Kan vi hjelpe barna våre med matematikken? Foreldre tel!
Forord Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) ønskjer å vere med og styrkje realfaga. Vi ønskjer at elevane skal få større interesse for og kunnskap i matematikk. Vi håper at Foreldre tel kan gi foreldre med barn i grunnskulen og dei tilsette i skulen nyttige tips og informasjon, og at dette opplegget gjerne blir brukt på foreldremøte. Fleire studiar har vist at heimen har mykje å seie for læringa til elevane: kva haldning vi foreldre har til skule og læring, kva vi forventar av barna våre, korleis vi involverer oss i skulearbeidet og støttar og rettleier. Vi treng ikkje vere så flinke i matematikk sjølve, men når vi viser interesse og oppmuntrar barna våre, hjelper vi dei til god læring. Helsing Foreldreutvalet for grunnopplæringa esember 2009 Innhald 3_Likte du matematikk på skolen? 4_Godt språk ei hjelp i matematikk 5_Spirer (8.10. årstrinnet) 6_Hesteløp Foreldre tel! Foreldreutvalet for grunnopplæringa www.fug.no post@fug.no FUG 2009 Layout: Månelyst as Foto: istockphoto 6_Matematikk på skulen 7_Hesteløp (1. 4. årstrinnet) 8_Samarbeid mellom heim og skule 9_Matematikkvanskar 9_NIM (5.7. årstrinnet) fug.no Foreldre tel_2
Likte du matematikk på skulen? Vi har ulike erfaringar frå eigen skulegang. Nokre likte matematikk godt, fekk det til og synest det er enkelt å hjelpe barna med lekser. ndre syntest matematikk var eit vanskeleg og unyttig fag, og føler slett ikkje at dei har noko å stille opp med i leksearbeidet. Same kva erfaring vi måtte ha med faget, kan vi gjere mykje for å hjelpe våre eigne barn i skulearbeidet. Kva kan vi gjere heime? Vi kan støtte, oppmuntre og dermed vise at matematikk er eit viktig fag. Vi kan jakte på matematikk i kvardagen. Vi kan hjelpe til med leksearbeidet. Vi kan spele spel, leike e.l. Vi kan be barna fortelje kva dei har lært, og forklare oss vaksne kva omgrepa tyder. Visste du at matematikk er eit nyttig verktøy i kvardagen alle kan lære matematikk jenter og gutar har same sjansen til å bli gode i matematikk svært mange yrke krev ei viss matematisk innsikt det å vere flink i rekning gir barn og unge kjensle av å meistre, noko som gir sjølvtillit og lyst til å gå vidare ein må vere flink til å rekne for å kunne gå vidare med meir avanserte problemstillingar i matematikk iga innstilling til matematikk Same kor lite eller mykje vi sjølve kan den beste måten å hjelpe barnet på er å ha ei positiv innstilling til det barna lærer på skulen. Vi kan oppmuntre, vere interesserte, spørje korleis det går, om det er noko som er lett eller vanskeleg, be om å få sjå kva dei har arbeidd med på skulen osv. Våre eigne tankar og kjensler har innverknad på kva barna tenkjer om matematikk og om seg sjølve som matematikarar. ersom ein i utgangspunktet er negativt innstilt og ikkje trur ein skal lykkast, blir det vanskelegare å lykkast. erfor er det viktig at vi foreldre skaper ei god stemning og ei positiv innstilling til å lære matematikk. Matematikk ikkje berre skulefag et er ei heil verd av matematikk rundt oss, sjølv om det kanskje ikkje er så lett å sjå. Mykje er skjult bak innpakning og design. Verken fjernsyn, mobiltelefonar eller Internett hadde eksistert utan stor nok matematisk kunnskap og innsikt. Matematikk er ein del av kvardagen, og mange av dei daglege gjeremåla kan hjelpe barna til å få eit betre forhold til matematiske emne som til dømes måleeiningar. enkjer vi oss litt om, ser vi at aktivitetar som innkjøp, matlaging, forming, handarbeid og sport er fulle av meir eller mindre skjulte reknestykke. Gå på jakt etter matematikken i desse situasjonane. For nokre kan det vere meir spennande å rekne på slike meiningsfulle oppgåver enn på dei ferdig oppstilte oppgåvene i matematikkboka. fug.no Foreldre tel_3
Mange yrke krev matematikkunnskap. Jordbrukarar, ekspeditørar, dataprogrammerarar, sjåførar, sjukepleiarar, lærarar, sjølvstendig næringsdrivande, militære og fleire andre bruker matematikk i jobben sin. et kan motivere til innsats når barn og unge får vite at det dei arbeider med på skulen, er nyttig kunnskap i yrkeslivet. alle mange få først sist føre etter lang kort stor større liten mindre høg låg sirkel kvadrat rektangel Godt språk ei hjelp i matematikk Vi tenkjer kanskje ikkje over det, men språk og matematikk høyrer saman. alforståing byggjer på nokre grunnleggjande omgrep, til dømes alle, mange, få (mengdeomgrep) først, sist, føre, etter (rekkjefølgjeomgrep) lang, kort, stor, større, liten, mindre, høg, låg (relasjonsomgrep) sirkel, kvadrat, rektangel (formomgrep) Vi er avhengige av å kunne språk, å kunne lese og skrive for å fungere i vårt moderne samfunn. Like viktig er det å kunne rekne. For å bli flinkare til å lese er det viktig å lese mykje. For å bli flinkare til å rekne er det viktig å rekne mange oppgåver. Vi må ha lært noko før vi kan få hjelp frå hjelpemiddel som kalkulator og oppslagsverk. Vi kan ikkje lære å snakke fransk berre ved hjelp av ei ordbok, like lite som vi kan bruke matematikk til noko berre fordi vi har ein kalkulator. Spele spel Kortspel og terningspel eignar seg godt til a byggje opp ei grunnleggjande talforståing. arna blir kjende med tala, får eit forhold til storleik og kan trene seg på enkle addisjonsoppgåver (til dømes ved å kaste med to terningar). For litt større barn finst det spel der dei både må rekne ut poengsummar og tenkje litt taktisk for å finne ut kva som lønner seg i neste trekk. Gjennom forskjellige slags puslespel kan barna lære å kjenne att og kombinere geometriske former. et finst mange spel som kan vere morosame og samtidig gi trening i matematikk. ips til foreldre om leksearbeidet Oppgåver kan løysast på forskjellige måtar! La barnet fortelje korleis det tenkjer. Gi ikkje frå deg svaret med ein gong! Finn først ut om barnet forstår oppgåva og alle orda som er brukte i oppgåva. Prøv å få barnet med på ein mogleg løysingsmetode ved å gi nokre hint. Feil svar kan vere til hjelp. it feil svar kan hjelpe deg og barnet ditt til å oppdage kva barnet ikkje forstår. Hjelp barnet ditt til å (våge å) prøve seg! Gi barnet ditt tid til å utforske forskjellige framgangsmåtar for å løyse eit problem. Finn gjerne konkrete gjenstandar som kan hjelpe barnet til å sjå oppgåva klossar, metermål, litermål, utklipte figurar e.l. Få barnet til å innsjå at nokre oppgåver må ein streve litt med før ein får dei til. Lekser skal ikkje vere berre strev! a kontakt med læraren dersom barna synest leksene er altfor vanskelege. å må leksene tilpassast betre. arna må ha ein reell sjanse til å lykkast. fug.no Foreldre tel_4
1 1 2 2 F F 1 1 2 2 1 2 3 4 3 3 4 4 SPIRR (8. 10. årstrinnet) 3 3 4 4 F F SPIRR Spelet kan leggjast til rette for andre årstrinn, sjå tips på matematikk.org Utstyr: papir og blyant o spelarar Spelereglar: eikn tre (eller fem) startpunkt på eit ark. Kvar spelar teiknar annankvar gong ei kurve (ein samanhengande strek) mellom to punkt utan å krysse kurver som allereie er teikna. eikn eit nytt punkt mellom dei to punkta på kurva. Gå fram slik: a) Maksimum tre kurver skal starte/slutte i kvart punkt. b) o kurver kan ikkje krysse kvarandre. c) i kurve kan gjerne begynne og slutte i same punkt. øme: Hanne og Hans begynner med tre startpunkt. 1) Slik ser det ut før spelet startar. 2) Hanne begynner. Ho vel å teikne ei kurve mellom og og lagar eit nytt punkt,. 3) Hans teiknar ei kurve som startar og sluttar i. Han legg til punktet. 4) Hanne bind saman og og legg til punktet F. Slik held spelet fram heilt til ein av dei ikkje kan teikne nokon lovlege kurver. en som har tur da, har tapt spelet. Spel nokre spel og prøv å løyse desse problema : Kan spelet halde fram i det uendelege? Kvifor/kvifor ikkje? Ved eit visst tal startpunkt (tre eller fem) må du vere den som startar spelet for å vinne? fug.no Foreldre tel_5
HSLØP Spelet er for to tre spelarar (eller lag). Kvar spelar treng to like brikker (dette er hestane). e treng éin terning. Spelar ein spelet med berre ein hest kvar, får ein trening i å rekne. Ved å setje inn to hestar, slik vi har foreslått her, får ein og trening i å tenkje strategi, kva for ein hest som det lønner seg å flytte. Spelet kan og leggjast til rette for andre årstrinn, sjå tips på matematikk.org. Spelereglar: Før spelet startar, må spelarane plassere alle hestane på startstreken (ruta med SR/MÅL). Spelarane kastar terningen på omgang. Når du har kasta terningen, set du han på en i ruta ved sida av den hesten du ønskjer a flytte. Når terningen står på plass i ruta, reknar du ut resultatet og flytter hesten så mange ruter som resultatet seier. Når hesten startar ved startstreken, skal du flytte fram så mange plassar som terningen viser. ersom reknestykket gir positivt svar (større enn 0), flytter du hesten din framover. Viser reknestykket negativt svar (mindre enn 0), må du flytte bakover. lir svaret 0, blir du ståande til neste runde. lle reknestykka skal lesast inn mot midten av spelebrettet. Hamnar du på eit felt utan, får du med ein gong gå vidare så mange auge som terningfiguren viser. u kan flytte berre ein hest om gongen, men du vel sjølv kva for ein hest som det lønner seg å flytte. lle hestane må komme i MÅL for å vere ferdige. Vinnaren er den som får begge hestane i mål først. in hest kan stoppe akkurat på målstreken eller krysse målstreken for å vere ferdig. Matematikk på skulen Visste du at det å ha ei positiv innstilling til matematikk ser ut til å henge saman med gode resultat i faget undersøkingar viser at når vi har tru på at barna kan lære utfordrande matematikk, og vi set høge, realistiske mål for dei, hevar barna seg og innfrir forventingane. erfor skal vi utfordre og oppmuntre barna. Store krav og forventingar til elevane Matematikk er eit sentralt fag i heile grunnskulen. et er ein lang veg frå seksåringen som kanskje kan telje litt og kjenner nokre av tala, til 16åringen som kan behandle rekneark, løyse likningar, gjere statistiske undersøkingar og rekne ut areal og volum. Lære godt og så gå vidare Felles for matematikk på alle nivå er at det er eit logisk oppbygd system der alt har sin naturlege posisjon, og der det aller meste byggjer på tidlegare erfaringar og resultat. levane må ha eit fast grep om det dei har lært tidlegare, slik at dei kan konsentrere seg om det som er nytt. levane må få halde på med eit tema så lenge at ting sit i fingrane eller i ryggmergen. Liksom ein skihoppar må utføre satsen gong etter gong for å vere sikker på at han gjer det rett i konkurransen, må elevane gjennomføre same slags rekneoperasjon mange gonger for å vere sikre på at det går av seg sjølv. å er det lett a bruke rekneoperasjonen som ein del av ei større oppgåve seinare. fug.no Foreldre tel_6
fug.no Foreldre tel_7 SR/MÅL H S L Ø P HSLØP (1. 4. årstrinnet)
Visste du at erfaring viser at mange som slit med matematikk, slett ikkje manglar evner eller talent, men har fått eit negativt forhold til faget dine haldningar påverkar haldningane til barna dine. Utsegner som matematikk er vanskeleg og heller ikkje eg likte matematikk på skulen gagnar ikkje barna dine! Vis heller at du er glad for at dei lærer matematikk, og at du er stolt av dei! Å utforske gir innsikt Matematikkundervisninga skal vere meir enn drill. levane må få leike og eksperimentere, få tid og hjelp til å lære matematiske omgrep (til dømes areal, malestokk, brok), få prøve seg på matematisk problemløysing som er tilpassa deira eige nivå, og få hjelp til å forstå og få innsikt i matematikken. enkjer og lærer på ulike måtar Læraren skal vite kva kvar elev lykkast eller strever med. Vi foreldre kan vere med og finne ut korleis våre eigne barn tenkjer når dei løyser oppgåver i matematikk. Vår erfaring og kunnskap om barnet er god informasjon for skulen og kan gi læraren eit enda betre grunnlag til å finne dei mest tenlege måtane å leggje til rette opplæringa på. Samarbeid mellom heim og skule Foreldremøte Her informerer lærarane om kva elevane skal lære i dei ulike faga. Foreslå at matematikk blir tema på foreldremøte gjennom heile skulegangen. Moglege tema kan vere: Korleis kan vi foreldra hjelpe elevane heime? Korleis kan vi motivere og oppmuntre til innsats? Kva kan heim og skule gjere saman dersom elevgruppa gir uttrykk for at matematikk er lite spennande? Kan vi vere med og lage matteklubbar? Foreldrekurs til dømes bokstavrekning, koordinatsystem, kva metode lærarane bruker, korleis lærarane forklarer låning, divisjon o.a. Utveksle erfaringar, tips og idear, til dømes når elevane skal lære gangetabellane. Kva kan vi foreldra gjere når vi ikkje forstår den matematikken barna våre arbeider med? Kan nokon av oss vere ei ressursgruppe som kan hjelpe både barn og foreldre? ruke konkrete hjelpemiddel. Kan elevane fa låne med seg hjelpemiddel heim? Kva kan ein bruke og lage utan at det kostar noko? Konferansetimen/utviklingssamtalen Utviklingssamtalen skal vere med og hjelpe eleven til å kunne utvikle seg og lykkast same kva nivå eleven er på. rfaringa til eleven, læraren og foreldra er viktig for å leggje eit best mogleg grunnlag for vidare læring. Utviklingssamtalen skal munne ut i avtalar om kva som skal gjerast vidare, kva skulen skal gjere, eleven sjølv og foreldra heime. Kanskje er det lurt å avtale ein ny konferansetime om fire veker? I alle høve er det lurt å følgje opp avtalane så tett at ein har sjanse til å lykkast. Nasjonale prøver i regning Nasjonale prøver skal gjennomføras på 5. og 8. trinn i grunnskulen. Prøvene er obligatorisk for alle elevane på desse trinna. in har prøvd å lage oppgåvene slik at dei skal hjelpe lærarane til å identifisere kva elevane kan, og kva dei slit med. Resultata av prøvane bør vere tema i konferansetimen. Foreldrebesøk i klasserommet i spesiell oppgåve både for foreldre, lærarar og andre kan vere å informere om korleis eg bruker matematikk på arbeidsplassen min. fug.no Foreldre tel_8
Visste du at ersom det er mistanke om matematikkvanskar, skal PPtjenesta for skulen kunne undersøkje eleven, sjå på ulike sider ved læringsprosessen og vere meir presis om kva slags vanskar eleven har. in del elevar med matematikkvanskar kan vise til gode eller gjennomsnittlege karakterar i dei fleste andre skulefaga. matematikk.org har eiga spalte om temaet matematikkvanskar både på foreldresida og på lærarsida. u kan få vite meir om matematikkvanskar ved Forum for matematikkvansker : www.statped.no/sorlandet/ matematikk I Norden er det etablert eit samarbeid om matematikkvanskar, sjå www.matematikkvansker.net Matematikkvanskar Nokre elevar opplever at det er vanskeleg å lære matematikk. Kvifor er det slik? et finst ingen enkel modell som forklarer årsakene til matematikkvanskar. I byrjinga tek matematikkopplæringa mellom anna for seg å utvikle matematikkomgrep som vedkjem eleven i dagleglivet. enne opplæringa, der elevane også bruker konkrete hjelpemiddel, skaper som regel ingen vanskar. Vanskane kjem oftast når eleven skal bruke kunnskapen på det abstrakte, teoretiske planet utan å nytte hjelpemiddel. Kva skal vi sjå etter? ei fleste elevar med matematikkvanskar har problem med å hugse reknetabellar automatisk og å utføre enkle rekneoperasjonar. levane bruker oftast å telje for a komme fram til svaret sjølv om ein slik framgangsmåte er lite tenleg. leven kan ha store vanskar med å forstå talsystemet og a skilje 21 frå 12, og skriv til dømes 129 eller 10029 for 1029. Ofte er det og slik at eleven må rekne frå byrjinga kvar gong, og eleven lærer ikkje av feila sine. Mange elevar med matematikkvanskar har og lese og skrivevanskar. NIM it fyrstikkspel Spelet kan leggjast til rette for andre årstrinn, sjå tips på matematikk.org. NIM (5. 7. årstrinnet) Utstyr: éi fyrstikkøskje o spelarar Spelereglar: 1. Legg fyrstikkene i ein bunke på bordet. 2. Spelarane trekkjer annankvar gong fyrstikker frå bunken minst 1, maks 4. 3. en spelaren som trekkjer siste fyrstikka, vinn. 4. e kan variere spelet til dømes ved a trekkje 13 fyrstikker. Klarer de å beskrive ein vinnarstrategi? Visste du at et blir halde nasjonale prøvar i matematikk, lesing, skriving og engelsk. matematikk.org har ei eiga side for foreldre med barn i grunnskulen og den vidaregåande skulen, www.matematikk.org/foreldre. Her finn du mellom anna ei oversikt over gjeldande læreplanar, temaet matematikkvanskar, matematiske spel for elevar, repetisjonskurs i brøkrekning, prosentrekning osv. et finst fleire nettressursar der du kan finne varierte oppgåver av ulik vanskegrad. Sjå www.matematikk.org (vel aktuelt årstrinn og deretter reknemeisteren, toppskåraren, spelgalleriet eller bordspel) eller www.matematikk.net/oppgaver/ (vel oppgåvetema sjølv). i engelsk side med mange forskjellige oppgåver er http://nrich.maths.org. et finst mykje litteratur om matematikk for barn, til dømes Skal vi leke matte? og Kvadrater, hieroglyfer og smarte kort skrivne av Kristin ahl (Omnipax forlag) og allenes verden av rik Newth (Gyldendal iden). ldre, flinke elevar kan ha nytte av nokre av bøkene i Paxserien all og anke. fug.no Foreldre teller_9
et finst fleire skulekonkurransar som kan vere med å stimulere interessa for matematikk, mellom anna julekalenderen til matematikk.org (5. 10. trinnet), Kappbel (9. trinnet) www.kappabel.com og Kengurukonkurransen (4. 7. trinnet), www.matematikksenteret.no. Første runden i belkonkurransen passar for ekstra flinke elevar på 9. og 10. årstrinnet, sjå www.math.uio.no/div/abelkonkurransen. På www.matematikk.org/elever/orakel og www.puggandplay. com (matematikk) kan ein få leksehjelp eller berre stille matematiske spørsmål ein lurer på. matematikk.org er ein nettstad om matematikkformidling som ønskjer å hjelpe til at stadig fleire får oppleve matematikk som eit spennande og nyttig fag. matematikk.org vil vere med og skape større interesse og rekruttering til faget. Nettstaden er tilpassa gjeldande læreplanar og skal vere it verktøy som gjer elevar nysgjerrige og interesserte. it opplysningssenter for foreldre med barn i skulen. it inspirasjonssenter for matematikklærarar. in nettstad fylt av levande matematikk for alle. Oppdag alt som er mogeleg på www.matematikk.org Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt utval for og med foreldre som har barn i skulen. FUG er opptatt av: Heimskulesamarbeid Å ta vare på foreldra sine interesser i skulesamanheng Å gje kunnskap om korleis eit heimskulesamarbeid fungerer Å gje kunnskap om korleis foreldre kan støtte sine barn Å sette dagsorden og støtte foreldre når det gjeld sentrale tema som inneklima, mobbing, foreldremøter, skulearbeid, med meir. www.fug.no ein nettressurs for foreldre med barn i skulen Foreldre tel! FUG 2009