INFO TUDDAL OPPVEKST- SENTER Infohefte nr.3 2015/2016 Desember, januar og februar. Ein god stad å vere, er ein god stad å lære Tuddal Oppvekstsenter i desember, januar og februar. No er adventstida her, og på oppvekstsenteret førebur vi oss til jul. I barnehagen har vi eit mål for adventstida; ei tid fylt av stemning og forventning. På skulen skal vi ha ordinær undervisning fram til siste veka før jul. Da legg vi vekk skulefag og har ei heil veke med fokus på jul. Saman, barnahage og skule, skal vi ha adventsamlingar kvar måndag, besøkje Tuddal høgfjellshotell, juleverkstad og gudsteneste. Det skal bli ei stemningsfull tid for liten og stor. I januar og februar kjem vi til å arbeide jamt og trutt med fag i skulen. I barnehagen kjem vi til å ha spesielt fokus på fagområda Tall, rom og form, Kropp, bevegelse og helse og Kunst, kultur og kreativitet.
Kva har skjedd i oktober og november Siste dag før haustferien gjennomførte vi skogplantedag saman med skogeigarlaget. Tusen takk til dei for ein flott og lærerik dag Nokre glimt frå denne dagen.
Onsdag 21. besøkte vi sjukeheimen. Vi laga til ettermiddagsmåltid med heimelaga produkt. Vidare hadde vi underhaldning og biletframsyning for dei som bur der. Ein fin kveld for ung og gamal. Sjukeheimen har gjeve gode tilbakemeldingar på besøket. Takk til Bjørg som var med oss denne ettermiddagen Vi har gjennomført elevundersøkinga på mellomtrinnet. Resultata syner at elevane trivast i stor grad, dei får støtte både av heimen og skulen og dei får god oppfølging i vurdering for læring. Lesing i alle fag har vore eit satsingsområde dei siste åra. Elevundersøkinga viser at elevane opplever ei endra undervisning som er i tråd med intensjonen bak denne satsinga Elevundersøkinga syner at elevane ikkje alltid er like motivera for skulearbeid. Det blir eit viktig fokusområde skule og heim må samarbeide om.
Internasjonalveke gjennomførte vi i veke 44 og 45. 27. oktober hadde vi ein flott og stemningsfull gåmarsj, der inntekta gjekk til brannskadde barn i Etiopia. Tusen, tusen takk til alle som bidrog til denne flotte markeringa. Vi er også svært glade for at Andrea Hagen tok seg tid til å kome å fortelje om sine opplevingar i Etiopia. Tusen takk til elevrådet som gav 1500 kroner til prosjektet Vi fekk inn over 6000 kroner!!her er nokre glimt frå kvelden
Tysdag 4. november hadde vi besøk av bebuarar frå Mandeheimen på Rjukan. Vi fekk høyre musikk, smake mat og vere saman med asylsøkjarar frå ulike land i Afrika. Det var ein flott og lærerik dag I heile november har vi gjennomført leseprosjekt. Målet med eit leseprosjekt er at elevane skal få meir lesetrening gjennom litteratur dei vel sjølv. Det trengs mellom 5-6000 timar lesing for å bli ein funksjonell lesar. I leseprosjektet har elevar på mellomtrinnet lese for barn i barnehagen. Dette har vore eit positivt tiltak for alle partar. Vidare har vi hatt lesenøtter kvar
dag. Da er det grupper på tvers av alder frå barnehage til skule som har løyst ulike oppgåver saman. Kvar måndag har vi hatt bokcafe` med kakao og besøk av ulike personar frå litteraturen. Her kan nemnast både Tarzan og detektiv Nancy Drew. Barnehage og skule har jobba saman om å få ein bokorm som strekkjer seg frå kjellaren til biblioteket i 2. etasje. Vi held fram med bokormen, så det er berre å lese.. I barnehagen har vi gjennom hausten jobba med temaet; Tuddal i gamledagar, jakt og haust. I garderoben har det vore fokus på gamledagse leiker og bøker. I tillegg har vi sett på barnetv frå gamledagar og leika ulike leiker frå den tida. Dei minste har hatt eventyrstunder både i barnehagen og på bygdetunet. Ute i haustskogen har vi no opparbeida bålplass, kosa oss med mat ute, laga såpe og fuglemat. På leirplassen vår har vi no mange flotte fuglar og ekorn, spennande å følgje med på. Å gjere ein forskjell er vår raude tråd gjennom året. Kvar månad har vi fellessamlingar på oppvekstsenteret der nettopp dette er temaet. Fint å vere saman frå liten til stor. Vi kjem til å halde fram med desse samlingane gjennom året.
Kva skjer på skulen? Kva skjer i barnehagen? Fredag 4.desember: Teatertur til Oslo jmf eigen info. Fredag 11.: Vi skal på besøk til Hotellet. Vi dreg frå oppvekstsenteret kl 09.00 og er tilbake ca. 13.00. 14. desember: Adventskveld kl 17.30 Fredag 18. og måndag 21.: Juleverkstad Tysdag 22.: Siste skuledag før jul. Gudsteneste kl 10.15 Grautfest etterpå Skulen har juleferie tom. 4. januar. Planleggingsdag 4. januar Fyrste skuledag etter ferien er Tysdag 5. januar for elevane 11.desember: Dei eldste i barnehagen skal bli med skulen på Hotellet. Vi dreg frå oppvekstsenteret kl 09.00 og er tilbake om lag kl 13.00 14. desember: Adventskveld kl 17.30 16. desember: Barnehagen og dei som vil frå skulen skal syngje for pensjonistane på Menighetshuset. 24. og 31 desember: Barnehagen er stengt Måndag 4. januar: Planleggingsdag, barnehagen er STENGT. 19. februar: Karneval Vinterferie veke 8
Kva skjer FELLES for skulen og barnehagen? Kvar måndag 08.30 i desember: Felles adventsamsaling på oppvekstsenteret. Fredag 11.: Vi skal til Tuddal høyfjellshotell, meir info kjem Fredag 18. og måndag 21.desember: Juleverkstad på oppvekstsenteret. Tysdag 22. desember.: Julegudsteneste kl. 10.15. Alle er hjarteleg velkomne. Fellessamlingar: Vi held fram med fellessamlingar for alle på oppvekstsenteret. I komande periode har vi felles adventstunder, fellessamling 11. januar og 15. februar. Tema er som før; Å gjere ein forskjell. Tysdag 16. februar: Foreldremøte for alle på oppvekstsenteret. Meir info kjem. Januar og februar: Barnehagen: Kva skjer i januar og februar? I januar fortsett vi med tema Tuddal i gamledagar. Da skal vi ha fokus på kjøretøy og framkomstmiddel før og no. Det skal bli eit spanande tema for liten og stor.
Fastelaven, karneval og barnehage-ol er i fokus i februar. I tillegg skal vi ha fokus på Tall, rom og form, Kropp, bevegelse og helse og Kunst, kultur og kreativitet. Skulen: Januar og februar er ei tid vi har stort fokus på grunnleggjande ferdigheitar. Vi skal halde fram med fokus på høgtlesing/skriving kvar morgon på mellomtrinnet. I skrivande stund er det ikkje spesielle hendingar i denne perioden, bortsett frå ein ev. tur til Flugonfjell. Symjing startar opp i veke 5. Overgang barnehage-skule: Til hausten er det mange fyrsteklassingar her ved skulen vår Vi ynskjer derfor å arbeide med rutinane kring overgangar. Vi startar med foreldreinformasjonsbrosjyre og foreldremøte i februar. Realfag i barnehage og skule: Tett på realfag, nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa er ei stor satsing frå regjeringa i perioden 2015-2019. Denne satsinga gjev både barnehage og skule klare føringar om å ha fokus på matematikk og naturfag. I komande periode vil vi ha fokus på følgjande: Prosjekt: Teknologi og design for mellomtrinnet i perioden Fokus på rekning som grunnleggjande ferdigheit for alle. Forskarkalender i desember for barnehagen. Fokus på Tall, rom og form i perioden for barnehagen.
Litt av kvart. FAU Vi har ei svært aktiv FAU gruppe på oppvekstsenteret, og vi vil takke dei for innsatsen. No i desse dagar skal dei arrangerer julegrantenning, og 15. desember bidreg dei med bevertning på adventskvelden. I tillegg har alle foreldre på skulen solgt julenek til inntekt for teatertur. ADVENTSAMLING 14. DESEMBER KL 17.30 PROGRAM: Underhaldning med framføring av Legenda om Lucia Gang rundt treet Bevertning Kanskje kjem nissen Denne kvelden er obligatorisk for alle skuleelevane og lærarane. Vi håpar dei fleste frå barnehagen blir med
Alle vi på Tuddal oppvekstsenter takkar for eit godt samarbeid i haust. Vi ynskjer alle ei fredfull julehøgtid og eit riktig godt nytt år. Kos dykk saman i denne stemningsfulle tida. Heilt til slutt... NESTE INFO HEFTE KJEM I VEKE 7 Til ettertanke Venn deg til å tenke positivt på en ny ide. Begynn med å finne alle grunnene til at den er god. Det vil alltid være folk nok til å fortelle deg hvorfor den ikke er noe tess! E-post tuddal.skule@hjartdal.kommune.no Inger.oya.grogaard@hjartdal.kommune.no
God jul og godt nytt år!