-r%i' Nynorsk mediesenter y^ Status 03.03.2006 -av Stolt nynorsk Dyktig - Frodig - Framfus ' é ^»
Nynorsk mediesenter gjev sjølvtillit Tredje kullet er ferdige og har fått seg arbeid framover, fjerde kullet har byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og femte kullet er lyst ut med søknadsfrist 23.april. Og det er god etterspurnad etter kurs frå kursverksemda vår "Munn og mæle". - Vi gjekk frå kurset med heva hovud og ein ny porsjon kunnskap og sjølvtillit Vi fekk prøve oss i ulike situasjonar som vi opplevde som svært realistiske. Alle som var med på kurset opplevde det også som eit godt tiltak for å sveise oss meir såman som kollegaer, skriv fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad, etter at ti deltakarar frå fylkeskulturkontoret nyleg hadde ein dags kurs i medietrening. Nokre veker før kursa vi fire leiarar i Mattilsynet som ville bu seg på fugleinfluensaen i media, med medietrening. - Vi synes det var et nyttig, lærerikt og utviklende kurs, som gjør det lettere for oss å møte journalister i hverdagen, skriv distriktssjef i Mattilsynet Merete Lunde, etter kurset Vi tilbyr kurs i medietrening, presentasjon, media i samband med beredskap, journalistisk skriving for Internett og god nynorsk. Vi skreddarsyr kursa for oppdragsgjevarane, og lagar nye kurs etterkvart. Nettkringkastaren i NRK har bedt oss om å kurse nettjournalistane i NRK i nynorsk, for å få opp nynorskprosenten på internett. - Det er eit oppdrag vi gjerne er med på, seier Magni Øvrebotten. Kursverksemda vår "Munn og mæle" har aukande etterspurnad, og sel seg etter munn-til munn-metoden og på nettsida vår. - Vi kunne hatt langt fleire kurs enn vi har, men har så langt tilpassa kursverksemda til undervisinga elles. No må vi utvide stallen av kurshaldarar, seier leiaren for Nynorsk mediesenter. Tredje kullet 1.9.2005-3.3.2006 Tredje kullet med nynorskpraktikantar er ferdige i ekstern praksis og har stort sett fått seg arbeid der dei har vore, som meir eller mindre faste vikarar. Det har
vore mykje vellæte å høyre om dei frå prakisplassane i NRK Kulturnytt NRK Rogaland, NRK Møre og Romsdal, NRK i Buskerud og NRK Dagsnytt Gisle Forland, fødd 1981, Mosjøen i Nordland, har vore i NRK Møre og Romsdal i praksis. Slik oppsummerer han tida som nynorskpraktikant: - Nynorsk mediesenter har gjeve meg ein enorm fordel når eg no skal ut og finne meg jobb. Mangfaldet ved å meistre både radio, fjernsyn, kamera og Internett er den største gevinsten. Mirakelopphaldet i Førde har omforma meg frå ein gutunge med ein puslete draum til ein vaksen kar med eit mål. Eg har fått signal om at eg får halde fram som tilkallingsvikar i NRK Møre og Romsdal, og eg er svolten på meir. Eg bøyer meg i støvet for Nynorsk mediesenter! Marita Haugo, fødd 1982, Nesbyen i Buskerud, ynskte seg til heimfylket i praksis: - Eg er veldig glad for at eg fekk sjansen til å vere nynorskpraktikant i Nynorsk mediesenter. Då eg kom ut i praksis i NRK i Buskerud, var eg klar til å ta fatt på arbeidsoppgavene frå fyrste dag, medan andre praktikantar måtte bruke dei fyrste dagane til å sette seg inn i utstyr og rutinar. No når praksistida er over skal eg vere tilkallingsvikar, noko dei andre i redaksjonen her syntest var bra. Og eg skal vere sommarvikar. Håvard Hamnaberg, fødd 1978, Vågsøy i Sogn og Fjordane. - Seks månader under vengene til Nynorsk mediesenter; no kastar eg meg ut på eiga hand. Ballasten frå Førde har vore svært nyttig når eg no skal prøve å leve av å vere journalist. Eg har fått pussa av meg det verste akademikarspraket lært verkty og metode og blitt drilla til å utvikle ei god, nynorsk røyst. Ei betre førebuing til eit liv bak mikrofonen kan vanskeleg tenkast Eg held fram i Kulturnytt som tilkallingsvikar, og satsar på å halde meg flytande ei stund som det Karoline Kalstveit, fødd 1984, frå Vindafjord i Rogaland: - Eg kjenner meg stolt her eg no sit med vitnemålet og attesten frå Nynorsk mediesenter i handa. Det har vore seks harde månadar, men det beste av alt er faktisk at eg ikkje kan slappa av ennå. No ber det rett inn i eit 100% vikariat i nyheitsredaksjonen til NRK Rogaland. Det kjem til å bli utfordrande, men takk vera Nynorsk mediesenter kjenner eg meg godt skodd til oppgavene som ventar. Sølve Rydland, fødd 1984, frå Lindås i Hordaland: - Nynorsk mediesenter har gjeve meg mykje lærdom, viktig røynsle og ikkje minst ei tru på å satsa vidare på journalistikken. Eg synest at eg har vorte teken på alvor og fått mogelegheiter til å blomstre og utvikle meg, både språkleg og journalistisk. Eg kan ikkje tenkja meg ei betre innføring i medieverda enn den eg har fått gjennom Nynorsk mediesenter. Eg skal vere tilkallingsvikar i NRK Hordaland i
Bergen frå mars, og skal også ha sommarjobb der. -Det har vært en fornøyelse NRK Rogaland har lang røynsle med mange praktikantar i huset, sidan det er medieutdanning på høgskulen i Stavanger. Men det er fyrste gongen dei har hatt ein nynorskpraktikant i praksis. Redaksjonssjef Bjørn Grimen er godt nøgd: - Det har vært en fornøyelse å samarbeide med Nynorsk mediesenter. Vi fikk en praktikant som var bortimot skreddersydd for vårt formål. Hun kjente verktøyet vårt rutinene og tenkemåten, og gjorde en utmerket jobb i redaksjonen. Det er også nyttig at praksisen inkluderer en fadderordning, som gir oss mulighet til å bidra med skikkelig faglig oppfølging av praktikanten. Nynorsk mediesenter engasjerte seg underveis i praksisperioden i passelige doser, slik at vi gjerne tar mot flere elever fra Førde, selv om vi ikke regner med å være like heldige med "kandidaten" hver gang! Fjerde kullet 3.1.2006-1.7.2006 Fjerde kullet byrja opplæringa i Førde 3. januar, og starta i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane 27. februar. Dei skal vere her til 28. april. Då ventar to månader praksis i andre redaksjonar, før dei er ferdige 1. juli. Asgeir Jens Reksnes, fødd 1979, Eid i Sogn og Fjordane: - Vekene så langt har vore utruleg lærerike, og enda er vi ikkje komne halvvegs. Vi får ikkje berre opplæring i journalistikk, men og ei innføring i sjølve journalistverda. Vi får svært tett oppfølging, og heile tida lærer vi ved hjelp av praktiske oppgaver. Tida her er ei unik moglegheit som må takast godt vare på. Bergit Sønstebø Svendseid, fødd 1984, Drangedal i Telemark: - Dei to fyrste månadane som nynorskpraktikant kan lett samanliknast med ein berg- og dalbanetur. Me blir kasta ut i nye ting, og må lære fort Når eg endeleg syns eg
har fått taket på det eg driv med, og lener meg fornøgd tilbake i vogna, blir eg brått sendt utfor ein ny og brattare bakke. Men for meg som likar både tivoli og journalistikk, har turen så langt svart til forventningane. Erlend Blaalid Oldeide, fødd 1984, Vågsøy i Sogn og Fjordane: - 1 løpet av knappe to månadar har eg vorte kjend med heimfylket mitt på nytt Eg er grundig skulert i nynorsk, journalistikk og samfunnsforhold. Eg har produsert saker til både Fylkesnytt Alltid Nyheter og Vestlandsrevyen. Nett byrja i praksis, og eg er ikkje komen halvvegs enda. Ingrid Z. Aanestad, fødd 1983, Bryne i Rogaland: - På Nynorsk mediesenter går det fort i svingane. Etter to månaders intensiv opplæring på loftet skal me no stå meir eller mindre på eigne bein i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Eg må innrømma at eg møtte opp med sommarfuglar i magen den første dagen på desken, men allereie andre dagen kjenner eg meg på plass her. Me blir vist tillit, og det trur eg me veks mykje på. Øystein Windstad, fødd 1983, Aukra i Møre og Romsdal. - Så langt har livet som nynorskpraktikant vore hektisk. Me har lært vanvittig mykje på kort tid og det er ofte kort mellom suksess og nedtur. Praktikantprogrammet er botnsolid og har utrusta oss med ei solid verktøykasse før me no blir kasta ut i praksis. Opplegget har svart til forventningane og vel så det. Andre kullet 3.1.^1.7.2005 Solveig Hareide (1983) tek mellomfag i medieproduksjon ved NTNU i Trondheim, og er frilansar for P3 på Tyholt Eli Vaage (1984) studerer spansk, retorikk og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt Ingebjørg Bø (1977)har mammapermisjon frå februar 2006, men har vore frilansar både i NRK i Telemark og diverse aviser. Birte Njøsen Horne (1984) er frilansar i Bergen for mellom anna Nitimen, og Janne-Marit Myklebust (1981) studerer engelsk ved Universitetet i Bergen og er tilkallingsvikar i NRK Hordaland.
Fyrste kullet 1.9.2004-28.2. 2005 Eli Bjelland (1981) arbeider i NRK Hordaland, Knut Åge Teigen (1970) i videoselskapet Snøball og forlaget PAN i Oslo. Snøball lagar mellom anna undervisingsfilmar for skuleverket Svein Ove Hansli (1978) i NRK Dagsnytt Maria Rivedal (1981) i NRK Petre på Tyholt og Inger Johanne Sæterbakk (1981) NRK i Finnmark Gjestene våren 2006 "Grensene i journalistikken" er emnet for førelesinga til leiaren i Pressens Faglige Utvalg, Odd Isungset frå TV2, 24. mars. Han er ein av tolv gjesteførelesarar denne våren. Andre nye gjesteførelesarar er Sigrun Slapgard som skal snakke om"draumen om utanriks", Ingvild Bryn som tek føre seg "Nyhendespraket" og Håvard Grønli, frå Dagsnytt, skal snakke om riksvinkling av nyhende. Kari Sørbø i "Her og No", kjem att for å snakke om "Den engasjerte programleiaren" og Linda Eide om "God radio". Desse gjesteførelesarane har alt vore her; Jan Olav Fretland, Jon Peder Vestad, Ottar Grepstad, Eva Westvik, Jorid Løvbakk og Arve Sandal. Emna dei har snakka om har vore alt frå nynorsk og dialekt til journalistikk, stemmebruk og samfunnskunnskap. Nynorsk mediesenter brukar gjesteførelesarar i tillegg til dei faste faglærarane og dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane. Det gjer vi for å gje nynorskpraktikantane innsyn i andre sider ved nynorsken, journalistikken og samfunnet Nynorskpraktikantane og faglærarane har vitja mediehusa til NRK, TV2, P4 og Kanal 24 i Oslo, for å få inntrykk av andre medieverksemder enn NRK. Dei har og vore på Aasentunet i Ørsta, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret i Oslo, der dei såg teaterstykket "Rambuku" av Jon Fosse.
- Alt dette for at dei skal få med seg at nynorsk er meir enn eit språk, det er ein identitet, ein kultur og ei historie, seier Magni Øvrebotten. Ny nynorskpris NRK-journalist Gry Molvær, Trondheim, forfattar Olaug Nilssen, Bergen og sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger m Aftenblad er oppnemnde som jury for Kultur- og kyrkjedepartementets nynorskpris for journalistar. Prisen vart frå fyrst av kalla Regjeringas nynorskpris. Nynorsk mediesenter er sekretariat for juryen. V^^^^V Føremålet med denne nynorskprisen er å fremje bruk av ^^^^^H nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er ei pengegave på kr. 50.000,- og eit norsk kunstverk. Alle skal kunne føreslå kandidatar til prisen, og fristen for å kome med framlegg skal kunngjerast i god tid før prisutdelinga 22.juni. Prisen vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta. Denne nynorskprisen vart oppretta i samband med opninga av Nynorsk mediesenter. "Stolt nynorsk" er visjonen til Nynorsk mediesenter. Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn. Nynorsk mediesenter skal og medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt og såleis auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie - og samfunnsdebatten. Blletet er frå opninga av Nynorsl< mediesenter 2.sept. 2004. Frå venstre : Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal. Bak dei står dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, som opna senteret, og leiaren Magni Øvrebotten. (Foto: HansT. Wiig, NRK)
"Dyktig - frodig - framfus" Dette er verdiane Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal seie noko om kva vi vil vere, og kva som skal prege både dei som arbeider her og dei som får opplæringa si ved senteret. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til Nynorsk mediesenter. Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område. Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Difor nyttår det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus i den positive tydinga av ordet. Våge å merke seg ut stå for noko og vere noko. Nettsida vår Dersom du ynskjer å fylgje med på kva Nynorsk mediesenter driv med i det daglege kan du bruke nettsida vår www.nynorskmediesenter.no Sida er jamnleg oppdatert Der kan du fylgje med i utviklinga til nynorskpraktikantane, om kurstilbodet og anna vi driv på med. _: morn "1 H:^.. >, Løvetanna er bumerket til Nynorsk mediesenter. Det er grafisk designår Eva Hallaren, i Gasta reklamebyrå, som har laga både det og heile designprogrammet for Nynorsk mediesenter. Slike statusrapportar som dette lagar vi tre-fire av i året Vi sender dei til leiinga i NRK, til redaksjonar som tek mot praktikantar i praksis, journalistar, politikarar og andre som spør etter korleis det går med oss. Du finn alle tidlegare rapportar på nettsida vår, under "Statusrapportar". POSTADRESSE: Nynorsk mediesenter Postboks 100 6801 Førde BESØKSADRESSE: Nynorsk mediesenter NRK Sogn og Fjordane Prestebøen 2 6800 Førde TELEFON: Leiar 57 72 42 30 Faglærarar : 57 72 42 74 Sentralbord- 57 72 42 42 Telefaks: 57 72 42 75 E-POST: nynorskmediesenter@nrk.no NETT: www.nynorskmediesenter.no