Audit & Advisory November 2009 Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen
1. Innleiing... 2 2. Revisjonskriterium... 3 3. Data... 5 4. Vurderingar og tilrådingar... 8 Vedlegg I Fylkesrådmannen sine kommentarar til rapporten... 10 Vedlegg II Sentrale dokument... 12 Vedlegg III Hordalandsavtalen... 13 1
2
») 1 3
4
5
«6
7
8
9
10
Side 1 av 2 Opplæringsavdelinga Deloitte AS Postboks 6013 Postterminalen 5892 BERGEN Ikkje offentleg Ofl 13 Sakshandsamar: Reidun Liljedahl Fimreite E-post: reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no Tlf: 57 65 62 19 Vår ref. Sak nr.: 09/5395-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 26700/09 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 12.11.2009 Svar - Forvaltningsrevisjon av Hordalandsavtalen Viser til utkast til høyring, forvaltningsrevisjon av Hordalandsavtalen. Fylkesrådmannen tek høyringsutkastet med tilrådingar til etterretning. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil sørgje for å klargjera retningsliner for område det er knytt usikkerheit til i praktisering av Hordalandsavtalen. Etter tilråding frå revisjonen vil fylkeskommunen sjå på følgjande: - Etablerer rutinar som gir dei aktuelle skulane i Hordaland ansvar for å rapportere til Sogn og Fjordane fylkeskommune om eleven si reelle adresse, i tråd med punkt 9 i avtalen - Utarbeide retningslinjer for korleis ein skal følgje opp elevar som er omfatta av Hordalandsavtalen, men vel å busetje seg på hybel. Med helsing Jan Øhlckers fylkesrådmann Reidun Liljedahl Fimreite fagkoordinator Kopi til: Bekka Skaasheim, OA Bjørn Birger Bremer, FRM Fylkeshuset 11 Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
12
13
AVTALE FOR KJØP AV ELEVPLASSAR I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inngår slik avtale om inntak av elevar frå Gulen kommune, Solund kommune og frå Gudvangen i Aurland kommune: 1. Elevar frå Gulen kommune og Solund kommune kan søkje plass ved Austrheim vidaregåande skule. Elevar frå Gudvangen skulekrins i Aurland kommune kan søkje plass ved dei vidaregåande skulane på Voss. Avtalen gjeld inntak etter 3-1 i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Retten til opplæring etter den nemnde paragrafen ligg hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune. 2. Elevane som søkjer elevplass i Hordaland sender søknad om inntak til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune tek inn elevane til dei kjøpte elevplassane i Hordaland i samsvar med eige inntaksreglement. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for kunngjering av skuletilbod, søknadsfristar o.l. for den ovanfor nemnde søkjargruppa. 4. For nemnde søkjargruppe avtalar Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune tal på elevplassar som skal kjøpast i Hordaland innan 1. juni kvart år for det påfølgjande skuleåret. 5. For inntil 55 elevar gjeld ein fastsett sats på kr. 60.000,- per elevplass. Denne satsen skal justerast i samsvar med gjennomsnittleg prosentvis auke i satsane som til ei kvar tid gjeld for gjesteelevsrefusjon fastsett av Kommunenes Sentralforbund. 6. Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å kjøpe elevplassar for eit overskytande tal elevar i høve det som avtalen tek høgde for, vert stykkprisar i tråd med Kommunenes Sentralforbund sine satsar lagde til grunn. 7. Elevar som etter sakkunnig vurdering har rett til særskilt tilrettelagd opplæring, kan få tildelt ekstra ressursar fastsett av Sogn og Fjordane fylkeskommune. 8. Sogn og Fjordane fylkeskommune betaler Hordaland fylkeskommune for det tal elevplassar som er avtalt kjøp for påfølgjande skuleår (jf. pkt. 4 ovanfor). Refusjonen blir betalt med ein del om hausten og ein del om våren, etter nærare avtalte fristar. 9. Ved kjøp av elevplassar i Hordaland fylkeskommune, i dei tilfella der elevar nyttar seg av Hordalandsavtalen, er det ein føresetnad at elevane dagpendlar mellom heimstaden og lærestaden. Det vert etablert rutinar som gir den aktuelle skulen i Hordaland ansvar for å rapportere til Sogn og Fjordane fylkeskommune om eleven si reelle adresse. 1 14
Dersom ein elev vel å flytte på hybel skal vedkomande, dersom opplæringstilbodet er oppretta i Sogn og Fjordane, styrast til næraste vidaregåande skule i heimfylket som har tilbodet. 10. Dersom eleven må skifte skule for å gjennomføre ønskt opplæring på VKI og VKII (Vg2- og Vg3-nivået i ny studiestruktur), skal eleven, om tilbodet vert gitt i Sogn og Fjordane, søke dette tilbodet her. 11. Sogn og Fjordane fylkeskommune dekkjer utgifter til skuleskyss for dei nemnde elevane. Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter søknad frå eleven/føresette, likevel gjer unnatak frå inntaksreglane, står fylkesrådmannen fritt til å vurdere om eleven/føresette sjølv må dekke ev. meirkostnader ved skuleskyss. 12. Denne avtalen erstattar tidlegare avtale som har vore gjeldande frå skuleåret 2000-01. 13. Avtalen gjeld frå skuleåret 2005-06, og gjeld difor elevar som går ut av grunnskulen våren 2005. 14. Elevar frå Sogn og Fjordane som i skuleåret 2004-05 er i gang med eit vidaregåande opplæringsløp i Hordaland, og som har fått tilbodet gjennom tidlegare avtale mellom Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, får høve til å fullføre sitt opplæringsløp i tråd med vilkåra i tidlegare avtale. For desse elevane skal ein frå skuleåret 2005-06 leggje til grunn ny fastsett sats. 15. Avtalen kan seiast opp av begge avtalepartar, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, med eitt 1 års varsel. Bergen, den Leikanger, den Fylkesordførar i Hordaland fylkeskommune Fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune 15 2