havde Adgang til Lensmand Aarflots Bogsamling og blev velvilligen tjent med de Bøger, som jeg ønskede. Skoleholderiet betjente jeg i Radering af Joh. Nordhagen. to Aar. Jeg havde hørt, at Hr. Provst Thoresen tog adskillige nyansatte Skoleholdere til sig for at undervise dem, og jeg anmodede ham da om at kunne faae komme til ham i samme Hensigt, hvilket han ogsaa lovede mig. Saaledes kom jeg i Provstens Hus i September 1833. Da Provsten mærkede, at jeg havde Lyst til at lære noget og maa skee ogsaa Lyst til at være noget mere end Skoleholder, gjorde han mig det Tilbud, at jeg skulde forblive hos ham, hvilket Tilbud jeg naturligviis med Glæde modtog. Jeg fik saaledes Underviisning i Geographie, Historie, Grammatik og senere ogsaa i Latin,

6 Skrifter i Samling I da Provsten ønskede at erfare, om jeg var bekvem til at indgaae paa Studeringernes Vej, hvortil han ogsaa vilde have hjulpet mig, dersom dette havde været min alvorlige Beslutning. Virkelig var jeg i Begyndelsen vaklende imellem Beslutningen om at vælge eller ikke vælge denne Vei; men endelig besluttede jeg dog det Sidste i Betragtning af, hvor tungt og vanskeligt det vilde være for En af saa ringe Stand at omdanne sig saa aldeles, hvor langvarig Tid og Møie Studiet i de gamle Sprog vilde udkræve, hvor megen Omsorg og Bekostning man vilde bebyrde sin Velgjører med, og endelig hvor stort Antallet er af dem, der have valgt denne Bane og vanskelig kunne faae nogen Ansættelse. Den Tanke svævede for mig at forsøge, hvor vidt man kunde bringe det i Kundskab uden at have studeret, at man desmere kunde virke til Almuens Oplysning, jo nærmere man stod den samme, og at man med Dannelse over sin Stand vilde være æret og anseet, men i det modsatte Tilfælde ikke. Overalt var det min Beslutning, at den Aandsdannelse, jeg kunde bekomme, skulde paa bedste Maade som muligt anvendes til Fordel for den Stand, som jeg tilhørte. Hos Herr Provst Thoresen opholdt jeg mig lidt mere end 2 Aar. I November 1835 kom jeg til Herr Capitain Daae paa Solnør som Privatlærer. Den Videnskab, som jeg har fundet mest interesserende, er Grammatiken. Allerede før jeg kom til Skoleholdet, beskjæftigede jeg mig med den, og den første Begyndelse dertil var følgende: En Corporal, som jeg var vel bekjendt med, havde været paa Underofficeerskolen i Bergen og havde der skre-

7 vet (eller afskrevet) et Udtog af Grammatiken, som han viste mig, og som, da det var forfattet i en meget simpel og tydelig Stiil, opvakte min Eftertanke. Siden laante jeg Hansens Grammatik i Modersmaalet og læste den mange Gange igjennem, hvorved jeg hver Gang kom til at forstaa Noget, som jeg ikke før havde forstaaet. Da jeg nu kom til Herr Provsten, som før omtalt, var denne Videnskab mig altid behageligst, og skjønt den latinske Grammatik ofte forekom mig saare tung og besværlig, erkjender jeg dog nu, at jeg har havt megen Fordeel af samme ogsaa i Henseende til Kundskaben om Modersmaalets Grammatik. I de første Aar af mit Ophold hos Capitain Daae fortsatte jeg nu paa egen Haand Forøgelsen af mine Sprogkundskaber, idet jeg læste Grammatiker og Læsebøger i Tydsk, Fransk og Engelsk. Man bør imidlertid ikke troe, at jeg har drevet det synderlig vidt i disse Sprog. Paa denne Tid opkom hos mig den Tanke, at jeg til et Forsøg vilde selvstændigen og paa egen Haand undersøge og behandle et Sprog. Dette Sprog var nemlig det, som jeg egentlig kunde kalde mit Modersmaal, og som jeg ikke fandt behandlet i nogen Grammatik. Jeg erindrede at have engang seet Hallagers norske Ordsamling, samt nogle mindre norske Ordsamlinger; men «hvorfor», tænkte jeg, «blive ikke de norske Dialekter behandlede ligesom andre Sprog? Hvorfor seer man ikke grammatikalske Undersøgelser eller Ordbøger, hvori Ordenes Former, Kjøn, Konjugation o. s. v. er anmærket? Ere ikke vore Dialekter, eller det gamle og ægte norske Sprog, værdige en grundigere Behandling?» «Et saadant Arbeide»,

8 Skrifter i Samling I tænkte jeg, «kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide.» Til Bestyrkelse søgte jeg nu ogsaa at erhverve Kundskab om det iislandske og svenske Sprog. Imidlertid optegnede jeg Alt, hvad der tjente til min Hensigt, og uddrog af mine Materialier først en grammatikalsk Oversigt, der er skreven i 1839, og senere en lidt fuldkomnere i 1841. Hvad jeg dernæst i de seneste Aar har meest beskjæftiget mig med, er Plantelæren. Fra første Tid af havde jeg stor Lyst til at kjende de systematiske Navne paa Søndmørs Dyr og Planter. Ved de Planter, som have et almindeligt Trivielnavn, fandt jeg i Strøms Søndm. Beskr. det Linneiske Slægtsnavn, hvilket fornøiede mig meget; men videre kom jeg imidlertid ikke, før da jeg i 1838 fik Hornemanns Plantelære i Hænder. Af Mangel paa andre Hjælpemidler især Tegninger, har jeg i senere Tid ganske opgivet dette Arbeide, især da jeg ikke kan drive det videre uden Bekostning, hvilken for Tiden aldrig vilde erstattes. Skisse af Dr. Gudbrand Welle.

DIKT

Ivar Aasens Manuskript til «Dei gamle fjelli»

FEM VISER (1843) FISKARVISE. Fiskarinn fær ut paa Sjøn, Seer paa Vikja, seer paa Bøn, Kur hann treffe kann best frampaa Leite. Itte Midaa hann rør, Aa te Botna kjenn ann før, Hann veit alle dei Skalla aa Veite. Tænkje paa dæ rike Hav, So so maangei Byrsle gav, Paa denn flødand aa fellande Lukke, Paa Rikdom aa paa Magt Aa paa Armod aa Foragt Aa paa dei, so ti hinne maa sukke. Lukkaa, ho æ Fiskja lik: Naar ho vil, bli Manninn rik, Naar ho vanta, forgjæves me stræve. D æ Synd ti denn so vil Læggje Mod aa Mandom til Aa hev inkje fyr Alt kva han græve. Sume felle Væra til, Dei faa Alting so dei vil, Kva dei ynskje, dæ verte dei give;

12 Skrifter i Samling I Dei ha maangeinn Hjelpesmann Aa dei sjøle hjelpe kann; Fyre Slik æ dæ Moro te live. Sum æ fødd i Fatigdom, Ælst op ti ett usselt Rom, Træla vekk sine friskaste Dage; Om einn Heim dei se faa, Vil dæ endaa meir staa paa; Dei faa altid sit Lass til aa drage. Slikt kann Ingjinn rette paa, So he gaatt aa so vil gaa Fraa dei fysste til seinaste Tide. D æ godt, at Einnkvann Vart einn lukkelege Mann, So kann Sume ha godt til aa lide. Denn, so æ mæ lite vand, Æ fornøgde mæ si Stand. Dær æ Von i ei viisle Bestyring. Naar Menneskjaa vil, Kann ho store Ting faa til; Dær æ Lagnad i Menneskjens Styring. Denn, so he denn rette Art, Æ fornøgde mæ sinn Part (Aa Fornøiels æ grumaste Tingjinn), Hann aavunda kje denn, So fekk Tvo, naar hann fekk Einn, Aa vanvyr ikkje denn, so fekk Ingjinn. Slikt aa meir hann tænkje paa, Mæ hann seer ut paa dæ Blaa, So i Djupa so maange Ting gjøime. Naar Mund æ forbi, Fær hann heim mæ sit Fiskri, Aa sit Vaas aa si Møde hann gløime.

13 VINSKAP. Einn Vin, so væl oss unne, Opregtig, holl aa stød, So me betru oss kunne I Gledskap aa i Nød: Denn Skat æ stor aa mykje vær, Ei Trøst, ett Hyggje kvar me fær; Naar me lid Tap aa Saknad, Daa tæ hann se dæ nær. Aa denn so, der han vaanka, Slett ingjinn Vin kann sjaa; Dær givst so maange Taanka, So hann maa teie paa. Hann frammand æ paa kvar einn Stad; Om hann æ sorgfull elde glad, Om hann so sekk eld flotna, Æ alle like glad. D æ tungt omkring te vandre Aa aldre sjaa se fri Aa lite paa dei Andre Aa tidt bedrejinn bli. Einn treffe vandt dæ rette Maat; Ett vanta, kur einn ber se aat, Aa Skam paa Bakje vaanka, So snart der ett æ aat. Aa Folk æ sume Stunde So vanskele forstaa: Dær Falskheit bur inn-unde Aa Finheit utta paa. Dei lokka all vaar Meining fram, Aa sida faa me Last aa Skam. Naar Finheit væl he vunne, Daa kjeme Fulheit fram.

14 Skrifter i Samling I Ja sæl æ denn so finne Einn Vin, so trufast æ; Naar hann hev ett isinne Hann daa Opmuntring fæ. Kvarandre dei so væl forstaa, Om einn lid Vondt, hann Trøst kann faa; Om einn fæ større Lukke, Vil hinn dæ gjerne sjaa. TENESTAA I PE-GARA. I Pegara tent e ett laangtrøitt Aar; Aa alle mi Trøst va denn ventandes Vaar So dærifraa skulde me frie. Dæ gjekk ti ett evigt Vaas og Tvag; So laang som ei Vike va kvar einn Dag, Aa Aare va længer eld tie. Aa stødt va dæ trautalt aa tungt aa stridt, Aa Helg aa Yrke va like fritt, Aa Nætinne væl vart nøitte; Aa aldre so haure du Nokinn let væl Om so du slæpte de mest ihæl. Dei log, naar du saaraste trøitte. At Kvilda va lita aa Slæpe va stort, At einn Ting vanta, kur væl dæ va gjort; Om Slikt inkj e endaa vil snakke; Men alle denn Skam aa dei skitne Or, So seint aa tileg om Øirinne foer. Mæ Slikt maatt einn Skjelm ta te Takke Aa var dær dæ Minste, so gale gjekk, Aa kom dær einn Ting i Gara vekk, Paa me dæ Skulda vart sleie.

15 Om Fant vilde plundre baa Huus og Gar, So slapp væl Fantinn, hviss hann va snar, Men Skulda paa me ha leie. Aa altid naar inkje dei sjøl me saag, Dei trudd e gjor inkje aa sat elde laag, Aa Fulora fauk so Neista; Kva sjøl e svarte, vyrd Ingjinn paa, E harmast tidt, naar e tenkj attpaa, Kva Skam aa Fortræd e he freista. Aa fem Ort i Løn e skulde faa; Dæ væste æ dæ, dei æ ofaadd endaa. Aa kanskje e længje fæ bide. Dæ Beste va dæ e slapp dærifraa, Aa annast e tæ me slik Teneste paa, Dæ vistnok længje skal lide. GIFTAR-TAANKA. Oftaa hev e tænkt aa grunda paa, san, Kveim so skulde vore best te faa, san: Sumt æ sært aa skryte, Sumt hev andre Lyte: Ei Forhindring stødt einn treffe paa, san. Dæ so va, san, Best aa ha, san, Slikt dæ fæ einn aldre noke ta, san. Sume nokk sitt Arbeid væl forstaa, san, Dueleg i alt so fodrast paa, san; Men dei skjenn aa kive, Inn paa alle klive, Ingjinn kann i Lag mæ dei bestaa, san. Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Kiv aa Strid æ inkje storaa bra, san.

16 Skrifter i Samling I Sume dei æ vakker nokk te sjaa, san, Naar dei mæ sinn Stas te Kjirkje gaa, san, Men i Heim aa Hytte Dei te Lite nytte, Skjøiteløisaa seest i kvar ei Kraa, san. Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Stas aa Armod æ kje storaa bra, san. Sume dei æ klok aa vakker mæ, san. Men der inkje Hjarte ti dei æ, san; Stødt dei se vil live, Stødt dei Andre drive, Stødt dei rekna, kva ein Anninn fæ, san Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Naudaheit æ inkje storaa bra, san. Sume, sku me sagt, va ganske bra, san, Naar dei kvar leet vere denn hann va, san, Men i Lag mæ Sinaa Stødt dei lær aat Hinaa Last aa Lyte dei aat Alle ha, san, Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Snakk paa Bakje æ kje storaa bra, san. Sume ha so blidt ett Ognelag, san, Du sku tru dei va ta beste Slag, san; Denn so kann utgrunde, Kva so bur innunde, Seer daa imsaa Falskheit aa Bedrag, san. Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Dylde Fulheit æ kje storaa bra, san.

17 Sume tekna se væl ganske rart, san, Alt te dess, at dei sin egne vart, san; Men daa fekk dæ Ende, Nok om senn dei vende Dei so fekk dei væl olyste vart, san. Slikt dæ va, san, Leidt aa ha, san, Slikt einn just kann verte narra ta, san. Sume dærimot seer ut te di, san, At dei altid stød aa go vil bli, san, Dei ha Vit aa Dyde, Alt so Folk kann pryde, Ingja Stoltheit, inkje Hyklerie, san. Slikt dæ va, san, Godt aa ha, san, Slikt dæ fæ einn aldre noke ta, san. TAUSAKJÆRINGS-VISE. Aa no vil Ingjinn ha me; Kvar skal dæ verte ta me, Naar Aldrinn hann slær paa? Ja, no æ Ungdomstida Forbigaadd laange sida, Dæ kann e væl forstaa. Dæ alt for snart fekk Ende; Dæ alt for sjøldaa hænde, At Nokinn til me kom. E fatig va aa skryta, Aa dærfyr vart e lyta Ta dei, e syntest om. Aa e va oksaa daarle (Dæ seer e no skynbaarle ) E alt for vande va.

18 Skrifter i Samling I E va for lite om me, Aa Andre gjekk fram om me, Aa fekk dæ e sku ha. E tænkte: Lat dæ drage, Dæ kann se endaa lage Ei Von, so beire bli. E tænkte: Lat dei vandre; La gaa; dæ bydst vel andre; Men sjaa, dæ gjekk forbi! No læst dei aldre sjaa me, No stygst dei Alle fraa me; Dæ kann e væl forstaa. Mæ Andre æ dei fine, Aat me dei bærre grine Dæ kann e dagle sjaa. Uta Jamlikaa minaa Dæ live kvar mæ Sinaa, Fornøieleg aa snildt. Naar e seer slik ei Lukke, Daa maa e lønle sukke: «Alt Slikt he du forspilt!» No maa e flytt aa vandre Aa slæpe aat dei Andre Aa lite vyrde bli. Kvar skal e Heimstad finne, Naar inkje meir e vinne, Naar Magta æ forbi? Men aldre skal e syte, Dæ veist, naar Magta tryte. E trøste skal me sjøl. Hann slepp Besværlegheita, So sakna Herlegheita. E trøste skal me sjøl.

SYMRA (3. utg. 1875) FYRESTEV. So ymse Folk eg kjenner til, som hava Hug til aa kveda; og faa dei nokot, som høva vil, so hava dei rett si Gleda. Men strengt um Stevet døma dei, og Fusk er faafengt aa bjoda; til klena Visor dei segja Nei, dei ropa berre paa goda. «Kom med Visor, og helst av deim, som kvika og inkje krenkja; slikt som høver vaar eigen Heim, og slikt som me sjølve tenkja.» «Den, som laag og liten er og tidt med Spottord stungen, han lettnar, naar han høyra fær sin eigen Tanke sungen.» «Kom med nokot, som vekkjer Mod, D er nog av Tvang og Trengsla. Ei liti Hjelp var fulla god, naar Hugen stend i Stengsla.»

20 Skrifter i Samling I Heppen var den, som hadde Dug, til slike Vers aa kveda, at dei, som høyrde, fekk same Hug og kjende same Gleda. Heppen den, som var so hæv, at slik ei Gaava han aatte og kunde gjera so gilde Stev, at Folket læra deim maatte. Eg heve freistat so einkvar Gong, um sjølv eg Stev kunde gjera; men sjeldan fekk eg so min Song, som helst han skulde vera. Difyre legg eg so litet fram; eg vil ikkje Tidi spilla. Det skal ikkje verda so lang ein Glam: eg vil berre Harpa stilla. Symra teiknar til Sumars Bil; um Vaaren tidla ho blømer; men fleire Blomar maa koma til, naar Kulden or Markom rømer. GAMLE NORIG. Gamle Norig, nørdst i Grendom, er vaart eiget Ættarland. Der er Hav, som heilt aat Endom leikar um den lange Strand; Der er Vikar og Votn og Øyar, tusund Fjordar og tusund Fjell, Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar, Dalar, der Fossen, diger fell.

21 Leid er vel den lange Vetter, endaa grøn vaar Granskog stend, og naar Lauv i Lidom spretter, fagre Liter fær vaar Grend. Store Dagar og stutta Næter lida lett um den ljose Jord; Strand og Fjord og Fjell og Sæter skiner av Sol fraa Sud og Nord. Born av deim, som bygde Landet, er paa Tuftom endaa til; Garden stend i gamle Standet, bygd og bøtt som Bonden vil. Van til Møda, meir en til Kjæla, leikar Lyden paa Land og Sjo. Giv han sitje med Sømd og Sæla trutt paa Tuftom i Trygd og Ro! NORDMANNEN. Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv heve Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa deim. Han saag ut paa dei steinutte Strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss Grender, og so eiga me Rudningen trygt.» Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa; men der leikade Fisk ned i Kavet, og den Leiken den vilde han sjaa. Fram paa Vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare Land!

22 Skrifter i Samling I Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte, fekk han Hug til si heimlege Strand. Og naar Liderna grønka som Hagar, naar det laver av Blomar paa Straa, og naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa. DEI GAMLE FJELLI. Dei gamle Fjell i Syningom er alltid eins aa sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa. I Bygdom byggja Sveinarne, og Huset stender laust; men dei gamle Merkesteinarne dei standa lika traust. Paa Fjellom er det leikande aa ganga til og fraa og kring um Toppen reikande so vidt um Land aa sjaa: til Havet kring um Strenderna med Skip som Fuglar smaa, og til Fjelli kring um Grenderna med tusund Bakkar blaa. Der er so mange Hendingar i Bygdom komne til; me sjaa so mange Vendingar alt paa eit litet Bil. Dei hava snutt um Vollarne og flutt og rudt og bygt; men dei gode gamle Kollarne dei standa lika trygt.

23 So stod dei gjenom Tiderna, vel mange tusund Aar; og Graset voks um Liderna, og Lauvet kom kvar Vaar; og Vinden tok um Topparne og Vatnet tok um Fot; men dei gilde gamle Kropparne dei toko traust i mot. Av Hav kom Sjomann sigande og lengtad etter Land, daa saag han Fjelli stigande og kjendest ved si Strand. Daa kom det Mod i Gutarne, som saag sin Fødestad. Ja dei gode gamle Nutarne dei gjera Hugen glad. HEIMVEGEN. I Heimen der hyggjer seg Barnet best til Heimen vil Ungdomen stunda, og Mannen, som sviver i Aust og Vest, vil helder paa Heimferdi skunda. Um Landet var bratt, og steinutt og svadt, og Mødor i Vegen var manga, paa Heimvegen gjekk det daa helder radt, og Milerna vardt ikkje langa. Mauren kryp aldri so vidt i Kring, han leitar ei uppatter Tuva, og Mannen løyp inkje so lang ein Sving, han lengtar ei heim til si Gruva. Um og han var glad i framande Stad, so vil ikkje Hugen seg festa, og Heimen med Haugar og Stein og Svad, han verder daa kjærast aa gjesta.

24 Skrifter i Samling I Ja heime der baka dei Braudet best, og vænaste klippa dei Klædi, der hava dei Klangen i Maalet mest og vænaste kveda dei Kvædi. Der ser du ein Dag med ljosare Lag, og Skog med eit mildare Skygge; og raamar so Sorgi deg der med eit Slag, so finner du endaa eit Hygge. GAMLE GRENDI. Tidt eg minnest ein gamall Gard med store Tre og Runnar. Vollar, Bakkar og Berg og Skard og Blomster paa grøne Grunnar. Der eg hadde meg so godt eit Rom: Hus og Mark med baade Bær og Blom, alt eg nøytte som ein Eigedom med baade Lut og Lunnar. Der var Dalar og Lider nog, der Lur og Bjøllor klungo; Der var Ruster og fager Skog, der tusund Fuglar sungo. Tett med Stova stod ei Bjørk so breid, der hadde Skjorerna sitt gamle Reid, Staren song i kvar ein Topp, som beid, og Erlor i Tunet sprungo. Heime var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg vilde, i kvart Hus i den heile Grend, um endaa Folket kvilde. Der var Kjenningar i kvar ei Kraa, og naar eg ukjende Folk fekk sjaa, spurde eg radt, kvar dei var ifraa, og d e i var lika milde.

25 Var det nokon, som der leid vondt og vardt fyre Tap og Spilla, braadt det spurdest um Bygdi rundt, og alle tykte, det var illa. Ofta minnest eg mi gamle Grend, naar eg framand uti Verdi stend, heimlaus, frendelaus og litet kjend, og likar paa Leiken illa. VAARDAGEN. Upp av Krakken! Sumarsoli skin i grøne Bakken; Jordi heve fenget Helgar-Plagget paa, Skogen stend i Lauv so lysteleg aa sjaa. Livet lettnar, Vollen turkar seg, og Vegen slettnar. Varma Guster leda Lauvet paa dei grøne Ruster. Nyst var Regn, og Jordi fekk sitt milde Bad, reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit Blad; Toppen sprikjer, Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer. Inn um Glaset fær eg Angen av det grøne Graset. Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft; alt for lenge sat eg inne som ein Fugl i Stenge. Kvar ein kagar, alltid nokot nytt seg uppedagar. Nye Blomar spretta fram paa alle Rom; lette Fivreld yppa seg fraa Blom til Blom.

26 Skrifter i Samling I Fuglar sviva upp med Song og rundt um Rusti driva. Kvar ein lyder, Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder. Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring: Vegen er so full av fagnadsame Ting. Langa Stunder treng eg til aa sjaa paa desse Funder. SUMARKVELDEN. Velkomen atter hit til vaara Grender, velkomen her, du sæle Sumarkveld, med Lauv og Gras ut yver alla Strender og gule Blomar i den grøne Feld, med lette Smaasky, lagd i langa Render som Traadar i det høge Himmel-Tjeld, og med den milde Ljosken, som seg breider ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider. Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar for ljos til Natt og mesta dim til Dag. Dei stille Votni standa blaa som Brunnar, og Fossar syna seg i kvite Drag. Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar; det ljoskar i dei blakke Bygdalag. Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen og blikar mildt i Doggi yver Moen. Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar imillom Lauvet i den tette Lund. Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar rett som ein Flekk um Roti, lett og rund. Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar, i denne kvildarrike Nattarstund. Den snøgge Fuglen kurer trøytt av Dagen, og rosutt Fivreld roar seg i Hagen.

27 Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken, den fyrste kjem snart or den laage Grop; ein Dag er tendrad, fyrr en hin er slokken, og Kveld og Morgon renna heilt i Hop. Snart vaknar upp den kvilde Fugleflokken og helsar Morgonen med Glede-Rop. So riser Soli til den lange Svingen og set ein annan Lit paa heile Kringen. Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider, og minnast, at ho skrider ofsa fort. Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider, eit Stig mot myrke Vetteren er gjort. Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider, er fallen av; og slikt eit Fall er stort. Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar, og nøyta Sumar n, fyrr eg honom saknar. HAUSTVISA. Sumaren kverv og snur seg burt; Dag etter Dag han ut or Synom siger. Graset vil verda styrdt og turt. Ljoset vil minka; Myrkret stiger. Dagen er stutt, Og Natti lang; so er no Aarsens gamle Gang. Lysande gult er Lauvet litt. Heppelegt Liv, som fær so fager Daude! Skogen er trøytt av Plagget sitt; ymise Toppar standa snaude. Losnat av Kvistom eitt og eitt ligg yver Jordi Lauvet breidt. Snart er den ljose Bjørki snaud; snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna.

28 Skrifter i Samling I Hagen er tom, og Engi aud, Røterna standa i Jordi frosna. Men yver Jordi, aud og tom, ligger det Fræ til Gras og Blom. Vetteren kjemer kald og streng; sæl er no den, som kann i Husom hyggjast. Gleda flyr ifraa Mark og Eng, Fuglarne burt or Bygdom styggjast, men sine Reid ifraa sidste Vaar vitja dei vist eit annat Aar. Endaa me vilja paa Landet sjaa, helst naar me faa ein liten Glytt av Soli. Eingong me fegre Dagar faa, helst naar det lider fram um Joli. Og etter all den lange Kvild kjemer vel Vaaren, ljos og mild. HUGEN. Hugen fer so vida millom Von og Kvida. Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt, myket kjemer stort, og verder sidan smaatt. Hugen fer so vida. Hugen fer som Daaren, drøymer stødt um Faaren. Fram i Vegen, trur eg, er ein Bakke bratt; naar eg kjemer der, so er det berre flatt. Hugen fer so vida. Hugen fer som Draumen att og fram i Straumen. Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;