Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga Kontroll ved Vågsøy kommune / Vedvik avfallsplass Endeleg RAPPORT Verksemda si adresse: Postboks 41 6701 Måløy Arkivkode: 2005/4996 /471 Lovverk: Sjå punkt 2 Dokumentgrunnlag Tidsrom for kontrollen: 21.09.2005 Kontrollør Bjarne Nes Kontaktperson i verksemda: Deltaking frå Arvid Oksholen kommunen: Ole Bernås Ponniah Sriranganathan Ole Bernås Innhald i rapporten: Rapporten omtalar avvik og merknader som vart konstatert under kontrollen. Andre tilhøve som vedkjem aktuelle kontrolltema er og omtalt. Hovudkonklusjon: Følgjande avvik vart avdekka under kontrollen: - Det er manglande kontroll med samansetjinga av avfallet. Kontrollen gav grunnlag for desse merknadene: - Kontrollen av avfall som blir deponert kan betrast - Avvikssystem er lite i bruk (ikkje skriftleg avviksbehandling for eksempel i tilfelle feillevering av avfall) Utarbeidd dato: 16.11.2005 For Fylkesmannen Bjarne Nes kontrollør Side 1
Innhald Side 1. Innleiing... 3 2. Dokumentgrunnlag... 4 3. Avvik... 4 4. Merknader... 4 5. Andre tilhøve... 5 Side 2
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter kontroll av Vågsøy kommune sitt mottak og deponering av avfall ved Vedvik avfallsplass den 21.09.2005. Kontrollen er ein del av ein landsomfattande kontrollaksjon som Statens forurensningstilsyn og fylkesmennene gjennomfører hausten 2005. Målet med aksjonen er å kontrollere at avfallsdeponia blir drivne forsvarleg og i samsvar med utsleppsløyve og gjeldande forskrifter. Det vart særleg sett på om deponia har ein god kontroll med det avfallet som blir teke i mot/deponert. Dette m.a. for å unngå at ulovleg avfall hamnar på deponia. For deponi som skal avviklast før 01.01.2009 omfattar kontrollen òg planane for og framdrift i arbeidet med avslutning. Kontrollen vart gjennomført ved samtalar med ansvarlege for avfallshandteringa i Vågsøy kommune, samtale med driftspersonale, gjennomgang av avfallsregistrering og diverse rutinar og journalar, og ved inspeksjon ved Vedvik avfallsplass. Kort omtale av Vedvik avfallsplass og avfallshandteringa. Gjeldande utsleppsløyve for Vedvik avfallsplass er datert 22.06.2000, og er ei oppdatering/endring i høve tidlegare løyve frå 1991. På avfallsplassen sitt område er det i dag: Mottak og mellomlager for farleg avfall / EE-avfall Containerar for sortering av avfall frå private og næringslivet Containerar for restavfall Omlastingsstasjon for hushaldningsavfall Omlastingsstasjon for avløpsslam Deponiområde I tillegg er det òg eit område avsett til biloppsamling, men biloppsamlingsplassen er for tida stengt for mottak, og området er rydda for kasserte kjøretøy. Etter 01.01.2004 har innsamla hushaldningsavfall ikkje blitt deponert, men sendt til forbrenning på Averøya. Mengda avfall til deponi har gått vesentleg ned dei siste åra. I 2004 vart det deponert om lag 800 tonn til saman av hushaldings- og næringsavfall, medan tala til no i 2005 er om lag 470 tonn. Det er mengde avfall frå næringslivet som har blitt redusert mest. Definisjonar: AVVIK vert definert som brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova, forskrifter til lova, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) MERKNAD er definert som tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. (Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad.) Side 3
2. Dokumentgrunnlag Særleg viktige dokument for kontrollen: Ureiningslova Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 9 Utsleppsløyve datert 14.08.1991 m/endring 22.06.2000. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta). Diverse korrespondanse mellom Vågsøy kommune og Fylkesmannen 3. Avvik Følgjande avvik vart oppdaga under kontrollen: Avvik 1: Det er manglande kontroll med samansetjinga av avfallet. Avvik frå: Utsleppsløyve datert 14.08.1991 m/endring 22.06.2000. Punkt 4.2 i vilkåra for løyvet Kommentarar: Om kontroll med samansetjinga av avfallet står det i løyvet m.a.: Det skal gjennomførast jamlege stikkprøvekontrollar med samansetjinga av avfallet. Formålet med dette er å hindre at ulovleg avfall blir levert og å få eit grunnlag for å vurdere omfanget av ulovleg levering eller feillevering av avfall til deponiet. Dette vil igjen gje grunnlag for å setje inn tiltak der det er nødvendig. Det er ikkje gjennomført rutinemessige stikkprøvekontrollar eller sorteringsanalyse av avfallet. Innsamla våtorganisk avfall og restavfall frå hushaldningane blir ikkje deponert, men blir tippa frå renovasjonsbil direkte i containerar for vidare transport. Dette avfallet blir ikkje kontrollert av kommunen. Det blir opplyst at avfallet blir omlasta igjen ved TCG sitt anlegg i Stryn, og at det der skjer ei sortering før det blir transport vidare til forbrenning. 4. Merknader Følgjande tilhøve gav grunn til merknader under kontrollen: Merknad 1: Kontrollen av avfall som blir deponert kan betrast Kommentar: Det blir registrert mengde (vekt) og type avfall som kjem til avfallsplassen. Type avfall blir bestemt ut frå opplysningar frå avfallseigar/transportør, og ut frå noko visuell kontroll. Med ein person på plassen kan det vere vanskeleg både å ha kontroll ved innkjørsel og ved sorteringplassen. Området ved sorteringsplassen er overvaka med kamera, noko som venteleg lettar arbeidet til operatøren. Restavfall blir i all hovudsak tippa i restavfallscontainerar før deponering. Mindre mengder næringsavfall kan bli tippa direkte på fyllinga utan anna kontroll enn den visuelle kontrollen av kompaktorføraren. Det er noko usikkert kor godt dette avfallet blir kontrollert før deponering. Det blir opplyst at avfall som ikkje er tillete å deponere har blitt avvist eller plukka ut. Dette er ikkje dokumentert med avviksmelding eller liknande. Under kontrollen vart det m.a. observert nokre bildekk som ikkje skal deponerast. Jf. òg avvik 1. Side 4
Merknad 2: Avvikssystem er lite i bruk (ikkje skriftleg avviksbehandling for eksempel i tilfelle feillevering av avfall) Kommentar: Vågsøy kommune har tidlegare utarbeidd rutinar for m.a. avviksbehandling som del av internkontrollen. Avvikssystemet synest likevel ikkje å vere teke i bruk, m.a. når det gjeld å dokumentere korleis feillevering av avfall blir handtert. 5. Andre tilhøve Framtidig drift av avfallsplassen. Vågsøy kommune har sendt søknad om fritak for kravet til botntetting, og om vidare drift av deponiet. I møtet vart det gitt klart uttrykk for at kommunen framleis ønskjer å halde oppe drifta, sjølv om avfallsmengda har gått sterkt ned. Tidlegare påpeikte manglar. Ved tidlegare kontrollar ved deponiet har det blitt gitt avvik som ikkje er lukka, og som vil bli handtert særskilt. Dette gjeld: - Manglande heildekkande fangnett mot fugl. Kommentar: På kontrolldagen var ikkje heildekkande fangnett mot fugl sett opp. - Manglar ved avskjerande grøfter for overflatevatn. Kommentar: Det var gjort arbeid på avskjerande grøfter. Kor god effekt desse har var det vanskeleg å vurdere under kontrollen. - Manglande/mangelfull inngjerding Kommentar: Inngjerding av deponiet pågår, men var ikkje avslutta på kontrolldagen. - Ukontrollert nedtrenging av sigevatn. Kommentar: Det er gjort tiltak for å hindre nedtrenging av sigevatn. Injisering av fjellet i ei sprekksone/svakheitssone i området ved fangdammen nedstraums deponiet utført. Andre observasjonar på avfallsplassen. På kontrolldagen var avfallsplassen ryddig. Det aktive fyllingsområdet er lite. Det må og merkast at avfallsmengda som blir deponert er særs liten. Deponerte mengder til no i 2005 er oppgitt til i underkant av 500 tonn. Tildekkinga av fyllingsfronten kunne ha vore betre. Det var lite flygeavfall å sjå i området utafor plassen. Det er sett opp eit mindre fangnett som truleg reduserer mengda flygeavfall noko. Utsorteringa av gjenvinnbart avfall kan betrast. M.a. skjer det deponering av trevirke og anna brennbart materiale som kunne ha gått til material- eller energigjenvinning. Side 5