Ustabilt fjellparti over Lyngheim i Romsdalen Geofaglig statusrapport 22.10 2014 Fra: Åknes/Tafjord Beredskap Til: Rauma kommune, NVE, politiet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Denne rapporten gir ein status for målingar og stabilitetsanalysar av eit ustabilt fjellparti ovanfor Lyngheim i Romsdalen, som har vore i unormal stor rørsle den siste tida. Rapporten inkluderer scenario, utløpsrekkevidder og rørsler. ÅTB understrekar at dette fjellpartiet berre blir målt med bakkebasert radar (InSAR). Fjellskredovervåkinga til ÅTB er etablert for å kunne overvake og varsle større skredhendingar med store konsekvensar. Overvåkinga og varslinga knytt til dette mindre fjellpartiet er såleis ikkje av same kvalitet som for dei store scenario. Metoden vi nyttar prosesserer måledata og gir oss eit gjennomsnitt over 4 timar. Oppdaterte data over rørslene i fjellet vert tilsvarande på etterskot. Bakgrunn Ei radarkampanje med bakkebasert radar (InSAR) på Lyngheim, 17.09.14-25.09.14, avdekka at eit parti ved det ustabile fjellpartiet Mannen var i unormal stor rørsle. Arealet vart anslått å vere om lag 4000m2, og rørslene var på 2,5mm/døgn i øvre del og 0,5mm/døgn i nedre del. Ei ny radarkampanje starta 06.10.2014. Desse målingane har vist at fjellpartiet har bevega seg med høgare hastigheit i forhold til første kampanje. Scenario Det er no utført analyser av heile den siste radarkampanjen frå 6. til 20. oktober, samtidig som vi har fått ei betre koordinatfesting av området på kart. Figur 1 syner resultatet av dette, og viser at tidlegare scenario var rimeleg godt avgrensa. Men området er noko større enn tidlegare antatt. Vi tolkar også at det ustabile partiet strekker seg lenger opp i området som ligg i skuggen for radarmålingane (Figur 2). Arealet er estimert til ca. 6.000 m 2. Figur 3 syner bilde av den nedre del av området i rørsle. Viktig for stabiliteten er eit bratt parti som står og stenger for den øvre delen. Figur 4 syner to profiler med tolka djup til område med store rørsler. Det er lagt til grunn at området glir på eit plan som skrår noko brattare enn 40. Djup av området i rørsle ser då ut til å kunne vera i storleik 12-20 m i gjennomsnitt. Volum av scenario er etter dette vurdert til å vera mellom 70.000 og 120.000 m 3. Dette er opp mot tre gonger så stort som tidlegare estimert. Utløpsområder Dei reviderte scenario for størrelse og volum fører ikkje til store endringar for vurderingar av utløp av steinsprang. Men større volum kan føra til eit auka sannsyn for at store massar av fjell og lausmasser utviklar eit større skred (fjellskred). Eit stort utfall kan også føra til at delar av urene i fjellsida blir tatt med i skredet. Usikkerhetene for utløpsrekkevidder blir også større og vi har derfor revidert våre tidlegare utløpssoner (Figur 5). Sidan det er rørsler også ganske langt mot aust i det ustabile området kan vi ikkje sjå bort frå at delar av massane kan ta ei noko anna retning, mellom anna mot Rønningen. Retninga til skredet ved kollaps er avgjerande for kvar veg skredet går vidare, og dermed kva utbreiing faresonen får. For å vera på den sikre sida har vi i vårt kart tatt omsyn til ulike retningar. Dermed dekker utløpsområda større areal. ÅTB har gjort feltarbeid for å dokumentera utløpsområda for gamle fjellskred. Heile området ned til Rauma er påverka av fjellskred av ulik storleik. 1
Vi kan ikkje utlukka at gardsbruka ved Lyngheim og Rønningen er i faresona for større skred. Det same gjeld jernbanen i området. Også høgspentlinjer og fordelingstransformator ved Rønningen kan vera i utløpssonene for større skred. Våre første vurdering tok høgde for slike skred, men no har vi revidert faresonen for å ta omsyn til større skredvolum (Figur 5). Dette kartet viser også områder som kan vera utsatt for vasshaldige masser av sand, grus og stein. Dette kan spesielt skje dersom skredet går i samband med store nedbørsmengder. Slike vassrike, sedimentførande massar kan nå ned til jernbanen. Figur 1. Akkumulerte rørsler frå 6 til 20 oktober. Rød linje viser tidlegare vurdert avgrensing av området med rørsler. 2
Figur 2. Ny tolka avgrensing av område i bevegelse (stipla linje). Lokalisering av punkter vist i tidskurver. Lokalisering av profiler vist i figur 3. 3
Figur 3. Bilde av øvre delar med omtrentlig nedre avgrensing av fjellpartiet i rørsle. Det er også indikert dei to ulike vegane skredet kan ta. Pila til høgre syner skredbanen i retning Rønningen. Det er også eit bratt parti som ser ut som pinnakler frå nedsida som stenger for dei øvre massane. Dett er eit kritisk parti som er stabiliserande. 4
Figur 4. Profil 1 (øvst) og profil 2 (nedst) som viser lokalisering av mulig djup til området i rørsle. Lokalisering i figur 2. 5
Figur 5. Mulige utløpsområder for steinsprang, mindre fjellskred/jordskred og vassholdige og sedimentførande masser. Utvikling av rørsler Det er påvist ei klar samanheng mellom store nedbørsmengder og økt hastighet frå den første måleperioden i september (Figur 6). Rørslene frå byrjinga av siste måleperiode frå 6 oktober og fram til i dag er vist i figur 7. Generelt har rørslene økt frå september til oktober, men har variert. Døgnhastigheten i dei to måleperiodane er vist i figur 8. Noko nedbør den 19. og 20. oktober (10 mm på Mannen) har ført til ei klar auking av rørsler. I øvre del var rørslene opp i 8 mm pr. døgn. Døgnrørslene var rett nok høgare i perioden 21-23 september i forbindelse med det kraftige nedbøren (Figur 8). Den totale rørslene frå 6. til 22. oktober er i overkant av 6 cm i øvre del av det aktive område. 6
Figur 6. Rørsler og nedbør i perioden 17 til 25 september. Det nedste punktet er i stabilt fjell. 59 54 49 Kummulert forflytting (mm) 44 39 34 29 24 19 14 9 4 Pts_01 Pts_02 Pts_03 Pts_04 Pts_05-1 04.10.2014 00:00 06.10.2014 00:00 08.10.2014 00:00 10.10.2014 00:00 12.10.2014 00:00 14.10.2014 00:00 16.10.2014 00:00 18.10.2014 00:00 20.10.2014 00:00 22.10.2014 00:00 24.10.2014 00:00 Figur 7. Rørsler frå 6. til 22. oktober frå 5 punkter. Legg merke til økt hastighet frå 19. oktober. Det nedste punktet er i fast fjell. Lokalisering av punkter i figur 2. 7
Figur 8. Døgnhastighet for dei to måleperiodane. Heiltrekte linjer viser flytande døgnmiddel, mens enkeltpunkter viser hastighetene for kvar 4 timars periode. Oppsummering Rørslene i fjellpartiet ovanfor Lyngheim er fortsatt store, og har auka dei siste dagane. Stabiliteten av fjellet har ein klar samanheng med nedbør, og været dei næraste dagane vil vera viktig for om området kollapsar og fører til eit stort skred. Stor nedbør kan utløysa eit skred på kort tid. Men samtidig er det fare for at stabiliteten i fjellet er så svekka at rørslene i fjellet vil vere sjølvdrivande til å utvikle ein kollaps og eit skred, uavhengig av nedbør. På bakgrunn av nye og betre data er det gjort ein revisjon av størrelse og volum av området i rørsle. Dette syner at ein kan få ein del større skred med volum mellom 70.000 og 120.000 m 3. Dette fører også til at utløpsområder kan bli større. Vi kan ikkje sjå bort frå at skredmassar kan koma ned til jernbanen, gardsbruka Lyngheim og Rønningen og høgspentlinja. Den permanente overvakinga viser ingen auke i rørslene i dei andre delane av fjellpartiet Mannen. Derfor er ingen ting som tyder på at rørslene i det aktive fjellpartiet påverkar stabiliteten i større fjellskredscenario. Åknes/Tafjord Beredskap følgjer tett opp målingane og rapportera daglig til dei aktuelle beredskapsaktørar (Rauma kommune, NVE, Fylkesmannen og Politi). 8
For meir informasjon: Åknes/Tafjord Beredskap: Lars Harald Blikra Sjefgeolog 46411148 lhb@aknes.no Rauma kommune: Arnt Olav Herjehagen Kommunikasjonsrådgiver 95201320 arnt.herjehagen@rauma.kommune.no 9