RAPPORT. Tusenårsprosjektet på Stødle. Etne kommune Tlf. 53 75 80 00 - Faks 53 75 80 01



Like dokumenter
RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Til deg som bur i fosterheim år

Områdefreding Stødleterrassen

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Forslag frå fylkesrådmannen

Kulturhistorisk synfaring. Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Juvet Landskapshotell

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Brukarrettleiing E-post lesar

Forord Samandrag Bakgrunn og formål med undersøkinga Området... 7

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Samansette tekster og Sjanger og stil

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

BEVARINGSPROGRAM FOR UTVALGTE ARKEOLOGISKE KULTURMINNER

Referat frå MINTA møte

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

VEDTEKT av februar 2007

Mongstad sør, Statoil industriområde

Tilskot til kulturminne i Hordaland 2017

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Transkript:

RAPPORT Prosjekt: Tittel: Fagområde: Kommentar: Oppdragsgiver: Ref. oppdragsgiver: Utarbeidet av: Oppdragsansvarlig: Saksbehandlere: Etne Sogelag Tusenårsprosjektet på Stødle Plan & utredning Forprosjekt Etne Sogelag Etne kommune Tlf. 53 75 80 00 - Faks 53 75 80 01 Magnus Saltnes Asplan Viak Bergen a.s Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen Tlf.: 55 59 67 00 - Faks: 55 59 67 50 E-post: bergen@asplanviak.no Internett: www.asplanviak.no Knut Hellås Trude Langedal, medarbeider Revisjon nr: Sidekontrollert av: Sluttkontrollert av: KH Godkjent av: Prosjektnr.: 300845 Heftenr.: 0101 Dokument nr: Lagret rap300845 01.doc Sist lagret: 15.08.2003 Sist lagret av: Trude Langedal Etne kommune ligg inst i Sunnhordland; ein times kjøring frå Haugesund. Kommunen har om lag 4.000 innbyggjarar. Om lag halvparten av desse bur i og rundt kommunesenteret Etnesjøen. Etne er ei utprega jordbruksbygd. Andre viktige næringsgreiner er småindustri, turisme, service og offentleg tenesteproduksjon. Etne er for mange kjent som kongebygda som huser den årlege Etnemarknaden. Når det gjeld kulturhistorie vert Etne rekna blant dei mest innhaldsrike bygdene på Vestlandet. Her finns fleire gamle kyrkjer, helleristningar, bygdeborgar, bygdetun, gravfelt og postveg innan få kilometers avstand. Sist skrevet ut: 15.08.03

FORORD STØDLE - heilagstad og hovdingsete Hovdingætta på Stødle kjem sentralt inn i rikssoga kring midten av 1100-talet. I dette perspektivet kunne Stødle ha vore tusenårsstad for heile fylket. På denne tida ligg det ei lang historisk utvikling bak busetnaden i dei grøderike bygdelaga ved Etnefjorden. Jorda gav økonomisk rikdom og politisk makt, og gjennom steinalder og bronsealder veks bygder og lokalsamfunn fram. I jernalderens jordbrukslandsbyar har bondesamfunnet fått si form, og i hundreåra etter Kristi fødsel kan vi sjå korleis landskapa på den skandinaviske sørvestkysten er organiserte i hovdingdømme med handelssamkvem og kulturell kontakt mot det europeiske kontinentet og øyriket i vest. Nokre av ristningane på Helgaberg, det heilage berget som hevar seg over jordbruksterrassen på Stødle med sine sermerkte ringfigurar, vitnar om impulsar frå Irland og Skottland heilt attende til steinalderen. Det var dei store hovdinggardane som vart maktbasen for den nye kongemakta etter rikssamlinga mot slutten av 800-talet, tufta på vekslande alliansar med sterke slekter og kongens lendmenn. Det var også på storgardane dei første kyrkjene vart bygde i misjonstida på 1000-talet, og Kristkyrkja på Stødle vart truleg reist kring 1160, som høgendeskyrkje for den mektige Stødleætta. Og som ei lang linje gjennom busetnadssoga og byggverka i desse hundreåra fram til mellomalderen, gjennom folkevandringstid, merovingertid og vikingtid, kan vi følgja bustadhuset og livet kring den opne eldstaden, i det stavbygde langhuset med folk og fe under same tak, og med hovdinghallen midt i huset; midtpunktet for samlingar og mange gjeremål. Kring langelden i jernalderens langhus og åren i mellomalderens røykstover var samværet i lyset av den opne elden ein naturleg del av dagleglivet, festane, høgtidene og slektssamlingane. Her vart alt som skulle berast i minnet ført fram for nye slekter, her var det eit sosialt samliv mellom gamle og unge, og i eit samfunn utan bøker måtte den munnlege forteljartradisjonen haldast i hevd. Denne omhugsame formidlinga av bodskap og minneverdig innhald i kvardagen skapte ein ordkunst i det gamle samfunnet, ein forteljartradisjon som har levt vidare i dei folkelege kulturformene. Tanken om å styrkja denne gløymde forteljartradisjonen, å gje det levande ordet eit større rom, er ein sentral del av tusenårsprosjektet i Etne. Det kan skapa perspektiv på historia, kunnskap om dei gløymde kunstene og nærleik mellom generasjonane. Det er ein god bodskap til vår digitale samtid. Nils Georg Brekke Rap300845 01.doc 1

NASJONALE KULTURMINNEINTERESSER STØDLE / SØRHEIMTERRASSEN. Offisiell skildring og vurdering av kulturhistorie og kulturminne. Utdrag frå Riksantikvaren si fråsegn til reguleringsplan for massetak på Sørheim, 31.01.2001. KULTURHISTORISK SKILDRING: Stødle/Sørheimterrassen ligg som ein karakteristisk og synleg landskapsformasjon sentralt i Etnebygda, og representerer eit svært verdifullt kulturminneområde både med omsyn til kulturminne og kulturlandskap. Den flate sjølvdrenerande grusterrassen har skapt spesielt gode vilkår for busetnad og aktivitet opp gjennom historia, og her fins spesielt rike førekomstar av kulturminne frå førhistorisk tid og mellomalder saman med noko av det mest moderne jordbruket i landet. Etne reknast som ei av dei rikaste jordbruksbygdene på Vestlandet, og dagens moderne drift representerer ein kontinuitet som kan førast attende til jordbruket frå eldre bronsealder. Gravhaugar, enkeltbygg, tun- og gardsstruktur, vegfar og eigedomsgrenser er nokre av dei elementa som gjer det mogeleg å lesa kontinuiteten frå dei eldste driftsformer fram til vår tid. Terrassen er i dag delt mellom gardane Stødle, Sørheim og Austrheim. Stødle var setegard og odelsgard til den kjende middelalderske stormannsslekta i Etne. Den omfattar mellom anna historiske personar som Erling Skakke og Kong Magnus Erlingsson som båe har budd på Stødle. Slekta og garden har spelt ei stor rolle i norsk rikshistorie i andre halvdel av 1100-talet, og Stødle reknast i mellomalderen som den 4. største garden i Etne. Både Sørheim og Austrheim er truleg utskilt frå Stødle. AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE OG ARKEOLOGISKE FUNN: Dei automatisk freda kulturminna på terrassen representerer eit breitt spekter m.o.t. type og datering. Her finns helleristningar, førhistoriske gravminne, offerfunn, kyrkje og kyrkjegard frå kristen mellomalder. I tillegg til dei kjende og registrerte kulturminna har innmarka på terrassen eit stort potensiale for ikkje-synlege kulturminne, t.d. restar av flatmarksgraver, bygningar og dyrkningsspor. Gravhaugane på Stødle/Sørheimterrassen opptrer både enkeltvis og saman i større felt. I dag utgjer gravfeltet på Sørheimsmoen det største samanhengande feltet i bygda med ca. 20 synlege gravhaugar og røyser. I tillegg er det på same felt registrert fleire steinringar, ein gravminnetype som ikkje er så vanleg på Vestlandet. Langs vestsida av Stødle/Sørheimterrassen på brotet låg tidlegare ei samanhengande rekkje med gravhaugar frå Olahaugen lengst i nord til Lundahaugen i sør. I samanheng med grusdrift er fleire av desse gravhaugane fjerna, men enkelte er framleis bevarte, særleg i området kring kyrkja. I fleire av gravene som er arkeologisk undersøkte både på Stødle, Sørheim og Austrheim var det rike funn frå både bronsealder, eldre jernalder og yngre jernalder. I tillegg til dei synlege gravhaugane er det og funne flatmarksgraver fleire steder på terrassen. På Helgaberg, ein liten bergknaus som løfter seg nokre få meter opp over terrasseflata på Stødle, er bergflata dekka av helleristningar i form av skålgroper og ringfigurar. Helgaberg ligg midt i eit uvanleg rikt funnmiljø frå bronsealderen, etter vestnorsk målestokk. I same område som Helgaberg og rekkja med førhistoriske gravminne langs brotkanten i vest, ligg Stødle mellomalderkyrkje og kyrkjegard. Steinkyrkja på Stødle skal vera bygd kring 1160, truleg som privatkapell eller høgendeskyrkje for den mektige Stødleætta. Tradisjonen fortel at det var Erling Skakke som bygde kyrkja. Garden til Erling Skakke skal ha lege nord for kyrkja og restane etter det gamle klyngetunet som må ha utvikla seg på same stad kan ein framleis sjå, sjølv om utskiftinga i 1912 førde til at det gamle fellestunet på Stødle blei oppsplitta. Rap300845 01.doc 2

VURDERING Kulturminne og kulturlandskap på Stødle/Sørheimterrassen vitnar om ein kontinuerleg jordbruksbusetnad, som har hatt tilhald her dei siste fire tusen år, kanskje lenger. Kulturlandskapet er prega av den aktiviteten og eigedomsstrukturen som til ulik tid har vore rådande, og dei kulturminne som er bevarte reflekterer eit rikt og eigenarta kulturminnetilfang. Tilknytinga til historiske presonar med rikspolitisk tyngde har og konsekvensar for synet på dei kulturhistoriske verneverdiar på heile terrassen. Miljøet omkring Stødle kyrkje peikar seg ut ved at ein innafor eit avgrensa område har nærleik til helleristningar, førhistoriske gravminne, kyrkje og kyrkjegard frå mellomalderen. Samanhengen mellom kulturminna her gir fysiske vitnemål om endringar i tru, tilhøve til maktene og omsorg for avlidne over fleire tusen år, og må oppfattast å vere særs viktig både i forhold til forsking og formidling. Staden er og valt til Etne kommune sin tusenårsstad. Gravfeltet på Sørheimsmoen utgjer framleis eit viktig miljø på Stødle/Sørheimterrassen og representerer i dag eit av dei største bevarte gravfelta i bygda, der også meir sjeldne gravminnetypar er representerte. At dette feltet er av stort verd tilseier også det faktum at gravfeltet i 1967 blei oppført på lista over dei 233 høgast prioriterte fornminne i landet. På Stødle /Sørheimterrassen ligg fleire kulturminne av nasjonal verdi som sett i samanheng dannar eit kulturmiljø med stor tidsdjupne. Samla sett må og kulturmiljøet på Stødle/ Sørheimterrassen oppfattast å ha høg nasjonal verdi. Kulturmiljøet ligg i eit særprega landskap der ein på ein unik måte får høve til å forstå kulturminna og det miljø og den kulturhistorie dei har inngått i. Stødle/Sørheimterrassen har interesse som kulturhistorisk dokumentasjon både lokalt og nasjonalt. Rap300845 01.doc 3

INNHOLDSLISTE FORORD...1 NASJONALE KULTURMINNEINTERESSER...2 1 BAKGRUNN...5 2 STØDLE STADEN OG HISTORIA...6 2.1 EIGEDOMSSTRUKTUR OG PLANTILHØVE 6 2.2 HISTORISK OVERSIKT HISTORIA KNYTT TIL STØDLE 7 2.3 HISTORISKE SPOR /KULTURMINNE I OMRÅDET 8 2.4 LANDSKAPET 11 5.7 KULTURSTIAR PÅ STØDLE /SØRHEIM 24 5.8 NETTSIDE 26 5.9 PLANAR FOR STELL OG TILSYN 26 5.10 NETTVERKSBYGGING 26 6 GJENNOMFØRING AV PROSJEKTET...27 6.1 KOSTNADER 27 6.2 ORGANISASJONSPLAN 28 6.3 FRAMDRIFTSPLAN 29 6.4 FINANSIERING 30 3 UTFORDINGAR OG MÅLSETTING...14 3.1 UTFORDRINGAR 14 3.2 MÅLSETTING 15 4 TUSENÅRSSTADEN PÅ STØDLE...16 4.1 FORMIDLINGSPROSJEKT PÅ STØDLE 16 4.2 FORTELJARSTOVA 17 4.3 ROMPROGRAM FOR FORTELJARSETE 17 4.4 ARKITEKTKONKURRANSE 18 4.5 BRUK AV FORTELJARSTOVA 18 4.6 FORTELJARSETE SOM DEL AV REISELIVET 19 4.7 ALTERNATIVE LOKALISERINGAR 20 5 STØDLEPROSJEKTET...22 5.1 STØDLE SOM MERKEVARE? 22 5.2 NASJONALT SENTER FOR FORTELJARKUNST 22 5.3 FORTELJARSTOVA PÅ STØDLE 23 5.4 UTSTILLING I ETNE KULTURHUS 23 5.5 FORMIDLING AV FORSKING KNYTT TIL STØDLE 24 5.6 GRAFISK PROFIL FOR STØDLE SOM MERKEVARE. 24 Rap300845 01.doc 4

1 BAKGRUNN MÅL Fram til august 2003 skal programmet Berekraftig næringsutvikling i lokalsamfunna, BNL, arbeida for å styrkja deler av næringsutviklinga i Hordaland. Dette skal skje ved å motivera til berekraftig- og miljøvenleg bruk av dei ressursane som dannar staden sin eigenart. Slike ressursar kan vera natur og kulturlandskap, tradisjonar og attraksjonar, natur- og kulturhistorie. Programmet er eit utviklings- og samordningsprogram for verkemidlar finansiert av Kommunal- og Regionaldepartementet, Landbruksdepartementet, Hordaland Fylkeskommune, Bygdeutviklingsmidlar og Vestnorsk Kulturakademi. BNL SINE TILSKOTSMIDLAR I programmet er det starthjelp i form av tilskotsmidlar for dei som vågar å satsa på naturen og den kulturhistoriske arven som ressursar for næringsutvikling og såleis bidra til å oppretthalda og forbetra miljøkvalitetane i Hordaland. Sidan programmet vil stimulera til lokalt engasjement og samarbeid, vert lag, organisasjonar, kommunar og nettverk oppmoda til å søkja på desse midlane. Enkeltpersonar kan ikkje søkja. Midlane skal i hovudsak nyttast til planlegging, utvikling og marknadsføring av fellestiltak. Søknaden bør innehalde: Bakgrunn for prosjektet, mål, organisering, aktivitetsplan, kostnader og finansiering. Det kan som hovudregel gjevast inntil 50% tilskot. Tiltaka skal vera gjennomførde i løpet av programperioden (august 2000 - august 2003) og det må leggjast fram rekneskap for desse tiltaka. Det er ingen søknadsfrist. Målgruppa for programmet er distrikta i heile Hordaland. Dei har tilgang på ulike verkemiddel. Områdetiltaksmidlane, kr 3.000.000,- gjeld for alle kommunane, men dei krev ei form for landbrukstilknytting. Dei resterande tiltaksmidlane, kr 2.410.000,-, gjeld fyrst og fremst for dei distriktspolitiske kommunane i fylket. Prosjekta om tusenårsstad i kommunane inngår som statlege hovudtiltak for markering av tusenårsskiftet. I kommunestyret 07.03.00. vart det vedteke at Stødle skal vera tusenårsstaden i Etne kommune. Initiativet til å etablera tusenårsstaden på Stødle kjem frå Etne Sogelag. Grunngjeving for dette valet er at Stødleterrassen har spor etter busetnad gjennom fleire tusen år, og at staden har ei sterk tilknyting til rikshistoria. Gjennom programmet Berekraftig næringsutvikling i lokalsamfunna, BNL, har Hordaland fylkeskommune gjennom Kulturlandskapssenteret vore med og initiert og finansiert forprosjektet. På internettsidene http://www.hordalandf.kommune.no/kls/kulturlandskapssenteret/ - finn ein informasjon om programmet med ein kort prosjektomtale, kort referert på venstre side. På oppdrag frå Etne Sogelag har Asplan Viak as utarbeidd forprosjekt til formidlingsprosjekt for tusenårsstaden på Stødle. Forprosjektet omfattar ein gjennomgang av dei historiske verdiane i området, drøfting av ulike formidlingsmåtar, forhold til andre verksemder i kommunen og forslag til framgangsmåte og framdrift i det vidare arbeidet. Arbeidstittel for prosjektet er ; Stødle heilagstad og hovdingsete. Etne Tusenårsstaden på Stødleterrassane Eit forprosjekt som skal synleggjere historia og skapa lokal tilhøyrigheit til den historiske staden Stødle. Rap300845 01.doc 5

2 STØDLE STADEN OG HISTORIA 2.1 EIGEDOMSSTRUKTUR OG PLANTILHØVE Storparten av området for tusenårsstaden på Stødle er i privat eige og ligg under gnr/brn; 35/2, 35/4, 35/10 og 36/12,14. Området rundt kyrkja på Stødle er offentleg. I arealdelen i kommunedelplanen er området ved kyrkja og kyrkjegarden avsett til offentleg føremål, medan resten av området for tusenårsstaden er LNF- område. Kommuneplanen var 1. gongs handsama av det faste utvalet for plansaker 26.09.02. Det ligg føre eit mellombels fredingsvedtak for området ved hovdingsetet, men denne saka er ikkje ferdighandsama av Hordaland fylke. Området er ikkje regulert. Nye tiltak som ikkje samsvarer med arealbruken i kommuneplanen krev utarbeiding av reguleringsplan. Førebels plankart, kommunedelplanens arealdel Rap300845 01.doc 6

2.2 HISTORISK OVERSIKT HISTORIA KNYTT TIL STØDLE LENDMENN PÅ STØDLE - HOVDINGSETET Stødle var setegarden til lendmannen Erling Skakke og sonen hans kong Magnus Erlingsson, ein av dei mest omtala og mellom historikarar mest omdebatterte norske kongane. Det er godt mogeleg at hovdingætta sat på Stødle-garden før Erling Skakke, kan henda alt før 1127 (Storm 1884; Kleivane 1981). Far til Erling, Kyrpinga-Orm, hadde slektsband attende til Håkon jarl og Harald Hårfagre (Dyrvik: Etnesoga I). Eit sterkt vitnemål om Stødle-ætta si hovdingmakt var at Erling Skakke vart gift kr. 1151 med prinsesse Kristin, kong Sigurd Jorsalfar si dotter. Året etter segla Erling med 15 skip til Orknøyane til Ragnvald jarl på første del av jorsalferda. Etter overvintring her segla dei vidare til Spania der dei la seg til for vinteren. Så i 1154 kunne Erling føra skipa inn i Middelhavet, der han kom i kamp med nordafrikanske skip. Her fekk Erling eit hogg i halsen som førte til tilnamnet «Skakke». Sidan gjesta dei dei heilage stadene i Jorsalaland og deltok i kampar med muhameddanarane, før ferda gjekk vidare til Konstantinopel. Heimkomne vart Erling Skakke og mennene hans sidan haldne for mætare menn. Straks kom Erling i fremste rekkje i striden mellom fleire kongsemne. Etter kvart tok han plassen som kong Inges høgre hand og fremste rådgjevar, og då Inge fall i 1161, vart 5 år gamle Magnus Erlingsson vald til konge, med Erling Skakke som den røynlege riksstyrar. 7 år gammal vart Magnus krona til Noregs konge og salva av erkebiskop Eystein i Bjørgvin. Til vederlag for kyrkja sin medverknad under kongetaking og kroning, gav Erling Skakke midlar til bygging av Augustinarklosteret på Halsnøy, likeins mange gardar i Sunnhordland som skulle gje økonomisk grunnlag for klosterdrifta. På Stødle bygde han si eiga kyrkje i stein, slik han hadde sett det mange stader under krossferda til Jorsalaland. I første del av kong Magnus si 23-årige regjeringstid greidde Erling Skakke å halda andre kongsemne på avstand. Han fekk nå syna sine store evner som strateg og statsmann. Både under krossferda og i strid i heimlandet hadde Erling vunne ry som ein uredd og modig hærførar, som alltid visste råd i ein vanskeleg situasjon. Samstundes makta han å få gjennomført mange lovendringar og innført nye lovar til beste for statsmakta. Den viktigaste lova var kanskje tronfylgjelova, som slo fast einekongedømmet, at den eldste ektefødde kunne bli konge etter faren. Lova skulle hindra nye innbyrdeskrigar. kroninga av Kong Magnus Kong Magnus hadde god hjelp av faren heilt til Erling jarl fall i slaget på Kalvskinnet i 1179. I Sverresoga blir Magnus Erlingsson omtala som ein venesel konge som var elska av landsfolket, gavmild og veltalande, men myndig når det trongst. Det vart sagt at han var meir enn vanleg våpendjerv. Kong Magnus fall i strid med Sverre ved Fimreite i 1184. Siste helsing frå hovdingslekta på Stødle skreiv Sigurd Jarlsson 10 år etter at broren fall ved Fimreite. I 1194 var Sigurd på flukt frå kong Sverre, då han skar desse runene på dørstolpane i Vinje kyrkje i Telemark: "Sigurd Jarlsson riste desse runene laurdagen etter botolvsmesse då han flydde hit og ikkje ville gå til forlik med Sverre, banemannen til faren og brørne hans". Rap300845 01.doc 7

2.3 HISTORISKE SPOR /KULTURMINNE I OMRÅDET Helgaberg Helgaberg, det heilage berget, er ein bergknaus som lyfter seg nokre få meter over terrasseflata på Stødle. Bergflata er dekt med helleristningar. Det er skålgroper som dominerer. Minst 270 er påviste til no. I tillegg kjem 23 ringfigurar av ymse slag, nokre med eiker som i eit hjul, andre med fleire sirklar inni kvarandre og skålgroper i midten. I tillegg kjem 20 ovale eller U-forma figurar. Den blankskurte bergflata med figurane har truleg vore ein kultstad seint i steinalderen og eldste del av bronsealder. Ein meiner dei er laga for å fremja grøderikdom, og vert av den grunn kalla jordbruksristningar. To interessante figurar på Helgaberg: Særskilt forvitneleg er ein U-forma figur (som ein hestesko) og ein figur som er sett saman av fire sirklar inni kvarandre og ein radius som går frå sentrum gjennom sirklane og ut til den ytste. Slike ristningar har ein ikkje funne andre stader i Noreg, men det finst mange av dei i Irland og i Skottland. Det vitnar om kontakt over havet for fleire tusen år sidan. Gravhaugar på Stødle og Sørheim I Etne er det registrert over 540 graver frå jarnalderen. Om lag 100 av desse ligg langs bròtkanten på Stødle og Sørheim. Dei kan truleg knytast til Stødle. Gravhaugar nord for Stødlekyrkja To store haugar låg i dette området: Olahaugen og Bógahaugen Lengst nord nord for hovdingtunet, der vegen går i ein halvsirkel no låg Olahaugen (1 på kartet). Den har truleg vore 16 20 meter i tverrmål og om lag 1,5 meter høg. I haugen vart det funne fleire hellekister, kantsette heller med helle over. Kista som stod i botnen av haugen var dekt med takhelle og ei steinlegging over det heile vidare ut i haugen. Nord for Olahaugen like inntil - låg ein mindre haug (2). Helgaberg Like sør for hovdingtunet låg 3-4 haugar (3) Fire meter inn frå bròtet, 35 40 meter sør for tunet, låg ei grav som rasa ut ved grusuttak i 1950-åra (4). Bógahaugen (5) låg 80 meter sør for tunet mot eit dalsøkk (Kyrkjedagen) som kom inn frå vest, ein markert haug, godt synleg frå heile bygda. Haugen var 16 meter i tverrmål, 1,25 meter høg. Bygd av jord og grus over kjernerøys Rett nord for Bógahaugen låg ein mindre haug (6) Alle desse haugane vart borte på grunn av grusuttak i 1950-åra. Rap300845 01.doc 8

Funn i området: Av funn som er gjort på Stødle, er det eitt som er spesielt: Ein bronsehalsring funnen i ei myr. Ringen er laga av ei vriden og ringbøygd bronsestong som i kvar ende går over i spissovale plater. Ringen kan vera frå ca. 700 år f. Kr. Liknande funn er gjort i Sør-Skandinavia og Mellom- Europa. I norsk samanheng er dette både eit sjeldsynt og eksotisk funn. Mange forskarar meiner at desse kvinnesmykka er ofra til ein bestemt guddom. Bronsehalsringen Gravhaugar vest og sør for kyrkja Kyrkjehaugen (7) ligg heilt ute på terrassekanten, like inntil kyrkjegarden i vest. Kyrkjehaugen er ein stor haug samanlikna med haugane i nærleiken, ca. 12 m i tverrmål og nærare 2 m høg. Den vel 6 m høge bautasteinen på haugen låg tidlegare i kyrkjegardsmuren, men var nok opphavleg reist ein stad i nærleiken. Det er ingen inskripsjonar på steinen, som kanskje var reist alt i før år 1000. Vidare sørover langs terrassekanten ligg gravhaugane (8) etter kvarandre, i alt 9 haugar med tverrmål frå kring 5 m til 20 m, og høgde frå 0,5 m til 1,5 m Stødle kyrkje Stødle kyrkje Steinkyrkja på Stødle kan vera bygd kring 1160, truleg som privatkapell eller høgendeskyrkje for den mektige Stødleætta. Det ligg nær å tenkja at det var Erling Skakke, kongens lendmann og far til kong Magnus Erlingsson, som bygde kyrkja. I eldre skriftlege kjelder var Stødlekyrkja skriven Kristkyrkje. Utanom Stødle kyrkje veit ein berre om ni andre norske kyrkjer som skriftleg er tileigna Kristus, og alle desse er knytte til sentrale kyrkjestader. Rap300845 01.doc 9

Rap300845 01.doc 10

2.4 LANDSKAPET I Yngre Dryas låg det ein dalbre framfor Stordalsvatnet og ned til Etnesjøen. Den førte til store breelvavsetninger som danna eit delta over heile dalføret. Seinare elveerosjon saman med landhevinga har delt deltaet i to terrassar, Stødle og Rygg som ligg ca 75 moh. Terrassane er karakteristiske landskapsformer i Etne. Ved innseglinga til Etne teiknar Stødle terrassen seg som ei tydeleg linje med kyrkja i forgrunnen på terrassekanten. Storparten av arealet på terrassen vert i dag drive som jordbruk med store opne slåttemarker. Gravhaugane ligg som skogkledde øyar i det opne kulturlandskapet. Store delar av terrassekanten og skråninga nedanfor er skogkledd. Dette fører til at gravhaugane er mindre synleg, både sett frå sentrum/bygda og terrasseflaten. Frå Stødle er det flott utsyn mot sentrum og fjorden i vest. Tunet på garden Stødle låg lokalisert ved hovdingesetet før utskiftinga 1914-18. Stødle kyrkje har ei markant plassering fremst på terrassekanten, godt synleg nede frå Etnesjøen og frå fjorden. Norsk institutt for Jord og Skogkartlegging, NIJOS, har over lengre tid drive med kartlegging av landskapet med sikte på å laga ein landsdekkande mal som grunnlag for å kunna utføra verdiklassifisering av landskapet ut frå opplevingskvalitet. I Nijos sitt "Referansesystem for landskap" vert landskapet skildra i ein hierarkisk struktur med 3 ulike nivå. Øvst, på nasjonalt nivå 45 landskapsregionar. Bygda og dalføret Etne høyrer til landskapsregion 22, midtre bygder på Vestlandet. Landskapsregionen strekkjer seg frå Frafjorden i Rogaland til Surnadalsfjorden på Nordmøre, så det er ein vidtfemnande region. Rap300845 01.doc 11

Ein del av karaktertrekka som er nemnde for regionen er (sitat): Regionen preges av skyvedekker og kambrosilurbergarter Landformen er oppbrutt, fjorder og daler uoversiktlige, ofte trange, men frodige. Vitringsjord og næringsrik morenejord (skifermorene) forekommer mye. Vassdragene i regionen er korte og bratte, men med etter måten stor vannføring på grunn av den høye nedbøren. Innsjøer har preg av å være fjordsjøer, også botnsjøer forekommer noe høyere i terrenget. Tyngden av vestlandsjordbruket ligger i denne regionen. Mindre industristeder finnes over hele området. Fornminneområder, og spor etter drifts- og dyrkningsformer gjennom ulike epoker er typiske innslag, f.eks.rydningsrøyser og åkerterrasser, steingarder, reliktområder med klyngetun, slåttelier. Ny gårdsbebyggelse blir ofte lagt utenfor de gamle gårdstun. Bygging av boliger skjer i gårdsmarka rundt, der det ikke er fulldyrket. Tettsteder finnes ytterst i dalmunningene der disse møter fjorden, mye av den nyere bebyggelsen ligger på fyllinger. Det er ikkje utført ei verdiklassifisering av landskapet i Etne ut frå denne metoden i dette prosjektet. Men kriteria for å klassifisera området rundt Stødle til eit landskap med høg opplevingskvalitet er heilt klårt til stades. Endring av terrassekanten etter grusuttak Rap300845 01.doc 12

Rap300845 01.doc 13

3 UTFORDINGAR OG MÅLSETTING 3.1 UTFORDRINGAR Dei historiske spora i landskapet, historia knytt til staden og landskapsbiletet gjer Stødle til ein særmerkt stad i nasjonal samanheng. Kulturverdiane og kvalitetane ved staden er oppsummert på kart i kapitelet om kulturminneverdiane og landskapet. Formidling av historia knytt til Stødle har to viktige dimensjonar: Hovudtema for formidling: Kva er det ein ønskjer å formidla? Dei fysiske rammene for formidlinga: Ein stad eller bygning der ein kan invitere inn dei ein ønskjer å formidle til. Etne sogelag har arbeidd med tusenårsstaden på Stødle over ein lengre periode. Arbeidsutvalet har arbeidd med fleire alternativ for tema men har komme fram til følgjande arbeidstittel for prosjektet: Spor av busetjing mange tusen år tilbake i tid vitnar om at dette har vore ein stad som generasjon etter generasjon har funne som ein tenleg stad å bu. Dette har samanhang med den strategiske plasseringa i landskapet, at jorda er dyrkbar og nærleik til gode stader for fangst og fiske. Dei mange fornfunnat vitnar om at staden og har hatt ei sterk stilling som religiøs stad, heilagstad. Dei viktigaste synlege kulturminna er nettopp knytt til religionen. Kyrkja, Helgaberg, gravhaugane er synlege eksempel på dette. Kyrkja er det elementet som visuelt trer fram på ein sterk måte og markerer seg i landskapet. Tydeleg bygd som ein manifestasjon på styrken av religionen som dette Guds hus var tileigna, men kanskje og bygd for å synleggjera makta hos dei som bygde kyrkja. Dei andre kulturminna er vanskelegare å få auga på. Til saman dannar dei eit meir lågmælt innslag i det storslåtte landskapet. Sjølv om vi veit at dette har vore ein stad med eit sterkt sosialt liv i eit relativt tett folkesett område, som var utgangspunkt for hærtokter og plyndringstokt, er det vanskeleg å fatta det når ein opplever roen på Stødle i dag. Den rolege sletta i kontrast til terrassekanten er hovudelement som ein må verna om på Stødle. Dette gjer det særs vanskeleg å plassera inn nye element som ikkje forstyrrar roen, gjer inngrep i kanten av sletta eller tar den visuelle merksemda bort frå kulturminna som må spela hovudrolla på Stødle. Eit formidlingsprosjekt der ein skal invitera folk inn til å oppleva staden, må medføra visse inngrep og bygningar eller anlegg for å få dette til. I dette ligg hovudutfordringa for prosjektet, og samstundes er dette ein viktig dimensjonerande faktor for kva ein faktisk kan tillata seg å gjera i dette området. Kulturminna set i så måte grensa. Stødle heilagstad og hovdingsete. Dette er eit tema som famnar det viktigaste ved historia knytt til Stødle. Busetjing, sentral stad i deler av Noregshistoria, ein av Kristkyrkjene i Noreg vart reist her, herifrå reiste folk på pilegrimsferder og jorsalferder for å utøve religionen, og dei reiste på røvartokt eller hærferder for å utøve hovdingmakt. Temaet rommar det meste ved historia på Stødle. Korleis skal så historia formidlast? Skal det skje i eit eige bygg? Skal det skje som utstilling ved hjelp av bilete og gjenstandar og modellar? Skal det skje gjennom film? Eller gjennom digital visning? Det er mange mogelege løysingar for den fysiske markeringa av tusenårsstaden på Stødle og formidlling av historia knytt til staden. Andre viktige spørsmål er kven ein skal formidla historia til, kva målgruppe skal ein sikte seg inn mot? Skal det i hovudsak vera materiale retta mot undervisning og forsking eller skal ein og ta sikte på at dette skal vera opplevingar som er interessante for segment av reiselivsmarknaden? Svar på desse spørsmåla krev at Tusenårsstaden ikkje vert eit enkeltståande fysisk anlegg men inngår i ei større satsing på historia knytt til Stødle. Dei nasjonale verdiane knytt til dette namnet gjer det eigna som overbygning over det arbeidsutvalet har kalla Stødleprosjektet. Ein paraply som femner kultur og næringsinteresser knytt til formidling, oppleving og forsking på historia knytt til Stødle. Rap300845 01.doc 14

3.2 MÅLSETTING Tusenårsstaden skal vera ein møtestad for den nye tid. Stødle har vore ein møtestad på ulike måtar gjennom fleire tusen år. Det er denne historia ein ynskjer å synleggjera ved å etablera eit nytt tyngdepunkt på Stødle ein stad som formidlar historia og samstundes peikar framover. I grunngjevinga frå Etne Sogelag om å velja Stødle som tusenårsstad heiter det mellom anna at ein ynskjer å sjå fortida som ein ressurs som i framtida kan nyttast ut m.a. i samband med turisme og reiseliv. Det historiske tyngdepunktet kring Stødle har potensiale som attraksjon for kommunen. Området er i dag ein del besøkt av turistar og andre, men det manglar ein samlande funksjon, ei fysisk markering av staden i tillegg til kyrkja. Området og kulturminna er òg vanskeleg tilgjengelege sidan dei ulike fornminna ikkje er merka og det ikkje er stiar rundt i området. Ein av målsettingane med prosjektet er å gjera tusenårsstaden til ein møtestad på lokalt og nasjonalt nivå. Hovdingseta var maktsentra og kulturelle sentra i vikingtida og mellomalderen. Hovdinggardane var sentrale tradisjonsberarar av folkekunsten i Norge, samstundes som den kulturelle påverknaden frå omverda var stor gjennom vikingtokter og handels- og pilgrimsferder. Før folkekyrkja vart etablert i Norge kring 1150, var det meste av kunst- og historieformidlinga munnleg, lite vart skrive ned i skriftlege dokument. Med kyrkja kom skrivekunsten, men og ein annan måte å formidle ordet på. Forteljekunsten må ha stått sterkt på hovdingseta. Dette viser og den status skaldane hadde i samfunnet i vikingtida og mellomalderen. Utvikling av forteljarkunsten, munnleg formidling, gjennom ord, kroppsspråk og stemmebruk er ei klar målsetting for prosjektet. Dei historiske kvalitetane knytte til Stødle har nasjonal verdi og har dimensjonar som gjer det eigna som overbygning for kultur og næringsutvikling i kommunen. Noko ein allereie har nytta seg av i arbeidet på kultursida og innafor reiselivet. Kultursida i kommunen er ei drivkraft som engasjerer mange gjennom arbeidet med blant anna Etnemarknaden, eit løft for kommunen på kultursida som har ringverknader for næringslivet. Historia knytt til Stødle er ein sentral del av dette gjennom Historiespelet om kong Magnus. Etne har derfor ein plattform å byggja vidare på når det gjeld å satsa på kultur som grunnlag for næringsutvikling. Det er i første rekkje servicenæringane og reiselivsrelaterte næringar som vil dra nytte av ei satsing på kultur i Etne. Prosjektet har derfor som målsetting å medverka til knoppskyting og næringsutvikling i Etne kommune ved å vera ein spydspiss for Etne kommune og reiselivet Rap300845 01.doc 15

Det er mykje knytt til historia på Stødle som vi i dag veit lite om. Det er nok å nemne tema som - korleis såg hovdingsetet ut, kvar og korleis var bygningane plassert - historia bak oppretting av Kristkyrkja, status for kyrkja på Stødle i høve til dei seks andre kristkyrkjene som vart bygd omtrent samstundes - levemåten og sosiale strukturar på hovdinggarden - påverknaden utanfrå gjennom hærtokt og pilegrimsferder - utgraving av buplassar frå ulike tidsepokar - Erling Skakkes rolle ved etableringa av ei sterkare statsmakt og kyrkjemakt i Høgmellomalderen Dette er ikkje ei uttømande liste over aktuelle forskingstema, men viser at det er mange aktuelle ting å ta tak i innafor forskinga på Stødleterrassen. Når ein snakkar om forsking er det og nærliggjande å tenkja på at Stødle er ein aktuell stad for undervisning, både i høve til feltstudiar i samband med høgare utdanning på høgskule og universitetsnivå, og i høve til grunnskulen og vidaregåande skule. Å styrkja aktiviteten knytt til forsking og undervisning i tilknyting til Stødle er derfor eit langsiktig mål for prosjektet. 4 TUSENÅRSSTADEN PÅ STØDLE 4.1 FORMIDLINGSPROSJEKT PÅ STØDLE I forprosjektet har det vore vurdert ulike nivå for utbygging av tusenårsstaden på Stødle. Kvart av nivåa gjenspeglar ulike grader av utbygging på tusenårsstaden. I nivå 1 og 2 er utstilling og arena for sogespelet lagt til kulturhuset, medan nivå 3 er tenkt som eit sjølvstendig anlegg der alle funksjonane i tilknyting til tusenårsstaden er lagde på Stødle. Funksjonar knytta til dei ulike nivåa: Nivå 1 Stødle park: Servicebygg med toalett og guiderom, park, opparbeidde kulturstiar og parkeringsplass Nivå 2 Stødle forteljarsete: Forteljarstove, kjøkken for enkel servering, guiderom og toalettanlegg, park, opparbeidde kulturstiar og parkeringsplass Nivå 3 Stødle tusenårssenter: Kafe, utstillingsareal, forteljarstove, arena for sogespelet, park, opparbeidde kulturstiar og parkeringsplass. Skal det byggast ut eit sjølvstendig anlegg på Stødle, eit tusenårssenter som inneheld utstillingsareal, arena, kafe og parkanlegg, eller er det eit parkanlegg og eit lite servicebygg ein skal møta når ein besøker Stødle? Vår tilråding er nivået mellom desse to ytterpunkta, nivå 2, som er å byggja eit lite anlegg på Stødle, eit forteljarsete som er ein stad der historia vert formidla gjennom munnleg forteljing. Rap300845 01.doc 16

4.2 FORTELJARSTOVA Stødle Forteljarsete er eit nasjonalt anlegg for forteljarkunst og -tradisjon. Det skal vera eit rom for historieforteljing, eit senter for munnleg forteljartradisjon, for opplesing og formidling. Andre arrangement i samband med song og musikk vil senteret og kunna nyttast til. 4.3 ROMPROGRAM FOR FORTELJARSETE Anlegget skal innehalda eit forteljarrom med plass til ca. 50 personar, eit lite kjøkken som mogleggjer servering av varm mat, toalettanlegg, og evt. plass for ei enkel utstilling. I samband med bygget bør det opparbeidast ein mindre park med informasjonstavler og plass for benker og bord og parkeringsplass for tusenårsstaden. Anlegget skal ha ei særs god utforming, med tanke på utøving av munnleg forteljarkunstog tradisjon, med vår tids uttrykk/formspråk. Utfordringa ligg i å skapa eit særprega rom, der nærleiken mellom forteljar og tilhøyrar vert ivareteke og der rommet sjølv vil vera ein attraksjon. Det skal vera utforma spesielt for funksjonen, med vekt på romleg oppleving og særpreg eit stemningsrom som ramme rundt forteljinga og kontakten mellom forteljar og tilhøyrar. Eldstaden vil kanskje vera sentral, tradisjonelle materialar som stein og tre kan nyttast, alt brukt på ein ny måte. Forteljarsete skal innehalda eit forteljarrom med plass til ca. 50 personar, eit lite kjøkken som mogleggjer servering av varm mat, toalettanlegg, og evt. plass for ei enkel utstilling, gjerne integrert i bygningen. Ved tilstellingar er det viktig å kunna tilby matservering, helst med utgangspunkt i lokal mattradisjon eller råvarer frå jordbruksbygda Etne. I samband med bygget bør det opparbeidast ein mindre park med informasjonstavler og plass for benker, bord og parkeringsplass for tusenårsstaden. I tilknyting til bygget må det vera eit overbygd areal for opphald i dårleg ver, når bygget er stengt. Det bør og vera ein fast plass, som td eit lite amfi, der ein kan samla besøkande, skuleklassar m.m. for forteljing ute. Forteljarstove 70 m2 50 personar Møterom 20 m2 10 personar Kjøkken 32 m2 for å laga ein enkel meny til inntil 50 personer inkl. lager kjøl/frys serveringsdisk Gard/toalett 20 m2 fellestoalett 4 stk, 1hcwc Kontor 8 m2 Lager 7 m2 Vestibyle / vrimleareal /utstillingsareal 45 m2 i tilknyting til forteljarstove Sum 200 m2 Bruttoarealet for anlegget vert ca. 250 m 2. Det vil vera ei utfordring å skapa eit særmerkt anlegg, samstundes som dette ikkje verkar for dominerande i høve til omgjevnadene,særleg i høve til kyrkja. Enkle bygningsformer, eller at bygget heilt eller delvis er nedgrave, kan vera måtar å løyse dette på alt etter kva lokalisering som vert vald. Rap300845 01.doc 17

4.4 ARKITEKTKONKURRANSE Ulike konkurranseformer; Tilbodskonkurranse, oppdragsgjevar ber om tilbod på prosjekteringsarbeid Avgrensa prosjektkonkurranse, deltakarane er spesielt innbedne eller valde ut etter prekvalifisering. Open prosjektkonkurranse, deltakinga er open for dei som ynskjer å delta innanfor eit geografisk område, eit yrke eller anna avgrensing For val av arkitekt til prosjektering av forteljarsete, er open eller avgrensa prosjektkonkurranse best eigna.oppdragsgjevar får fleire forslag til utforming/løysing av oppgåva, dette er den einaste måten å sikra at anlegget får ei særs god utforming. Arkitekten vert vald utifrå prosjektforslag og ikkje på grunnlag av honorar for prosjekteringa. Ein open konkurranse vil alltid vera ein dyrare prosess enn eit direkte engasjement av arkitekt og rådgjevar, men eit godt konkurranseresultat kan føra til løysingar som er optimalt økonomiske, og på den måten reduserer dei samla kostnadene. Faser for gjennomføring av konkurranse: Føresetnader, romprogram, val av konkurranseform, kontakt med NAL/NPA, samansetjing av jury Utarbeiding av romprogram, konkurransemateriell Annonsering Eventuell prekvalifisering Konkurranseperiode Vurderingsperiode 4.5 BRUK AV FORTELJARSTOVA Sjølv om forteljarstova vert skreddarsydd for forteljarkunst vil stova kunna ha fleire funksjonar: Representasjon. Eit nasjonalt senter for forteljarkunst vil vera ein representativ stad der kommunen kan invitera prominente gjester og halda viktige møte. Eit bygg og ein stad som vil styrkja identiteten til kommunen. Undervisning. Sentrale delar av historia bør i Etne formidlast på Stødle. Forteljarsetet vil og vera veleigna til munnleg formidling av andre tema enn historie. Forteljarstova vil derfor kunna inngå som eit undervisningsrom som vert brukt som spesialrom av skulane i kommunen, ikkje berre sporadisk, men som avlasting for andre undervisningsrom. Møte og seminar. Forteljarsetet vil vera veleigna for drøfting og formidling av vanskelege tema. Dette vil gjera det interessant for næringslivet og for organisasjonar og det politiske miljøet. Møteplass. Forteljarsetet vil kunne fungere som møtestad for lokale lag og foreiningar, for arrangement og som ein uformell møtestad. Sambruk med kyrkja. Stødlekyrkja manglar toalett og eit samlingslokale. Forteljarstova vil kunne brukast saman med kyrkja i mange samanhengar som bryllaup, gravferder og kyrkjekaffe. Bruk av kyrkja ville kunne bli større med eit bygge som forteljarstova i nærleiken. Sambruk med kulturhuset. Arrangementa i forteljarstova på Stødle kan overførast med bilete og lyd til kinosalen på kulturhuset. Dette vil ikkje berre kunne kunna opna for at store hendingar i forteljarstova kan gjennomførast i den spesielle atmosfæren som ein tenkjer å skapa der; det kan òg opnast for at eit breiare publikum kan oppleve hendinga på kulturhuset. Rap300845 01.doc 18

4.6 FORTELJARSETE SOM DEL AV REISELIVET. Regionalt er Etne med i reiselivssamarbeidet knytt til destinasjon Haugalandet. Hovudparolen er: Haugalandet, Norges fødested. Historie og naturoppleving er nemnde som sentrale stikkord i reiselivsprofilen. Rogalands tusenårsstad på Avaldsnes, med vikingegarden på Bukkøy, er her eit naturleg midtpunkt i denne regionen. Ny tilrettelegging ved riksmonumentet på Haraldhaugen i Haugesund er under planlegging. Nord for Etne ligg baroniet i Rosendal som det historiske tyngdepunktet i Sunnhordland. I Kvinnherad finn vi også Halsnøy kloster, som ble bygd av etnebuen Erling Skakke då han var landsstyrar på Stødle på 1100-talet. Stødleprosjektet kan bli ein indre satellitt for desse satsingane. Tilhøva ligg på alle måtar godt til rette for at dei mange historiske attraksjonane i regionen kan dra nytte av kvarandre. nettverksbygging der kulturhuset bør kunne vera ein katalysator. Kulturstigane som det er gjort framlegg om er eit døme på infrastrukturbygging på dette området. Fysisk aktivitet og aktiv oppleving er sentrale stikkord i bygging av attraksjonar for reislivet. Her kan det satsast vidare på tilbod som omhandlar sal av produkt innafor handverk og kunst f eks. Dersom ein del av Stødleterrassen blir freda, noko som no skal greiast ut av kulturstyresmaktene, vil statusen til området bli klart heva. Når det gjeld kultur- og naturbasert reiseliv er det og etterspørsel etter meir primære behov som særeigne overnattingstilbod der det er mogeleg med spesielle opplevingar i særeigne bygg eller omgjevnader. For eksempel at spesielle bygg vert gjort tilgjengelege for overnatting. Eit anna eksempel vil vera å utvikle spesielle lokale matprodukt. Skal dette fungere må det byggjast nettverk innafor temaet slik at informasjonen om produkta er lett tilgjengelege for tilreisande. Etne marknadsfører seg under reiselivsprofilen: Etne, mangfaldig natur- og kulturkommune. Forteljarstova på Stødle, slik ho er presentert i rapporten, vil passe godt inn i reiselivsprofilen både for Haugalandet og for Etne og vil styrkje reiselivsproduktet både regionalt og lokalt. Som reislivsprodukt vil forteljarstova rette seg i hovudsak mot marknaden nasjonalt, regionalt og lokalt men vil og kunne vera interessant for målgrupper internasjonalt. Forteljarstova vil i første rekkje vera interessant i høve til reisformål som kurs og konferansar og ferie og fritidsreiser. Målgruppene produktet i hovudsak rettar seg mot er grupper og individuelt reisande. Forteljarstova vil inngå som del av reiselivsproduktet Etne og som del av rundereiseprodukt knytt til regionen eller knytt til temareiser. Forteljarstova vil inngå som ein naturleg del av reiselivproduktet i Etne. Det er ein hovudattraksjon som må vera fyrtårn i Etne og etablerast som ein overbygning for andre kulturattraksjonar i Etne. Det vil vera naturleg å skape eit kulturnett med Stødle som midtpunkt. Kulturarrangement og tilbod under same paraply. Dette handlar om Rap300845 01.doc 19