Årsmelding 2007-2008 KFUM Volda



Like dokumenter
Nytt frå styret og innkalling til årsmøte KFUM Volda

Rekrutteringsplan FBK Voss

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

Styret har vore samansett slik i 2012 :

MEDLEMSINFO. august 2009

Kjerstin Boge Solås. Fjaler Idrettsråd. Dale Idrettslag

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkommen til. årsmøte!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

«Ny Giv» med gjetarhund

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Norheimsund Fotballklubb

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Regelverk Innhald:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for Rosa september 2014

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KAMPMANUAL SESONGEN VIKTIGASTE ENDRINGAR FOR SESONGEN 2015 i HØVE NFF SITT BREIDDEREGLEMENT.

Møteprotokoll for møte i

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 26. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Visjon og verdiar ei blå framtid

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Skarphedin Handball. Lagsmappe

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Med god informasjon i bagasjen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Lagleiarmøte Info Trio-sesongen-12

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Påmelding Innhald: Informasjon lagspåmelding Kretskontingent Lagsavgift Dommargebyr Bestilling av materiell KM-aldersbestemt innandørs

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

INFORMASJON FOR OPPMENN

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Søknadsinfo:

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

Sandeid skule SFO Årsplan

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Plan for Liabygda SFO

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Referat frå MINTA møte

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Transkript:

Årsmelding 2007-2008 KFUM Volda

Årsmelding for KFUM Volda Sesongen 2007/2008 Viktigaste sak for KFUM-Volda det siste året: Økonomi. Det nye styret tok over ein vel driven klubb, men dog med ei gjeld. Det var og er derfor viktig å syte for at der heile tida ligg ein økonomisk plattform i botn for drifta. De var sist år inngått ein 3 årig hovudavtale med Sparebanken Møre. Denne gir klubben ein god basis til å arbeide målretta framover. Avtalen gir oss 150 000 kroner over dei tre åra. I tillegg kjem prosjektmidlar som vi kan søke på ut over dette. Sparebanken Møre har i tillegg til dette sytt for at alle laga vert sett opp med nye drakter. Det har elles vore god drift i klubben. Det har vore aktive på alle nivå bortsett frå U14 der vi ikkje har aktive. Elles har drifta av klubben vore prega av jamn medlemsvekst. Det starta 40 til U12 i haust, og dette talet har holdt seg. God økonomisk kontroll. Ingen utskiftingar på trenar- og leiarsida sjølv om leiaren til tider var meir eller mindre ute av drift. Styre dreiv seg sjølv vidare under vakansen av Gunvor og Margrete som konstituerte leiarar. I og med at vi skifta hovudsponsor har kasserer har mykje arbeid me å flytte å opprette nye kontoar. Vi har framleis eit stykke att når det gjeld trenaroppfølgjing og dommarutdanning, og vi manglar framleis eit par faste utval som kan lette arbeidet for styret og trenarane. Men vi er på veg og ser framover med optimisme. Det har og vore arrangert cup ar i regi av klubben. Styre og representasjon Det har også i år vore god kontinuitet og stabilitet i drifta av klubben. Det har ikkje vore utskiftingar i trenarkorpset eller i styret. Dei siste åra har styret vore samansett av foreldrerepresentantar. Det har ikkje vore representantar frå dei aktive i år, og det lyt laget syte for at kjem inn til neste år. Det har og mangla vararepresentant til styret. På årsmøtet april 2007 vart det valt nytt styre i KFUM Volda med slik samansetjing: Leiar (1 år): Kai Johannes Evensen (ny) Kasserer (2 år): Gunvor Bergem Lia (ny) Styremedlem (1):Margrete Apelseth Skaare Kioskansvarleg (2): Svanhild Iversen Mo (attval) Styremedlem (1år): Marit Haddal Materialforvaltarar: Eldar Haddal Representant i arbeidsgruppa for fornying av Voldahallen: Geir Humberset (oppnemnt h2004) Representant i Uppheim-styret: Johanne I. Øvregaard (oppnemnt hausten 2004) Prosjektgruppe Årneset: Svein Berg-Rusten, Ole P. Dalen, Torgeir Dimmen (frå aug 2004) Frå april 2007 til april 2008 har hovudstyret eller delar av styret hatt omlag 10 møter. Det har vore eit trenar- og leiarmøte sesongen 2007/2008. Margrete deltok på årsmøtet i volleyballkrinsen i Ålesund i mai 2008. Klubben har ikkje deltatt på regionale eller nasjonale samlingar for Norges KFUK-KFUM. Aktivitet Vi blir stadig fleire! Sidan i fjor kan vi notere ein fin auke i medlemstalet, og det er vi godt nøgde med. Alt i alt er vi no ca 120 aktive + ca 30 leiarar av ulike slag. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å bli størst mogleg, men det viktig at vi kvart år har ei jamn rekruttering av 10-11- åringar, at vi har høveleg store treningsgrupper i alle aldersklasser, og at vi har lag med i 2

seniorseriane. Alt dette har vi fått til i 2007/2008-sesongen bortsett frå at va mangla lag i U14 gruppa. Målsetjinga for neste år vert å ha lag i alle aldersklassar, sjølv om det vert vanskeleg å dekke opp for det årskullet som er ute og vi har framleis plass til fleire aktive på dei fleste partia. Og til nye parti - t.d. for mosjonistar. Vi har deltatt i alle seriar i årets sesong. Likeeins kunne vi i fjor haust melde på seniorlag i 2. divisjon både i dame- og herreklassa. Dette var spesielt uvist i dameklassa i og med at vi ikkje viste kor mange som kom til å delta i denne klassa. Desse hevda seg bra: Damene blei til slutt nr 3 i ein serie med sju lag frå M&R, medan herrane blei nr 2 i sin M&R-serie med fem lag. Dei vann 8 av ti kampar. Endå meir gledeleg var det at vi i august kom i gang med nye rekruttparti eller U12 som det heiter no. Dei aller fleste av dei ca 35 som er med her er fødde i 1997. Oversyn treningsparti Aktiviteten har vore organisert i åtte treningsparti: U12 Gutar - Rekrutt Fødselsår Aktive Trenar(ar) Oppmann og kasserar 1998 modell 24 Jarle Bae starta eit parti med Ingen valgte 1998 modellar som har trena i Bratteberg gymen U12 Jenter Gutar - Rekrutt 1997 samt - 96 og 95 18 jenter og 12 gutar Nils Magne Magerøy, Håkon Bø og Ingvild Vik for gutar. Ingrid Ø. Dyrhovden, Reidun Krøvel for jenter. Ingen valgte Jenter U16 1992 19 Magne Hetle Eivind Løfold Jenter U17 1991 14 Geir Humerset/Svein Berg- Rusten/Solveig Festø Gutar U 16, 17 og 19 Ingvild Vik oppmann Kari Slettevoll kasserer Marit Haddal Eldar Haddal Fra 1992 osv 17 Jarle Bae Ole Peder Dalen oppmann Dace Ose Kasserer Damelaget 10 Andreas Veggeland Lene Johansen oppmann, Elisabeth Borgan kasserer Utfyllande rapportar frå kvart treningsparti i VEDLEGG 1 bak i årsmeldinga Aktivitetar i Voldahallen 17.november 2007: Volley 2000 turnering U12 og U14. 12.januar 2008: Rankingturnering 2. div. 13. januar 2008: Rankingturnering 2. div. 9. mars 2008: Volley 2000 turnering U12 og U14. Økonomi Økonomien er rimeleg bra. Vi har kjøpt 47 nye ballar. Ei viktig inntektskjelda til klubben er medlemskontingent. Registrering og innkrevjing var i all hovudsak avslutta før nyttår, men vi har følgt opp også i vinter/vår. 3

Sandvolleybaner på Årneset Bana på Årneset vart opna 25. august 2007. All ære til den aktive komiteen som har fått dette til: Ole Peder Dalen, Svein Berg-Rusten og ikkje minst Torgeir Dimmen. Alt er på plass bana vart også flittig brukt etter den offisielle opninga i august. Dette sjølv om vêret i fjor ikkje baud opp til uteaktivitetar. Vi regnar også med at det vert mykje aktivitet der fram mot sommaren. Prioriterte saker 2007/2008 Trenaroppfølgjing, både på nybyrjarnivå og for dei rutinerte Etablere økonomiutval og sportsleg utval Betre profilering i Volda og på Sunnmøre Meir profesjonell turnerings- og kampavvikling Volda, 23/3 2008 For styret Kai Evensen 4

RAPPORT FRÅ G 98 BRATTEBERG Hausten 2007 starta Jarle Bae opp med trening på Bratteberg Skule for gutar fødde 1998. Han har fått med seg spelarar frå G 16 som hjelpetrenarar. På spelarlista er det no 24 namn!! Gutane var med på Blindheimscup i lag med nokre av gutane på 97 laget. Bilete frå trening: Takk for god trening! BLINDHEIMSCUP:

Massasje Time out! Vi hadde med eigen massør og vi fekk vere dommarar 1 tap, 1 uavgjort og 12 sigrar. Neste år må alle vere med 6 spelarar frå 1997 og 8 spelarar frå 1988 + massør / mascot May Britt Høydal Oppmann

Årsrapport frå rekruttpartiet til KFUM-Volda 2007-2008 Treningar Laget har hatt treningar i Voldahallen onsdagar frå kl. 17.30 til 18.30. Treningane starta opp onsdag 2. september 2007, og vi siktar mot å trene ut april. Spelarar Laget har hatt spelarar fødde i 1997, men også nokre få jenter fødde i 1996. 18 jenter og 12 gutar har vore med jamt i løpet av sesongen. Jentene og gutane har trent kvar for seg, men med nokre fellestreningar i starten. Dei fleste spelarane har vore med gjennom heile sesongen, og laget har såleis ikkje opplevd særleg fråfall. Trenarar Ingrid Øvstebø Dyrhovden og Reidun Myklebust Krøvel har vore trenarar for jentene, assistert i periodar av Jenny Bjørshol. Håkon Bø, Nils Magne Magerøy og Ingvill Vik har trena gutane. Mål kva har vi gjort? Målet har vore å kome i gang med eit rekruttparti. Det er først og fremst lagt vekt på grunnleggande ferdigheiter i fingerslag og baggerslag, serve og rørsle. Dei fleste treningane er avslutta med spel med to lag (Volley 2000). Spelargruppene har synt god framgang.

Turneringar Rekruttpartiet har stilt i følgjande Volley2000-turneringar i løpet av sesongen: Voldahallen, 17. november (2 jentelag, 1 gutelag og 1 mixlag) Blindheimshallen, 3. februar (3 jentelag og 2 gutelag) Voldahallen, 9. mars (3 jentelag og 2 gutelag) Volda 2. april 2008

KFUMKFUK Volda JU16 sesongen 07/08 Trenarar: Magne Hetle Edvin Løfoll Oppmann: Ingvil Vik Spelarar: Det er i dag 19 aktive spelarar registrert i gruppa. Antal lag: Vi har hatt 2 lag med i serien denne sesongen, eit i første og eit i andre divisjon. JU16 har hatt 17 lag med i serien delt i 2 divisjonar, alle frå Møre og Romsdal Aktivitetar: Innleiande serie runder i Voldahallen innbyrdes oppgjer Vidare runde mot Vanylven 1 og 2 for begge våre lag - Voldahallen Kvalifiseringsrunde for første divisjon i serien for Volda1 Blindheimshallen Seriespel i Kristiansund med kampar for begge laga i 2 ulike divisjonar Tilsvarande avsluttande seriespel i Fagerlihallen Ålesund Volda 1 kom på 8-plass av totalt 10 lag i ein sterk serie (første divisjon) Volda 2 kom på delt 2-plass av totalt 6 lag i serien (andre divisjon) Deltaking på Blindheimcup med eit lag. Resultat: delt 11-plass av 27 deltakande lag Deltaking i sonemesterskap med eit samansett lag (2 spelarar frå JU17) Skal delta i NM JU16 i Trondheim siste helga i april (2 spelarar frå JU17) Trenaren sine kommentarar: Gruppa og begge laga har hatt ei sterk utvikling gjennom sesongen vi snart har bak oss. Vi kan stille (med 2 unntak) akkurat same spelarane også til neste år i same alderssteg JU16. Avslutningen av serien var ein flott opptur for Volda 1, men det var i seinaste laget til å gje noko særleg uttelling på poeng. Volda 1 er eit godt lag med fantastisk lag-moral. Dei har eit stort potensial og er til dels svært treningsvillege. Mange av spelarane har etter eige utsagn utvikla seg mykje som volleyball spelarar, men eg vil understreke at dei også har hatt eit oppsving i høve til disiplin. Det var bra og naudsynt. Volda 2 avslutta også sesongen veldig bra. Turneringa i Kristiansund var tydeleg ei veldig positiv oppleving for dei fleste, og nye spelarar stod fram og tok ansvar. Fleire i denne gruppa har eit stort potensial som bør stimulerast i tida framover. Med ei så stor og variert gruppe vedkomande ferdigheiter, seier det seg sjøl at det til tider kan vere vanskeleg å gje det rette tilbodet til alle spelarane i høve til nivå. Det er difor svært viktig at det kan vere med eit menneske som har litt volleyball kunnskapar som støtte til trenar også til neste år. Vi har eit flott tilbod til desse jentene og det er som tidlegare nemnt jamnt over bra motiverte jenter. Men det har kome til nye, samtidig som nokre har kome relativt langt i tekniske ferdigheiter. Mi bekymring er difor at det stoppar litt opp, eller vert for avansert for nokre av spelarane.

Eter eige ønske frå spelarane, kjem vi til å halde fram med treningar til godt ut i juni. Detter er viktig, for at ikkje avbrotet skal vara for lenge før neste sesong tek til. Eg har sagt meg villig til å vere med fram til om lag skuleslutt. Etter mi oppfatning er kamp-trening noko vi bør satse meir på for framtida. Dette vert noko vanskeleg før etter ferien/skulestart. Forslag: Med tanke på litt lite kamp-trening, hadde vore fint å for eksempel få til ei treningshelg i Førde til hausten, der vi kunne spele mot fleire Førde lag og evt. også mot Tambarskjelvar. Neste sesong: Denne gruppa vil få eit godt utgangspunkt for neste sesong. Då vil vi kunne stille eit lag som kan hevde seg i toppen av serien for JU16. Volda 2 vil også ha gode mogelegheiter. Mange av spelarane har stor stigning siste sesong og om vi lukkast å få dei med vidare, kan vi få til mykje. Kor mange som veljer å vere med vidare, er vanskel å spå. Men vi ser at gruppa er større no enn den var i fjor haust. Det må vel borge for interesse og bra motivasjon. Økonomi: Ja her veit eg ikkje så mykje. Men eg trur ikkje det det er flust med pengar på konto. Ein skulle vel ønske at vi kunne ha litt meir på bok før ein går inn i neste sesong. Bilete av begge laga under avsluttande serie runde i Fagerlihallen (3 var ikkje til stades). Til slutt: Denne alderen er ei typisk brytningstid der det vert gjort valg på fritidsaktivitetar meir enn i yngre (og kanskje høgre) alder. Eg håpar KFUM Volda veljer å satse på desse jentene også til neste år. For KFUM/KFUK Volda JU16 Volda 08.04.08 Edvin Løfoll

Årsmelding sesongen 2007-2008 Jenter U17 Jenter U19 Denne sesongen har spelargruppa i JU17 og JU19 stort sett vore identiske. Berre Ida Standal (f. 1990) har vore forsterkinga når laget har delteke i 19-årsturneringar og 2.div. Ranking. Vi har hatt ei treningsgruppe på 16 spelarar, men ikkje alle har betalt lisens og delteke i konkurransesamanheng. I år har vi og hatt internasjonalt tilsnitt på trening, i og med at Annemarie Lange frå Tyskland (utvekslingselev ved Volda vgs), har vore med i treningsgruppa. Vi har og opna for at eit par kjekke jenter (Sunniva og Sandra) som spelar for Vanylven har fått trene med oss. Mot slutten av sesongen har også Eline og Idun frå JU16 trena med oss av og til slik at dei har fått smake på det å trene på neste års nivå m.a. gjennom smashe og blokke på 6 cm høgre nett! Eline har også spela med laget i eit par turneringar, og gjort det svært bra i møte eldre og meir rutinerte motspelarar. Treningane starta rett etter skulestart i august, og vi har hatt 3 x 2 timar i Voldahallen. Etter jul har vi også trena 1,5 time Basistrening (allsidig styrke og spenst-trening) i Idrettsbygget. Frammøte til trening har vore fantastisk bra alle spelarane har bortimot 100% frammøte. For vidare framgang, vert det viktig for jentene å skjerpe fokus når dei møter til trening så langt har det kanskje vore det sosiale (det å møte igjen venninnene og trenarane?) + det kjekke ved volleyballspelet, som har vore drivkraft nr. 1 til det gode frammøte. Men neste sesong må frammøtedisiplinen koplast sterkare til fokus på å ta ansvar for eigen framgang både teknisk, taktisk, fysisk og psykisk. Det er mykje talent og utvikligspotensiale i kvar av spelarane og i laget, men for å utløyse dette potensialet, må kvar einskild førebu seg til kvar trening og sørge for å holde fokus og ta større ansvar for eiga utvikling, under treningane. Også hausten 2007 var vi så heldige å nyte godt av Robert Kim sin kompetanse som trenar. Det var tydeleg at spelarane fekk godt utbytte av det treningsopplegget han brukar mange repetisjonar og terping på tekniske detaljar og høg intensitet i alle øvingar!!! Vi ser alle fram til at Robert kjem tilbake til Volda etter påske, og vert med på oppkøyringa til NM. Slik det ser ut no, blir han også med under NM! Stort sett er det Geir som har hatt trenaransvaret i år, men Svein har teke ansvaret for måndagstreningane etter nyttår, og Solveig steppar alltid inn når det er behov for det, ofte på svært kort varsel! Det viser seg at det er svært nyttig å kunne dele på trenaransvaret for det første vert då den samla belastningen fordelt på fleire, og så har spelarane svært godt av å møte ulike trenar-stilar! Sesongen 2007-2008 er enno ikkje over rosinen i pølsa står att : NM U17 i Bodø 2.-4.mai. Det å kvalifisere seg til NM i Bodø har vore ei målsetting sidan jentene var med i NM U17 i Kristiansund i fjor vår. Kva resultat vi kan håpe på i Bodø, er vanskeleg å seie noko om. Det vil m.a. også avhenge av puljeinndelinga. Vi vart nr. 12 (av 24 lag) i fjor, og bør ha som målsetting å kome litt høgre i år. Laget har eit fantastisk støtteapparat med Marit og Eldar i spissen. Dei to har kontroll på det meste, og er ofte innom treningane og held kontakt med spelarane. Både spelarar og foreldre har jobba godt for å skaffe økonomisk grunnlag for drifta av laget i sesongen. Vi kan m.a. nemne desse tiltaka : Kiosk i Voldahallen ved fleire arrangemnet/turneringar Loddsal Vareteljing på Eurospar Volda i Romjula Sal av Fastelavns-ris for Volda sanitetslag Sponsorlaug for NM-gensar

Resultat så langt i sesongen 2007-2008 : a) Kretsserien U17 Nr. 2 (Blindheim 1 vann på betre settforskjell) b) KM U17 Nr. 2 (Blindheim vart for sterke og vann 2:0, Blindheimhallen) c) KM U19 Nr. 2 (Blindheim vart for sterke i finalen og vann 2:0, Eidet kulturhall) d) SM U17 Nr. 5 (Førdehuset 16. februar 2008) e) SM U19 Nr. 5 (Førdehuset 9.februar 2008) f) Rankingturnering U19 Nr. 3 (Førdehuset 1.desember 2007) g) Rankingturnering 2.div Nr. 3 (Voldahallen 12.januar 2008) h) Rankingturnering 2.div. Nr. 3 (Eid idrettshus 9.mars 2008) I tillegg til dette har vi spela kampar i Åpningsturneringa i Fagerliahallen i september og i NordVestCup i samme hall i oktober. Så langt i sesongen står vi med 23 sigrar og 17 tap. Vi har også spela nokre treningskampar mot damelaget og Gutar U16 i treningstida. Etter påske står Blindheimcupen for tur (5.-6.april), og så legg vi opp til tøffe treningskampar i oppkøyringa til NM! Treningsframmøte måndag 10.03.08 - frå v. : Annemarie, Synnøve, Marie H, Eline, Ida, Birte, Svein, Edsa, Sofie, Katinka, Sunniva og Sigrid Marie

Tullebilde i forbindelse med forsøk på å ta et seriøst lagbilde til NM-programmet (13.03.08)

Lagbilde av sølvmedaljevinnarane i SM U19 (Eidet kulturhall 9.desember 2007) Bak f.v. : Synnøve Nordang, Sigrid Marie Mo, Edsa Morales, Katinka Øvregaard, Marie Bøe Hunnes, Guro Bjerkhagen Standal og trenar Geir Humberset Framme f.v. : Ingrid Festø, Birte Haddal, Sofie Berg-Rusten, Ida Standal og Marie Humberset

Referat frå sesongen 2007/2008 Volleyball sesongen er ferdig og det nærmar seg sommer. Det har vært ein lærerik og spennande sesong med både oppturer og nedturer. Heldigvis er det eit godt overtak på oppturer. Sesongen begynte med å lære seg mye nytt. Mange av oss var ganske ukjente for enlegger system. Vi har fått til masse i lag og blitt ein godt samansveisa gjeng. Vi endte til slutt på ein fin 3.plass i serien. Noe vi er kjempe fornøyd med. Det ordnet seg med trenar til syvende og sist denne sesongen, men som nå er reist sørover. Frem mot sommeren må vi nå drive volleyballen sjølv. Noe som går greit når det ikkje gjeng over så long tid. Håper det ordner seg med trenar til neste sesong. Takk for ein fin sesong! Vennleg helsing damelaget v/ Lene Johansen

KFUM VOLDA VOLLEYBALL Årneset http://www.skaare.net/kfum/aarneset.htm Side 1 av 2 08.04.2008 Sandvolleyballbana på Årneset vart offisielt opna laurdag 25. august. Velkomen til å bruke banene! Planen finn du på sida til Volda kommune her» Friområdet på Årneset ved Rotevatnet før arbeidet starta. Biletet frå september 2006, foto Torgeir Dimmen. Leiar i KFUM Kam Volda, Kai Evensen, ynskte velkomen før medlem i banenemda og tidlegare leiar i KFUM Kam Volda, Torgeir Dimmen, fortalde om arbeidet som er gjort. Planlegginga og arbeidet har strekt seg over fleire år, og han retta ei særskild takk til Torgeir Stensø, Volda kommunen, sponsorane Sparebank 1, Sparebanken Møre, næringsfondet og dugnadsarbeidarar. Han har med glede registrert at banene har vore mykje i bruk, og at det så langt ikkje har vore antydning til hærverk og skade. Banene ligg heilt opne, korkje gjerde eller låsar stenger. Alle er velkomen til å bruke banene. I banenemda er Torgeir Dimmen, Svein Berg-Rusten og Ole Peder Dalen. Sparebank 1 overrekte sandvolleyballar. Det same ville Sparebanken Møre gjere, men der hadde den andre banken kome dei forkjøpet og tømt nesten heile lageret av sandvolleyballar på sportsbutikken, så dei vil overrekke fleire så snart som råd. Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland tala, bana på Årneset er open for alle og er med på å gjere Volda til ein betre plass å bu. Ordføraren opna bana ved å serve volleyballen over nettet. Wendi Stråbø frå Uppheim overrekte ein sjekk. Ordføraren og banenemda fekk overrekt dei nye sandvolleyball t- skjortene, og så var det klart for opningsturneringa! Torgeir Dimmen registrerar at banene har blitt eit svært populært aktivitetstilbod, og at det på fineversdagar er yrande aktivitet. Svanhild Iversen Mo i kioskteltet på Årneset 16. juni 2007. Sjå også artikkel i Volda Online» Laurdag 16.juni 2007 MAS: I dag opnar kiosken på Årneset. Vi startar med sal av is, og kanskje utvidar vi med sal av pølser, brus og kaffi seinare i dag. Opningstida er ikkje fast, så kom og besøk oss og handle når du ser at kiosken er open. Inntekta av salet går til nedbetaling av sandvolleyballbana og til vidare drift av kiosken. Styret kjem tilbake til organisering av kiosken. Fredag 15.juni 2007 MAS: Kiosk på Årneset! Ordførar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland, gjev KFUM -kameratane i Volda løyve til å ta i bruk i grunn ved Årneset for å drive kiosk sommaren 2007 på fylgjande vilkår : - At øvrige naudsynte tillatelsar er gjevne. - At område vert halde reint for søppel. Melding om næringmiddelverksemd er sendt til Mattilsynet, og Politiet opplyste at dei ikkje skulle ha søknad frå oss då det ikkje var tombola eller loddsal. Styret arbeider no med organisering av kiosken og vi vil prøve å opne den så snart det er badetemperaturar igjen. Vi får låne frysar med fotball, og den er snart på plass på Årneset. Prosjektbeskrivelse Sandvolleyballanlegg på Årneset På det kommunale friluftsområdet Årneset ved Rotevatnet i Volda kommune er det planlagt to sandvolleyballbaner. Årneset er det einaste området i Volda sentrum som er tilrettelagt for bading og anna strandliv. I løpet av dei siste åra har det blitt utbygt og ordna slik at det no står fram som ein godt tilrettelagt samlingsplass for strandliv og utandørs samkomer i sommarmånadane. Sandvolleyball ein aktivitet som høver godt på eit slikt område, og dei to planlagde banene vil gjere Årneset til ein endå meir attraktiv samlingsplass, særleg for born og unge. I Volda har det vore eit aktivt volleyballmiljø i fleire tiår, og KFUM-Volda er ein av dei mest aktive klubbane i landet. Dei siste åra har det vore over 100 born og unge med i organisert aktivitet innandørs, i tillegg til vaksne trenarar og leiarar. Klubben har arbeidd i mange år for å få til eit sentrumsnært sandvolleyanlegg, både for å gi eit breiare trenings- og kamptilbod til eigne

KFUM VOLDA VOLLEYBALL Årneset http://www.skaare.net/kfum/aarneset.htm Side 2 av 2 08.04.2008 aktive og for å stimulere til mest mogleg uorganisert volleyballaktivitet. Erfaringane frå andre stader viser at terskelen for å bruke slike baner er svært låg, og at dei blir brukte av mange fleire enn dei som er med på organisert trening innandørs. Dette ser KFUM-Volda på som svært positivt. KFUM-Volda skal byggje og ha ansvaret for drifta av banene, etter nærare avtale med kommunen. Banene vil bli bygde etter Norges Volleyballforbund sine standardar, m.a. med spesialsand. I deler av året vil KFUM-Volda ha organisert trening på banene nokre timar i veka, men det aller meste av tida vil dei vere fritt tilgjengelege for alle interesserte. Dette er ein viktig føresetnad for tiltaket. Banene skal ikkje gjerdast inne. Kommunen skal ha ansvaret for stell og vedlikehald av grøntområdet rundt banene, som ein del av Årneset-parken. Volda, 19.6.2006 Torgeir Dimmen leiar KFUM-Volda Vedlegg: Planskisse over utvida friområde på Årneset. Avtale mellom KFUM-Volda og Volda kommune om bygging og drift av banene. Prosjekt sandvolleyballbaner på Årneset i Volda Budsjett Anlegg bane: graving, pukk, duk, rør 207 000* Spesialsand, inkl frakt og utlegging 165 000* Rigg og drift 20 000* Nett, stolpar, banemerking 45 000** Omramming bane: stokkar m vern 55 000** Adm. kostnader, prosjektering 15 000 Uføresette kostnader 13 000 Totalt 520 000 * Iflg tilbod frå entreprenør ** Iflg prisliste frå leverandør og rekneskap frå bygging av tilsvarande bane i Rjukan Finansieringsplan Eigenkapital 10 000 Gåver/tilskot 150 000* Dugnad/rabattar 50 000 Spelemidlar 2007 (33%) 173 000 Banklån 137 000** Totalt 520 000 * Kr 100 000 frå Sparebanken Volda Ørsta (1998 og 2006) og kr 50 000 frå Næringslivet i Volda sitt kulturfond (2003). ** Søknad om lån (med kommunal garanti) til Sparebank1 Volda Ørsta i juni 2006. Formell lånar vil vere Volda kristelege ungdomslag. KFUM-Volda er ei eining i dette laget. Volda, 19.6.2006 Torgeir Dimmen leiar KFUM Volda

DRIFTSINNTEKTER SALGSINNTEKTER 1202 MEDLEMSKONTINGENT 63350 OFF. TILSKOT/GÅVER 254927 DELTAKARAVGIFT STEMNER 10600 SANVOLLEYBALLBANE LÅN 37500 DIVERSE INNTEKTER 46265 INNBET FRÅ LAG BØTER+DIVERSE 35098 SPONSORAVTALER 27250 SUM DRIFTSINNTEKTER 476191 DRIFTSKOSTNADER LISENS KFUM/KFUK 12269 SERIEAVGIFT/HALLEIGE NVBF-KRINS 28900 TILSKOT TIL LAGA 3000 DELTAKARAVGIFT STEMNE 15400 STEMNEBØTER 1300 HALLEIGE 15900 UTSTYR 18191 BANKGEBYR 88 REISER 6218 ANNONSER 7112 UTGIFTER SANDVOLLEYBALLBANE 93674 ADM UTGIFTER 4283 NEDBATALING AV GJELD 211361 OVERFØRT TIL LAGA 8190 DIVERSE UTGIFTER 53945 SUM DRIFTSKOSTNADER 479829 DRIFTSRESULTAT -3638 RENTEINNTEKTER 252 ÅRSUNDERSKOT -3386 SPAREBANK 1 BRUKSKONTO 24721 SPAREBANK 1 SANDVOLLEYKONTO 9410 SPAREBANKEN MØRE 12808 SALDO PR 31.03.2008 46939 ÅRSUNDERSKOT -3386 Balanse 43553 UTESTÅANDE FRÅ SPAREBANKEN MØRE 50000 DISPONIBELT 93553 GJELD LÅN SPAREBANK 1 SANDVOLLEYBALLBANE -78610