Om stadnamnsaka Dimna - Dimnøya



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fra Forskrift til Opplæringslova:

KLAGENEMNDA FOR STADNAMNSAKER

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Spørsmålet i denne saka er om offentleg skriftform for namnet på øya skal vere Dimna eller Dimnøy/Dimnøya.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :


Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Skuleåret 2017/2018.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Informasjon til elevane

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

mmm...med SMAK på timeplanen

Trondheim, 26. april Kulturdepartementet v/ H.Sandsdalen P.boks 8030 Dep Oslo. Spørsmål til Stadnamnlova

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Stadnamnsaka Dimna/Dimnøya

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Valdres vidaregåande skule

Jon Fosse. For seint. Libretto

Brukarrettleiing. epolitiker

IKT-kompetanse for øvingsskular

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Namning av vegar i Fræna Kommune

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014


Minnebok. Minnebok NYNORSK

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Samansette tekster og Sjanger og stil

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Brukarrettleiing E-post lesar

Refleksjon og skriving

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013


Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Lønnsundersøkinga for 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Med god informasjon i bagasjen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Lokalavisa og politikken

Transkript:

Om stadnamnsaka Dimna - Dimnøya Ivar Ertesvåg, april 1995 Dette er eit bidrag i stadnamnsaka Dimna/Dimnøya, om ei øy i Ulstein kommune. Statens kartverk gjorde vedtak om "Dimna" 29.3.95. Etter avtale vert det sendt til dei i bygda som klagar på vedtaket. Kontaktpersonar har vore Leif Ertesvåg, Leif P. Dimmen og Lars Inge Breivik. Statens kartverk vil få skrivet som vedlegg til klagene. Det som her kjem fram av subjektive synspunkt er mine eigne. Dei kan andre dele, eller late vere. Men eg har først og fremst peika på ein del faktiske tilhøve. Dei skal det takast omsyn til, uavhengig av kven som legg dei fram. I mars 1994 skreiv eg ei utgreiing om dette namnet, forkorta "M94" i teksten nedanfor. Det som følgjer her seier ikkje så mykje nytt, utanom å vise at Namnekonsulenttenesta heller ikkje har tilført saka noko nytt. 1. Oppsummering Det ligg føre eit brev frå Namnekonsulenttenesta for Vestlandet dagsett 1.februar 1995, med tilråding om å vedta skriftforma Dimna om ei øy i Ulstein kommune. I vedtaket "Dimna" 29.3.95 viser Statens kartverk til dette brevet som grunngjeving. Tidlegare har Namnekonsulenttenesta, i tillegg til å ta opp saka, gjeve to utsegner (25.11.92 og 3.5.93). I den første heiter det at dei "har ikkje viktige innvendingar" mot Dimnøya, sjølv om dei har Dimna som førsteval. Seinare har dei argumentert for Dimna, men ikkje gått attende på utsegna om Dimnøya. Frå dette må ein rekne med at dei framleis ikkje har vektige innvendingar mot Dimnøya. Også no seier dei at dette er namneforma lokalfolket nyttar. Utsegn nr. 2 bør vi, av omsyn til Namnekonsulenttenesta, gå stille forbi (sjå M94). Den tredje og til no siste utsegna er eit partsinnlegg for Dimna, ikkje den objektive vurdering av ulike alternativ som ei tilråding skal vere (sjå nedanfor). Alle dei omsyna ein etter Stadnamnlova skal leggje vekt på tilseier Dimnøya. Dette er heilt og fullt dokumentert ved høyringsfråsegnene som har kome inn. 1

Det lokale ønskjet skulle det vere svært liten tvil om. For oss som kjem frå bygda har det heile tida vore vanskeleg å sjå kva slag reglar og faktiske tilhøve eit vedtak om Dimna skulle byggje på. Etter å ha handsama saka tre gonger, har Namnekonsulenttenesta ikkje greidd å leggje fram noko som skulle tilseie eit vedtak om Dimna etter Stadnamnlova. Dimnøya er den einaste namneforma som "er munnleg overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk." (Forskrifter 1-1 3.ledd). Dimnøya er den einaste skriftforma som er "innarbeidd skrifttradisjon" (Forskrifter 2-1 1.ledd). Kort sagt: Etter regelverket skal øya heite Dimnøya; Namnet Dimna, om øya, er i strid med regelverket. 2. Tilråding frå Namnekonsulenttenesta I Forskrifter om skrivemåten m.v. av stadnamn (5.7.91, 14.10.93) heiter det i 4-2 2. ledd 3.-4. punktum at "Grunngivinga skal vise til den regelen vedtaket byggjer på, og om nødvendig gi att innhaldet av denne regelen. Dei faglege føresetnadene og den vurderinga som ligg til grunn, skal også takast med." Det første av desse punkta er definitivt ikkje oppfylt. Det er ingen stad vist til nokon regel. Det er difor tvil om vedtaket er gyldig etter stadnamnlova. Orda "nedervd uttale" er nemnt, og det peikar mot 4 i Stadnamnlova. Skriftformer er nemnde. Men det gjeng ikkje fram om det er teke omsyn til "innarbeidd skrifttradisjon", eller om det har vore aktuelt å gjere det. (Forskrifter 2-1, 1.ledd). Det er heller ikkje klargjort korleis uttrykket "den verkeleg nedervde namneforma" er å forstå i høve til definisjonen i Forskrifter 1-1 1. og 3. ledd, med ordbruken "... som har vore vanleg på staden". Lokale ønskje (jfr M94 og det som følgjer nedanfor) er det ikkje teke omsyn til. Kommunestyret har gjort eit klart vedtak om å tilrå Dimnøya. I høyringsrunda gjekk organisasjonar, rektor ved Dimna skule og eit tjuetal einskildpersonar inn for Dimnøya. Berre to einskildpersonar gjekk inn for Dimna. Praktiske omsyn (jfr M94) er ikkje nemnt i tilrådinga. M.a. har både rektor ved Dimna skule og Leif P. Dimmen peika på ulike praktiske vanskar med Dimna som øynamn. I samband med denne og andre saker har eg skrive to brev til Kulturdepartementet med spørsmål til Stadnamnlova. Svarbreva er dagsette 22.8.94 og 16.1.95. Desse svara sende departementet med kopi til Namnekonsulenttenestene og Statens kartverk. Innhaldet skulle vere vel kjent for dei det gjeld. 2

I svarbreva heiter det mellom anna at - Det er først og fremst Namnekonsulenttenesta si oppgåve å dokumentere faktiske tilhøve. - "Faktiske tilhøve" er tilhøve som kan dokumenterast eller ettervisast, dersom ikkje, er dei påstandar. - Ei tilråding skal innehalde ei objektiv og grundig vurdering av dei opplysningar som finst i saka sett i samanheng med regelverket, alternativ skal drøftast og ei grunngitt tilråding skal avslutte gjennomgangen. - Dersom namnekonsulenttenesta meiner det manglar dokumentasjon, må dei innhente nødvendige opplysningar. Dersom ein ikkje får inn informasjon, må dette nemnast. - Uttale, rettskriving, tidlegare og noverande skriftformer, ønsket til eigaren og fråsegner frå dei som har uttalerett må saman med regelverket vurderast når det skal takast stilling til skrivemåte av eit stadnamn. (Sjå spørsmål 5c, 5d og 6 i brevet 22.8.94, og spm. 1-1b og 5-1a i brevet 16.1.95.) Det er svært vanskeleg å sjå at Namnekonsulenttenesta sitt brev oppfyller noko som helst av det som her er sitert. Brevet ser meir ut som eit partsinnlegg enn som ei objektiv vurdering og gransking. Uansett om vedtaket vert ståande, er det all grunn til å leggje sjølve sakshandsaminga, først og fremst Namnekonsulenttenesta sin del, fram for Departementet til vurdering. Dersom vedtaket vert ståande må ein vurdere om ein skal be Sivilombodet sjå på saka. Utsegner og påstandar 1) Det heiter at "Dei skrivne formene av øynamnet har skift mykje". Dette er freista dokumentert ved seks - 6 - ulike tilfelle. I sakspapira er det nemnt fleire titals døme som eintydig peikar mot ei normalisert form "Dimnøya". Desse er ganske enkelt utelatne i grunngjevinga. 2) Det heiter at "Det går fram av dei innkomne fråsegnene ( [...] ) at det er langt frå semje om kva som er den lokale, nedervde uttalen." Dette er ein falsk påstand som ikkje har noko grunnlag i høyringsfråsegnene. Rett nok er det ein del som ikkje skil heilt klart mellom uttaleform, skriftform og "rett form". Det er også ein del samanblanding av utsegner om gardsnamna og øynamnet. Men det som er viktig her, uttaleform og skriftform for øynamnet er det likevel ikkje vanskeleg å hente ut. Den "variasjonen" det er snakka om er det vanskeleg å få auge på. To personar seier ingenting om uttalen (Nora Dimmen, Olav O. Dimmen). Ein person (Sigm. Dimmen) meiner at uttalen har vore Dimna. Tre lokale organisasjonar, alle innfødde medlemer i samarbeidsutvalet for Dimna skule, og 22 underskrivande 3

einskildpersonar seier at Dimnøya er den lokale uttalen. Variasjonen mellom dei sistnemnde gjeng mest på formuleringane, dei skifter naturleg nok frå person til person. Men alle formuleringane fell innafor innhaldet i Forskrifter 1-1 3.ledd; at "Dimnøya" er "den uttalen som er munnleg overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk". Ein kan også lese at "Dimna" ikkje oppfyller dette. Med unnatak av éin - 1 - person, er fråsegnene om øynamnet heilt eintydige i så måte. 3) I samband med uttaleforma heiter det "Men forma Dimnøya er knapt stort eldre enn kring 80 år, og ho er rimelegvis oppkomen gjennom oppnorsking av det eldre kartnamnet Dimmø." Denne tøvete påstanden er ikkje ein gong grunngjeven, langt mindre dokumentert. Det lever faktisk nittiåringar mellom oss som seier dei aldri høyrde noko anna enn Dimnøya om øya av dei som var eldre. Og då snakkar vi om eit minne som rekk minst 150 år attende i tid. Andre omsyn 3. Uttaleform Namnekonsulenttenesta talar om "den verkeleg nedervde uttaleforma". Det peikar mot 4 i lova som seier at "det skal takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen". Forskrifter 1-1 definerer (3.ledd) "Med den nedervde lokale uttalen er meint den uttalen som er munnleg overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk." Namnekonsulenttenesta skriv at "Det er ingen tvil om at både Dimna og Dimnøya er levande uttaleformer i dag, og at Dimnøya er mest brukt av lokalfolket." I høyringsfråsegnene er det éin - 1 - person som hevdar at "Dimna" har vore brukt lokalt. På den andre sida er det eit tjuetal som hevdar at "Dimna" slett ikkje har vore vanleg. Nokre av oss heldt av ei lita opning for den eine som vi visste kom til å stå på sitt. Det finst ingen dokumentasjon som fortel noko i retning av at namneforma "Dimna" har vore vanleg på staden. Tvert imot vedgår også Namnekonsulenttenesta at "Dimnøya" har vore det vanlege på staden. Det manglar også dokumentasjon for at namneforma "Dimna" har vore vanleg andre stader. Namnekonsulenttenesta viser til ei setning i "Sunnmørsgrammatikkane" av Ivar Aasen. Her heiter det at i "Folkesproget" er øynamnet "Dimna". Denne opplysninga skal vere "upartisk". Men Namnekonsulenttenesta har ikkje drøfta realiteten i opplysninga, og heller ikkje sett henne i samanheng med ordlyden i regelverket. Det er høgst tvilsamt om dette kan nyttast som argument i denne stadnamnsaka. Eg vil gå nærare inn på dette i avsnitt 5 nedanfor. 4

Tidlegare grunna Namnekonsulenttenesta tilrådinga om Dimna på eit namnekort av A.Muri, og på ei uidentifisert/anonym kjelde. I utgreiinga mi (M94) peika eg på at namnekortet var feil; og at det er dårleg skikk å bruke anonyme kjelder, både mellom forskarar og allment. Dette er ikkje nemnt meir i det siste brevet, så eg ventar dei har gått bort frå desse kjeldene. Eg vil framleis hevde at "Dimna" (om øya) ikkje har vore nytta, og ikkje vert nytta av folk som har opphavet sitt i Hasund, Sundgot og Dimna. Ved fastsetjing av skriftform skal ein ta utgangspunkt i ein uttale som har vore vanleg på staden over fleire ættledd. Når Namnekonsulenttenesta tilrår "Dimna" skal dei dokumentere at dette har vore vanleg uttale mellom dei som har levd på øya. "Dokumentasjonen" for dette er høyringsfråsegn frå éin - 1 - person, som talar beint i mot alle andre. ei utsegn frå Ivar Aasen, gitt i forbifarta og med uviss kjeldeverdi. Tilrådinga endar med å vise til eigen tvil og tru. Dersom namnekonsulentane vil byggje faget sitt på så tynnt grunnlag, er det lite vi kan gjere med det. Men dei bør ikkje plage andre med slikt. Det skulle ikkje vere noko problem å sjå at dei innkomne fråsegnene dokumenterer at "Dimnøya" er uttalen som har vore vanlegast på staden over fleire ættledd, og som er det i dag. 4. Skriftform "Stadnamn i offentleg bruk" Det skjematiske oppsettet som følgjer saka frå Kartverket inneheld ein kolonne "Stadnamn i offentleg bruk". Her er det nemnt tre kart som kjelder. Det er "Norge 1:50000" (N50), også kalla M711-kartserien. Kartblad 1119 I "Ålesund". "Fylkeskart"; det er vegvesenet sitt "fylkeskart" som byggjer på "Vegkart", serie M516, 1:250000, redigert av Statens vegvesen. "Fylkeskart" er heile kartblad 8 "Møre", pluss mindre delar av 5 tilgrensande kartblad, slik at heile fylket vert samla på eitt kartblad. Siste utgåve er frå 1993. "Sjøkart", det er Sjøkart nr.30, Sjøkartverket (seinare Statens kartverk). Det er ikkje oppgjeve utgjevingsår for karta. Ifølgje dette skjemaet har alle "Dimna" som namneform for øya. Det er ikkje henta inn namn frå annan offentleg bruk, som Økonomisk kartverk, dokument, m.m. 5

Økonomisk kartverk har "Dimnøya". Det er dette kartet som Leif P. Dimmen har kopiert frå i brevet sitt 26.3.94. I brevet frå Kartverket til Ulstein kommune v. Olav O. Dimmen 13.1.94 er det lagt ved ein kopi frå eit kart (1:250000; eit Vegvesen-kart?) med namneforma Dimnøya. Eg har fått høyre (frå Leif P. Dimmen) at eldre sjøkart hadde namneforma Dimmø. Dette har eg ikkje fått til til å undersøkje. Det skulle ikkje vere så vanskeleg å finne ut når namneforma Dimna kom inn i sjøkartet, og kva som låg bak endringa. For N50 må det vere brukt 2. utgåve, 1992. Der stend det "Dimna". På førsteutgåva (1972) stend det "Dimnøya". Namnet er endra i 2. utgåve utan rett saksgong etter Stadnamnlova, og skulle ikkje vore nemnt som "offentleg bruk" (jfr. 6, 6. ledd). "Stadnamn i Ulstein" Namnekonsulenttenesta viser til dette heftet av Johannes Dimmen, Reinh. Høydal og Johan Ottesen (Ulstein mållag 1975). Det er rett at på dei to første karta er øya kalla "Dimna". Det Namnekonsulenttenesta ikkje veit, er at begge desse karta er kopierte frå Sjøkart nr.30, og at namna følgjer med. Når ein veit det, er det lett å sjå. (På det første er ein del namn på sjøen radert ut, truleg for å lette oversynet.) Det ein stend att med er Sjøkart nr. 30 som eit av dei få døma på bruk av Dimna om øya. Tilrådinga: Namnekonsulenttenesta vil ha det til at "Dei skrivne formene av øynamnet har skift mykje". Deretter følgjer noko som venteleg skal førestille dokumentasjon. Dette vil eg sjå litt nærare på: Namnekonsulenttenesta har greidd å leggje fram 4 - fire - nye kjelder for skriftforma, attåt to som har vore nemnde før. Dei ser bort frå 20-30 kjelder som er nemnde i sakspapira. Dei ser også bort frå mange klare utsegner om korleis namnet har vore skrive lokalt. Dimma er ei namneform dei har funne i to leksika frå 50-talet: "Norsk Allkunnebok" og "Aschehougs konversasjonsleksikon". Eg kan godt ta med to til: "Gyldendals store konversasjonsleksikon" (3.utg 1975) og "Media, Cappelens Leksikon" (1977). I "Norsk Allkunnebok" (Fonna forlag, Oslo 1948) er artikkelen "Dimma" signert av Per Tang, topograf, major. Der er også ein artikkel "Dimna" (om garden) signert Eivind Vågslid. Ein kunne kanskje også ta med at 1969-utgåva av "Aschehougs konversasjonsleksikon" har Dimnøy som oppslagsord. (Det er nemnt i sakspapira, brev frå Ertesvåg-folket, 5.10.1992). Namnekonsulenttenesta spør: "Kan det vere ei 'oppnorsking' av forma Dimmen?". Kanskje det. Eller kanskje ei "oppnorsking" av forma Dimmø? Eit svar vert rein spekulasjon så lenge ein ikkje kjenner bakgrunnen. Det kan ikkje bidra noko i denne saka. 6

Det ser ut til at namneforma "Dimma" berre finst i leksikon. Det er vel helst slik at det eine leksikonet stør seg på det andre. Om dette lagar ein "innarbeidd skrifttradisjon" er vel heller tvilsamt. Dimmen om øya ser det ikkje ut til at nokon har brukt. Eit unnatak er Hans Strøm (1762) som brukar denne namneforma éin gong, elles berre Dimøe. Dimna For denne namneforma, om øya, er det i tilrådinga vist til to døme: Sjøkart nr.30 (attgjeve i "Stadnamn i Ulstein") og "Store norske leksikon" som har "Dimnøy (Dimna)". Det finst sikkert nokre til, men av dette vert det ingen tradisjon. Dimmø, Dimmøen Med ulike bokstaveringar reknar eg dette for éi form. Stum e-ending i ord som øe, moe og bøe vart offisielt fjerna frå norsk dansk i 1862. Reglar for enkel/dobbel konsonant vart praktisert nokså tilfeldig heilt fram til vårt hundreår. Også i dag ymsar bruken av bunda/ubunda form. Denne forma er den einerådande i alt materiale på dansk, norskdansk og riksmål som er lagt fram i denne saka. Det er to unnatak: Eitt tilfelle med Dimnøen (dvs med -mn-; elles brukt Dimøen) i ein utskiftingsprotokoll frå 1864. Eitt tilfelle av Dimmen (elles brukt Dimøe) i Hans Strøm si bok (1762). (Sjå M94). Dimnøy, Dimnøya Desse reknar eg som éi namneform. Hovudsaka er spørsmålet om Dimna eller Dimnøy(a). Då vert ubunda/bunda form eit underordna spørsmål. Fleire høyringsfråsegner har hevda at i Ulstein har dette vore den einerådande skriftforma for øynamnet, så lenge nokon kan hugse og heilt fram til dei siste åra. Det er ikkje nokon som har teke til motmæle mot dette. Det er ikkje lagt fram dokumentasjon som syner noko anna. I den første lokalavisa ("Aarvak", 1916-1921) fann eg berre namneformer med -øy (-ø på riksmål), ingen med Dimna/Dimmen om øya (sjå M94). Dette var altså frå ei tid før dei fleste nolevande hugsar noko. Den neste lokalavisa kom først i 1928. Fleire kjelder (som om ein skulle trenge det): Eg nemnde (M94) at Knut J. Hasund i bygdeboka (1984) skreiv Dimna og Hod om øyane, og argumenterte for at dette var reine skriftformer. Etterpå fann eg att stykket i heftet "Glimt frå bygdelivet i Ulstein II" (Ulsteinvik 1972). I dette heftet brukar han like mykje namneforma Dimnøya om øya. "Det store Norgesatlas", Hjemmets bokforlag 1992, nyttar "Dimnøya" (kartblad 23). 7

"Atlas of the World", Times Books, London 1992, nyttar "Dimnøya" (Plate 53). Innarbeidd skrifttradisjon: Det er lagt fram eit sjøkart som har namneforma Dimna. Eit leksikon har Dimna som alternativ skrivemåte for oppslagsordet Dimnøya. Det er lagt fram nokre leksikon som har namneforma Dimma. Alle andre skriftlege vitnemål som er lagt fram har namnet i ei eller anna form med endinga -øy. Desse fordeler seg over tre hundreår, lokale, nasjonale og internasjonale kjelder, og brukt av både det offentlege og av private. Dette er det Namnekonsulenttenesta får til å verte "har skift mykje". Det må vere lov å undre seg over ei slik praktisering av "objektiv" og "fagleg" vurdering! "Større og/eller særleg kjende lokalitetar" Øya er oppslag i alle større norske allmenn-leksikon og har namn i atlas frå inn- og utland. Det bur opp mot tusen menneske på øya. I areal og folketal er øya større enn nokre av kommunene i landet. Uavhengig av skrivemåten i dei ulike kjeldene viser dette at øya er stor og kjend nok til at namnet kjem inn under Forskrifter 2-1, 1. ledd; dvs at det skal "takast omsyn til innarbeidd skriftform". Det materialet som er lagt fram syner klart at Dimnøya er "innarbeidd skriftform", og at Dimna på ingen måte er det. 5. Øyar på Sunnmøre og Ivar Aasen Namnekonsulenttenesta viser til ei utsegn i "Sunnmørsgrammatikkane" av Ivar Aasen (Bergen 1992) s.38. Dei presenterer dette som "Ei upartisk opplysning". Det kan vere tenleg å ta med heile setninga: "Adskillige Øers Navne skrives som et sammensat Ord, da Ø tillægges det egentlige Navn, men de ere i Folkesproget ganske enkelte; for Ex: Dimna, Eikaa, Haankja, Hessa, Humblaa, Laukaa, Skorpaa, Sula, Vigra, Voksaa. Giske, Runde, Riste." (I "Tillæg til Undersøgelsene af det søndmørske Almuesprogs grammatikalske Bygning", 1840) Namnekonsulenttenesta har ikkje på nokon måte drøfta kjeldeverdien i dette; ikkje som språkleg kjelde, og ikkje sett i samanheng med regelverket for stadnamnsaker. Tvertom, dei har like godt utropt dette til ei "upartisk opplysning". 8

Kjelda dokumenterer at namneforma Dimna eksisterte i 1840. Men det er ikkje med det prova noko om øynamnet. Nokre av spørsmåla som kan drøftast er: - Var dette den einaste eller vanlegaste namneforma i talemålet? - Gjeld opplysninga talemålet på øya sjølv? (jfr ordlyden i Forskrifter 1-1 3. ledd) - Kva rekna Aasen til "Folkesproget"? - Det er vel eit faktum at Dimnøya er den einaste av dei øyane Aasen listar opp som i dag vert uttala med "-øy". Kvifor? - Kan Ivar Aasen, som andre, ha teke i miss mellom øya og gardane/grenda? Vi veit at Ivar Aasen fann ord i talemålet som han utelet frå "Folkesproget". Det gjeld til dømes ord med heit-ending. (Sjå "Sunnmørsgrammatikkane" s.8). Desse manglar i "Norsk Ordbog - Ordbog over det Norske Folkesprog". Det gjeld ein del andre ord også. Det kan godt gjelde øynamnet Dimnøy også. Dersom Aasen høyrde namneforma "Dimnøy", kunne han ha tenkt at dette kom frå det danske "Dimøe", og dermed ikkje rekna det som "Folkesproget". Og det spørs om han var "upartisk" i den saka. Ein annan ting er denne: Dei øyane som Aasen nemner er anten - små øyar, med 1-2 små gardar; Eika, Hankja, Hessa, Humbla, Lauka, Skorpa, Voksa, Riste. På Runde er det ein stor gard samnemnd med øya og ein mindre. Giske hadde berre ein gard, Giske. - store øyar med mange gardar, utan at nokon gard er samnemnd med øya; Sula, Vigra. Dimnøya/Dimna er i ei særstode ved at 1) øya har mange gardar der to av dei har det namnet Aasen brukar som øynamn. 2) øya er den einaste på lista der namnet i dag vert uttala med - øy. Ein tredje ting: Frå Herøy kan du sjå inn mot vestsida av øya. Snakkar du med nokon om det du ser der, vil dei snakke om "Dimna" og "borte i Dimninje". Det du ser er nemleg gardane indre og ytre Dimna. Den som ikkje veit betre kan tru at det er snakk om øya, ikkje grenda. Det kan forklare feilen på namnekortet til A.Muri. Han trudde det heiter "i Dimninje" om øya. Kanskje det gjeld Ivar Aasen også? Ein kan også undre seg over kvifor Namnekonsulenttenesta tillegg denne kjelda vekt i denne saka, men ikkje i andre saker. På s.39 finn vi m.a. namneformene Bjørdal, Selbervik og Havog. For desse namna tilrår Namnekonsulenttenesta bunda form, sjølv om Aasen tydelegvis brukar ubunda form. (Tilråding for gardsnamna i Ørsta, arkivført av Kartverket 2.1.95; Endringsforslag for stadnamn på kartbladet Ålesund, nr.1119 I, 2.10.91, vedlegget s.7). -Kan det vere fordi kjelda er uviss? Namnekonsulenttenesta har ikkje gått inn på noko av desse spørsmåla. Så lenge det ikkje er gjort, stend opplysninga fram som svært uviss. Kjelda provar på ingen måte at Dimnøya ikkje var eit vanleg brukt namn i 1840. 9

6. Namnetyding og namne-utvikling Det språklege opphavet til og utviklinga av namna er ei interessant emne i seg sjølv. Men i dette tilfellet ser ut til å ha lite å seie for saka som sak etter Stadnamnlova. Difor vil eg ikkje seie så mykje om det her. Berre dette: Det Namnekonsulenttenesta skriv om utviklinga av namnet Dimnasund inneheld eit sirkelargument. Det er om lag som følgjer: Namnet følgjer ein regel. Regelen har ikkje unnatak, difor er Dimnasund ikkje eit unnatak. Ein har ikkje funne unnatak, difor er regelen utan unnatak. Dei har også sett bort frå eit faktisk tilfelle av den "uaktuelle" forma "Dimnsund". Dei har ikkje drøfta om mellomvokalen i talemålet ein gong kunne ha vore -e-, slik skriftformene lenge har vore. Namnekonsulenttenesta kjem ikkje inn på spørsmålet om kvifor øya skulle vere kalla Dimna når garden Indre Dimna ligg på ytre sida av øya. Namneforma "Indre" er å finne iallfall så tidleg som i 1610 (Lensrekneskap for Bergenhus 1609-1610). Historiske og geografiske tilhøve tyder mykje på at gardane Hasund og Dimnasund har vore kontinuerleg busette sidan lenge før vikingtida, truleg også Dimna. Det er difor vanskeleg å tru på at øynamnet, og med det gardsnamna ikkje er eldre enn frå vikingtida. No kan dette "problemet" løysast. Anten ved å leggje frå seg den keltiske tolkinga, eller ved å rekne med tidlegare kontakt over Nordsjøen. Det er ein del som tyder på jamleg kontakt iallfall attende til 400-talet. Tolkinga med "to toppar" vil nok lokalkjende rekne som uaktuell, iallfall om ein held fast ved markerte toppar. Med litt godvilje kan ein gå med på "to høgder". Frå vest kan ein sjå øya som eit langt høgdedrag med Røyrafjellet som ein tupp på enden. Langs høgdedraget kan ein sjå 3-5 markerte toppar, avhengig av posisjonen. I området er det andre øyar som mykje meir er karakteriserte ved "to toppar", til dømes Nerlandsøya. Øyane Store Dímun på Færøyane og Dímun i Hvammsfjord (Breidafjord) på Island er begge særmerkte ved to tydelege toppar. (Der er eit godt bilete av den sistnemnde i Vera Henriksen: "Mot en verdens ytterste grense", Aschehoug, Oslo 1988, s.27). Ei setning eg har merka meg er "Opphavet til øynamnet er uvisst". Tidlegare har namnekonsulenten Oddvar Nes skrive at "Sophus Bugge hadde visseleg rett då han førde Dimna ihop med eit gammalirsk ord som tyder 'tvitoppa'." ("Jul på Sunnmøre" 1993, s.26) og "Eg er ikkje i tvil om at Sophus Bugge har rett (i NG 13) når han reknar namnet som identisk med Dímun på Færøyane og fleire stader på Island, og opphavleg eit lån frå gammalirsk med tydinga 'den tvitoppa'." ("Stadnamn i kystkulturen", Rapport frå NORNAs 14. symposium i Volda mai 1987, red. P.Hallaråker mfl., Uppsala 1989, s. 69). På bakgrunn av det eg før har skrive (M94), tek eg - naturlegvis - ein del av skulda/æra for at opphavet no er "uvisst". Så spørs det om vi med tid og stunder får lese at opphavet og kontakten med keltisk er flytta nokre hundreår bakover 10

i tid (jfr avsnittet ovanfor). Men som sagt, dette trur eg har lite å seie for saka som stadnamnsak. 7. Sluttmerknad No har Namnekonsulenttenesta handsama saka tre gongar. Ein må kunne gå ut frå dei har lagt fram alle fakta dei sjølve kan få fram i denne saka. Namnekonsulenttenesta sitt brev viser at dei ikkje kan finne noko som sakleg sett talar for at øynamnet skal vere "Dimna". Dette er det einaste nye som har kome fram. Ein personleg, subjektiv, uformell, men ikkje usakleg merknad vert denne: Når Namnekonsulenttenesta, eit offentleg organ, ikkje har anna å fare med enn si eiga tvil og tru, så burde dei avstå frå å plage folk med slikt tøv. Ein meir formell konklusjon har eg gjeve tidlegare: - Namneforma Dimna, om øya, har ikkje vore vanleg i talemålet på staden, og er ikkje nedervd frå tidlegare ættledd. - Namneforma Dimna, om øya, har ikkje vore noka vanleg skriftform. - Den einaste uttalen som er nedervd, har vore vanleg på staden, og som er i levande bruk er Dimnøya. - Den einaste skriftforma som er vanleg og innarbeidd er Dimnøya. Ivar Ertesvåg Blåklokkevegen 29d 7035 Trondheim Ein gong i tida elev på Hasund skule, som ligg på Dimnøya. Tidlegare medlem i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining, Hasund og Dimnøy ungdomsmusikk, Hasund og Dimnøy skulekorps. 11