Ungdom engasjerar ungdom (Ref #ce92a3a7) Søknadssum: 100 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Nord-Fron bibliotek / 839893132 Nedregt. 50 2640 Vinstra Institusjonens leder Randi Nordlien Berg Ansvarlig kontaktperson (søker) Randi Nordlien Berg 61 21 62 22 / randi.n.berg@nord-fron.kommune.no Mål for prosjektet Full tittel på prosjektet: Ungdom engasjerar ungdom med biblioteket som arena. Hovudmålsetjing: Nord-Fron bibliotek ønskjer å vere bidragsyter til aktivitet for ungdom gjennom etablering av samarbeid med Nord-Fron ungdomsråd. Tre delmål der kvart punkt er likestilt: 1. Vi ønskjer å vise ungdom korleis biblioteket kan vere ein møtestad der ulike aktivitetar og arrangement kan skape gode opplevingar, som også kan generere engasjement og debatt og vere bidrag til ungdom si personlege utvikling.i sum trur vi dette kan vere med å auke ungdom sitt engasjement og deltaking i samfunnsdebatten; lokalt, nasjonalt og globalt. 2. Brukarmedverknad: biblioteket skal synleggjerast for ungdom ved hjelp av ungdomsrådet si deltaking. 3. Nye samarbeidspartar: Nord-Fron ungdomsråd, ungdomskonsulent og Vinstra kino. Prosjektbeskrivelse Bakgrunn: Frå 01.09.13 fekk kommunesenteret i Nord-Fron, Vinstra, bystatus. Diskusjonane og meiningane om ein mindre tettstad kan kallast by, har vore, og er, mange. Dette har ført til auka engasjement innafor tema som distriktspolitikk, tettstadutvikling og ein generell debatt om kva for samfunn og samfunnsutvikling vi ønskjer, kort sagt ei form for identitetsavklaring. Ikkje minst har det ført til endra tankesett og forventningar til det generelle tenestilbodet. Som dei fleste andre Side 1 av 5
distriktskommunar, jobbar også Nord-Fron for å halde på ungdom og stimulere ungdom til å busetje seg i heimkommunen etter endt utdanning. Nord-Fron kommune har difor ei svært bevisst haldning til at barn og unge skal ha gode oppvekst-og levekår. Biblioteket ønskjer å yte sitt bidrag til dette. Bibliotekplan for Midt-Gudbrandsdalen 2013-2017 har tilbod til barn og unge som hovudsatsingsområde, der det i målsetjinga m.a. heiter at "Biblioteka skal vere aktive kultur-og litteraturformidlarar, og vere viktige bidrag til eit godt oppvekst-og læringsmiljø i Midt-Gudbrandsdalen".Bibliotekplanen slår også fast at biblioteka skal vere kulturelle møteplassar for alle, der målet er at innbyggjarane skal oppleve sitt lokale bibliotek som ein arena for det frie ord og som ein møteplass. Auka fokus på brukarmedverknad, og styrking av brukarane si eigedomskjensle til sitt bibliotek, er eit sentralt mål. I denne samanhengen blir samarbeid med ungdom og ungdomsrådet vesentleg. Nord-Fron bibliotek er samlokalisert med kommunen sitt servicetorg, og ligg i 1.etg. i Kommunehuset, midt i Vinstra sentrum. Vi har eit lokale på 640m2. Heile lokalet er oppussa i 2013, der m.a. hjul på fleire reolar har vore prioritert. Lokalet er nå enda betre tilrettelagt for å imøtekome formålsparagrafen i den nye biblioteklova. Med biblioteket si sentrale plassering, og gode lokale, er vi allereie kjent i lokalmiljøet som ein god møteplass med mange ulike arrangement. Dette har utvikla seg på ein positiv måte dei siste åra, men vi har ikkje klart å skape gode tiltak for ungdom.ungdom si erfaring med biblioteket har nok for mange stort sett vore besøk i skoletida. Prosjektet: Fundamentet i prosjektet skal vere 3-4 større arrangement knytt til litteratur og film med tema som kan skape engasjement og gode samtalar i forkant/etterkant, med biblioteket som arena, Kombinasjonen bok/film vil vere aktuell, og eksterne aktørar som kan lage spennande opplegg for ungdom, er avgjerande for god gjennomføring av prosjektet. Vinstra kino ligg rett ved biblioteket, er nyleg renovert og har gode publikumstal. Kommunen har tilsett ungdomskonsulent og har eit aktivt og deltakande ungdomsråd som biblioteket ønskjer å starte samarbeid med. Og det er samarbeid mellom ungdomskonsulent, ungdomsråd, kino og bibliotek som skal skape, og gjennomføre prosjektet. Ungdomsrådet er tenkt som den mest aktive parten når det gjeld val av tema. Praktisk gjennomføring må vere eit samarbeid, men også her med ungdomsrådet som den viktigaste premissleverandøren. Slik trur vi at biblioteket etterkvart kan framstå som ein god møteplass også for ungdom. Prosjektet skal hjelpe oss med å legge eit grunnlag, og vere ein start, for å få til eit etablert samarbeid med ungdom, representert ved ungdomsrådet. Eit samarbeid som ikkje berre skal gjelde arrangement, men også skal føre til innspel og engasjement i høve til biblioteket sitt totale tilbod til ungdom. Gjennom eit slikt samarbeid, trur vi at ungdom lettare vil finne vegen til biblioteket og nyttiggjere alle ulike tenester. Altså som tittelen på prosjektet fortel; «Ungdom engasjerar ungdom med biblioteket som arena». For å kunne ha gode, aktuelle arrangement, og imøtekome ønskje frå denne gruppa, treng lokalet vårt noko teknisk utstyr som gjer det enklare å gjennomføre arrangement på ein inspirerande måte tilpassa ungdomsgruppa sine forventningar. Ein del av søknadssummen vil difor også omfatte innkjøp av teknisk utstyr. Men arrangementa, og etablering av fast samarbeid, er det fundamentale i prosjektet. I budsjettet vårt ligg også utgifter til prosjektkoordinator. Funksjonen er tenkt knytt opp til ei alt eksisterande stilling knytt til ungdomsklubbarbeid. Prosjektkoordinator vil vere eit svært viktig bindeledd mellom dei ulike samarbeidspartane, og ikkje minst kjenne til, og ha tillit i ungdomsmiljø. Samarbeid mellom bibliotek og ungdomsråd, og prosjektsøknaden, var tema på Side 2 av 5
møte i Nord-Fron ungdomsråd den 10.02.14. Biblioteksjefen var til stades, og det kom svært mange gode innspel og idear til kva og korleis samarbeidet kan vere, og ikkje minst aktuelle tema for arrangement. Og at prosjektet er tenkt som grunnlag og utgangspunkt for eit etablert samarbeid, vart også mottatt med stor entusiasme. Eksempel på tema/arrangement som kan vere aktuelle: - "Kampen mellom det gode og det vonde"; med utgangspunkt i Tolkien sine bøker og filmversjonane av dei. Ekstern aktør som innleiar til samtale og debatt rundt temaet. Film vist på kinoen først, arrangement på biblioteket rett etter. - Med referanse til det som er nemnt om identitetsavklaring under "Bakgrunn", er tema som gjeld ungdom, språk, dialekt og dialektbruk eit aktuelt tema. Også her er ekstern aktør som innleiar aktuelt. Resultat av prosjektet: Fast, regelmessig samarbeid med Nord-Fron ungdomsråd og ungdomkonsulent for å gjere Nord-Fron bibliotek sine tenester til ungdom gode og attraktive. Side 3 av 5
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Ettårig Fra dato 01-09-2014 Til dato 01-05-2015 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Innkjøp og montering av teknisk utstyr 01-09-2014 01-10-2014 Planlegging og gjennomføring av arrangement 01-10-2014 01-05-2015 Andre opplysninger Samarbeidspartnere Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Nord-Fron ungdomsråd Nedregt. 50 2640 Vinstra ja Erik Tøftestuen er avdelingsleiar i verksemdsområdet kultur, m.a. med ungdomsarbeid som ansvar. Han er saksbehandlar for Nord-Fron ungdomsråd. Side 4 av 5
Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 100 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Teknisk utstyr 37 37 Arrangement 45 45 Prosjektleiing/prosjektkoordinator 90 90 Totale utgifter 172 172 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 100 100 Eigenfinansiering 72 72 Totale inntekter 172 172 Vedleggsoversikt Beskrivelse Side 5 av 5