VOLDA KOMMUNE Driftsstyret MØTEPROTOKOLL Utval: Møtestad: Møterom: Dalsfjorden, Rådhuset Dato: 18.11.2015 Tid: 14:00 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Rebecca Riise Bjerknes Leiar SP Hild Våge Nestleiar AP Alf Jakobsen Medlem SV Mathilde Sjøhelle Eiksund Medlem V Henning Holsvik Medlem KRF Roald Arnold Espset Medlem FRP Per Svein Krøvel Medlem H Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørn Ytrestøyl Medlem AP Inger Tove B. Simonnes Medlem KRF Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Kjell Petter Wiik Inger Tove B. Simonnes KRF Uthman Abu Harbid møtte for AP Frå administrasjonen møtte: Namn Vibeke Berge Henrik Skovly Jorunn Anne Tomasgard Finn Preben Mathiesen Bente Kristin Krøvel Stilling Konsulent skule Økonomisjef Helse og omsorgsleiar Møtesekretær SAKLISTE Saksnr. PS 31/15 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste
PS 32/15 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Orienteringssaker OS 12/15 Referat frå SU Vikebygda skule 02.11.15 OS 13/15 Oppsummering etter dialogmøte mellom kommunar og helseføretak i Møre og Romsdal OS 14/15 Sluttrapport prosjekt. Elektronisk meldingsutveksling søre Sunnmøre - samhandling via norsk helsenett PS 34/15 Årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 PS 33/15 Kommunale representantar til samarbeidsutval ved skulane og dei kommunale barnehagane PS 31/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaming: Forslag frå leiar at sak PS 33/15 vert handsama som siste sak. Orienteringssakene vert handsama etter sak PS 32/15. Bjørn Ytrestøl går ut av driftstyret, han blir truleg erstatta av Uthman Abu Harbid som møtte i dette driftstyret. Uthman har ikkje stemmerett før han er formelt vald. Endringa skal opp i valstyret. Leiaren har fått invitasjon frå FAU ved Austefjord skule. Det gjeld skulenedlegging og skyss frå krinsane i Austefjorden. Tilbod om å vere med på synfaringa på skuleskyssruta og utvida foreldremøte kl.17.00. Forslag om at driftstyret held ekstra møte den 24.11 kl.14.30 for å diskutere budsjettet. Driftstyret møter på rådhuset kl.14.30 for å handsame budsjett. Kl.15.30 felles avreise frå rådhuset til Austefjord skule. Samrøystes vedteke at driftstyret held ekstra møte 24.11 kl.14.30. Handsaming av budsjett før avreise til Austefjorden. Røysting: Med endring på handsaming av sakene vart innkalling og sakliste samrøystes godkjend. Samrøystes vedtak i Driftsstyret - 18.11.2015 Med endring på handsaming av sakene vart innkalling og sakliste samrøystes godkjend.
PS 32/15 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Samrøystes vedtak i Driftsstyret - 18.11.2015 Møteprotokoll frå forrige møte, 07.10.2015, vart samrøystes godkjend. Orienteringssaker OS 12/15 Referat frå SU Vikebygda skule 02.11.15 OS 13/15 Oppsummering etter dialogmøte mellom kommunar og helseføretak i Møre og Romsdal OS 14/15 Sluttrapport prosjekt -Elektronisk meldingsutveksling søre Sunnmøre - samhandling via norsk helsenett Finn Preben Mathiesen orienterte om prosjektet Elektronisk meldingsutveksling på søre Sunnmøre. PS 34/15 Årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 Handsaming: Gildskap: Per Svein Krøvel spurte om gildskap då det i budsjettet er tiltak som berører eit familiemedlem. Krøvel gjekk frå under handsaming og røysting om gildskap. Krøvel vart samrøystes kjend gild og tok sete att. Mathilde Eiksund spurte om gildskap då det kom opp framlegg om tilskot til ballettskulen sine vår og haustframsyningar. Grunn at mor hennar sit i styret for ballettskulen. Mathilde Eiksund deltok ikkje i røysting og handsaming av gildskapen. Mathilde Eiksund vart kjend ugild. Økonomisjef Henrik Skovly orienterte om budsjettet. Framlegg frå AP v/hild Våge: 1.Driftstyret er uroa for arbeidsmiljøet i pleie og omsorg og er nøgd med at det er sett i gong ei arbeidsmiljøundersøking. Driftstyret vil oppmode om at det vert sett av ressursar til å gjennomføre tiltak for å løyse evt. problem som kjem fram av arb.miljøundersøkinga. 2.Driftstyret oppmodar Volda kommune om å opprette fleire lærlingplassar. Dette er viktig i høve rekruttering av fagarbeidarar til alle tenesteområda i kommuna. Framlegg frå KRF Kjell Petter Wiik: Driftstyret ber kommunestyret løyve kr.20.000, til Ørsta-Volda ballettskule sine framsyningar våren og hausten 2016. driftstyret ber formannskapet finne løyvingar til dette.
Framlegg frå KRF Kjell Petter Wiik: Viser til punkt 2.10 i årsbudsjettet 2016, næringsutvikling. Driftstyret ber administrasjonen fremme ei sak vedrørande tildeling av midlar frå kraftfond og næringsfond i løpet av 2016, i god tid før budsjetthandsaming Røysting: Framlegga frå AP v/hild Våge vart samrøystes vedtekne. Det var prøverøysting på KRF v/kjell Petter Wiik sitt framlegg om løyving til ballettskulen. Prøverøysting viste seks røyster for og ei mot. Endeleg røysting på framlegget vart samrøystes. KRF v/kjell Petter Wiik sitt framlegg til punkt 2.10 i årsbudsjettet 2016 vart samrøystes vedteke. Samrøystes vedtak i Driftsstyret - 18.11.2015. Innspel til årsbudsjett 2016 Driftstyret er uroa for arbeidsmiljøet i pleie og omsorg og er nøgd med at det er sett i gong ei arbeidsmiljøundersøking. Driftstyret vil oppmode om at det vert sett av ressursar til å gjennomføre tiltak for å løyse evt. problem som kjem fram av areidsmiljøundersøkinga. Driftstyret oppmodar Volda kommune om å opprette fleire lærlingplassar. Dette er viktig i høve rekruttering av fagarbeidarar til alle tenesteområda i kommuna. Driftstyret ber kommunestyret løyve kr.20.000, til Ørsta-Volda ballettskule sine framsyningar våren og hausten 2016. driftstyret ber formannskapet finne løyvingar til dette. Viser til punkt 2.10 i årsbudsjettet 2016, næringsutvikling. Driftstyret ber administrasjonen fremme ei sak vedrørande tildeling av midlar frå kraftfond og næringsfond i løpet av 2016, i god tid før budsjetthandsaming PS 33/15 Kommunale representantar til samarbeidsutval ved skulane og dei kommunale barnehagane Administrasjonen si tilråding: Driftsstyret vel representantar og vararepresentantar frå kommunen til samarbeidsutvala ved kommunale barnehagar og skular i Volda for perioden 2016-2019: Barnehage/ skule Representant Vararepresentant Austefjord barnehage Engeset barnehage
Folkestad barnehage Lauvstad barnehage Mork barnehage Oppigarden barnehage Sollia barnehage Austefjord skule Bratteberg skule Dalsfjord skule Folkestad skule Mork skule Vikebygda skule Volda ungdomsskule Øyra skule Handsaming: Framlegg frå driftstyret: Barnehage/ skule Representant Vararepresentant Austefjord barnehage Henning Holsvik Erlend Krumsvik Engeset barnehage Rebekka Riise Bjerknes Eiliv Halkjelsvik Folkestad barnehage Hild Våge Alinde Marie Bjørkedal Lauvstad barnehage Kjell Petter Wiik Helge Standal Mork barnehage Alf Jacobsen Janne Heggvoll Oppigarden barnehage Per Svein Krøvel Idar Flo Sollia barnehage Inger Tove B. Simonnes Kaspar Selvik Austefjord skule Henning Holsvik Erlend Krumsvik Bratteberg skule Per Svein Krøvel Ivar Otto Kristiansen Dalsfjord skule Kjell Petter Wiik Inghild Liv Remøy Folkestad skule Hild Våge Alinde Marie Bjørkedal Mork skule Alf Jacobsen Janne Heggvoll Vikebygda skule Uthman Abu Harbid Odd Martin Velsvik Volda ungdomsskule Mathilde Eiksund Dag Aarflot Øyra skule Roald A. Espset Anne Lise Fredly Samrøystes vedtak i Driftsstyret - 18.11.2015 Barnehage/ skule Representant Vararepresentant Austefjord barnehage Henning Holsvik Erlend Krumsvik Engeset barnehage Rebekka Riise Bjerknes Eiliv Halkjelsvik Folkestad barnehage Hild Våge Alinde Marie Bjørkedal
Lauvstad barnehage Kjell Petter Wiik Helge Standal Mork barnehage Alf Jacobsen Janne Heggvoll Oppigarden barnehage Per Svein Krøvel Idar Flo Sollia barnehage Inger Tove B. Simonnes Kaspar Selvik Austefjord skule Henning Holsvik Erlend Krumsvik Bratteberg skule Per Svein Krøvel Ivar Otto Kristiansen Dalsfjord skule Kjell Petter Wiik Inghild Liv Remøy Folkestad skule Hild Våge Alinde Marie Bjørkedal Mork skule Alf Jacobsen Janne Heggvoll Vikebygda skule Uthman Abu Harbid Odd Martin Velsvik Volda ungdomsskule Mathilde Eiksund Dag Aarflot Øyra skule Roald A. Espset Anne Lise Fredly Møtet slutt kl.17.45 Rett utskrift vert vitna 20.11.2015 Volda kommune, servicekontoret Bente Kristin Krøvel førstesekretær