BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Rundskriv Rundskriv nr.: 30/2013 Dato: 12. september 2013 Saksnr.: 201300138-30 Saksbehandlar: OLHG Emnekode: ESARK-20 Til barnehagane Politiattest ved tilsetjing i barnehage I barnehageloven er bestemmelsen om politiattest nyleg endra. I dette rundskrivet gir vi ei orientering om kva slags krav som no gjeld til politiattest ved tilsetjing, om retningslinjene for korleis politiattesten skal handterast, og om følgjene ved merknader på politiattesten. 1. Kven skal levera politiattest? Alle som skal tilsetjast i barnehage, må leggja fram politiattest. Dette er fastsett i barnehageloven 19. Føremålet er å unngå tilsetjingar som påfører barna fare for overgrep eller skadeleg påverknad. Barnehageloven: 19 Politiattest Den som skal ansettes fast eller midlertidig i barnehage skal legge frem politiattest som nevnt i politiregisterloven 39 første ledd. Barnehageeier og kommunen som barnehagemyndighet kan kreve politiattest som nevnt i første ledd for andre personer som regelmessig oppholder seg i barnehagen eller har vesentlig innflytelse på barnehagens drift. Personer som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige er utelukket fra fast eller midlertidig ansettelse i barnehager. I andre tilfeller må konsekvensene av merknader på politiattesten vurderes i det enkelte tilfellet. Departementet gir nærmere forskrifter om gjennomføring av denne paragrafen. Barnehageloven sin bestemmelse om politiattest er no harmonisert med politiregisterloven sine overordna rammer for barneomsorgsattestar. Det er ikkje lenger berre merknader om seksuelle overgrep mot barn som skal gå fram, men også eventuelle lovbrot på ei rekkje andre område sjå punkt 2 nedanfor.
Politiattest skal krevjast frå alle som skal tilsetjast i barnehage også dei som blir tilsett i kortvarige vikariat. Sjå meir om dette i punkt 5 nedanfor. Kva stilling vedkomande har i barnehagen, er utan betydning så lenge barnehagen er vedkomande sin arbeidsplass. Kravet om politiattest gjeld derimot ikkje utan vidare for dei som regelmessig vil opphalda seg i barnehagen, men som ikkje har barnehagen som sin faste arbeidsstad, og heller ikkje for personar som har vesentleg innverknad på drifta utan å vera rekna som tilsette. For at det skal krevjast politiattest av desse, må enten barnehageeigaren eller kommunen som barnehagemyndighet bestemma det. Pr. dato krev Bergen kommune politiattest frå spesialpedagogar, støttepedagogar og representantar for private barnehageeigarar, men ikkje av andre som regelmessig oppheld seg i barnehagen, eller som har vesentleg innverknad på barnehagedrifta. Det går fram av merknad gitt i Prop.120 L (2012-2013) at kravet om politiattest gjeld sivilarbeidarar. 2. Innhaldet i politiattesten I politiregisterloven er omgrepet vandelskontroll eit fellesnamn for dei ulike kontrolltypane som kan brukast for å sjå om straffbare forhold gjer ein kandidat ueigna til ei bestemt stilling, eller stilling ved ein bestemt type arbeidsplass. Ein slik kontrolltype er politiattest. For stillingar som inneber, eller kan innebera kontakt med barn, er omgrepet barneomsorgsattest innført. Kva slags brot på straffelova som kan takast med i ein politiattest som skal tena som barneomsorgsattest, er gitt i politiregisterloven 39. Etter barnehageloven 19 skal det no krevjast politiattest med slikt innhald som går fram av politiregisterloven 39 fyrste ledd, medan barnehageloven tidlegare avgrensa innhaldet i politiattesten til seksuelle overgrep mot barn. Politiregisterlova 39 Politiattest for personer som skal ha omsorg for eller oppgaver knyttet til mindreårige (barneomsorgsattest). Vi gjengir fyrste ledd: På politiattest som er begrunnet i formål som nevnt i 37 første ledd nr. 4 skal det anmerkes om personen er siktet, tiltalt, har vedtatt forelegg eller er dømt for overtredelse av straffeloven 162, 192, 193, 194, 195, 196, 197, 199, 200 annet ledd, 201 første ledd bokstav c, 201a, 203, 204a, 219, 224, 229 annet og tredje straffalternativ, 231, 233 og 268 jf. 267. Overtredelse av straffeloven 192, 193, 194, 195, 196, 197, 199, 200 annet ledd, 201 første ledd bokstav c, 201a, 204a og 233 skal anmerkes i samsvar med 41 nr. 1. Overtredelse av straffeloven 162, 203, 219, 224, 229 annet og tredje straffalternativ, 231 og 268 jf. 267 skal anmerkes i samsvar med 40. Det fører for langt å gå inn på kvar av straffelovparagrafane det er vist til, men kort samanfatta gjeld det ulike former for seksual-, valds-, rans- og narkotikabrotsverk. Merk at det ikkje berre er det ein er dømd for, som skal gå fram av politiattesten, men også det ein på utskrivingstidspunktet for attesten er sikta for, tiltalt for, eller har vedtatt førelegg for. Derimot vil det ikkje gå fram om ein på eit tidlegare tidspunkt har vore sikta eller tiltalt, dersom ein seinare er frifunnen, eller siktelsen/ tiltalen er fråfallen. 3. Retningslinjer om framgangsmåte, behandling og teieplikt Kravet om politiattest er nærare omtalt i ei eiga forskrift til barnehageloven. Den gjeldande forskrifta vart vedtatt i 2005, og ho er førebels ikkje endra. På nokre område og særleg 3 2 av 7
om innhaldet i politiattesten er det derfor ikkje i samsvar mellom barnehagelova og forskrifta. På desse områda går formuleringane i lova framfor forskrifta. Forskrift om politiattest i henhold til barnehageloven: 1. Formål og virkeområde Formålet med forskriften er å bidra til å hindre at barn utsettes for seksuelle overgrep i barnehagen. Alle godkjente og godkjenningspliktige barnehager omfattes av forskriften. 2. Krav om politiattest Den som skal arbeide i barnehage skal legge fram tilfredsstillende attest som viser om personen er siktet, tiltalt eller dømt for overtredelser av de bestemmelser i straffeloven som er nevnt i denne forskrift 3 andre ledd. Attesten skal ikke være eldre enn 3 måneder. Med den som skal arbeide i barnehage menes alt barnehagepersonale som har ulike arbeidsoppgaver i barnehagen, personer som innehar langvarige vikariater, vikarer tilknyttet en mer etablert vikarordning og sivilarbeidere. 3. Politiattestens innhold Politiattesten skal vise om vedkommende er siktet, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Med seksuelle overgrep mot barn menes overtredelser av straffeloven 195, 196, 200 annet ledd, 201 bokstav c og 204a. For utstedelse av attest gjelder lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering og forskrift 20. desember 1974 nr. 4 om strafferegistrering, med de unntak og presiseringer som framgår av denne paragrafen. 4. Framgangsmåte Arbeidsgiver skal i utlysingsteksten gjøre søkere oppmerksom på at det vil bli krevd politiattest ved ansettelse, men at denne ikke skal legges ved søknaden. Attest skal kun kreves av den søkeren som tilbys stillingen. Politiattest skal foreligge før arbeidstaker tiltrer stillingen. Ved godkjenning av privat barnehage skal kommunen påse at det foreligger tilfredsstillende politiattest for eier, der eier selv skal arbeide i eller av andre grunner oppholde seg regelmessig i barnehagen. Kommunen kan også kreve politiattest fra eier av barnehagens lokaler eller fra familiemedlemmer som er til stede i barnehagens/familiebarnehagens åpningstid. Det skal framgå av saksdokumentene at tilfredsstillende politiattest er levert. 5. Behandling av politiattest og taushetsplikt Politiattesten skal oppbevares utilgjengelig for uvedkommende og skal makuleres umiddelbart etter å ha vært benyttet i ansettelsessaken eller ved godkjenningen. 3 av 7
Den som får kjennskap til opplysninger gjennom en politiattest, plikter å hindre at uvedkommende får adgang eller kjennskap til disse. Overtredelse kan straffes etter straffeloven 121. 6. Virkningen av ikke tilfredsstillende politiattest Personer som ikke kan framlegge tilfredsstillende politiattest, er utelukket fra arbeid i barnehager. Kommunen skal nekte godkjenning av barnehage dersom det ikke legges fram tilfredsstillende politiattest for eier eller familiemedlemmer, jf. forskriften 4 annet ledd. 7. Ikrafttredelse Forskriften trer i kraft 1. januar 2006. Fra samme tidspunkt oppheves forskrift 1. desember 1995 nr. 946 om politiattest i henhold til barnehageloven, fastsatt med hjemmel i lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager (barnehageloven) 20 tredje ledd. Ut frå dette må følgjande punkt bli standard prosedyre ved kvar tilsetjing: Utlysingsteksten Av utlysingsteksten om ledig stilling må det gå fram at tilfredsstillande politiattest er eit av kvalifikasjonskrava for å få stillinga. Brevet med tilbod om tilsetjing Det er berre den som får tilbod om stillinga, som skal levera politiattest. Den best kvalifiserte søkjaren vil til vanleg få eit brev med tilbod om stillinga, og ein svarfrist. Av dette brevet må det også gå fram at tilbodet om stillinga gjeld med atterhald om at tilfredsstillande politiattest blir lagt fram. Vi føreslår følgjande formulering: «Tilsetjinga føreset at politiattest blir levert så snart som muleg, og at han ikkje inneheld merknader som gjer det nødvendig å trekkja tilbodet om stilling tilbake jf. barnehageloven 19.» Notat til personalmappa Av 5 i Forskrift om politiattest i henhold til barnehageloven går det fram at politiattesten skal makulerast straks han har vore brukt i samband med tilsetjinga. Det ligg personvernomsyn bak dette. Men for arbeidsgjevar er det nødvendig å ha dokumentert at politiattest er etterspurt, kontrollert og funne i orden. Vedlagt ligg eit tekstforslag som kan kopierast over på barnehagen sitt eige brevpapir. Den som blir tilsett, må få kopi av notatet, slik at vedkomande får bekrefta at tilbodet om stilling står ved lag. 4. Konsekvensar dersom det er merknader på politiattesten Det er opp til arbeidsgjevar å vurdera og avgjera kor stor vekt det skal leggjast på merknader i politiattesten. Det er likevel lovforbod mot å tilsetja personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige. Mindreårig er i denne samanhengen barn og unge som ikkje er fylt 16 år. Dersom den som har fått tilbod om ei stilling, legg fram politiattest som viser at vedkomande er domfelt for seksuelle overgrep mot mindreårige, må tilbodet om tilsetjing straks trekkjast attende. Dette må gjerast skriftleg i eige brev. 4 av 7
Det er ikkje gitt lovforbod mot å tilsetja kandidatar som har andre merknader på politiattesten sin, men merknadane må takast med i den samla vurderinga av kor skikka eller eigna vedkomande er til den aktuelle stillinga. Tilseier opplysningane at vedkomande ikkje er skikka eller eigna til å ha stilling i ein barnehage, må tilbodet om stilling trekkjast attende. 5. Kva med svært kortvarige vikariat? I prinsippet gjeld kravet om politiattest også for dei heilt kortvarige vikariata. Det vil likevel neppe vera muleg å få til ei fullgod praktisering for ei kvar tilsetjing (tilkalling) av ringjevikarar. Kommunen har sett som krav at vikarbyråa skal krevja og kontrollera politiattest for vikarar som blir leigde ut til barnehagane. Her er det ikkje nødvendig med nokon kontroll frå barnehagen si side. Dersom barnehagen har si eiga liste med aktuelle ringjevikarar, må ringjevikarane gjerast merksame på kravet om politiattest og oppmodast om å skaffe seg dette viss dei ønskjer fleire oppdrag. Når barnehagen får politiattesten førelagt, må han på ordinær måte kontrollerast og dokumenterast gjennom notat i personalmappa. Derimot tilrår vi at politiattesten ikkje blir makulert, men levert attende til ringjevikaren sjølv. Vi kan vanskeleg sjå at det bryt med det omsynet til personvern som ligg bak forskrifta om politiattest 5 om behandling av politiattesten, at den som personopplysningane gjeld, sjølv får hand om dokumentet for seinare bruk. Sidan politiattestar nyare enn tre månadar skal godtakast, vil det også vera i ringjevikaren si interesse å sleppa å gå til politiet oftare enn nødvendig for å be om ny politiattest. Når ringjevikaren har levert politiattest, kan denne leggjast til grunn for alle tilkallingsvikariat vedkomande får over ein periode på tre år. At akkurat tre er vald, er tilrådd av politiet. Dersom barnehagen, utan å gå om vikarbyrå, må tilkalla ukjend vikar på kort varsel, kan det vera praktisk uråd å få politiattest framlagt, med mindre tilkallingsvikaren allereie har fått utarbeidd politiattest i samband med tidlegare vikariat ved andre tenestestader i Bergen kommune. Tilkallingsvikaren bør i alle fall spørjast om politiattest er utarbeidd, eventuelt om han er levert til ein annan tenestestad i kommunen. Som ovanfor, må tilkallingsvikaren oppmodast om å skaffe politiattest dersom vedkomande ønskjer nye oppdrag. Hevdar tilkallingsvikaren at politiattest er lagt fram for ein annan tenestestad i kommunen, må ein be om lov til å få dette stadfesta frå vedkomande tenestestad. I eit slikt tilfelle lagar ein eit notat til personalmappa som beskrive ovanfor, men teksten må justertast slik at det går fram at opplysningane er henta inn i telefonsamtale med namngitt person ved namngitt tenestestad. 6. Kan vi be om politiattest for personar som allereie er tilsett? I politiregisterlova 36 går det mellom anna fram at: Vandelskontroll kan bare foretas når den har hjemmel i lov eller i forskrift gitt i medhold av lov. Sidan det verken i barnehageloven eller Forskrift om politiattest i henhold til barnehageloven er heimel for å be om politiattest anna enn ved tilsetjing, kan det ikkje lagast ordningar der tilsette regelmessig skal visa fornya politiattest. 5 av 7
Av forarbeida til politiregisterloven går det fram at det såkalla politiregisterutvalet ville gi anledning til å be om fornya politiattest på visse vilkår. Men verken Justisdepartementet i Ot.prp. nr. 108 (2008-2009) eller Justiskomiteen i Stortinget i Innst. 139 L (2009-2010) støtta dette, og det vart heller ikkje tatt inn i den endelege lovteksten. Derimot kan ein be politiet om å få utlevert nye eller oppdaterte opplysningar, men berre for tilsette som viste fram politiattest då dei vart tilsette. Det er den tidlegare mottakaren av politiattest altså arbeidsgjevar i vår samanheng som sjølv skal be politiet om dette, og ikkje overlata det til den tilsette. Dette går fram av politiregisterlova 43 Politiregisterlova: 43 - Utlevering av nye eller oppdaterte opplysninger etter at politiattest er utstedt. Brukeren av tidligere utstedt politiattest kan få utlevert nye opplysninger av betydning, dersom vilkårene for utstedelse av politiattest fortsatt er til stede. Det kan ikke utleveres andre opplysninger enn de som fremgår av hjemmelsgrunnlaget for utstedelse av den opprinnelige attesten. Når det gjelder terskelen for å be om ny eller oppdatert politiattest, viser Kunnskapsdepartementet i Prop. 120 L (2012 2013) til forarbeidene til politiregisterloven: I forarbeidene til politiregisterloven er det presisert at bestemmelsen omhandler de tilfellene der politiattest tidligere er utstedt, men hvor eksempelvis barnehageeieren i ettertid har fått tilgang til informasjon som gir grunnlag til å tro at det foreligger nye opplysninger av betydning. Byrådsavdeling for barnehage og skole Kari Øvrebø Administrasjonssjef Vedlegg: Notat til personalmappa tekstforslag 6 av 7
Politiattest er framvist, kontrollert og funnen tilfredsstillande NN er den dato tilsett i stilling som stillingstype ved X barnehage med atterhald om at det blir framlagt politiattest jf. barnehageloven 19. Politiattest med slikt innhald som følgjer av politiregisterloven 39 første ledd, er framlagt den dato. Han inneheld ikkje opplysningar som gir grunnlag for å trekkja tilsetjingsvedtaket tilbake. Underskrift/ namn Barnehagestyrar 7 av 7