VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Kommunalt råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom C, Volda rådhus Dato: 24.02.2014 Tid: 14:00 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arne Oddmund Torvik Leiar FRP Ove Lid Medlem Diabetesforbundet Kari Gamlem Medlem Norsk revmatikarforbund Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Marit Isene Medlem KRF Janette Mikalsen Medlem Norsk foreining for utviklingshemma Frå administrasjonen møtte: Namn Per Heltne Stilling Arealplanleggar SAKLISTE Saksnr. PS 1/14 PS 2/14 PS 3/14 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte PlanID 2012008 - Detaljreguleringsplan Øvre Rotset næringsområde PS 4/14 PlanID 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken reguleringsendring PS 5/14 PS 6/14 Utlegging til offentlig ettersyn - Detaljregulering B58 Bratteberg Orienterings- og drøftingssaker
OS 1/14 OS 2/14 OS 3/14 OS 4/14 Drøfting - synfaring Volda sentrum Melding om merknad, gjeld felles NAV-kontor og oppnemning av representantar Brukerrepresentantar i felles NAV-kontor for Ørsta og Volda Avlastningsbustader for born/unge PS 1/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling: Ingen hadde noko å merke til innkallinga. Sakliste: Arne Torvik kom med framlegg om å sette orienteringssak vedk. avlastningsbustader for born/unge på saklista. Innkalling og sakliste, med tillegg frå Arne Torvik, vart samrøystes godkjent. PS 2/14 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Møteprotokollen frå førre møte, 25.11.2014, vart samrøystes godkjent. PS 3/14 PlanID 2012008 - Detaljreguleringsplan Øvre Rotset næringsområde Administrasjonen si tilråding:
Framlegg til Detaljreguleringsplan for Øvre Rotset Næringsområde slik det går fram av planomtale, reguleringskart og føresegner datert 20.12.2013 vert fremja og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan og bygningslova 12-10. Arealplanleggar Per Heltne orienterte om saka. Arne Torvik kom med slikt framlegg: 1. Funk har ingen innvending mot Planid 2012008 Detaljreguleringsplan Øvre Rotset næringsområde. 2. Funk forventar at all oppføring/utbygging blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift, TEK 10, datert 05.09.2013, og som beskrevet i punktene i første del andre del tredje del og fjerde del angående universell utforming. Framlegget frå Arne Torvik vart samrøystes vedteke. Vedtak i Kommunalt råd for funksjonshemma - 24.02.2014 1. Funk har ingen innvending mot Planid 2012008 Detaljreguleringsplan Øvre Rotset næringsområde. 2. Funk forventar at all oppføring/utbygging blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift, TEK 10, datert 05.09.2013, og som beskrevet i punktene i første del andre del tredje del og fjerde del angående universell utforming. PS 4/14 PlanID 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken - reguleringsendring Administrasjonen si tilråding: Reguleringsframlegg for Sagebakken gnr 30 bnr 4 ftnr 39 slik det går fram av planomtale-, plankart og føresegner datert 6.09.2013, vert fremja og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-12, jf 12-1. Arealplanleggar Per Heltne orienterte om saka.
Arne Torvik kom med slikt framlegg: 1. Funk har ingen innvending mot Planid 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken reguleringsendring. 2. Funk ber om at foreskrifta om universell utforming blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift TEK 10, datert 05.09.2013, første del andre del tredje del og fjerde del der dette krevest. Framlegget frå Arne Torvik vart samrøystes vedteke. Vedtak i Kommunalt råd for funksjonshemma - 24.02.2014 1. Funk har ingen innvending mot Planid 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken reguleringsendring. 2. Funk ber om at foreskrifta om universell utforming blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift TEK 10, datert 05.09.2013, første del andre del tredje del og fjerde del der dette krevest. PS 5/14 Utlegging til offentligettersyn - Detaljregulering B58 Bratteberg Administrasjonen si tilråding: Framlegg til Detaljreguleringsplan for område B58 slik det går fram av planomtale, reguleringskart og føresegner datert 18.12.2013 vert fremja og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan og bygningslova 12-10. Arealplanleggar Per Heltne orienterte om saka. Arne Torvik kom med slikt framlegg: 1. Funk har ingen innvending mot Detaljregulering B58 Bratteberg. 2. Funk ber om at foreskrift om Universell utforming blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift TEK 10, datert 05.09.2013, først del andre del tredje del
og fjerde del der dette er mulig med hensyn til typografien. Dog er det ønskelig om at 20 % av byggingsmassen blir universelt utformet. 3. Funk ber om at gangvegen mellom Bjørnevegen-Plassevegen blir realisert snarest. Framlegget frå Arne Torvik vart samrøystes vedteke. Vedtak i Kommunalt råd for funksjonshemma - 24.02.2014 1. Funk har ingen innvending mot Detaljregulering B58 Bratteberg. 2. Funk ber om at foreskrift om Universell utforming blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift TEK 10, datert 05.09.2013, først del andre del tredje del og fjerde del der dette er mulig med hensyn til typografien. Dog er det ønskelig om at 20 % av byggingsmassen blir universelt utformet. 3. Funk ber om at gangvegen mellom Bjørnevegen-Plassevegen blir realisert snarest. PS 6/14 Orienterings- og drøftingssaker OS 1/14 Drøfting synfaring Volda sentrum Funk tek sikte på synfaring i Volda sentrum på neste møte. Leiar for Volda næringskontor, Volda sentrumsforening og teknisk sektor i Volda kommune, vert invitert til å delta. OS 2/14 Melding om merknad, gjeld felles NAV-kontor og oppnemning av representantar Det var semje i Funk om å vente med oppnemning av representantar til brukarutvalet til ein får formell førespurnad frå Nav eller Ørsta kommune. OS 3/14 Brukarrepresentantar i felles NAV-kontor for Ørsta og Volda Funk tek brev frå handikapplaget i Ørsta og Volda, datert 07.01.2014, til vitende. OS 4/14 Avlastningsbustader for born/unge Arne Torvik orienterte om status for saka. Det er avsett midlar til avlastningsbustader i økonomiplanen for 2015 og 2016. Eigedomsavdelinga arbeider med å finne høveleg tomt for tiltaket.
Møtet slutt 16:45 Rett utskrift, Volda kommune, servicekontoret 26.02.2014 Sonja Håvik konsulent