Estimerte kostnader av korona-pandemien for Møre og Romsdal fylkeskommune

Like dokumenter
Som figuren over viser, er Møre og Romsdal det største ferjefylket både målt i talet på passasjerar og kjøretøy.

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Julaften/nyttårsaften Lørdagsrute fram til siste tur kl for B-ferja fra Sulesund, og kl for A-ferja fra Sulesund.

Julaften/nyttårsaften Søndagsrute fram til siste tur kl for B-ferja frå Sulesund, og kl for A-ferja frå Sulesund.

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Inndekning av auka kostnader i ferjedrifta frå 2020

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Saksnr Utval Møtedato SA 61/14 Samferdselsutvalet

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Høyring - ny ferjestandard og utrekning av ferjekriteriet i inntektssystemet

Endring i sonestruktur

Ferjeruter for jul og nyttår 2016/17

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Ferje- og hurtigbåtrute. Møre og Romsdal. Gjeld frå 1. mai 2015 til og med 30. april Foto: Terje Aamodt

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Sterk trafikkvekst og mye dårlig fergemateriell hva skjer? mars Arild Fuglseth, samferdselssjef

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Økonomiske konsekvensar av ferjeanbod Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm

Høring - Takster i kollektivtransporten i Møre og Romsdal

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Ferjerevolusjon i Møre og Romsdal -

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Konsekvensar av Autopass-regulativ på ferjesamband

1.juledag Søndagsrute frå ki.1045, som blir første tur frå Ãrvika. Første tur frå Koparneset blir kl.1100.

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

Oppsummering fylkesrådmann

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Bompengefinansiering av fellesprosjektet E136 Tresfjordbrua og E136 Vågetunnelen - uttale frå Vestnes kommune

Forskrift om mellombelse bompengetakstar i Bergen - høyring

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

MRFK sitt plansystem, mål og utfordringar Handlingsprogram NTP verknader

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Prosjekt redusert sniking i kollektivtransporten

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Kostnadsreduksjonar innan samferdsle

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Utfordringar hurtigbåt og ferje i Sogn og Fjordane. Øystein Hunvik, seniorrådgjevar kollektivtrafikk ved samferdsleavdelinga

Økonomiplan med budsjett for 2013

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2013, eksklusive ufordelt skjønn.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Planar for bybåtsambanda og turistrute Hardanger

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Ferjesambandet Hareid-Sulesund, avvik 2015 og kapasitet 2016

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Ferje- og hurtigbåtrute for Møre og Romsdal

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Ferje- og hurtigbåtruter. Møre og Romsdal. Gjeld frå 01. mai 2017 til og med 30. april Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

REDUKSIONI RUTEKM- UTKASTTILTILTAKI NETTBUSSM-N, REGIONMØRESØR

Saksnr Utval Møtedato U 17/18 Fylkesutvalet

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

KOSTNADSUTVIKLINGA I FERJEDRIFTA I MØRE OG ROMSDAL. HILDE JOHANNE SVENDSEN Gardermoen

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

MOLDE BY Fannefjord. Rutetabell gyldig frå BESTILLINGSTRANSPORT

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Redusert eigendel elev-pc

Søknad om støtte til Hordaland fylkeskommune v/skyss for utgreiing og innføring av null- og lågutsleppsløysingar på ferje og båt

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Utviklingsprosjekt kollektivtrafikk Ålesund og Giske. Vedlegg til pressemelding

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Statusrapport pr. 31. juli 2013 Aktivitet Økonomi - Kvalitet

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Takstsak 2017 og takstretningslinjer for bil-, hurtigbåt- og fylkesvegferjeruter 2017

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Kartlegging av rammevilkår

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Utfordringar på fylkesvegnettet

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Tabell B-k. Inntektsgarantiordninga for kommunane 2020

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Statusrapport Oktober 2015

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING

Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

NTP - hovudutfordringar

Transkript:

notat Frå: Til: Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik Fylkesordføraren Dato: 17.04.2020 47435/2020, Ref: Estimerte kostnader av korona-pandemien for Møre og Romsdal fylkeskommune Dette notatet gir ein oversikt over dei største negative økonomiske konsekvensane for Møre og Romsdal fylkeskommune si drift for 2020 som følje av korona-pandemien. Dei største negative økonomiske konsekvensane er knytt til nedgang i inntektene i kollektivtrafikken; buss, ferje og båt. I tillegg medfører stopp i behandlinga av betalande pasientar i tannhelsetenesta ein større svikt i inntektene. Det vert gitt ein nærare omtale av desse to områda nedanfor. Fylkeskommunen vil truleg også ha noko innsparingar i drifta som følgje av m.a. stopp i arbeidsreiser og deltaking på kurs dette året. Desse effektane vil vi komme tilbake til i samband med økonomirapporteringane per 1. og 2. tertial 2020 til fylkestinget i høvesvis juni og oktober. 1. Samferdsel kollektivtrafikken (FRAM) Møre og Romsdal fylkeskommune ser at korona-pandemien har store konsekvensar for: Tal passasjerar på våre transportmiddel har hatt en dramatisk nedgang Inntektsbortfallet føljer same utvikling som passasjerutviklinga Nye billetteringsløysingar har vore naudsynt å innføre for å sikre inntekter. Fylkeskommunen hadde desse fokusområda i prioritert rekkjefølge når pandemien braut ut: 1. Liv og helse 2. Oppretthalde og sikre transportberedskapen 3. Rapportere til sentrale myndigheiter, som situasjonsrapportering, statusrapportering og kontinuitetsrapportering ved stort personellfråvær 4. Delta i Samferdselssektoren si kriseleiing 5. Skadeavgrensing a. Sikre inntekter b. Produksjonstilpassingar Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundvegen 9 Telefon: 71 28 00 00 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

I arbeidet med produksjonstilpassingar har FRAM følgt føljande prioritering: 1. Ta ut skoleskyss på buss og kjøpe seg ned til vinterferieproduksjon 2. Redusere tal ferjer på samband med fleire fartøy 3. Redusere produksjon på buss til tilpassa sommarferieproduksjon (ikkje fellesferieproduksjon). 4. Nedkjøp av ruteproduksjon eventuelt åpningstid på hurtigbåtsamband 5. Eventuelt vidare reduksjon på ferjedrift på fylkesvegferjene. Slike tiltak må koordinerast med Statens vegvesen før gjennomføring. Økonomisk konsekvens Ettersom trafikkgrunnlaget, som følgje av smitteverntiltaka i samfunnet, i praksis er borte er også inntektene frå kollektivtrafikken i stor grad borte. Dette vert omtala nedanfor. Fylkeskommunen v/fram har som ein konsekvens av bortfall av trafikkgrunnlag- og inntekter gjort midlertidige nedtrekk av produksjon. Store midlertidige nedtrekk av produksjon som følgje av koronpandemien er naturleg nok ikkje regulert i kontraktane som Møre og Romsdal fylkeskommune v/fram har med sine operatørar. Alle midlertidige nedtrekk av produksjon som følgje av tilpassing til koronapandemien, både landverts og sjøverts, blir difor gjort gjennom prinsippet om open bok. Med dette meinast at dei faktiske økonomiske innsparingane som blir gjort som følgje av midlertidig nedtrekk skal komme fylkeskommunen til gode i form av reduksjon av kontraktsvederlaget. Innsparingane vil difor vere avgrensa til variable kostnadar med fråtrekk for eventuelle ekstraordinære kostnader. Det vil difor naturleg nok ta noko tid før ein kan sei kor store innsparingane som følgje av produksjonstilpassingane har vore. Ein stor variabel kostnad er knytt til mannskap/sjåførar. Innsparingane vil difor vere større der nedtrekka også gir innsparinga på mannskapskostnader. 1.1 Utvikling i tal passasjerar på buss: Pr veke

Per måned Noko av nedgangen i januar og februar skuldast at flybussen til Vigra vart kommersiell frå 1. januar 2020. 1.1.1 Produksjonstilpassing buss Som ein konsekvens av at nasjonale myndigheiter stengte alle skulane i Norge frå og med fredag 13. mars gjorde fylkeskommunen v/fram tilpassing av produksjon. Det vil sei at vi stansa all skoleskyss, og gikk over til vinterferieproduksjon. Dette vil si at produksjonen på buss vart redusert med om lag 25 % frå normal produksjon. Frå og med 14. april vart produksjonen redusert til sommarferieproduksjon, det vil sei om lag 30 % reduksjon frå normal produksjon. Frå og med 27. april skal skulane delvis opne. Det er då naudsynt å ta produksjonen opp igjen på buss. I skrivande stund er det usikkert korleis vi kan gjere det. Smitteverntiltaka tilsei ein avstand på 2 meter mellom dei reisande. Dette er ikkje mogleg å gjennomføre - til dømes vil ein buss med ein kapasitet på 45 passasjerar berre ha 10 passasjerar om bord. Dette medfører at fylkeskommunen ikkje klarer å ha eit skysstilbod fullt i samsvar med opplæringslova. Det er no ein dialog mellom departementet og Kollektivtrafikkforeninga/KS om korleis fylkeskommunane skal handtere denne problemstillinga. 1.2 Utvikling reisande hurtigbåt Med bakgrunn i koronasituasjonen har samferdselsavdelinga sett ein sterk nedgang i talet på reisande med kollektivtrafikken. Når det gjelder hurtigbåt, har trafikken (tal passasjerar) falt med ca. 85 % i perioden frå 16. mars til 5. april i år, samanlikna med same periode i fjor. Tabellen viser endring i reiser pr. uke: Ein kan anta at reduksjonen i reisande på Kystekspressen vil vere omtrent på nivå som resten av Møre og Romsdal.

I eit forsøk på å kutte kostnader samt unngå å køyre tilnærma tomme båtar (miljøperspektivet) har vi frå 14. april 2020 gjort midlertidige kutt i hurtigbåtproduksjonen. Det ble er gjort kutt i to hurtigbåtruter; Langevågen Ålesund (rute 23) Molde Sekken Vestnes (rute 39) For å ramme dei reisande i minst mogleg grad, blei det bestemt å kutte i ruter der det eksisterer gode reisealternativ. Når det gjeld Langevågsruta er det i dag eit godt busstilbod på strekninga Langevågen Moa Ålesund, bussavgangane følger i stor grad avgangstidene til hurtigbåten. For hurtigbåtruta over Romsdalsfjorden eksisterer det eit godt ferjetilbod mellom Molde og Furneset, frå Furneset kan reisande nytte Fram Ekspress (rute 100) vidare til Vestnes. 1.2.1 Nærmare om kutta Truleg vil kutta medføre innsparing på diesel, dette sidan det foreløpig er usikkerheit knytt til om det er mogleg å gjere innsparingar på mannskap. Boreal Sjø arbeidar nå saman med dei tilsette sine organisasjonar for å sjå på kva som er mogleg og hensiktsmessig. Langevågsruta På kvardagar skal det køyrast vanleg rute fram til og med 08:00-avgangen frå Langevågen. Deretter køyrast timesavgangar (hel time frå Langevågen) fram til og med kl. 15:00. Frå og med kl. 15:30 skal det køyrast vanlig rute resten av dagen. Romsdalsruta Laurdagar kuttast all ruteproduksjon. Avgangane frå Molde kl. 08:00, 09:00, 13:30 og 14:30 går midlertidig ut. Dvs. at fartøyet leggast stille i perioden mellom kl. 07:50 kl. 15:30. Utvikling i inntekter på buss og hurtigbåt eks Kystekspressen: Pr veke:

Pr månad: Alle tal er inkl. meirverdiavgift. Ca 1 mill. kroner av reduksjonen kvar månad skuldast at flybussen til Vigra vart kommersiell frå 1. januar 2020. Tala for april er oppdatert fram til 13 april.

1.3 Prognose Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje vidarefakturert kommunal del av skuleskyss enno, og fylkeskommunen venter på ei endeleg avklaring på kven som får kompensert for dette. I snitt har Møre og Romsdal fylkeskommune ei inntekt på 395 000 kroner eks. mva. per skoledag. I ein normal månad med 21 skoledagar vil det utgjere nær 8,3 mill. kroner. Vårt BI system (IBEN) viser at fylkeskommunen har ein reduksjon i inntekter 1. kvartal 2020 på 12,8 mill. kroner (ekskl. mva. og ekskl. skoleskyss), samanlikna med 1. kvartal 2019. Eit bortfall av inntekter på 90% av inntekter ekskl. skoleskyss og ekskl. mva. utgjer i snitt ca. 17 mill. kroner kvar månad. Totalt blir inntektssvikten på ein månad ca. 25,3 mill. kroner på buss og hurtigbåt. Ut frå signal frå regjeringa kan ein vente at fylkeskommunane vert kompensert for inntektssvikten. Fylkeskommunedirektøren meiner det er stor risiko knytt til inntektsutviklinga på buss/hurtigbåt framover sidan folk er anbefalt å nytte andre transportmidlar enn kollektivtrafikk og det kan gå lang tid før trafikken er tilbake på normalt nivå. 1.4 Utvikling i reisande på fylkesvegferjer Samferdselsdepartementet har midlertidig stengt ferjedatabanken. Stenginga gjeld både for fylkeskommunane og Statens vegvesen. Bakgrunnen er at departementet no er usikker på om det har vore heimel til å samle og publisere statistikk for alle trafikantar. Dette medfører at vi ikkje kan legge fram oppdatert statistikk på tal køyretøy. Reiarlaga har likevel ei plikt til å registrere tal passasjerar om bord på ferjene. Desse tala har vi innhenta, og dei syner ein sterk nedgang av tal reisande etter at tiltak knytt til koronapandemien vart sett i verk.

Alle vurderingar omkring nedtrekk av produksjon vert gjort på bakgrunn av tilgjengelig statistikk om tal reisande. 1.4.1 Økonomisk konsekvens Innsparinga på ferjene vil, som nemnt over, vere dei variable kostnadene som bunkers/straum, eventuelle reduserte service/vedlikehald og løn. Ekstraordinære kostnader knytt til midlertidig nedtrekk kjem til frådrag frå dei innsparingane som ein oppnår. Tiltaket med B og C ferjene gjer at vi sparer dei variable kostnadene, samt lønn. Ferjene er ein vesentleg del av beredskapen, og det er viktig å ha mannskap tilgjengeleg. Reiarlaget gjer vurderingar opp mot beredskap før permitteringar vert gjennomført. De tiltaka vi gjorde frå den 14. april gir venteleg reduksjon i bunkers. 1.4.2 Prognose for vidare utvikling Det er høgst uvisst korleis den vidare utviklinga vil finne sted. Dette då eventuell vidareføring av koronatiltak ligg i nasjonale mynde sine hender. Det er gitt få tydelege signal på om koronatiltaka vil bli vidareført eller ikkje, anna enn at det vil skje ei gradvis opning av samfunnet. Som kjent har likevel nasjonale mynde bestemt seg for å delvis lempe på tiltaka, dette ved at mellom anna barnehagar og småskule 1-4 trinn skal starte opp igjen den 27 april. Dette inneber venteleg at noko av ferjeproduksjonen må startast opp igjen frå denne datoen da skuleskyss blir satt inn igjen.

Dersom nasjonale mynde finn å lempe ytterlegare på tiltaka, mellom anna ved å avslutte den tilrådde heimekontorløysinga, vil tal på reisande venteleg auke. Det må påreknast at tiltaka rundt koronapandemien kan gi varige endringar i reisemønster og behov. Dette vil ha betyding for tilbodet. Det er vanskeleg på det noverande tidspunkt å gjere gode prognosar rundt dette. Dersom tiltaka blir vidareført vil dette bety at Møre og Romsdal fylkeskommune sine inntektstap knytt til ferjedrift i stor grad vil bli oppretthalden. For å minimere fylkeskommunen si netto kostnadsauke knytt til kollektivtransporten må ytterlegare produksjonstiltak vurderast. Dersom reduksjonane blir av lengre varigheit vil fylkeskommunedirektøren ha dialog med kommunane om behova for transport. Nasjonale mynde har gitt signal om at befolkninga må førebu seg på å feriere i Norge sommaren 2020. Dette kan medføre at det vil bli auka press på einskilde ferjesamband i fylket. Det vil då kunne bli naudsynt å tilbakeføre produksjonen til ordinært nivå. Fylkeskommunedirektøren arbeider fortsatt med dei planlagte varige reduksjonane av ferjedrifta, jf. fylkestinget sitt vedtak om reduksjon av ferjedrifta i desember 2019.!.4.3 Utvikling i inntekter på fylkesvegferjer Møre og Romsdal fylkeskommune stansa manuell billettering på fylkesvegferjene frå og med 15. mars. Slik stans av manuell billettering vart gjort samtidig med stans av manuell billettering på riksvegferjene. Frå og med 6. april har fylkeskommunen starta med billettering ved skiltgjenkjenning. Dette gjeld på alle fylkesvegferjesamband inntil vidare. Det vil sei at reisande som ikkje har AutoPass for ferje knytt til sitt bilnummer blir fakturert i etterkant. Dei som har AutoPass for ferje vert billetten belasta automatisk til denne avtalen/kontoen. Samtidig har fylkeskommunen, i likskap med staten, innført eit justert AutoPass-regulativ. Kombinert med redusert mva.-sats inneber det at pris for ein privatbil blir om lag som i dag. For større køyretøy vert prisen lågare. Forskottsbeløp er redusert slik at terskelen for å oppnå rabatt er lågare. Alle passasjerar utan køyretøy reiser gratis. Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer staten i høve reisande som ikkje har betalt for ferjereiser i perioden frå manuell billettering blei stoppa og til den nye ordninga vart sett i kraft frå og med 6. april. I ein normal månad har fylkeskommunen om lag 39 millionar kroner i inntekter frå ferjedrifta. Frå og med 15. mars til 6. april er alle inntekter frå ferjedrifta tapt. Frå 6. april ser vi at trafikken på store samband er ned med om lag 50 %. I tillegg til dette medfører tilpassinga av regulativet, slik som staten, ein reduksjon av billettinntekter på 20 %. Slik at fylkeskommunen frå 6. april har inntekter frå fylkesvegferjedrifta som ikkje overstig 40 % av budsjetterte inntekter. Dette er kritisk for den fylkeskommunale økonomien. Ein reduksjon på to takstsoner vil medføre ei ytterlegare forverring av inntektene. FRAM har i dag ikkje tilstrekkeleg finansiering for å finansiere dei to endringane som er/vil bli gjort på takst på ferje. Sjølve inntektstapet som skuldast nedgang i trafikk, har regjeringa signalisert at Staten vil kompensere.!.4.4 Oversikt over gjennomførte produksjonstilpassingar Møre og Romsdal fylkeskommune har tilpassa produksjonen på ferjene, da trafikken har falt etter «tiltak om nedstenging av samfunnet grunnet Koronapandemien». Barnehager og skoler er nedstengt frå den 13. mars, og de som har moglegheit til heimekontor har det, slik at trafikken har falt på dei «tunge» avgangane. Det er mindre reisande generelt.

Det er til saman 5 fartøy som er tatt ut av produksjon i perioden 30. mars til og med 26. april på ruter med 2 eller fleire fartøy: Rute nr Strekning Type ferje Innsparte rundturer kvardager 06 Hareid- C ferje 13 Sulesund 13 Magerholm- B ferje 24 Sykkylven 36 Sølsnes- B ferje 18 Åfarnes 50 Seivika- B - ferje 13 Tømmervåg 54 Edøya Sandvika B ferje 12 Vidare er det gjort ytterlegare tilpassingar i produksjonen på følgjande strekningar frå den 14. april til og med 26. april. Dette går på kutt av avgangar frå formiddagen og utover kvelden. Rute 02 Årvik Koparneset Rute 16 Standal Trandal - Sæbø - Skår, turar på signal Rute 30 Solholmen Mordalsvågen Rute 31 Aukra Hollingsholmen Rute 46 Kvanne Rykkjem 1.5 Nærare om økonomisk effekt av produksjonstilpassingar Prinsipp Ved midlertidig produksjonstilpassingar i kontraktane har FRAM brukt same modell som fleire andre oppdragsgivarar i «kollektivnorge». FRAM har kjøpt seg ned i produksjon men effektar av dei midlertidige produksjonstilpassingane vert godtgjort etter opa bok. Her vil operatør få dekka sine dokumenterte kostnader og oppdragsgivar får dei kostnadene operatør sparar. Operatør vil dermed få dekka sine faste kostnader, mens variable kostnader kan gi sparte tilskot for fylkeskommunen. Om operatør får økte kostnader på enkelte kostnadskomponentar vil dette gå i frådrag for innsparinga. Oppdragsgivar har full innsyn i berekninga. Prinsippet vil bli lagt til grunn både på buss, båt og ferje, og prinsippet er avklart juridisk.

Status Per i dag har FRAM har ikkje oversikt over kva økonomiske effektar denne metoden gir, og følgjande kan virke inn på beløpets størrelse: Kva reglar for permittering kan operatør nytte? 15 dagar vs 2 dagar? Kor mange tilsette kan operatør permittere og likevel levere god nok beredskap med tilgjengelege tilsette? På ferjene blir om lag 50% av fartøyets tilsette permittert, resterande går inn for å sikre drifta og beredskapen. Operatør må sikre robustheit på personell, slik at operatør kan levere med stort sjukefråvær. Sparte kostnader er avhengig av lengda på gjennomført produksjonstilpassingar. Endeleg avrekning rundt dette vil først bli endeleg avklart når produksjonen er tilbake i en normalsituasjon. FRAM har i noverande periode hatt fokus på levere nødvendig transportberedskap samt å drive skadeavgrensing på inntekts- og kostnadssida. Oppsummering Inntektstap i mill kroner: 1 kvartal 2020 Vidare utvikling Skoleskyss 5,1 0,395 pr skoledag Buss/hurtigbåt FARA 12,8 17 pr mnd Fylkesvegferje* 20 25 26 pr mnd Total 37,9 42,9 Talla er estimat. Dette vil endre seg om regjeringa vel å opne samfunnet meir opp. *På fylkesvegferjene har vi mangelfull informasjon sidan Staten vegvesen har tatt ned ferjedatabanken igjen. Ved berekninga av ferje er det lagt til grunn ein trafikkreduksjon på 50%. Det er berekna at av dei 26 mill.kroner pr månad utgjer 18,5 ein reduksjon i trafikk. Resterande er effektar av endringar i takstar, både bortfall av persontakstar og 2 soner reduksjon (forutset at Fylkestinget vedtek tilrådinga frå Fylkesutvalet). Kostnadsreduksjonar: Alle midlertidige produksjonsendringar som følgje av Korona-pandemien, blir godtgjort etter ope bok prinsippet. Det vil gå ei tid før Møre og Romsdal fylkeskommune veit effektane av reduksjonane. Dette er omtalt tidlegare i notatet.

2. Tannhelsetenesta Frå 13. mars 2020 er det tilbod om akutt tannbehandling ved fire beredskapsklinikkar fordelt på kompetanseregionane. Dei andre offentlege tannklinkkane er stengde for pasientbehandling. Det akutte behandlingstilbodet til smitta pasientar gjeld for heile befolkninga i tråd med helsedirektoratet si tilråding og inntil noko anna er bestemt. Behandlingstilbodet er ikkje meint å erstatte privat tannhelseteneste. Helsedirektoratets faglege tilrådingar for tannhelsetenesta under koronapandemien gjeld til og med 20.4.2020. Helsedirektoratet arbeider nå med å få på plass reviderte tilrådingar, som blir tilgjengelig i veke 17. Intensjonen er å igjen opne distriktstannklinikkane for behandling av eigne akutte, friske pasientar i løpet av veke 17, med ei gradvis opptrapping av ulike prosedyrar. Beredskapsklinikkane skal framleis vere rigga for behandling av mistenkte og kjente smitteberarar av koronaviruset. Tannhelse tapar i snitt 1,8 mill. kroner i honorarinntekter pr. månad. Ein vil ikkje kunne starte opp med betalande pasientar umiddelbart etter at koronatiltaka vert avslutta. Vi har eit etterslep i behandlinga på ca. 10 000 pasientar pr. månad. Mange av pasientane som høyrer til det frie klientellet, som vi ikkje har tatt inn til behandling, vil måtte gjennom meir tidkrevjande prosedyrar enn normalt pga. utsatt behandling. I tillegg vil vi i utvida grad måtte nytte smitteverns tiltak og større avstand i timebøkene. Vi ser for oss at 1 månads etterslep vil i praksis ta 1,5 månad å ta igjen. Konsekvensen av dette kan verte eit inntektstap på 22 mill. kroner for 2020. Vi har videre måtte oppgradere beredskapsklinikkene for å kunne ta imot smittepasienter. Innkjøp i samband med det har så langt vært på ca. 600 000 kroner. I tillegg kan det komme fleire krav frå Helsedirektoratet i løpet av uke 16/17. Estimert negativ effekt av pandemien for 2020 vil oppsummert være på omlag 23 mill. kroner. 3. Kultur Kulturavdelinga har i perioden 12. mars til dags dato hatt ein meirkostnad grunna koronasituasjonen på 511 000 kroner. Dette er meirkostnader knytt til avlyste fylkeskommunale arrangement og tapte inntekter knytt til sal av musikartenester. Vi har også meirkostnader knytt til arkeologi. For å gjennomføre feltsesongen så effektivt som mogleg innanfor restriksjonane frå helsemyndigheitene, er det kjøpt inn meir utstyr slik at kvar arkeolog har sitt eige utstyr i felt. Dette er utgifter vi ikkje kan legge på tiltakshavarane. Vi har vidare lagt opp til mindre bruk av overnatting, men lengre reisetid. I tillegg har kvar feltarkeolog sin eigen bil. For dei første 14 dagane av feltsesongen har ikkje dette ført til meirutgifter. Kva som vil vere nettoresultatet, er det for tidleg å seie noko om.