Jnr. 1071.16 EH/rr Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen Uttale skulebruksplan Samandrag og konklusjon: Samarbeidsrådet for Sunnhordland har forståing for at Hordaland fylkeskommune vurderer skule og tilbodsstrukturen med jamne mellomrom, både ut frå økonomiske og skulefaglege perspektiv og vurderingar. Samarbeidsrådet meiner likevel at planen legg for stor vekt på sentralisering og har ikkje noko med om verdien av ein desentralisert skulestruktur. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil peike på at dei tilrådde endringane utfordrar viktige føremon som dagens skulestruktur har, blant anna med omsyn til nærleiken mellom dei vidaregåande skulane, og næringsliv og arbeidsmarknad. Det er også viktig å understreke at sunnhordlandsdistriktet berre har eit fåtal vidaregåande skular og at desse, på mange parametre, er svært velfungerande og gode skular. Ei sentralisering vil kunna påverka busetjingsmønster og elevane si tilknyting til heimstaden. Ikkje minst den gode tilknytinga ein i dag har til lokalt arbeidsliv. Dette vil igjen kunna påverka framtidige val av arbeidsplassar. Ei slik sentralisering vil og føra til auka transportbehov og gå ut over elevane sine fritidsaktivitetar. Føremon ved nedlegging blir gjort greie for i framlegg til ny skulebruksplan, men det er ein veikskap ved framlegget at ikkje viktige ulemper ved nedlegging og samanslåing av skular i distrikta er vurdert. Planen har for liten vekt på kva som skal til for å skapa ein god skule og eit godt tilbod til elevane, når den ikkje inneheld kriterier som kvalitet, trivnad, fullføring/gjennomføringsgrad og læring. Nedlegging av Fitjar, Rubbestadneset og Etne vidaregåande skular er eit omfattande og stort grep for regionen, som Samarbeidsrådet ikkje kan gje si tilslutning til. Det vil få store konsekvensar for elevar, kompetansearbeidsplassar og lokalsamfunn, som vil svekka enkelte kommunar spesielt og regionen generelt. Skulane som er føreslått nedlagde, leverer godt på læringsutbyte og fullføring. Dei føl opp Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
elevane tett, scorar høgt på trivsel, elevane unngår i stor grad å flytta på hybel dersom dei ikkje ynskjer det. Dei har nær og god kontakt med næringsliv og lokalsamfunn, og framhevar dette som viktig for å skapa dei gode resultata som skulane kan visa til. Samarbeidsrådet kan ikkje stille seg bak nedlegging av Fitjar vidaregåande skule, og meiner at Fitjar bør styrkast med utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur (KDA), som ikkje finst i regionen i dag. Samarbeidsrådet kan støtta at det vert vurdert vidare om oppbygging av ein vidaregåande skule på Bømlo er tenleg, - føresett det same tilbodet som i dag, slik vedtaket i Fylkestinget 13. mars 2013 legg opp til. Samarbeidsrådet kan støtta at prosessen mellom Etne og Ølen vidaregåande skular, med etablering av ei felles leiing, vert tatt opp att og fullført, utan nedlegging av skulen i Etne. Etne og Ølen vil då til saman ha om lag 460 elevar, utan nye investeringar i bygningar. Ein samanslått skule Ølen/Etne vil gje tilbod om 5 yrkesfaglege utdanningsvegar og 2 ulike studietilbod som gjev studiespesialisering. I tillegg vil det bli gjeve tilbod om påbygging til generell studiekompetanse og påbygg 23 for elevar med fagbrev. Det vil gje eit godt tilbod til elevane i Sunnhordlandsregionen, gje god utnytting av investeringar som er gjort, oppretthalde kompetansearbeidsplassar i distriktet, styrka regionen, kommunane og lokalsamfunna. Samarbeidsrådet vil peika på at det er vanskeleg å sjå kor overkapasiteten av elevplasser i Sunnhordland kjem frå. Skriv den seg frå forslag og vedtak som vart gjort i 2012, og som ikkje er gjennomført, eller er det ein reell overkapasitet på dei skulane som vert drivne i Sunnhordland i dag? Det må også i framtida budsjetterast med ein viss overkapasitet av skuleplassar, dersom ein ynskjer at flest mogleg elevar skal få 1. valet sitt og gå på nærskulen sin. Dette er også viktige element for å unngå fråfall. Kort samandrag av hovudgrepa i planen Hordaland fylkeskommune vil gjennom forslag til skulestruktur i 2030 sikre eit breitt tilbod i heile fylket. I fylkesrådmannens innstilling er det særleg lagt vekt på regional senterstruktur, reisetid for elevane og skulens storleik. I tilnærminga er det lagt vekt på at det er ein vidaregåande skule i alle regionsenter. Skulane er søkt lokalisert slik at færrast mogleg elevar får ei reisetid på over 1 time til eit offentleg skuletilbod. Skulebruksplanen skal leggja grunnlaget for det vidaregåande skuletilbodet som Hordaland vil ha behov for i åra framover. Ein vil måtta gjera strukturgrep som får innverknad på tilbodet slik det er i dag. I dette arbeidet vil Hordaland fylkeskommune byggja vidare på dei erfaringane ein har gjort med strukturendringane som er gjennomført etter at skulebruksplanen 2012-2025 vart vedteken, og ein vil sikre gode omstillingsprosessar. Med dagens vedtekne plan for skulestruktur er det 16 prosent overkapasitet i Hordaland. I ny tilrådd skulestruktur er overkapasiteten 5 prosent. Til grunn for rulleringa ligg kriterielista som vart utarbeidd i samband med Skulebruksplanen 2012. I vurdering av alternative skulestrukturar vil ulike kriterium vektleggjast som utgangspunkt for modellane. Kriterier for vurdering av skulestruktur i vidaregåande opplæring er: lokalisering - regionsenter, reisetid og avstand, skulestorleik, fagtidbod og fagmiljø, økonomi.
Kommunane i Sunnhordland er i planen plassert i desse regionane: Region Sunnhordland: Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes Region Etne/Sveio: Etne, Sveio og Vindafjord Region Kvinnherad: Kvinnherad Region Bergen Sør: Austevoll Hordaland fylkeskommune presenterer i planen to alternativ for framtidig skule- og tilbodsstruktur: Alternativ 0 er basert på gjeldande vedtak i fylkestinget om endringar som skal gjennomførast i tråd med Skulebruksplan 2012 2025. Med dette alternativet vert talet på skular redusert frå 43 til 34 skular innan 2025. Gjennomsnittleg skulestorleik i 2015/16 er 386 elevar. Basert på reduksjon i talet på skular og forventa elevtalsauke, vil gjennomsnittleg skulestorleik skuleåret 2030/31 vere 569 elevar med alternativ 0. Hovudendring for region Sunnhordland i alternativ 0 er at Bømlo vidaregåande og Rubbestadnes vidaregåande skule vert slått saman til ein skule på Rubbestadneset (Jf-sak PS 1/13). Alternativ 1, revidert skulestruktur. Med dette alternativet tek ein utgangspunktet i gjeldande skulebruksplan og nye vedtak som har hatt verknad på strukturen etter denne vart vedteken. Hovudmålet i arbeidet har vore å utarbeide eit rullert forslag til skulestruktur i 2030. I rulleringa er det tatt omsyn til endringar i føresetnadane for skule- og tilbodsstrukturen, og alternativ 1 viser ein struktur som har til føremål å svare på utfordringane. Med alternativ 1 vert talet på vidaregåande skular redusert frå 34 (alternativ 0) til 29. Nedlegging av skular fører i seg sjølv ikkje til at utdanningstilbod vert flytta ut frå regionen. Jamfør kriteriet om å oppretthalde eit breitt tilbod i alle regionane. I høyringsforlaget til Skulebruksplan 2017 2030 frå Hordaland fylkeskommune vert det hevda at elevgrunnlaget ikkje er stort nok til å vidareføre 4 skular i Sunnhordland regionen. Vedtatt dimensjonering for Bømlo/Rubbestadnes vidaregåande, Fitjar vidaregåande og Stord vidaregåande vil i 2030 gje ein overkapasitet på meir enn 320 elevar. Det er behov for omfattande rehabilitering av skulebygga på Rubbestadneset, Fitjar og Stord Vabakken. Avstanden mellom skulane er ikkje større enn at enkelte tilbod må kunne sjåast i samanheng og samlokaliserast. Hovudendring for region Sunnhordland i alternativ 1 er at Rubbestadneset vidaregåande og Fitjar vidaregåande skule vert lagt ned. Tilboda vert flytta til Stord vidaregåande skule. Bømlo vidaregåande skule, som i PS 1/13 vart slått saman med Rubbestadneset vidaregåande skule på Rubbestadneset, vert vidareført. Skulebygga i Fitjar og Rubbestadneset vert selt to år før avvikling av skulane i 2022. Hovudendring for region Etne/Sveio/Vindafjord i alternativ 1 at Etne vidaregåande skule vert lagt ned i 2017 og elvane får tilbod ved andre skular. Samarbeid med Rogaland fylke vert vidareført. Prosess
for vurdering av mogleg felles framtidig skule for Vindafjord og Etne vert vidareført. Etne kommune tiltrer gjenkjøpsavtalen med Hordaland fylkeskommune og løyser ut seksjonen i Skakkesenteret i 2023 og bygg på Tesdal vert selt i 2017. Det er ikkje føreslått endringar for Austevoll vidaregåande skule. For Kvinnherad vidaregåande skule er det venta nedgang i elevtalet dei kommande åra. Det vert føreslått at RM-tilbodet ved skulen vert lagt ned. Samarbeidsrådet i Sunnhordland har følgjande merknader og kommentarar til planen: Kriteriene som er nytta i planen er dei same som i 2012. Det er særleg vektlagt regional senterstruktur, reisetid for elevane og skulens storleik. I tillegg er det lagt opp til mest mogleg like og føreseieleg investeringar i perioden, samt effektiv drift for å henta budsjettmessige gevinstar framover. Estimerte gevinstane av effektiv drift er lite dokumentert i planen og såleis vanskeleg å kommentera. Kriteriene i planen støttar opp under sentralisering av tilbodet og skulestrukturen. Nedlegging av Fitjar og Rubbestadneset vidaregåande skular og overføringa av tilboda til Stord vidaregåande skule, vil ha store konsekvensar for elevar, tilsette, næringsliv, lokalsamfunn (kompetansearbeidsplassar), kommunar og region. Det er stor fare for at det er dei elevane som har trong for tettast oppfølging for å unngå fråfall, som er mest sårbare i ein slike situasjon. Tett kontakt og godt samarbeid med lokalt næringsliv vert av skulane peika på som viktig for fullføring. Stord vidaregåande skule vil også etter ei slik omlegging ha over 1300 elevar, som er høgare enn maksimumsnorma (1200 elevar) som fylkeskommunen har sett for skulane i fylket. Nedlegging av Etne vidaregåande vil ha dei same konsekvensane. Med opninga av fritt skuleval i distriktet har Etne vidaregåande skule opplevd ein auke i søkarar frå Rogaland. Dette syner at elevar på begge sider av fylkesgrensa ønsker å gå på dei utdanningstilboda som Etne gjev per i dag. Prognosetala for 2016/17 viser i tillegg, at auken i søkarar frå både Vindafjord og Etne til Etne vidaregåande skule berre held fram. Om Etne vidaregåande skule vert lagt ned vil Hordaland fylkeskommune måtte kjøpe omlag 60 elevplassar per årstrinn frå Rogaland. Om ein set stykkprisen til 110.000 for ca 180 elevar per år (gjennomsnitt i eit femten-års perspektiv) vil dette utgjere ca 19 mill per år. I tillegg vil Hordaland fylkeskommune miste inntekter i høve kjøp av skuleplassar frå Rogaland i Etne. Samarbeidsrådet vil peika på at planen har for liten vekt på kva som skal til for å skapa ein god skule og eit godt tilbod til elevane, når den ikkje inneheld og vektlegg kriterier som kvalitet, trivnad, fullføring/gjennomføringsgrad og læring. I fylkeskommunen sitt styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane står det: «Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret 2016 2018 er: auka læringsutbyte og fullføring». Alle tre skulane i Sunnhordland som er føreslått nedlagde, scorar høgt på elevundersøkingar (skulemiljø og trivnad), gjennomføringsgrad (fullført og bestått), få som sluttar og arbeidsmiljø blant
dei tilsette. Rubbestadneset er også i 2016 kåra til landets beste vidaregåande skule. Dette er sterke bidrag til å nå hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland. Sunnhordland er ein region med variert næringsliv med ein sterk industri, og yrkesfaga er sterkt knytt til eksisterande industri. Næringslivet konkurrerer internasjonalt, og yrkesfaga har ein høgare status her enn mange stader det er naturleg å samanlikna seg med. Regionen ynskjer å oppretthalda denne kompetansen, og det må difor leggast til rette for at skuletilboda finnes i regionen. Elevane må sleppa å reisa ut for å få kompetanse. Nær og god kontakt med næringsliv og lokalsamfunn, vert framheva som viktig for å skapa dei gode resultata som skulane kan visa til. Nedlegging av arbeidsplassar og rekrutteringa som skulane gir til bl.a. omsorgsyrka vil føra til store negative synergieffektar lokalt. Samarbeidsrådet meiner at det er naturleg at det må kosta meir å driva skule i Sunnhordland enn i Bergen og Rogaland, som i langt sterkare grad har konsentrerte bustadstrukturar og utbygde kollektivtilbod. Overkapasiteten er rekna til 16% i dagens vedtekne struktur og elevplassar. Mykje av overkapasiteten er knytt til Bergensområdet (sentrum) og Voss, også etter forslaget i alternativ 1. Etablering av privatskular i Bergensområdet er med å bygga opp denne overkapasiteten. Det er også rekna overkapasitet i Sunnhordland (Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes). Samarbeidsrådet vil peika på at det er vanskeleg å sjå kor overkapasiteten i Sunnhordland i 2029/2030 kjem frå. Skriv den seg frå forslag og vedtak som vart gjort i 2012, og som ikkje er gjennomført, eller er det ein reell overkapasitet av elevplasser på dei skulane som vert drivne i Sunnhordland i dag? Dette kjem ikkje klart fram i høyringsforslaget. Det ville kanskje vore lettare å sjå utslaget av endringane, dersom planen hadde presentert ei oppstilling med endringane frå dagens struktur, utan å gå vegen om eit 0- alternativ, der tiltaka ikkje er gjennomførte. Særleg gjeld dette endringane ved Bømlo/Rubbestadneset, Fitjar, Stord og Kvinnherad vidaregåande skular, sett opp mot elevtalsprognosane i dei same regionane. Skal elevane få 1. valet sitt og tilbod om plass på nærskulen sin, må det alltid budsjetterast med ein viss overkapasitet. Dette er 2 element som er viktig for å hindra fråfall i den vidaregåande skulen. Fråfall kan kosta samfunnet store summar, som ikkje kjem til uttrykk på skulebudsjetta. Ein elev som droppar ut av skulen kostar samfunnet minst 15 mill kr i løpet av eit yrkesliv, dersom vedkommande ikkje kjem ut i arbeidslivet. Samarbeidsrådet meiner at overkapasitet på elevplassar kan regulerast utan å leggja ned skular. Slik planlegg skulane også i dag. Nedlegging av Etne vidaregåande skule allereie i 2017 strir mot det som står i skulebruksplanen 2017-2030: Det er viktig å understreke at innføring av dei føreslegne endringane vil måtte skje gradvis over mange år. Endringar i elevtal og omfang av ulike fagtilbod skjer gradvis. Før skular kan leggast ned og fagtilbod kan flyttast eller samlast må mottaksskulane ha tilstrekkeleg plass og god tilrettelegging. Planen peikar på at det er behov for omfattande rehabilitering av bygningar på Rubbestadneset, Fitjar og Stord Vabakken. Stord vidaregåande skule treng ytterlegare bygningsmessige tiltak for å ta imot utdanningsprogramma frå Fitjar.
Ved Etne vidaregåande skule eig fylkeskommunen ein seksjon i Skakkesenteret, som var ny i 2012. Lokala for avdelinga på Tesdal er også i god stand og tilfredsstiller krav til funksjonsdugleik som skulelokale. Fitjar vidaregåande skule gjev uttrykk for at det som står i planen om at «Hovudbygget er i relativt dårleg stand», ikkje stemmer. Skulen har utbetra hovudbygget for mange millionar av eigne midlar dei siste åra, og har vidare planar om ytterlegare utbetringar framover, noko som gjer at lokala har god funksjonsdugleik. Det er ikkje trong for store investeringar. Skulen leiger ikkje lokale i Sentrumsgården, slik det går fram av planen. Det må investerast i skulebygningar på Bømlo for å gjennomføra vedtaket frå 2013, med ein skule på Rubbestadneset. Det same trengs, dersom samlokalisering skjer ved Bømlo vidaregåande skule. Investeringar trengs også ved Stord vidaregåande skule om Fitjar og Rubbestadneset vert lagt ned og tilboda flytta til Stord. Storleiken av investeringane går ikkje fram av dokumenta, og er vanskeleg å kommentera. Samarbeidsrådet vil elles streka under og støtta opp om at det er viktig at tilboda ved Austevoll og Kvinnherad vidaregåande skular i stor grad vert føreslått vidareført som i dag. I likskap med dei andre skulane i Sunnhordland er det også ved desse skulane eit velutvikla og godt samarbeid mellom kunnskapsinstitusjonane, og næringslivet. Sunnhordland, 9. juni 2016 Peder Sjo Slettebø styreleiar Elling Hetland fung dagleg leiar Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift.