Ny nynorskrettskriving frå 2012



Like dokumenter
Målet for arbeidet i Språkrådet er at norsk skal vere i bruk i alle delar av samfunnslivet også i framtida og ikkje bli sett til side av

Ny rettskriving for 2000-talet

Samandrag av framlegg og motframlegg i Nynorskrettskrivinga utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk

Nynorsk, verb, framhald

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Ny rettskriving for 2000-talet

Ny rettskriving for 2000-talet

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Opprettingar i utgreiinga om nynorskrettskrivinga (versjonen frå )

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Kvifor er bokmål (BM) og nynorsk (NN) ulike målformer, og kva er det som skil dei?

Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Språkhistorie på 1900-tallet -Norsk språkpolitikk - et moderne prosjekt

REFERAT FRÅ HØYRINGSMØTE OM NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 21. FEBRUAR 2011

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Til deg som bur i fosterheim år

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Årsplan i norsk, 4. klasse,

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Hankjønn Hankjønnsord har ordet ein som ubestemt og endinga en som bestemt artikkel.

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Harstad og omland mållag Leiar: Magne Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

Nynorsk i staten. Reglar og råd

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Ny bokmålsrettskrivning fra 2005

Kokebok i nynorsk. Eg lige ikkje nynorsk, eg! (Er siddisar dumme?) Spørsmål: Kor mange dialektar brukar jeg og ikke?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Innstillinga til revidert nynorskrettskriving. Merknader.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vurderingsrettleiing 2011

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Peder Vestad. Avdeling for mediefag Høgskulen i Volda 6100 VOLDA Syn på framlegget til ny nynorskrettskriving

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

NOKON AV DEI VIKTIGASTE NYNORSKE VERBA

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Oppgåver til kapittel 3

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Spørsmålet om godkjenning av endringar i bokmåls- og nynorskrettskrivinga

Nynorsk, NOSP103 og NOSP103-L, haustsemesteret 2013

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Del 1 Ordklasser. Leo skriv. Luisa les. Prikken et. Carmen og Arne dansar.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Jon Fosse. For seint. Libretto

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap NYNORSK FOR STUDENTAR

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

BESTEMMARORD... 2 Eigedomsord... 3 Peikeord... 8 Mengdeord... 12

Svake verb, system i kortform. Blanda bøying, a- og e-verb

Lønnsundersøkinga for 2014

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Utdrag frå boka Ord te gagns

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

mmm...med SMAK på timeplanen

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

SUBSTANTIV... 2 Særnamn og samnamn... 2 Kjønn... 4 Eintal og fleirtal... 6 Ubestemt og bestemt form... 9 Oppsummering av substantivbøying...

Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brukarrettleiing. epolitiker

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Transkript:

Språkrådet Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og er underlagt Kulturdepartementet. Målet for arbeidet i Språkrådet er at norsk skal vere i bruk i alle delar av samfunnslivet også i framtida og ikkje bli sett til side av engelsk. Ny nynorskrettskriving frå 2012 Språkrådet vil gi skuleverket, det offentlege, næringslivet og folk flest tru på at norsk språk duger, og derfor arbeider vi for å auke kunnskapen om norsk språk. Språkrådet informerer på nettsidene og i publikasjonane sine om god og rett norsk. Språkrådet svarer på om lag 10 000 språkspørsmål på e-post og telefon i året. Språkrådet forvaltar rettskrivinga for bokmål og nynorsk og følgjer med på korleis språket utviklar seg. Språkrådet godkjenner ordlister og ordbøker i norsk til bruk i skulen. Språkrådet Postboks 8107 Dep 0032 OSLO Telefon: 22 54 19 50 E-post: post@sprakradet.no www.sprakradet.no www.språkrådet.no Framsidebilete: istockphoto Utforming: Tank Design Trykk: 07 Oslo Opplag: 38 000 (2012)

Føreord Gjennom 1900-talet har det vore gjennomført fleire omfattande endringar og reformer i norsk rettskriving. Særleg i første halvdelen av det førre hundreåret var tilnærming mellom nynorsk og bokmål eit viktig mål for den offentlege språkpolitikken. Den siste store reforma som var sams for nynorsk og bokmål, var i 1959. I dag skal både nynorsk og bokmål normerast på sjølvstendig grunnlag. Sidan 1959 har det vore nokre mindre endringar i nynorskrettskrivinga, og for bokmål kom det ei rettskrivingsreform i 2005. Denne brosjyren tek for seg hovudtrekka i den nye rettskrivingsreforma for nynorsk, som gjeld frå 1. august 2012. Reforma var førebudd av ei rettskrivingsnemnd, som i 2010 2011 arbeidde med mandat frå Språkrådet, og eit framlegg var ute på offentleg høyring i 2011. Dette er nokre hovudpunkt i den nye rettskrivinga: Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta. Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte. Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga. I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar. Ei rettskriving og ei norm tyder i denne brosjyren det same: alle godkjende skrivemåtar i nynorsk. Brosjyren gjer greie for dei største endringane. Mange endringar for enkeltord og mindre ordgrupper er ikkje omtalte her. Difor er det viktig å ha tilgang til oppdaterte ordbøker og ordlister. Rettskrivinga i nettutgåva av Nynorskordboka blir oppdatert frå august 2012 (www.nob-ordbok.uio.no). Innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet inneheld alle vedtekne endringar med bakgrunn og grunngjeving og er tilgjengeleg på nettsidene til Språkrådet: www.språkrådet.no. 1 Hovudtrekk Forenkling av systemet slutt med sideformer I 1917 vart skiljet mellom hovudformer og sideformer innført i norsk rettskriving. Hovudformene har vore obligatoriske i lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Skuleelevar har sjølve kunna bruke sideformer. Med rettskrivingsreforma frå 2012 er skiljet mellom hovudformer og sideformer oppheva i nynorsk, som det vart for bokmål i 2005. Det vil seie at alle formene i rettskrivinga er jamstilte. Nynorskrettskrivinga har dermed fått eit system med berre eitt normnivå. Norm på sjølvstendig grunnlag Målet for den nye nynorskreforma har vore å få ei tydeleg, enkel og dessutan stabil norm. I vurderinga av kva for nokre valfrie former som skulle vere med i den nye norma, er det lagt stor vekt på kva former som har festa seg i skrift. Det er ikkje lagt avgjerande vekt på kva dialektgrunnlag formene har, og heller ikkje på om dei har vore hovudformer eller sideformer tidlegare. Mange valfrie former blir ståande fordi dei viser samsvar med dialektane, og fordi dei har vorte viktige i skrifttradisjonen. Dermed kan dei fleste nynorskbrukarar halde fram med å skrive slik som dei er vane med, og som dei har lært. Det er særleg gjort innstrammingar i bøyingsverket. Det tradisjonelle i-målet (soli, fjelli) går ut av substantivbøyinga. Det blir mindre valfridom enn før i verbbøyinga, ikkje minst i preteritum av svake verb, og det same gjeld samsvarsbøyinga av perfektum partisipp. Og nokre få nye former er tekne inn i norma når det har vist seg at dei er i faktisk bruk i nynorsk. 2 Lydverket Mykje av valfridommen i skrivemåten av ord blir ført vidare i den nye rettskrivinga. Dels gjeld det ord som tidlegare hadde to hovudformer (som fyrst/ først, skole/skule og løn/lønn), dels blir tidlegare sideformer jamstilte med hovudforma (som bytte [bøtte], sølv [sylv] og enkje [enke]). Det blir òg mange eineformer, ikkje minst for ord med diftong. 10 3

Vokalar Mange ord har hatt veksling mellom to vokalar. Oversikta nedanfor er gruppert etter dei valfrie formene slik dei var i siste gjeldande rettskriving. y og ø: Mange ord får valfridom, t.d. bytte/bøtte, fyrst/først, lyfte/løfte, nykel/nøkkel, sylv/sølv, sysken/søsken, syster/søster, ynske/ønske. o og u: Det blir valfritt skole/skule, sommar/sumar, stove/stue. Merk at det no skal vere berre -o- i somme, mogeleg/mogleg ([muleg] går ut), boble. o og å: Det skal no berre vere -o- i drope, tolmod, tole og berre -å- i substantiva flåte, bråte. a og e: Det blir valfritt anten/enten. Verbet henge skal berre ha -e-. a og o: Fleirtal av barn skal framleis ha valfritt barn/born. Berre -a- har vi no i haldning, vald, trapp. a og å: Det er valfritt med klar/klår, forklare/forklåre. Verbet måle ( stryke farge på ) og avleiingane (kunst)målar, (olje)måling skal berre skrivast med -å-, som verbet måle ta mål av. e og i: Talordet tre ( 3 ) skal no berre ha -e. Ord som jamstille, likestilling, problemstilling skal no berre ha -i- (jamstelle osb. går ut, det same gjer førestelle, som var eineform). e og æ: Her er tidlegare valfridom endra til anten e eller æ. Ord med berre e: seter, skremme. Ord med berre æ: hær, særleg, særpreg osb. jo og y: Valfridommen ljos/lys og ljod/lyd blir ståande. Diftongar blir obligatoriske i mange ord som før har hatt skrivemåte med monoftong anten jamstilt eller som sideform. No er formene: draum drøyme, flaum fløyme, straum strøyme, gløyme, gøyme, køyre, høyre, røyst, trøyst, døy, (verk)tøy. Ein del vanlege ord har framleis valfridom mellom diftong og monoftong: laup/løp, naud/nød, dauv/døv, lauk/løk. Konsonantar Mange ord kan framleis skrivast valfritt med enkel eller dobbel konsonant. Det gjeld mange ord med m: kome/komme, ungdomen/ungdommen, medlemer/ medlemmer, døme/dømme, herredøme/herredømme. Berre dobbel m i desse bøyingsformene: tomme, rommet. Det skal vere valfritt enkel eller dobbel n i desse: ven/venn, bøn/bønn, løn/lønn, skjøne/skjønne. Berre dobbel n: (ut)danne. Nokre ord med k og t skal ha valfridom mellom enkel og dobbel konsonant: kjøken/kjøkken, lok/lokk, kjøt/kjøtt, utbyte/utbytte. Valfri j Verb og svake hokjønnsord med stamme som sluttar på g eller k, får valfri j etter g og k. Skrivemåten med j har lengst tradisjon og har oftast vore hovudform ved sida av ei nyare sideform utan j. No blir det full valfridom. Substantiv: ei rekkje/rekke, ei bryggje/brygge, ei slyngje/slynge Verb: å leggje/legge, liggje/ligge, ringje/ringe, tenkje/tenke, ønskje/ønske eller ynskje/ynske I tillegg til verba med stamme som endar på g og k, gjeld det verba setje/sette, sitje/sitte. Unntak: Nokre tradisjonelle former skal framleis ha obligatorisk j: fylgje, syrgje, lægje, tægje. Merk at skrivemåten med ø skal ha valfri j: følgje/følge, sørgje/sørge. 3 Substantiv Hokjønnsord Bøyinga blir forenkla for dei store gruppene av hokjønnsord ved at endingane som har vore sideformer, går ut. Sterke hokjønnsord skal ha bunden form eintal på -a: ei skål skåla skåler skålene (før: ei skål skåla [skåli] skåler skålene) 4 5

Svake hokjønnsord skal berre ha endingane -er og -ene i fleirtal. Ubunden form eintal på -a (ei sida) går òg ut. Sterke og svake hokjønnsord får no lik bøying: ei side sida sider sidene (før: ei side [sida] sida sider [sidor] sidene [sidone]) I gruppa av hokjønnsord som tradisjonelt har hatt fleirtal på -ar og -ane som hovudform og -er og -ene som sideform, blir dei to endingane valfrie: ei elv fleire elvar/elver elvane/elvene (før: elvar [elver] elvane [elvene]) Hankjønnsord For dei fleste hankjønnsord blir bøyinga uendra, med fleirtal -ar og -ane. I gruppa av hankjønnsord som tradisjonelt har hatt fleirtal på -er og -ene som hovudform og -ar og -ane som sideform, blir dei to endingane valfrie: ein gjest gjesten gjester/gjestar gjestene/gjestane (før: gjester [gjestar] gjestene [gjestane]) Hankjønnsord på -nad og -a får òg fritt val mellom a-fleirtal og e-fleirtal: ein søknad søknaden søknader/søknadar søknadene/søknadane (før: søknader [søknadar] søknadene [søknadane]) ein sofa sofaen sofaer/sofaar sofaene/sofaane (før: sofaer [sofaar] sofaene [sofaane]) Inkjekjønnsord Bøyinga blir forenkla for inkjekjønnsorda ved at bunden form fleirtal berre skal ha endinga -a, mens sideforma går ut: eit fjell fjellet fjell fjella (før: eit fjell fjellet fjell fjella [fjelli]) Dette gjeld òg tostavingsord som eple (før: epla/[epli]). Auge/auga, hjarte/hjarta og øyre/øyra skal som før ha to bøyingsmønster. I tillegg til det regelrette mønsteret, som for eple, kan dei bøyast slik: Andre endringar i substantiv Inkjekjønnsord på trykklett -er får regelrett bøying. Samandregne former går ut: eit teater teateret teater teatera (før: eit teater teateret/teatret teater teatera/teatra Mange importord frå gresk og latin får berre regelrett bøying: eit leksikon leksikonet leksikon leksikona (før: eit leksikon leksikonet leksikon/leksika leksikona/leksika(a)) eit tema temaet tema temaa (før: eit tema temaet tema temaa/tema) Mange ord med suffikset -skap som berre har vore hankjønnsord, får valfritt hankjønn eller inkjekjønn. Det gjeld ord som har eit substantiv som førsteledd, t.d. bodskap, meisterskap, medlemskap og forfattarskap: ein meisterskap meisterskapen meisterskapar meisterskapane eller: eit meisterskap meisterskapet meisterskap meisterskapa (før: ein meisterskap meisterskapen meisterskapar meisterskapane) 4 Verb Infinitiv Som før er det valfritt å bruke a-infinitiv eller e-infinitiv: å oppdage/oppdaga, å hoste/hosta Ein kan òg bruke kløyvd infinitiv, det vil seie systemet med e-infinitiv i dei fleste verb og a-infinitiv i ei rad verb. Denne infinitivstypen høyrer heime i dialektar i Trøndelag og på Austlandet, men i skrift må ein halde seg til den fordelinga av endingar som står i innstillinga til ny rettskriving og i rettskrivingsordlister. Sterke verb Sterke verb får enklare bøying ved at sideforma på -er i presens går ut og likeins supinum (forma etter har) på -i : eit auga auga augo augo 6 7

å lese les las har lese (før: å lese les [leser] las har lese/lesi) å sove søv sov har sove (før: sove søv [søver] sov har sove/sovi) Svake verb ending i preteritum Den store gruppa a-verb får uendra bøying: å hoste hostar hosta har hosta Mange fleire av e-verba og j-verba får no berre éi bøying fordi det er skore ned på valfridommen i preteritum. Endingane fordeler seg no slik: Preteritum på -te: E-verb med stammeutgang på f, l, s, k, p, t eller r (konsonantane i FLASKE- POSTAR) skal ha endinga -te i preteritum. Det same gjeld e-verb med stammeutgang på vokal + n: delte, viste, kjøpte, signaliserte, lærte, førte, meinte, synte, tente Preteritum på -de: E-verb med stammeutgang på vokal eller på d, g eller v (konsonantane i V-DAG) får endinga -de i preteritum: arbeidde, sende, bygde, ringde, trudde, greidde, levde Nokre slike kunne før òg ha -te som sideform eller hovudform ([sendte, ringte]). E-verb med diftongen øy i rota får -de, og dei fleste j-verb får òg -de: drøymde, løynde, høyrde og telje talde, smørje smurde Preteritum på valfritt -de eller -te: Verb med stammeutgang på -m(m) og -enn får valfritt -de eller -te: Ending i supinum: -t eller -d/-t Dei fleste svake verb utanom a-verba endar på -t i supinum, dvs. forma etter har: har kjøpt, har selt. Nokre grupper har valfri ending -d eller -t: Verb der stammen endar på vokal: nå nådd/nått, tru trudd/trutt, greie greidd/greitt Verb der stammen endar på -d, -g eller -v etter vokal: arbeide arbeidd/arbeidt, byggje/bygge bygd/bygt, leve levd/levt Verb med stammeutgang på -d og kort eller lang form i infinitiv: be/bede bedd/bedt st-forma av verb Refleksiv- og passivforma skal no berre ende på -st: å snakkast, å slåst (før: å snakkast [snakkas], å slåst [slåss]) Nokre enkeltverb I bøyinga av desse verba er det større eller mindre endringar. No er bøyingane slik: å få får fekk har fått å gå går gjekk har gått å slå slår slo har slått/slege å stå står stod har stått å eige eig åtte har ått eller eigde har eigd/eigt å dra/drage dreg drog har drege eller å dra drar drog har dradd/dratt å ta/take tek tok har teke eller å ta tar tok har tatt å la/late lèt lét har late eller å la lar lét har latt å leie leier leidde har leidd/leitt eller å leie leiar leia har leia skremde/skremte, brende/brente 8 9

5 Adjektiv I store trekk skal adjektiva bøyast som før, men det er nokre endringar for store grupper av ord. Adjektiv som endar på -leg, får denne endinga som eineform: ein vanleg dag (før: ein vanleg [vanlig] dag) Adjektiv med ending på -et/-ete/-ut skal no berre ha endinga -ete: ei rutete skjorte (før: ei rutet/rutete/rutut skjorte) Adjektiv som endar på trykklett -en, får denne bøyinga: ein open port ei open dør eit ope/opent hus opne dører (før: ein open port ei open [opi] dør eit ope/opi/[opent] hus opne dører) 6 Samsvarsbøying av perfektum partisipp Perfektum partisipp skal bøyast i kjønn og tal når det står som eit adjektiv framfor eit substantiv (i attributiv stilling). Døme med eit sterkt verb og tre svake: ein lesen roman ei lesen bok eit lese brev lesne dokument ein lånt sum ei lånt bok eit lånt beløp lånte bøker ein gløymd pakke ei gløymd sak eit gløymt brev gløymde saker ein nybygd villa ei nybygd bu eit nybygd/nybygt hus nybygde hus Når perfektum partisipp av sterke verb står etter verba vere, verte og bli (i predikativ stilling), skal dei bøyast i samsvar med subjektet: romanen/boka er lesen brevet er lese dokumenta er lesne Perfektum partisipp av svake verb kan bøyast i predikativ stilling, eller det kan stå ubøygd. Bøygd partisipp merk at fleirtalsforma er lik preteritum av verbet: han/ho/det er lånt dei er lånte han/ho er gløymd det er gløymt dei er gløymde han/ho er nybygd det er nybygd/nybygt dei er nybygde Dersom ein vil la partisippet stå ubøygd, skal det ha same form som supinum (forma etter har): han/ho/det/dei er lånt, gløymt, nybygd/nybygt 7 Andre endringar Formene hennar, deira, annan og nokon blir eineformer, sideformene [hennes], [deires], [annen] og [noen] går ut. Pronomenet han skal vere både subjektsform og objektsform, objektsforma honom går ut. I andre person fleirtal kan vi som eit alternativ til de dykk no bruke dokker som både subjekts- og objektsform. Døme på tradisjonell og ny form: Har de hugsa å ta med dykk sakene dykkar? Har dokker hugsa å ta med dokker sakene dokkar? I preposisjonar og adverb blir no former som innanfor og utanfor eineformer. Tidlegare former utan n, innafor og utafor, går ut av rettskrivinga. Endringar for nokre småord: no/nå, so/så, berre, mykje (før: no [nå], så [so], berre [bare], mykje/mye) Ny rettskriving nytt nynorskkurs På nettstaden til Språkrådet ligg eit nytt kurs i nynorsk for skuleelevar. I tillegg finst det to interaktive øvingsrom med oppgåver i nynorsk grammatikk og rettskriving: eitt for skuleelevar og eitt for offentleg tilsette. I den nye rettskrivinga er grammatikken lik for alle, men innhaldet av tema i øvingsromma er tilpassa dei to målgruppene. Også andre vil ha nytte av kurset og øvingane. 10 11