BUFF Fanaråken Opp Den største motbakkefesten i Nord-Europa som har mål over 2000 moh. Mål ved Fanaråkhytta 2.068 moh
Startnummer- utdeling: I Kulturhuset / Fjordstova i Skjolden fredag 10. august kl. 17.30 21.00. Løpsdagen laurdag 11. august blir det kun startnummerutdeling ved starten på Turtagrø Hotel, konferansesalen frå kl. 07.00 10.00.
Ved utdelinga av startnummer får du utdelt eit A4-ark med Viktig Praktisk Info som må lesast før start! Du ser kopi av arket til høgre for denne teksten!
Start-tidspunkter Kl. 11.00: Fellesstart for konkurranseklassane Start ved ved Turtagrø Hotel Kl. 07.30 10.00: Valgfri starttid for mosjon utan tidtaking Nedre aldersgrense her er 12 år ( f. 1998 ) ( Yngre enn 12 år må gå saman med med foreldre ) Deltakarane i trim kan starte når dei sjølv vil i tidsrommet kl. 07.30-10.00. Me oppfordrar alle mosjonistane om å starte tidleg for å være på toppen før kl. 11.56 for å lage ei flott stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle både trimmarar og konkurranseløparar som startar på nedturen medan løparar framleis er på opptur har vikeplikt og må vise omsyn. Hugs at alle i trim har vikeplikt for konkurranseløparane!
NB!! Viktig melding til deltakarane Alle deltakarane må bere sekk som veg minimum 2,0 kg! Det er kontrollveging ved målpassering! Deltakarane må sjølve bere med seg klede og mat for turen (både opp og ned!). Det skal vere varme klede i sekken. Hugs! det kan vere kaldt på toppen! I 2003 var det minus 2 grader!
Det er forbod mot å brette startnummeret heile startnummeret må synast ta sekken på først reimane på baksida av nummeret
NYTT I ÅR! Tidtakingsbrikke i konkurranseklassane. Tidtakingsbrikka skal vere festa på høgre fot. Hugs å levere tidtakingsbrikka på etter målpassering. Tap av brikke blir fakturert med kr. 500
Klasseinndeling Klasseinndelinga i konkurranseklassa er lik for damer og herrar: 15-17, 18-19, 20-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69 og 70+ år I mosjonsklassa utan tidtaking er det inga klasseinndeling.
Drikke og matstasjonar For konkurranseklassane er det 3 drikkestasjonar i løypa i tillegg til MÅL ved Fanaråkhytta. Det blir servert Powerade og vatn: (1) Ved om lag 1080 moh i Helgedalen der løparane tek til på den bratte oppstigninga mot Fanaråken (2) Ved 1.580 m.o.h. (3) Ved 1.800 m.o.h (4) MÅL 2.068 m.o.h. ved Fanaråkhytta Det er viktig med rask tilførsel av energirik næring og rikeleg med drikke etter målpassering! Du treng energi til å gå ned igjen til Turtagrø! Deltakarar i mosjonsklassa får med seg ei drikkeflaske og skal ikkje nytte drikkestasjonane (2) og (3) før den siste på TOPPEN etter målpassering.
Løypeprofil Turtagrø - Fanaraaken Starten er ved Turtagrø Hotel, 868 moh. Mål er på Fanaråken 2.068 moh ved nord-europas høgastliggjande turisthytte, distanse 8,6 km Dei fyrste 600 m av løypa går i slak stigning på asfalt oppover Sognefjellsvegen før løypa tek av på turvegen/grusvegen innover Helgedalen. Etter vel 4,7 km med kun totalt 220 m samla stigning går løypa bratt oppover fjellstien til toppen av Fanaråken. På 3,9 km stig løypa 1.000 høgdemeter. Distanse km
Turtagrø Fanaråken er løypa i Fanaråken Opp Frå Turtagrø til Fanaråken er det 8,6 kilometer og ein høgdeskilnad på 1200 meter opp til Fanaråken som ligg på 2068 m.o.h.
Frå i fjor er løypa endra.traseen er 250 meter lengre og løypa er dei siste åra mykje utbetra. Dei tidlegare rekordane blir ståande: REKORDAR: Jon Tvedt, Gular sette ny rekord i Fanaråken Opp i 2008 med tida 57:18! I dameklassane vart det også ny rekord i 2007. Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, har rekorden med tida 1:05:53! Løpstidene i dag kan ikkje kan samanliknast med 2007. I fjor sprang Henry Kiplagat, Kenya 2 sek. raskare enn tida til Jon Tvedt frå 2007.
Forbode med sko med harde piggar! Det er det forbod mot sko med harde piggar pga. at løypa går i Jotunheimen Nasjonalpark
Pengar i sekken Ta gjerne med deg pengar i sekken. På Fanaråkhytta (DNT ) kan du få kjøpt varm suppe, lapskaus m.m. for ein rimeleg pris.
Legg merke til! Tidsfristen for å få medalje på Fanaråken er kl. 14.30. Premieutdeling i Skjolden i Kulturhuset/ Fjordstova kl. 17.00
PREMIERING (1) BUFF Fanaråken Opp (1) Alle som fullfører er vinnarar og får flotte medaljar etter målpassering på Fanaråken. Tidsfristen for å få medalje på Fanaråken er kl. 14.30. (2) Det er klassevinnarpremie i konkurranseklassane frå hovudsponsor ATELLO www.atello.no som m.a. har produkta BUFF, La Sportiva og Bridgedale. (3) Dei 20% beste i konkurranseklassane blir premierte. (4) Pengepremiar på tilsaman kr. 36.000 til dei 3 beste kvinner og menn etter denne fordelinga: 1. pr. kr. 10.000,-, 2. pr. kr. 5.000,- og 3. pr. kr. 3.000,- (5) Pengepremie på kr. 3.000 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år ( d.v.s med fødsdelsår 1995-1991). Denne premien er sett opp for å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping.
PREMIERING (2) BUFF Fanaråken Opp (6) Luster Kommunes krystallvase til raskaste junior i klasse 15-17 år (7) Ein spesiell BUFF ( BUFF Fanaråken Opp!) til alle under 18 år ( 1992 og yngre ) som deltek i trimklassa og til alle som har delteke i yngste klasse 15-17 år i konkurranseklassa blir delt ut mellom kl. 16.30 og 17.00 i Fjordstova i Skjolden der den ordinære premieutdelinga startar kl. 17.00. (8) Gåvepremiar. Det blir trekt ut gåvepremiar blant alle som har fullført både i konkurranseklassane og i mosjon utan tidtaking. Gåvepremiane vært kun delte ut til dei som er møtt fram til premieutdelinga. Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien!
PREMIERING (3) Samanlagtpremiar Luster Dobbel Opptur for Molden Opp 19. juni og BUFF Fanaråken Opp 7. august (1) BUFF-prisen på kr. 5.000 til beste kvinne og mann samanlagt (2) Luster Sparebank-prisen på kr. 3.000 til beste herre totalt og kr. 2.000 til vinnar av yngste herreklasse 15-17 år (3) Luster Kommunes krystallvase/ pokal som samanlagtpremie til beste dame totalt og til vinnar av yngste dameklasse 15-17 år
Premieutdeling i Skjolden Kulturhuset/ Fjordstova kl.17.00: Kl. 16.30 - kl 17.00: Video frå løpet ved Arne Monrad Johnsen. Kl. 16.30 kl. 17.00: Utdeling av Fanaråken Opp BUFF til alle under 18 år ( 1992 og yngre ) som deltok i trimklassa og til alle som har delteke i yngste klasse 15-17 år i konkurranseklassa. Fram til Kl. 16.30: Gratis bading i symjebassenget i Kulturhuset / Fjordstova i Skjolden. Symjebassenget og garderobeanlegget er gratis for alle deltakarane. Fram til kl. 17.00: får deltakarane tilbod om rimeleg og varm mat i Fjordstova.
ETTER PREMIEUTDELINGA : Frå kl. 18.00 21.00 blir det uformell sosial samankomst for alle deltakarar, sponsorar, funksjonærar, supportarar, tilskodarar..ja for alle som vil på Skjolden Brygge, www.skjoldenbrygge.com berre eit steinkast frå Fjordstova. Det blir servert Tapas Buffet og godt utval med drikkevarer. Dette blir flott oppladning til: BRYGGEDANS kl. 21.00 02.00 på Skjolden Brygge med Bluegrassbandet ILA AUTO!..som har praktfull musikk med innslag av Rock for å løyse opp stive bein etter Buff Fanaråken Opp!
Buff Fanaråken Opp - Den største idretts-sosiale festen i Nord-Europa over 2000 moh. Løypa er 8,6 km med 1200 m stigning opp til mål ved Fanaråkhytta 2.068 moh