SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret 01.10.2009



Like dokumenter
TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Foreldreundersøking i skule 2006

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

ET INKLUDERENDE LÆRINGSMILJØ SOM FORUTSETNING FOR LÆRING FOR ALLE ELEVER

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Pedagogisk plattform

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Plan for vurdering Skulane i Bø kommune

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Kviteseid kommune. Møteinnkalling


Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kirsti Øye Driveklepp Arkivsak: 2015/905 Løpenr.: 7169/2015

Kommunedelplan for oppvekst

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Risør kommunestyre. 26. mars v/utdanningsdirektør Karen Junker Fylkesmannen i Aust-Agder

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

Årsplan for Norsk

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Informasjon til foreldre om regelverket i grunnskolen (nynorsk)

HANDLINGSPLAN Side 1

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Skolebilde for Bjørklund skole skoleåret

Vurderingsrettleiing 2012

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Vurdering og klagebehandling standpunktkarakterer i grunnskolen. Arnulf Ingerøyen og Svein Arild Jakobsen

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Elevvurdering i skolen. Utdanningsforbundets politikk.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

RETNINGSLINJER FOR LOKALT GITT EKSAMEN I OPPLAND FYLKEKOMMUNE. ELEVER

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Tiltaksplan mot mobbing

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Øystese barneskule April - 08

4. samling for ressurspersoner pulje og 27. november Ida Large, Reidunn Aarre Matthiessen og Trude Saltvedt

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 08/2001 A20 Jan Samuelsen

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KUNNSKAPSLØFTET: PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING FOR PEDAGOGISK PERSONALE I GRUNNSKOLENE

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Internkontrollsystem for grunnskulen i Meland kommune

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

SKJEMA FOR UNDERVISNINGSPLANLEGGING: Tema: Matematikk 7. trinn.

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Strategi for oppvekst- og læringsmiljø - SOL i Samnanger kommune mai Strategi for oppvekst- og læringsmiljø SOL. i Samnanger kommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Virksomhetsplan Fåvang skole

Den norske grunnskolen. Roy Wiken

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Internkontrollsystem for grunnskulen i Meland kommune

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Årsplan i kroppsøving for 8.årssteg.

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2012/ Knut Olav Dypvik

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

TILSYNSRAPPORT. Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Årdal kommune Statsråd Evensensveg Årdalstangen

AVDELING 27 Gol skule og SFO. ANSVAR: 3111, : Gol skule 3121: SFO (ikkje i bruk)

KVALITETSUTVIKLING I GRUNNSKULEN HANDLINGSPLAN Glassmaleri laga av elevar i 5.klassepå Skodvin skule i 2011/12

VESTNES KOMMUNE Ikkje offentleg Off.lova 13 J.fr. Forvaltningslova 13, nr. 1

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato AVLASTING TIL FAMILIAR I VOLDA KOMMUNE SOM HAR BARN UNDER 18 ÅR MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Transkript:

VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Vibeke Vigestad Berge Arkivsak nr.: 2009/1432 Arkivkode: A20 Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret 01.10.2009 KVALITET I SKULEN I VOLDA Administrasjonen si tilråding: 1. Volda kommunestyre tek saka om kvalitet i skulen til vitande. 2. Plan for årleg rapportering til politisk nivå for skulane vert: 2009/2010: IKT utstyr, bruk og kompetanse 2010/2011: Læringsmiljø 2011/2012: Læringsutbytte 3. Volda kommunestyre skal i samband med budsjett og økonomiplan syte for at skulane har rammer som sikrar god drift av skulane. 4. Ramma til skuleavdelinga for å dekke behovet til innkjøp av inventar og utstyr og læremiddel må justerast på budsjettet for 2010. Vedleggsliste: Pedagogiske årsmeldingar frå skulane. Samandrag av saka: Volda kommunestyre fatta samrøystes vedtak i møte 27.11.08 sak 2008/1782 at administrasjonen årleg skal utarbeide ei sak om Kvalitet i skulen med tilhøyrande handlingsplan. Skulesjefen ser svært positivt på eit ønskje frå politisk hald om årlege temamøte der skule står sentralt. Skule er eit stort og særs viktig område for ein kommune, det er difor viktig at politikarane set seg godt inn i området. Spesielt i ei tid der skule vert debattert, og det vert stundom fremja forslag og tiltak som ikkje er tufta på kunnskap om skulen. Det børe vere ein plan der ein årleg: set fokus på viktige område kombinerer presentasjon av fakta med vurdering og refleksjon lagar ein plan for oppfølging 1 eller 2 område kvart år krav til ressursar

Volda har hatt tilsyn på korleis ein følgjer opp skulane og fekk ingen avvik og ingen merknad, men positiv omtale. Volda har desse rutinane for vurdering og resultatoppfølging av skulane: skuleleiarmøte kvar månad skulebesøk medarbeidarsamtale med rektor pedagogisk årsmelding som følgjer skuleåret Saksopplysningar: Kvalitet i skulen kva er det? Samfunnet har gitt grunnopplæringa eit omfattande mandat som vert konkretisert i formålsparagrafen, opplæringslova og forskrifter, under det læreplanen sin generelle del, prinsippa for opplæringa og læreplanane i fag. Kvaliteten i grunnopplæringa er kjenneteikna i kva for grad dei ulike måla i samfunnsmandatet faktisk vert gjort verkelege. Ikkje alle måla i skulen er like målbare, men indikatorar kan seie noko om vi er på rett veg. Vi må òg hugse på at vi arbeider med levande menneske som er ulike og utviklar seg ulikt. Same kor god skulen er, kjem ikkje alle til å nå like langt. Men alle skal bli verdsette og oppleve både krav og støtte til fagleg og sosial utvikling. I Kunnskapsløftet heiter det: Kunnskapsløftet «Prinsipp for opplæringa» samanfattar og utdjupar føresegnene i opplæringslova og forskrifta til lova, medrekna læreplanverket for opplæringa, og må sjåast i lys av det samla regelverket. Prinsippa skal medverke til å klargjere at det er skoleeigaren som har ansvaret for at opplæringa er i samsvar med lov og forskrift, i tråd med menneskerettane og tilpassa lokale og individuelle føresetnader og behov. «Prinsipp for opplæringa» skal vere ein del av grunnlaget for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa vidare og for systematisk vurdering av skole og lærebedrift. Fellesskolen skal byggje på og sikre det mangfaldet i bakgrunn og føresetnader som elevane har. Opplæringa skal fremme allsidig utvikling hos elevane og utvikle kunnskapane og ferdigheitene deira. Fellesskolen skal ha ambisjonar på vegner av elevane, gi dei utfordringar og mål å strekkje seg mot. Samtidig skal skolen ( ) ta omsyn til at elevane har ulike føresetnader og ulik progresjon, slik at alle kan oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine. Lærarar ( )skal saman med skoleleiinga og leiinga for lærebedrifta fremme eit godt læringsmiljø for alle. Læringsplakaten Skolen ( ) skal: gi alle elevar ( ) like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane ( ) stimulere elevane( ) til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking stimulere elevane ( )i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane ( )kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren medverke til at lærarar ( ) står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn og unge

sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte Dersom elevane har ei god utvikling, er skulen god, uavhengig av kor godt ein gjer det på nasjonale prøver eller eksamen. Det er likevel viktig å ha prøver som seier noko om læring og nivå på sentrale område slik vi får gjennom nasjonale prøver og eksamen. Verdien av dette er avhengig av at det fører til utvikling og læring hos eleven. Kva som vert gjort med resultata er grunnleggande for å motivere til auka læring hos alle. Faren med målingar er at andre målsettingar i skulen får mindre merksemd og med det lågare måloppnåing. Læring er ein svært komplisert prosess der motivasjon for å lære er sentralt. Ein annan viktig faktor er godt samarbeid mellom heim og skule. Ein elev som opplever at heimen og skulen dreg i same retning, har mykje større sjanse for å lukkast enn når det ikkje er tilfelle. Ein anna viktig faktor er tidleg innsats for å førebygge både faglege og sosiale vanskar. Rektorane på skulane har pålegg om å levere pedagogisk årsmelding etter kvart skuleår. Årsmeldinga skal ha utgangspunkt i nokre av dei politisk vedtekne resultatmåla for det inneverande budsjettåret. For skuleåret 2008-2009 er følgjande mål rapporterte i årsmeldinga: God kunnskap skal resultere i betre vurderingspraksis på alle skular Alle elevar skal nytte IKT i læringsarbeidet og utvikle sin digitale kompetanse Resultata frå nasjonale prøver og Elevundersøkinga skal brukast aktivt på skulane for å fremje læring og utvikling Alle skular skal ha planar og tiltak mot mobbing og drive haldningsskapande arbeid Legge til rette for kompetanseheving for lærarar i fag og arbeidsmåtar etter behov frå skulane Samandraget av årsmeldingane som følgjer nedanfor er inndelt i følgjande fem punkt: Kartleggingar/testar av fagleg utvikling og psykososialt miljø Kompetanseutvikling IKT Planar Utfordringar for skuleåret 2009-2010 og vidare framover Kartleggingar/testar av fagleg utvikling og psykososialt miljø Desse vert nytta for å få informasjon om den faglege utviklinga til elevane: Matematikk: M-prøver. Desse gir ei fin oversikt over både individuell standard og fagleg ståstad for heile klassa i matematikk-kunnskapar. Norsk: Carlsten-test to gonger i året. Ordkjedetestar to gonger i året. Nasjonale prøver i matematikk, lesing og engelsk i 5. og 8. klasse. Nasjonal kartleggingsprøve i lesing i 1. og 2. klasse og rekning i 2. klasse. Skriftleg og munnleg eksamen i 10. klasse. I tillegg nyttar mange skular ein eller fleire av desse: Kartleggingsprøver knytt til læreverket gir informasjon om kor godt elevane har lært det ein har arbeidd med denne bolken. Dei gir informasjon om elevar som meistrar godt, og

elevar som ikkje har forstått/lært godt nok. Dei vert nytta i vidare undervisning og i tilbakemelding til elevane i elevsamtalar og samtalar med føresette. Veketest på fredagar ut i frå kunnskapsmåla for veka. Desse vert retta, lagt i prøvepermen og sendt heim til føresette for underskrift. Lærarane fører logg over resultata. Dette vert nytta til å halde føresette orienterte om elevane si faglege utvikling. Framføring kan verte nytta i staden for veketest. Elevane skal då gruppevis vise fram for klassa det dei har arbeidd med i løpet av veka i forskjellige fag og få tilbakemelding frå medelevane. Eigenvurdering. Elevane vurderer seg sjølve ut i frå kunnskapsmål på vekeplanen. Slik vurdering kan skje heime ilag med føresette. Dei ulike kartleggingane/testane vert nytta til å: finne eleven sitt prestasjonsnivå på ulike område, slik at det kan gje grunnlag for å drive ei tilpassa opplæring for kvar einskild elev. motivere eleven gjennom å påvise framgang frå ei prøve til ei anna. Gje tilbakemelding til føresette og elevar om utviklinga til den einskilde; både ut frå personleg utvikling, men også aldersadekvat fagleg utvikling. gje lærarane tilbakemelding på undervisninga sett i høve til måla for opplæringa. Presentasjon av Volda kommune sine resultat av kartleggingar og testar Nasjonale prøver Nasjonale prøver skal gje informasjon om elevane sine grunnleggande dugleikar er i samsvar med måla i læreplanen for Kunnskapsløftet. Skulen og lærarane skal også få påliteleg informasjon om dei grunnleggande dugleikane til sine elevar for å kunne bruke dette i arbeidet med å utvikle opplæringa. Elevane sine resultat på nasjonale prøver vert presentert ved ein skala med tre meistringsnivå på 5. årssteg og fem meistringsnivå på 8. årssteg. Når det gjeld samanlikning frå år til år, er det viktig å ta omsyn til at prøvene ikkje er like frå år til år, og at dei ikkje har nøyaktig same fordelinga av lette og vanskelege oppgåver. I tillegg må ein ta omsyn til at prøvene gir noko ulik fordeling på dei ulike nivåa og gjennomsnitt på nasjonalt nivå frå år til år. Resultat nasjonale prøver 5. årssteg 2008/2009 2 Rekning 1,9 1,9 Lesing 2 1,9 2 Nasjonalt Volda kommune Engelsk 2 2 2,1 1 2 3 4 5

Resultat nasjonale prøver 8. årssteg 2008/2009 Rekning 2,9 Lesing Nasjonalt Volda kommune Engelsk 3 3 3 1 2 3 4 5 Standpunktkarakterar og eksamensresultat Både standpunktkarakterar og eksamensresultat er ein del av elevane si sluttvurdering og skal gje informasjon om elevane sin kompetanse ved avslutninga av grunnskuleopplæringa. Standpunktkarakterar og eksamensresultat 10. årssteg 2008/2009 (Samanlikningsmateriale for standpunktkarakterar ikkje tilgjengeleg) Norsk sidemål eksamen 3,3 3,4 Norsk sidemål standpunkt Norsk hovudmål eksamen 3,9 Norsk hovudmål standpunkt Matematikk eksamen 4 3,4 Landet Volda kommune Matematikk standpunkt Engelsk eksamen Engelsk standpunkt 4,29 4,1 0 1 2 3 4 5 6

Standpunktkarakterar og eksamensresultat 10. årssteg 2007/2008: Norsk skriftleg eksamen Norsk sidemål standpunkt Norsk hovudmål standpunkt Matematikk eksamen Matematikk standpunkt Engelsk eksamen Engelsk standpunkt 3,4 3,9 3,9 3,2 3,3 3,4 4 1 2 3 4 5 6 Landet Volda Desse vert nytta for å få informasjon om det psykososiale miljøet ved skulane: Elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. årssteg. Nokre skular nyttar også foreldreundersøkinga og lærarundersøkinga. Eigne trivselsundersøkingar på dei fleste skulane Presentasjon av Volda kommune sine resultat i Elevundersøkinga Diagramma nedanfor viser berekna indeksar frå Elevundersøkinga i høve til trivsel, motivasjon, fagleg vegleiing, elevdemokrati, fysisk læringsmiljø og mobbing på skulen. Indeksane er basert på alle dei obligatoriske spørsmåla i Elevundersøkinga. På Mobbing på skolen er lav sum positivt resultat. Teikn til ulikskap i resultat kan indikere ei utvikling i ønska eller uønska retning. For med auka sikkerheit å kunne seie at det skjer ei endring, bør resultata følgjast opp over fleire år. Det tek tid å oppnå endringar, ikkje minst når det gjeld haldningsskapande arbeid i samband med læringsmiljø.

Elevundersøkinga 7. årssteg 2007/2008 Fagleg vegleiing Motivasjon 4,2 4,1 4,2 Mobbing på skulen Fysisk læringsmiljø 1,4 1,4 1,5 3 Landet Volda Elevdemokrati Trivsel 4,3 4,2 4,2 1 2 3 4 5 Elevundersøkinga 10. årssteg 2007/2008 Karriererettleiing Medverknad 2,3 2,3 2,3 Fagleg vegleiing 3,4 Motivasjon Mobbing på skulen 1,4 1,4 1,3 Landet Volda Fysisk læringsmiljø 2,2 2,6 2,6 Elevdemokrati 3,2 Trivsel 4,1 4,1 4,2 1 2 3 4 5

Kompetanseutvikling Elevvurdering Skuleåret 2008-2009 deltok alle lærarane i Volda kommune på kompetanseheving i elevvurdering, noko som har gitt gode resultat. Skulane arbeider mot ein felles vurderingskultur. Ein har mellom anna utarbeida felles mal for vekeplanar med læringsmål og eigenvurdering. Auka kunnskap om vurdering for læring er med på å kvalitetssikre elevvurderinga i Voldaskulen. Skulane er budde på den reviderte forskrifta om elevvurdering som trådde i kraft 1. august i år, og kjem til å halde fram med kvalitetssikringsarbeidet og kompetansehevinga i inneverande skuleår. Andre satsingsområde Skulane rapporterer om god fagleg kompetanse blant lærarane, men vi treng fleire lærarar med 60 studiepoeng i matematikk. Situasjonen er noko betra med tilsetjingar hausten 2009. Skulane har siste åra, bl.a. ved hjelp av innkjøp av berbare PCar til lærarane, stimulert til eigenutvikling innafor IKT og slik styrka lærarane sin IKT-kompetanse. Volda kommune har kursa skuleleiarane både med eigne kurs og gjennom Sjustjerna. To lærarar har teke etterutdanning i spansk, og fleire lærarar er på kurs i teiknspråk kvart år. Dei fleste skulane har lærarar som har deltatt på Sjustjerna si etterutdanning i naturfag og matematikk. Elles har lærarar delteke på ulike kurs, til dømes innafor leseopplæring, flyktningproblematikk, norsk for minoritetsspråklege, utdanningsval, ADHD, dysleksi, teiknspråk og IKT. IKT Utstyr Skulane har prioritert IKT økonomisk siste åra, og utstyret på skulane er no funksjonelt og tilfredsstillande i talet på maskiner, både for elevar og lærarar, sjølv om utstyret er av varierande alder og kvalitet. 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 Tal elevar per PC 4,49 2 9 3,39 2,89 Det er framleis mykje teknisk utstyr som skulane ikkje har sett seg råd til å kjøpe inn eller fornye, til dømes ein del programvare og utstyr som trengst for å stette kunnskapsløftet sine krav om digital kompetanse i alle fag. Ideelt sett burde alle skular ha projektor, smartboard og 4-5 elevmaskiner i kvart klasserom for å kunne utvikle denne digitale kompetansen. Kompetanse Lærarane har varierande kompetanse i IKT. Skulane legg til rette både for eigenskulering og kollegaskulering, noko som gir ei jamn og god utvikling i riktig retning. Kvar skule har ein dataansvarleg med IKT-kompetanse. Likevel ser ein at for å nå kompetansemåla om digital kompetanse i alle fag, trengs det ei reell satsing på å heve lærarane sin kompetanse innafor IKT, spesielt innafor sine undervisningsfag. Det er svært viktig at alle skular har ein plan for korleis alle elevar skal nytte IKT i læringsarbeidet i alle fag. Alle skular arbeider med slike planar.

Planar Skulane har desse planane: Vekeplanar med læringsmål og eigenvurdering Halvårsplanar i fag Lokale fagplanar Plan for lese- og skriveopplæringa Plan for elevvurdering Plan for bruk av IKT Plan for kompetanseheving Kriseperm; handtering av kriser som kan ramme heile skulen og enkeltpersonar I tillegg har skulane eigne planar innafor spesielle emne, som til dømes Inspeksjonsplan Plan for miljøteneste Ekskursjonsplan Plan for kulturelle aktivitetar Utfordringar Kompetansebygging Skulane melder at følgjande område må prioriterast i kompetansebygginga: Elevvurdering IKT Skuleleiing samarbeid Sjustjerna Fag samarbeid Sjustjerna Samarbeid skule-heim Utvikling av gode skulemiljø/førebygge mobbing Timeressursar Ei av dei store utfordringane i skulekvardagen er å ha tilstrekkeleg med timar til å kunne gje alle elevane ei god og tilpassa undervisning. Skulane rapporterer om frustrasjon over at så stor del av timeressursane er bunden opp til elevar med einskildvedtak (spesialundervisning). Utvikling av spesialundervisning tal på elevar og ressursbruk 2004 2005 2006 2007 2008 Elevar som får 9,1% 8,8% 7,8% 7,7% 7,6% spesialundervisning* Prosent av rammetimetalet som går til spesialundervisning 12,5% 12,6% 13,2% 14,7% 17,5 % * Landsgjennomsnitt 2006 var 5,9% Ressursar til utstyr og inventar Alle skulane melder at dei ser stort behov for auke av ressursar til utstyr og inventar. Dei fortel om hard prioritering. Skal skulane ha dei læremiddel som trengst for å gjennomføre Kunnskapsløftet, må ein ha større løyvingar til fornying av bøker og anna undervisningsmateriell.

Utvikling av løyvingar på skulebudsjettet 1998 1999 2008 2009 Løn 84,5 % 90% 90,4% Undervisningsmateriell 1,6 mill 1,6 mill 1,6 mill Inventar og utstyr 1.175 000 830 000 428 000 425 000 * I tillegg har IKT hatt 200 000 på investeringsbudsjettet dei siste åra. Bygningsmasse Bygningsmassen er sterkt varierande, frå gode, funksjonelle og moderne skulebygg til tronge skular med for små klasserom, få eller ingen grupperom, og slitte bygg med stort behov for renovering og opp-pussing. Vurdering og konklusjon: Resultata på eksamen, prøver og Elevundersøkinga syner at skulane i Volda har god kvalitet. Vi har òg flinke lærarar med god kompetanse. Læraren er svært viktig for elevane sitt læringsutbytte. Det er difor viktig å satse på kursing og etterutdanning av lærarar. Den største utfordringa no er likevel å auke løyvingane til inventar og utstyr og skulemateriell. Dette er viktige rammevilkår for undervisninga. Helse og miljøkonsekvensar: Gode rammevilkår er viktig for god trivsel. Økonomiske konsekvensar: Ramma for skuleavdelinga bør aukast. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen. Jarle B Krumsvik adm. sjef Utskrift av endeleg vedtak: Skuleavdelinga Økonomiavdelinga Klageinstans: