Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 18.02.2013 Sakhandsamar: Saka gjeld: Hans Stenby og Terje Arne Krokvik Godkjenning av forprosjekt for Sengebygg Sør, Helse Bergen HF Arkivsak 2012/300/ Styresak 027/13 B Styremøte 06.03. 2013 Forslag til vedtak 1. Styret i Helse Vest RHF godkjenner forprosjekt for Sengebygg sør i Helse Bergen HF. 2. Forprosjektet blir lagt til grunn for vidare detaljprosjektering og innhenting av anbod. 3. Kostnadsramma for prosjektet blir sett til kr. 380 mill
Oppsummering Det er planlagt eit nytt barne- og ungdomssenter i Helse Bergen (BUSP). Utbygginga er planlagt i to trinn. BUSP 1 som skal innehalde lokale for barne- og ungdomspsykiatrien og psykosomatisk medisin, er sett i gang og planlagt ferdig i 2015/16. BUSP 2 som skal innehalde lokale for dei somatiske tenestene til barn og unge er under planlegging. BUSP 2 skal ligge på same område som dagens barneklinikk. Det var opphavleg planlagt ein bygge- og riveprosess som i ettertid viser seg å bli krevjande. Det er såleis tatt initiativ til å vurdere andre løysingar for barneklinikken i ein overgangsfase. Helse Bergen har føreslått dette løyst ved at det blir bygd eit eige sengebygg, «Sengebygg Sør», som kan huse barneklinikken i byggeperioden og i neste omgang kan nyttast som sengebygg i samband med renovering av sengeetasjane i sentralblokka. Det siste er planlagt frå 2022. Styret i Helse Vest RHF har tidligare behandla eit skisseprosjekt/konsept for Sengebygg sør. Det ligg no føre eit forprosjekt som blei behandla av styret i Helse Bergen 24.01.13. I forprosjektfasen er prosjektet gjennomarbeidd på eit meir detaljert nivå. Arealramma for barneklinikken er som i konseptfasen, men det er lagt til rette for å utnytte heile den underste etasjen. Tilleggsarealet skal nyttast til andre formål. Investeringsramma er justert opp og nå sett til kr 380 mill. kr. Fakta Styret i Helse Bergen behandla i styremøtet i mai 2011 konseptrapport for Sengebygg sør. Styret gjorde følgjande vedtak, jf. sak 38/12 A: 1. Styret i Helse Bergen rår til at Sengebygg sør vert greidd ut på forprosjektnivå. 2. Styret bed om at saka vert send til Helse Vest til vidare førehaving. Helse Vest handsama saka (B 80/12) i styremøte i juni 2012 og vedtok følgjande: Styret i Helse Vest godkjende at nytt Sengebygg sør i Helse Bergen blir vidareført til forprosjekt. Planarbeidet blei såleis vidareført frå konseptfase til forprosjektering. Styret i Helse Bergen behandla i møte 24.01.13 sak om forprosjekt, jf. sak 9/13 A. Styret fatta følgjande vedtak: 1. Styret i Helse Bergen legg den framlagde forprosjektrapporten for Sengebygg sør til grunn for realisering av investeringsprosjektet. 2. Prosjektkostnaden har ei ytre ramme på 380 mill. kroner. 3. Sengebygg sør skal takast i bruk våren 2016. 4. Styret ber om at saka vert sendt vidare til Helse Vest for handsaming. Forprosjekt for Sengebygg sør blir her lagt fram for styret i Helse Vest RHF. Kommentarar Oppsummering frå arbeidet med forprosjektet Nytt barne- og ungdomssenter i Helse Bergen (BUSP) er planlagt i to trinn. BUSP 1 som skal innehalde lokale for barne- og ungdomspsykiatrien og psykosomatisk medisin, er sett i verk og planlagt ferdig i 2
2015/16. BUSP 2 som skal innehalde lokale for dei somatiske tenestene til barn og unge, er under planlegging og skal ligge på same område som dagens barneklinikk. (BUSP 2 er ikkje vedteken realisert.) Sengebygg sør skal bidra til å løyse to utfordringar. Den eine utfordringa er knytt til å få ei betre mellombels løysning for barneklinikken før innflytting i BUSP 2. (Det blir her vist til at den opphavlege planen om å rive og bygge tett innpå barneklinikken med full drift i bygget ikkje kunne anbefalast.) Den andre er å få på plass kapasitet som gjer at Helse Bergen på lengre sikt kan starte arbeidet med å rehabilitere sengepostane i Sentralblokka. I den framlagde forprosjektrapporten er prosjektet greidd ut på eit meir detaljert nivå, både når det gjeld konkretisering av behandlingsareala, serviceareal og ytingskrava/kvalitet når det gjeld bygg og teknisk anlegg i Sengebygg sør. Arealramma frå konseptrapporten står ved lag, dvs. 8000 kvm brutto i Sengebygg sør. Barneklinikken vil i tillegg disponera 1300 kvm brutto til kontorfunksjonen i gamle Medisin B. Samla areal brukt til mellombels lokalisering av Barneklinikken vert 9300 kvm brutto (8000+1300). Barneklinikken disponerer i dag 10500 kvm brutto. Dei nye areala vil likevel ha ein heilt annen kvalitet enn det som i dag er situasjonen på Barneklinikken. Utforminga av sengeareala legg føringar for bygget. Ein modell som støttar opp under god drift har vore sentralt i arbeidet. Bygget skal både vere eit godt bygg for pasientane/pårørande, og det skal vere eit bygg som kan drivast rasjonelt og med god kvalitet. I konseptarbeidet blei det lagt avgjerande vekt på korleis dei tilsette og pasientrepresentantane meinte at bygget burde utformast for å sikre god behandling, omsynet til pasientane og ei effektiv drift. Dei løysingane som konseptrapporten foreslo vert det framleis halde fast ved. I forprosjektfasen er det arbeidd særskilt med ei grundigare beskriving av romfunksjonar spesielt knytt til sengerom, bad og skyllerom. I denne samanheng er det avhalde eigne møte med fagpersonar innan smittevern for å finne løysingar som tilfredsstiller deira krav. HMS-eininga og vernetenesta har vore representert i prosjektgruppa under heile planleggingsfasen. Dette har sikra gode løysingar ved utforming av areala slik at også sentrale HMS-krav vert ivaretekne. Det er også arbeidd mykje med den eine underetasjen (U1) og dei miljøa som skal inn i dette arealet, mellom anna røntgen, laboratorieverksemd, skule, førskulepedagogisk tilbod og fysioterapi. I tillegg har det vore eigne møte med ulike representantar frå driftstekniske miljø, som transport, reinhald, vaskeri, kjøkken mv. Det har vore utfordrande å finne løysingar for alle dei aktuelle miljøa innanfor den arealramma som blei vedteken i konseptsaka. U1-etasjen vart berre svært grovt handsama i konseptet, og representerte såleis ein risiko når det gjaldt arealramma. Dei ulike miljøa har strekt seg langt og vist stor evne til å sjå eigen verksemd i samanheng med dei andre funksjonane i bygget. Det er difor funne gode løysingar innanfor tilgjengeleg areal. Sengebygg sør tydeleggjer at det er utfordrande å byggje på ei allereie trong sjukehustomt. Ambisjonen om å få installert eit automatisk transportanlegg er skrinlagt. Årsaka til dette er at den aktuelle traseen ut av Sentralblokka enten ville kome i konflikt med fundamentet for bæresystemet til helikopterplattforma eller kome inn under Gamle medisin B, noko som vil medføre krevjande sikringstiltak. Helse Bergen tar sikte på å realisere Sengebygg sør som eit «passivhus» med dertil låge energikostnadar. Dette er ei viktig sak for føretaket, mellom anna fordi dei krava som ligg i passivhus mest sannsynleg vil bli den nye standaren for bygg i framtida. Det er viktig å byggje kompetanse på slike bygg. Det er lagd ein miljøplan for bygget, som vert følgt opp i dei ulike prosjektfasane. Sengebygg sør vil bli realisert i fire etasjar over bakken og to etasjar delvis under bakken. I konseptrapporten vart det konkludert med at ein berre skulle byggja midtseksjonen i den andre underetasjen (U2). Denne midtseksjonen skal innehalde teknisk anlegg. 3
I samband med forprosjektet blir det fremja forslag om at ein i tillegg realiserer begge fløyene i U2, i alt ytterlegare 1000 kvm brutto. Desse areala vil ikkje bli brukt til av Barneklinikken, men fylle andre behov for føretaket, og vil difor ha ei eiga finansiering. Haukeland Universitetssjukehus er lokalisert på ei avgrensa og relativt lita tomt. Utnytting av dette arealet blir såleis sett som viktig. I U2/sørfløy vil Helse Bergen lokalisere ein park/veg-eining som har ansvaret for vedlikehald av ytre anlegg på sjukehusområdet. U2/nordfløy kan nyttast til fleire garderobeplasser samstundes som det blir lagt særskilt til rette for syklistar. U2-areala vil også vere nyttige ved framtidig utviding av bygget på sørtomta. Dei to fløyane i U2-etasjen vil ikkje kunne realiserast på eit seinare tidspunkt. Økonomiske konsekvensar Dei driftsøkonomiske konsekvensane for barneklinikken er omtala i konseptrapporten. Det er ikkje kome fram noko som endrar dette bildet i forprosjektfasen. For barneklinikken vil innflytting i Sengebygg sør ikkje representere ei driftsøkonomisk utfordring. Årsaka til dette er først og fremst at samla areal for barneklinikken ikkje aukar og prosjektet ikkje krev ei høgre bemanning. Avskriving av bygget vil utgjere 7,7 mill. kr som føretaket må handtere innafor samla driftsramme. Når det gjeld investering er det i kalkylen inkludert prising av økonomisk risiko for at alle massane må deponerast som spesialavfall og kostnaden ved innreiing av begge fløyene i U2. Korrigert for desse elementa er rådgjevarane si kalkyle på forprosjektnivå omlag på same nivå som i konseptet. Dei ulike faga har endra litt på sine kalkylar, men fordi tala går i ulik retning er totalbeløpet omtrent likt det som vart meldt inn i konseptrapporten. Prosjektkalkylen på forprosjektnivå summerer seg til 383,4 mill. (mot 383,5 mill. i konseptet). Samla kalkyle frå rådgjevarane for nybygget er (prisar pr. 2012): Prosjektkostnad, barneklinikken inn i Sengebygg sør (inkl. passivhus) 383,4 mill. kr Kalkulert risiko deponering av forureina masser 14,7 mill. kr 1000 kvm i U2 12,1 mill. kr Totalbeløp nybygg 410,2 mill. kr Kalkylen for U2 er basert på 1000 kvm brutto råbygg, inkludert vvs og elektroarbeider, i tillegg er det sett av 15 % reserve og mva. Kostnadane knytt til råbygg er tatt med her mens innreiing skal finansierast særskilt. Den økonomiske risikoen knytt til deponering av forureina masse er basert på at all masse må sjåast som forureina. Det er ikkje tatt omsyn til at Universitetet i Bergen må finansiere flytting av eit topplag med masse brukt i forbindelse med dei mellombelse brakkene. Kalkylen inkluderer reserve og mva. Kostnaden for Helse Bergen vil venteleg bli noko mindre. Helse Bergen la i samband med behandlinga av konseptrapporten inn eit prismål på 339 mill. kr pluss 5-7 mill. kr for å få prosjektet opp på passivhusnivå. Det var lågare enn tilrådd i konseptrapporten. Kalkylen til rådgjevarane var omtrent 48 000 kr pr kvm. Helse Bergen la i saka til grunn at 42 000 kr pr kvm var eit meir korrekt beløp basert på erfaringstal frå andre bygg. I forprosjektet er meirkostnaden for passivhusnivå sett til 7,022 mill. kr. Støtte frå ENOVA kjem til frådrag. Med den nye gjennomgangen av kalkylegrunnlaget blir prismålet foreslått auka til 380 mill. kr inkludert kostnadane knytt til å få bygget opp på passivhusnivå og U2-etasjen. Dette er ein auke i kalkylen i forhold til tilsvarande tal i konseptet på 22 mill. kr. For å få samanliknbare tal er det då korrigert for den fullt utbygde U2-etasjen (disponert til anna formål) og passivhusstandard. Omfanget av forureina massar vil bli avdekt i løpet av våren 2013. Dersom kostnaden knytt til dette viser seg å bli høgare enn det som her er lagt til grunn, må det kuttast i andre element i prosjektet. Dei elementa som då vil bli sett nærare på er m.a. utanomhusplanen. Denne kalkylen legg til grunn at barneklinikken flyttar med seg mest mogeleg utstyr over i det nye bygget. I kalkylen er det lagt inn nokre midlar til inventar og møblar. Fast inventar er inkludert i kalkylen. 4
Når det gjeld medisinsk teknisk utstyr (MTU), legg kalkylen også til grunn at utstyr vert tatt med over til Sengebygg sør. Utover dette vil MTU bli dekka over MTU-løyvinga. Tomt og reguleringsplan Reguleringsplanen for tomta er lagt til grunn i planlegginga. Det er søkt om dispensasjon for to forhold i reguleringsplanen. (Begge omhandlar såkalla rekkjefølgjevedtak, krav som må vere på plass før bygget kan bli tatt i bruk). Det eine kravet er knytt til stenging av ein internveg gjennom parken rett ved IKT-bygget. Grunngjevinga for å fråvike dette kravet er at sjukehuset har behov for denne tilgangen for å frakte sjuke nyfødde barn og sjuke mødrer mellom fødeavdelinga på KK og nyfødd intensiveininga på Sengebygg sør. Den andre saka er knytt til å endre kravet om ein veg inn på sørområdet frå hovudinngangen på Sentralblokka. Det ligg ikkje føre svar frå kommunen på søknaden som vart sendt hausten 2012. Særlege risikoområde Bygginga skal gå føre seg tett på sjukehusområde med mykje annan aktivitet. Det viktigaste risikoområda er knytt til: Byggekraner på anleggsområdet Transport av massar og byggjemateriale gjennom sjukehusparken. Forureina massar på sørtomta. Forholda til annan aktivitet på sørområdet. Prosjektgjennomføring Prosjektet er tenkt gjennomført som ein totalentreprise. Det vil si at ein entreprenør tar ansvar for koordinering av alt arbeid og vidare prosjektering. Framdrift og igangsetjing er avhengig av kommunal godkjenning. Pr. dags dato ligg det inne ein dispensasjonssøknad som gjeld rekkefølgjevedtak som ikkje er avklart. Utover dette er prosjektet i samsvar med gjeldande reguleringsplan og ein går ut frå at byggjesaka vert handsama på vanleg måte. Byggjetida vil være 26-34 månader etter igangsetjing. Det er viktig med god framdrift i dette prosjektet. Målet er at Sengebygg sør skal vere ferdig ved årsskiftet 2015/16 slik at det ikkje forsinkar realiseringa av BUSP. Konklusjon Realisering av Sengebygg sør er sentralt i den langsiktige arealutviklinga til Helse Bergen. Nybygget vil bidra til å nå to viktige mål. For det første vil bygget gje ei betre mellombels løysing for barneklinikken før innflytting i BUSP. For det andre vil nybygget sikre kapasitet som gjer det mogeleg på sikt å starte arbeidet med å rehabilitere sengepostane i Sentralblokka. I forprosjektet er det gjort ei fornya og meir detaljert gjennomgang av rom og funksjonar i bygget. Arealramma for barneklinikken er ikkje auka i forhold til konseptfasen. Helse Bergen har i samband med forprosjektet foreslått at heile den nedre etasjen (U2) blir gjort ferdig som råbygg men nytta til andre funksjonar. Det utgjer 1000 kvm bruttoareal og gjer ein tilleggskostnad på 12 mill. kr. Samla verkar planløysing og driftsmodell å vere godt gjennomarbeidd. Det er framleis noko usikkerheit knytt prosjektet. Det gjeld særleg forureina masse på tomt, tilkomst og bygging tett opp til anna aktivitet. Det er søkt tatt høgde for eventuelle meirkostnadar. For barneklinikken vil eit mellombels opphald i Sengebygg sør i 6-7 år vere ei mykje betre løysing enn å bli verande i eksisterande bygg under rive- og byggeprosessen for BUSP 2. 5
Basert på konseptfasen la Helse Bergen seg på et lågare prismål enn tilrådd frå rådgjevarane. Ut frå erfaring med tilsvarande bygg vel Helse Bergen også etter forprosjektfasen å legge seg på eit prismål som er noko lågare en rådgjevarane legg til grunn som kalkyle. Prismålet er likevel justert opp med 22 mill. kr utover det som følgjer av passivhusnivå og utnytting av heile U2. Helse Bergen legg til grunn at prosjektet kan gjennomførast innan ei kostnadsramme på 380 mill. kr. Finanskostnadar er ikkje inkludert. Sengebygg sør vil venteleg bli tatt i bruk første halvår 2016. Det blir tilrådd at forprosjektet blir lagt til grunn for detaljprosjektering og utlysing av anbod. Vedlegg: Forprosjektrapport Sengebygg Sør, Helse Bergen HF (Vedlegget er kun sendt ut i papirversjon) 6