Nematoda rundorm av Bjørn Gjerde 2007-2014 Bjørn Gjerde 1
Rundorm - morfologi Avlange; spoleforma, hår- eller trådliknande. Særkjønna, hoa er større enn hannen. 1 mm til 50 cm lange. Munnopning i fremre ende; ulikt utforma hos ulike grupper. Anus i bakre ende. Hos hoene har kjønnsopninga ulik plassering langsetter kroppen hos ulike grupper. 2007-2014 Bjørn Gjerde 2
Lokalisasjon i verten til vaksne rundormar I mage-tarmkanalen (dei fleste aktuelle artene) i/på slimhinna eller i lumen; mekanisk skade, betennelsesreaksjonar, opptak av blod, slim eller tarminnhald; redusert appetitt, fôrutnytting og tilvekst; dei fleste har størst negativ effekt på unge dyr. Larvestadia kan gjennomføra vandringar utanfor tarmen (f.eks. i blodet: tarm lever hjerte - lunger; opp til svelget, tarm), og dette kan også føra til skade). I lunger/luftvegar (vandrar frå tarmen med blod/lymfe) luftvegssymptom (hoste, tungpusta) I blod, bukhole, bindevev, muskulatur. 2007-2014 Bjørn Gjerde 3
Utvikling av rundorm Egg Larve 1 (L1) L2 L3 L4 L5 (vaksne, ) Direkte syklus (berre endevert) eller indirekte syklus (endevert/mellomvert). Rundorm hos husdyr kan nytta m.a. meitemakk, sniglar, smågnagarar og (blodsugande) insekt som mellomvertar. L1, L2 og L3 kan vera frittlevande; utvikling og overleving påverka av klimatiske forhold. Smitte av eventuell mellomvert med L1. Smitte av endeverten med L1, L2 eller L3 (frie larver, larver inni egg eller inni/inokulert av mellomvert). Mange viktige arter hos storfe, sau, geit og hest smittar dyra via frittlevande L3 på beitegras (beitesmitte). 2007-2014 Bjørn Gjerde 4
Påvising av rundorminfeksjon i tarmkanalen Egg av strongylide-type, Strongyloides westeri og Parascaris equorum frå feces til hest Mikroskopisk påvising av egg i feces vha. flotasjonsmetodar. Egga kan vera artstypiske eller vera nesten like for fleire arter; i siste tilfelle må ein la L3 utvikla seg frå egga, og så identifisera L3. Eit visst samsvar mellom konsentrasjonen av egg (egg pr. gram) og talet på orm i dyret. Eggmengda må vurderast ut frå parasittart, årstid, og alder og immunstatus til dyret. 2007-2014 Bjørn Gjerde 5
Påvising av lungeorminfeksjon Dei fleste lungeormane produserer egg som klekkjer i luftvegane eller på veg ut gjennom tarmen, slik at L1 blir skilde ut. Påviser L1 i feces vha. Baermanns metode, der feces blir lagt i vatn slik at larvene kan krypa ut og bli samla opp i vatnet. Undersøking av feces for lungeormlarver vha. Baermanns metode. L1 av Muellerius capillaris hos geit 2007-2014 Bjørn Gjerde 6
Rundorm hos storfe Vanleg med rundormar i gruppa trichostrongylidar i løpe og tunntarm. Dei to viktigaste er Ostertagia ostertagi og Cooperia oncophora. Kan føra til diaré og redusert tilvekst hos førsteårsbeitande kalvar og ungdyr, særleg ved bruk av kulturbeite, der det lett blir eit stort smittepress på grunn av stor dyretettleik. Alvorlege angrep av lungeormen Dictyocaulus viviparus enkelte år. 2007-2014 Bjørn Gjerde 7
Rundorm hos storfe Ostertagia ostertagi, Dictyocaulus viviparus, Cooperia oncophora Dictyocaulus viviparus i trakea og bronkiar hos storfe 2007-2014 Bjørn Gjerde 8
Rundorm hos storfe Livssyklus til løpeormen Ostertagia ostertagi. Smitte med L3 i beitegraset. 2007-2014 Bjørn Gjerde 9
Rundorm hos sau Vanleg med rundormar i gruppa trichostrongylidar (Haemoncus, Ostertagia, Nematodirus, Trichostrongylus) og eit par arter frå andre grupper (m.a. Chabertia). Kan føra til diaré og redusert tilvekst hos førsteårsbeitande dyr (lam), spesielt der dyra går på kulturbeite heile beitesesongen. Mindre problem ved bruk av utmarksbeite om sommaren. Av og til alvorlege angrep med blodsugande rundorm (Haemonchus), som kan føra til alvorleg anemi og dødsfall både hos lam og eldre dyr. 2007-2014 Bjørn Gjerde 10
Rundorm hos sau Løpe Tynntarm Tjukktarm 2007-2014 Bjørn Gjerde 11
Rundorm hos sau effekt på tilvekst Skilnad i tilvekst og feceskonsistens mellom to parasittfrie lam (t.v), to middels hardt smitta lam (to i midten) og to sterkt smitta lam (t.h.). Lamma har gått på kulturbeite heile sommaren. Sau (lam) som går på utmarksbeite om sommaren er mindre plaga av rundorm enn sau som går heime på kulturbeite. 2007-2014 Bjørn Gjerde 12
Rundorm hos geit Først og fremst problem med lungeormen Muellerius capillaris (hoste, redusert mjølkeproduksjon). Geit har dei same artene som sau i løpe og tarm, men i Noreg fører dei til mindre problem enn hos sau, dels på grunn av at geit får i seg mindre smitte (beitar meir buskar enn gras) og dels på grunn av at dei fleste geitene finst i fjellbygder og i Nord-Noreg, der det er eit mindre gunstig klima for desse rundormane. Lunge frå geit med misfarga parti pga. infeksjon med lungeormen Muellerius capillaris. 2007-2014 Bjørn Gjerde 13
Rundorm hos geit Livssyklus til lungeormen Muellerius capillaris. 2007-2014 Bjørn Gjerde 14
Rundorm hos gris Vanleg med spolorm (Ascaris suum), særleg hos slaktegris; andre arter (knuteorm, piskeorm) opptrer sjelden og har lite å seia. Larvevandring i levra, som fører til leverkassasjon i kjøtkontrollen. Egga kan smitta menneske. Gris kan ha Trichinella spiralis, som kan smitta menneske via rått svinekjøtt. Alle griseslakt blir kontrollerte for denne parasitten, men ingen tilfelle er påvist dei seinare åra. 2007-2014 Bjørn Gjerde 15
Rundorm hos gris Livssyklus til spolormen Ascaris suum og Trichinella spiralis 2007-2014 Bjørn Gjerde 16
Rundorm hos gris Spolorm, Ascaris suum, i tunntarmen hos gris Kompressorium (t.v) med flatklemde muskelbitar for påvising av larver av Trichinella spiralis (t.h.) 2007-2014 Bjørn Gjerde 17
Rundorm hos hest Vanleg med spolorm hos føll/unghest. Smitte med egg inne eller i luftegard. Utrivelege føll. Svært vanleg med strongylidar i tjukktarmen både hos unge og eldre dyr. Blir smitta av larver på beitegraset. Svært viktige i dag pga. stor konsentrasjon av hest på avgrensa beiteareal. Larvene til arta Strongylus vulgvaris vandrar i krøskara ( blodmark ), og kan hemma/hindra blodforsyninga til tjukktarmen slik at hesten kreperer. Oxyuris equi legg egg rundt anus og kan gje halekløe. 2007-2014 Bjørn Gjerde 18
Rundorm hos hest Livssyklus til Strongylus vulgaris; larvevandring i krøskara; tiltetting av krøsarterien på grunn av larver 2007-2014 Bjørn Gjerde 19
Rundorm hos hest Strongylidar; dei største er Strongylus vulgaris 2007-2014 Bjørn Gjerde Oxyuris equi; to hoer 20
Rundorm hos hund Svært vanleg med spolormentoxocara canis, først og fremst hos unge dyr. Mange smittemåtar (via egg, byttedyr, morsmjølk og på fosterstadiet). Menneske kan bli smitta via egg, og få skadar pga. vandrande larver i kroppen. Spolormen Toxascaris leonina er også ein del utbreidd. Andre arter (hakeorm, piskeorm) har lite å seia. Av og til lungeorm. Spolormen Toxocara canis og to eksemplar av hakeormen Uncinaria stenocephala. 2007-2014 Bjørn Gjerde 21
Rundorm hos hund Livssyklus til spolormane Toxocara canis og Toxascaris leonina (går også på katt) 2007-2014 Bjørn Gjerde 22
Rundorm hos katt Vanleg med spolormen Toxocara cati; kattungane blir smitta via morsmjølka. Eldre dyr blir også smitta via egg og byttedyr. Katt kan av og til ha spolormen Toxascaris leonina. Toxocara cati 2007-2014 Bjørn Gjerde 23
Rundorm hos katt Livssyklus til spolormane Toxocara cati og Toxascaris leonina 2007-2014 Bjørn Gjerde 24