ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, Rådhuset Dato: 12.04.2016 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 15:30 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Stein Kåre Aam Ordførar SP Synnøve Rekkedal Hill Medlem SP Jostein O Mo Medlem AP Per Are Sørheim Medlem H Paul Kristian Hovden Medlem KRF Gunnar Knutsen Medlem V Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hans Olav Myklebust Medlem FRP Karen Høydal Varaordførar AP Inger Sandvik Sundnes Medlem H Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Tove Halse Digernes Hans Olav Myklebust SP Idar Henning Vatne Karen Høydal FRP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Eldar Øye Stabsleiar plan og utvikling, RS 28/16 Gunnar Wangen Avd. leiar plan og miljø, orienterte Per Are Sørheim og Tove Halse Digernes vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 43/16 PS 44/16 RS 24/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar Kommunereforma fram til endeleg vedtak i kommunane innan 1. juli - og fylkesmannen si tilråding innan 1. okt. 2016 2014/402 RS 25/16 132 kv sjøkabler Eiksund-Berknes og Eiksund-Rjånes. Orientering om vedtak 2016/69 RS 26/16 Ørsta kommune - detaljregulering - reguleringsplan E39 Lianeset - Liadal 2010/211 RS 27/16 39 Volda-Furene. Varsel om oppstart av reguleringsplan sendt fra Statens vegvesen RS 28/16 Søknad om tilskot til utbygging av Ørstaterminalen som tømmerkai / fleirbrukskai PS 45/16 Fastsetting av planprogram for Kommunedelplan for kulturminne og - miljø 2016/523 2014/217 2014/1310 PS 46/16 Klage på vedtak - Vegnamn i Barstadvik 2014/1071 PS 47/16 PS 48/16 PS 49/16 Budsjettendring investering- Auka ramme for digitalisering av eigedomsarkivet Kommunereform - Intensjonsavtale om å slå saman kommunane Volda og Ørsta Avslutning av planarbeid: Reguleringsendring for deler av Mosflata næringsområde 2016/88 2014/402 2014/1786 PS 50/16 Felles samferdselspakke for Vold og Ørsta - prosess 2016/517 PS 51/16 SAk 15-187161SKJ-SOSU - anke av avtaleskjøn - grunn frå gnr/bnr 18/28 - Aud Hilde Delbekk/Jonny Delbekk 2014/2400 PS 52/16 Månadsrapport januar-februar 2016 med årsprognose 2016/408 PS 43/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart godkjent utan merknad - Undersøking av grunn mellom AMFi og Ørsta brygge - Utbygging i delar av Øvre Mo, Blir drøfta i slutten av møtet Saklista vart godkjent med merknad over
Etter handsaming av sakene: Kontrakt med arkitektar for tettstadsprosjektet. Undersøking av grunn mellom AMFi og Ørsta brygge Orientering frå Gunnar Wangen, avd.leiar plan og miljø. Signert kontrakt skal vere referatsak i formannskapet Utbygging i delar av Øvre Mo Orientering frå Gunnar Wangen, avd.leiar plan og miljø. Møtet vart lukka før ordførar orienterte om Standal knuseverk. Formannskapet vart samde om å ha synfaring til knuseverket i neste møte 3.5.2016 kl. 11:00. PS 44/16 Referat og meldingar Referat og meldingar vart tekne til vitende m/orientering i RS 28/16 RS 24/16 Kommunereforma fram til endeleg vedtak i kommunane innan 1. juli - og fylkesmannen si tilråding innan 1. okt. 2016 RS 25/16 132 kv sjøkabler Eiksund-Berknes og Eiksund-Rjånes. Orientering om vedtak RS 26/16 Ørsta kommune - detaljregulering - reguleringsplan E39 Lianeset - Liadal RS 27/16 39 Volda-Furene. Varsel om oppstart av reguleringsplan sendt fra Statens vegvesen RS 28/16 Søknad om tilskot til utbygging av Ørstaterminalen som tømmerkai/fleirbrukskai - Eldar Øye, stabsleiar plan og utvikling orienterte
PS 45/16 Fastsetting av planprogram for Kommunedelplan for kulturminne og -miljø VEDTAK: Ørsta formannskap, som planutval, viser til planprogram for Kommunedelplan for kulturminne og -miljø og til innkomne merknader. Planutvalet fastset med dette planprogrammet, jf. pbl 11-13, slik det ligg føre sist revidert 21.03.2016. Rådmannen si tilråding vart vedteke med 8 mot 0 røyster Ørsta formannskap, som planutval, viser til planprogram for Kommunedelplan for kulturminne og -miljø og til innkomne merknader. Planutvalet fastset med dette planprogrammet, jf. pbl 11-13, slik det ligg føre sist revidert 21.03.2016.
PS 46/16 Klage på vedtak - Vegnamn i Barstadvik VEDTAK: 1. Vedtaket om namnet Vollevegen (veg nr. 216) vert endra til Molladalsvegen. 2. Det bør setjast opp eigne vegvisingsskilt Molladalen på Romestrand og ved butikken/skulen for å betre merkinga til dette utfartsområdet. Handsaminga (7 r.f.) Lagt på Chromebook og heimesida måndag 11.4.2016-2 stk Notat frå Barstadvik bygdeutval datert 30.3.2016 og datert 31.3.2016 (postført 7.4.2016) Lagt fram i møtet: Skriv frå fleirtalet av oppsitjarane langs veg 216. Jostein O. Mo ville ha sin habilitet vurdert, då han er sakshandsamar på saka, han gjekk frå (7 r.f.) Formannskapet kjente Jostein O. Mo inhabil etter koml 40-3 c Paul Kristian Hovden (KrF) foreslo å utsette saka. Det vart røysta over utsettingsframlegget: Utsettingsframlegget fekk 1 røyst (Paul Kristian Hovden) Ordførar fremja å halde gruppemøte. Etter gruppemøte Rådmannen si tilråding vart vedteke med 5 mot 2 røyster (Tove Halse Digernes og Paul Kristian Hovden) 1. Vedtaket om namnet Vollevegen (veg nr. 216) vert endra til Molladalsvegen. 2. Det bør setjast opp eigne vegvisingsskilt Molladalen på Romestrand og ved butikken/skulen for å betre merkinga til dette utfartsområdet.
Jostein O. Mo (AP) tok sete att (8 r.f.) PS 47/16 Budsjettendring investering- Auka ramme for digitalisering av eigedomsarkivet TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Kommunestyret viser til informasjon om kostnader knytt til arbeidet med digitalisering av eigedomsarkivet. Kapitalbehov kr. 1 620 000,- og tilhøyrande finansiering vert å innarbeide i økonomiplan 2017-2020 og budsjett 2017. Rådmannen endra si tilråding første setning frå formannskapet til kommunestyret. Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si endra tilråding. Formannskapet viser til informasjon om kostnader knytt til arbeidet med digitalisering av eigedomsarkivet. Kapitalbehov kr. 1 620 000,- og tilhøyrande finansiering vert å innarbeide i økonomiplan 2017-2020 og budsjett 2017.
PS 48/16 Kommunereform - Intensjonsavtale om å slå saman kommunane Volda og Ørsta TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommunestyre vedtek Intensjonsavtale om slå saman kommunane Volda og Ørsta, datert 15. mars 2016. Økonominotat, datert 15. mars 2016 er vedlegg til avtalen. 2. Under føresetnad av likelydande vedtak i Volda kommunestyre, vedtek Ørsta kommunestyre å legge intensjonsavtalen til grunn for rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016. 3. Kommunestyret tek ikkje i denne saka stilling til om Ørsta kommune skal halde fram som eiga kommune eller slå seg saman i ny og større kommune. Dette skal kommunestyret ta stilling til i juni 2016. Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding 1. Ørsta kommunestyre vedtek Intensjonsavtale om slå saman kommunane Volda og Ørsta, datert 15. mars 2016. Økonominotat, datert 15. mars 2016 er vedlegg til avtalen. 2. Under føresetnad av likelydande vedtak i Volda kommunestyre, vedtek Ørsta kommunestyre å legge intensjonsavtalen til grunn for rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016. 3. Kommunestyret tek ikkje i denne saka stilling til om Ørsta kommune skal halde fram som eiga kommune eller slå seg saman i ny og større kommune. Dette skal kommunestyret ta stilling til i juni 2016.
PS 49/16 Avslutning av planarbeid: Reguleringsendring for deler av Mosflata næringsområde VEDTAK: Ørsta formannskap, som planutval, syner til arbeid med reguleringsendring for deler av Mosflata næringsområde og til innkomne innspel til oppstartsvarslinga. Planutvalet ser at tomta kan nyttast på ein forsvarleg måte også etter gjeldande reguleringsplan, og finn difor å avslutte arbeidet med reguleringsendringa no. Rådmannen si tilråding vart vedteke med 8 mot 0 røyster Ørsta formannskap, som planutval, syner til arbeid med reguleringsendring for deler av Mosflata næringsområde og til innkomne innspel til oppstartsvarslinga. Planutvalet ser at tomta kan nyttast på ein forsvarleg måte også etter gjeldande reguleringsplan, og finn difor å avslutte arbeidet med reguleringsendringa no.
PS 50/16 Felles samferdselspakke for Volda og Ørsta - prosess 1. Kommunestyret ser framdrift og prioritering av dei overordna veglinene med tilhøyrande infrastruktur som avgjerande for utviklinga i regionen Volda - Ørsta, og minner om at dette er eit samfunn som må sjåast på line med dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund. 2. Kommunestyret godkjenner at prosess på utarbeiding av grunnlag for felles samferdselspakke for Volda og Ørsta vert sett i gang med sikte på innsending av søknad om bompengefinansiering i 2018. 3. Programnotatet skal definere konkrete tiltak og sjå gjennomføring i fasar ut frå realisme knytt til målsetting for samferdselspakke-programmet, tilgjengelege ressursar og gjennomførbarheit. 4. Kommunestyret ber ordførar og rådmann ta kontakt med Statens Vegvesen, region Midt, Møre og Romsdal fylkeskommune og Volda kommune for å få etablert ei styringsgruppe til å styre og gjennomføre utgreiinga. Styringsgruppa fastset framdriftsplan, set ned ev arbeidsgrupper og rapporterer til kommunestyret. Ordførar og rådmann representerer styringsgruppa frå Ørsta kommune. Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding 1. Kommunestyret ser framdrift og prioritering av dei overordna veglinene med tilhøyrande infrastruktur som avgjerande for utviklinga i regionen Volda - Ørsta, og minner om at dette er eit samfunn som må sjåast på line med dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund. 2. Kommunestyret godkjenner at prosess på utarbeiding av grunnlag for felles samferdselspakke for Volda og Ørsta vert sett i gang med sikte på innsending av søknad om bompengefinansiering i 2018. 3. Programnotatet skal definere konkrete tiltak og sjå gjennomføring i fasar ut frå realisme knytt til målsetting for samferdselspakke-programmet, tilgjengelege ressursar og gjennomførbarheit. 4. Kommunestyret ber ordførar og rådmann ta kontakt med Statens Vegvesen, region Midt, Møre og Romsdal fylkeskommune og Volda kommune for å få etablert ei styringsgruppe til å styre og gjennomføre utgreiinga. Styringsgruppa fastset framdriftsplan, set ned ev arbeidsgrupper og rapporterer til kommunestyret. Ordførar og rådmann representerer styringsgruppa frå Ørsta kommune.
PS 51/16 SAk 15-187161SKJ-SOSU - anke av avtaleskjøn - grunn frå gnr/bnr 18/28 - Aud Hilde Delbekk/Jonny Delbekk VEDTAK: Ørsta formannskap syner til Søre Sunnmøre Tingrett si erstatningsfastsetjing for innløysing av areal av gnr. 18 bnr. 28, sak 15-187161SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for Frostating lagmannsrett for så vidt gjeld prisfastsetjing på kr 850 pr. m². Rådmannen si tilråding vart vedteke med 8 mot 0 røyster Ørsta formannskap syner til Søre Sunnmøre Tingrett si erstatningsfastsetjing for innløysing av areal av gnr. 18 bnr. 28, sak 15-187161SKJ-SOSU, og vedtek å anke saka inn for Frostating lagmannsrett for så vidt gjeld prisfastsetjing på kr 850 pr. m². PS 52/16 Månadsrapport januar-februar 2016 med årsprognose TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre tek årsprognosen i månadsrapporten for januar/februar 2016 til vitende. Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Ørsta kommunestyre tek årsprognosen i månadsrapporten for januar/februar 2016 til vitende.