Oppretting av kapitalkonto for person med verje Det går fram av lov av 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål (verjemålslova) 48, jf. 49, at finansielle eigedelar som er eigde av personar med verje, skal forvaltast av fylkesmannen med mindre anna følgjer av lov eller anna gyldig føresegn. Eigedelane skal plasserast på kapitalkonto i bank, i samsvar med verjemålslova 50 og 51. Det er verja som har ansvar for å velje mellom ulike fastsette bankalternativ. Det sentrale verjemålsorganet har forhandla fram vilkåra for innskot i bank på vegner av fylkesmannen. Det har også fastsett kva finansinstitusjonar som skal brukast til innskotsformål. Informasjon om plasseringsval og vilkår er tilgjengeleg på www.vergemal.no. Verja kan velje kva for ein av dei fastsette finansinstitusjonane som midlane skal plasserast i, og til kva fastsette vilkår innskotet skal plasserast. Dersom verja ikkje gjer eit val innanfor fristen, bestemmer fylkesmannen korleis midlane skal plasserast, jf. forskrift til vergemålsloven av 15. februar 2013 nr. 201 (verjemålsforskrifta) 25. Dersom det ligg føre ein avtale, eit gåvebrev eller eit testament som bestemmer at midlane skal vere unntatt frå forvaltning hos fylkesmannen, må kopi av dette dokumentet sendast til fylkesmannen innan 2 veker, jf. verjemålslova 95. 1 Personen med verje Fornamn: Fødselsnummer: Mellomnamn: Etternamn: Adresse: Postnummer: Poststad: Telefon: Mobil: E-post: 2 Verje Her skal det skrivast kven som er verje(r) for personen. For mindreårige der det er felles foreldreansvar, skal som hovudregel begge verjer skrive under, sjå punkt 6. Unntak gjeld der anna er særskild bestemt eller avtalt, jf. verjemålslova 18. Er det nemnt opp mellombels verje for den mindreårige i økonomiske saker, skal mellombels verje skrive under dette dokumentet. Fornamn: Fødselsnummer:
Mellomnamn: Etternamn: Adresse: Postnummer: Poststad: Telefon: Mobil: E-post: Fornamn: Fødselsnummer: Mellomnamn: Etternamn: Adresse: Postnummer: Poststad: Telefon: Mobil: E-post: 3 Bank for plassering Namn på bank: Produkt: 4 Ved byte av bank eller ved overføring til ny bankkonto, gi opp nåverande plassering Namn på bank: Kontonummer: Beløp til overføring: Kryss av dersom de ønskjer å avslutte eksisterande konto.
5 Spesielle omstende knytte til arv og/eller gåve Dersom givar eller framtidig arvlatar har stilt opp særlege vilkår til eit beløp som er gåve eller arv til ein person med verje, så må dette merkjast av på kontoen når han blir oppretta i namnet til vedkommande, altså når gåva blir fullbyrda. Skriv inn eventuelle spesielle omstende knytte til arv og/eller gåve her: Anna: 6 Underskrift Dato: Stad: Underskrift frå verja: Dato: Stad: Underskrift frå verja:
7 Disposisjonsrett Dato: Stad: Underskrift: Stempel frå fylkesmannen: 8 Informasjon om konto (Skal fyllast ut av banken) Kontonummer: Dato: Stad: Underskrift: Stempel frå banken: Kontoavtalen skal innehalde følgjande delar: Del A: Hovuddokument for kapitalkonto Del B: Godkjent produktark frå banken Del C: Generelle vilkår for innskot på kapitalkonto som høyrer til personar med verje Del D: Skal førebels ikkje brukast Del E: Skal førebels ikkje brukast Del F: Blankett for disponentar hos fylkesmannen for denne kapitalkontoen Dersom det er oppretta kapitalkonto, men hovuddokument for kapitalkonto enno ikkje er produsert, skal dette bestillingsskjemaet for oppretting av kapitalkonto ha same funksjon som hovuddokument for kapitalkonto. Tilvisingar i avtalevilkår til hovuddokumentet for kapitalkonto skal lesast som ei tilvising til dette bestillingsskjemaet for oppretting av kapitalkonto, medrekna følgjande særlege avtalevilkår: Særlege avtalevilkår for oppretting og forvaltning av kapitalkonto med innskot som høyrer til person med verje: 1. KORT OM KAPITALKONTO FOR FORVALTNING AV FINANSIELLE EIGEDELAR FOR PERSONAR MED VERJE HOS FYLKESMANNEN Kontoavtalen identifiserer ein kapitalkonto for innskot som høyrer til person med verje i samsvar med verjemålslova kapittel 7, med fylkesmannen som disponent av kontoen. 2. GENERELLE VILKÅR OG GODKJENT PRODUKTARK
Dette hovuddokumentet for kapitalkonto i kontoavtalen blir supplert av dei generelle vilkåra slik dei går fram av det sentrale verjemålsorganet sine generelle vilkår for innskot på kapitalkonto som høyrer til person med verje, og det godkjente produktarket frå banken som gjeld for plasseringsvalet for innskot på denne kapitalkontoen, slik desse dokumenta ligg føre til kvar tid. Ved eventuell motstrid går dette hovuddokumentet for kapitalkonto framfor dei generelle vilkåra og det godkjente produktarket. 3. IDENTIFISERING AV FYLKESMANNEN OG PERSONEN MED VERJE Kontoen skal vere i namnet til personen med verje (kontohavar). fylkesmannen skal gi banken opplysningar om namn, adresse, person- eller d-nummer for personen med verje. 4. DISPOSISJONSRETT Det er berre fylkesmannen som har rett til å disponere kontoen. 5. DEFINISJONAR For alle definisjonar (ord i kursiv) viser vi til regelboka punkt 2.
GA 8048 N Send skjemaet til fylkesmannen i det fylket der personen med verje er folkeregistrert. 6