STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 08.02.2016 SAKSHANDSAMAR: Alf Henrik Andreassen og Anita Lyssand SAKA GJELD: Endringar for legar i spesialisering i sjukehus STYRESAK: 20/16 O STYREMØTE: 24.02.2016 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret tek saka til orientering 2. Styret ber om ny rapport før endeleg start av ordninga i mars 2017
Oppsummering Utdanning er ei av Helse Bergen sine fire hovudoppgåver. Det er starta ein nasjonal revisjonsprosess av utdanninga for legar i spesialisering (LIS). Det overordna målet er å sikre framtidige behov for legespesialistkompetanse. Revisjonen inneber endringar i rolle- og ansvarsfordelinga mellom Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Helsedirektoratet (Hdir), dei regionale helseføretaka (RHF), helseføretaka (HF) og legeforeininga (DNLF). I tillegg er relevante forskrifter og innhaldet i spesialistutdanninga under revisjon. Rettleiing og supervisjon av legar i spesialisering skal særskilt styrkast. Parallelt med endringane knytt til struktur og innhald er det forhandla fram tariffavtalar mellom DNLF og Spekter om overgang til fast tilsetting av legar i spesialisering med verknad frå 01.07.15. Helse Bergen har som regionsjukehus fått i oppdrag å etablere eit regionalt utdanningssenter som mellom anna skal sikre innhald og kvalitetssikring av eit heilskapleg utdanningsløp for legar i spesialisering. Helse Bergen har lange og gode tradisjonar med utdanning av legar. Føretaket har gjennom langsiktig arbeid, og som følgje av føringane i eigen kompetansestrategi sett i verk mange tiltak for å møte desse endringane for legar i spesialisering. Dette arbeidet vil halde fram til start av ny ordning i mars 2017. Fakta Spesialisthelsetenesta er i stadig utvikling og kompetansebehovet vert endra i takt med til dømes medisinsk fagleg- og teknologisk utvikling, demografiske endringar og endringar i pasientrolla 1. Helsedirektoratet starta derfor i 2011, på oppdrag frå HOD, ein gjennomgang av spesialistutdanning for legar og ei vurdering av behovet for endringar i struktur og innhald i spesialistutdanninga. Målet var å sikre framtidig behov for spesialistkompetanse 2. Noverande utdanning av legespesialistar skil seg frå dei tradisjonelle utdanningane i universitets- og høgskulesektoren ved at det meste av opplæringa går føre seg i det kliniske daglege arbeidet, som ein integrert del av pasientbehandlinga. Krav til struktur (tenestestad og tenestetid) og innhald (inkluderte obligatoriske kurs) i dei ulike spesialistløpa har vore tydeleg frå nasjonalt hald (Hdir og Dnlf). Spesialistutdanninga i framtida vil framleis vere bygt opp rundt opplæring i det daglege arbeidet i ein klinisk kvardag, men med nye krav til innhald, ansvar og oppgåvefordeling. 1 Jfr. Helsedirektoratets rapport «Behovet for spesialisert kompetanse i spesialisthelsetjenesten. En status-, trend- og behovsanalyse fram mot 2030» (IS-1966) 2. Jfr. Helsedirektoratets rapport «En gjennomgang av legers spesialitetsstruktur og -innhold» (IS-2079-3) 2
Første utgåve av utgreiinga for ny spesialiststruktur låg føre i juni 2013. Hausten 2013 kom eit oppfølgingsoppdrag med konsekvensutgreiing av dei føreslegne tiltaka, og også utgreiing av ein ny spesialitet innretta på behova i akuttmottaka. Endeleg forslag frå Helsedirektoratet kom hausten 2014. Ei gruppe med representantar frå alle RHFa har arbeidd vidare med denne rapporten og ein justert rapport med plan for implementering frå 2016 vart nyleg presentert. Endringane skal først gjelde for LIS1 (dagens turnuslegar) med planlagt start mars 2017. Hovudmålsettinga med den nye spesialitetsstrukturen er å oppnå høgare kvalitet i helsetenesta ved å leggje til rette for gode og effektive utdanningsløp og å sørgje for at føretaket har dei rette spesialitetane med ein kompetanse som er i tråd med pasienten og samfunnet sine behov. Det har vore eit mål å sørgje for ein spesialitetsstruktur som motverkar tendensen til ei stadig sterkare spissing som fortrengjer breiddekompetanse, og det er eit spesielt ønske om å ta hand om behova til akuttmottaka, mellom anna gjennom ein ny spesialitet i mottaksmedisin. I hovudtrekk omfattar endringane i spesialistutdanninga: 1. Eit tredelt utdanningsløp: o LIS 1 er felles for alle (og relativt lik noverande turnusordning), o LIS 2 er felles for grupper av fag (sjå pkt. 2 under) o LIS 3 er unik for kvar spesialitet. 2. Det vert innført felles kompetanseplattformer for grupper av fag, i praksis vil det gjelde for indremedisinske og kirurgiske fag. 3. Felles kompetansemodular på område som etikk, kommunikasjon, brukarmedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit. Desse skal strekke seg over heile utdanningsløpet. 4. Innføring av moderne pedagogikk skal ha større vekt på krav til læringsutbytte, e- læring og simulatortrening i staden for krav til tenestetid og prosedyrar. 5. Rettleiing av LIS skal styrkjast, mellom anna ved at det vert krav om utdanning for alle som skal rettleie LIS. 6. Etablering av heilskapelege utdanningsløp, dvs. at helseføretaka vil vere ansvarlege for at alle LIS har ein utdanningsplan som sikrar at krava til teneste vert innfridde fram til ferdig spesialist. Dette har tidlegare vore den einskilde LIS sitt ansvar. 7. Klinisk forsking kan inngå i utdanningsløpa. 8. Utdanningslengda skal vere i tråd med EØS-regelverket og minimum 6 6,5 år. Parallelt med dei nemnde endringane er det forhandla fram tariffavtalar mellom DNLF og Spekter om fast tilsetting av legar i spesialisering (gjeld LIS 2-3 i høve til ny inndeling) med verknad frå 01.07.15. Overgangen til fast tilsetting vil skje gradvis etterkvart som utdanningsstillingane vert ledige. Det er etablert eit tett samarbeid mellom klinikkar/avdelingar i føretaket og mellom føretaka i regionen for å sikre gode og effektive utdanningsløp for legane som del av denne endringa. 3
Som ei oppfølging av dei beskrivne endringane, er det etablert eit nasjonalt prosjekt for å sikre ei nasjonal, samordna spesialistutdanning. Her inngår avklaringar knytt til: Finansiering og avtalefesting av ny ordning IKT- og kommunikasjonsstøtte for LIS-utdanningsprosessane Utarbeiding av heilskapelege utdanningsløp, inkludert bruk av simulering og e-læring System for utdanningsløp regionalt og tverregionalt inkl. overgangsordningar. Helse Bergen er sentral i dei nasjonale prosjekta og det er etablert ei lokal prosjektgruppe for å sikre lokal implementering, og føretaket har også etablert ei regional gruppe. For å ta hand om læringsaktivitetar og andre oppgåver i ny ordning for spesialistutdanninga for legar skal det opprettast regionale utdanningssenter i kvart av dei fire regionale helseføretaka. Helse Bergen vil i styringsdokumentet verte tildelt denne funksjon i Helse Vest. Det er starta ein prosess for å etablere senteret. Kommentarar og konklusjon Utdanning av helsepersonell er ei av føretaket sine fire hovudoppgåver og føretaket har lange og gode tradisjonar knytt til utdanning av legar i spesialisering. Fram til i dag har utdanningsoppgåvene i stor grad vore løyst på avdelings- og klinikknivå og gjennom nært samarbeid mellom spesialistar på dei ulike føretaka, for kvar spesialitet og i tett samarbeid med Legeforeininga. Den kompetansen legane og avdelingane har i kraft av dette må takast vare på i vidare omlegging. Hensiktsmessig innretning av Regionalt utdanningssenter må mellom anna sikre dette. Helse Bergen har gode føresetnader for å imøtekome endringane. Føretaket har ein framtidsretta kompetansestrategi som tar høgd for endringane og fleire tiltak er allereie implementert. Gjennom gode fagmiljø, etablerte utdanningsutval, eit nyutvikla ferdigheitssenter, gode e-læringsressursar, god infrastruktur og allereie etablerte rammeavtalar mellom føretaka i regionen, er mykje på plass for å understøtte dei komande endringane. Fram til utdanningssenteret er endelig tildelt og etablert, vil dei vidare førebuingane til ny LIS-struktur prosjektorganiserast. Vedlegg: 1. Ordforklaringar i ny LIS ordning 2. Brev frå HOD datert 17.12.15: Orientering, ansvar og oppgåver i ny ordning 4
Vedlegg 1 Ordforklaring En medisinsk spesialitet er en formelt godkjent, avgrenset del av det medisinske fagområde. Avgrensningen følger organer/organsystemer, sykdomsgrupper, pasientaldersgrupper og spesielle undersøkelses- og/eller behandlingsmetoder. Avgrensningen er foretatt for å sikre adekvat forebyggelse, undersøkelse og behandling av gitte sykdomsgrupper. REF: Legeforenings Stillingsstrukturutvalg En hovedspesialitet betegner en medisinsk spesialitet hvor utdanningen i hovedsak foregår innen spesialiteten og således i det alt vesentlige uavhengig av utdanning i andre spesialiteter. En grenspesialitet betegner en ytterligere avgrensning av en del av en hovedspesialitet, hvor utdanningen bygger på utdanning i hovedspesialiteten og utdyper et område av den. En subspesialitet betegner en ikke godkjent undergruppering av en spesialitet uten formelle utdanningskrav og uten formell kompetanse. En spesialist er en lege som har dokumentert at hun/han oppfyller de definerte kravene innen en spesialitet, og som på det grunnlag er godkjent som spesialist. Med spesialitetsstruktur menes inndelingen i spesialiteter, dvs antall hoved- og grenspesialiteter, fordelingen mellom dem, samt grensene mellom dem. Kompetanse er de samlede kunnskaper, ferdigheter og holdninger som gjør det mulig å utføre aktuelle funksjoner og oppgaver i tråd med definerte krav og mål. Vaktkompetanse definerer den kompetanse en lege må ha for å kunne diagnostisere og gi nødvendig (tidskritisk) behandling til pasienter i akuttmottak. Spesialistvakt defineres som de vaktlag av spesialister det enkelte sykehus etablerer for å kunne gi tidskritisk behandling til de pasienter som overføres fra akuttmottak. Med felles kompetanseplattform for leger mener vi kunnskap, ferdigheter og holdninger som alle leger må ha for å praktisere som spesialist. Med faglig kompetanseplattform mener vi kunnskap, ferdigheter og holdninger som er felles for en gruppe spesialiteter, f.eks. kirurgiske fag eller indremedisinske fag. Kompetansemodul vil i denne sammenheng bety et tematisk avgrenset område som inngår i en kompetanseplattform eller et kompetanseområde. Kilde: Fremtidens legespesialister, HDir, nov 2014 5