Høyring - kvalitets- og strukturreform i barnevernet



Like dokumenter
BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Kommunedelplan for oppvekst

HØRINGSSVAR - FORSLAG TIL ENDRINGER I BARNEVERNLOVEN. Fagforbundet viser til høyringsnotat om endringar i barnevernlova.

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Sel kommune Utskrift av møtebok

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Høringssvar fra Sandnes kommune - Kvalitets- og strukturreform i barnevernet

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Forsøk med ny ansvarsdeling mellom stat og kommune på barnevernområdet invitasjon til å søke om deltakelse

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Saksprotokoll. Utvalg: Formannskapet Møtedato: Sak: 214/12. Resultat: Behandlet Arkivsak: 12/43397 VEDTAK:

Kva kan vi læra av valdeltakinga ved lokalvalet i haust? Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Tone Viljugrein 5. november 2015

St.meld. nr. 21 ( )

Høyringsfråsegn - endringar i barnehagelova, barn med særlege behov

Informasjonsmøte om utredningsoppdrag

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Foreldreundersøking i skule 2006

Rutine for oppfølgingsmøte:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Forsøk med ny ansvarsdeling mellom stat og kommune på barnevernområdet invitasjon til å søke om deltakelse

Saksframlegg. Saksb: Mariann Dannevig Arkiv: F47 &00 16/ Dato:

Tilsyn med fosterhjem

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Du må tru det for å sjå det

Vågå kommune Fellestenester

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Dykkar ref. BRUK AV OFFENTLEG TILSKOT OG FORELDREBETALING I IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR, HØYRINGSUTTALE FRÅ

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Informasjonsskriv fra Sosial- og familieavdelingen

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

EID KOMMUNE Møtebok. Objekt: Postlov og postforskrift - høyringsuttale frå Eid kommune

HØYRINGSNOTAT VEDTEKTER ORGANISASJONSKART FRAMLEGG FRÅ:

Vurderingsrettleiing 2012

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

BEBY-sak 57-04: Forvaltningsrevisjonsprosjektet "Barnevern i barnehager". Delrapport I

SØKNAD OM STØTTE TIL ÅRLEG UNGDOMSRÅDSKONFERANSE I HALLINGDAL

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Saksbehandler: Hege B. E. Nordstrand Arkiv: F47 &13 Arkivsaksnr.: 16/ Dato: * INNSTILLING TIL: OPPVEKST- OG UTDANNINGSKOMITEEN/BYSTYRET

BARNEVERNET. Til beste for barnet

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 9. og 10. mars 2016 tilsyn med Voss kommune, barneverntenesta.

OSO barnevern Hva er det?

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Rapport frå tilsyn med Nav Austevoll kommune

HØYRINGSUTTALE: FORSLAG TIL REVIDERT FASTLEGEFORSKRIFT

Plan for forvaltningsrevisjon

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim.

Til deg som bur i fosterheim år

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Vurdering av allianse og alternativ

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Forsøk med ny ansvarsdeling mellom stat og kommune på barnevernområdet invitasjon til å søke om deltakelse

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Melding om vedtak - Framlegg om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

POLITISK PLATTFORM - SVELVIK KOMMUNE - DRAMMEN KOMMUNE

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Transkript:

BARNEOMBODET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 16/00522-2 Ane Gjerde 13. juni 2016 Høyring - kvalitets- og strukturreform i barnevernet Barneombodet viser til høyringsnotatet om kvalitets- og strukturreform i barnevernet, og vi takkar for moglegheita til å gi innspel. Konklusjon Barneombodet er opptatt av at organiseringa av tilbodet barna i barnevernet får skal vere likeverdig, forsvarleg og til det beste for barna. Vi støttar intensjonane med forslaget, men trur ikkje nødvendigvis at ei overføring av oppgåvene frå stat til kommune fører til ei ønska kvalitetsheving i barnevernet. Det er knytt for mange uavklarte spørsmål til fleire av forslaga til at vi meiner det er rett å gjennomføre ei slik reform som departementet skisserer no. Vi meiner at det er prematurt å foreslå ei reform før vi veit korleis kommunane blir strukturert i framtida, før barnevernlovutvalet har konkludert og før ein har henta inn og evaluert erfaringar frå forsøksprosjektet om å overføre oppgåver frå staten til kommunane. Gjennomgåande ber også mange av forslaga preg av at det er det samfunnsøkonomiske perspektivet som står sentralt, og at dette dessverre går ut over vurderinga av om forslaga er til det beste for barna. Innleiing Barneombodet er ikkje nødvendigvis opptatt av på kva måte statlege og kommunale barnevernsoppgåver blir organisert. Men vi vil understreke at organiseringa skal sikre eit godt og likeverdig barnevern uavhengig av kor barnet bur. Organiseringa skal være i tråd med formålet i barnevernlova om det beste for barnet og prinsippa Noreg er forplikta til etter barnekonvensjonen. Organiseringa og forslaga departementet skisserer, kan ha stor innverknad på om barn blir sikra eit likeverdig tilbod. Nokre av dei negative konsekvensane som forslaga kan føre til, kan få alvorlige følgjer og lågare livskvalitet for enkelte barn. Vi har derfor prioritert å kommentere kapitla der vi meiner departementet tar ein for høg risiko på vegne av barna, under kapittel 5 om hovudlinjer i ny ansvarsmodell, kapittel 6 om fosterheimstilbodet, kapittel 8 om akuttilbodet og kapittel 9 om hjelpetiltaka. Postadresse: Besøksadresse: E-post: Postboks 8889 Youngstorget Karl Johansgate 7 post@barneombodet.no 0028 OSLO 0154 OSLO www.barneombodet.no Tlf 22 99 39 50 Inngang frå Dronningens gate Org.nr.: 971 527 765

Utover dette har vi valt å kommentere kapittel 10 om utgreiing av sped- og småbarn, kapittel 12 om kvalitet og kompetanse og kapittel 14 om økonomiske og administrative konsekvensar. Kapittel 5 Hovudlinjer i ny ansvarsmodell Departementet foreslår å overføre mange oppgåver frå det statlege barnevernet til det kommunale barnevernet. Det overordna målet med forslaga i høyringsnotatet er eit betre barnevern der fleire barn får hjelp til rett tid. Forslaga skal gi sterkare intensiv til tidleg innsats, og tiltaka som er valde skal i større grad baserast på nærleik og brei kjennskap til situasjonen til barnet og familien. Endringane som departementet foreslår, fører til eit auka finansieringsansvar for kommunane. Dette har som mål å gi kommunane auka intensiv for tidleg innsats. Det skal gi betre føresetnader for å prioritere ressursar, utvikle eit lokalt tilpassa tenestetilbod og stimulere til samarbeid på tvers av tenestene. I høyringsnotatet framhevar også departementet at det ligg ein del føresetnader til grunn for forslaget. Nye oppgåver skal følgjes av økonomiske ressursar. Vidare skal dei faglege føresetnadane i kommunane styrkast gjennom kompetansebygging og betre støtte frå Bufdir gjennom faglege anbefalingar. Kommunane skal og få betre oversikt over tenestetilbodet og vidare moglegheiter til å treffe eigne val og gjere eigne prioriteringar. Barneombodet støttar behovet for eit betre barnevern, der fleire barn får hjelp til rett tid. Departementet har gode intensjonar, og legg frem viktige føresetnader for å få gjennomført desse. Vi er også heilt einige med departementet i at ein må legge opp til ein heilskapleg kvalitets- og kompetanseplan for barnevernet. Spørsmålet er likevel om det å overføre oppgåver frå stat til kommune i praksis vil føre til høgare kvalitet i barnevernet, og bidra til at fleire barn får rett hjelp til rett tid. Barnevernet i dag Slik situasjonen er i dag, er det store variasjonar mellom kommunale barneverntenester, og nokre stader er det store manglar og skjer ei rekkje lovbrot. Dersom ein skal ta utgangspunkt i korleis det står til i barneverntenestene i dag, meiner vi det er uforsvarleg å gi endå fleire oppgåver til det kommunale barnevernet. Det er mykje som må vere på plass dersom endringane skal fungere etter føremålet. Når det skjer nedbygging i det statlige barnevernet og det kommunale barnevernet får meir ansvar, er det særskilt viktig at barneverntenestene i kommunane har ressursar nok. Dette gjeld bemanninga, fagmiljøet og økonomien. Ein føresetnad for at tiltaka skal lukkast, er at kommunane er i stand til å ruste opp tiltaksapparatet og barneverntenesta tilstrekkeleg. Her vil det etter vår meining vere store forskjellar mellom kommunane. For å utdjupe nærare kva utfordringar kommunane kan møte, viser vi blant til anna høyringsnotata til Sarpsborg kommune, Lister barnevern (interkommunalt samarbeid) barneverntenestene i Stor Elvedal, Åmot, Trysil og Engerdal (SÅTE interkommunale samarbeid), Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Bufetat Vest. Manglande vurdering av om ei reform er til det beste for barna Barnekonvensjonen gir barn grunnleggjande rettar. Kva som er det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn, anten dei blir gjort av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative myndigheiter eller 2

lovgivande organ. Dette gjeld altså alt det offentlege gjer som har direkte eller indirekte verknad for barn. Ved sidan av å gi barnet ein sjølvstendig rett til å få sitt beste vurdert og vekta som eit grunnleggjande omsyn når ulike interesser blir vegne opp mot kvarandre, er det beste for barnet også å rekne som ei prosedyreregel, det vil seie ein sakshandsamingsregel. Det betyr mellom anna at når det skal fattast eit vedtak som vil få verknadar for barn, må avgjerdsprosessen inkludere ei vurdering av moglege konsekvensar for barnet. Det må synliggjerast at det beste for barnet har blitt tatt omsyn til, og kva kriterium dette er basert på. Der også andre omsyn gjer seg gjeldande, må det kome tydeleg fram korleis interessene til barnet har blitt vegne opp mot andre eventuelle omsyn. Når departementet føreslår lovendringar som vedkjem barn, pliktar dei difor å kartlegge behova til barnet, og då sjølvsagt også på gruppenivå. Vidare må det kome fram kva slags konsekvensar positive og negative - ei eventuell lovendring vil få for barn i kontakt med barnevernet. I saker der avgjerda har ein klar verknad for desse barna, slik tilfellet for forslaget departementet no skisserar er, må andre omsyn vere sterke for å gå føre omsynet til det beste for barna. Ein må difor grunngje godt kvifor dei andre omsyna går føre. Barneombodet saknar ei slik utgreiing frå departementet si side. Omsynet til det beste for barnet er grunnleggjande for arbeidet til barnevernet. Når målet er at det beste for barnet skal stå i sentrum, er det viktig at tenestene også er organisert på ein måte som i størst mogleg grad varetar dette omsynet. Omorganisering skal ikkje skje slik at det går ut over behovet barn har for faglege og forsvarlege barneverntenester. Vi kan ikkje sjå at det er tilstrekkeleg vurdert om reforma vil vere til det beste for barn, og vi saknar ei analyse av det beste for barnet på systemnivå med fokus på kva det gjer for barna i prosessen. I høyringsnotatet har departementet synleggjort dei positive og negative konsekvensane endringane som er foreslått kan få for barn og familiar. Det er bra at departementet synliggjer ulike konsekvensar av forslaga. Det er også ein del av ein analyse av det beste for barnet. Men analysen blir svært mangelfull når dei ulike konsekvensane blir lagt fram utan at ein landar ein konklusjon. Høyringsnotatet inneheld mange komplekse vurderingar og dilemma. Nokre av utfordringane og dilemmaa som departementet skildrar blir ståande uavklarte, og gjer det vanskelegare å støtte reforma. I og med at departementet legg fram ei rekkje negative konsekvensar dei foreslåtte endringane kan få for barn, er det spesielt viktig å greie ut skikkeleg kvifor ein likevel vel å gå for løysinga. Departementet har lagt vekt på å legge frem ein samfunnsøkonomisk analyse av forslaga. Det er bra at ein slik analyse er gjort. Dessverre har det etter vår oppfatning gått ut over ein analyse av om forslaga er til det beste for barn i kontakt med barnevernet. Manglande innhenting av kunnskap frå barn Ein viktig del av prosessen for å finne frem til det beste for barnet er å kommunisere med barn for å støtte meiningsfylt deltaking frå barn og identifisere deira beste. Slik kommunikasjon bør omfatte å informere barn om prosessen og moglege bærekraftige løysingar og tenester, samle inn informasjon frå barn og søkje deira synspunkt. Prosedyren for å vurdere og fastsette det beste for barn som gruppe er til ein viss grad forskjellig frå den som gjeld eitt enkelt barn. Når omsynet til eit stort tal barn står på spel, må myndigheitene finne måtar å høyre synspunkta til eit representativt utval av barn, og ta tilbørleg omsyn til deira meiningar ved planlegging av tiltak eller lovgivande avgjerder 3

som direkte eller indirekte vedkjem gruppa. 1 Barneombodet meiner departementet burde ha snakka med målgruppa for tiltaka, nemleg barna, og innhenta erfaringar og synspunkt frå dei. Prematurt forslag Barneombodet meiner i tillegg at forslaget er prematurt, med tanke på at det er fleire relevante prosessar i gang på barnevernsfeltet. Det er tre hovudårsaker til at vi meiner forslaget kjem for tidleg: 1. Usikkerheit om kommunestrukturen Forslaga departementet legg frem, inneber store endringar i oppgåve og ansvarsfordelinga mellom stat og kommune på barnevernsområdet. Forslaga har nær samanheng med den foreslåtte kommunereforma, der større kommunar skal få nye oppgåver. Dersom kommunane blir større, er det også meininga at tenestene, for eksempel barnevern, skal bli større og gi eit betre tilbod til barn. Barneombodet meiner at reforma som blir skissert er heilt avhengig ein viss storleik på barneverntenestene. Det er ein svakheit ved høyringa at den ikkje skisserer kva som bør være minste storleik for eit barnevernskontor, for at det skal vere forsvarleg og mogleg å ta på seg fleire arbeidsoppgåver og større økonomisk ansvar. Vi meiner at det er for tidleg å fastslå korleis oppgåvene i barnevernet bør fordelast mellom stat og kommune, før vi faktisk veit korleis kommunane i Noreg kjem til å sjå ut i 2020. Sjølv om fleire kommunar slår seg saman, er det ikkje gitt at kommunane får barnevernstenester med tilstrekkeleg kvalitet, ressursar og kompetanse til å imøtekomme nye oppgåver. Ein kunne derfor også lagt det opp slik at nokre av de aller største kontora og/eller barnevern med interkommunalt samarbeid fekk høve til å søkje om overta oppgåver som i dag ligg hos Bufetat. Ein føresetnad for å lukkast med overføringa av oppgåvene, er jo naturlegvis også at kommunane sjølv meiner dei kan gi eit betre tilbod. Uavhengig av kommunestorleik er vi også skeptiske til fleire av forslaga, blant anna forslaget om at kommunane sjølv skal rekruttere fosterheimar, og at kommunane skal fullfinansiere akuttilbodet etter ein viss periode. 2. Barnevernlovutvalet har ikkje konkludert Det er nedsett eit barnevernslovutval som skal gi innstillinga si i august 2016. Utvalet skal også vurdere reguleringa av ansvarsområda til barnevernet, ansvaret for det førebyggande arbeidet og om dagens tiltak er formålstenleg inndelt og formulert i lova. Med mindre departementet er godt kjent med konklusjonane som barnevernlovutvalet kjem med, er det underleg å komme med forslag som handlar om tema som inngår i mandatet til barnevernslovutvalet. 3. Forsøksprosjektet om å overføre statlege barnevernsoppgåver til kommunane er så vidt i gang Det er sett i gang eit forsøksprosjekt der tre kommunar skal ha ny ansvarsdeling mellom stat og kommune. Forsøket trådde i kraft i april 2016. Kunnskap frå forsøket skal bidra til gode endringsprosessar i ein framtidig strukturreform i barnevernet. Vi meiner departementet burde ha innhenta kunnskap frå evalueringene i prosjektet. 1 Generell kommentar nr.14 (2003) om barnets rett til at hans eller hennes beste skal være et grunnleggende hensyn (art. 3, para. 1) 4

Gir den statlege eller den kommunale barneverntenesta mest mogleg likeverdige tenester? I høyringsnotatet legg departementet fram korleis dei andre nordiske landa har organisert barnevernet. Danmark, Sverige og Finland bevegar seg i retning av ei meir sentralisert styring, etter at dei har gjort seg erfaringar med korleis kvaliteten i barnevernet har utvikla seg med kommunalt organiserte tenester. Sjølv gjekk Noreg mot eit meir sentralisert barnevern då barnevernsreforma 2004 blei sett i verk. Formålet ved denne reforma var å overføre fylkeskommunale oppgåver til sentralt hald for å gi meir likeverdige barneverntenester. Departementet gir ikkje ei nødvendig vurdering av kva som er årsaka til at det no igjen skal innførast ei reform der vi går i motsett retning av dei andre nordiske landa og reforma i 2004. Det blir ståande uavklart om det å gå i motsett retning vil føre til ei reell forbetring av barneverntenester for barn, og eit meir likeverdig tilbod. Avsluttande merknader Alt i alt meiner Barneombodet det er knytt for mange uavklarte spørsmål til reforma og fleire av forslaga. Vi meiner det ikkje er forsvarleg å gjennomføre ei slik reform som departementet skisserer no. Det er i tillegg så å seie umogleg for Barneombodet å ta stilling til ei så omfattande reform, der det beste for barnet faktisk ikkje har blitt gjort grundig greie for. Departementet legg opp til ein kvalitets- og kompetansehevingsplan fram mot 2020. Det bekymrar oss likevel at departementet ikkje tar høgde for at det er mogleg at nødvendige endringar ikkje skjer innan den tid. Utan eit kraftig løft av kompetanse og kvalitet i tenestene, meiner vi det er naivt å tru at skilnadene mellom barneverntenestene ikkje vil auke. Slik som reforma er lagt opp, er vi svært uroa for at omsynet til det beste for barna ikkje er tilstrekkeleg varetatt. Vi fryktar at økonomi vil kunne styre val av tiltak, snarare enn fokus på kvalitet og det å ha barnet i sentrum. Kapittel 6 Fosterheimar Departementet foreslår at ein større del av ansvaret på fosterheimsområdet bør overførast til kommunane, blant anna ansvaret for rekruttering av fosterheimar og finansiering av fosterheimtenestene. Barn som bor i fosterheim har krav på vern og omsorg. Det stiller høge krav til barnevernet og fosterheimane. Gjentekne svikt, lovbrot og store forskjellar mellom kommunane1 viser at mange av dei ikkje har kapasitet til å utføre oppgåvene, slik at barna får varetatt rettane sine. Barneombodet stiller seg tvilande til om situasjonen for fosterbarna blir betre ved å leggje fleire oppgåver til kommunane. Rekruttering Barneombodet er skeptisk til at kommunane skal overta ansvaret for å rekruttere fosterheimar. Departementet skriv sjølv at det kan være ein risiko for at ikkje alle kommunar klarer å rekruttere fosterheimar når barna trenger det. Vi ser ingen grunn til at kommunane ikkje skal merke dei same utfordringane som det statlege barnevernet har hatt. Det er ikkje gitt at dette vil bli betre ved å overføre ansvaret til kommunane. Også her er vi redd det vil bli store forskjellar mellom kommunane. I fosterheimsmeldinga som regjeringa lagde fram i vår, blei det lagt vekt på rekruttering av fosterheimar til barn med minoritetsbakgrunn, barn med omfattande hjelpebehov og fleire heimar til søsken. Det er vi glade for, men vi vil understreke at denne oppgåva kan bli vanskelegere å få til i praksis dersom kommunane får ansvar for rekrutteringa. 5

Dagens system er lagt opp til at både omsorgskommunen, fosterheimskommunen og det statlege barnevernet kan være involvert i å rekruttere, velje og godkjenne fosterheimar. I fosterheimsmeldinga som regjeringa la fram i vår, blei det foreslått at alle oppgåver no skal liggje til omsorgskommunen. Vi anerkjenner at det kan skape ekstra utfordringar når mange instansar er involvert. På den andre sida er vi svært skeptiske til og meiner det er sårbart at ein kommune skal ha ansvar for alle ledd i ein prosess. Ikkje berre er det same kommune som skal rekruttere, velje og godkjenne fosterheimane. Det vil ofte også være same kommune som skal føre tilsyn med fosterheimane. I dette ligg ingen ekstern kvalitetskontroll, og heller ikkje ein nøytral instans for tilsyn. Oppfølging av fosterbarn og fosterforeldre Departementet foreslår at kommunen sitt ansvar for oppfølging av fosterforeldre og barn skal tydeleggjerast i barnevernlova. Barneombodet støttar dette forslaget. Det er positivt at regjeringa påpeikar at fosterforeldre må følgjast godt opp og få rettleiing, og at ein anerkjenner kor viktig det er å involvere barn. Fosterheimane står ofte overfor store utfordringar. Vi meiner at ei tettare oppfølging og betre rettleiing kunne ha redusert talet på unødvendige flyttingar for barna i fosterheimane. For ytterlegare å styrke oppfølginga av fosterbarna, meiner vi at fylkesmannen bør få myndigheit til å bøteleggje kommunar som ikkje utfører den lovpålagte oppfølginga av fosterbarna og fosterforeldra deira. Unngå unødvendig flytting av barn Departementet skriv at endringane på fosterheimsfeltet skal gjennomførast på måtar som er føreseielege for tilsette, og for barn og familiar som mottar hjelp frå barnevernet. Departementet vil vurdere virkemidlar som motverkar at barn må flytte frå velfungerande fosterheimar ved overføring av ansvar frå stat til kommune, fordi tilbodet blir for dyrt for kommunane (side 31). Det å berre vurdere slike verkemidlar er langt frå tilstrekkeleg for å sikre barn ein stabil oppvekst. Gjentekne flyttingar for barn i barnevernet og den ustabile livssituasjonen det fører med seg skapar uro og stress, og fører dessverre ofte til ei forverring av vanskane barna har. Dette kan i seg sjølv vere omsorgssvikt. Barneombodet meiner departementet må syte for at virkemiddel som hindrar at barn må flytte frå fosterheimane sine er på plass før ei eventuell endring på fosterheimsfeltet. Kapittel 8 Akuttilbodet Departementet foreslår å gi staten plikt til å hjelpe kommunane ved akuttplasseringar på institusjonar eller i fosterheimar. Kommunen skal alltid vurdere moglegheita for å akuttplassere barn i familien eller nettverket til barnet. Barneombodet støttar at kommunen alltid skal vurdere moglegheita for akuttplassering i familien eller nettverket til barna. Det er likevel viktig at lova blir utarbeidd på ein slik måte at det ikkje er tvil om at det uansett alltid skal være kva som er det beste for barnet som er det førande prinsippet. Dersom det ikkje er til det beste for barnet å plasserast hos slekt eller nettverk, må prinsippet om familieplassering vike. Unødvendige flyttingar som følgje av større økonomiske kostnader for kommunane Departementet foreslår at det statlege (Bufetat) og det kommunale barnevernet skal dele finansieringsansvaret for akuttiltak (akuttinstitusjonar og beredskapsheimar). Dette er 6

kostbare tiltak. For å gi kommunane insentiv til å finne varige omsorgsløysingar, foreslår departementet at finansieringsansvaret til staten avsluttar etter ei viss tid. Dette vil etter departementet sitt syn vere i interessa til barnet, fordi auken i betalingsansvar for kommunane vil føre til at dei finn ei varig omsorgsløysing raskare. Departementet skriv at det er ein risiko knytt til dette at det kan føre til at talet på flyttingar for barn aukar, dersom kommunane føler seg pressa til raskt å finne ein ny heim for barnet. Departementet meiner denne risikoen må vegast opp mot ulempene ved at barn blir buande for lenge i midlertidige tiltak. Barneombodet er ikkje einig i vurderingane departementet gjer her. Ein kan komme i ein situasjon der ein kan risikere at kommunane gjer raske fosterheimsgodkjenningar der det beste for barnet blir sett til side. For eit barn kan det vere betre å bu lenge i ein trygg og midlertidig heim, enn at ein finn ei halvveis løysing som barnet uansett ikkje kan bli buande i, eller som i verste fall påfører barnet ytterlegare belastningar. Det er heller ingen tvil om at unødvendige og gjentekne flyttingar kan føre til ei forverring av vanskar barnet hadde i utgangspunktet. Dette er også ei klar og tydeleg tilbakemelding frå barn vi har treft i barnevernet. Departementet skriv også at det å auke betalingsansvaret for barnevernstiltak, blant anna auke eigenandelane for akuttiltak, vil gi kommunane eit auka intensiv til å førebygge og gå inn med tidleg innsats. «Dette vil på lang sikt kunne ha positive konsekvenser for barn og unge. Det er imidlertid en risiko knyttet til å øke egenandelene, fordi det kan gi kommuner insentiver til å forsøke å finne andre løsninger, selv om barnet har behov for akuttiltak. Dette vil gi samfunnsøkonomiske kostnader, herunder redusert livskvalitet for barnet.» Det at departementet likevel tør å ta sjansen på auke eigenandelen for kommunane, er alvorleg. Her veg departementet ulike konsekvensar opp mot kvarandre. Men forslaget kan gi såpass store negative konsekvensar for barn, at det krev at ein grundigare analyserer og greier ut det beste for barnet og kvifor ein vel ei løysing som kan føre til redusert livskvalitet for barn. Kapittel 9 Hjelpetiltak i heimen I dag tilbyr det statlege barnevernet spesialiserte hjelpetiltak i heimen (eksempelvis MST, PMTO). Departementet foreslår fullt kommunalt ansvar for hjelpetiltak i heimen. Departementet grunngjev dette blant anna med at tilbodet i dag er uføreseieleg, og at det er ujamn geografisk tilgang. Vidare ønskjer departementet at det skal være betre samsvar mellom tilbod og behov. Departementet viser til at hjelpetiltaka som staten tilbyr er standardiserte tiltak som rettar seg mot ei lita målgruppe og som ikkje alltid passar like godt til å bøte på dei samansette utfordringane til barn. På den andre sida viser departementet til forsking som viser at resultata av dei spesialiserte hjelpetiltaka MST og PMTO er positive for dei barna og familiane som mottar tilbodet. Departementet framhevar at det kan være positivt for barn og familiar at fleire hjelpetiltak blir tilbydd i kommunane. Eit meir heilskapleg kommunalt ansvar skal gi betre samanheng mellom tenester og eit meir tilpassa tenestetilbod til barn i barnevernet. Igjen har departementet gode intensjonar. Vi er likevel uroa for om dette er mogleg å få til i praksis. Som departementet sjølv skriv, kan ein ved å avvikle det statlige tilbodet risikere at bruken av spesialiserte hjelpetiltak blir redusert. For mange kommunar vil det vere lite hensiktsmessig å byggje opp kostbare og omfattande hjelpetiltak til ei lita gruppe barn. Barn som har nytte av dei tiltaka som blir tilbydd i dag, vil derfor kunne få mindre verksam hjelp. Det vil også kunne bli større ulikheit mellom kommunane når det gjeld kva hjelpetiltak som 7

blir tilbydd og kvaliteten i desse. Ein er avhengig av i kor stor grad kommunane klarar å styrke kompetanse i sitt eige hjelpetiltaksarbeid. Barneombodet er i tillegg uroa for at ein skjer ned på det statlige tilbodet samtidig som ein ikkje sikrar seg at det er eit tilsvarande godt tilbod i kommunane. Det er uforsvarleg å leggje ned statlege tilbod før det kommunale tiltaksapparatet er bygt tilstrekkelig opp. Som departementet skriv, kan det også føre til ein auke i bruk av private tiltak. Det kan gjere det meir krevjande for kommunane å bygge opp eigen kompetanse og det kan bli vanskelegare for fagdirektoratet å få oversikt over kva tiltak som blir tilbydd og kva som verkar. I høyringsnotatet generelt legg departementet vekt på at det statlege barnevernet framleis skal ha ansvar for oppgåver som stiller høge krav til kompetanse og som har låg frekvens (få tilfelle). Det er uklart kva kriterium departementet baserer seg på når dei då likevel foreslår å overføre dei statlege spesialiserte hjelpetiltaka til kommunane. Etter vår oppfatning stiller slike tiltak høge krav til kompetanse og har låg frekvens. Barneombodet meiner det er knytt for mange risikomoment ved det å utfase dei statlege spesialiserte tiltaka, til at vi kan støtte dette. Vi etterlyser ein grundig beste for barnet-analyse av forslaget. Kapittel 10 Utgreiing av sped- og småbarn Departementet foreslår å gi Bufetat ei utgreiingsplikt for barn i alderen 0-6 år. Barneombodet støtter forslaget, fordi vi meiner det kan bidra til tidleg innsats og større treffsikre tiltak for barna. Det er svært viktig at omsorgssvikt blir avdekt tidleg. Departementet foreslår at Bufetat skal grunngje verksetjinga av utgreiinga. Vi meiner i tillegg at eit eventuelt avslag om utgreiing på sentra også må grunngjevast skriftleg. Departementet foreslår at det kommunale barnevernet må fullfinansiere opphaldet på senter for barn og foreldre når det skal nyttast som foreldrestøttande hjelpetiltak. Departementet skriv sjølv at dette kan føre til at kommunane vil bruke dette i mindre grad. Igjen meiner vi at dette er eit forslag der det beste for barnet ikkje står i sentrum. Opphald i senter for barn og foreldre er eit viktig tiltak for å støtte og hjelpe familiar for å klare omsorgsoppgåvene og førebygge mot omsorgsovertakingar. Kapittel 12 Kvalitets- og kompetanseutvikling Som følgje av det auka kommunale ansvaret framhevar departementet at det er behov for kvalitets og kompetanseutvikling i barnevernet. Departementet gjer greie for element i ein heilskapleg kvalitets- og kompetanseplan, der det å styrke undersøkingsarbeid, hjelpetiltak og fosterheimsarbeid i barnevernet står sentralt. Barneombodet er glad for å sjå at departementet legg planar for korleis kommunane skal rustast opp for å møtekomme nye oppgåver. De statlege hjelpetiltaka skal gradvis fasast ut, med ei parallell kvalitets- og kompetanseutvikling. Det er bra at denne prosessen skjer gradvis. Vi saknar likevel ein plan om kva ein skal gjere dersom ein ikkje får den ønska effekten av kompetanseplanen, og også korleis ein skal løyse kommunale forskjellar. 8

Kapittel 14 Økonomiske og administrative konsekvensar Utgangspunktet er at endringane først skal skje i 2020. Kommunane skal kompenserast over kommuneramma for anslegne meirutgifter som følgje av nye oppgåver på barnevernsområdet. Det endelege forslaget til kompensasjon vil bli vurdert nærare og fremja i den ordinære budsjettprosessen. Når midlar blir kompensert over kommuneramma, er det ein fare for at dei økonomiske midla blir brukt til andre formål enn dei er meint til. Dersom reforma i barnevernet blir vedtatt, meiner Barneombodet det er ein føresetnad at det blir øyremerkt midlar til dei auka oppgåvene for kommunane. Venleg helsing Anne Lindboe barneombod Ane Gjerde seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur. 9