Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: 103, Fylkeshuset i Molde Dato: 09.03.2016 Tid: 11:30 Protokoll nr: 1/16 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jon Skarvøy Leiar Anne Lise Hessen Følsvik Nestleiar Jakob Strand Medlem Mellvin Steinsvoll Medlem AP Kari Ristesund Medlem Gerd Misfjord Medlem Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Elida Solheim Medlem FRP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Kåre Fjørtoft Ann Elida Solheim FRP Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: Namn Stilling Paula Næss Skår Rådgivar Sekretariat: Namn Mia Smørdal Stilling Konsulent
Saksnr Innhald Uoff E 1/16 Årsmelding 2015 E 2/16 Handlingsprogram 2016-2019 E 3/16 Fylkeseldrekonferansen 2016 E 4/16 Landskonferanse 2016 for fylkeseldreråd RS 1/16 Budsjett for eldrerådet - 2016 RS 2/16 Møteprotokoll frå møte i rådet for likestilling av funksjonshemma 10.02.16 RS 3/16 Konferanse - Innovasjon og nytenking innen aktivitetstilbud for eldre og personer med demens RS 4/16 Oversikt over meldinger og høringer vedrørende eldreomsorgen RS 5/16 Frå Troms fylkeskommune - Vedrørende gruppearbeidet på årets landskonferanse i Fevik 2015 RS 6/16 Økt effektivitet i sykehus, økt press på kommuner RS 7/16 Kopi: Forvaltningsmessig og lovmessig vurdering av arbeidet i Norddal eldreråd og råd for likestilling av funksjonshemma i Norddal kommune RS 8/16 Kopi: Vurdering av brukermedvirkning Godkjenning av protokoll 2 Eldrerådet sitt møte tok til kl. 11.30 på møterom 103 under leiing av Jon Skarvøy. Ann Elida Solheim hadde meldt forfall. Kåre Fjørtoft møtte som varamedlem. Møtet blei sett med 7 medlemer. Innkallinga blei godkjent utan merknader. Til saklista: - Under eventuelt: Paula Næss Skår ber fylkeseldrerådet diskutere kor neste rådsmøte skal finne stad. Saklista med ovannemnde tillegg blei godkjent. E 1/16 Årsmelding 2015 Forslag til vedtak: Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2015 og ber om at meldinga blir lagt fram for fylkestinget til orientering. Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2015 og ber om at meldinga blir lagt fram for fylkestinget til orientering. E 2/16 Handlingsprogram 2016-2019 Forslag til vedtak: Fylkeseldrerådet vedtek følgjande handlingsprogram for perioden 2016 2019: Befolkningsutviklinga korleis førebur kommunane seg på dette Boliggjering av eldreomsorga Brukarorientert resultatvurdering av eldreomsorga
Førebygging, folkehelse og kultur (levevanar, kosthald, fysisk aktivitet, rusvanar, verdien av møteplassar for eldre) Kollektivtransport Psykisk helse hos eldre (dop, sjølmord, vald, depresjon) Tannhelse Velferdsteknologi Verdigheit og forsvarlegheit i eldreomsorga - klageordningane Innhenting av kunnskap: Fagfolk orienterer på møta i eldrerådet Ekskursjonar til andre delar av landet Orientering frå fagfolk ved besøk i kommunar Orientering frå eldreråda i besøkskommunane Samarbeid med eldreråda i fylket: Fylkeseldrekonferansen Protokoll frå fylkeseldrerådet blir sendt til dei kommunale eldreråda i fylket Protokollar som kjem inn frå kommunale eldreråd blir vidaresendt til fylkeseldrerådet Fylkeseldrerådet vil halde fram med å ta opp aktuelle saker og gi uttaler. 3 Behandling i Eldrerådet - 09.03.2016 Eldrerådet diskuterte seg fram til følgjande tilleggsforslag til vedtaket: Tillegg i kulepunkt 3: «Brukarorientert resultatvurdering av eldreomsorga/brukarmedverking» Nytt kulepunkt: «Samhandlingsreforma vegen vidare» Nytt kulepunkt: «Helsepersonell, utdanning, lærlingar og rekruttering». Fylkeseldrerådet vedtek følgjande handlingsprogram for perioden 2016 2019: Befolkningsutviklinga korleis førebur kommunane seg på dette Boliggjering av eldreomsorga Brukarorientert resultatvurdering av eldreomsorga/brukarmedverknad Førebygging, folkehelse og kultur (levevanar, kosthald, fysisk aktivitet, rusvanar, verdien av møteplassar for eldre) Helsepersonell, utdanning, lærlingar og rekruttering Kollektivtransport Psykisk helse hos eldre (dop, sjølmord, vald, depresjon) Samhandlingsreforma vegen vidare Tannhelse Velferdsteknologi Verdigheit og forsvarlegheit i eldreomsorga klageordningane Innhenting av kunnskap: Fagfolk orienterer på møta i eldrerådet Ekskursjonar til andre delar av landet Orientering frå fagfolk ved besøk i kommunar Orientering frå eldreråda i besøkskommunane Samarbeid med eldreråda i fylket: Fylkeseldrekonferansen Protokoll frå fylkeseldrerådet blir sendt til dei kommunale eldreråda i fylket
Protokollar som kjem inn frå kommunale eldreråd blir vidaresendt til fylkeseldrerådet 4 Fylkeseldrerådet vil halde fram med å ta opp aktuelle saker og gi uttaler. E 3/16 Fylkeseldrekonferansen 2016 Forslag til vedtak: Eldrerådet vedtek at følgjande medlem blir med i arbeidsgruppa for planlegging av fylkeseldrekonferansen 2016: Fylkeseldrerådet ber om at følgjande organisasjonar blir invitert til å delta som arrangør av konferansen:. Eldrerådet vedtek at følgjande medlem blir med i arbeidsgruppa for planlegging av fylkeseldrekonferansen 2016: Jon Skarvøy Anne Lise Hessen Følsvik Fylkeseldrerådet ber om at følgjande organisasjonar blir invitert til å delta som arrangør av konferansen: Pensjonistforbundet Møre og Romsdal Nasjonalforeningen for folkehelsen Kommunenes sentralforbund (KS), Møre og Romsdal Sjukepleiarforbundet Møre og Romsdal Fagforbundet Møre og Romsdal Norske kvinners sanitetsforening, Møre og Romsdal E 4/16 Landskonferanse 2016 for fylkeseldreråd Behandling i Eldrerådet - 09.03.2016 Paula Næss Skår orienterte kort om saka. Eldrerådet diskuterte seg fram til følgjande forslag til vedtak: Mellvin Steinsvoll, Anne Lise Hessen Følsvik, Jon Skarvøy, Jakob Strand, Kari Ristesund, Gerd Misfjord og Paula Næss Skår melder seg på landskonferansen 2016. Ann Elida Solheim får også spørsmål om ho ønskjer å delta. Eldrerådet ber administrasjonen avklare moglegheita for at landskonferansen for fylkeseldreråd kan arrangerast i Møre og Romsdal tidlegast i 2018. Eldrerådet meiner at kostnadane knytt til landskonferansane kan fordelast mellom dei ulike fylkeskommunane som deltek slik at vertsfylkeskommunen ikkje sit att med for store kostnadar. Mellvin Steinsvoll, Anne Lise Hessen Følsvik, Jon Skarvøy, Jakob Strand, Kari Ristesund, Gerd Misfjord og Paula Næss Skår melder seg på landskonferansen 2016. Ann Elida Solheim får også spørsmål om ho ønskjer å delta. Eldrerådet ber administrasjonen avklare moglegheita for at landskonferansen for fylkeseldreråd kan arrangerast i Møre og Romsdal tidlegast i 2018.
5 Eldrerådet meiner at kostnadane knytt til landskonferansane kan fordelast mellom dei ulike fylkeskommunane som deltek slik at vertsfylkeskommunen ikkje sit att med for store kostnadar. RS 1/16 Budsjett for eldrerådet - 2016 RS 2/16 Møteprotokoll frå møte i rådet for likestilling av funksjonshemma 10.02.16 RS 3/16 Konferanse - Innovasjon og nytenking innen aktivitetstilbud for eldre og personer med demens RS 4/16 Oversikt over meldinger og høringer vedrørende eldreomsorgen RS 5/16 Frå Troms fylkeskommune - Vedrørende gruppearbeidet på årets landskonferanse i Fevik 2015 RS 6/16 Økt effektivitet i sykehus, økt press på kommuner RS 7/16 Kopi: Forvaltningsmessig og lovmessig vurdering av arbeidet i Norddal eldreråd og råd for likestilling av funksjonshemma i Norddal kommune RS 8/16 Kopi: Vurdering av brukermedvirkning
Eventuelt 6 Fylkeseldrerådet melder på tre medlemer til Fagakademiet sitt kurs «Eldreråd i arbeid» den 05.04.16. Fylkeseldrerådet legg sitt møte den 11.05.16 til Ørsta kommune og møte den 14.09.16 til Kristiansund kommune. Kåre Fjørtoft forlèt møte kl 14.25. Godkjenning av protokoll Eldrerådet gikk gjennom protokollen i møte og den blei samrøystes vedteke. Møtet slutt kl 14.35.