Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2014/15 Innhald



Like dokumenter
Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2013/14 Innhald

Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2014/15 Innhald

Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2012/2013

Elevers fagvalg i videregående opplæring skoleåret

Elevers fagvalg i videregående opplæring

Elevers fagvalg i videregående opplæring skoleåret

Elevers fagvalg i videregående opplæring skoleåret

Elevers fagvalg i videregående opplæring

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli 2019, per programområde. Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen frå 12. august.

Felles programfag på Vg2 i yrkesfaglige utdanningsprogram Tabell 17a Felles programfag på Vg2 bygg- og anleggsteknikk Anleggsteknikk Byggteknikk

Hartvig Nissen. Edvard Munch. Fyrstikkalleen. Elvebakken

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Bergeland videregående skole Nivå Programområde navn 2018 Helse og oppvekstfag 27,9. Dalane videregående skole Nivå Programområde navn 2018

Fag- og timefordeling og tilbudsstruktur for Kunnskapsløftet Udir

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Karaktergrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Programfagvalg til VG3 skoleåret

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Fag- og timefordeling og tilbudsstruktur for Kunnskapsløftet Udir

Merå. Kapasitet m kap. Vg1, Vg2, Vg3, Vg sum sum Endring 2 -

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske Service og samferdsel Studiespesialisering

Resultat 1. inntak pr 9. juli 2013

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske.

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Fag- og timefordelinga i grunnopplæringa - Kunnskapsløftet

Informasjon om fagvalg skoleåret 2016/2017. Foss videregående skole

Velkommen til orientering Studiespesialisering Vg1

Polarsirkelen videregående skole

Polarsirkelen videregående skole

Foss videregående skole

Polarsirkelen videregående skole

SØKERE PR NORD-ØSTERDAL REGION: Nord-Østerdal videregående skole. Storsteigen videregående skole. Prim. totalt 24.

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Kirkenes videregående skole. Inntatte totalt. Venteliste ungrett

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Inntatte ungrett Venteliste

Ledig 2014/2015. Klassar 2015/2016

Kirkenes videregående skole

Kirkenes videregående skole. Inntatte totalt. Søkere Prim

Søkere til videregående opplæring

PROGRAMFAG VG2. Tilbud til Studiespesialiserende Olsvikåsen vgs 2014/2015

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Polarsirkelen videregående skole

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Kirkenes videregående skole

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Studiespesialisering

Vedlegg 1: Klasser og elever skoleåret 2016/2017 per

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Oversikt over ledige plasser etter 2.inntak

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Velkommen. til Nøtterøy vgs.

ADMINISTRATIVT VEDTAK Vedtaksdato Sak nr. Delegert myndighet A 07

Søkertall pr Elevtall pr Språk, samfunnsfag og økonomi

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Fag- og timefordelingen i grunnopplæringen - Kunnskapsløftet

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Østfold fylkeskommune. Videregående opplæring

Velkommen. til Nøtterøy vgs.

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal - skoleåret 2015/2016 Søkjarar med ungdomsrett

Søkerstatistikk. Antall primærsøkere

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret 2012/ Søkjarar med ungdomsrett

Karakterstatistikk for viderega ende opplæring skolea ret 2013/2014

2. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret Søkjarar med ungdomsrett

OVERSIKT OVER EKSAMENSFAG STUDIESPESIALISERING

Skoletilbud Vg1. = skolen har dette tilbudet. Steinerskolen i Trondheim 1) Trondheim katedralskole. Charlottenlund vgs.

1. ønske (Primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2015/ Ungdomsrett

Søkertall til videregående skoler i Oppland

1. ønske (primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2014/ Alle søkjarar

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Foreldremøte - Fagvalg 2016

Inntatte ungdomsrett Venteliste

MULIGE LØSNINGER VED INNFØRING AV NY YRKESFAGLIG TILBUDSSTRUKTUR I TROMS

Foreldremøte 22. og 24. januar.

Fag- og timefordelingen i grunnopplæringen Kunnskapsløftet

OPPLÆRINGSREGION NORD HJELPEMIDDEL 2009/ LK06

Ørsta vidaregåande skule. Informasjonsmøte 23. januar 2014

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Levanger Meråker Mære. Inderøy. Leksvik

Karakterstatistikk for viderega ende opplæring skolea ret 2011/2012

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Østfold FYLKESKOMMUNE. Videregående opplæring. Videregående trinn 1 (Vg1) Kunnskapsløftet. Videregående trinn 2 (Vg2) Kunnskapsløftet

Videregående opplæring

Fag- og timefordelingen i grunnopplæringen - Kunnskapsløftet

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

10. trinn. Foreldremøte

Transkript:

Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2014/15 Innhald Samandrag... 2 Innleiing... 3 Programområda innan yrkesfaglege utdanningsprogram... 3 Utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag... 4 Utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon... 5 Utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk... 6 Utdanningsprogram for elektrofag... 7 Utdanningsprogram for medium og kommunikasjon... 8 Utdanningsprogram for design og handverk... 8 Utdanningsprogram for service og samferdsel... 10 Utdanningsprogram for restaurant- og matfag... 11 Utdanningsprogram for naturbruk... 12 Programfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma... 13 Programfag innan studiespesialisering... 14 Matematikk fellesfag... 14 Realfag... 15 Engelsk programfag... 19 Reiseliv og språk... 20 Antikkens språk og kultur... 20 Politikk, individ og samfunn... 21 Psykologi... 21 Økonomiske fag... 21 Historie... 22 Rettslære... 23 Medium og informasjonskunnskap... 23 Programområde for formgivingsfag... 23 Programfag innan musikk, dans og drama... 23 Programfag innan idrettsfag... 25 Programfag innan studieførebuande Vg3 medium og kommunikasjon... 26 Programfag innan studieførebuande Vg3 naturbruk... 26 Samisk språk i vidaregåande opplæring... 27 1

Samandrag Det er nærmare 200 000 elevar i vidaregåande opplæring i skoleåret 2014/15. Det er ein marginal nedgang frå året før. Her er nokre av dei viktigaste funna i oversikta over fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring i skoleåret 2014/15: Størst nedgang innanfor design og handverk og medium og kommunikasjon Elevtalet går ned med høvesvis 10 og 11 prosent for desse utdanningsprogramma. Elevtalet går også ned i varierande grad på dei andre yrkesfaglige utdanningsprogramma med unntak av elektrofag. Helse- og oppvekstfag er det største utdanningsprogrammet på yrkesfag Helse- og oppvekstfag er det største av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma målt i talet på elevar. Bortimot ein av fire yrkesfaglege elevar går på helse- og oppvekstfag. Naturbruk er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med klart færrast elevar. Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag Om lag 3 300 elevar går på helsearbeidarfag på Vg2, og programområdet er med det det største innanfor yrkesfaga. Medium- og kommunikasjon, barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi, byggteknikk og industriteknologi er også svært populære programområde blant yrkesfaga. Sosiologi og sosialantropologi er størst på studieførebuande Med om lag 10 000 elevar på Vg2 er sosiologi og sosialantropologi det største programfaget innan studieførebuande utdanningsprogram, tett følgt av internasjonal engelsk. Andre store programfag er dei ulike matematikkfaga og fysikk, kjemi og rettslære. Fleire vel realfag 16 av 19 programfag innan realfag hadde ein auke i elevtalet frå førre skoleåret til skoleåret 2014/15. Spansk er det største framandspråket Talet på elevar som vel spansk, har auka kvart år dei siste fire åra, og det omfattar no 44 prosent av alle som tek framandspråk. 98 prosent av elevane vel anten spansk, tysk eller fransk som framandspråk. Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar. I om lag halvparten av dei yrkesfaglege programområda er det eine kjønnet i fleirtal med meir enn 90 prosent. Færre tek samisk som førstespråk, mens fleire tek samisk som andrespråk Delen elevar som tek samisk som andrespråk, har auka, mens delen som tek samisk som førstespråk, har gått ned. Det er derfor no fleire elevar som tek samisk som andrespråk enn førstespråk. 2

Innleiing Utdanningsdirektoratet presenterer her ei oversikt over elevane sine val av programområde og programfag i vidaregåande opplæring i skoleåret 2014/15 1. Privatistar, lærlingar og elevar på norske skolar i utlandet er ikkje inkluderte i tala. Nytt av året er at elevar registrerte på nivå 4 er talde med. Desse er plasserte saman med Vg3 i statistikken. Dette dreiar seg i stor grad om elevar som tek påbygging etter yrkeskompetanse eller toppidrett over fire år. Dette har størst konsekvens for påbyggingsfag og enkelte realfag. Det er berre elevar registrerte på fag som høyrer inn under Kunnskapsløftet, som er med i denne analysen. Programområde og fag som ikkje har registrert elevar i perioden det blir rapportert på, er ikkje med i tabellane. Det er om lag 200 000 elevar i vidaregåande opplæring hausten 2014. Dette er 600 elever færre enn i fjor. Dette inkluderer også elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse, og elevar med fagopplæring i skole. Programområda innan yrkesfaglege utdanningsprogram På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er moglegheitene til å velje programfag avgrensa, sia alle elevane må ta dei felles programfaga som gjeld for det programområdet dei har valt på Vg2 2. Derfor omtaler vi som hovudregel ikkje val av programfag på yrkesfag her, berre val av programområde. Det er berre elevar på Vg2 som er inkluderte i tala. Det er 22 programområde på Vg2 som gir kryssløpsmoglegheiter. Kryssløp inneber at ein elev kan takast inn på eit programområde på Vg2 som ikkje byggjer på det utdanningsprogrammet eleven har gjennomført på Vg1. Det vil seie at eleven byter utdanningsprogram utan å tape tid. For meir informasjon om kryssløp, sjå rapporten Underveis i videregående opplæring 3. Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole (Vg1 og Vg2) og to års opplæring og verdiskaping i bedrift (læretid) eller vidaregåande trinn 3 (Vg3) i skole. Det finst utdanningsløp som avvik frå hovudmodellen, med eitt års opplæring i skole og tre år i læretid i bedrift (særløp). Nokre utdanningsløp blir avslutta med Vg3 i skole i staden for lære, for eksempel utstillingsdesign, mediedesign og gartnarnæring. Desse gir yrkeskompetanse. 26 prosent av elevane på Vg2 søkjer påbygging til studiekompetanse på Vg3. For meir informasjon om søking til påbygging til generell studiekompetanse viser vi til Utdanningsdirektoratets analyse av søkjarar til vidaregåande opplæring for 2014/15 4. 1 Kjelde: VIGO, elevteljing per 01.10.2014. Eit utval av tala er også presenterte i Skoleporten, under innhaldsområdet Skolefakta. 2 Sjå rundskrivet Udir-1-2014: Kunnskapsløftet - om fag- og timefordelingen for grunnopplæringen og tilbudsstrukturen i videregående opplæring (http://www.udir.no/regelverk/finn-regelverk-for-opplaring/finn-regelverk-etter-tema/innhold-iopplaringen/udir-1-2014-kunnskapsloftet-fag--og-timefordeling-og-tilbudsstruktur/ ) 3 Underveis i videregående opplæring, NIFU rapport 19/2011 (http://www.nifu.no/norway/publications/2011/webrapport%2019-2011.pdf) 4 Utdanningsdirektoratet, Søkere til videregående opplæring skoleåret 2014/2015, http://www.udir.no/tilstand/analyser-og-statistikk/vgo/sokere-inntak-og-formidling1/sokertall-2014-2015/ 3

Utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag 5 Helse- og oppvekstfag er det største av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma målt i talet på elevar. Bortimot ein av fire yrkesfaglege elevar går på helse- og oppvekstfag. Talet på elevar på Vg2 utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag, går ned med fem prosent samanlikna med fjoråret. Flest elevar, heile 82 prosent av elevane, vel helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag. Skoleåret 2014/2015 var det berre 31 elevar som var registrerte på fotterapi og ortopediteknikk. Dette er ein nedgang på over 50 prosent dei siste fem åra. Utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag har ei stor overvekt av jenter. I 2014/15 var prosentdelen jenter på 87 prosent. Det er variasjon i jentedelen på dei ulike programområda. På hudpleie er 100 prosent av elevane jenter. Jentedelen er lågast på ambulansefag, men også her er jentene i klart fleirtal. Det har i perioden etter innføringa av Kunnskapsløftet ikkje vore noka utjamning av kjønnsskilnadene på utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag. Tabell 1. Programområda innan Vg2 helse- og oppvekstfag. Tal og prosent. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Ambulansefag 237 3 283 4 273 4 296 4 Barne- og ungdomsarbeidarfag 2981 39 3000 39 3014 39 2776 38 Fotterapi og ortopediteknikk 38 0 35 0 36 0 31 0 Helsearbeidarfag 3338 44 3324 43 3429 44 3268 44 Helseservicefag 754 10 748 10 785 10 730 10 Hudpleie 309 4 298 4 229 3 248 3 Total 7657 100 7688 100 7766 100 7349 100 Figur 1. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 helse- og oppvekstfag. 2014/15. 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 Ambulansefag 71 Barne- og ungdoms-arbeidarfag 84 Fotterapi og ortopediteknikk 74 Helsearbeidarfag 89 Helseservicefag 90 Hudpleie 100 5 Helse- og sosialfag bytte namn til helse- og oppvekstfag frå hausten 2012. 4

Utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon Talet på elevar som tek fag på Vg2 innanfor utdanningsprogrammet teknikk og industriell produksjon, går ned med tre prosent samanlikna med fjoråret. Nedgangen kjem av at det er færre elevar som tek kjøretøy, kjemiprosess, maritime fag og laboratoriefag. Teknikk og industriell produksjon er eit av dei mest kjønnsdelte utdanningsprogramma. Samla sett er 10 prosent jenter. Prosentdelen jenter på dei ulike programområda varierer stort. På laboratoriefag er 53 prosent jenter. På arbeidsmaskiner er derimot berre 3 prosent av elevane jenter. På industriell møbelproduksjon har prosentdelen jenter blitt dobla, og på laboratoriefag har prosentdelen jenter auka med 18 prosent sia i fjor. Tabell 2. Programområda innan Vg2 teknikk og industriell produksjon. Tal og prosent. 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/2015 Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Arbeidsmaskiner 296 5 321 6 302 5 329 6 Bilskade, lakk og karosseri 347 6 336 6 274 5 290 5 Industriell møbelproduksjon - 0 12 0 10 0 10 0 Kjemiprosess 549 10 527 9 557 9 478 8 Kjøretøy 1510 26 1460 25 1473 24 1367 23 Laboratoriefag 36 1 44 1 55 1 47 1 Maritime fag 772 13 785 14 816 13 747 13 Industriteknologi 2102 37 2123 37 2402 40 2443 42 Brønnteknikk 139 2 156 3 163 3 163 3 Total 5751 100 5764 100 6052 100 5874 100 Figur 2. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 teknikk og industriell produksjon. 2014/15. 0 10 20 30 40 50 60 Arbeidsmaskiner 5 Bilskade, lakk og karosseri 18 Industriell møbelproduksjon 20 Kjemiprosess 24 Kjøretøy 7 Laboratoriefag 53 Maritime fag 7 Industriteknologi Brønnteknikk 9 9 5

Utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk Talet på elevar på Vg2 utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk gjekk ned med to prosent frå i fjor til i år, etter at det i fjor var en liten auke i elevtalet. Byggteknikk er det mest populære programområdet innan bygg- og anleggsteknikk. Talet på elevar på dette programområdet har gått ned med ni prosent dei siste fire åra. Størst nedgang er det i overflateteknikk, der elevtalet har gått ned med 44 prosent dei siste fire åra. Det er stor overvekt av gutar som går på Vg2 bygg- og anleggsteknikk. 97 av 100 elevar er gutar. Programområdet overflateteknikk har den høgaste prosentdelen jenter. Jentedelen på dette programområdet har auka med 10 prosentpoeng sia i fjor. Tabell 3. Programområda innan Vg2 bygg- og anleggsteknikk. Tal og prosent. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Anleggsteknikk 488 13 506 13 593 16 611 16 Byggteknikk 2577 68 2571 68 2471 65 2356 63 Klima-, energi- og miljøteknikk 565 15 582 15 612 16 645 17 Overflateteknikk 112 3 75 2 85 2 63 2 Treteknikk 55 1 44 1 59 2 51 1 Total 3797 100 3778 100 3820 100 3726 100 4 Figur 3. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 bygg- og anleggsteknikk. 2014/15. 0 5 10 15 20 Anleggsteknikk 4 Byggteknikk 3 Klima-, energi- og miljøteknikk 4 Overflateteknikk 19 Treteknikk 8 6

Utdanningsprogram for elektrofag Talet på elevar som går på utdanningsprogrammet elektrofag på Vg2, auka med tre prosent samanlikna med fjoråret. Programområdet elenergi er størst. Nær 6 av 10 elevar vel dette. Kulde- og varmepumpeteknikk og flyfag er dei to miste faga. Talet på elevar på kulde- og varmepumpeteknikk går i år tilsvarande ned som det gjekk opp i fjor. Berre seks prosent av elevane på utdanningsprogrammet Vg2 elektrofag er jenter. Prosentdelen jenter er høgast på programområdet flyfag. Det har vore ei svak utvikling i retning av fleire jenter på elektrofag etter innføringa av Kunnskapsløftet i 2006/07. Tabell 4. Programområda innan Vg2 elektrofag. Tal og prosent. 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/15 Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Automatisering 616 15 645 15 669 16 712 16 Data og elektronikk 914 22 904 22 880 21 885 20 Flyfag 127 3 123 3 122 3 122 3 Kulde- og varmepumpeteknikk 83 2 104 2 127 3 103 2 Elenergi 2389 58 2389 57 2467 58 2588 59 Total 4129 100 4165 100 4265 100 4410 100 Figur 4. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 elektrofag. 2014/15. 0 2 4 6 8 10 12 14 16 Automatisering 7 Data og elektronikk 6 Flyfag 14 Kulde- og varmepumpeteknikk 3 Elenergi 5 7

Talet på elevar Prosentdel jenter Utdanningsprogram for medium og kommunikasjon Vg2 medium og kommunikasjon har berre eitt programområde, medium og kommunikasjon. Talet på elevar på programområdet går ned med 340 elever, ein nedgang på 10 prosent, frå i fjor til i år. Fleire jenter enn gutar går på medium og kommunikasjon. Jentedelen har lege på rundt 60 prosent dei siste fire åra. Figur 5. Programområda innan Vg2 medium og kommunikasjon. Talet på elevar og prosentdelen jenter. Talet på elevar Prosendel jenter 4000 70 3500 60 3000 50 2500 2000 1500 1000 3363 3310 3263 2923 40 30 20 500 10 0 0 Utdanningsprogram for design og handverk Siste året vart elevtalet på Vg2 design og handverk redusert med 11 prosent. Talet på elevar på dette utdanningsprogrammert har samla sett gått ned med nær 30 prosent dei siste fem åra. 84 prosent av elevane går på dei tre største programområda, som er frisør, interiør og utstillingsdesign og design og tekstil. Båtbyggjarfaget har i år seks elevar, etter to år utan elevar. Pianostemming og pianoteknikk har ikkje hatt elevar på fleire år. Programområda innan design og handverk rekrutterer til lære for mange små, tradisjonelle handverksfag. Desse faga blir kjenneteikna av at dei har få utøvarar, at dei har avgrensa, men jamt rekrutteringsbehov, og at dei bruker tradisjonelle teknikkar og metodar. Utdanningsdirektoratet lagar i samarbeid med sektoren ei liste over fag som blir rekna som små og verneverdige. Små handverksfag på denne lista utløyser ekstra tilskot til lærebedrifta 6. På utdanningsprogram for design og handverk er ni av ti jenter. Det er store skilnader innanfor dei ulike programområda når det gjeld prosentdelen jenter. På børsemakar og ur- og instrumentmakar er det ingen jenter. På smed, båtbyggjarfag og design og trearbeid er det stor overvekt av gutar. På dei resterande programområda er jentene i fleirtal. 6 Meir om små handverksfag: http://www.maihaugen.no/no/norsk-handverksutvikling/sma-handverksfag/ 8

Tabell 5. Programområda innan Vg2 design og handverk. Tal og prosent. 2011/12 2012/13 2013/14 20134/15 Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosen t Aktivitør 35 2 52 3 38 2 34 2 Båtbyggjarfag 6 0 0 0-0 6 0 Blomsterdekoratør 119 6 120 6 90 5 96 6 Børsemakar 7 0 7 0 8 0 7 0 Design og duodji 4 0 0 0 3 0 3 0 Design og gullsmedhandverk 57 3 44 2 48 3 50 3 Design og tekstil 311 15 273 14 270 15 226 15 Design og trearbeid 62 3 50 3 55 3 43 3 Frisør 856 43 838 43 745 43 656 42 Interiør og utstillingsdesign 545 27 540 28 466 27 417 27 Smed 0 0 12 1 11 1 12 1 Ur- og instrumentmakar 12 1 10 1 11 1 4 0 Total 2014 100 1946 100 1745 100 1554 100 Figur 6. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 design og handverk. 2014/15. 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 Aktivitør 91 Båtbyggjarfag 17 Blomsterdekoratør 93 Børsemakar Design og duodji 100 Design og gullsmedhandverk 76 Design og tekstil 92 Design og trearbeid 23 Frisør 95 Interiør og utstillingsdesign 86 Smed 25 Ur- og instrumentmakar 9

Utdanningsprogram for service og samferdsel Talet på elevar på Vg2 utdanningsprogram for service og samferdsel har totalt sett hatt ein vekst på fire prosent dei siste fire åra. Transport og logistikk og sal, service og sikkerheit har auka med rundt 10 prosent, mens dei andre programområde har hatt ein nedgang i elevtalet. Siste året er det berre små endringar for dei ulike programområda. Sal, service og sikkerheit er det største programområdet med 46 prosent av elevane. Prosentdelen jenter på reiseliv er høg, 73 prosent av elevane på programområdet er jenter. Prosentdelen jenter på transport og logistikk har gått frå 14 til 19 prosent i løpet av dei siste fire åra. Tabell 6. Programområda innan Vg2 service og samferdsel. Tal og prosent. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent IKT-servicefag 1102 29 1094 28 1078 27 1076 27 Reiseliv 465 12 447 11 432 11 420 11 Sal, service og sikkerheit 1617 43 1771 45 1870 47 1797 46 Transport og logistikk 577 15 641 16 612 15 625 16 Total 3761 100 3953 100 3992 100 3918 100 Figur 7. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 service og samferdsel. 2014/15. 0 10 20 30 40 50 60 70 80 IKT-servicefag 9 Reiseliv 73 Sal, service og sikkerheit 50 Transport og logistikk 19 10

Utdanningsprogram for restaurant- og matfag Talet på elevar på Vg2 utdanningsprogram for restaurant- og matfag har gått ned sia innføringa av Kunnskapsløftet. Elevtalet har gått ned med 15 prosent dei siste fire åra. Nedgangen er liten det siste året, berre éin prosent. Nedgangen har vore jamt fordelt på dei to programområda. Om lag tre av fire elevar går på programområdet kokk og servitør. Det er ei relativt lik fordeling av gutar og jenter innanfor restaurant- og matfag. Kjønnsdelinga har vore stabil dei siste fire åra. På matfag har likevel prosentdelen jenter auka frå 53 til 59 prosent siste tre år. Tabell 7. Programområda innan Vg2 restaurant- og matfag. Tal og prosentdel. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Matfag 445 25 443 26 386 26 383 26 Kokk- og servitørfag 1316 75 1264 74 1124 75 1106 74 Totalt 1761 100 1707 100 1510 100 1489 100 Figur 8. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 restaurant- og matfag. 2014/15. 0 10 20 30 40 50 60 70 Matfag 59 Kokk- og servitørfag 45 11

Utdanningsprogram for naturbruk Naturbruk er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med færrast elevar. Akvakultur har dei siste åra hatt ein kraftig auke i elevtalet. Frå 2011/12 til 2014/15 har elevtalet auka med 68 prosent for akvakultur. Landbruk og gartnarnæring er det mest populære programområdet på naturbruk. Prosentdelen av elevane som vel dette, har ikkje endra seg dei siste fire åra. Det minste programområdet, reindrift, har ingen elevar i inneverande skoleår. Jentedelen på Vg2 utdanningsprogram for naturbruk er 54 prosent og har vore stabil dei siste fire åra. Det er store variasjonar i prosentdelen jenter på dei ulike programområda. Heste- og hovslagarfaget har 98 prosent jenter. Denne delen har vore stabilt høg sia innføringa av Kunnskapsløftet. Programområda med lågast jentedel er fiske og fangst. På skogbruk auka prosentdelen jenter frå 8 til 24 prosent det siste året. Tabell 8. Programområda innan Vg2 naturbruk. Tal og prosentdel. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Akvakultur 96 6 111 7 143 9 161 11 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag 183 12 201 13 189 12 180 12 Fiske og fangst 119 8 118 8 163 10 129 8 Heste- og hovslagarfag 407 27 402 26 360 23 358 23 Landbruk og gartnarnæring 626 41 602 40 633 40 621 41 Reindrift 17 1 4 0 8 0-0 Skogbruk 75 5 80 5 74 1 78 5 Totalt 1523 100 1518 100 1570 100 1527 100 Figur 9. Prosentdel jenter på programområda innan Vg2 naturbruk. 2014/15. 0 20 40 60 80 100 120 Akvakultur 29 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag 32 Fiske og fangst 8 Heste- og hovslagarfag 98 Landbruk og gartnarnæring 56 Skogbruk 24 12

Programfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma 71 prosent av elevane som går på eit av dei studieførebuande løpa (alle trinn), går på studiespesialisering. Figur 9 viser korleis elevane i datamateriellet for fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring 7 fordeler seg på dei ulike studieførebuande løpa (alle trinn). Av desse er det berre Vg3 påbygging til generell studiekompetanse som ikkje har eigne programfag spesielt utvikla for programområdet. Figur 10. Talet på elevar på dei ulike studieførebuande løpa (alle trinn) i datamateriellet for fagvalet til elevane. 2014/15. 2218 467 6228 Studiespesialisering 2570 11417 11170 Studiespesialisering med formgiving Idrettsfag Vg3 påbygging til generell studiekompetanse Musikk, dans og drama 81490 Studieførebuande Vg3 medium og kommunikasjon Studieførebuande Vg3 naturbruk Tal for Vg3 påbygging påverkas av at elevar på nivå 4 er talde med. Av dei 26 400 elevane som er registrerte på Vg2 på utdanningsprogram for studiespesialisering, er det flest elevar på programområda for språk, samfunnsfag og økonomi med 54 prosent av elevane. Formgivingsfag er minst med berre tre prosent av elevane. Tabell 9. Programområda innan Vg2 studiespesialisering. Tal og prosentdel. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Formgivingsfag 904 4 893 4 841 3 826 3 Realfag 10066 42 10694 43 11280 43 11464 43 Språk, samfunnsfag og økonomi 13128 54 13464 54 13923 53 14154 53 Total 24098 100 25051 100 26044 100 26444 100 7 Sjå innleiing på side 3 som forklarer kva for elevar som er med i datamateriellet. 13

Av dei om lag 2 000 elevane som er registrerte på Vg2 på utdanningsprogram for musikk, dans og drama, og som tek eitt eller fleire programfag frå dette utdanningsprogrammet, er det klart flest som tek fag frå programområdet musikk. Prosentdelen elevar på dei ulike programområda er stabil over tid. Tabell 10. Programområda innan Vg2 musikk, dans og drama. Tal og prosentdel. Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Musikk 1280 62 1271 62 1311 62 1207 60 Dans 299 15 326 16 297 14 339 17 Drama 471 23 458 22 491 23 474 23 Total 2050 100 2055 100 2099 100 2020 100 Utdanningsprogram for idrettsfag er ikkje delt inn i programområde på Vg2 og Vg3. Programfag innan studiespesialisering Elevane i programområdet for realfag og programområdet for språk, samfunnsfag og økonomi skal som ein hovudregel ha to programfag frå kvart av to fagområde innan eige programområde (fordjuping). I dei resterande timane til programfag kan eleven velje to programfag frå eit anna programområde innan utdanningsprogram for studiespesialisering. Det inneber at elevtalet på kvart fag ikkje berre består av elevar frå eige programområde, men frå alle dei studieførebuande utdanningsprogramma. Under beskriv vi val av programfag, og der det er relevant, val av fellesfag. Matematikk fellesfag I fellesfaget matematikk kan elevane velje mellom ein praktisk og ein teoretisk variant. På Vg1 yrkesfag og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse vel det store fleirtalet av elevane den praktiske varianten, høvesvis 96 og 99 prosent. På dei studieførebuande utdanningsprogramma er den praktiske og den teoretiske varianten meir likt fordelt på Vg1, med 48 prosent på den praktiske, men på Vg2 er den praktiske varianten dominerande med tilnærma 100 prosent av elevane. Fellesfaget matematikk er avsluttande på Vg1 for yrkesfagelevane. På studieførebuande utdanningsprogram vart det innført avsluttande eksamen i fellesfaget matematikk på Vg1 i skoleåret 2009/10. På Vg2 kan desse elevane velje anten å halde fram med fellesfaget eller å ta programfag i matematikk. Dette er truleg noko av forklaringa på at så få elevar tek den teoretiske matematikkvarianten på Vg2 - mange av dei aktuelle elevane har i staden valt programfaget matematikk S1 eller matematikk R1. Ei følgje av å telje med elevar på nivå 4 er at talet på elevar på matematikk 2P-Y tilsynelatande aukar frå i fjor til i år. Dersom elevar på nivå 4 er haldne utanfor, er talet på rundt 10 700 elevar. Dermed held nedgangen vi har sett for tidlegare år fram. 14

Tabell 11. Talet på elevar som tek matematikk fellesfag. Matematikk 1P (Matematikk praktisk, Vg1 studieførebuande utdanningsprogram) 17094 17523 18140 18009 Matematikk 1T (Matematikk teoretisk, Vg1 studieførebuande utdanningsprogram) 19136 19614 19663 19667 Matematikk 2P (Matematikk praktisk, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram) 15752 15632 16165 16279 Matematikk 2T (Matematikk teoretisk, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram) 94 34 6 1 Matematikk 1P-Y (Matematikk praktisk, Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram) 34592 35157 34058 32441 Matematikk 1T-Y (Matematikk teoretisk, Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram) 1616 1536 1351 1298 Matematikk 2P-Y (Matematikk praktisk, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse) 11757 11465 10932 *12094 Matematikk 2T-Y (Matematikk teoretisk, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse) 136 100 71 68 *Tala er påverka av at elever på nivå 4 er tekne med. Realfag Kva for fag det blir gitt realfagspoeng for, og kva for opptakskrav vidare studium i høgare utdanning har, er med og påverkar kva for realfag og fordjupingar elevane vel. Til dømes blir det gitt mest tilleggspoeng dersom eleven har matematikk R2 og fysikk 2. Ved opptak til ingeniørstudiet er det krav om fordjuping i matematikk (R eller S) og fysikk 1. Ved opptak til medisin, odontologi, ernæringsfysiologi og farmasi er det krav om kjemi 1 og 2, fysikk 1 og matematikk R1 (eller S1 og S2). Talet på elevar som tek eit realfag, har vakse dei siste fire åra (tabell 12). Det har vore ein vekst i dei fleste realfaga, med unntak av faga informasjonsteknologi 1 og 2, biologi 2, geofag X og teknologi og forskingslære X der elevtalet har gått noko ned. Elevtala i informasjonateknologi 1 og 2 har gått ned med høvesvis 14 og 11 prosent sia 2011/12. Den største prosentvise auken har vore innan geofag 1 og 2 og teknologi og forskingslære 1 og 2. Her har elevtalet totalt sett auka med om lag 60 prosent sia 2011/12. Storleiken på endringa i elevtalet for nokre av realfaga blir påverka av at elevane på nivå 4 er tekne med, men retninga på endringa vert ikkje påverka av dette. Det største realfaget på nivå 1 er fysikk 1, etterfølgd av matematikk R1, kjemi 1 og matematikk S1. På nivå 2 er matematikk R2 størst, etterfølgd av matematikk S2, kjemi 2 og fysikk 2. 15

Tabell 12. Talet på elevar som tek programfag innan realfag. Alle trinn. Biologi 1 6312 6602 6858 6870 Biologi 2 4291 4076 3926 4217 Fysikk 1 8107 8939 9454 *9949 Fysikk 2 3553 3927 4250 *4650 Geofag X 311 370 397 258 Geofag 1 818 1046 1170 1271 Geofag 2 475 555 766 816 Informasjonsteknologi 1 4074 3589 3372 3493 Informasjonsteknologi 2 2250 2214 1849 1994 Kjemi 1 7492 8147 8850 9115 Kjemi 2 4311 4671 5030 5338 Matematikk X 227 223 232 219 Matematikk R1 8525 9002 9593 9797 Matematikk R2 5532 6032 6413 *7076 Matematikk S1 7488 7830 8078 8342 Matematikk S2 5180 5400 5610 5795 Teknologi og forskingslære X 864 771 791 742 Teknologi og forskingslære 1 990 1293 1433 1597 Teknologi og forskingslære 2 291 293 389 425 *Tala er påverka av at elever på nivå 4 er tekne med. Figur 11. Prosent jenter og gutar på programfag innan realfag. 2013/14. Andel jenter Andel gutter 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 Biologi 2 Biologi 1 Kjemi 2 Matematikk S2 Matematikk S1 Kjemi 1 Geofag 2 Geofag X Geofag 1 Matematikk R2 Matematikk R1 Fysikk 1 Teknologi og forskingslære X Teknologi og forskingslære 1 Teknologi og forskingslære 2 Fysikk 2 Matematikk X Informasjonsteknologi 1 Informasjonsteknologi 2 60 56 54 53 53 52 50 46 44 43 36 33 30 29 28 25 19 70 68 40 44 46 47 47 48 50 54 56 57 64 67 70 71 72 75 81 30 32 16

Det er ei klar kjønnsfordeling på mange av realfaga (sjå figur 11). Jentene vel biologi, kjemi og matematikk S i større grad enn gutane, mens gutane i større grad vel informasjonsteknologi, teknologi og forskingslære, fysikk og matematikk R. Vi viser også til rapporten Jenter og realfag i videregående opplæring for ytterlegare detaljar om rekruttering til realfaga med fokus på kjønnsdimensjonen. 8 Det er ein høgare prosentdel av elevane som tek fordjuping i matematikk, enn i fysikk og kjemi (figur 12). Prosentdelen som tek fordjuping i fysikk, er lågare enn for kjemi. Ein medverkande årsak til dette er sannsynlegvis at ingen høgare realfagsstudium har krav om fysikk 2. Utviklinga i prosentdelen av elevane som tek fordjuping i matematikk R2, kan vera påverka av at elevar på nivå 4 er talde med på Vg3. Figur 12. Prosent av elevane på nivå 1 som går vidare til nivå 2. 2012/13-2014/15. 0 20 40 60 80 100 Matematikk R 75 75 78 Matematikk S 73 73 72 Kjemi 66 65 64 Fysikk 54 52 54 2012/13 2013/14 2014/15 8 Jenter og realfag i videregående opplæring, SSB rapport 3/2011. http://www.udir.no/rapporter/valg-av-realfag/ 17

Framandspråk 98 prosent av elevane på framandspråk tek spansk, tysk eller fransk (tabell 13). Dei siste tre åra har prosentdelen av elevar på framandspråk på spansk, tysk og fransk vore stabile på høvesvis 44, 37 og 17 prosent. Dei fleste av elevane som tek framandspråk, er registrerte på fellesfag. Det er berre 2,6 prosent som tek dette som eit programfag. For meir informasjon om val av framandspråk i grunnopplæringa viser vi til Utdanningsdirektoratets statistikknotat 5/2013 9. Tabell 13. Talet på elevar på dei ti største framandspråka i tal (fellesfag og programfag). 2014/15. Fag Fellesfag Programfag Totalt Spansk 30321 716 31037 Tysk 26154 319 26473 Fransk 11597 338 11935 Italiensk 488 54 542 Kinesisk 383 96 479 Russisk 243 36 279 Teiknspråk 116 24 140 Japansk 103 32 135 Nordsamisk 91 91 Arabisk 16 38 54 Figur 13. Prosentdel jenter på dei ti største framandspråka (fellesfag og programfag). 2013/14. 0 20 40 60 80 100 Spansk 57 74 Fellesfag Tysk 48 63 Programfag Fransk 64 80 Italiensk 52 69 Kinesisk 46 78 Russisk 43 61 Teiknpråk 70 100 Japansk 36 59 Nordsamisk Arabisk 56 70 74 9 http://www.udir.no/upload/statistikk/statistikknotater/statistikknotat_13_5.pdf?epslanguage=no 18

Av dei ti største fellesfaga er jentedelen høgast på nordsamisk og teiknspråk og lågast på japansk (figur 13). Av dei som har valt programfag i språk, er jentene klart i fleirtal med 72 prosent totalt. Når elevane begynner på Vg1, skal dei ta framandspråk fellesfag på nivå II dersom dei har teke språket i grunnskolen. Elles må dei begynne på nivå I med eit anna språk. Elevar som ikkje har teke framandspråk i grunnskolen, skal ha framandspråk nivå I+II. Dette inneber at elevane, i tillegg til å ha framandspråk på Vg1 og Vg2, skal ha 140 timar med framandspråk på Vg3. Ein konsekvens av dette er at talet på timar til programfag blir tilsvarande redusert med 140 timar. I dei tre største framandspråka startar størsteparten av elevane på nivå II på Vg1 (tabell 18). Prosentdelen som startar på nivå II på Vg1 i spansk, tysk og fransk, er høvesvis 70, 61 og 80 prosent i 2014/15. Prosentdelen som tek framandspråk nivå II, har auka dei siste fire åra, særleg i fransk. Samtidig har det vore ein nedgang i prosentdelen elevar som tek nivå I. Frå 2013/14 til 2014/15 går prosentdelen elevar som tek framandspråk nivå I+II, ned med to prosent i alle tre faga. Tabell 14. Talet på elevar på Vg1 i dei tre største framandspråka som fellesfag*. Spansk I, 1. år 2936 2823 2709 2621 Spansk II, 1. år 9861 9989 10254 10443 Spansk I+II, 1. år 1926 2144 2109 1773 Tysk I, 1. år 3063 3110 3049 3047 Tysk II, 1. år 7126 7343 7352 7856 Tysk I+II, 1. år 1752 1859 2107 1900 Fransk I, 1. år 1165 972 801 699 Fransk II, 1. år 4169 4433 4758 4580 Fransk I+II, 1. år 471 445 566 418 *I tillegg er nokre elevar på Vg1 registrerte på fagkodar for avsluttande nivå 1 eller 2. Elevar på Steinerskolar er ikkje med i denne tabellen. Engelsk programfag Programfaget engelsk i programområdet for språk, samfunnsfag og økonomi på studiespesialisering består av tre separate fag: internasjonal engelsk, samfunnsfagleg engelsk og engelskspråkleg litteratur og kultur. Samfunnsfagleg engelsk og engelskspråkleg litteratur og kultur kan takast uavhengig av kvarandre og byggjer kvar for seg på internasjonal engelsk. Elevtalet i internasjonal engelsk går i år ned med tre prosent, etter at det i fjor auka med fem prosent. Det har vore ei vriding frå engelskspråkleg litteratur og kultur til å velje samfunnsfagleg engelsk dei siste fire åra. Elevtalet i samfunnsfagleg engelsk har auka med åtte prosent, mens elevtalet for engelskspråkleg litteratur og kultur har gått ned med 14 prosent dei siste fire åra. Tabell 15. Talet på elevar som tek programfag engelsk. Internasjonal engelsk 10215 10219 10722 10360 Samfunnsfagleg engelsk 4716 4458 4672 5099 Engelskspråkleg litteratur og kultur 1804 1640 1619 1547 19

Det er fleire jenter enn gutar som vel programfag i engelsk. Det er 60 prosent jenter på internasjonal engelsk, 62 prosent på samfunnsfagleg engelsk, og 70 prosent på engelskspråkleg litteratur og kultur. Reiseliv og språk Programfaget reiseliv og språk 2 byggjer på reiseliv og språk 1. Reiseliv og språk 1 har flest elevar på Vg2, mens elevane på reiseliv og språk 2 hovudsakleg går på Vg3. Av elevtalet som tok reiseliv og språk 1 på Vg2 i fjor, er det 81 prosent som i år tek reiseliv og språk 2 på Vg3. Om lag 73 prosent av elevane på reiseliv og språk er jenter. Tabell 16. Talet på elevar som tek reiseliv og språk. Alle Vg2 Vg3 Alle Vg2 Vg3 Alle Vg2 Vg3 Alle Vg2 Vg3 Reiseliv og språk 1 721 489 201 666 434 232 637 458 179 643 426 217 Reiseliv og språk 2 277 4 273 365 11 354 312 4 308 399 27 372 Kommunikasjon og kultur Dette programfaget består av tre separate fag. Kommunikasjon og kultur 2 og 3 kan takast uavhengig av kvarandre og byggjer kvar for seg på kommunikasjon og kultur 1. Av dei elevane som vel kommunikasjon og kultur 1 på Vg2, er det 18 prosent som tek kommunikasjon og kultur 2, og 48 prosent som tek kommunikasjon og kultur 3 på Vg3. 73 prosent av elevane på kommunikasjon og kultur er jenter. Tabell 17. Talet på elevar som tek kommunikasjon og kultur. Kommunikasjon og kultur 1 1449 1388 1348 1070 Kommunikasjon og kultur 2 292 280 202 180 Kommunikasjon og kultur 3 617 581 591 495 Antikkens språk og kultur Svært få elevar tek fag innan antikkens språk og kultur. Talet på elever som tek latin 1, har auka med 65 prosent sia 2011/12, mens talet på elevar som tek antikkens kultur, har gått ned med 76 prosent. Berre 58 prosent av dei som tek latin 1 på Vg2, går vidare på Vg3 året etter. Jenter utgjer 68 prosent av elevane som tek fag innan antikkens språk og kultur. Tabell 18. Talet på elevar som tek antikkens språk og kultur. Gresk 1-9 - - Latin 1 49 58 64 81 Latin 2 22 18 26 29 Antikkens kultur 41 20 24 10 20