Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Midsund kommunehus Dato: 02.06.2014 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Einar Øien LEDER FRP Odd Helge Gangstad MEDL SP Bjørn Wang MEDL V Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Robin Mikal Sørlie NESTL H Oddny Lisbeth Midtbø Rød MEDL FRP V Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Ivar Blø Oddny Lisbeth Midtbø Rød FRP Kolbjørn Ove Stølen Robin Mikal Sørlie Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Anne Oterhals Inge Rakvåg Astrid Abelseth Stilling Rådmann Økonomisjef Teknisk sjef Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Einar Øien Odd Helge Gangstad Bjørn Wang Ivar Blø Kolbjørn Ove Stølen
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 14/25 Referatsaker PS 14/26 Kommunal overtaking av Rakvåg vassverk 2012/534 PS 14/27 Oppretting av fysioterapistilling 2014/244 PS 14/28 ACT-team - fornying av samarbeidsavtale 2014/245 PS 14/29 Retningslinjer for tildeling av startlån 2014/241 PS 14/30 Søknad om å få grave langs med eigedom "Lunheim" gnr. 48 bnr. 4 - "Krabbevikbua" - Ola Misund 2014/125 PS 14/31 Refusjon for veg i Selvika andre byggjetrinn 2014/255 PS 14/32 Årsmelding og rekneskap 2013 2014/246 PS 14/33 Budsjettregulering VA investering - 2014 2014/257 Den 2. juni 2014 vart det halde møte i Formannskapet i kantina på Midsund kommunehus. Møtet vart leia av ordførar Einar Øien. Møtet tok til kl 12.00 med synfaring i forbindelse med PS 14/30. Møtet held fram på Midsund kommunehus frå kl 12.15. Robin Mikal Sørlie (H) og Oddny Lisbeth Midtbø Rød (FRP) hadde meldt forfall. Kolbjørn Ove Stølen (H) og Ivar Blø (FRP) møtte som vara. 5 voterande. Det var ingen merknader til innkallinga. Sakslista vart samrøystes godkjent. PS 14/25 Referatsaker Protokoll frå møtet i Formannskapet 30.04.2014 vart godkjent. PS 14/26 Kommunal overtaking av Rakvåg vassverk Midsund kommunestyre vedtek å ta over Rakvåg vassverk. 1. Midsund kommune tek over alle anlegg, lausøre og rettigheter vederlagsfritt frå Rakvåg vassverk, samt bankinnskot og kontantbehaldning.
Fordringar, samt evt. gjeld som tilhøyrar Rakvåg vassverk skal vere avslutta før oppløysing av vassverket, samt eit godkjent rekneskap ved oppløysingstidspunktet før avtaleskriving. 2. Overtakingstidspunkt vert sett til 01.01.2015, dersom ikkje anna tidspunkt blir avdekt under avviklinga av Rakvåg vassverk. 3. Underskriven avtale med Vågsmyrane hyttefelt må leggast fram før underskriving av endeleg avtale. 4. Formannskapet vert gjeve fullmakt til å fullføre overtakinga, samt godkjenne avtalen før underskriving. 5. Rådmannen vert gjeven fullmakt til å inngå samarbeid om felles drift fram til overtakinga dersom det er eit ønskje frå Rakvåg vassverk. Lars Saga, Asplan Viak og Kjell Bjørnerem, Rakvåg vassverk orienterte. Midsund kommunestyre vedtek å ta over Rakvåg vassverk. 1. Midsund kommune tek over alle anlegg, lausøre og rettigheter vederlagsfritt frå Rakvåg vassverk, samt bankinnskot og kontantbehaldning. Fordringar, samt evt. gjeld som tilhøyrar Rakvåg vassverk skal vere avslutta før oppløysing av vassverket, samt eit godkjent rekneskap ved oppløysingstidspunktet før avtaleskriving. 2. Overtakingstidspunkt vert sett til 01.01.2015, dersom ikkje anna tidspunkt blir avdekt under avviklinga av Rakvåg vassverk. 3. Underskriven avtale med Vågsmyrane hyttefelt må leggast fram før underskriving av endeleg avtale. 4. Formannskapet vert gjeve fullmakt til å fullføre overtakinga, samt godkjenne avtalen før underskriving. 5. Rådmannen vert gjeven fullmakt til å inngå samarbeid om felles drift fram til overtakinga dersom det er eit ønskje frå Rakvåg vassverk. PS 14/27 Oppretting av fysioterapistilling Saka vert tatt til orientering. Endeleg avgjerd om oppretting av fysioterapistilling vert tatt i samband med budsjettarbeidet hausten 2014.
Behandling i Helse- og omsorgsutval - 27.05.2014 Helse- og omsorgsutvalet ber om at fyioterapistilling vert innarbeidd i budsjettet, og at det blir utlyst stilling med atterhald om godkjenning av kommunestyret. Samrøystes vedtak i Helse- og omsorgsutval - 27.05.2014 Helse- og omsorgsutvalet ber om at fyioterapistilling vert innarbeidd i budsjettet, og at det blir utlyst stilling med atterhald om godkjenning av kommunestyret. Protokoll frå Helse- og omsorgsutvalet vart lagt fram. Saka vert tatt til orientering. Endeleg avgjerd om oppretting av fysioterapistilling vert tatt i samband med budsjettarbeidet hausten 2014. PS 14/28 ACT-team - fornying av samarbeidsavtale 1.Midsund kommune vedtek å vidareføre deltaking i ACT Romsdal etter føresetnadene som ligg til grunn i samarbeidsavtalen. Avtalen gjeld frå 01.10.2014. 2. Midsund kommune føreset at tiltaket held seg økonomisk på nivå med dei stipulerte kostnadene. 3. Tiltaket blir finansiert; I 2014 vert det løyvd kroner 5500 av disposisjonsfondet. For 2015 vert utgiftene/tiltaket innarbeid i budsjett og økonomiplan. Samrøystes vedtak i Helse- og omsorgsutval - 27.05.2014 1.Midsund kommune vedtek å vidareføre deltaking i ACT Romsdal etter føresetnadene som ligg til grunn i samarbeidsavtalen. Avtalen gjeld frå 01.10.2014. 2. Midsund kommune føreset at tiltaket held seg økonomisk på nivå med dei stipulerte kostnadene. 3. Tiltaket blir finansiert; I 2014 vert det løyvd kroner 5500 av disposisjonsfondet. For 2015 vert utgiftene/tiltaket innarbeid i budsjett og økonomiplan. Det vart lagt fram forslag til endring av punkt 3: Tiltaket vert finansiert ved reduksjon i avsetning til disposisjonsfondet. 1.Midsund kommune vedtek å vidareføre deltaking i ACT Romsdal etter føresetnadene som ligg til grunn i samarbeidsavtalen. Avtalen gjeld frå 01.10.2014. 2. Midsund kommune føreset at tiltaket held seg økonomisk på nivå med dei stipulerte kostnadene. 3. Tiltaket vert finansiert ved reduksjon i avsetning til disposisjonsfondet. For 2015 vert utgiftene/tiltaket innarbeid i budsjett og økonomiplan.
PS 14/29 Retningslinjer for tildeling av startlån 1. Interne retningslinjer for tildeling av startlån av 23.05.2003 går ut. 2. Til ei kvar tid gjeldande forskrift om startlån frå Husbanken, erstattar interne retningslinjer. 1. Interne retningslinjer for tildeling av startlån av 23.05.2003 går ut. 2. Til ei kvar tid gjeldande forskrift om startlån frå Husbanken, erstattar interne retningslinjer. PS 14/30 Søknad om å få grave langs med eigedom "Lunheim" gnr. 48 bnr. 4 - "Krabbevikbua" - Ola Misund 1. Formannskapet tek ikkje stilling til prosjektet før det føreligg teikningar og beskriving av tiltaket. 2. Formannskapet godkjenner ikkje mur på austsida lags Sjåen eller på nordsida av Sjåen, sidan det ikkje vore mur der før. Det var synfaring på området. Vedtak i Formannskapet - 02.06.2014 1. Formannskapet tek ikkje stilling til prosjektet før det føreligg teikningar og beskriving av tiltaket. 2. Formannskapet godkjenner ikkje mur på austsida langs Sjåen eller på nordsida av Sjåen, sidan det ikkje har vore mur der før. PS 14/31 Refusjon for veg i Selvika andre byggjetrinn 1. Formannskapet vedtek at refusjon i Selvika II skal ha same praksis som i Selvika I Bustadhustomt 100% Rekkjehustomt 75 % av bustadhustomt. 2. Blir tomter delt i etterhand skal ny refusjon utreknast. 3. Tidlegare for mykje innbetalt refusjon skal tilbaketalast til tomteeigar.
Ordføraren la fram alternativt forslag: Formannskapet vedtek at refusjon for veg i Selvika II skal vere kr 158.636,- pr tomt som går til å dekkje utbyggingskostnader for heile feltet. Formannskapet vedtek at refusjon for veg i Selvika II skal vere kr 158.636,- pr tomt som går til å dekkje utbyggingskostnader for heile feltet. PS 14/32 Årsmelding og rekneskap 2013 1. Årsrapport 2013 for Midsund kommune, som inneheld årsrekneskap og årsmelding, vert godkjend. Driftsrekneskapen viser eit mindreforbruk på kroner 2.650.594,49. Investerings viser sum udekka/udisponert med kr 0. 2. Rekneskapsmessig mindreforbruk på kroner 2.650.594,49 vert avsett til disposisjonsfond. 3. Finansrapporten per 31.12.2013 vert tatt til vitande. Samrøystes vedtak i Helse- og omsorgsutval - 27.05.2014 1. Årsrapport 2013 for Midsund kommune, som inneheld årsrekneskap og årsmelding, vert godkjend. Driftsrekneskapen viser eit mindreforbruk på kroner 2.650.594,49. Investerings viser sum udekka/udisponert med kr 0. 2. Rekneskapsmessig mindreforbruk på kroner 2.650.594,49 vert avsett til disposisjonsfond. 3. Finansrapporten per 31.12.2013 vert tatt til vitande. Einingsleiarane orienterte om sine einingar. 1. Årsrapport 2013 for Midsund kommune, som inneheld årsrekneskap og årsmelding, vert godkjend. Driftsrekneskapen viser eit mindreforbruk på kroner 2.650.594,49. Investerings viser sum udekka/udisponert med kr 0. 2. Rekneskapsmessig mindreforbruk på kroner 2.650.594,49 vert avsett til disposisjonsfond. 3. Finansrapporten per 31.12.2013 vert tatt til vitande. PS 14/33 Budsjettregulering VA investering - 2014 Kommunestyret vedtek omdisponering av VA investering: 1. Prosjekt 529 Ledningsnett Stormyra reduserast med kr 1 300 000,- til kr 200 000,- 2. Prosjekt 526 Pumpestasjon Stormyra aukast med kr 100 000,- til kr 100 000,- 3. Prosjekt 523 Avløp Bøen-Brokvika aukast med kr 1 200 000,- til kr 2 990 000,-
(vatn kr. 500.000 og avløp kr. 700.000,-) 4. Arbeidet med Ledningsnett Stormyra blir utsett på ubestemt tid. Smrøystes vedtak i Formannskapet - 02.06.2014 Kommunestyret vedtek omdisponering av VA investering: 1. Prosjekt 529 Ledningsnett Stormyra reduserast med kr 1 300 000,- til kr 200 000,- 2. Prosjekt 526 Pumpestasjon Stormyra aukast med kr 100 000,- til kr 100 000,- 3. Prosjekt 523 Avløp Bøen-Brokvika aukast med kr 1 200 000,- til kr 2 990 000,- (vatn kr. 500.000 og avløp kr. 700.000,-) 4. Arbeidet med Ledningsnett Stormyra blir utsett på ubestemt tid. Møtet vart heva kl 18.05.