Sportsplan for Syril handball

Like dokumenter
SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Bulken IL Fotball Sportsplan 2016

INFORMASJON FOR OPPMENN

Forslag til Sportsplan for Fbk Voss

Kvam IL Håndball. Sportsplan. 1

SPORTSPLAN FOTBALLGRUPPA HAFSLO IL

Sportsplan Eidskog Fotball SPORTSPLAN

HANDLINGSPLAN HÅNDBALLKLUBBEN EIDSBERG

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2015

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Teknikkmerke i håndball har fem graderinger: rød, bronse, sølv, gull og gullballen.

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Håndball for alle. Barnehåndball Øvingsforslag

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Utviklingstrapp Utviklingstrappa bygger på anbefalingene fra NHF. Link til treningsøkter fra NHF.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Lagleiarmøte Info Trio-sesongen-12

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Teknikkmerket i håndball

LAGLEIARMANUAL FOR MINIPUTT 6-10 år SOGNDAL BREIDDEFOTBALL

Notodden FotballKlubb

SKULERINGSPLAN FOR BARNE- OG UNGDOMSFOTBALLEN I VTI FOTBALL

Tiltaksplan mot mobbing

Håndbok for Bøler I.F. Håndball

Utviklingsplan 6-16 år Fremtidens EOIL spillere

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

ORGANISASJONSPLAN ROLLEBESKRIVELSER. Bremnes Idrettslag - Fotballgruppa ORGANISASJONSPLAN BREMNES IDRETTSLAG - FOTBALLGRUPPA

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Rekrutteringsplan FBK Voss

Informasjonshefte om spiller utvikling sesongen

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

INVITASJON til Etne Cup 2007

Ski og Ballklubben Skiold. Sportsplan bandy. Rev VISJON:

Florø SK Handball. SJUMILSSTEG-konferansen LOEN mars 2016 VI + DEI = OSS

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Retningslinjer for Kongleriket Miniputt-arrangement

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Holdningsavtale mellom

HANDBOK VOLDA HANDBALLKLUBB

Sandeid skule SFO Årsplan

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Kjerstin Boge Solås. Fjaler Idrettsråd. Dale Idrettslag

- på lag med lokalsamfunnet - for et bedre oppvekst- og nærmiljø

FAU/SU I SKODJE BARNEHAGE

SPORTSPLAN 2016 ÅL IL FOTBALL

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Faglig grunnlag for J14 sesongen 2016/2017

4. Val av 2 medlemmar til å underskrive årsmøtereferat.

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

SPORTSPLAN. Retningslinjer for trenere, spillere og foreldre HÅNDBALL

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

HANDLINGSPLAN FOR FOTBALLGRUPPA I VIL

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Sportsleg plan og retningslinjer FOR HANDBALLGRUPPA. Glede fellesskap respekt for kvarandre og ærlegheit

SPORTSPLAN SOTRA SK 2010 RETNINGSLINJER FOR TRENERE I SOTRA SK

INFORMASJON TIL FORELDREGRUPPENE Oppdatert pr mars 2014.

Øystese barneskule April - 08

Skarphedin Handball. Lagsmappe

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

SELBU BALLKLUBB SPORTSPLAN. Revidert på årsmøte

Sportsplan Syril fotball

Strategiplan

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Sportsplan for Fbk Voss

Fair Play Handlingsplan. For MFK Bredde

Instruks for rollene i årgangene Hver årgang skal minimum ha en årgangsleder, en trener, en lagleder og en miljøkontakt.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Møte referat. Agenda. Foreldremøte Strindheim Fotball G98 Åsvang Møtedato: 4. april 2011

Sportsplan Øystese Fotball

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Foreldreundersøking i skule 2006

Sportsplan for IL Kvernbit med hovudfokus pa barne og ungdomsfotball

Utviklingstrapp FBK Voss Barnefotballen

Årsplan i kroppsøving for 8.årssteg.

Sportslig utviklingsplan Sportslige retningslinjer. Tønsbergs Turn håndballgruppe

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Møtt opp i godt tid før treningen starter ferdig påkledd med fotball utstyret på. Det er lurt å ta med joggesko til hver trening.

Klikk for å redigere tittelstil Klikk for å redigere tittelstil Velkommen! Oppstartsmøte for Minihåndball 6-7 år 4 er håndball

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

SPORTSPLAN FLEST MULIG LENGST MULIG

IL HARDING SESONGEN 2017

Vurderingsrettleiing 2012

SPORTSPLAN. Utøvaren i sentrum

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kommunedelplan for oppvekst

Transkript:

Sportsplan for Syril handball 2015-2016 1

Innhald 1 INNLEIING 2 FELLES RETNINGSLINJER FOR SYRIL HANDBALL 3 SPORTSLEGE FUNKSJONAR OG LAG 4 BARNEHANDBALL 9 ÅR 5 BARNEHANDBALL 10 12 ÅR 6 UNGDOMSHANDBALL 13 17 ÅR 7 FORELDREVETTREGLAR 8 SENIORHANDBALL 9 DIFFERENSIERING 10 HOSPITERING 11 TEKNIKKMERKE I HANDBALL 2

1. INNLEIING Syril Handball sin sportsplanen gir retningsliner for alle trenarar og leiarar i Syril Handball. Planen skal vere eit verktøy for systematisk og langsiktig arbeid, med god kvalitet. Planen inneheld: sportslege utviklingsmål sportslege funksjonar/rollar retningsliner for kva og korleis aktiviteten skal drivast Sportsplanen skal reviderast min. annakvart år. Leiar er ansvarleg. Endringar skal godkjennast av handballstyret. Sportsplanen skal formidlast til foreldre, leiarar og trenarar og leggast ut på: www.syril.no 2. MÅL FOR SYRIL HANDBALL Syril handball sine verdiar og mål byggjer på eit felles ansvar for trivsel, meistring, utvikling, gode haldningar og respekt. Alle som deltek som utøvar i Syril Handball sine aktivitetar skal: få eit sportsleg og sosialt tilbod tilpassa sitt nivå få mulegheit til å utvikle individuelle og felles sportslege og sosiale ferdigheiter få oppleve trivsel, glede og meistring gjennom trening og kamp For sesongen 2015-2016 skal vi ha som ha som mål: å vere inkluderande og arbeide aktivt med rekruttering av spelarar, trenarar, lagleiarar, dommarar og frivillige på alle nivå å ta initiativ til og legge til rette for eit godt samarbeid med andre idrettar og fritidsaktivitetar å stimulere sportsleg og økonomisk til at lag i alle årsklassar får tilbod om, og mulegheit til, å delta på turnering i løpet av sesongen å auke tal gutelag som representerer Syril i sesongen 2016/17 at Syril handball senior kvinner skal vere ein god sportsleg rekrutteringsarena der vi legg spesiell vekt på integrering av 16- åringar. Laget skal hevde seg i øvre halvdel av 4. divisjonstabellen etter avslutta sesong 2015/16 å ha ein trening og kampkultur prega av gode haldningar til oppmøte og fråværsmelding, kampgjennomføring og ansvar for utstyr og framferd i hallen. å ha dei beste handballarrangementa i kretsen med positiv og lystbetont dugnadsinnsats frå spelarar og foreldre 3

3. SPORTSLEGE FUNKSJONAR OG LAG Oversikt over rollar og funksjonar i Syril handball. Oppgåve Namn E-postadresse Telefon Leiar Eva S Fosshagen eva.fosshagen@sfj.no 905 42 818 Nestleiar Steinar Fredheim steinar.fredheim@kdu.no 481 68 274 Arrangement 992 91 713 Linda Fossberg linfoss@online.no Dugnad/sponsor Seniorkontakt Tore Oddvin tore.oddvin.stolen@sfj.no 415 30 980 Stølen Juniorkontakt Lillian Bruheim lillianbruheim@hotmail.com 415 10 202 Materialforvaltar Stig Olav Sørum Stig.olav.sorum@nav.no 95223552 Sportsleg leiar Pia Hickman piahickman@msn.com 94869455 Dommaransvarleg Geir Johan Aase Geir-johan.aase@vegvesen.no 951 91 773 Styret Eva Fosshagen, Steinar Fredheim, Pia Hickman, Linda Fossberg, Stig Olav Sørum Styresamansetting og oppgåver Syril Handball 2015/16 Leiar: Eva Fosshagen Medlem av hovudstyret i Syril Utarbeide årsplan for drift i samarbeid med styret og sikre oppfølging av denne Fordele ansvar innad i styre, involvere ressursar utanfor styret ved behov Kalle inn og leie styremøte (ca. 4 i året), Ansvar for å melde inn aktivitetar i hallen til felles aktivitetsplan Følgje opp sportsplanen og sjå til at sportslege aktivitetar er i tråd med denne. Vere klubben sin kontakt inn mot krets/region Kontakt med Leikanger kommune Ansvar for påmelding av lag i seriesystemet Ansvar for at det vert gjennomført lagleiarmøte før sesongstart og evalueringsmøte etter sesongavslutning Vere klubben sitt ansikt i presse og informasjonsarbeid Ansvar for at alle aktive har betalt treningsavgift til klubben Ansvarleg for lisensregister. 4

Nestleiar: Steinar Fredheim Medlem av handballstyret Økonomiansvarleg, utarbeiding av budsjett, regnskap og oppfølging Sørgje for at rekningar blir levert hovudkasserar slik at dei vert betalt i rett tid. Ansvar for å skaffe nye sponsorar og følgje opp eksisterande Innkjøpsfullmakt saman med materialforvaltar Bistå leiar med ulike oppgåver Sportsleg leiar: Pia Hickman Medlem av handballstyret Følgje opp eventuelle partnerskapsavtalar Ansvarleg for å melde inn aktivitetar i hallen til felles aktivitetsplan. Kontakt for trenarar og lagleiarar vedr. bruk av hall. Ansvar for å følgje opp det sportslege arbeidet, og sikre at trenarane kan grunnleggande treningsprinsipp og har tilgang til treningsbank Dialog med trenarane på dei ulike laga om spelarutvikling, spelarnominasjon og hospitering Ansvarleg for utdannings- og kursaktivitet, oversikt over kva tilbod som finst, gjennomføre kompetanseplanlegging Koordinerer oppsett av treningstider i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar Formidle all info frå region/krets til laget sine lagsleiarar og motsatt veg. Materialforvaltar: Stig Olav Sørum Medlem av handballstyret Ansvarleg for utstyr og drakter i klubben, fellesutstyr i ballromma m. m Ansvarleg for utlevering av baggar til lagleiarar Ansvarleg for å inngå innkjøpsavtalar og foreta innkjøp og hente ut utstyr Arrangementsansvarleg: Linda Fossberg Medlem av handballstyret Koordinerer oppsett av arrangement i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar Ansvarleg for å få på plass sekretariat og kioskansvarlege til kvart heimekamp. Ansvarleg for innkjøp av kioskvarer. Ansvar for at alle dommarar/lagleiarar/trenarar blir tekne godt hand om under opphaldet i hallen. Ansvarleg for utbetaling til dommarar Ansvar for økonomisk oversikt for kioskdrifta og informere nestleiar om dette Ved heimekamp Ha klar vestar til gjestande lag i tilfelle like drakter Ha klar minst 3 kampballar til kampen 2 ballar til gjestande lag Ansvar for kamprapport bortelag, heimelag og domar skal signera. Ansvar for dommarskjema 5

Rapportere inn resultat frå heimekamp på nettsida til region vest Sende inn kamprapport Dommaransvarleg: Geir Aase Ansvarleg for påmelding av dommarar. Ansvarleg for rekruttering av dommarar og leiarar. Ansvarleg for koordinering av dommarregister Dugnad: Ansvar for å skaffe og organisere dugnadsarbeid, og fordele dette på ulike lag Ansvar for søknader av stipend/gåver/utstyrspakkar osv. saman med nestleiar Ansvar for kiosk under Kjerringi open Seniorkontakt: Tore Stølen Ansvarleg for å melde inn aktivitetar til sportsleg leiar. Fylgje opp spelarrekruttering, saman med sportsleg leiar, på kort og lang sikt Ansvarleg for å få på plass sportsleg støtteapparat for seniorlaga. Skal følgje opp laga slik at alle får eit godt sportsleg og sosialt tilbod Ansvarleg for at det vert utarbeidd årsmelding Koordinere spelarregister (namn, føresett, tlf. nr) Juniorkontakt: Lillian Bruhaug Ansvarleg for å melde inn aktivitetar til sportsleg leiar. Fylgje opp spelarrekruttering, saman med sportsleg leiar, på kort og lang sikt Informere om felles retningsliner som foreldrevettreglar m.m. Ansvarleg for å få på plass sportsleg støtteapparat for juniorlaga. Skal følgje opp laga slik at alle får eit godt sportsleg og sosialt tilbod Ansvar for koordinering av spelarregister (namn, føresett, tlf. nr) Lagleiar Frå og med J9/G9 skal kvart lag ha lagleiar som er administrativt ansvarleg for laget. Det bør vere eit mål å lage foreldregrupper/ressursgrupper rundt kvart lag som fordeler ulike oppgåver mellom seg; t. d transport til kampar, kamparrangement, dugnader/økonomi, cup-deltaking osv. Generelt syte for god kontakt mellom trenarar, foreldre og spelarar. informasjon og kontakt gjennom informasjonsmøte, e-post, sms, internett m. m halda orden på laget sitt utstyr, saman med trenarar, spelarane saman med trenar ha kontakt mot andre lag m.o.t. hospitering/differensiering. Leiar gjev råd om og tek avgjerd om hospitering, dersom usemje arrangere sosiale samlingar for laget min. sesongavslutning. Sjå retningslinjer kontakt med handballkrinsen 6

Sesongplanlegging planlegge terminliste/sesongen saman med trenarar saman med trenarane fordele trenaransvar for treningar og kampar arrangere min. eitt foreldremøte bør avviklast før sesongstart gå gjennom innhald i sportsplan dugnadsarbeid fordele foreldregruppa påmelding og organisering av reise og deltaking på turneringar. Planlegge avslutning med event. premiering Kontakt mot styret vere bindeledd mellom laget og juniorkontakt /leiar delta på lagleiarmøte gje tilbakemelding på treningstider og kampoppsett til leiar levere spelarliste til leiar, med tlf. nr, adresse, mailadr. og føresette rapportera status og behov for nye investeringar ved sesongavslutning til nestleiar skriva årsmelding for laget og levere leiar Kampar og turneringar organisere vakter til kiosk og sekretariat organisere køyring til kampar/turneringar bruk bussen etter retningsliner ansvar for at medisinskrin, med nødvendig innhald, er med til alle kampar syta for at drakter blir vaska etter kvar kamp vaskeliste organisera flytting av kampar dersom dette er heilt nødvendig, avklare med handballkrinsen saman med trenarar halda oversikt over spelarar brukt og speletid i kampar 7

4. BARNEHANDBALL G/J9 GENERELLE RETNINGSLINER Speleglede og leik skal vere grunnleggande Handballmiljøet er ein sosial møteplass, der venskap og lagkjensle vert utvikla Alle skal få spele like mykje og lat alle etter tur få spele frå start Lat alle få spele på ulike posisjonar på laget Del inn i jamne lag mål om jambyrdige lag i trening og kamp Lær ungane å tole både siger og tap toler dei vaksne å tape, gjer borna det også Legg til rette for at ungane kan vere allsidige koordiner gjerne tilbodet med andre idrettar Handball er eit spel legg til rette for ulike spelformer/øvingar, leik og basis ferdigheitsøvingar Praktiser FAIR PLAY positiv tone i trening og kamp, vi takkar motstandarar for kampen og kjeftar ikkje på dommaren NB! Trenarane er førebilete TRENINGSTILBOD Frå haustferien til påskeferien inntil 2 gonger pr. veke min. 1 trening i veka. Turneringsspel med inntil 4 turneringar TRENINGSINNHALD Legg vekt på lystbetonte treningsøkter instruksjon i små dosar! Lag eit treningsinnhald der alle opplever meistring Mesteparten av treningsaktiviteten bør vere med ball Bruk minst halve tida på spelformer kvar trening Prioriter basistrening med få spelarar Mest mogeleg ballkontakt! Beste motiveringsfaktor er å skåre mål målretta øvingar og store nok mål Unngå kø, t. d ved skottrening el. andre øvingar - del inn i grupper Minimerke I og II bør gjennomførast og øvingane leggast inn i treningsaktiviteten TEMA Individuell ballbehandling pakke/kaste/mottak/finte Spele saman to og to ta i mot og kaste tilbake ballen Spele mot overliste motstandar og lage mål Spel og leikformer som utviklar teknikk retta mot avslutningar på mål ANDRE TILTAK God dialog med foreldregruppa involvere og engasjere foreldra i turneringar og andre sosiale og sportslege aktivitetar Sesongavslutning med premiering (statuett)for deltaking (lagleiar) TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Min. 1 av trenarane bør ha aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om og bør gjennomføre aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om interne trenarforum/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet 8

Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. 5. BARNEHANDBALL G/J10 12 GENERELLE RETNINGSLINER Det skal vere jamne lag i seriespelet - mål om jambyrdigheit på trening/kamp Alle skal spele og ha tilnærma lik speletid Laga bør trene og spele saman på tvers av årsklassar, Legg til rette for at spelarar kan hospitere i andre treningsgrupper/på andre lag Skap gode haldningar møte presis og jamleg på trening, høyre etter Praktiser Syril handball sine verdiar. positive tilbakemeldingar til kvarandre, ikkje kjeftbruk, respekter dommar Spelarane skal møte klare og førebudd til trening i tide og ha med nødvendig utstyr TRENINGSTILBOD Frå haustferien til påskeferien inntil 2 gonger pr. veke TRENINGSINNHALD Legg vekt på å utvikle tekniske basisferdigheitar Trening med ball Små grupper gir meir aktivitet til alle Leik og moro Alle skal oppleve meistring og treninga må tilpassast spelaren sitt ferdigheitsnivå Ver bevisst på differensiering sjå generelle råd om differensiering Felles uttøying er ei god avslutning på økta - sportsleg og sosialt Introduser spelarsposisjonar og lagformasjonar TEMA Individuell ballbehandling pakke/kaste/mottak/finte Spele saman to og to ta i mot og kaste tilbake ballen Spele mot overliste motstandar og lage mål Spel og leikformer som utviklar teknikk retta mot avslutningar på mål ANDRE TILTAK Det skal arrangerast sesongavslutning for spelarar, trenarar og leiarar TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Ein av trenarane bør ha aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om og bør gjennomføre aktivitetsleiarkurs Trenarar skal få tilbod om interne trenarforum/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. 9

6. UNGDOMSHANDBALL G/J13 16 GENERELLE RETNINGSLINER Handball skal spelast evna til å spele hurtig, presis og effektiv handball skal utviklast; Spelarane skal bli coacha i å finne gode løysingar og i å spele kvarandre gode Ros gode val og forsøk på å spele seg fram til avsluttningsituasjonar Drep ikkje kreative spelarar.. Ver bevisst på differensiering sjå generelle råd om differensiering Alle som trenar skal spele kampar, speletid blir fordelt etter oppmøte, ferdigheit og innsats. Legg til rette for hospitering i andre treningsgrupper/på andre lag Slå ned på munnbruk og negative tilbakemeldingar mellom spelarane Jobb bevisst med haldningar positiv oppmuntring til kvarandre Introduser spelarsposisjonar og lagformasjonar og formasjonstrening Felles uttøying er ei god avslutning på økta - sportsleg og sosialt Differensiering mellom førstelag og andre lag. Dersom eit årskull i ungdomshandballen har to eller fleire lag i serien, kan trenar/lagleiar differensiere mellom eitt førstelag og eitt andrelag. Spelarane skal kunne veksle mellom laga. Kriterie som skal leggjast til grunn for om spelarane skal spele på første eller andre laget er oppmøte, holdning og innsats på trening og i kamp. TRENINGSTILBOD Frå haustferien til påskeferien inntil 2-3 gonger pr. veke TRENINGSINNHALD Prioritere ferdigheit og teknikk Individulle ferdigheiter framleis viktigast Spenst, styrke og hurtigheit på kvar trening Begynne å trene på relasjonelle ferdigheiter (samhandling) Forsiktig start med øving på taktiske ferdigheiter Spel med krav til taktisk tenking øve på å ta hensiktsmessige val Minst eit par timar handballteori(video) i løpet av sesongen Kondisjon i form av spel med ball Korte speløkter med høg intensitet. 5-10 min innsats og 1-2 min pause. Oppmuntre og legge til rette for eigentrening og anna idrettsaktivitet TEMA Tekniske ferdigheiter o Det skal terpast på mottak, pasningskvalitet og skuddvarianter o Minst 1 finte skal sitte Forsvarsspel o 2 og 2 samforsvarar o Sideforskyving, støyting Angrep o Hurtig igangsetting av keeper o Avslutningstrening frå ulike posisjonar 10

o o o o Avslutningstrening på uetablert forsvar langpasningar /rushpasningar Lære seg å bruke opningar Terpe straffe TRENARAR Kvar gruppe bør ha 1 til 2 trenarar som har hovudansvar samt hjelparar frå foreldregruppa på alle treningar og kampar Helst ein trenar med trenar 1-utdanning Treningsplan skal utarbeidast før sesongstart Trenarar skal få tilbod om trenarkurs/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. Trenarar skal så langt det er mogleg delta på sone- og regionale samlingar der spelarar frå Syril deltek. Det er viktig at trenarar følgjer opp desse samlingane, bl.a. ved å ta øvelsar og liknande med til eigne treningar 7. FORELDREVETTREGLAR: - Møt opp på treningar og kampar ungane ynskjer det. - Gi oppmuntring til alle spelarane under kampen. - Gi oppmuntring i både medgang og motgang - ikkje gi dårleg kritikk - Hjelp ungen din til å tåla både seier og tap. - Støtt dommaren(rettleiaren) ikkje kritiser dommaravgjersle. - Respekter trenaren sin bruk av spelarar - ikkje prøv å påverke avgjersler under kamp. - Vis respekt for det arbeidet klubben din gjer tilby din hjelp. - Hugs at det er ungen din som spelar handball - ikkje du. - Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta - ikkje press - Spør om kampen var morosam og spennande - ikkje berre om resultatet - Husk at borna gjer som du gjer - ikkje som du seier - Meld frå til trenar dersom ungen din ikkje har høve til å møte på kamp eller trening. 11

8. SENIORHANDBALL GENERELLE RETNINGSLINER Trenar tek ut lag til kamp og avgjer speletid for kvar spelar. Legge til rette for basis- og skadeførebyggjande trening også mht individuelle behov ved skader Krav om oppmøte utan gyldig fråveregrunn. Ein må melde frå til trenar dersom ein ikkje har høve til å møte på kamp eller trening. TRENINGSTILBOD Minimum to treningar på minimum 1,5 timar per økt i veka i sesongen. eigentrening utanfor sesong basert på opplegg frå trenar. TRENINGSINNHALD Ekstra kondisjons- styrketrening i oppkøyring til sesong. Mykje teknikk og speletrening, med innlagt formasjonstrening, men også basis- og skadeførebyggjande trening Spel med krav til taktisk tenking øve på å ta hensiktsmessige val Minst eit par timar handballteori(video) i løpet av sesongen Spelarane skal bli coacha i å finne gode løysingar og i å spele kvarandre gode Oppmuntre og legge til rette for eigentrening og anna idrettsaktivitet TEMA Tekniske ferdigheiter o Det skal øvast inn fleire finter/forsvarsspel Det skal terpast på mottak, pasningskvalitet og skuddvariantar o Trene på ulike forsvarsformasjonar o Trene hurtigheit og å unngå straff i forsvar Angrep o Avslutningstrening på etablert forsvar o Trene på ulike angrepsformasjonar o Innøving av trekk o Trene på å få meir bevegelse i angrep utanfor innøvde trekk. ANDRE TILTAK Sosiale samankomstar også utanfor bana TRENARAR Det er eit mål å ha minst to trenarar i gruppa Helst ein trenar med trenar 1-utdanning Treningsplan skal utarbeidast før sesongstart Trenarar skal få tilbod om trenarkurs/samlingar og bør delta på slike Trenarar skal bruke sportsplanen i treningsarbeidet Trenarar skal delta på oppstartsmøte før sesongen og på evalueringsmøte etter sesongen. 12

9. DIFFERENSIERING Kva er differensiering? Differensiering er å gje alle spelarar eit tilbod som er stimulerande for den sportslige utviklinga. Det inneber at alle skal oppleve meistring i det ein gjer og at alle har noko å strekke seg etter. Med meistring fylgjer også trivsel. Korleis gjennomføre differensiering? Hospitering Supplerande treningar for dei som er mest motiverte. Tilpass treningstilbodet for den enkelte opne opp for mindre treningsmengder etter avtale med trenar Er ein fleire trenarar kan ein i periodar av treninga dele gruppa etter ferdigheitsnivå Tekniske øvingar der fleire med same ferdigheiter øver ilag Legg til rette for spelsituasjonar med fleire enn to lag; lat spelarar med same ferdigheitsnivå spele saman Tenk lagspel og ver bevisst måten ein differensierer på Differensiering mellom førstelag og andre lag dersom eit årskull i ungdomshandballen har to eller fleire lag i serien. 10. HOSPITERING Kva er hospitering? Hospitering er å gje gode og motiverte spelarar tilbod om å trene og/eller spele kampar på eit høgare ferdigheitsnivå enn dei får ved å trene med sitt ordinære lag. I praksis vil dette seie at ein blir med eldre spelarar i trening og kamp, eller at jenter får bli med gutar i trening og kamp. Kven skal delta på hospitering? Alle spelarar på sone og kretslag skal ha tilbod om hospitering Frå spelarane fyller 12 år, bør dei mest motiverte få prøve seg på eit høgare nivå enn der dei til vanleg spelar/trenar I dei yngste klassane bør minimum to spelarar hospitere samstundes Ein motivert spelar er ein spelar som har nær 100% frammøte på trening, har god moral og yter godt på trening Korleis gjennomføre hospitering? Hospitering må vere tilpassa kvar enkelt spelar Hospitering på trening er viktigare enn å hospitere i kamp Legg til rette for utvida treningstilbod ved å ha ulike treningsdagar for lag som naturleg skal samarbeide Det er spesielt viktig å delta på speleøkter 13

Grader av hospitering Flytta opp fast, dvs. alle treningar og alle kampar Alle treningar med eldre lag, kampar med begge lag Berre trening 1-2 treningsøkter i veka eller i periodar av sesongen Prøve seg i einskilde kampar Kven avgjer kva spelar som skal hospitere? Trenarane for dei ulike laga skal ha dialog og bli einige om opplegget for hospitering Sportsleg leiar gjev råd om hospitering og tek avgjerd ved usemje Kven skal informerast? Spelarar, foreldre til spelar, trenarar og lagleiarar på begge lag Det skal gis informasjon om hospitering på foreldremøte. Informer om kva, kven og kvifor 11. TEKNIKKMERKET I HANDBALL Teknikkmerkeprøvane i handball er fyrst og fremst laga for å motivere spelarane til meir individuell teknisk trening, og for å fokusera på viktigheita av å trene på detaljer. Alle prøvane er laga slik at dei gode teknikarane favoriserast, men ingen prøver er så vanskelege at berre eit fåtal vil klara dei. I merkeprøvane er det lagt vekt på å få med sentrale teknikkar frå handballspelet. Desse teknikkane er så viktige å beherska, at dei i alle fall bør prioriterast i handballtreninga. Enkle reglar Reglane for prøvane er enkle både å forstå, leia og kontrollera. Her finns da ingen skjønnsmessig vurdering, alle resultat er målbare, og merketakarane er ikkje prisgitt medspelarens prestasjonar. Difor får alle merketakarane dei same utfordringane. Nokre poeng TEKNIKKMERKET i handball har fem graderingar: raud, bronse, sølv, gull og gullballen. Raudt merke, har vanskeligheitsgrad legere enn bronse, og de fleste barn frå 7-9-års alder vil klare prøvene. Krava til bronse-, sølv- og gullmerket skal, med litt trening, også være mulig å klare for de fleste frå 10-12-år og oppover. Prøvene føregår i gymnastikksal og/eller på handballbane inne eller ute. Prøvene til Gullballen er vanskeligare og krev både mykje trening og litt talent. Prøvene til Gullballen føregår på handballbane. Det er ingen aldersgrense på de ulike merkene, og krava er dei same for begge kjønn. Merketakaren kan avlegga prøvane til kva grad som helst, utan fyrst å ha avlagt prøvane 14

til legere grad. Alle klubber, foreiningar, lag eller skuler kan arrangere merkeprøvar. Merketakaren må nødvendigvis ikkje være medlem av nokon klubb eller foreining. Gjennomføring Merketakaren kan avlegga ein og ein prøve. Det er ingen begrensning i tal forsøk på kvar prøve. Det skal væra minst ein kontrollør til stades når prøvane blir utføret. Denne person må kunne prøvane og kjenna merkekrava. Til prøvane nyttast den type ball som merketakaren nyttar i konkurransesamanheng. Barn på 9 og 10 år bruker miniball (ball 2) eller mjukhandball av same størrelse. Barn under 9 år bruker mikroball (ball 1) eller mjukhandball av same størrelse. Krava for teknikkmerke finner ein på http://www.handball.no/p1.asp?p=21958 Leikanger oktober 2015 Styret i Syril handbal 15